onsdag, august 31, 2011

Vermelding 31.august - 2011

 Klokka er ca halv fire, temperaturen er + 17 grader og veret er ganske fint. Frå morgonen av og framover var det nykje sol, men akkurat no er det litt meir skya.
Vi har nettopp ete middag, i dag vart det steikt makrell. Men for å vere ærlig, så var makrellen betre tidlig på sommaren, fastare og ikkje så feit.Vi fekk ete oss ulyste i dag, og så blir det vel ei stund til neste gong.
Då eg stod opp klokka 7.30 i dag var Nils vekk, han hadde reist på fisketur klokka 6. Eg begynte å vaske bad og kjøkken "til helga", men det varte ikkje lenge før han var heime att med enda ein balje med makrell. Den gikk rett i frysaren og skal bli til lineagn.
Eg toler ikkje godt dette fuktige veret som vi har hatt i det siste, og vakna i natt med store smerter, så eg måtte opp og ta tablettar. I dag måtte eg legge meg på "dagsenga" etter at eg var ferdig å vaske, med elektrisk varmeteppe og dyne. Det gjeld å få opp temperaturen, så kjem det seg. Det er vel det vi kallar gikt ?
Må kanskje nedover på biblio i løpet av e.m., for eg er lens for lesestoff, dei siste to bøkene eg har lese har vore korte. Elles går eg og ventar på Ålesundstur, men det vart ikkje i dag heller.Nils begynte så vidt å slå plen før middag, han slår bio i dag. Om ikkje noko anna har likt seg i sommar, så har det vore eit storår for plengras.
I dag er det siste dagen i august, det var pappa sin fødselsdag, og siste feriedag i min barndom. Vi begynte alltid på skulen 1.september.Og då var det haust.

Bok nr. 50 - 2011: Jeg kan se i mørket.

Eg begynte på denne boka rett etter novellesamlinga til Lars Saabye Christensen, og først trudde eg det var ei novelle som stod att (begge bøkene låg på MP3-en)-så likt var det . Ein person som like godt kunne sprunge ut i SC sin fantasi som i Karin Fossums, og ein opplesar som heller ikkje var ulik.
Boka er katalogisert som krim, men det er først og fremst ein psykologisk roman; ei historie om ein person som er langt frå A 4. Eg er ingen psykolog, så eg kan ikkje stille diagnosen.Heile boka er ein lang monolog der denne personen fortel om seg sjølv, sine tankar,følelsar og gjerningar.Opplesaren, Kim Haugen, er fantastisk, han les med fleire stemmer, men overdriv likevel ikkje.
Boka liknar ikkje mykje på andre bøker eg har lese av Karin Fossum, den er ikkje spennande, slik at ein ventar ein kriminalroman skal vere. Men boka er god, så les den gjerne. De kan lese meir om boka på nettet om de vil.
Men les ikkje boka rett etter novellene til Lars Saabye Christensen, det var ikkje lurt. For sjølv om Fossum skriv svært godt, er ho ikkje på SC sitt nivå  verken når det gjeld språk eller innhald.

tirsdag, august 30, 2011

Vermelding 30.august - 2011

Klokka slår akkurat 4 (16 ). Det er + 14 grader ute, det er heilgrått og regn. Ikkje mykje oppløftande, men det skal visst bli fint i morgon. 
Det vart ikkje Ålesundstur på oss i dag, og det blir trulig ikkje i morgon heller. Ser ut som om vi får ha Suzukien ei stund. 
I dag har eg baka rundstykke og drive med litt anna husarbeid i tillegg. Hadde eit tur nedover for å sjå på den jakka eg ville kjøpe i går, men flekken var der framleis, så eg kjøpte den ikkje. Så tok vi ein liten tur til Volda, Nils skulle ha nokre skruar som han ikkje fekk tak i her, og eg måtte ha litt meir av ein spesiell sort garn som eg hadde kjøpt på butikken  attmed Narvesen. I dag hadde dei fått inn det lestegarnet eg likar best, det sterkaste av alle: Regia 6-trådig. Dei hadde fått inn mange nye fargar, men eg kunne ikkje kjøpe i hop meir garn akkurat no, må strikke unna litt først. Har hamstra.
Nils var vekke i timesvis i går. Alle partia hadde dugnad på Rådhuset og skulle legge brosjyrane sine i ein felles konvolutt. Partia var bedne om å legge sine lister etc. saman, klar til å putte i konvoluttar, men tru ikkje at alle hadde gjort det ! Så måtte dei andre partia hjelpe til. Dei er jammen dumsnille! Eg fekk gjort ein del "dataarbeid" sidan maskina fann det for godt å virke etter utblåsinga i går.
Vi har ikkje ete middag enno, men i dag skal vi ha kjøttbollar (kjøpt på tilbod på Coop ) i brun saus, med erterstuing og tyttebær.Det blir sein middag i dag.
Litt trist å stå på altanen og sjå ned på "hagemøblane"- dei har ikkje vore brukte i år. Kjem an på om vi skal knuse dei til pinneved, for dei er gamle. Vi kjøpte dei til Rasmus sin konfirmasjon, men heller ikkje den dagen vart dei brukte, for då snøa det.

mandag, august 29, 2011

Vermelding 29.august - 2011

Klokka er 17.15, temperaturen er + 15 grader C, det er overskya, og av og til kjem det ei regnbyge.
Denne dagen har gått opp i berre surr og reking. Hadde avtale med ei veninne om kafébesøk klokka 13, men Nils og eg for nedover ein time før, for å handle inn diverse på Europris og Coop. På Europris vart det mest garn, og av mat trong vi stort sett berre poteter,flatbrød og agurk. Men så er det desse tilboda,då. I dag var det tilbod på ferdigkrydra tacokjøttdeig, og det må sjølvsagt prøvast, og på kjøttpølser, som kan vere godt å ha på lur osv.
Ragnhild og eg hadde ei koselig stund på "Fru Svendsen", møtte fleire andre kjende der også. Etterpå var vi på klesbutikk og kika på diverse. Eg fann ei anvendelig cardiganjakke, men der var ein flekk på den. Ekspeditrisa meinte ho kunne fjerne flekken, og ho gjorde eit forsøk. Men eg bad henne henge jakka til sides til i morgon, vil sjå om flekken er borte før eg kjøper. Sjølvsagt.
Då eg kom heim, hadde Nils sett på potetene, og så vart det eit durabelig måltid med kald makrell. Eg tykte den var litt for lite salt, skulle brukt måleskei til saltet, det gjorde eg ikkje. Men makrellen som vi fekk no var mykje feitare enn den vi fekk tidlegare i vår, så det kan vere grunnen også.
Nils hadde datamaskina til reparasjon mens eg var vekke. Bill tok og blåste den rein for støv, og maskina virka med det same Nils sette den på. Då EG sette den på litt seinare, virka den IKKJE.
No er Nils vekk igjen, denne gongen på diverse møte etc. i samband med kommunevalet. Eit kvart er det heile tida. Onsdagen etter valet, startar Pensjonist-laget opp att etter ferien.
Vi har ikkje høyrt noko frå bilverkstaden, eg hadde håpa på Ålesundstur i morgon eller onsdag. Elles greier vi oss godt med Suzukien.
Vi har tre Opal-plommetre på plenen. På det eine er der litt plommer, berre sjå godt etter på bildet, så ser de dei. Dei andre plommetrea er nesten tomme i år.

søndag, august 28, 2011

Sylta makrell/ sild

Sidan Nils kom heim med så mykje makrell i kveld, fekk eg koke ferdig middagen til i morgon. Då skal vi nemlig ha kald, kokt makrell med rømme og agurksalat. Eg kokar makrellen etter oppskrift frå boka "Fjordamat"-og det blir kjempegodt. 
Ein kan også lage til "fjordsild" på same måten, det er nesten enda betre, men sjeldnare å få tak i. 
Oppskrifta er med koppemål, noko som er ein uting, men koppen som eg brukar tek akkurat 2 dl, så det var lett å rekne om. Kor mykje lake ein må lage til, kjem sjølvsagt an på kor mykje fisk ein kokar; i kveld måtte eg gange oppskrifta med 4. Fisken står seg fleire dagar i laken om ein set den kaldt- men server fisken romtemperert.
                                                              
 Oppskrift

4 sild/makrell
1/2 liter vatn
1 dl eddik (7 %)
1 ss sukker
3/4 ss salt
1ts heil pepar
2 laurbærblad
I oppskrifta som stod i boka var fisken kokt i filetar, derfor er det berekna så lite kokevatn. Men det vanlege er å skjere fisken i stykke, slik ein plar gjere.

Vermelding 28.august - 2011

Klokka har passert halv sju, og no skin sola.Berre lette skyer på himmelen.Temperaturen er ca +17 grader C.
Heile føremiddagen var det kolsvart, så ingen av oss hadde lyst på "søndagstur" i styrtregnet. Det vart til at vi fekk gjort unna litt innearbeid. Eg rydda skuffer og skap på badet, og vi koka stikkelsbærsylte av bær som vi hadde i frysaren både frå i fjor og frå i år. Til middag hadde vi kokt lange, fleire dagar sidan vi hadde fisk, så vi var i ferd med å få abstinens.
Etter at vi hadde drukke kaffi, festa eg trådar på 5 lestepar.Julelageret mitt veks. Nils for ut for å fiske makrell, og eg plukka sukkererter som eg rensa og fraus. Det er ikkje så farlig om vi ikkje finn på så mykje om sundagane, det er kjekkare å ta turar på kvardagar når butikkar etc. er opne. Det er eit privilegium som vi pensjonistane har-vi bestemmer stort sett over vår eiga tid.
 Vi veit ikkje kva dag vi får att bilen, men eg skal i alle fall vere med utover og hente den. I morgon har eg avtalt kafébesøk med ei veninne.
Eidarane har vore på Kongsberg og henta hest denne helga, er spent på korleis dei har hatt det. Håper det kjem blogginnlegg med bilde.
Nils kom att med ein heil balje med makrell i alle storleikar, nok til både kokt, steikt og til agn. I kveld skal eg koke opp i ei panne som vi skal ha kald i morgon.Det er ein av livrettane mine, med rømme og agurksalat. Skal koke til Peder også, det går for det samme. Alle naboar som har lyst på, får makrell i kveld.

lørdag, august 27, 2011

Bok nr.49 - 2011: Noen som elsker hverandre.

Novelle må vere det vanskeligaste av alt å skrive. Her skal mykje seiast på få linjer, og ikkje minst mellom linjene. Eg har att tre noveller av denne samlinga, men måtte ha ei pause, for dette er heller ikkje lett å lese. Det er sterk kost, så eg kjenner det både fysisk og psykisk. Vil ikkje påstå at eg forstår alt så godt heller, så det kan vere at eg les om att mange av dei. Utan å fornærme nokon, håper eg, vil eg påstå at Lars Saabye Christensen er Norges største nolevande forfattar. Her er det verkeleg "blodets hvisken og benpipernes sang" som Hamsun i tid sa.Både Solveig og Margrete har lese boka, men kan ikkje sjå at Margrete har skrive om den.

Vermelding 27.august - 2011

Klokka er snart 16, det er regn og grått, men temperaturen er bra-+18 grader C.
I dag skulle Nils stå på SV-stand, så han måtte nedover til klokka 10.30. Eg vart att heime, rydda i huset, las litt og strikka, las og skreiv mailar etc.etc. Nils henta meg klokka 13.30 såpass  eg nådde biblioteket og sikra meg Karin Fossum si siste til helga. Så handla eg litt garn til lesteprosjektet mitt, var ned og helste på "standfolka", før eg gjekk ned på Amfi, der eg trefte fleire som eg kjende. Då Nils kom etter, gikk vi på Bulduks tyrkiske restaurant og åt middag. Der får vi god mat og rikelig. I dag spanderte dei gratis kaffi også. Hadde ikkje med fotoapparat i dag, men vi åt samme retten som eg har lagt ut bilde av før. Sikkert ikkje det mest spennande dei lagar, men vi vel ikkje det dyraste for å seie det slik. Leigebilen funkar bra, så vi har inga naud.Elles ser de at den gule rosa står veldig fin no. Aberet med gule rose generelt er at dei blaknar etter kvart, dei er finast med det same dei sprett ut.

fredag, august 26, 2011

Bok nr.48 - 2011: Uskyld

Denne forfattaren har skrive mange bøker, dette er den tredje eg har lese. Mest kjend er vel "Pike med perleøredobb", som også er filma. Den boka gjorde seg betre som film enn som lydbok i alle fall. "Uskyld" minner på mange måtar om den boka. Her er ei relativt enkel historie, her er mykje dialog, men forfattaren tolkar ikkje, det er opp til lesaren. Her er også  ein kjend person med i handlinga, nemlig Willian Blake. Som skriv dikt, trykker bøker etc.
Styrken til denne forfattaren er skildringa av menneske og miljø. I "Uskyld" tek ho oss med til London sist på 1700-talet, til eit miljø av fattige arbeiderar, som slit og strevar for småpengar.Men det er ikkje så mykje fokusert på fattigdommen, meir på sirkuset i nærleiken og alle pubane, der dei finn avveksling.
Dette er i tida rundt den franske revolusjonen,der kongen blir myrda og kongedømmet avskaffa, og somme har redsel for at det samme skal skje med den engelske kongen og kongedømmet.
Forteljestemma er ekstern, men sidan teksten inneheld mykje dialog, får den farge av at handlinga mest dreiar seg om svært unge menneske.Den kan med andre ord virke "barnslig"- ikkje at eg legg noko negativt i det.
Eg har veldig mykje pent å seie om denne boka, men den er ingen page-turner. Som lydbok framstår den som noko langdryg og kjedelig i periodar.
Eg vil tru at også denne boka ville gjort seg betre som film.Engelskmennene er gode på historiske filmar og seriar.
Om du vel å lese denne boka, vil eg anbefale å lese om William Blake først. Stoff fin du her: http://no.wikipedia.org/wiki/William_Blake.

Vermelding 26.august - 2011



Klokka er 9.30, temperaturen er +15 grader C. Det har regna i natt, og det er enno vått ute, med skodde i fjellsidene. Men det ser ut til at veret skal bli betre etter kvart. Håper det! Særlig for Solveig sin del sidan dei skulle på skuletur i dag.
Nils er også på tur. Har reiste til Spjelkavika med bilen. Bergingsbilen kom som avtalt og eg laga ein liten bildeserie som viser det som skjedde her.No er eg spent på om det berre er noko lite som feilar bilen vår, eller om den blir verande på verkstaden. I så fall håper eg vi får lånebil, det er no kjekt å ta småturar på tampen av sommaren om ikkje anna.
Eg får altså mykje av dagen heime åleine, og skal starte opp støvsugaren først best.
Vil ønske alle ei god helg!
Nils kom heim med leigebil av merket Suzuki. Dei meinte det var noko gale med coilen på bilen vår.No veit ikkje eg kva coilen er, men eg har høyrt namnet før.

torsdag, august 25, 2011

Vermelding 25.august - 2011




 Klokka nærmar seg halv to. Det er overskya og opphaldsver og temperaturen er + 18 grader C. No skal vi snart varme fiskekaker til middag, så i dag blir det lettvint.
I dag er det den stor "trøbbeldagen". Vi var ein tur ut i hamna fordi Nils hadde ei kasse i båten som skulle reparerast. Vi stansa ved ein verkstad både på ut-og innveg, men der var ikkje folk å sjå. Verre var det at ein varsellampe i bilen begynte å blinke+ at det peip og peip utan at vi forstod kva det var.Vi tok fram instruksjonsboka, og fekk ein peikepinn om at det kanskje er noko med girkassa. No skal Nils ringe eit nummer som vi har fått hos forhandlaren og høyre kva han skal gjere. Bilen er no berre 1 år gammal.
Mens vi var på Rjåneset nytta eg høvet til å ta bilde av den blikkstille sjøen. Dessutan trefte vi hamnesjefen som kunne fortelje om både pir og makrell i fjorden, så no blir det trasig viss vi blir utan bil.
PS: Nils fekk kontakt med Viking i Volda. Dei skal køyre bilen ut til Spjelkavika, der vi kjøpte den, i morgon. Nils skal vere med, og ev. låne ein annan bil mens vår blir reparert.Synd at ikkje eg også kan vere med, men eg får heller vere med å hente bilen heim igjen.No angrar vi litt på at vi ikkje kjøpte bil her, likevel.

onsdag, august 24, 2011

Vermelding 24.august - 2011

Klokka er snart halv to. Det er fint, lettskya ver og litt sol av og til. Temperaturen er +23 grader, det er vel det nærmaste sommartemperatur vi har hatt i år. I dag vaska eg golv etc. før vi var ein tur nedover og handla. Hadde ærend på apoteket, blant anna. Vi treffer alltid mange vi kjenner på Amfi, mest pensjonistar. I dag trefte vi m.a. Bjørg og Hans, som eigentlig har flytta til Larvik, men som er "heime" på hytta i Leikong.
No kokar Nils lange til middag, og kva det blir til e.m. veit eg enno ikkje. Trudde vi skulle få sole oss, men SÅ fint blir det visst ikkje. Forrige skuleår var det ofte fint ver om onsdagane, då Margrete hadde fri, og kanskje skal det vere slik i år også? Ho har framleis fridag på onsdag.

tirsdag, august 23, 2011

Vermelding 23.august - 2011

Klokka er snart 14.00, og eg sit og ventar på at rundstykka skal bli ferdigsteikte, så eg kan sette på potetene. Middagen i dag er lettvint,restar frå sundag og måndag! Ute er det overskya og opplett, temperaturen er +18 grader C, så det er ikkje så gale. 
Nils styrer med eit kvart ute i garasjen, det gjer han nesten støtt, mens eg har hatt bakedag i dag. Det er ikkje så ofte eg bakar brød, men brukar å lage Ingers til meg sjølv, for skikkelig grove brød er ikkje å få kjøpt her. 50% grovt er ikkje GROVT. Ingers brød er laga av100% grovt mjøl. Nils skal få grove rundstykke, han kan ikkje ete det brødet som eg et. Det kan no hende eg lurer meg til å smake på rundstykka, eg også, det er no grense for kor standhaftig ein kan vere.
Det går bra med handa til NIls , ho er ikkje hoven lenger, men han må no ta dei allergitablettane litt til.Handa er litt raud og varm.
I går kveld skulle eg hjelpe han å gjere klart SV-valbrosjyrar til utsending. Då oppdaga eg at namnet mitt stod på lista. Eg vart litt sjokka, for eg hadde heilt gløymt at eg hadde sagt JA då Nils spurde. Hugsar ikkje nummeret, men det var så langt nede på lista at eg kjenner meg relativt trygg. Kan liksom ikkje tenke meg ei politisk karriere i min alder.
Det vart veldig fint utover ettermiddagen, og no skin sola frå nesten skyfri himmel.
Marit og eg har gått tur med veslejenta rundt Storebakken; Marit meinte at sist vi gjekk der, hadde eg sparken med meg.I dag heldt vi oss fast i barnevogna.
Nils saknar Advokatten, men vi får rett som det er besøk av nabokatten, Nusse, som er 14 år gammal.Ho er glad i fisk, så ho er gode venner med Nils.Ho også.

mandag, august 22, 2011

Vermelding 22.august - 2011

 
Endelig blomstrar rosene.
Klokka er no19.15, ute er det overskya, men opplett, og temperaturen er +16 grader C. Sommar har vi enno ikkje hatt, og no er det vel tid for å gi opp håpet.
Hadde litt dramatikk på føremiddagen. Nils var ute på altanen ein tur og der fekk han ei kvepsestikk. Så gale har hendt før, men denne gongen fekk han ein heilt unormalt sterk reaksjon. Fingeren vart stiv og heile handa hovna opp. Sidan han ikkje har hatt slike reaksjonar før, var min første tanke at det kunne komme av tablettar som han tek. Han tok seg ein tur på legesenteret, og der fikk han vite at det var ein livsfarlig allergisk reaksjon, som rett nok kunne komme av medisinen . Han fikk allergitablettar, og viss dei ikkje hjelper, må han få antibiotika. Heldigvis ser handa allereide no, etter at han har tatt tablett nummer to, meir normal ut. Så vi får håpe det ordnar seg utan noko meir styr.Når eg skriv om dette, er det fordi andre kan bli ute for noko liknande, og at dei då må vere på vakt.
Elles har vi hatt ein kjekk dag med besøk av Margrete og tre av ungane. Hadde laga gammaldags mat: Svinesteik og heimelaga kjøttkaker+ mykje brun saus.Og dessert. Og kaffi.Amanda skal på ballettøving i Ørsta om mandagane dette skuleåret også, så eg reknar med å få besøk annakvar veke i alle fall.Vi synest det er kjekt.

søndag, august 21, 2011

Vermelding 21.august - 2011


Klokka er vel halv to, og vi skal snart ete middag. Må vere ferdig med middagen før minnehøgtida på TV. Ute er det overskya og nokre regndropar av og til, temperaturen er + 16 grader C.
Nils var bort på terminalen ein tur for å sjå om han fekk makrell der. Fjorden er full av makrell, men han kom ikkje dit Nils var. Eg held meg relativt rolig i dag, trakka litt for mykje rundt i for fine sko i går, så eg fekk litt problem med hofta etterpå.Dessutan sat eg og strikka ei god stund, det er heller ikkje bra.
I dag har eg brukt føremiddagen til å rydde litt i huset etc.+ at eg hadde middagen ferdig då Nils kom heim.Med unntak av potetene. Det blir "Søndagssei" i dag også, prøver å ete mest mulig fisk før vi frys resten. Fisk er avgjort best før den har vore i frysaren!
I dag vil vi gratulere Helene på Eid med 16 års-dagen!

lørdag, august 20, 2011

Vermelding 20.august - 2011

Klokka er snart halv tre.Temperaturen er ca +20 grader C og det er fint, lettskya ver. Nils driv og lagar middag, han kokar torsk som han fiska i går kveld og salta natta over.
Som de veit har vi fora på ein villkatt som vi har kalla Advokatten. For ei tid sidan fekk han eit stygt sår på halsen som ikkje har grodd. Han var så vill at det var ikkje råd å få stelt såret, og vi såg at han ikkje hadde det godt. Vi fekk eit tips om at vi kunne vende oss til Mattilsynet, og der fekk vi kjempegod sørvis. I går kveld kom ei dame med eit bur som vi skulle fange katten i. I går viste han seg ikkje i det heile tatt, men i dag tidlig kom han. Gikk inn i buret (brukte fisk til agn)og så var han fanga. Deretter ringde vi til dama som trulig er dyrlege, og ho henta katten i buret, så skulle ho avlive han på ein human måte. Og vi har ingen ting meir med han å gjere.Eg må presisere at om dette hadde vore ein TAM katt som vi eigde, kunne vi ikkje gjort det slik.
Elles har eg vore til frisør i dag. Ho får frie taumar når det gjeld håret mitt, og valde å ikkje klippe noko særlig.Var innom biblio i dag , men fann ingen ting nytt. Etterpå var vi ein tur til Vik, på Amfi og i gågata, før vi enda opp på Rystelandet for å få nokre plantar til pottene på trappa. Ikkje mykje å velje i no, så vi kjøpte berre kvit lyng, den står vel ei stund.Tok bilde frå andre sida i dag. Ser at der har kome ei strike i saudehornet. Enten har der gått eit ras eller så har der vore eit nytt elveleie for nokre dagar.Brukte det gamle apparatet som eg hadde liggande i veska, derfor den dårlige bildekvaliteten.
No ropar Nils at maten er klar, det går fort å koke mandelpoteter.
Fortsatt god helg til alle.

fredag, august 19, 2011

Bok nr.47 - 2011: Slumdog Millionaire. Gutten som visste svar på alt.

Heilt sidan eg las denne boka for første gong for eit par-tre år sidan, har eg tenkt at eg skulle lese den om att. Hadde kjensla av at eg hadde lese den altfor overflatisk. Etter å ha lese den for andre gong, veit eg at det var rett.
Sidan veldig mange har lese denne boka, synest eg det blir dumt å skrive så mykje, men til dei som ikkje har lese den, vil eg seie ein ting: LES . Eg kunne ikkje la vere å tenke på 1001 natt (som eg ikkje har lese) for også her finn vi ei rammehistorie og inne i denne ramma kjem den eine historia meir dramatisk enn den andre. Likevel trur eg at hovudintensjonen til forfattaren er å gi eit bilde av heimlandet sitt, India, og livet i storbyane der. Her finn vi grenselaus fattigdom, men også store rikdommar, tiggarar, prostituerte, korrupte politifolk, men også snille og velmeinande menneske. Eit persongalleri som overgår sjølvaste Dickens. 
På slutten av boka kom eg til å tenke på desse russiske tredokkene, den eine inne i den andre, for kvar du opnar finn du ei ny. Her er ikkje berre mykje handling, men også mykje å tenke på. Vil du vite meir om boka, kan du lese på nettet.
No lurer eg på om eg skal sjå filmen også.

Vermelding 19.august - 2011

No er klokka ca 13.45 og vi har ete ein tidlig middag, sidan vi var tidlig oppe i dag. Ute er det lettskya, litt sol av og til og ca +18 grader C. Fint ver egentlig.
I dag har eg styrt litt med matlaging. Laga opp ein stor porsjon kjøttkaker, sette på ei gryte med bruning til heimelaga saus, den får stå og godgjere seg i timesvis. Så steikte eg kveite til middag og laga remuladesaus til. 
Det har blitt nokre kveitemiddagar i løpet av sommaren, og vi synest det er godt med remulade til. Den vi får kjøpt ferdig er veldig feit, og ikkje spesielt spennande på smak. Det er ikkje så ofte eg har laga slikt i seinare år, så eg sjekka diverse oppskrifter på nettet, og kom fram til ei tilnærma sjølvkomponert som vi likar godt. 

For at det ikkje skal bli for mykje feitt, blandar eg majonesen med lettrømme i forholdet "lite majones og mykje rømme".
Så finhakkar eg sylteagurk av den litt søte typen.
Har i litt Dijonsennep og finhakka kapers.
Smakar til med frisk sitronsaft, litt salt og litt sukker.

Dette er ikkje ei "oppskrift". Synest berre det er kjekt å dele erfaringa med at det ikkje er ein heksekunst å lage slikt sjølv. Ein får jo kjøpt alt mulig i butikkane, og mykje er godt. Feilen er berre at det smakar heilt likt kvar gong.Når ein lagar maten sjølv frå grunnen av, kan ein smake den til etter si eiga tunge (og forhåpentlig andre si også). dessutan tek det ikkje så lang tid.

Bildet.I morgon skal politikarane stå på stand i Ørsta, og Per var her og henta utstyret til SV-standen. Dei måtte prøvemontere den, sidan Nils er den mest rutinerte på det.
Det er viktig at flest mulig er med å stemmer, og så må vi hugse at det er lokale politikar vi stemmer på, ikkje dei som sit på Stortinget.  Eg håper også  at dei som blir valde inn, røystar etter sitt eige program når sakene kjem opp i kommunestyret. Vi har dessverre sett fleire døme på at ikkje alle har gjort det.

torsdag, august 18, 2011

Vermelding 18.august - 2011

Klokka har passert halv ti. Temperaturen er +13 grader C, og det er delvis skya, delvis skodde og sola var her for litt sidan. Tok dette bildet frå altanen med det samme vi kom heim.
Før middag styrte eg med litt støvsuging etc. og så greidde vi å "reparere" den stasjonære datamaskina så den virka ei stund.Sidan vi ikkje hadde spesielle planar for resten av dagen, fann vi på å reise til Ulsteinvik og Trebåtfestivalen. Kika litt på båtane, litt i butikkane og såg på folkelivet. Heile Ulsteinvik lukta grill og kebab, og der var mat å få kjøpt over alt. Vi kjøpte ingen ting, men tok ein tur til Flø for å sjå havet. Der var det lettskya og mykje sol, så sikten var bra.
Sidan eg hadde med nokre filmar og aviser som skulle til Hareid, tok vi turen dit og drakk kaffi med Solveig og Øystein. Håkon og Olaug dukka også opp etter at dei hadde vore på fotballtrening. Det vart ein lang prat -Øystein har vi ikkje snakka med sidan FØR han reiste til Roma.
Å komme med bil frå Hareid og sjå Ulsteinvik i kveldssol er eit syn for gudar, berre synd med all skogen som veks langs vegen og stenger for utsynet.(Ein kan ikkje stoppe midt i trafikken for å nyte synet av havet og øyane...)Der som så mange andre stader. Gi meg ei MOTORSAG !!
Treng den forresten her på Vallabøen også, skulle gjerne ha sett fjorden litt betre! Og viss folk er så glade i skog, kan dei ta seg ein tur i skogsvegane. Det er lover som forbyr store tre i små hagar! Ingen av våre nære naboar, eller vi sjølve, har tre som sjenerer andre.Lat det vere sagt.
4.1.1 Nabolovens § 3
Nabolovens § 3 lyder:
"Er det ikkje nemnande om å gjera for eigaren, må han ikkje ha tre som er til skade eller særleg ulempe for grannen, nærare hus, hage, tun eller dyrka jord på granneeigedomen enn tredjeparten av trehøgda. Kongen kan gjeva nærare føresegner om målingsmåten. Hekk som er lågare enn 2 meter, er ikkje ulovleg etter denne paragrafen.
Hekk som lyt reknast for grannegjerde, går ikkje inn under denne lova.
Føresegnene i denne paragrafen gjev ikkje rett til å ha ståande tre som grannen har krav på å få bort etter § 10, jfr. § 2."
 Krukkehuset, det Solveig og Øystein budde første året etter at Einar var fødd.Den gongen var huset raudmåla.

                                      Trebåtar i Ulsteinvik.

Flø i 17-18-tida. Skulle vore der seinare på kveld og fått med oss solnedgangen. Fantastisk å sjå at dei driv jordbruk i stor stil der ute.

onsdag, august 17, 2011

Vermelding 17.august - 2011

 Klokka er 13.00. Temperaturen er + 19 grader C, det er lettskya, men blir stadig finare ute. Ser ikkje bort frå at sola kan kome fram.Det var vått i graset i dag tidlig, så vi tok ei handlerunde før Nils fekk begynne å slå. Først var vi på Europris, der vi raspa med oss mange gode og nyttige ting, så var vi på Amfi og handla mat på Coop, og til slutt vart det ein tur i gågata. Har funne ut at eg treng ein romslig serveringsbolle når vi er mange. Etter eit par mislykka forsøk på andre butikkar, fann eg det eg var ute etter på Landhandelen (ligg på FB)-der sel dei nye ting i gammal stil,til svært akseptale prisar.På heimvegen tok vi ein svipp rundt Storebakken, og prata med ein som driv og restaurerer båten sin.Vi var jo litt orientert på førehand sidan eg er "venn" med denne karen på FB. Eg blir etter kvart klar over kor nyttig FB er for å halde seg orientert om det som skjer over alt.
No durer og går plenklipperen ute, og eg må pakke ut og få på plass alt vi har kjøpt. Seinare må eg vel plukke hagebær. Det er ikkje det kjekkaste eg veit, akkurat.

                                           Kjøpt på Landhandelen for 179 kr.

Genial gryteskrubb med handtak, kjøpt på Europris. På Kongsberg har dei ein slik, og eg har brukt den der.Eg likar ikkje så godt å halde i slike skrubbar med berre hendene, så eg likte denne typen godt. W.kunne fortelle at dei var å få kjøpt på Europris, så då var saken biff. Ein pakke inneheld skaft+3 skrubbar.Men kanskje er det ikkje så mange som er så gammaldagse at dei skrubbar kasserollar etc.(Eg har ei aluminiumspanne som eg brukar til melkemat, og den vaskar eg ikkje i maskin.)

tirsdag, august 16, 2011

Vermelding 16.august - 2011

 Klokka er 18.10, temperaturen er + 16 grader, det er overskya og stort sett opphaldsver. Har vel vore ei byge eller to i løpet av dagen.
Eg har ikkje vore ute for ei dør enno, men skal snart ta meg ein tur i hagen m.m. Nils for nedover for å sjå fotballkamp. Eg sjekka FB klokka 17.50 og då fann eg melding frå Amanda.
Elles så gjorde eg ein del husarbeid f.m.,vaska golv blant anna. Middagen vart litt sånn "mixed double" i dag; Nils åt salta, kokte kveitehaud, eg litt spekemat etc. Eg likar det meste, men der er ei grense for meg også. Elles koka vi ein stor porsjon grønerterstuing (4 pk.) som vi fraus i høvelige porsjonar. Lett å ta igjen og varme i mikrobølgeomnen.
Etter middag gjorde eg den flausa at eg la meg nedpå for å kvile ryggen litt, og lese lydbok. Men som fleire enn eg har oppdaga, er lydboka den beste sovemedisin som finst. Etter at eg hadde drukke kaffi, måtte eg lese om att alt eg hadde "lese" mens eg låg.
Nils var til frisør f.m.- eg har ikkje kome så langt at eg har bestilt time enno.
For dei som ikkje les FB kan eg opplyse at "Min kamp 6" er i handelen frå 1.november. Eg har sett meg opp som førstemann på ventelista for lydboka på biblio.
I dag kan vi gratulere Stig André på Eid med dagen!
PS: Folkestadlaget tapte mot Ørsta i kveld.

mandag, august 15, 2011

Vermelding 15.august - 2011

Klokka er 12.10. temperaturen er + 20 grader, men skodda ligg sid.  Det ser ut til at den kan lette i løpet av dagen. Det har regna i natt, og det er heilt greitt.
Eg låg lenge frampå i dag, sov dårlig sist natt, verkte over alt, nesten, men når eg kjem opp og i sving kjem det seg. Eg hadde så vidt fått på meg kleda og sett på kaffien, då rørleggaren kom. Han skulle reparere ein krane på kjøkkenet, som takk for noko fisk han hadde fått. Så no er den i orden-kranen altså, den stod berre og draup.
Etter frokost sette eg i gang å lage fiskekaker. Nils hadde male fisken på kvern, og då er det ikkje all verdens arbeid å lage 60-70 store fiskekaker. Når det er berre til oss sjølve, bryr eg meg ikkje om å lage meir om gongen, dei taper seg i frysaren. I dag følgde eg Wenche i Frokost-TV si opskrift slavisk. Den ligg på nettet, men eg har kjøpt ei kokebok. Likar å blade i slike.
Så har eg tatt opp plommer frå frysaren og skal koke syltetøy. Kjøpte to korger med nektarinar e.l. til 10 kr.korga før helga. Dei var rett og slett ikkje gode, så dei kokar eg i lag med plommene.
Nils for nedover for å klippe seg, men kom heim att like loden, der var feriestengt hos "dama hans".
Eg har gått med altfor langt hår heile sommaren, så i morgon må eg ta ein telefon til MI dame, ho er ferdig med ferien no.
Elles startar alle lærarforeldra i familien på skule i dag. Ungane til Margrete skal begynne torsdag. På Kongsberg skal vesle Ingar begynne i barnehagen. Det trur eg skal gå bra. Han er no 1 1/2 år og dermed blir han ikkje den minste.Dessutan er han vant med storebrørne og kameratane deira, så overgangen blir ikkje så stor som for den eldste då han starta. Vebjørn begynner på siste barnehageåret sitt, så han kjem vel ikkje til å sjå så mykje til lillebroren.Dei har eigne opplegg for dei som skal begynne på skulen neste år. Akkurat som dei hadde  før, berre at då var dei eitt år eldre.
Skulle vore ute og plukka rips og stikkelsbær. Vi har ikkje så mange bærtre lenger, men litt må vi ha.
Elles så synest eg vi er for trege til å komme oss på turar, men det er noko med det at når veret er fint, har vi det best heime.Men blir det bra ver framover, er det fint å reise no når fellesferien er over.
Så vil eg oppmode alle om å høyre "talen" Karl Ove Knausgård heldt på svensk TV etter 22.juli.Den ligg på FB: Eg hørte den i dag tidlig, men fekk ikkje med alt, så eg får prøve igjen. Siste boka i serien"Min kamp" er komen ut i Sverige, så eg må sende ein mail til biblio at dei set meg på liste, så eg får den FØRST når den kjem her.

søndag, august 14, 2011

Vermelding 14.august - 2011

Klokka er snart 18.00, temperaturen er deilige +23 grader, og det er lettskya og fint ute.Denne dagen skulle sjølvsagt ha vore brukt til ein eller annan tur i det fri. men Nils vart ståande i garasjen og filetere fisk heile føremiddagen, mens eg berre gikk og surra. Plukka nokre sukkererter som eg rensa og fraus, prata med naboen etc. Til middag laga eg "søndagssei"-noko som betyr full utflating i timesvis, men så fekk eg også lese ut boka mi.
Tok ein tur i hagenfor å sjå etter noko fint, men det er smått stell no før rosene sprett ut skikkelig. Dei er uvanlig seint ute i år, men så vart dei også flytta sist vår. Det viktigaste er at dei er i live.Ingen ting er som det skal vere denne sommaren, ikkje ein gong garasjeveggen, som plar vere dekt med blomkarse-men det kjem seg.
Tidlegare i sommar kjøpte vi ein ny clematis, og den er no avblomstra. Men den har nokre heilt spesielle frøhus som ser ut som om dei er fletta av gulltråd. Det kjem ikkje så godt fram på bildet.
Nattlys er ein nydelig plante ,særlig når kveldane blir mørke. Då plar "lysa" stå høge og flotte. I år er planten blitt ein markkrypar sidan Nils køyrde over den med plenklipparen tidlig i sommar. Men fin likevel?
No trur eg at eg går ein tur. Nils sit framfor TV og ser fotball det meste av ettermiddagane og kveldane har eg inntrykk av.

Bok nr.46 - 2011: Flimmer

No fekk eg endelig lese ut denne boka, etter mange avbrot og tilbakespolingar. Kan ikkje få sagt det ofte nok: Ein bør ikkje bruke for lang tid på ei bok, det gjer at den virkar langdryg uansett.
Anne Holt er ikkje førstevalet mitt når eg eg på biblio, men denne boka såg litt interessant ut. Ho har skrive boka i lag med bror sin som er lege.
Historia startar på eit sjukehus i Bærum der to personar dør etter å ha fått operert inn ein hjertestartar. Det viser seg at det er ein feil på nokre av starterane og to legar finn ut av dette. Denne første delen av historia synest eg var ganske interessant, verre blir det då vi etter kvart blir kasta ut i finans-og børsverda. Eg vil likevel rose forfatterane for at dei klarer å få såpass ukjent og vanskelig stoff nokonlunde begripelig sjølv for meg. Dette var det positive, så kjem det eg ikkje likte.
Den eksterne forteljaren tek oss med over heile verda, der vi blir kjende med X antall personar og familiar. Eg er så lei av slike bøker som heile tida skal "hoppe" i tid og rom, og der kvart nytt kapittel har overskrifter som ikkje berre fortel om dato og stad, men inntil klokkeslett. Dei som har lese mange "nye" bøker veit sikkert kva eg meiner.
Og så kjem eg med det vanlige: Boka er for lang! 13 CD-plater er for mykje. Eg ville sett pris på om uvesenlige ting vart strokne, og at dei heldt seg strengt til saka. 
Dette er ikkje ei vanlig krim-bok i og med at vi heile tida er meir og mindre oppdaterte på det som skjer.Overraskinga ligg i kven som er "primus motor" i det heile, men då var eg ikkje så interessert lenger. De må gjerne lese boka, eg vil berre presisere at dette er mi meining og at eg skriv om LYD-boka.

lørdag, august 13, 2011

Vermelding 13.august - 2011

Klokka er 17.00, temperaturen +25 grader C, og sola skin. Må innrømme at det vart i varmaste laget å ligge på altanen å lese/ sove. Blei litt groggy etter eit par timar liksom.
Då eg vakna i halv åtte tida i dag tidlig, var Nils vekk, og eg fann ein lapp om at han var reist ut for å fiske. Eg shina opp i huset, og så var han plutselig tilbake med ein heil balje med sei i ymse storleikar. Varmen var ikkje påtrengande, så eg strauk ein haug med klede før vi for nedover for å handle. På Coop fekk eg frosten i meg, der er så mange kjøle-og frysediskar, så eg kledde godt på meg før eg sette i gang med litt hagearbeid då eg var heime att. Eg merka etter kvart at det ikkje var så VELDIG kaldt.
Det vart kokt småsei til middag, og så la vi oss ut på altanen for å kvile middag, og no kjenner eg meg både kokt og steikt. Det er herlig å kunne beklage seg litt over varmen, den er ganske sikkert ein overgang. Kanskje denne dagen er sommaren i år?
Tankane går tilbake til lærartida mi, då eg ivra sterkt for å halde på litt lenger ut  i juni, og begynne på skulen 1.september slik vi gjorde i min barndom.
No er det ein litt perifer nabo som har sett i gang ein særdeles støyande kantklippar, det skulle ikkje ha vore lov!
Hadde fotoapparatet i veska då vi var og handla, så eg fekk tatt bilde av alle seglbåtane på fjorden i dag.

fredag, august 12, 2011

Vermelding 12.august - 2011

Klokka er snart 20.30. Veret har vore nydelig i heile dag, så snart morgonskodda letta. No er temperaturen +15 grader C -og sola skin enno.
Margrete hadde seg ein handledag på Moa i dag, og dei tre yngste ungane var her hos oss i mellomtida. Eg hadde lova dei ein tur på bokhandel før skulestart, så det passa fint. Dei fekk velje seg ut bokbrede, viskeler etc. Etterpå var vi på Amfi og handla inn til middag. Menyen vart bestemt (ved hjelp av morfaren?) til blomkålsuppe og pannekaker. Etter at vi hadde ete, tok Nils ungane med seg på fisketur. Det var godt å ha Eirik til hjelp med å ha ut att båten.Fisk blei det lite av, men dei hadde no "råna" litt med båten og hatt det kjekt.
Eg la meg ut på altanen med lydbok etter at eg hadde rydda opp, men så kom leigebuaren utan nøkkel, så eg fekk meg litt av ein jobb før eg fann reservenøkkelen. Det hjelper ikkje mykje å ha mobilen liggande i bilen når ein er på fisketur.
Margrete stoppa ei lita stund etter shoppingrunden, så Nils og Eirik fekk fare ned og sjå 2.omgang Hareid-Ørsta. Håkon var med, men vart sittande på reservebenken. Einar var der som journalist.Kampen enda 2-0 i Hareids favør.
No håper eg fineveret kan halde til over helga når skulane startar opp. Det er ikkje så farlig om vi ikkje får tropevarme, når sola er framme frys vi ikkje. Ønsker alle ei fin og trivelig helg.

torsdag, august 11, 2011

Vermelding 11..august - 2011

Klokka er 19.00, temperaturen er +16 grader i skuggen på baksida av huset, og det er framleis nydelig sol, slik det har vore i heile dag. Sjølv om det godt kunne ha vore varmare, har det vore fint å ligge å sole seg på altanen etter middag. Dvs. Nils hadde ikkje tid å slappe av så lenge, han måtte slå plenane! Eg er ikkje i heilt i arbeidsform etter at eg sat i bilen i heile går, men det kjem seg. 
Føremiddagen gikk med til diverse oppakking,rydding, klesvask etc.Og så vart det kokt lange til middag igjen!
I morgon ventar vi ungane til Margrete på besøk, ho skal på shopping før skulestart. Ja, det har ikkje vore mykje til sommar på våre kantar, og ikkje så mykje betre på Austlandet heller? Eg er overtydd at det skuldast den globale oppvarminga! No får vi kanskje ein fin haust, og det passar fint for pensjonistar, vi tek fineveret når det kjem.Men eg hugsar korleis det var å begynne på jobb igjen etter ein dårlig sommar.
Fekk melding frå Rasmus, dei er på Hafjell, der dei skal vere i to netter, så får dei ein miniferie på tampen av sommaren. Det var ganske fint der nede i går i alle fall.
Har diverse småtteri som skulle vore ordna i hagen, men har heldigvis ein hage som ikkje krev for mykje.Mest arbeid er det med plenane-og dei er det Nils som tek seg av. Har få bærbuskar att-det blir ikkje sylta og safta så mykje lenger.

onsdag, august 10, 2011

Vermelding 10.august - 2011

                                          
Dønfoss i kveld.
Klokka er 22.30, temperaturen er + 9 grader C, det er lettskya og ganske fint ute.
Vi har hatt ein lang biltur i dag. Starta frå Kongsberg klokka 10.00 og var heime 12 timar seinare, etter diverse stopp. Det begynte å regne nesten med det same vi kom av garde og verre vart det etter kvar. Det pøsregna heilt til vi nærma oss Gjøvik, då letta det, og i Lillehammer såg vi glimt av sol. Varmt var der imidlertid ikkje. Vi tok oss ei runde i gågata for å strekke på beina. Hadde tenkt oss innom Peppe´s, men der var det fullt, så vi prøvde Toscana i staden. Pizzaen vi fekk der var heilt grei, men ikkje noko meir.
Kaffi drakk vi på ein kafé på Otta. 
Neste stopp var potetbonden ved Nordberg kirke, der vi fekk med oss ein liten sekk mandelpoteter.Dei skal vi kose oss med i morgon, attåt salta lange.
I dag var det forferdelig å køyre Strynefjells-tunnelane. Har køyrt der i all slags ver, til alle årstider, men i dag var der så vått og mørkt og fælt at eg tykte det var ekkelt-det regna frå taket, rett og slett.. Hugsar godt då dei først kom i bruk, kor stas det var, no er dei ute på dato !
Vi kom i god tid til ferja, så det vart ein pause på Folkestad også, og då vi kom til Volda fekk vi sjå ein vakker solnedgang.På Egset vart det stopp for ørtande gong i dag. Det blir bygt og reparert mykje vegar i Norge, og her var det asfaltlegging. Og aller siste stopp var ein handlerunde på Kiwi, så de forstår vel at det tek litt tid å kome seg heim, men vi stressar ikkje. Det viktigaste er å kome heile heim.
Eg hadde planar om å ta turen til Larvik og ev. Sverige mens vi likevel var så langt av garde. Men slo det nesten i frå meg i går då eg ikkje var heilt bra. I dag er eg frisk att, men veret var særs lite innbydane austafjells i dag, og då er det lite som fristar.
På denne turen dobbeltsafa eg når det galdt fotoapparat, eg tok med to stk. Så viste det seg at minnekortet til det eine stod att i laptopen, og det andre minnekortet var fullt. Fekk låne minnekort med Rasmus, men det vart ikkje teke så mykje bilde, og nokre av bilda ligg på Rasmus sin laptop. Får be han sende dei.
 Her er ein av dei eg saknar i kveld. Ikkje så rart det, vel?

tirsdag, august 09, 2011

Vermelding 9.august 2011

Klokka er snart 22.00, ute er det regn og grått og temperaturen er +14 grader C.
Vi vakna i dag til sol og skyfri himmel, og eg fekk tatt  ein liten trilletur med Ingar og sola meg litt før skyene begynte å komme sigande.
Vi hadde eigentlig tenkt å starte på heimvegen i dag, med eller utan omvegar, men så blei eg dårlig-
eg som aldri er sjuk ! Men altså, det er ikkje noko veldig alvorlig akkurat, men gale nok til at vi må utsette reisa til i morgon. Vi kjem nok til å vende nasen heimover, men ruta er ikkje bestemt.
I kveld har eg steikt pannekaker til gutane, og det fall i smak. Det blir trist å reise ifrå dei, men slik er det berre-

mandag, august 08, 2011

Vermelding 8.august 2011

 Klokka er 22.40, temperaturen ca +13 grader C og det er opplett. Trudde veret skulle bli strålande i dag; det var ganske mykje sol f.m. - etterkvart vart det meir skyer, men ikkje regn.
Rasmus og Nils har jobba med den gjenstridige fururota i heile dag også. Vi andre har no pusla med vårt. Eg gikk ein ganske lang (for meg) tur med Ingar og Vebjørn, og så var Nils og eg innom nærbutikken ein tur. Wenche plukka stikkelsbær som ho og eg renska, og elles har vi gått her og pusla.
Middagen i dag var lettvint:"Hjemmelaget" pizza Grandiosa, med salat og dressing.
Fekk melding frå Margrete i 21-tida, ho og Ingeborg var komne på ferjeleiet etter å a vore ei veke i Tyrkia. Trur dei hadde fått temperatursjokk etter heimkomsten. Det blir nok mange som sparer til sydentur neste sommar etter at sommaren har vore fråverande her dei to siste åra. Minst.

Vermelding 7.august 2011

Det er alt midnatt og vi er klar for å legge oss. Temperaturen er berre ca 12 grader no, det er merkbart kaldare enn det har vore før. Det har pøsregna i heile dag, men då det letta mot kvelden, gikk Rasmus,gutane og eg ein liten luftetur.
Elles har dagen gått fort, som vanlig. Vi hadde kveite til middag, og ei lita stund etter middagen, laga Rasmus stikkelsbærpai av bær frå hagen, som har serverte med is attåt. 
Fekk beskjed frå Ørsta om at det var noko som hylte inne i huset vårt, dei fekk vite kvar nøkkelen var,og gjekk inn. Det var frysaren i kjellaren som var syndaren. Det hadde vore straumbrot, noko vi ikkje er særlig vande med i Ørsta.Men gode naboar er gode og ha, og dei ordna opp.
I morgon kjem vel karane til å starte opp att med rotprosjektet sitt.

lørdag, august 06, 2011

Vermelding 6.august 2011



Klokka er 20.00, og temperaturen er begynt å gå nedover sidan sola er borte her vi bur. Elles har det vore ca +25 grader og lettskya i dag. Til tross for ein liten bris har vi vore meir enn varme nok, det er som om gradene er varmare her enn heime. Eg har site mykje ute, passa Ingar innimellom, trilla ein liten tur osv. Rasmus og Nils har jobba med ei fururot i timesvis utan å få den opp. Og det til tross for gode råd frå naboar og andre forbipasserande. Wenche har vore på butikken og handla og ho har laga mat. I dag vart det grilling på uteplassen som vi var med og laga for mange år sidan, men aldri har fått prøvd før.Av den grunn at det ikkje har vore høvelig ver når vi har vore her. Dei store gutane har hatt besøk av kameratar og styrt seg sjølv både ute og inne.No sit eg oppå rommet "mitt" og skriv, men må ned og sjekke om Rasmus har laga kaffi. God helg til alle! Og takk til Marit som matar Advokatten.

fredag, august 05, 2011

Vermelding 5.august- 2011

Klokka er no 22.15,temperaturen er +16 grader C og det har slutta å regne.
Det meste av dagen har det bøtta ned, så eg håper at himmelen har tømt seg. Vi har for det meste vore inne, med avbrot av eit par turar på butikkar. Nils og eg var innom Storsenteret på sein ettermiddag, men kjøpelysta var ikkje på topp. Såg ikkje noko somfrista meir enn vanlig.
Elles har vi hatt pasta carbonara til middag. I dag var det Rasmus som var kokk. Eg har meldt meg frivillig til å steike kveite på søndag. I morgon er det planen at vi skal grille, så sant det ikkje regnar. Vi var med å lage til uteplassen for mange år sidan, men vi har aldri vore her i grillver.
Rosene stod så fine i går då vi kom, i dag såg dei litt halvdrukna ut.
Elles kosar vi oss veldig med dei tre kjekke gutane- og foreldra.

torsdag, august 04, 2011

Vermelding 4.august 2011

I dag har vi  hatt mange slags ver i og med at vi har reist frå Ørsta til Kongsberg over Hemsedals-fjellet.
Vi hadde ein fin og grei tur på alle måtar utan noko stress. Her er det no klokka 22 +18 grader C. det er overskya og opplett. Men tydelig sommar i lufta.
Vi vakna tidleg i dag mogon og kom oss av garde med 8.30-ferja frå Volda. Stoppa ei stund på Gol, så eg fekk bedrive litt mallwalking. Det verste for meg på desse turane er å sitte så lenge i ro i bilen.
Då vi kom hit fekk vi nydelig elggryte. Elles har vi kosa oss i lag med familien.
I dag kan vi gratulere Lars med dagen.

onsdag, august 03, 2011

Bok nr.45 - 2011: Brente skygger

I går kveld fikk eg endelig lese ut denne boka, har hatt mykje anna å styre med siste tida, så det har ikkje blitt så mykje tid til lesing. Boka er på 11 CD-plater.
Synest det passar å skrive om boka i dag, for det var 6.august 1945 at amerikanarane sprengde den første atombomba over Hiroshima i Japan.Den verste terrorhandlinga som nokon gong er utført. Denne forteljinga starta tre dagar seinare i den då multikulturelle byen Nagasaki. Hovudopersonen er ei ung japansk lærar som akkurat denne dagen forlovar seg med ein tyskar.Ho bur litt utanfor byen, men han går tilbake til huset sitt som ligg nærare byen. Så kjem bomba ! Og han misser livet mens ho blir relativt lett skada. Seinare finn ho ut at ho vil besøke systra til den tyske kjærasten sin. Ho bur i India og er gift med ein engelskmann. I India held britane på å trekke seg ut, og dei indiske muslimane er i ferd med å opprette sin eigen stat, Pakistan.
Meir skal eg ikkje fortelje om hendingane, men berre peike på nokre av tema i boka som er etnisitet, nasjonalitet, språk, tilhørigheit osb.Bakgrunnen er først og fremst  konfliktane i India, Pakistan og Afganistan.
Boka er lettlesen og pløyer ikkje så veldig djupt i problema, men eg synest den var vel verd å lese.Opplesaren er ei av favorittane mine.
Eg vil gjere merksam på at eg hadde lånt boka FØR terrorhandlingane i Oslo og på Utøya, så det var nesten som eg fikk bakoversveis då eg begynte å lese den.Eg har levert boka tilbake på biblio, men har lagt den inn på maskina.

Vermelding 3.august - 2011

Klokka er snart halv tre. Temperaturen er knappe +25 grader C og det har nettopp vore ei lita regnbyge. Før den kom, var det lettskya, litt sol og behagelig temperatur.
No er Nils ute og hentar båten på land, vi skal reise til Kongsberg imorgon, nemlig. Rasmus og fam. kom att frå campingtur i går, så eg ringde ned og spurde kva tid det passa at vi kom, og då fekk vi klarsignal med ein gong.
Før middag støvsuga og vaska eg det meste av leilegheita og så var vi ein liten tur nedover -  på biblioteket mellom anna.
Har vore utan internett i heile dag, og det er krise for meg. Då føler eg meg heilt fråkopla verda.
Elles er eg på FB og sjekkar at Lars og ungane har det bra, at Einar held greie på det som går føre seg på Ekebergsletta osb.Men eg tvilar på at vi tek laptoppen med på tur. På Kongsberg er der maskiner nok, og elles finst det maskiner på hotell etc.
I dag kan vi gratulere Solveig og Øystein med bryllaupsdagen ! Kvar og korleis dei feirer den, veit eg ingen ting om.
Vi kjem til å reise over Hemsedal i morgon, der er det stort sett fin veg no, og heilt klart kortaste vegen til målet.Vi gler oss til å sjå att alle saman , ikkje minst Ingar som har lært seg å gå sidan sist vi såg han. Men det er langt åkøyre -

tirsdag, august 02, 2011

Vermelding 2.august - 2011



Klokka er no 16.00.Temperaturen er + 23 grader C, det er SOL og litt vind. I dag måtte eg berre ta bilde av fjelltoppane, lenge sidan vi har sett dei. De kan sjå at der er meir skyer over Melshornet i sør, enn over Vallahornet i nord. Det kan tyde på at det kanskje kjem regn. Uansett er vi glade for denne sommardagen. 
Og kva har vi brukt dagen til? Vi diskuterte litt i dag morgon om vi skulle finne på noko-ein tur for eksempel, men det vart til at vi berre vart heime og sløva. Eg var ute i hagen og åt litt bær, klipte litt gras etc. og Nils har hatt not både på våre ripsbusker og på naboen sine. Mest av alt har eg lagt rett ut på solsenga og høyrt lydbok, det vil i praksis seie at eg har sove ein god del. Eg toler veldig godt å ligge i sola og sove når det ikkje er for varmt.Vi har ikkje laga middag enno, men skal ha salta lange når det lid mot kveld.
Har ikkje høyrt noko frå dei som reiste på ferie i går, men det er vel teikn på at det går bra. Eg velsignar data og FB som gjer at eg føler vi har kontakt uansett. Hugsar den tid vi reiste land og strand på camping med ungane, og det kunne vere vanskelig å finne ein telefonkiosk så ein fekk ringt heim. No har alle mobilar, så dersom ein vil ha tak i nokon, er ikkje det noko problem. Må visst lyse ei velsigning over mobiltelefonen også.
Den stasjonære datamaskina er eg ikkje sikker på kvar eg har.Ho er noko ustadig av seg.Somme tider virkar ho, andre gonger ikkje. I dag var det svart skjerm igjen, men etter at vi hadde tatt ut straumkabelen og sett den inn at eit par gonger, virka ho igjen. Så lenge det varer.
Mens eg har skrive har det kome mange nye skyer på himmelen, det er slikt som ofte skjer på ettermiddagen her, og så blir det finare igjen mot kvelden. Vi kan alltids håpe.
Men det er meldt regn!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...