onsdag, august 31, 2011

Vermelding 31.august - 2011

 Klokka er ca halv fire, temperaturen er + 17 grader og veret er ganske fint. Frå morgonen av og framover var det nykje sol, men akkurat no er det litt meir skya.
Vi har nettopp ete middag, i dag vart det steikt makrell. Men for å vere ærlig, så var makrellen betre tidlig på sommaren, fastare og ikkje så feit.Vi fekk ete oss ulyste i dag, og så blir det vel ei stund til neste gong.
Då eg stod opp klokka 7.30 i dag var Nils vekk, han hadde reist på fisketur klokka 6. Eg begynte å vaske bad og kjøkken "til helga", men det varte ikkje lenge før han var heime att med enda ein balje med makrell. Den gikk rett i frysaren og skal bli til lineagn.
Eg toler ikkje godt dette fuktige veret som vi har hatt i det siste, og vakna i natt med store smerter, så eg måtte opp og ta tablettar. I dag måtte eg legge meg på "dagsenga" etter at eg var ferdig å vaske, med elektrisk varmeteppe og dyne. Det gjeld å få opp temperaturen, så kjem det seg. Det er vel det vi kallar gikt ?
Må kanskje nedover på biblio i løpet av e.m., for eg er lens for lesestoff, dei siste to bøkene eg har lese har vore korte. Elles går eg og ventar på Ålesundstur, men det vart ikkje i dag heller.Nils begynte så vidt å slå plen før middag, han slår bio i dag. Om ikkje noko anna har likt seg i sommar, så har det vore eit storår for plengras.
I dag er det siste dagen i august, det var pappa sin fødselsdag, og siste feriedag i min barndom. Vi begynte alltid på skulen 1.september.Og då var det haust.

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...