søndag, september 30, 2012

Vêrmelding 30.september - 2012

Klokka er snart halv 10, temperaturen er+ 10 grader ute og det regnar. Tidlegare i dag var det ganske fint vêr, lettskya og litt sol.
Rasmus og fam. kom ca 15.30. Då blei det tradisjonell middag med lasagne og is. Til kaffi/kvelds steikte eg vaflar på det nye vaffeljernet. Det var litt innkøyringsvaskar før eg fann ut kva temperatur eg skulle stille inn på.Men så vart det fine vaflar.
Gutane finn seg godt til rette, og er snille og fredelige.Vi har ikkje funne på så mykje i dag, men i morgon får vi besøk av Margrete og ungane, så då blir det litt meir "spennande".

lørdag, september 29, 2012

Ei historie frå vår kvardag.

Mens eg sat og skreiv vêrmelding på bloggen, gikk det med gru opp for meg at eg ikkje hadde lasagne-plater. Nils stiller alltid opp og køyrer til butikken i alle mulige og umulige ærend. Eg viste han den nesten tomme pakken, og sa klart ifrå om at det galdt lasagne-PLATER.
Han kom att med 4pk. Toro halvfabrikata LASAGNE.
Ny tur på butikken, han spør sjølvsagt betjeninga om hjelp, men kjem att med 4 nye pakkar halvfabrikata, denne gongen av merket KNORR.
Når eg påpeikar at dette også er feil, får eg beskjed om å vere med på butikken. Den unge jenta som ekspederer er enno usikker, men eg seier at det står sikkert i lag med makaronien. Og der stod PLATENE. 
Eg får skulde på at dette er ein rett som eg har det fulle ansvaret for, og eg har aldri brukt halvfabrikata av noko slag når eg lagar lasagne.

Vêrmelding 29.september - 2012

Klokka er snart 19.00, og det er fint, lettskya vêr, med litt sol. Dagen starta ganske grått, men vart finare etter kvart. Temperaturen ute er + 9 grader C.
I dag  har vi vore på shopping, eller rettare sagt har vi vore på mathandel. Eg har ein uvane med det at når vi ventar besøk, handlar eg inn som om det var heile slekta som skulle dukke opp. Reknar med at vi har mat fram mot jul no!
Det første vi kjøpte var eit nytt vaffeljern, same sort som Solveig har. Det er store plater med 6 hjerter i kvar. Eg lagar aldri vaflar til små forsamlingar, eller nesten aldri.
Så handla vi mat på Rema 1000, der er mindre og fredeligare enn på Coop på Amfi. Men så var det noko vi måtte ha der også, og det vart litt meir enn eg trudde....Og etter at vi kom heim, har Nils vore to gongar på Kiwi. Til all lykke er Bunnpris ope i morgon, om vi skulle ha gløymt noko......Då får prinsipp vere prinsipp. Har fått melding frå Rasmus. Dei har sjekka inn på Vesterland, så eg reknar med at dei kosar seg der.Dei delar turen i to, så blir det litt kjekkare for gutane å reise den lange vegen.
I dag tok vi ein pizza Grandiosa til middag, av dei fire vi kjøpte på tilbod for 100kr. Viss de spør korleis den smakte, er svaret enkelt: ingen ting ! Hadde nokre friske tomatar og ruccolasalat oppå, det hjelpte berre litt.
La meg ned på sofaen med ei lydbok etter middag, og der sovna eg og vakna til full sol. Torde ikkje gå tur i dag, er ikkje SÅ sprek, så eg laga halvferdig middagen til i morgon. Det er ikkje mange tradisjonar vi har her i heimen, men når Rasmus kjem heim er det LASAGNE, laga frå grunnen.(Oj, der kom eg på at eg ikkje har lasagneplater på lager-så Nils må på butikken igjen!)
Håper på fint vêr både denne veka og neste, for alle som skal ha haustferie.
Bildet over tok eg frå Elkjøp. Der kan ein sjå at det enno er gammal snø i Saudehornet, men at det har minka på den nye.På bildet under ser de Vallahornet i kveldssol.

fredag, september 28, 2012

Vêrmelding 28.september - 2012

Klokka er ca halv åtte. Det har vore stort sett opplett i dag, berre nokre små regnbyger. I dag tidlig, då vi stod opp, var det nydelig vêr, men det skya raskt over. Temperaturen er no + 10 grader-og det er ikkje så gale.
Før middag var eg flittig, støvsuga og vaska og fekk huset i orden. Til middag steikte eg sei, og etter middag har eg gjort lite og ingen ting, anna enn å lese etc. Hadde litt plage med ryggen, så eg har unnskyldning for latskapen.
No ser eg på klokka at eg har tid til ein liten tur ut, før det blir TV resten av kvelden.
Sundag kjem Rasmus med familie, så då blir det litt meir liv i leiren.
Vil ønske alle ei god helg !

No har eg vore ute og gått tur i mørkret. La merke til at vatnet i elva var veldig moldeteog blei nysgjerrig. Lengst oppe i Storebakken fann eg forklaringa. Store mengder med tømmer er lagra der, nedanfor Raudehytta. Stor aktivitet i skogen for tida.

torsdag, september 27, 2012

Bok nr.49 - 2012: Sunset Park

Denne forfattaren var heilt ukjend for meg, då eg fekk eit tips frå ei tidlegare "studievenninne" som no er biblioteksjef i Ålesund. Ho meiner at Paul Auster er den beste nolevande amerikanske forfattaren.Han er gift med den norskætta forfattaren Siri Hustvedt.
Biblioteket her hadde ingen bøker av han, men skaffa denne frå Ålesund . Bibliotekpersonalet her er utrulig serviceminded. No har eg nettopp lese ut boka, men eg har litt problem med å skrive om den.
Men noko kan eg i alle fall seie. For det første kjem eg nokså sikkert til å lese boka om att. For det andre burde eg ha lese den på papir, for det tredje burde eg ha lese den meir i samanheng osv.
Eg vil også sjå filmen "Våre beste år" før eg les boka for andre gong.
Den raude tråden i boka er historia om den unge mannen Miles som stikk av heimefrå  fordi han ikkje held ut skuldkjensla etter at stebroren omkom i ei bilulykke. Han og stebroren krangla og Miles dytta til han så han datt ut i vegen og vart overkøyrt.
Han rømmer frå New York til Florida der han forelskar seg i den pur unge Pilar. 
Etter mange år reiser han tilbake til New York........
Men boka handlar om så mykje. Her er eit heilt lappeteppe av historier om ulike menneske. Her også mange trådar til litteratur, baseball, teater, film og bildekunst. Eg følte meir enn ein gong trong til å lage eit skjema og dra opp linjer for å få det heile på plass.
Boka er ikkje tung eller vanskelig å lese, men litt utfordrande. God bok!
Margrete les boka no, ho kjem nok til å komme med ein betre omtale.

Vêrmelding 27.september - 2012

                           Hødd er i finalen !
Klokka er snart 21.30. Ute er det stort sett opplett og +7 grader C. Elles har det vore regnbyger i dag.
Etter at eg hadde gjort diverse husarbeid før middag, som vanlig, reiste vi til Hareid. Karane reiste til Høddvoll i god tid før kampen, for det vart trangt om parkeringsplass. Solveig og eg vart verande heime, men vi hadde på TV og følgde sånn halvveges med. Dvs. vi såg når dei begynte å hoppe, og sjekka kva farge dei hadde på draktene.Men då det lenge var 1-1 begynte vi å frykte for ekstraomgangar, derfor var vi glade og letta då Hødd etter kvart fekk eit solid overtak. Eg er absolutt ikkje interessert i fotball, men synest det er veldig artig at eit lag her frå Nord-Vestlandet skal til cupfinalen. Som Gunda skreiv på FB er 25.november ei høvelig tid til juleshopping i Oslo. Så kanskje skal eg begynne å interessere meg veldig for fotball ei tid framover?
Bildet over er heilt tilfeldig valt frå ei avis, eg kjenner ingen av gutane.
Det vart god middag hos Solveig etter kampen, og kaffi etterpå. Og så måtte karane sjå opptak frå kampen på TV..... Ja, Øystein kjenner vel dei fleste spelarane, så det er ikkje så rart. Einar fekk vi ikkje sjå i dag, han skulle skrive for to aviser, så han har vel nok å gjere heile kvelden.

onsdag, september 26, 2012

Vêrmelding 26.september - 2012

Klokka er 20.00, temperaturen er + 10 grader og det har vore fint, lettskya ver i heile dag-
Dagen har dessverre gått litt opp i tull. Nils leverte bilen på sørvis klokka 9, men då han kom tilbake for å hente den klokka 10.30, viste det seg at han som skulle ta jobben var sjuk. Nils kom heim med bilen, såpass vi fekk gjort unna ærenda som vi hadde i Vik, før han leverete bilen igjen klokka 12.30. 
Deretter vart det å lage middag og drikke kaffi før han henta bilen igjen. Og då var det strake råsa ut og fiske. Eg har brukt åleinetida til litt strikking og lesing. Og så ringde Rasmus. Synest liksom dagen vart noko ustrukturert og rotete.No håper eg fiskaren snart kjem heim, for det mørknar ute.
I morgo skal vi til Hareid, for Nils og dei andre karane skal på kamp på Høddvoll. Så får Solveig og eg vere heime og passe på at det blir anten trøsteeting eller feiring etter kampen.No høyrer eg at Nils kjem att.
Det vart ikkje særlig til fangst i dag, men dei som hadde vore ute om morgonen hadde fått mykje sei.

tirsdag, september 25, 2012

Vêrmelding 25.september - 2012

Klokka er 18.00. Temperaturen er + 12 grader C. Før i dag var det sol, men no har det skya over.Opphaldsvêr er det enno.
Eg starta arbeidsdagen med å lage ein stor porsjon kjøttkaker til frysaren. Kjekt å ha. Elles har eg fått pussa vindua utvendig, og gjort diverse anna husarbeid. No på ettermiddagen har eg skrive møtereferat og ordna med diverse pspirarbeid. No skal eg stryke nokre klede før eg tek kvelden- trur eg.
Blomstrane over heiter "Nøgen jomfru", meiner eg. Blada kjem tildlig om våren og står heile sommaren, først om hausten kjem blomstrane. Eg brukar å klippe vekk blada, og som de ser kjem blomstrane likevel.
Nils har drive og flytta på ved, så no fekk han sett båtvogna oppom garasjen der vedsekkane låg. Ja, arbeidslause blir vi ikkje med det første - og godt er det.
Eg veit at mange utflytta ørstingar les bloggen min. Det hadde vore kjekt å høyre frå dykk også. Om de ikkje er på blogg, kan de kanskje sende nokre ord på mail?
Adressa er: olaug-tr@frisurf.no

mandag, september 24, 2012

Vêrmelding 24.september - 2012

Klokka er snart 20.30. Det er mørkt ute, månen står lågt over Melshornet og er litt meir enn halvfull. Det har vore ein nydelig dag, med sol frå klår himmel. Akkurat no er det + 5 grader.
Føremiddagen nytta eg til vasking av golv og lufting av teppe mens det enno er opplett. Klokka 12.00 var eg på plass på biblioteket, der vi hadde styremøte i pensjonistlaget i to timar. Då eg kom heim, fekk vi besøk av Bodil og Svein. Vi drakk kaffi og kosa oss med bakar-kaker. Etter å ha tatt inn og lagt i hop to-tre klesvaskar, la eg meg på solsenga på altanen, og jammen varma sola godt. Eg høyrde lydbok og sov, mens Nils klipte plen og koka fisk og poteter til herlig sein middag. "And this is the end of a perfect day". Gjev vi får mange slike utover hausten.

søndag, september 23, 2012

Vêrmelding 23.september - 2012

Klokka er 19.00, og sola skin framleis. Det såg ei stund ut som om det ville skye over, men heldigvis klårna det opp att. No er temperaturen ute + 9 grader C.
Før middag gjorde eg ein del husarbeid før vi tok oss ein luftetur. Vi køyrde ut til Sætre og gikk på den gamle bilvegen. Eg var ikkje i form til nokon utfordrande tur i dag, sidan eg har vore på tur før i veka. Kan ikkje overdrive. Når vi går utover Sætre (vegen til Ålesund) er vi på solsida, og med eit grøss ser eg over til Melle som ligg i skyggen av Melshornet.Eg gløymer aldri haustane i Melsbygda, dei var deprimerande. Som alltid har eg kamera i lommen, men det er vanskelig å få fine bilde i låg sol.
Då vi kom heim att, var det å henge opp ein klesvask og stryke litt klede før vi laga middag. Lettvint mat i dag; steikte nokre kotelettar.
Etterpå la vi oss ut på altanen og kvilte middag. Eg låg med dyne over meg, og las lydbok. Sola brunar vel ikkje mykje, men ein er no ute i frisk luft. Nils har vore ein tur på terminalen og fiska, utan å få fisk.
No har eg reinska 4 kilo plommer som står på kok og skal bli syltetøy. Nils er ivrig når det gjeld syltetøykoking, så han er det som spring opp og ned kjellartrappa etter sukker og glas etc.
Her er ein del aktivitetar som er knytt til opninga av Kvivsvegen, men vi har ikkje  brydd oss med å stille opp på noko.Blir litt kvalm av at heile vegprosjektet skal vere så kommersielt - det handlar mest om korleis vi no kan shoppe over heile regionen.Det kunne vi før også om vi ville, og om nokon vinn, så må andre tape. Sånn er det bare. Når vegen blir heilt ferdig, kan vi reise herifrå til Grodås på ca 35 min. Men vi er ikkje så mykje på dei kantar.
     "Den glemte hagen"- ein boktittel som fall meg inn.
                       Her går juleribbene og gjer seg feite.
                     Og heime blomstra clematisen.

Bok nr.48 -- 2012: Alle vil hjem. Ingen vil tilbake.



Frå nettet:
Julie har mistet broren Tarjei i Afghanistan-krigen. Der døde også vennene Kristian og Trygve. Alle var de fra den samme bygda.
"Alle vil hjem. Ingen vil tilbake"  handler om de etterlatte. Julie, nabogutten Sigurd som var forelsket i Trygve, og Mats, Julies tilsidesatte kjæreste, er i ferd med å etablere sine voksne liv i skyggen av sorgen. De vet at de må komme seg videre etter katastrofen som har rammet dem, og de møter utfordringer i seg selv og i forholdet til de andre, og alle merker på sitt vis hvor møysommelig og krevende det er å komme hjem - til seg selv og alt som må rives opp og bygges på nytt.
"Alle vil hjem. Ingen vil tilbake" forteller engasjerende og nært om tilhørighet, identitet og avgjørende valg i livet.


Denne boka er framhald av "Bli hvis du kan. Reis hvis du må." Og, som i den første boka, er her fleire fortelle-stemmer. Somme kapittel er skrivne på nynorsk, andre på bokmål, alt etter kven som fortel. Dei ulike målformene understrekar også skiljet mellom by og land.Det er ei fin bok, som skildar korleis sorga kjem til uttrykk hos dei som er att. Eg er alltid i tvil når eg les bøker som er såpass "psykologiske"-lurer på om dei som skriv har verkelig innsikt i problema, eller om det er kvasi-psykologi. Eg veit eigentlig ikkje om det er så viktig, for det er mange måtar å sørge på så ingen ting blir vel eigentlig heilt feil. 
Denne boka er minst like bra som den første; men vil du lese den, så sørg for å ha begge tilgjengelige og les dei fortløpande.Det er mitt beste råd.

lørdag, september 22, 2012

Vêrmelding 22.september - 2012

Klokka er no 21.00. Ute er temperaturen + 8 grader C og det har vore ein nydelig dag, med sol frå nesten klår himmel. Eg synest vi har fått mykje ut av dagen.
Då vi stod opp i dag var det rim på alle tak og det var kaldt med skoddedottar rundt fjella. Seinare vart det berre fint.
Vi køyrde heimanfrå etter at klokka hadde passert 12.00, og tok vegen rundt Austefjorden. Stoppa på Bjørnaset og snakka med Lars og foreldra. Lars og faren driv og bygger opp att løa etter Dagmars øydelegging.
Hos Margrete var det stort selskap. Ingeborg hadde laga ein sjølvkomponert "indisk" rett og invitert alle fire besteforeldra. Maten var veldig god! Etterpå var det kaffi og rikelig med kaker.
Margrete, Nils og eg gikk tur til Mjeltvika, mens  ungane var i ballbingen ved skulen.
På heimvegen fann vi ut at vi skulle legge vegen om Grodås, så dermed fekk også vi køyrt Kvivsvegen på opningsdagen. Dette vart eit kort resymé, men bilda skal fylle ut resten.
Fotoapparatet mitt er ikkje heilt pålitelig for tida, så det blir litt tilfeldig kva bilde som blir brukbare.
Her er vi på veg inn Austefjorden, vi ser rett over til Høydalen. Fjorden er dekt av tjukk skodde.

Desse  to bilda er frå Bjørnaset. Utsikt mot Volda.
Nils hadde kjøpt gåve til Margrete. No er ho bra rusta til vinteren.
Alltid kjekt å komme til duk og dekka bord.
Vi er i Mjeltvika og ser over til Margretes hus og E 39.
Vi reiste frå Margrete sitt hus klokka 17.50.

40 minutt seinare var vi på Grodås. Vi køyrde ikkje fort,og etter ytterligare 40 minutt var vi i Ørsta. Konklusjonen er at for oss vil Kvivsvegen vere eit godt alternativ om vi skal til Stryn. Margrete bør heller reise over Stigedalen, om ho ikkje tek turen frå Volda. Men når den siste tunnelen forbi Hjatåbygda blir ferdig, og det ikkje lenger er lange 50-soner på vegen, vil reisetida bli ganske mykje kortare.Dei to siste bilda er tekne ved Hornindalsvatnet.

fredag, september 21, 2012

Vêrmelding 21.september - 2012

Klokka er snart halv sju og sola skin ute. Det har vore fint vêr i heile dag, men det merkelige er at det har regna på samme tid som sola skin.Temperaturen ute er+ 10 grader C.
Eg var noko maroder etter den lange turen i går, så i dag har vi ikkje gått tur i finevêret. Før middag pussa eg vindu, støvsuga etc. Så var vi ein tur nedover på biblioteket, og på Amfi og handla. Då vi kom heim laga vi steikt sei til middag, og sidan det er ein av livrettane mine, har det ikkje blitt gjort mykje etterpå. Har site og lese i boka mi, for i dag fekk eg to spilders nye bøker med meg heim frå biblio, som eg gler meg til å begynne på.
Nils for bort på hi sida av fjorden og ville fiske litt. Det er så fantastisk å sjå att sola, trudde nesten den hadde slokna.
I morgon skal vi til Margrete og det gler vi oss til. Så vi kjem ikkje til å vere til stades når Kvivsvegen opnar. Har no sett heile vegen på begge sider av tunnelen før, så då er det berre sjølve tunnelen att. Men tunnelen gjennom Hjartåberga er ikkje ferdig, så vegen er ikkje heilt ferdig før den er på plass.
Ønsker alle ei riktig fin helg med mykje uteliv!
Bildet over tok eg frå parkeringsplassen på Amfi, slik at eg skulle få med snøen i fjella.
Bildet under er tatt frå Grepalia, der Nils passar eit hus mens eigaren er borte.
Begge bilda er tatt i 13-14-tida.

torsdag, september 20, 2012

Gratulerer !

Vi gratulerer Anne Merete og Johnny med bryllaupsdagen i dag.Anne Merete er døtra til broren til Nils. Eg bar henne til dåpen for mange år sidan. No er brudeparet med familie og venner på tur til Riga. 

Vêrmelding 20.september - 2012.


Klokka er 19.00, det er overskya og litt regn ute, men det er opplett mellom bygene. Temperaturen er+ 8 grader. Det er meldt fint vêr til helga, så kanskje får vi sjå att sola.
Eg var ganske flink før middag i dag; baka brød, vaska og styra. Til middag varma vi opp siste resten av fårikålen, så no er vi ferdige med den. Heldigvis.
Vi skulle slappe av litt etter måltidet, og eg la meg på sofaen med lydbok. Så ringde telefonen, og middagsluren vart spolert. Etter at vi hadde drukke kaffi, skein det opp litt, og eg meinte eg burde pusse stuevindua utvendig. Nils meinte vi skulle gå tur, og han fekk viljen sin. Vi køyrde bort til Hovdevatnet og gikk rundt vatnet, for  første gong på mange år. Det var fint vêr heilt til å begynne med, men etter kvart regna det.
På bildet over, ser vi rett over vatnet til garden Ytrestøyl. Vegen til Ulsteivik og Hareid m.m. går rett nedanfor denne garden. No kan de få vere med rundt vatnet.
Vi såg mange spor etter orkanen her også.
Nils kika etter fisk. Det finst båder kreder og større ørret i vatnet.
Nils på veg opp til Høgetua, der vi skreiv namna våre i boka . Det var forferdelig gjørmete og vått.
Vi gjekk gjennom mykje granskog før vi kom til Ytrestøylen, mesteparten låg nede.
Nytt sidan sist vi gikk der, var den grusa vegen bort til gardane.

Vi gikk på gamlevegen, kryssa den nye og heldt fram på den gamle mot Hovdebygda.
Her ser de Morkaåstunnelen.
Og her ser vi mot Helgehorntunnelen.
Så ser vi vatnet igjen. På denne staden kosar folk seg om sommaren med grilling og bading. Eit fint frluftsområde. Nils jogga i førevegen og henta bilen, så eg juksa litt, men det trur eg var bra.

onsdag, september 19, 2012

Bok nr. 47 : Det som ventet meg.

Det som ventet meg er en roman om en usedvanlig kvinnes kamp for kjærlighet, rettferdighet og overlevelse under vekslende regimer i en sterkt tradisjonsbundet kultur. Hendelsesforløpet strekker seg fra 1960-årenes Iran, gjennom den islamske revolusjonen i slutten av 1970-årene og deretter den åtte år lange krigen mellom Iran og Irak i 1980-årene, frem til dagens strengt religiøse regime, og gjenspeiler opplevelsene og erfaringene til en hel generasjon iranske kvinner. Romanen, som var Parinoush Saniees debutbok og første gang kom ut i 2003, er tross sitt kontroversielle tema tidenes mest solgte i Iran, og har etter hvert også blitt en internasjonal bestselger. I 2010 ble den belønnet med den italienske Boccacio-prisen.

Til å begynne med syntest eg denne boka hadde ei grei historie, men blei fortalt i eit kjedelig språk.Typisk "bestseller-bok".
Etter kvart blei det meir interessant. Det var som om språket modna i takt med hovudpersonen, som  er jeg-personen i fortellinga.
Det som er det mest interessante med boka er å få innblikk i dagligliv og tankegang i Iran i  desse åra. Det som er heilt annleis enn her i landet, er at familien har så mykje å seie. Nesten ingen handlar imot familien sin vilje. Og familien er ikkje berre barn og foreldre, men også besteforeldre, onklar,tanter og søskenbarn. Og det blir forventa at familien stiller opp for alle medlemmene. Her er kommunistar, muslimar og islamittar, som tenker ulikt, så det er duka for konflikter.

Hovudpersonen kan av og til bli litt for prektig og retthaversk etter mi meining.Ho veit alltid kva ho skal seie til barna sine for å få dei til å gjere det ho vil.
Eg kjenner menneske som har flykta frå Iran, men eg er alltid interessert i å lese om menneske som lever i andre land i eit for meg framandt miljø. Eg anbefaler andre å lese denne boka.

Vêrmelding 19.september - 2012

Klokka er 17.00. Akkurat no er det opplett ute, men det har regna i dag også. Temperaturen er+8 grader C. Eg vaknar stiv og støl av gikt om morgonane, men det kjem seg etter kvart når eg kler meg godt. Ja, slik er det her på våre kantar. I dag tidlig var det nysnø i fjella igjen.
I dag var det ein av dessse dagane utan program,  då blei det berre tull, så vi tok like godt ei lita shoppingrunde, mellom anna bort på Felleskjøpet. Det var der eg tok dette bildet. 
Meininga var å få med dei snødekte fjella på vår side av fjorden, men dei var innehylla i skodde. Dei som er lokalkjende kan sjå ein stor, berr flekk i fjellsida der eg gikk tur tidleg i sommar. Der er eit stort areal snaua for skog. Det er om lag midt i bildet. 
Elles kan de sjå at fjorden ligg blank og stille. Men fiskaren har ikkje vore ute i dag, han likar ikkje å ha for mykje fisk å styre med på ein gong. Reknar med at han snart skal ha ut linene sine.
Vi var også innom Coop og handla litt i dag. Amfi er framleis ein byggeplass og ikkje direkte trivelig.Eg trefte ingen eg kjenner, men eg har så mange venner på FB og på mobil at eg føler meg aldri einsam. Tvert imot.
Då vi kom heim steikte eg 10 små makrellar, Fire til meg og seks til Nils. Har aldri ete så mykje makrell som i år, og det utan å bli lei. No har vi hatt dessert og kaffi. Vi lever godt! 


tirsdag, september 18, 2012

Vêrmelding 18.september - 2012

Klokka er 18.30. Akkurat no er det opplett ute, men det har regna før i dag. Det er overskya med tåkedottar i fjella. Temperaturen er + 9 grader C.
I dag har Nils vore ute og fiska for første gong på lenge. Han kom att med småsei som vi hadde til middag, og tre store seiar som skal fileterast. Og i tillegg ein god del spir (pir), nok til eit måltid for oss og eit par naboar. Har ete mykje steikt spir i år. Når den er så liten og mager går ein ikkje lei så snart, slik som ein gjer med stor,feit makrell.
Mens Nils var vekke, vaska og rydda eg i kjellaren, men fekk ikkje gjort heilt reint bord; til det må eg ha hjelp. Og så var det litt klesvask og stryking. Merkelig at det blir såpass med husarbeid når ein er berre to!
Nils har vore ut og sett til huset han passar, og hadde med seg heim litt Victoriaplommer, slike som hadde falle ned. Dei var gode, men ikkje heilt modne.
Boka eg har halde på med ei stund, har blitt meir interessant etter kvart, så eg har fått med meg ei plate av den i dag -til no.

mandag, september 17, 2012

Vêrmelding 17.september - 2012

Klokka har passert halv åtte, ute er det ganske skymt. Det er overskya og regn, slik det har vore heile dagen.  Men somme tider har det vore bygeløye og vi har så vidt sett sola.Temperaturen er no + 8 grader C
I dag har vi vore til Stårheim i gravferd. Det er sjølvsagt trist når ein mann som ikkje har fylt 69 år går bort, men det var ei fin stund i kyrkja, trass alt. Organisten(Cupper) hadde hjelp av ei dame med trompet(Cecilie Aalberg) og dei spela vakker musikk, både før sjølve seremonien og under. Ei anna dame (Marita Bødal) song to songar solo. "You Raise Me Up" har eg sjeldan høyrt så vakkert sunge. Då dei bar kista ut spela dei  "Bridge Over Troubled Water" på orgel og trompet. Det var gripande vakkert.
Det vart sagt mange vakre ord om den døde, og eg meiner at kvart ord var sant. Vi fekk også høyre om alt han hadde utretta i sitt "unge" liv, og det var ikkje lite. Han kjem til å bli sakna av mange. RIP.
Trass regnet hadde vi ein fin tur over Stigedalen. På Tua var sola så vidt framme og eg har aldri sett vatnet så stort før.Nydelig! Det viser at vi har hatt nok regn. Likeins var det i andre vatn og elvar. Og eg såg så mange fine motiv. Dessverre hadde eg lagt att fotoapparatet heime.Typisk.
Vi nådde 14.45 -ferja på Folkestad, og reiste heim og laga ferdig middagen til Margrete og ungane-ja, til oss sjølve også! Menyen i dag var oppvarma fårikål og kjøttkaker i brun saus. Det meste var ferdig frå før altså.
No er gjestane reiste og maskina tek jobben med å vaske opp.

søndag, september 16, 2012

Vêrmelding 16.september - 2012

Klokka er 15.30. I dag har det ikkje regna så mykje, men det har vore litt vind. Lenge sidan det har vore fiskevêr no. Temperaturen ute er + 12 grader C.
I dag har det vore matlaging på programmet. Nils har koka ein stor porsjon grønerterstuing og frose ned i porsjonar. Eg har fin-reiska eit stor spann med tyttebær, med lydbok på øyret. Så har vi ei stor gryte med fårikål på kok, pluss at eg lagar brun saus til i morgon. Nils har skrella poteter, det er ein jobb eg aldri er betrudd.
No sit Nils og knyter "faks" på den nye rya på kjøkkenet, mens vi høyrer og ser på TV. Var litt seine å sette på reprisesendinga, det begynte tidligare i dag enn forrige søndag. Vi har vore mykje på rek før i veka, så det var behov for ein "heimedag". I morgon skal vi til Nordfjord i gravferd.
I dag fyller kusina mi år, og vi gratulerer. Vi fekk prata og mimra mykje dei dagane ho var her, men vi blei ikkje heilt ferdige.
Gratulerer med dagen, Ellen Marie!
I dag la Hurtigruta turen innom Hjørundfjorden, og naboen vår er gaid på land. Derfor legg eg inn bilde av fjorden-det vi tok tysdag.

lørdag, september 15, 2012

Vêrmelding 15.september - 2012

Klokka er ca 15.30. Og ute regnar det, sjølvsagt. Temperaturen er +11 grader. 
At det er vått og grått er ein ting, men det er i slikt vêr eg verker både her og der.Og det er det verste for meg.
I dag starta eg dagen med å ta dei to halvvisne blomsterbukettane og lage ein ny bukett av det som enno var friskt. Blei ikkje så verst?
Så fann vi ut at vi måtte ein tur nedover og ikkje sitte inne heile helga.På Amfi var der mykje folk, som vanlig, og eg tok meg ei runde utan å handle noko særlig. Trefte sjølvsagt folk vi kjende, men vi ville heller gå på kaffibaren enn å sitte under rulletrappa. På kaffibaren var det fullt og vel så det, så vi hamna på "Fru Svendsen", der vi kjøpte oss varm eplepai med is+ kaffi. 
Risengrynsgrauten står og putrar, men vi har  ikkje lyst på den riktig enno. Har ofte laga  graut i det siste, ikkje fordi vi er så kjempeglade i det, men fordi vi kjøper inn for mykje melk. Med diverse spekemat attåt blir det no ein slags middag.
Var ein tur rundt i hagen, der kunne det ha vore kjempefint no, for rosene står i full blomst. Men er det noko som ikkje likarregn, så er det akkurat dei.
Desse rosene er såkalla "bunndekkande" og veldig villige. Bonica heiter dei.
Denne er eg ikkje sikker på kva ho heiter, men den er enda meir bunndekkande og enda villegare, faktisk har ho vakse seg altfor stor der ho står.
Clematisen blomstrar alltid seint på året og skulle no vore på det finaste. Men den ser noko drukna ut.

fredag, september 14, 2012

Vêrmelding 14.september - 2012

Kokka er no18.00. Ute regnar og blæs det, slik det har gjort i heile dag. Temperaturen ute er + 11 grader.
På føremiddagen støvsuga og rydda eg, mens Nils var nedover og henta nokre teppe som vi hadde bestilt. Etterpå var vi nedover og handla litt, var innom eit par kolonialbutikkar og på Amfi eit lite ærend. Snakka også lenge i telefonen med ei venninne.
Elles har vi slappa godt av i dag. Eg sovna på sofaen, trur ein blir ekstra trøtt i slikt vêr.
Fekk melding frå Rasmus i dag om at dei kjem oppover den 30.september og blir til laurdagen. Dei har haustferie ei veke før dei her.
Nils for no ein tur ut til ei venninne som han skal passe huset for mens ho er vekke. Han har vore vaktmester der før, så det går nok bra.
Elles blir det vel å parkere framfor TV-en i kveld. For oss blir det NRK 1 på fredagskveldane.
Ønsker alle ei god helg, og berre vent: Sommaren kjem i oktober i år. Helst første veka.

torsdag, september 13, 2012

Vêrmelding 13.september - 2012

      Vi gratulerer Margrete med den nye bilen!

Klokka er 17.45. Ute er det skya, opphaldsvêr og litt vind. Temperaturen er+11 graderC og det er framleis snø på dei høgste fjelltoppane.Det blæs meir og meir og der kjem dropar på ruta.
I dag var det tilbake til vårt to-eine liv. Eg vaska og rydda i huset, sette på vaskemaskin osb. Nils reiste til Volda for å bytte bil. Han reiste med den gamle, grå Note-en og kom tilbake med ein ny,blå KIA Rio som Margrete skulle ha.
Etter at vi hadde ete middag og kokt kaffi kom Margrete med vår raude Mitsubishi Colt og reiste igjen i "Den lille blå". Høyrest det litt forvirrande ut? Ho skulle til Ørsta i alle fall, og ho fekk både kaffi og kake før ho henta Amanda og fór heim.
Blomsterbuketten som ho hadde fått i samband med bilkjøpet, fekk vi behalde her. Vi takkar og prisar fordi den lange ventetida er over, sånn cirka eit halvt svangerskap.
Elles har eg skrive referat frå møtet i går. Det er ikkje noko litterært meisterverk, men det var heller ikkje meininga. At Nils synest det er bra, seier vel ikkje så mykje.Det er slett ikkje så lett å skrive bra referat, skal eg seie dokke.
Det kom ein nabo med eit stor spann tyttebær til oss. Han og kona hadde plukka dei i Skjåk. Nils deler rundhanda  ut fisk, og vi får andre naturalia i retur. Men vi er samde om at "byttehandel" er det ikkje- sjølv om det var fristande å kalle det det denne gongen. 
No ventar eg på minst ein "Indian summer". Det får vi nok!
Naboen med tyttebæra kom for å sjå bilen til Margrete, og i siste augneblinken kom eg på at eg ville ta bilde idet Margrete køyrde ut av tunet. Eg kom litt for seint, så eg tok eit bilde av Nils og naboen i staden. Desse pensjonistkarane i nabolaget har alltid mykje å prate om, mens vi kjerringane har ein tendens til å sitte heime i kvar vårt hus.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...