onsdag, januar 30, 2008

Arangenseren er ferdig !


I kveld strikka eg ferdig genseren. Har berre att å feste trådar etc. og så skal eg vaske den så den blir mjuk og god. Håper at mottakaren likar den og at det blir litt vinter slik at ein kan bruke tjukk genser!
Denne genseren var kjekk å strikke, men eg måtte holde fokus elles gikk det gale, sjølv om eg har strikka mykje meir utfordrande aranmønster enn dette før.
Margrete var til tannlegen med nr.1 i dag; nr.3 og fire var med. Nr 2 var på skulen. Dei var oppom oss ein snartur.
I morgon er det lunsj med naboveninnene-Marit U er heime åleine.

mandag, januar 28, 2008

Melshornet i dag


Sit og eksperimenterer med den nye maskina for å finne ut om alt virkar. Alt er nytt og betre enn på den gamle, men mykje er annleis. No fekk eg i alle fall til å legge inn bilde. Det var det som var testen. Det som står att no er å kople til scanner/ printer.Til det treng eg ei CD-plate. Hadde den i går...................................

lørdag, januar 26, 2008

Ny datamskin i dag

Den gamle maskina gav opp i går, og vi kjende oss heilt fråkopla verda. I dag har vi kjøpt ny, og Harald har vore her og hjelpt oss å installere. Ruth var her også. Litt hjelp måtte eg ha frå Kongsberg etterpå. No funkar det meste, men eg har enda eit par jobbar att: å installere for bilde og scanner for eksempel.
Dessutan har eg mist mykje. Alle e-postadressene er vekk, og mange bilde ligg att på den gamle harddisken. Håper Rasmus kan berge noko av det.
Fint om de sender e-postar slik at eg får adressene dykkar inn på maskina.
Messenger har eg ikkje lagt inn enno.
Maskina heiterPackhard Bell IMEDIA9218.
Vi har også kjøpt ny skjerm, flatskjerm. Den er større og finare enn den vi hadde før.
Tastaturet er mindre enn det vi hadde (det var nesten nytt),så det blir vel ein del feiltasting til å begynne med. Går nok ei tid før eg får sett meg inn i alt.
God helg.

onsdag, januar 23, 2008

Utsikt frå altanen.

Ville berre vise kor fint ver det var her i går.
I dag er det dessverre overskya og sola kjem ikkje fram. Ho er heilt borte nokre veker rundt jul, men vi plar sjå ho att rundt Håkon sin fødselsdag - datoen er litt avhengig av veret.
For tida driv eg og kavar med datamaskina, ho virkar, men arbeider altfor seint. Det er nok den trojanske hesten som har skulda, men eg oppdaga at eg har visst sletta alle antivirusprogram. Kva er det motsette av "tasteskrekk" ?

mandag, januar 21, 2008

Første steg.


I dag har Nils vore på posthuset og fått ein lapp til å lime på postkassa. Denne lappen hindrar at vi får uadressert reklame i kassa. Det vil seie, så enkelt er det ikkje. Dette gjeld berre reklamebrosjyrar som posten distribuerer, ikkje den som private firma køyrer rundt med sjølve.
Er det nokon som veit kva vi kan gjere for å sleppe å få den? Held det å lage "plakat" sjølve ?

søndag, januar 20, 2008

Nyttårsforsett.

Då eg tok norsk grunnfag skuleåret 1985 /-86 las vi m.a. Dalen Portland av Kjartan Fløgstad og hadde den på pensumlista.Ikkje alt i den boka er like realistisk, det vart t.d. antyda at menneska sjølve var med på å "skape" ver og klima. Noko som ikkje var dokumentert for 20 år sidan. No veit vi noko anna, og ingen av oss trur vel lenger på at klimaendringane er "naturlege"- eg har lært at normale klimaendringar går så sakte at ein knapt ville registrere det i eit menneskeliv.
Ingen av oss er vel upåvirka av det som skjer i naturen, men eg kjenner meg nokså hjelpelaus når det gjeld å gjere noko med det. Likevel er planen min for det nye året å gjere det vesle eg kan for natur og miljø. Boss-sortering har vi drive med i mange år; alt organisk avfall går i kompostkassa og blir god gjødsel til blomsterbeda, papir og plast blir sortert ut, boksar og glas blir fylt i iglooar osb.Det er vel slikt som dei fleste gjer. Vidare skal vi seie nei takk til reklame i posten; er det noko vi er interessert i kan vi søke på nettet eller gå til butikken. Vi brukar ei stor nylonveske når vi handlar mat, får nok plastposar likevel. Prøver å fylle opp oppvaskmaskina skikkelig før eg set den på, og gjer det same med klesvaskemaskina. Tørkar klede ute i staden for i trommelen så sant det let seg gjere. Vi vil ikkje sitte inne og fryse, der går grensa, men vi treng ikkje å varme opp heile huset når vi er berre to. Sparepærer i dei fleste lampar er eit must.Varmepumpe har vi skaffa oss, og i tillegg til den fyrer vi med ved.
Dette er noko av det vi prøver å gjere for å spare energi, men vi kan sikkert gjere mykje meir. Tek imot alle tips med takk!
No er eg klar over at vi har god tid, og at ikkje travle småbarnsforeldre i full jobb kan gjere det same som vi. Men oppmodinga mi er at alle må ta miljøsituasjonen på alvor og ikkje berre "tenke litt på det", son Kongen sa i eit intervju.

fredag, januar 18, 2008

Vinteren 1994.

I dag er det 14 år sidan Håkon vart fødd, og vi gratulerer barnebarnet med dagen!
Vinteren 1994 var spesiell på mange måtar. Det eg hugsar best er sjølvsagt den dagen eg fekk telefon frå Øystein om at dei hadde fått son nummer tre.
Rundt nyttår var det veldig kaldt og røra på Velle skule fraus og sprakk. Det vart store vass-skader på skulen og mykje ekstra arbeid for alle. Medan skulen vart sett i stand att, flytta Endre, ein kollega, og eg med klassene våre inn i klubbhuset til Ørsta Idrettslag.
Rett ovafor klubbhuset ligg grusbana til fotballaget og den vart brøyta. Snøen vart lagt i høge dungar rundt bana og elevane hadde det heilt hivens i friminutta. Seinare vart det mildver og frost igjen med is over heile bana. Ikkje så dumt det heller.
Mens vi heldt til i klubbhuset var det OL på Lillehammer, der maskotane var Kristin og Håkon. Mange gutar fekk namnet Håkon det året!
Eg er sikker på at mange barn, ja, vaksne og, kunne tenkje seg litt skikkelig vinter med masse snø?

torsdag, januar 17, 2008

Ei historie om mjølk.

Kald mjølk rett frå kjøleskapet er eit sjølvsagt gode i vår tid. I min barndom var det nesten ingen som hadde kjøleskap,det var rett og slett ikkje å få kjøpt. Mjølka måtte ein prøve å halde nokonlunde kald på andre måtar.
Men på sjukehuset hadde dei kjølerom, heile tre stykke.
På det eine oppbevarte dei mjølk i store kummar og DEN var kald. Dei som var pasientar eller arbeidde på sjukehuset,syntest at mjølka der var SÅ god. Særleg surmjølka var populær. Den var ei 50-50 -blanding av kefir og saup (kjernemelk) og var veldig populær også til privat bruk.
Det var den tida vi gjekk på det gamle meieriet og kjøpte mjølk over disk. Mjølka hadde dei i store kummar og så auste dei opp i spanna vår med eit litermål sånn ca det vi skulle ha.Det var vanlig å kjøpe mjølk kvar dag, og heime var det stort sett min jobb. Ofte var det lang kø framfor disken, og dei som var små måtte vente til sist.Skulle vi ha fløyte, var det på samme måten; då hadde vi gjerne eit Norgesglas e.l.til å ha fløyten i. Kummane med mjølk og fløyte stod utildekka inne i butikklokalet og vart fylt opp frå bakrommet etter kvart som det trongst.

Bøndene køyrde sjølve mjølka til meieriet i store spann. Transportmiddelet var hest og vogn.Mjølka vart pasteurisert, men ikkje homogenisert, så fløyten låg som eit lag øvst i spanna når den hadde stått i ro ei stund.

onsdag, januar 16, 2008

Kjøkkenhistorier

Som de veit er eldste dotter mi svært interessert i alt som har med kjøkken å gjere, og for tida er det særleg komfyrar som har fanga interessa.No har ho utfordra meg til å skrive litt om dette temaet på bloggen.
Eg hugsar korleis det var på sjukehuskjøkkenet der mor mi jobba, før dei fekk elektrisk komfyr. Då hadde dei ein stor komfyr som dei fyrte med kol.Kolet vart oppbevart i skuffer nedst i komfyren. Eg treng vel ikkje å seie at det var ein varm jobb å lage mat der.
Men drog ein ut kolskuffa, kunne ein finne anna enn kol, for der likte sjukehuskatten seg så godt i varmen. Ja, dei hadde verkelig ein katt på kjøkkenet, og han heldt regionen fri for rotter og mus. Ingen såg noko rart i det den gongen.Men eg veit ikkje om jaktinstinktet var på topp, for han var ganske så velfødd.
Sjukehuset heldt seg også med grisar. Det kom to søte grisunger ein gong for året og dei fekk matrestar frå sjukehuset - trur neppe dei kjøpte mat til grisane. Og så vart dei slakta og brukt til mat.
Seinare fekk dei elektrisk komfyr, og det var eit stort framsteg. Den inneheldt mellom anna to store steikomnar.
Mor mi , som var kjøkkensjef på den tida, miste ikkje fatninga så lett. Heller ikkje då doktor Lygonis, som var grekar, kom med ein grisunge som han ville at ho skulle steike til han.Han hadde ikkje stor nok steikomn. Mamma tok utfordringa på strak arm. Men likte det gjorde ho ikkje!

Pensjonisttreff.


Kvart år i januar blir pensjonistane inviterte til ei kosestund på Velle skule, den gamle arbeidsplassen vår. Det er dei eldste lærarane ved skulen som arrangerer.Den eldste av pensjonistane er 85 år; eg ein ein av dei yngste i det laget.Men om mange er begynt å bli gamle, så er det berre utanpå. Elles er vi unge til sinns og klåre i hovudet. Vi har det kjekt i lag, og viss de trur vi sit berre og mimrar og snakkar sjukdom, så er det feil! Vi diskuterer også ting i tida, ikkje minst skulepolitikk! Og så må vi oppdatere oss på barn og barnebarn, så vi har litt å bryne oss på.Mange av oss har jobba i lag i nærmare 20 år.
På bildet ser de songheftet som låg ved kvar kuvert; rosa var litt friskare i går. Dei legg mykje arbeid og omtanke i å ta imot gamle arbeidskameratar. Menyen var karbonadesmørbrød+ kaker og dessertar. Alt var godt og fint tillaga.
Trur ikkje at det er så mange andre skular som har så fine pensjonistfestar som Velle!!! Sjå og lær !!

fredag, januar 11, 2008

Nytt strikkeprosjekt.

No fann eg ut at tida var inne til å starte på skulegenser til eit av barnebarna, sidan den førre genseren eg hadde tiltenkt han måtte gå til ein yngre fetter.Hadde bestemt meg for å strikke ein relativt enkel genser i Aran-mønster, slik at eg slapp så mykje montering, trådar etc.Fann eit mønster som eg var bra nøgd med. Det er den rosa modellen, men sjølvsagt kjøper eg ikkje rosa til gutar!!!Kjøpte lysegrått melert garn, for aranmønster blir best på lyst garn. Men så måtte eg sjølvsagt kjøpe eit heilt hefte for å få det mønsteret, og der var så mykje fint som eg fekk lyst å strikke. No har eg ikkje så mange "små" lenger, men om nokon andre skulle få lyst, kan eg legge mønsteret inn på bloggen.









torsdag, januar 10, 2008

Dagens bokfangst


Eg var så lykkelig over å ha fått tak i ei Stieg Larssonbok. Så viste det seg at den var nummer tre av tre og direkte framhald av nummer to. Har lese på den eit par dagar, men gav opp.
Så i dag leverte eg den inn att, og fann tre som eg ikkje har lese før. Gleder meg enormt til å lese Kollektivt selvmord. Det er same forfattaren som Harens år. Finsk humor er berre heilt topp. Humor på grensa til det tragiske!!

onsdag, januar 09, 2008

Tulipanar er favorittblomstrane mine.


Ordet tulipan skal visstnok tyde turban, og det høyrest rimelig ut når ein ser forma på blomsten. Frå gammalt av vart tulipanen rekna som kjærleikens blomst.De trudde kanskje det var rosene? Men nei, det er tulipanen. For øvrig er roser også ålreite blomster !!
Det er masse avskorne tulipanar å få kjøpt, men det er ikkje det same som dei som veks ute i hagen!! Eg brukar sjelden å plukke dei inn. Dei er finast der dei står.

Er det våren som er komen?


I dag har det vore så fint og lyst ute. Ulempene med det er at ein ser støv i alle krokar og krær, men så får ein også litt ekstra energi til å gjere noko med det.I dag rydda vi vekk jula; det einaste som står att er julestjernene som vart kjøpt julaftan. Dei er like fine, og då kastar eg dei ikkje.
Var på shopping både måndag og tysdag. Hadde tenkt å kjøpe Primula, dei er så kjekke å ha når ein tek ut julepynten. Men på alle blomster-butikkane såg dei ut som dei hadde overlevd jula, så vidt det var.Så eg kjøpte ikkje.
Brukar å plante dei ut om våren. Heile det lange rosebeddet mitt er kanta med primula i alle verdens fargar. Formeirar seg gjer dei også, så eg har gitt bort ein del.Det er ingen blomster ein set så pris på som dei første som kjem om våren. Sjølv elskar eg tulipanar!!!! Gler meg til dei kjem!

søndag, januar 06, 2008

Leiteaksjon i Ørsta i dag.

Dette bildet tok eg nettopp frå trappa vår. Det er i fjella rett oppi her dei leitar etter Even Hovde som bur berre eit par gater lenger nede.
Han gikk ut på ski i går i 12-tida og kom ikkje att. Dei leita med m.a. Sea King helikopter til langt på natt og starta opp att i dag.
Det som er så dumt er at han gikk åleine og hadde ikkje mobil med seg.
Eg har trumfa gjennom at Nils skal ha både flytevest og mobil når han fer på sjøen åleine.Det KAN gjere det lettare for dei som leitar-om noko skulle skje.
No kjem Nils med beskjed om at dei har funne han i Skytjådalen mellom Vallahornet og Kyrkjetindane(rett bak bjørka).Det gikk eit ras i det området i går og mannen vart funnen omkommen i raset.

lørdag, januar 05, 2008

Nytt år- nye prosjekt

Etter ei jule- og nyttårshelg der eg for det meste har lege på sofaen og sløva, var eg i dag i form til ei lita innkjøpsrunde.
Først gikk turen til garnbutikken, for heilt sidan eg såg dei gammelrosa strømpene til Hilde har eg vore frista. Fann ein liknande farge i Sisu sidan dei dessverre ikkje har Opal her.
Men eg hadde ikkje gått mange stega før hofta protesterte vilt, så kva tid eg får strikke er heilt i det blå.........Sånn er det bare.Forkjøling går over, men andre plager får ein beholde.
Nesten deprimerande å gå rundt i butikkar no, for alt som var fint og fristande før jul har mista glansen. Nei, eg kjøper meg heller noko nytt når våren kjem.Går så lite ut like vel.Det einaste eg veit eg skal ut på er det årlege pensjonisttreffet på Velle skule den 15. januar.
Han som var rektor då eg begynte på den skulen i 1971 vart gravlagd i går, men eg var ikkje i form til å gå i kyrkja.Det blir vel ei lita minnestund for han på treffet.
Vi har hatt mykje fint ver i det siste, og eg håpa at sparkeføret skulle vare så eg fekk vere ute litt, men no er snøen nesten borte på vegane. Kanskje kjem det meir?
I alle fall vert dagane lengre og lysare etter kvart- og DET er jo bra.

tirsdag, januar 01, 2008

1. januar 2008.

Godt nytt år! Den første dagen i 2008 har vi i alle fall fint ver! Her er det sol i fjella og minus 5 grader.Det einaste som manglar er litt meir snø! Men ein kan vel ikkje få alt? Begge bilda er tekne rundt klokka 12.00, det eine mot det etter kvart så kjende Melshornet, det andre mot fjella Nivane som vi ser når vi står på trappa vår. Dei som er særs observante vil sjå skispora som går opp(og ned) til Nivane. Det er mange som har vore på tur dit opp i jula.Vi held oss framleis inne. Eg er minst like forkjøla som før. Men alt er ein overgang!


DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...