lørdag, september 29, 2012

Ei historie frå vår kvardag.

Mens eg sat og skreiv vêrmelding på bloggen, gikk det med gru opp for meg at eg ikkje hadde lasagne-plater. Nils stiller alltid opp og køyrer til butikken i alle mulige og umulige ærend. Eg viste han den nesten tomme pakken, og sa klart ifrå om at det galdt lasagne-PLATER.
Han kom att med 4pk. Toro halvfabrikata LASAGNE.
Ny tur på butikken, han spør sjølvsagt betjeninga om hjelp, men kjem att med 4 nye pakkar halvfabrikata, denne gongen av merket KNORR.
Når eg påpeikar at dette også er feil, får eg beskjed om å vere med på butikken. Den unge jenta som ekspederer er enno usikker, men eg seier at det står sikkert i lag med makaronien. Og der stod PLATENE. 
Eg får skulde på at dette er ein rett som eg har det fulle ansvaret for, og eg har aldri brukt halvfabrikata av noko slag når eg lagar lasagne.

4 kommentarer:

solveig sa...

For det første så har ikkje desse ungdomane som jobbar i butikkane kunnskapar om varene(Eg skuldar ikkje på dei, men på dei som burde syte for opplæring) For det andre så er det mange som kallar det å lage lasagne når dei bruker pakkar med halvfabrikat ...

Besta sa...

Ja, men eg forklarte FAR DIN grundig kva han skulle ha, så han burde vite betre. Men han er så snar å spørje...... Vi har aldri hatt "kjøpelasagne" i hus.

Hildegard sa...

No fekk eg nesten dårleg samvit. Eg lagar Lasagne når eg skal ha noko hurtig og lettvint - og då blir det TORO halvfabrikata...
Eidabesta

Besta sa...

Eg lagar Lasagne ein eller to gongar i året, og då er det frå grunnen av. Ikkje så veldig mykje arbeid det heller.Har aldri smakt den halvfabrikerte, men den er sikkert Ok.