lørdag, juni 15, 2024

Dagbok 2024: 15. juni


Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremiddagen då eg tok turen på Vernet. Då var det ikkje SÅ fint.

Eg hadde ikkje lagt planar for dagen og då har det lett for å bli slik at eg berre går og "surrar" utan å få gjort noko. Eg hadde så smått tenkt meg nedover ein tur, så eg kledde meg ikkje om i arbeidsklede. Eg skulle på ALTI og tenkte eg ville vente til "utlendingane " hadde fare heim. Men då eg endeleg greidde å bestemme meg  og kom ned på Alti, var der like mykje folk som det plar vere om laurdagane -om ikkje  meir. Eg hadde eit lite ærend på apoteket og så kjøpte eg litt mat på Bunnpris. Det gjorde eg sist eg var der også. Då kjøpte eg m.a. eit brød som eg likte godt, så eg kjøpte samme sorten i dag.

På heimvegen stakk eg bortom gravplassen, og der trengst det stell. Den fine blomsten som eg hadde planta , hadde slutta å blomstre. Men eg vatna berre i dag og så kan eg sjå over helga. Viss eg tek ein tur på Plantasjen i morgon, så kan eg finne noko der. Eg likar ikkje så godt å fare åleine, men det må eg vel. Marit ligg på sjukehuset enno, ho får kome heim i morgon. Men eg han ikkje tru at ho vil på Plantasjen då.

Eg har ein åker som eg skulle ha spada opp, men eg trur ikkje det blir i dag, den handa som eg braut likar ikkje at eg styrer så voldsomt, så litt omsyn må eg ta. Trur ikkje eg skreiv "god helg " i går så det gjer eg no. 

I dag fyller Hilde, dottera til bror min 58 år. Det er ikkje til å tru at tida går så fort, men om du les her HILDE : Gratulrer med dagen!


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...