søndag, september 30, 2018

Dagbok 2018: 30.september

Klokka er18.00, temperaturen er + 8 grader og det regnar. 
Setninga er ein reprise frå nesten heile september. Så får vi sjå om oktober har noko anna å by på.
Sjølv om vêret har vore trasig, har eg hatt ein god dag. Eg har ikkje hatt vondt verken her eller der (bank i bordet) og berre det er oppløftande. Så fekk eg lese ferdig boka om bjørnejegersken - også det var en "højdare".  Og ikkje minst fekk eg besøk av Eirik. Eg hadde akkurat ete middag då han kom, så eg fekk ein og drikke kaffi i lag med etterpå. Eirik og bandet hans spelte i Ålesund fredags kvelden, og så var han innom familien i Volda og Ørsta. Då har reiste herifrå skulle han inn til Margrete, og i morgon reiser han til Trondheim igjen. Det er så kjekt å få besøk av barnebarna, særleg no når dei er langt borte og når ein ser dei sjeldan.
Margrete var på veg heim frå Bergen då han ringde til henne, ho har vore der i helga. Rasmus med familie skal til i Sverige på haustferie i badelandet i Ørebro, men først ei overnatting i Karlstad. I Gustavsvik, Ørebro, hadde vi "slektstemne"  for ganske mange år sidan.
Har ingen planar for morgondagen, men satsar på å vere heime til eg ev. får telefon frå banken. Bankkontakten min har hatt ferie, men skulle vere tilbake i morgon. Det er inga stor sak, men eg er lei digi-breva og vil ha faste utgifter over på avtalegiro; det hadde vi før.
Snikkaren har vel ein dags arbeid att-eller vel så det, så får eg begynne med litt oppryddingsarbeid før snøen kjem. Sjølvsagt vonar eg framleis på ein oktober med sol og sommar-vi treng det no.

Bok nr. 32 -2018: Bjørnejegerskens bekjennelser

En kvinne er skuffet over livet, over svik og nederlag og menn i sin alminnelighet. Hun selger villaen på Oslos vestkant og flytter til den forlatte familiegården i en avdal på Østlandet, der bjørn- og ulvemotstandere hersker. Beslutningen er tatt: På parkeringsplassen bak bensinstasjonen skal hun bygge et tempel for godhet, kvinnelig seksualitet og erfaringsbasert moral. Det skal ligne på Pantheon.
Bjørnejegerskens bekjennelser er en bok om hat og begjær, om islagte elver og spirituelle damefrisører, om byråkratiske rammevilkår for tempelbygging i distriktene og om den sumeriske yppersteprestinnen Enheduanna, kvinnen som skrev verdens første erotiske dikt.
"Parodisk, morsom, burlesk og alvorlig. Hedemanns hovedperson vil ikke tie som milliarder av kvinner gjennom historien av skam «Over for mye lyst og for lite lyst». Det er burlesk, intelligent og morsomt." 
Vigdis Moe Skarstein, Adresseavisen
……………………………………………………………………………………
Denne boka kom Solveig med i papirformat, og eg har lese den i rekordfart, lenge sidan eg har fryda meg slik med ei bok som med denne. Vi kan seie at den handlar mykje om kvinnesak, men også om menneskesak. Og mykje, mykje meir. Her er alvor, her er ironi og mykje humor. Boka er veldig lett å lese, men den er likevel tankevekkande. Anbefalt på det varmaste.
https://www.gyldendal.no/Skjoennlitteratur/Romaner-og-noveller/Bjoernejegerskens-bekjennelser
her kan de lese meir.

lørdag, september 29, 2018

Dagbok 2018: 29.september


Klokka er 18.00, temperaturen er + 9 grader C, og det har regna i heile dag, ser de på bilda ser de at det renn "elvar" etter vegen. Eg tenkjer på Noa som begynte å bygge ein ark etter at det hadde regna i 40 dagar og førti netter-vi er vel nærmare 60 her no? Men så bur vi i eit anna landskap -ikkje mellom to store elvar. Vi er vel om lag like trygge som vanleg her vi bur, men det er no nok no-for lenge sidan.
I går hadde eg ein fin og aktiv dag, i dag vart det trasig- eg har ikkje ein gong regnklede så eg kan gå ut i dette vêret. Eg hadde eigentleg tenkt å gå til Vik i dag, for å komme meg ut litt, men det letta aldri opp. 
No er eg ikkje den som kjedar meg, og eg har ei artig bok å lese i, litt husarbeid, og nokre rekningar å betale i nettbanken. Det at eg har vondt i hofta gjer at det er vondt å sitte, så strikke får eg ikkje. Var ut i garasjen og rydda litt. osb. Til slutt fann eg ut at eg like godt kunne vaske bad og kjøkken sidan det var laurdag, sjølv om det ikkje var så stort behov.
Eg har ikkje sett, eller snakka med, eit einaste menneske i dag, men har hatt kontakt med fleire på mobil og data. Og kvelden er den same om ein er åleine. Full fart på TV-en og vel så det. Eg er mest spent på Stjernekampen; danseprogrammet er ikkje det det ein gong var. No er det mykje show og lite dans, etter mi meining.
Men kvar sin smak. Viss eg gløymde å ønske God helg i går, får eg gjere det i dag.

fredag, september 28, 2018

Dagbok 2018: 28.september



Synest rosene har greidd seg uventa bra i regnvêret.

Klokka er 18.00, temperaturen er + 8  grader C, og vi har hatt ein fin dag, nesten utan regn. Livet blir heilt omsnudd når ein får sjå sola. Sist natt sov eg godt for første gong på lenge. Eg vakna klokka 6 til eit voldsomt torebrak, så eg stod opp og slo av hovudbrytaren til nettverka. så la eg meg att og sov vidare. 
Etter kvart vart vêret så fint at eg kjende behov for å pusse stuevindua utvendig også, pussa innsida i går.
Vêret vart etter kvart så bra at eg fann ut at eg kunne gå i gang å male opp plommegreinene frå det falne plommetreet på kompostkverna. Eg sette i gang med friskt mot, men så kom det regn , og eg måtte ta pause. Til all lykke varde ikkje regnbyga særleg lenge, så eg var snart ute og i gang igjen. Kvistane var rimeleg våte og fulle av lauv så kverna stoppa eit par gonger. 
Då må eg løyse opp fire muttrar,opne kverna og reinske. Første gongen hadde eg litt trøbbel fordi eg mangla ein mutter eller to då eg skulle sette den i hop att, det er lett å sose vekk slike småting, men eg kom i mål. I fjor sommar miste eg eine mutteren for godt, men fann den att i vår då snøen forsvann. Eg er glad for at Nils og eg jobba så mykje i lag med hagearbeid, vedhogst etc. for så er eg rimeleg sjølvhjelp i mange ting. No har eg to sekker med "mask" som eg kan ha i bosset eller i komposten til Solveig. Kompostkassa vår er full for lenge sidan.
Etterpå klipte eg plenen rundt huset, så fekk eg samla opp litt rusk, dessutan var graset langt. Tok ein sveip ned til det falne treet og samla opp lauv. Det ser bra ut no, men golvteppet som heng til tørk mellom Opaltrea blir visst ikkje tørrare.
Då eg var ferdig var klokka over 16.00 og eg var svolten. Eg hadde ein "rest" i dag også. Så la eg meg på sofaen med ei papirbok. Det er godt å vere fysisk trøytt, og godt å kjenne at ein har gjort eit skikkelig arbeid. Hofta gjer at eg ikkje kan sitte så mykje, så strikking blir det ikkje i dag, men så er det mykje å sjå på TV. Kalenderen seier at det er fredag i dag, men for meg som hadde "søndag" i går er det ikkje SÅ enkelt. Margrete er komen fram til Bergen, ser eg på FB.





torsdag, september 27, 2018

Dagbok 2018: 27.september.

Klokka er 17.30. Temperaturen er + 5 grader C , og det er ikkje slutt på regnet, anna enn på fjelltoppane, for der er det snø.
No har eg hatt tre meir og mindre søvnlause netter, så humøret var ikkje på topp i dag. Sist natt låg eg lysvaken til klokka var ca.6.00, så sov eg litt mellom 6 og 8. I tillegg verkte eg i hofta. Den hofta som eg hadde vondt i -i nærmare 10 år, siste par åra har den vore bra. Eg blir litt hysterisk når eg kjenner den verken kjem. Synest ikkje det er gale no, for eg har tatt det heilt med ro i dag. Vêret har også mykje å seie. 
Eg plar like så godt den tidlege hausten, men i år har ikkje noko vore likt seg. I to månader har det regna nesten kvar dag- og i tillegg har det vore kaldt. Det er så skuffande. Eg ville vere mest mogleg ute denne tida og styre i hagen til dømes. I oktober-november er eg meir villig til å ta imot mørke, kalde og våte dagar. Sjølvsagt kan ein ikkje gjere noko med vêret, og er ein frisk kan ein alltid finne på noko som er kjekt. 
I dag skulle eg eigentleg vere med Marit nedover når ho skulle på trening, men så var eg ikkje i form til det. Men ho var snill og henta sovetablettane til meg -  til natta skal eg sove-så blir eg kanskje i betre humør i morgon. Eg har gjort lite og ingen ting i dag, men eg pussa stuevindua på innsida, kluten vart svart. Eg driv og fyrer med så mykje rusk og rask at det litt "sot" overalt. Må nok ha ein skikkeleg nedvask når rotet er over.
Til middag hadde eg restar frå i går. Elles har eg lege på sofaen og høyrt bok, fordi det er vondt å sitte. Den boka var så kjedeleg at det var betre eg aldri hadde lese den. Det er vanskeleg å få tak i dei lydbøkene ein helst vil ha når ein ikkje kjem seg på biblio så ofte.
Eg har tusen ting å gjere her heime også, så viss eg kjeder meg, er det mi eiga skuld. Når eg tenkjer tilbake på dei to siste åra, så har eg vore mykje ute og vandra, og det har vore mykje godt vêr. Og eg har ikkje hatt plager med føtene før no sist vår. Eg fekk vanen med å vere mykje ute og til å gå mykje. Det hadde eg tenkt å halde fram med, så eg håper å bli litt betre til beins igjen. Jamaldringane mine frå Pensjonistlaget, og mange som er eldre også, går lange, fine turar kvar onsdag. Dei er heldige dei som kan vere med i "Den gylne spaserstokk".

Bok nr. 31 - 2018: Camille

Pierre Lemaitre er den franske forfatteren som har tatt norske lesere med storm med «Alex» og «Iréne». «Camille» er den forrykende avslutningen i Verhoeven-trilogien.

"En hendelse blir betraktet som avgjørende når den vipper livet ditt fullstendig ut av balanse. Som for eksempel tre skudd fra en pumpehagle mot kvinnen du elsker."

Kriminalførstebetjent Camille Verhoevens nye venninne er vitne til et ran på Champs-Élysées i Paris og overlever ved et rent mirakel. Men hun er skadet for livet. Det blir en helt personlig sak for Verhoeven å finne igjen gjerningsmannen, ikke minst fordi denne åpenbart vil gjøre hva som helst for å finne henne igjen og avlive henne.

De to mennene går inn i en kamp på liv og død, der den private siden av saken, får kriminalførstebetjenten til å ofre svært mange av sine prinsipper. Til slutt er leseren usikker på hvem som er jegeren i denne saken. Og hvem som er offeret.
…………………………………………………………………………………………………….
Hadde eg visst at dette var den tredje boka i ein trilogi, så hadde eg sjølvsagt ikkje lese den utan å ha lese dei to første, men det gjorde eg altså. Det er berre meg sjølv å takke for det. Eg forstod lite av det eg las, sidan det var framhald av tidlegare hendingar. Det blei forferdelig kjedeleg også. Langdrygt og uinteressant for meg som ikkje hadde lese dei to første bøkene. Mykje har eg lese om natta når eg ikkje fekk sove, det gjer det ikkje betre. med andre ord så kan eg rett og slett ikkje uttale meg om boka.


onsdag, september 26, 2018

Dagbok 2018: 26.september

ANYTHING YOU TRY TO FIX WILLTAKE LONGER AND COST MORE THAN YOU THOUGHT-  Murphy`s law (ei av dei)

Klokka er 17.50, temperaturen 9-10 grader C, som vanleg. Regnbyger, som vanleg, solgløtt mellom bygene, ikkje SÅ vanleg. No blæs og regnar det ute, men inne har eg det bra. Varmt og tørt. Har nettopp vore ute ei lita stund og jobba litt. Fekk abstinens av å ikkje gjere skikkeleg mannfolk arbeid i lang tid. Så eg kledde meg godt og gjekk ut og saga 9 store kubbar av plommetreet, No er det stort sett berre stammen og rota att. Brukte handsag, så eg fekk litt mosjon.
Sov dårleg utan sovemedisin sist natt, men no har eg bestilt resept, så i morgon må eg på apoteket. Det er i grunnen berre innsovningsmedisin eg får, men det verkar bra.
Eg var rimeleg tidleg oppe i dag, og fekk støvsuga alle teppegolva, det var eit visst behov!
Einar var i Volda, han ringde og ville komme på besøk. Det var sånn halvveges avtalt. Eg fann fram litt mat frå frysaren, så vi åt middag og drakk kaffi i lag. Kjekkare å lage middag til to enn til ein, ulempa er at eg må ete restar i morgon. Elles har eg prata med Eli i telefonen, vi begynner alt å planlegge for neste år i pensjonistlaget. Neste veke er det markering av Eldredagen på kulturhuset, eldrerådet har tatt heile ansvaret for den, vi skal berre dekke bord.
Har lese litt i lydboka mi, men det går treigt. Får ikkje strikka ferdig lestane eg held på med, grunna garnmangel. Eg prøver å bruke opp garnrestane etter kvart og strikke restelestar, men kjem ikkje alltid i mål. Garn har eg, men eg må liksom ha ein brukbar farge og garntype. Solveig har lagt siste hand på kofta mi - eg har strikka den sjølv, men ho har montert og vaska den. Den blei fin, seier ho. Eg snakka med henne i telefonen i går. Eirik kjem heim denne helga, Han og nokre kameratar skal visst spele i Ålesund.  Audun kjem også ein tur heimom. Og så nærmar haustferien seg for dei som er i skulen.

tirsdag, september 25, 2018

Dagbok 2018: 25.september


Her skal vi ha ein fin ute-/sole-plass, når så langt kjem.

Klokka 17.00. Temperaturen er + 10 grader, og det har vore regnbyger i heile dag, meir og mindre samanhengande. Det vil ingen ende ta!
Eg er nettopp komen heim frå Ulsteinvik, der eg har vore på Haustkonferanse for Pensjonistforbundet.  Dei to "talarane " var frå Nord-Møre, og der har dei den dialekten eg har mest problem med av alle Norges dialektar. Men dei hadde i alle fall høgt nok på lyden, så eg er rimeleg sveitt i øyra og tinnitusen står på for fullt- ikkje berre var dialekten og lydstyrken eit problem, men der var også eon veldig romklang. Viss de har høyrt Elg snakke så har de ein peikepinn. 
Men eg fekk no med meg det meste. Det dreia seg stort sett om eldrepolitikk, og det meste var kjent stoff. Kva vi jobbar med i pensjonistlaga rundt omkring, er heilt uinteressant for dei folka. Eli og eg var samde om at dette var saker som høvde betre for eldreråda og andre politikarar. 
Men det er kjekt å snakke med andre pensjonistar, som ein kanskje kjenner - eller ikkje kjenner. Sjølv hadde eg ein prat med Lidvar frå Hareid, ein fin gammal mann. Eg kan ikkje seie at eg kjenner han, men han kjenner i alle fall Solveig sin familie. Han var nabo med Øystein sine foreldre. Og så snakka eg med ein som heitte Grimstad, som kjende Solveig. Han hadde vore lærar på Hareid. 
Vi fekk god lunsj; lammesteik med tilbehør, og karamellpudding. Samme menyen som då Nils og eg var der for mange år sidan. Men den gongen var frammøtet fire gonger så stort som i dag.
Eg snakka litt med snikkaren før eg for i dag tidleg. Han var i tvil om han fekk gjort noko i dag, på grunn av vêret, og eg trur han gav seg på det. Han skulle lime noko og då måtte han ha opphaldsvêr. Han snakka om å ta ein lite ferie , han skulle besøke slekta. Så no lettar det vel opp. ………….
Eg har kveikt i omnen på stova, og så må eg slappe av litt, slik at det stilnar i øyret mitt. Det var no kjekt å få vere ute og flakse litt-trass alt.

mandag, september 24, 2018

Dagbok 2018: 24. september

Bilda er tatt kl. 19.30


Klokka er 19.30, temperaturen er + 5 grader C og det er tre månadar til julaftan.
I dag har det også vore kraftige regnbyger, men med sol innimellom. Og no er sola så lågt på himmelen at eg visstnok må tenke på å pusse vindua.
I dag heldt eg fram med leitinga mi, utan å finne det eg leita etter, men eg fann mykje anna interessant. Planen var at Ragnhild og eg skulle på kafé i dag, så eg hadde ikkje planlagt noko anna. Sidan Føniks ikkje er ope om måndagane blei kafébesøket utsett.
Eg hadde ikkje lagt andre planar for dagen, men litt husarbeid blir det alltid. Sa til Marit at ho måtte ta ein tur over gata om ho hadde lyst. Eg sette meg til å strikke litt , og så kom Marit. Så fekk eg drikke kaffi i lag med henne i dag.
Mens vi sat og prata ringde Eli og spurde om eg var klar for haustkonferanse i morgon. Ja, eg hugsa sjølvsagt at eg hadde meldt meg på, men då var det LENGE til. Det er berre det at tida går fortare enn eg klarer å følgje med, så i morgon blir det altså tur til Ulsteinvik. Eg har vore på ein slik konferanse før ein gong, men det er mange år sidan. Ja, det er sjølvsagt pensjonistlaget eg snakkar om. Det blir berre Eli og eg som reiser her frå Ørsta. Vi skal halde til der som det var hotell før, no er det folkehøgskulen som har teke over bygget. Eg gler meg til å komme litt utfor døra, for no har eg vore vêrfast i mange dagar. Kaldt og vått har det vore, og ikkje ute verande. 
Men snikkaren har fått gjort mykje i dag og no nærmar det seg slutten på prosjektet for denne gong.
Eg har ikkje vore ut og sett kor langt han kom i dag. Var ein tur ut på ettermiddagen, men han jobba etter den tid. Han sagar inne i garasjen når det regnar, og spikrar ute når det er opplett.
No har eg litt å gjere med å gjere klart for morgondagen, Eli kjem og hentar meg kl. 8.50.

søndag, september 23, 2018

Dagbok 2018: 23.september



Bilda er tatt frå trappe klokka 10.00 i dag

Klokka er 18.40, temperaturen er +6 grader, og det har vore voldsomme regnbyger i heile dag. Innimellom har sola vore framme ei lita stund- og ein ser eit håp.
For meg har dagen gått uvanleg fort, og det er fordi eg har funne så mykje å gjere, då vert dagane som regel for korte.
Det første eg gjorde var å "shine" opp kjøkkenet, og då det var gjort begynte eg å leite etter ei lita skrivebok. No har eg utruleg mykje slike greier etter mange års skulearbeid,  denne boka har eg sikkert lagt på ein veldig lur plass. Men når ein leitar finn ein veldig mykje anna enn det ein leiter etter. Ting som kan brukast eller kastast eller berre minnast. Eg gjekk først gjennom skuffene i ein kommode, der fann eg ikkje det eg leitte etter. Så tok eg å leitte gjennom alle permar og kassettar her på datarommet, men nei. Det vart til at eg tømde alle bokhyllene også, og då vaska eg dei og tørka støv av alt som stod der. Skriveboka fann eg ikkje, men eg fekk rydda, kasta og vaska, og då blir eg i mykje betre humør enn når eg skal sitte å "kose" meg i styggevêret. Klokka nærma seg 16.00 då eg heldt opp å leite og varma nokre restar til middag. Etterpå sette eg meg i godstolen og las lydbok-trur eg må lese om att myke av det. Elles har eg litt arbeid med å fyre godt i omnen med all slags rusk og rask, og så har eg sett på ei maskin med klede. Men først av alt skale eg koke KAFFI!

lørdag, september 22, 2018

Dagbok 2018: 22. september

Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 9 grader C og det regnar kontinuerleg. Eg har stort sett brukt dagen på å vente på at det skal slutte å sile ned frå himmelen. Eg har sagt til meg sjølv tusen gonger: "Det er ikkje søndag, du kan jobbe ute, du kan gå på butikken etc."-men i slikt vêr freistar ikkje utelivet. Då er det betre å sitte med beina høgt og fyre i omnen. På føremiddagen las eg ut ei bok, og no har eg starta på ei til av samme forfattaren. Eg var så lur at eg starta å lese rett etter middag, så eg måtte begynne om att ørten gonger.
No har eg ikkje vore lat heile tida, det er nok av småjobbar som står på vent. Ein av jobbane heiter RYDDE og den jobben tek aldri slutt. I dag plukka eg opp bordbitar frå garasjegolvet, det er dei eg fyrer med i dag, og så kosta eg i hop sagmasken og hadde i små posar, og jammen brenn den også. Det er huskaldt her for tida, sidan det ikkje er folk i kjellaren. Eg merkar stor skilnad. Og den omnen vår er ikkje slik at han held på varmen, så eg må fyre opp mange gonger på dag.
Elles strauk eg litt klede, hengde opp gardiner på kjellarrommet etc. Hadde nokre ferdigskrella poteter ståande frå torsdag, det vart ikkje til at eg kokte alle då,  i dag laga eg potetstappe av resten. Så har eg enda ein "rest"; i dag fann eg eit par karbonadar som eg åt til middag med stappe attåt. Blir nesten stressa av alle restane, for eigentleg er eg ikkje så glad i å ete middagsmat-ikkje kvar dag i alle fall. No har eg både fårikål, potetstappe og ball på lager. Små porsjonar som eg må ete sjølv.
Eg har i grunnen lyst ut og gå tur, men har ikkje høvelege klede til vêret-godt å ha noko å skulde på.
I dag har eg ikkje sett eit menneske-anna enn i speilet, men det gjer ingen ting. TV-kvelden er lang og mykje skal vel skje. Eg tek opp danseprogrammet, og ser Stjernekamp på direkten. Strikketøy har eg laga meg til, det blir restelester igjen, likar å få vekk restane etter kvart. Men først av alt må eg ha ei lita opprydding på kjøkkenet, litt rot blir det sjølv om ein er åleine.
Eg har sjølvdyrka eple på tonnevis, men dei er ikkje så fristande å ete. Kjøpte ein pose med raude eple på Spar sist onsdag. Dei var knallgode.


Bok nr 31 - 2018: Brudekjolen.

I det siste har Sophie hatt en følelse av å miste hukommelsen, ja, av å miste kontrollen. Hun forfølges av noe hun ikke er i stand til å sette ord på – og av bilder fra fortida hun ikke kan glemme.

En morgen våkner hun og oppdager at den lille gutten hun skulle passe, er død. Hun har ingen erindring av hva som kan ha skjedd. Men uansett hva som er sant, føler hun at hun med sin bakgrunn, ikke har en sjanse til å bli trodd.
Hennes eneste håp er å stikke –og skaffe seg en ny identitet. Et nytt liv, med en mann hun har truffet på nettet. Men Sophie er ikke den eneste som bærer på hemmeligheter.
…………………………………………………………………………..
I dag sette eg meg ned (med strikketøy) og las siste plata i denne boka. Har gått med den på øyret i dagevis, men så er det noko eg ikkje har fått med meg, då har eg lese om att. Eller det har ringt på døra og eg har gløymt kvar eg heldt på osb. Ergo har eg brukt lenger tid på den enn eg skulle. Eg begynte ganske snart å samanlikne den med "Flink pike" som er ei av dei beste krimbøker eg har lese, og no ser eg at andre også ser likskapen. Eg har brukt å seie at franske bøker ikkje er som andre bøker, og det held eg fast ved. No er eg ikkje fullt så begeistra for denne boka som det Solveig var, kanskje fordi eg las den så mykje "fram og tilbake". Bøker blir best når ein får lese dei samanhengande. Men for all del-dette var god krim.

fredag, september 21, 2018

Dagbok 2018: 21.september




Kokka er no 18.20, temperaturen er, som vanleg, + 10 grader C, og også i dag har vi hatt regnbyger.
Eg har ikkje merka noko til vinden her hos oss, så eg vart litt sjokka i dag før middag då eg kom nedom huset og såg at eit plommetre hadde lagt seg ned. Det var det eldste treet vårt, dessutan var det dårleg plassert så eg var i grunnen glad til. Akkurat som det treet som fall i fjor hadde det brotna heilt nede ved rota, men ei rot held det fast enno.
Eg syntest eigentleg det var heilt OK at treet hadde lagt seg ned sjølv, så slapp eg å sage det ned. Eg kledde meg for regnvêr og fann fram verktøy: sag, greinsaks og rive. Så begynte eg demonteringa, og dette er slikt arbeid som eg likar. Nils og eg har veda så mykje i lag, og eg har som regel tatt greinene. Det eg greidde å sage med handsag, det saga eg. Henta ut den elektriske motorsaga, men den ville ikkje starte, dessutan stod det på den at den ikkje skulle brukast i regn. Klipte sund greinene og sorterte dei i to dungar, ein som skulle i kompostkverna, og resten som skal tørkast og brennast i omnen på sikt.(Kan ikkje kverne dei tjukke greinene).
Då det var klart gjekk eg inn og kokte kaffi og sette meg til å lese i lydboka mi, mens eg venta på opplett. Dessverre vart ikkje vêret så fristande, og eg er ikkje sikker på om eg kan bruke kompostkverna når det regnar, den er jo like elektrisk som motorsaga. Men pytt-eg skal no beskjere epletreet også, så det blir meir å kverne. Eg hadde ein del hageboss som eg fekk sendt med bossbilen i dag, så no er det berre å lage meir. Kompostkassen er for lengst full, så der har eg ikkje meir oppi.







Slik ser det ut i hagen i kveld. Og snikkaren har jobba flittig ii heile dag. Han har gjort ferdig fundamentet til altanrekkverket, og så blir det å spikre fjøler på det.
Eg kom meg ikkje ut att meir i dag, eg vart sittande inne og lese og strikke.
Sidan det er fredag ønsker eg alle ei god helg.
Eg har ingen planar for helga, men eg håper det blir opplett i morgon såpass eg får rydda opp litt i kvist og kvas.

torsdag, september 20, 2018

Dagbok 2018: 20.september

Fint bilde av Erlend. Det blei litt uklårt etter scanninga.

Klokka er 21.50, det er + 10 grader C og det regnar, så no er vi tilbake til det normale. Vinden har eg ikkje merka mykje til, men eg såg at trea i ein nabohage rørte litt på seg. Eg låg og sov godt sist hatt, med vinduet halvope, som vanleg.
I dag har eg stort sett vore husmor, på føremiddagen laga eg ball, kokte kjøt og rabbe, steikte bacon etc. Eg venta Margrete og gutane i 16.30 tida, men dei kom før, og det var berre kjekt. Maten var ferdig og bordet dekka i god tid. Eg hadde strikka litt, høyrt lydbok og betalt rekningar på data, og stort anna var det ikkje å gjere i dag.
No i kveld har eg sett ut bossdunkane, men eg såg ingen andre som hadde gjort det. Eg sjekka VØR -kalenderen og der står det i alle fall at det er bosshenting i morgon.
I dag dukka ikkje snikkaren opp, og det forstår eg godt, det var ikkje akkurat så fristande å stå på altanen å spikre i regn og (litt) vind.
Dagane og vekene rasar av garde. Sommaren kom tidleg og var hektisk til stade nokre veker, så kom hausten og regnet altfor tidleg. Eg håper framleis på fine haustdagar-oktober kan no også vere fin, det har eg bilde-bevis på .

onsdag, september 19, 2018

Dagbok 2018: 19. september.


Klokka er no 17.50. Temperaturen ute er ca.+15 grader, det er overskya, men opplett. Det har  vore ein fin dag i dag, vi har til og med hatt litt sol. Snikkaren var komen i arbeid før eg var oppe, han følgjer med på vêrmeldinga og planlegg arbeidet utifrå det. I dag har han sett opp støttene til rekkverket. Han brukar opp att dei gamle jerna, men borar eit ekstra hol, om eg har forstått han rett. Før han reiste heim i kveld var han ein tur bort til Koppen og henta meir material. Eg trur han ser fram til å bli ferdig med denne jobben her, han har vore utruleg uheldig med vêret -trasig å jobbe når alt er vått.
Marit og eg hadde avtalt å handle på Spar i dag, og det gjorde vi, men det blei ein tur inn på Amfi også. Det er kjekt å fare i lag å handle når vi begge har god tid. Då vi kom heim heiv eg ut teppene på soverommet-endelen var det vêr til det, så vaska eg soverom , bad og kjøkkengolva. Godt å få ha teppa ut utan å ta dei inn silvåte. Så åt eg litt, gjekk ned og sette på vaskemaskina -klede må eg vaske om kveldane etter at snikkaren har reist, ettersom vi deler stikkontakt. Det vart til at eg reinska litt ugras også. Hadde lyst å klippe litt meir plen - men klarte å beherske meg.
Så har eg strikka litt og vore på data, og då har eg snart brukt opp denne dagen også.




Nina Weibul -rosene har strekt seg høgt i år.

tirsdag, september 18, 2018

Dagbok 2018: 18.september



Klokka er 19.00, temperaturen ca. +20 grader, dobbelt så varmt som vanleg, med andre ord. I dag har det faktisk vore opplett, mildt og fint å vere ute, særleg då det leid på dag.
Snikkaren var på plass før eg var oppe, og i dag har han jobba full dag. Det var eit plundrete arbeid han hadde i dag, med skøyting og utfylling med småbitar over vinduet. Når han ikkje har rive ned heile veggen kjem det av at varmepumpa er i vegen. Dessutan var ikkje fjølene rotne i det heile tatt. Eg reknar med at han no er klar til å begynne på rekkverket. Han gjer fint arbeid.
Eg gjekk berre rundt og surra før middag, rydda litt her og der og vasa rundt. Rydda vekk litt klede, som eg fylte opp i ein sekk, og noko meir rusk som skal i bosset. Ringde til Ellen Marie som hadde 80-årsdag den 16.-ho var i fin form og hadde hatt ein kjekk dag. Vi prata lenge om laust og fast. 
Så fann eg på å lage middag til berre meg sjølv i dag; det gjer eg sjeldan, men eg fann to laksebitar i kjøkkenfrysaren, og dei ville eg ha vekk. Det blei steikt laks med spagetti- ikkje ein favoritt-rett men godt etande. Det verste var at eg måtte legge meg på sofaen etterpå, med lydboka mi. Eg vart altfor mett.
Men etter kvart gjekk det opp for meg at det var veldig fint og varmt ute, og eg høyrde surret av grasklipperar. Då gjekk eg ut! Først tok eg kantklipparen og klipte nede i bakken der rota stod før, så tok eg kompostkverna og mol opp nokre greiner eg hadde liggande, laga til ein bossekk med hageavfall etc. Og så klipte eg plenen nedanfor huset og innfor huset. Etterpå vart eg ståande oppe i vegen og prata med Marit, og så kom det ei dame til. Slik er det: Når godvêret kjem, dukkar naboane fram.
I morgon klokka 11 skal Marit og eg nedover og ha med klede til Fretex, og så skal vi handle mat. Har ikkje vore heilt god i kneet dei siste par dagane, no håper eg at det hjelpte med grasklipping.

mandag, september 17, 2018

Dagbok 2018: 17.september




Klokka er snart 20.00, temperaturen ligg framleis på +10 grader og det skal visst regne heile denne veka også. Veldig oppløftande. I dag har eg streika, på grunn av vêret, har ikkje gjor stort anna enn å bake tre brød og rydde ei lita bokhylle. Elles har eg høyrt lydbok og strikka. Og fyrt i omnen.
For eit par dagar sidan ønska eg meg ein "handyman"-i dag har eg hatt tre. Først kom snikkaren. På Hareid var det opplett, men då han hadde køyrt gjennom tunnelen pøsa det ned. Han har likevel fått gjort noko. Den veggen er det ein god del arbeid med, så det tek tid. Men som de ser er den snart ferdig. Vi skal ikkje rive ned resten av veggen. Vi får ikkje måla raudt før neste år, men det er trykkimpregnert material, då den toler å stå vinteren over utan måling. Handyman nr. to var ein av naboane som kom innom, han kjøpte og sette opp lysrør på badet, så no er det håp om at eg kan sjå betre (ut) i morgon.
I kveld kom Helge elektrikar. Etter mykje strev fann han jordfeilen i vaskekjellaren. Det viste seg at det var ein ledning inne i sikringsskapet som hadde brunne av. No er han nede i kjellaren, i leilegheita, og leitar etter ein jordfeil der også. Eg håper ikkje det er ein alvorleg feil. Eg fekk han til å sette ny skøyt på ledningen på Tiffanylampen, det var fort gjort. Det vart så mykje som kom på no når eg vart her åleine, mykje som eg har måtta ha hjelp til. Eg meiner eg har klart det meste sjølv dei 2-3 siste åra, men no vart eg noko "hjelpelaus".
Om mykje er gale, så er det i alle fall fint og grønt gras rundt huset. Eg trur eg får klipt ein gong til i år. 
Kari ringde i dag, så eg fekk høyre litt om korleis ho hadde feira 80-årsdagen sin i heimbyen-Ålesund.
PS: Helge fann, og reparerte, feilen i kjellar- leilegheita. Så skal han undersøke om der skal komme nokon og overprøve.

søndag, september 16, 2018

Dagbok 2018: 16.september

Klokka er 17.45, temperaturen er + 10 grader og det har regna meir og mindre i heile dag; dvs. det har faktisk vore opplett mellom bygene.
I dag har eg vore åleine heime heile dagen, og det har vore heilt OK: Den veka vi la bak oss var full av aktivitetar og hendingar, så det var greitt å ta det med ro i dag. Dei to sundagane før denne vart brukt til å lage eple-jus. I dag har eg lese og strikka litt og tatt det med ro.
Det vart endeleg såpass opplett at eg fekk plukka opp mesteparten av glasbitane på tunet, og så har eg ein del arbeid med ved og fyring. Eg brukar ikkje varmepumpa så mykje, men fyrer med rusk og rask frå bygginga og frå knusing av diverse hagemøblar sist sommar. Alt brenn som knusk, så det er ingen dryg ved. Men så får eg rydda litt på samme stund som eg får varme. Har fyrt mykje når ein tenkjer på at vi berre er midt i september. Viss sola får kome fram, er det den som varmar best. I dag fann eg nokre modne Victoriaplommer igjen, eg trudde det var slutt. Og graset veks godt enno, så det blir vel meir plenslått når /viss det tørkar opp.
Til middag i dag varma eg litt av fårikålen frå i går. Viss bøndene skal slakte ned sauene sine blir det vell mykje billeg kjøtt å få kjøpt-eller kanskje ikkje.
Eg ønsker meg litt finare vêr, for eg likar best å styre på ute. Skal kanskje ha meg ein tur på butikken i morgon og kjøpe eit lysrør,; Helge kjem sikkert innom ein dag såpass han set det på plass.
I dag las eg ferdig ei bok, så no skal eg begynne på ei ny elles blir det TV og strikketøy utover kvelden.
I dag fyller kusina mi, Ellen Marie, 80 år. Far min og mor hennar var søsken. Eg hugsar at eg såg veldig opp til henne då vi var barn. Eg visste aldri kva eg ville bli "når eg blei stor"-ho var heile tida fokusert på at ho skulle bli sjukepleiar, og det vart ho. Ho jobba til ho var over 70 år -og elska jobben sin.Skulle gjerne vore hos henne i dag, men håper at det ikkje blir så altfor lenge til eg får ta turen til Skedsmokorset, der ho bur.

                                            Gratulerer med dagen Ellen Marie.


Bok nr. 30 - 2018: Talte dager


Liv Karin mister besinnelsen ovenfor tenåringsdatteren Kaja, utenå vite at de stygge ordene som faller mellom dem, skal bli de aller siste. Den unge legen Jonas som prøver å komme seg videre etter en fatal feilvurdering på legevakta, Ivan som gikk et skritt for langt, studenten Ingeborg som forsker på innsattes tilværelse bak murene, og ungjenta Lykke som endelig har funnet sin ukjente far, men som må innse at han ikke har noen ønske om å bli funnet. Alle disse får på sin måte betydning for hvordan det går med Kaja. «Talte dager» er en bok om godheten og ubarmhjertigheten i de relasjonene vi bygger livet på, og om hvordan små ting kan få uoverskuelige konsekvenser. Før man vet ordet av det, er det for sent å si unnskyld. Med stor varme og innsikt i menneskers følelser skildrer Heidi Linde Kajas fire siste dager gjennom et flettverk av historier og skjebner. 
……………………………………………………………………………
Som så mange gonger før må eg berre beklage at eg ikkje kan vurdere boka sakleg nok. Eg har brukt alt for lang tid på den, har hatt med meg boka hit og dit og mest i senga der eg har lese i halv-søvne. Med forbehold om at eg ikkje har lese grundig nok, vil eg plassere boka sånn midt på treet.Opplesaren er grei nok, men eg synest det blir feil når damer skal lage mannsstemme.
Ein ting eg reagerte litt på, er at handlinga er lagt til Sogn- og alle snakkar bokmål. Det blir så feil for meg.

lørdag, september 15, 2018

Dagbok 2018: 15.september

Klokka er 19.00, temperaturen er + 9 grader, som vanleg og det regnar som vanleg. I dag har eg ikkje vore lenger enn ut i garasjen; eg fyrer i omnen etter kvart som eg ryddar litt i diverse kapp av gammalt og nytt.
I dag hadde eg ingen planar og det var i grunnen litt godt. Eg visste at Einar skulle komme i 16-tida og då skulle vi ete middag i lag. Elles vaska og rydda eg litt, og no må eg snart finne fram lottokupongen. Det er første gong eg spelar lotto heilt åleine med eige spelkort. Nils brukte å halde på med slikt, men gjekk over frå Lotto til Extra. Sidan eg støtt er meir og mindre dagville, gjorde eg meg klar i går kveld, men kupongar mobil etc. før det brått gjekk opp for meg at det ikkje var laurdag.
Sidan Einar skulle komme laga eg ein ganske stor porsjon med fårikål. Vi åt godt begge to, men endå er det mykje att. Eg skulle no kunne å koke til 2, så mange år som vi var berre to i hushaldet. Einar og eg har alltid mykje å prate om, så tida gjekk fort mens vi drakk kaffi etter middagen. Eg fekk han til å ta ned lysrøret på badet slik at eg kan vise det fram og få meg eit nytt. Å skifte lyspærer er inga sak, men lysrør har eg ikkje vore borti og skifta før, men eg får sikkert nokon til å hjelpe meg.
det er meldt regn heile neste veke også, litt synd for meg som sit her med ein halv vegg. Begge bilda er tatt ca. kl.18.30, sjølv om det eine er lysare enn det andre. Har vel med blitzen å gjere. Vatnet renn etter gata. No må eg inn til TV-en!


fredag, september 14, 2018

Dagbok 2018: 14.september


Klokka er 17.00, temperaturen er + 10 grader, som vanleg, og det regnar, som vanleg. Det vil ingen ende ta. Eg fyrer i omnen, har nok rusk og rask, i dag har eg også brent delar av granrota som Wenche og Rasmus grov opp i sommar.
Eg har fått ein stygg uvane med å vakne så tidleg om morgonen at eg har ein tendens å sovne når eg set meg ned. Slik var det også i dag. Men i dag kom ikkje snikkaren så tidleg, først når det leid litt ut på dagen dukka han opp i håp om at han skulle få gjort noko mens det var opplett. Etter kvart begynte det å regne igjen, og då reiste han for å hente material. Eg snakka ikkje med han før han for, men reknar med at han tek fri i morgon. Han fekk i alle fall begynt på veggen.
Eg hadde avtale med Marit om at vi skulle fare å handle klokka 11.00, så eg begynte ikkje med noko storarbeid på føremiddagen. Sidan ho hadde sove lite og dårleg i natt sov ho utover morgonen, så klokka vart 11.30 før vi kom oss av garde. Vi luska rundt på mange klesbutikkar på Amfi, for Marit skulle ha ei jakke. Ho vann ikkje det ho hadde tenkt, så vi gav oss på det. Marit spelar lotto, og no har også eg fått meg spelekort og kupong, så brått kan eg bli millionær. Kjøpte ferdig utfylte kupongar. Eg kjøpte ikkje noko særleg, men tok det att på Spar. Eg skulle eigentleg ha to ting-det vart litt meir.
Vi var vekke i om lag to timar, og så vart det ei pratestund i bilen då vi kom opp att.
Etter at eg hadde fyrt opp att i omnen og ete, sette eg meg til å sjå i blada som Solveig kom med. Då datt augo att. No har eg kokt meg kaffi såpass eg greier å halde meg vaken gjennom Gullrekka.
Eg fekk høyrt to av nyheitssendingane til Einar i dag, men mange var for tidlege for meg, og då den siste kom var eg på rek. I hovudet mitt er det laurdag i dag, det er slikt som skjer kvar veke, nesten, og det er heilt umuleg i snu på det. Men eg får i alle fall ønske alle ei god helg. I morgon kjem truleg Einar innover ein tur.


torsdag, september 13, 2018

Dagbok 2018: 13.september


 Tusvik, Sykkylven. Utsyn over Storfjorden.

Klokka er 18.00, temperaturen + 9 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag. Ja," etter den søte kløe, kjem den sure svie " seier eit gammalt ordtak. Sommaren kom tidleg, var og fin, folk snakka om at det aldri før hadde vore ein slik sommar. Men så snart vi kom bort i august var det slutt-då kom hauseten, og det var altfor tidleg ! Men NO må vi snart få ein "Indian summer" såpass vi får rydde opp før vinteren. Vekene går fort.
I dag har eg tenkt på det, at hadde eg vore skikkeleg rik skulle, eg ha kjøpt meg ein mann. Ikkje ein ektemann, men ein "handyman". No har eg stort sett eit lite kobbel med handymen gåande her, men så skjer det ting heile tida som eg ikkje klarer å ordne opp i sjølv -  og akkurat då er der ingen handyman å sjå. Eg har budd lenge åleine no, utan at det skjedde så mykje gale, men så er det brått så mykje som skjer. I dag til dømes, stod lyset på badet og blinka. Eg prøvde å ta ut lysrøret, så eg skulle få kjøpt eit nytt, men ikkje eingong det greidde eg. Dette er eit veldig LITE problem, men eg blir irritert på meg sjølv når det er slikt eg ikkje greier åleine. Eg kjem nok til å prøve igjen.
Eg plar stå opp relativt tidleg kvar morgon, så eg skal vere oppe før snikkaren kjem. I dag stod eg opp ekstra tidleg, ville låse opp døra og legge meg att, men så hadde ikkje døra vore låst i natt! Akkurat det plar eg ikkje gløyme, sjølv om eg gløymer mykje.
I dag føremiddag la eg ikkje opp til noko storarbeid, eg skulle ned og vere barnevakt frå 12.45 og før det skulle eg innom Eli og betale for turen. Og eg går ikkje fort. Eg har problem med å gå, særleg nedover, men eg tek tida til hjelp. Men eg kom på rådhuset i god tid før mora kom med veslejenta. To månader gammal er ho, og har ei søster på 2 år og ei på 5år. Mens eg venta kom ei ung dame eg kjenner, ho bur ytst i Starevegen/Storebakken og har vore eleven min. Vi hadde ein koseleg prat. Eg trefte mange kjende både politikarar og slike som jobbar på rådhuset. 
Eg blei stasjonert med ein sovande baby i vogn, i kantina, der det var ei hyggeleg dame som spanderte kaffi. Eg hadde lydbok og babyen sov, så det var ein enkel jobb. Eg visste at dei skulle ha pause klokka 15.30, så eg tenkte eg skulle sleppe å kontakte mora før den tid. Det gjekk - nesten. Jenta sov og sov, og kvar gong ho viste teikn på å vakne, berre byssa eg litt på vogna. Til slutt vakna ho skikkelig og då ville ho ha mat. Eg bar rundt på henne ei stund , men 15.15 var det slutt på tolmodet og mora måtte kome. Slik var avtalen. Eg venta ei stund og fekk snakke med eit par kommunestyre - representantar som eg kjenner. Eg fekk faktisk eit tilbod i dag om å ta over som vararepresentant i eldrerådet, eit verv som Nils hadde. Eg takka nei, men Kirsti Hansejordet sa ja. 
Sidan eg først var i Vik tok eg ein tur på Amfi, men kjøpte berre lyspærer og litt mat. Heime att prøvde eg ut nye "snarvegar". Eg gjekk mykje i Vik sist vinter og fann stadig nye råser. I dag gjekk eg oppover langs Vikelva heilt opp til Vikemarka skule, der var det stengt. Stengt var det også i Storebakken. Dei driv og skyt til langt på kveld. Vikelva var heilt brun av mold og sand, trur det fer mykje heilt ut i sjøen av det som dei grev opp.
Då eg kom heim , måtte eg ha meg eit skikkeleg måltid. Klokka var 17.00 og eg hadde ikkje ete sidan frokost. Dette vart mykje om nesten ingen ting, men for meg er det ei oppleving kvar gong eg er ute og treffer folk, høyrer og ser noko nytt, og kan ta den tida eg treng. Eg har forresten sagt ja til å vere med på Haustkonferansen i Ulsteinvik i år. Det er i samband med Pensjonistlaget.

onsdag, september 12, 2018

Dagbok 2018: 12.september

Klokka er no ca. 18.30, temperaturen er + 10 grader C og det har regna i heile dag. 
Eg sit framleis her på kontoret mitt, der eg har sete i heile dag- nesten. No har eg fått enda ein mann på besøk, det er Helge, elektrikar, som skal fikse litt her og der. På føremiddagen og utover var snikkaren på stova og sette inn det nye vinduet. Det er ein god del arbeid med det, men han har fått det fint til. Eg har ikkje tenkt å henge opp att gardinene før eg har vaska dei- eller kanskje eg kjøper nye. Vi får sjå.(Går ut frå at alle forstår at den kvite flekken i ruta kjem av blitzen).
Føremiddagen vart frustrerande, med datatrøbbel og greier, så eg brukte tre gonger så lang tid på å få ifrå meg referatet frå turen i går, som eg skulle ha gjort. Men gjort er gjort og spist er spist- og om hundre år er allting gløymt. Då eg endeleg hadde fått frå meg referatet og sendt det til avisa, fekk eg gjort litt anna, men måtte vente til snikkaren var ferdig før eg fekk rydda opp på stova.
Eg hadde att kotelettar frå sundag så det vart ein slags middag i dag også. Etterpå strikka eg og rippa to av dei bøkene som Solveig kom med, den tredje hadde eg lese før. Akkurat då eg var ferdig kom Helge. Han har til no reparert ei stikkontakt i stova, og no er han i vaskekjellaren og skal finne feilen der. 

I morgon skal eg på "jobb"-eg skal passe ein baby mens mora er på kommunestyremøte. Marit, som mora heiter, fekk jente nummer tre i sommar. Ho bur på Sæbø. Sjølvsagt kjenner eg henne, men eg synest det var litt artig at ho spurde meg. Eg skal møte opp på rådhuset i god tid før klokka 13. Ja, eg slepp å kjede meg, det skjer noko heile tida. I dag tidleg var eg trøtt, men stod opp i god tid før snikkaren kom, sidan han skulle jobbe inne. Vi kjem i grunnen godt overeins.
Det blir spennande å sjå om dei har fått manuset mitt i avisa og om nokre av bilda har funne vegen dit.Har ikkje fått tilbakemelding-men heller ikkje retur.


Desse bilda frå Naturmuseet og Møbelmuseet har eg funne på nettet.


tirsdag, september 11, 2018

Dagbok 2018: 11.september

Klokka er no 20.40, temperaturen ute er +11 grader C og det styrtregnar. Det er ikkje lenge sidan eg kom heim att, etter å ha vore på tur i heile dag. Hadde vekkerklokka på halv sju i dag, men vakna lenge før det. Eg skal ikkje skrive så mykje om turen i dag, for eg har som ein mistanke om at eg må skrive referat. På bildet øvst ser de gjengen på hagevandring hos Beatrice-alle utanom men, som tok bilde.
Reiseruta var slik: 22-seters buss frå Ørsta med ca 20 pensjonistar kl.8.20, til Festøya, ferje til Hundeidvik, køyrde vidare til Galleri Cylindra, og på hagevandring.  Så til Sykkylven sentrum der vi var på utstillingar og museum før vi åt middag i eit "gjestehus". Heimtur over Strandafjellet til Stranda, Hellesylt, Nordangdalen, Leknes. Ferje til Sæbø og så rett heim. Vi var ikkje så mykje ute, så det var ikkje så farleg om det regna litt-dvs. meir og meir. Naturen er vakker uansett vêr, og vi fekk sett mykje. Lite vatn i elvar og vatn i Nordangsdalen, det forundra oss litt. Sjåføren Andy, var ein skikkelig gentleman som hjelpte alle "fotalause" damer inn og ut av bussen ørten gonger


Snikkaren har vore "heime åleine" i dag- Han har fått sett inn vinduet, men kjem att i morgon og skal gjere ferdig. Eg slapp å gå ut for å finne kveikje til omnen.

mandag, september 10, 2018

Dagbok 2018: 10 september


Klokka er 16.15, temperaturen er + 15 grader C. Det har vore opplett til denne tid, men eg kjende nokre dropar ute no. Eg hadde eigentleg noko eg skulle gjere ute, men så kom desse dropane. I dag har det vore ein rotete dag. Har ikkje fått "gjort" så mykje akkurat.
Marit skulle på seniordans, så eg sat på med henne ned til Vik klokka 10. Eg hadde nokre småærend, ikkje noko tungt å bere, så eg rekna med å gå opp att Og det gjorde eg. Fann meg ei rute som eg ikkje har gått før, for Elvavegen var stengd. No er eg nokså kjend i området, gjekk der kvar dag, nesten sist vinter. Bildet over tok eg med mobilen i krysset ved Vikemarka skule. Huset vi ser er det som Anne og Gunnar Ellingsen kjøpte, og bygde på i begge endar. Det ser nesten ut som det har kome snø i fjella, men det har det ikkje. Det gjekk for så vidt bra å gå opp att, men eg kjende det i kneet, så eg tok på meg knestøtta.
Måtte ha meg litt mat etc. og så gjekk eg ut i hagen og begynte å plukke eple, klipte nokre greiner også, men her må det motorsag til!
Snikkaren var brått vekke, men det viste seg at han var borte hos Koppen og henta det nye vinduet. Han trudde at han og eg skulle klare å bere det inn i lag, men eg tok ikkje sjansen. Som  eit under kom Helge Lid akkurat køyrande heim, så eg var opp og bad han om hjelp. Han forstod problemet, for han har nettopp styrt med det same. Korleis snikkaren skal få til å sette det inn i morgon, torer eg nesten ikkje å tenke på, då er ikkje eg heime eingong.
Då eg kom ned att svinga ein Taxi inn på tunet, og ein ung mann kom ut. Det galdt massasje, uvisst om eg skulle gi eller få. Men han forstod ganske fort at eg ikkje var Margarita - sjølv om adressa var den samme.

Vi reiser herifrå, Marit og eg, klokka 8.00 i morgon- ei ugudeleg tid for ein pensjonist. Det er ikkje så veldig koseleg i stova akkurat no.Eg har no plukka vekk det eg kunne, resten får ekspertisen ta seg av.





Eg fekk mail frå avisa i dag at dei hadde motteke manuset mitt, så referatet kjem i avisa i morgon.
Eg har to kollegavenninner som har fødselsdag i dag, den eine er 80 år, den andre noko yngre. Blir nesten skremt når eg tenkjer på kor mange år vi har kjent kvarandre. Tida går berre fortare og fortare til eldre ein blir.
Har også som ei formeining om at Leon Roald , den eldste av gutane til Anne Marie, fyller år i dag. Hugsar han var ikkje store karen då eg kom i Sula, han er fødd i 1956. Han er oppkalla etter broren til Nils ( Leon Severin) og naboguten,  som begge kom bort på sjøen året før. Då får eg gratulere Leon Roald med 62 -årsdagen!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...