fredag, september 28, 2018

Dagbok 2018: 28.september



Synest rosene har greidd seg uventa bra i regnvêret.

Klokka er 18.00, temperaturen er + 8  grader C, og vi har hatt ein fin dag, nesten utan regn. Livet blir heilt omsnudd når ein får sjå sola. Sist natt sov eg godt for første gong på lenge. Eg vakna klokka 6 til eit voldsomt torebrak, så eg stod opp og slo av hovudbrytaren til nettverka. så la eg meg att og sov vidare. 
Etter kvart vart vêret så fint at eg kjende behov for å pusse stuevindua utvendig også, pussa innsida i går.
Vêret vart etter kvart så bra at eg fann ut at eg kunne gå i gang å male opp plommegreinene frå det falne plommetreet på kompostkverna. Eg sette i gang med friskt mot, men så kom det regn , og eg måtte ta pause. Til all lykke varde ikkje regnbyga særleg lenge, så eg var snart ute og i gang igjen. Kvistane var rimeleg våte og fulle av lauv så kverna stoppa eit par gonger. 
Då må eg løyse opp fire muttrar,opne kverna og reinske. Første gongen hadde eg litt trøbbel fordi eg mangla ein mutter eller to då eg skulle sette den i hop att, det er lett å sose vekk slike småting, men eg kom i mål. I fjor sommar miste eg eine mutteren for godt, men fann den att i vår då snøen forsvann. Eg er glad for at Nils og eg jobba så mykje i lag med hagearbeid, vedhogst etc. for så er eg rimeleg sjølvhjelp i mange ting. No har eg to sekker med "mask" som eg kan ha i bosset eller i komposten til Solveig. Kompostkassa vår er full for lenge sidan.
Etterpå klipte eg plenen rundt huset, så fekk eg samla opp litt rusk, dessutan var graset langt. Tok ein sveip ned til det falne treet og samla opp lauv. Det ser bra ut no, men golvteppet som heng til tørk mellom Opaltrea blir visst ikkje tørrare.
Då eg var ferdig var klokka over 16.00 og eg var svolten. Eg hadde ein "rest" i dag også. Så la eg meg på sofaen med ei papirbok. Det er godt å vere fysisk trøytt, og godt å kjenne at ein har gjort eit skikkelig arbeid. Hofta gjer at eg ikkje kan sitte så mykje, så strikking blir det ikkje i dag, men så er det mykje å sjå på TV. Kalenderen seier at det er fredag i dag, men for meg som hadde "søndag" i går er det ikkje SÅ enkelt. Margrete er komen fram til Bergen, ser eg på FB.





2 kommentarer:

solveig sa...

Eg tek gjerne imot strø:-)

Besta sa...

Har to sekker-finmalt. I og med at der er mykje lauv, kjem det til å minke i volum.

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...