
Han gikk ut på ski i går i 12-tida og kom ikkje att. Dei leita med m.a. Sea King helikopter til langt på natt og starta opp att i dag.
Det som er så dumt er at han gikk åleine og hadde ikkje mobil med seg.
Eg har trumfa gjennom at Nils skal ha både flytevest og mobil når han fer på sjøen åleine.Det KAN gjere det lettare for dei som leitar-om noko skulle skje.
No kjem Nils med beskjed om at dei har funne han i Skytjådalen mellom Vallahornet og Kyrkjetindane(rett bak bjørka).Det gikk eit ras i det området i går og mannen vart funnen omkommen i raset.
2 kommentarer:
Det var veldig trist! Oddvar fortalde det då han kom heim. Det var viss ein del på jobben til O. som kjende han i forbindelse med jobben hans som teknisk sjef.
Hilde
Ja, veldig trist! Men han gjorde eit par dumme ting. Han skulle aldri gått opp i den fjellsida den dagen. Der går ofte ras for der er så bratt.Ikkje mange dagane sidan sist det rasa der.Så om dei hadde funne han om kvelden/ natta hadde det likevel vore for seint.Elles er det dumt å gå åleine og utan mobil.Det kan no vere ein lærepenge for ANDRE.
Legg inn en kommentar