torsdag, mars 31, 2011

Bok nr. 20 -2011 : Mannen som ikke var morder

Denne boka minner om TV- seriar som Kalde spor, Sporløst forsvunnet m.fl. Eit team av politietterforskarar, kriminalpsykolog og patolog skal oppklare ei mordsak. Dei går grundig til verks, snur alle steinar, følgjer alle spor, og til slutt løyser dei gåta. Vi får også vite litt om privatlivet til alle i teamet og til dei mistenkte i saka.
Eg plar like desse seriane på TV fordi dei syner korleis politiet arbeider. (Det kjem i verkligheita ingen Poirot og løyser gåta i siste sekund).
Dette er oppskrifta i denne romanen også, den er visst den første i ein ny serie.Ein 16-åring blir funnen død, og det lokale politiet kjem ingen veg, så dei kallar inn forsterkingar frå Rikskrim. Ved eit tilfelle er også kriminalpsykolog Sebastian Bergmann i Væsterås, og han blir etter kvart med i teamet. Ja, han blir faktisk hovudpersonen, den som ikkje vil gi seg før han har heile sanninga.Vi får vite mykje om privatlivet hans, men også ein god del om dei andre etterforskerane, det virkar som om vi skal få vite kvifor dei er som dei er og gjer som dei gjer.Kvasi-psykologi kallar eg det.
Boka høver godt å høyre på lydbok, den er veldig grundig og ryddig, så ein slepp å gå surr i personane.Men det er eit stort MEN frå mi side. Det blir langdrygt og til dels nokså kjedelig. Mens ei tilsvarande episode på TV tek 50 min ev.50 min.X2 tek det dette teamet 11 CD-ar å oppklare saka.No ser eg ikkje bort frå at boka kan vere mindre langdryg på papir.Den mest interessante i denne boka er kriminalpsykologen Sebastian Bergmann, som visstnok skal bli ein gjennomgangsfigur i serien.

Vermelding 31.mars - 2011

Klokka er 13.15,det er overskya, men opplett, og temperaturen er + 8 grader C. Fineversdagen i går blei brukt til møte på Bakk-Ola, så eg hadde håpa på ein soldag til, men trøsta er at det er mildare.
I dag har eg brukt føremiddagen til vasking og støvsuging, så er det gjort til helga. Det vart mykje sitting i går, og det er i grunnen det verste for meg, betre å vere oppe å gå og stå litt.Nils har moka altanen fri for snø og elles har han ordna med diverse fiskereiskapar.No skal vi steike oss litt fisk til middag. I går vart det så seint før styremøtet i pensjonistlaget var slutt  at vi kjøpte frosenpizza med oss heim.
Blomstrane som eg fekk av Solveig til bursdagen har vore flytta ut og inn fleire gonger; veit ikkje kor mykje frost dei toler, så dei har stått i vindfanget om natta. No held dei på å skal sprette ut. Snøklokkene er framleis gøymde under eit tjukt snølag.
I dag har niesa vår på Eid fødselsdag. Eg skal ikkje røpe alderen hennar her, men eg hugsar godt dagen ho vart fødd. Den gongen budde vi på Raudeberg. 
Gratulerer med dagen, Audny!

onsdag, mars 30, 2011

Vermelding 30.mars - 2011

Klokka er 12.00, temperaturen er +1 grad C og veret er strålande. Håpet er at sola kan varme såpass i løpet av dagen at snøen begynner å smelte.Det er ikkje kjekt med snø halve året. I dag har eg berre gjort sånn litt lettare husarbeid, for eg skal på møte på Bakk-Ola klokka 13. Det er styremøte i pensjonistlaget og vi har mykje å planlegge sidan laget fyller 40 år i år og det skal markerast.På første styremøtet møtte eg presis, berre for å oppdage at alle dei andre hadde kome ein halvtime før, så i dag må eg også vere tidlig ute.
I går ettermiddag/kveld var Nils og Hassan ute for å fiske, men dei fekk berre ein sei og den var liten. Men vi har sei i frysaren, så vi lid ikkje nød.
Eg har framleis diverse problem med dataen, men no har eg greidd å finne fram alle funksjonane eg brukar på EIN nettlesar- i staden for at eg ei stund måtte bruke tre. Har briefa Rasmus, så han har med seg det som trengst for å oppdatere maskinene når han kjem- på Palmesøndag. Vi gler oss til det.(Ja, ikkje berre på grunn av datamaskinene altså)!

tirsdag, mars 29, 2011

Vermelding 29.mars 2011

Klokka er 13.15. Temperaturen ute er + 3 grader C. Akkurat no kom sola fram, og det vart litt fint, elles har det stort sett snøa i eitt dei siste 2-3 dagane. Mykje smeltar sjølvsagt etter kvart, men plogen har vore her i dag også, og Nils har fått mosjon med snømoking. Eg boblar ikkje akkurat over av energi, men i dag har eg baka 9 brød, så det er no ikkje så verst.Strikka litt innimellom osv. No steiker Nils flesk og etterpå skal eg steike pannekaker. Har ingen store planar for resten av dagen, men i morgon blir det styremøte i pensjonistlaget, så då kjem eg meg ein tur ut.

mandag, mars 28, 2011

Vermelding 28.mars 2011


Klokka har passert 15.00. Ute snør det, som vanlig, og temperaturen er +3 grader C. Som de ser av bildet, fristar det ikkje å legge seg ut på solsenga.
Vil takke for alle som har sendt meldingar på mail, FB, blogg og sms-kjekt å bli gratulert!
Vi hadde ingen spesielle planar for dagen i dag, og eg har ikkje laga til selskap. Det har vore så mange matgilde i det siste at vi måtte ha ein pause. Men om nokon skulle ha lyst å stikke innom, er dei hjertelig velkomne, ein kopp kaffi blir det alltids råd med! Nils og eg tok oss ein tur på Amfi, sette oss i kafeen med ein kaffikopp og fekk snart selskap av fleire hyggelige damer. Eg begynner snart å forstå kvifor folk sit under rulletrappa. Slik veret er for tida er det mange som søker inn i varmen.
Då eg kom heim og sette på laptoppen, såg eg at Wenche Foss var død. Norges siste Primadonna? Ho har vore spesiell, både som skodespelar og medmenneske.Eit engasjert menneske.

søndag, mars 27, 2011

Vermelding 27.mars 2011

Klokka er 11.00-sommartid. Vakna tidlig i dag, full av gikt og elende.Ute snøa det verre enn nokon gong, har sjeldan sett så store snøflukser, det er vel typisk vår? Temperaturen er +2 grader og Nils er i gang med å moke tunet, han har fått bra med mosjon denne vinteren! Akkurat no er det litt lysare ute, og det er meldt mildver på sikt. Eg hadde diverse planar for dagen, men trur ikkje det blir så mykje med meg viss eg ikkje kjem meg av verkinga.Har heldigvis ei spennande bok å ty til.

lørdag, mars 26, 2011

Vermelding 26.mars 2011

Klokka er no 18.00. Temperaturen ute er +1 grad C og det er overskya.I dag vakna vi til full vinter-igjen! Med sparkføre på vegen, og strålande sol.Men det er liksom ikkje så populært med vinter lenger! 
Har lenge hatt lyst ein tur til Ulsteinvik, så då vi kom ned i Vik for å handle, køyrde vi like godt vidare,etter å ha vore på biblio. Stoppa på Blåhuset, der eg kjøpte meg bukse på butikken An Chri, same sort som eg kjøpte før jul, så slapp eg å prøve! Ringde til Solveig og sa kvar vi var, og ho inviterte oss over Eidet. Vi kjøpte med oss litt kaffimat og for. Hadde med eine MP3-spelaren min, så vi skulle bytte med den ho hadde frå før. Det enda med at eg kom heim att med begge-. Som vanlig har ho og eg mykje teknologi føre oss når vi kjem i lag. Sidan ho er mykje meir van med diverse fotoapparat, fann ho ut korleis eg skulle slette bilda på det nyaste kameraet mitt.Så snart ein kjøper seg ein ny duppeditt er det mykje nytt å sette seg inn i. Skulle ønske det var meir like system. Olaug var ikkje heime, ho var på korpsøving, elles hadde eg vel blitt oppdatert på mobil også, der er ho ein racer. Ja, og så hadde eg med heilt nye bøker frå biblioteket, så vi rippa den eine av dei. Og midt opp i alt fekk vi tid å ete eit næringsrikt måltid og drikke ørten koppa kaffi og prate.Der ute var det overskya og snøfjom i lufta, men berre vegar. I Ulsteinvik var det veldig lite snø.Vi har i alle fall hatt ein kjekk dag. Presangar fekk eg også. Meir om det seinare.
Bildet har eg tatt frå bilvinduet og viser utsikta vi har over Ulsteinvik når vi kjem køyrande frå Hareid.Det var tjukk skodde ute i havet.

Bok nr.19 - 2011: Magnetisørens femte vinter

Dette er ei kort bok, berre 6 CD-plater, men eg har brukt nokså lang tid på den.Det kjem av at den ikkje er så lettlesen som mange andre lydbøker. Eg skulle eigentlig ha lese den på papir, for her er så mykje bra, så mange setningar eg skulle hatt lyst å sitere. Ser ikkje bort frå at eg kan komme til å lese boka om att. Det vart til at eg la den inn på datamaskina og sat framfor maskina og strikka.Det gav god konsentrasjon! Har lese eit par bøker av denne forfattaren før, og han skriv veldig bra. I staden for å fortelje kva boka handlar om har eg lagt inn ei lenkje.Mens eg las boka, tenkte eg at denne hadde høvd godt å filme, og no oppdaga eg at det er laga ein film om magnetisøren.
Etter mi meining er ikkje sjølve handlinga det mest interessante iboka, men alle spørsmåla ho stiller.T.d. om ein skal ta ifrå menneska illusjonane deira.Då måtte eg tenke på Ibsen og livsløgna.Tankane mine streifa også Mærtha Louise m.fl.

Les om boka her. Boka er også filma.

fredag, mars 25, 2011

Vermelding 25.mars 2011

Klokka er13.45. Temperaturen er +3 grader C og akkurat no er det litt sol. Før i dag og sist natt har det kome ein god del nysnø, noko som vi ikkje set spesielt pris på. Vi er leie av vinter, for å seie det forsiktig.
I dag har vi ikkje gjort stort anna enn at vi har vore nedover og handla. Først var vi på El-kjøp og eg fekk meg ny mobil i bursdagsgåve av Nils. Utvalet var ikkje imponerande, men eg fann no ein som eg trur eg greier å handskast med.Merket er Samsung. Er ikkje så veldig glad i alle desse nye duppedittane som eg må lære meg å bruke. Kunne bruke same kortet og same koden som på gamletelefonen, derfor har eg alle nummera på plass også.Eg klarer nok å finne ut av det, men eg blir så fort lei av å sitte å fikle med sånt-i motsetning til den yngre garde.
Vi kjøpte oss ein ferdiggrilla kylling til middag i dag.
Ønsker alle lesarane ei god helg.

torsdag, mars 24, 2011

Vermelding 23. og 24.mars 2011

Klokka er snart halv tre. Ute er det stort sett opplett, men kald vind. Temperaturen er + 3 grader C.
Av og til flyg nokre snøflukser gjennom lufta. I går var det både regn og hagl og vind, men ikkje så kaldt. Då eg tok bildet var det ein stor flokk skjorer i hekken til naboen, dei sanka sikkert byggemateriale. Aldri har eg sett stor flokk av slike fuglar før, men kvar er dei på bildet?
Vi var utan Internett i heile går, men no har vi endelig fått det att. Følte meg heilt fråkopla verda så lenge det var borte.
I dag har eg berre vaska litt, og så har vi hatt besøk av to karar som tek opp bestilling til Tussa fiber, ein trønder og ein svenske. Får dei nok påmelde, skal dei straks begynne å grave.Naboen var her også, han hadde skrive seg på før, men hadde nokre spørsmål.
I går var vi først på butikk, så på restaurant og feira Ingeborg, og så var Margrete og eg på teater.(Sjå Margrete sin blogg!) Det var hennar fødselsdagspresang til meg. Det er år og dag, for å seie det mildt, sidan eg var på skikkelig teater, så det var ei oppleving. Eg har lese boka, og sett intervjuet med forfattaren på TV, så eg visste jo kva det gikk ut på. Men interessant å sjå korleis dei hadde omarbeidd teksten til teater, det kan ikkje vere heilt lett. Det å bruke "bakgrunnsfilm" i teaterframsyning var heilt nytt for meg, men har jo sett det brukt i ballettshow.
Som de sikkert har lagt merke til har eg vore meir "utesvevande" i det siste enn det eg har vore på mange år. Det er eit godt teikn.
No skal vi ete middag, i dag blir det sei i kvit saus med løk.

onsdag, mars 23, 2011

Dikt til 18-åringen.

         Det er den draumen.

Det er den draumen me ber på
at noko vidunderleg skal skje
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge.

Ei myndig dame.

I dag er det 18 år sidan det tredje barnebarnet vårt kom til verda, men eg hugsar det som om det var i går. Det var stor stas, av mange grunnar. Ho var den førstefødde i familien, det første barnebarnet til besteforeldra i Volda, og den første jenta "vår".Ingeborg fekk veldig mykje oppmerksomheit frå første dag, og likte det. Ho blei send frå fang til fang, og likte det.Og ho var ikkje særlig gammal før ho gjerne ville at vi skulle synge og lese til henne.Det var ikkje det at ho forstod kva vi las, men ho likte å sitte på fanget og "kose" seg. Når Nils og eg skulle gå tur med henne, enda det med at eg køyrde vogna og Nils bar Ingeborg.Ho var ei skikkelig kosejente og det er ho enno! Ho var mykje her hos oss den første tida sidan dei budde i nærområdet, så det er vel ingen av barnebarna vi har stelt meir med.
Seinare flytta familien til Ulsteinvik der dette bildet er tatt. Jakka med alle fargane strikka eg til henne.(Eg likar godt å dokumentere at eg har strikka både det eine og det andre, før i tida)
Sidan eg hadde bursdag ikkje så mange dagar etter at Ingeborg vart fødd, fekk eg presang mens dei enno var på "Føden". Det var eit fotoalbum, som etter kvart vart fylt med bilde, mest av Ingeborg.Trur ho må vere ein av verdens mest fotograferte babyar;mora er jo ein ivrig hobbyfotograf. I dag har eg scanna nokre bilde frå albumet, for å mimre litt. Sommaren 1994, då Ingeborg var vel eitt år, var det slektstemne i Solund og Ingeborg var med. Dette bildet er tatt i Trovågen.
Til 2-årsdagen hennar fekk vi kjøpt denne dokkesenga av ein hobbysnikkar. Eg kjøpte stoff og sydde fint sengetøy. (Der fekk eg sagt det også) Dokke hadde ho frå før. Men sjå kven som ligg i senga! Men då både ho og Håkon, som då var 1 år, skulle prøve å få plass, gikk det ikkje.
Kjære Ingeborg! Du veit at eg kunne mimra ein heil blogg om deg, og du synest kanskje det er litt rart at eg berre skriv om då du var lita. Men dei seinare åra er bra dokumentert på bloggen frå før.Vi håper du alltid vil vere den samme gode kosejenta, sjølv om du no skal vere vaksen. Vi er glade i deg, det veit du, og vi ønsker deg alt godt i livet.
                                     GRATULERER MED DAGEN!

tirsdag, mars 22, 2011

Eldrefest

Så har vi vore på eldrefest for første gong. Eg kan ikkje skryte av at eg var den yngste som var til stades denne gongen, men dei andre på min alder var i arrangørgruppa!
Det var ei hyggelig stund. Programmet var ikkje så omfattande, heldigvis. 
Gunnar Ellingsen heldt eit interessant kåseri om første nummer av Møre-Nytt, som kom ut i 1935.Han fortalde om dei sakene som var med i denne første avisa. Elles var det allsang og loddsal og mykje god mat. Nydelige smørbrød og eit rikt utval av kaker. Og vi blei servert ved borda, så vi slapp å stå i matkø.
Det er ein årlig tradisjon at Rotary og Inner Wheel inviterer pensjonistane i Ørsta kommune til "fest". (Ordet "fest" har vel ulikt innhald for ulike aldersgrupper.)
Og vi nådde heim før dei frustrerte fruene-med god margin.

Vermelding 22.mars 2011


Klokka har passert 13.00. Temperaturen ute er+5 grader. Vi har hatt mykje ver siste døgnet. Akkurat no er det vind og hagl; mellom bygene er det litt regn og relativt stilt. Nils var på butikken og posta eit brev, då var det opplett og fint.Det er nok mykje verre ver andre stader i landet.
Eg har brukt føremiddagen til å vaske og rydde kjøleskapet og å bake brød. Om ei lita stund skal vi lage oss middag, det blir restar frå i går. I ettermiddag/kveld skal vi altså på Eldrefest på Kulturhuset. Håper eg kjem heim att til "Frustrerte fruer".

Kvardag av Olav H.Hauge.

Dei store stormane 
har du attum deg.
Då spurde du ikkje
kvi du var til,kvar du kom ifrå
eller kvar du gjekk
du berre var i stormen,
var i elden.
Men det gjeng an å leve
i kvardagen og,
den grå, stille dagen,
setja potetor,raka lauv
og bera ris,
det er so mangt å tenkja på her i verdi,
eit manneliv strekk ikkje til.
Etter strævet kan du steikja flesk
og lesa kinesiske vers.
Gamle Laertes skar klunger
og grov um fikentrei,
og let heltane slåst ved Troja.


Eg er glad i dette diktet av Olav H.Hauge (og mange andre av dikta hans). Det heiter Kvardag, men eg kallar det "pensjonistdiktet", sånn for meg sjølv. Eg brukte det t.d. i ein tale til rektoren vår då han slutta. I dag tek eg det med her på bloggen fordi eg endelig har kome så langt at eg aksepterer at eg er blitt "eldre" og skal på "Eldrefest" på Kulturhuset for første gong.Utan at eg føler meg så mykje eldre enn det eg har vore.

mandag, mars 21, 2011

Vermelding 21.mars 2011


Klokka er snart 13.00. Ute er det overskya, lett regn, litt skodde og temperaturen er+8 grader C.Meir trøsteslaust kan veret neppe vere, men vi er takksame for alt som gjer at snøen smeltar.Nils har tatt seg ein tur opp i garasjen til naboen; dei som har ørneblikk kan kanskje sjå eit kvitt hovud.De kan for øvig også legge merke til blodbøka som enno ikkje har slept fjordårslauvet.
Eg har styrt litt på kjøkkenet, vaska litt, rydda og laga mat. I dag kjem Margrete og ungane til middag, det er fast annankvar mandag, for då er begge jentene på ballettøving her i Ørsta. I dag blir det tradisjonell mat, som vanlig. Vi skal ha svinesteik og kjøttkaker (ferdigkjøpte) med brun saus.Når eg lagar sausen heilt frå børjan,dvs. brunar smør og mjøl i mange timar,blir den veldig god om eg skal seie det sjølv.Særlig ungane er glade i saus. Så lenge ein er yrkesaktiv blir det ikkje til at ein lagar så mykje mat på denne langsomme måten, derfor synest eg det er kjekt å gjere det no når eg har god tid.
I går vart eg sittande med datatrøbbel, og litt styr har det vore i dag også. Fekk melding frå ei veninne om at eg sende ut spam, så eg måtte byte passord på FB. Eg gjorde det, og alt var i orden.Men på ein eller annan måte rota det seg til, så eg vart sittande å byte passord ut i eningen. Til slutt fann eg ut av det. Men i dag då eg skulle legge bilde inn på bloggen, fikk eg problem igjen.No er det i orden.

søndag, mars 20, 2011

Bok nr.18 - 2011: Opp Oridongo.

Denne boka er relativt kort, berre 6 CD-plater.Likevel har eg brukt ein del tid på å lese den.
Til ei øy på Nordvestlandet kjem det ein dag ein mann gåande langs stranda, han har ein pappkoffert i eine handa og ein hatt på hovudet. Det nye namnet hans er Ulf Vågsvik, kva han heitte før får vi aldri vite. Han har vore på ei lang reise gjennom jungelen på elva Oridongo, og no er han på veg til Berit, ei enke som bur på den vesle staden på øya. Vi plar ofte seie at det er litt Elling i oss alle, og denne mannen har fått sin del.Det er han sjølv som fortel historia si i "jeg"-form. Av og til vender han seg til Berits døde mann som han har stor sympati for. Til å begynne med er fortellinga nokså stilleståande, men etter kvart skjer det dramatiske ting i det vesle samfunnet.Det er likevel ikkje sjølve hendingane som er det viktigaste i denne boka, det er vel det ein kan kalle ein psykologisk roman.
Ingvar Ambjørnsen skriv godt, og opplesaren Håvard Bakke er heilt eminent, så eg vart totalt fengsla av denne intense teksten.Tidvis kunne den minne om Vesaas.
NB: De treng ikkje å leite etter Oridongo på kartet.
Eg slo så vidt opp boka på Internett, men las ikkje mykje av det som stod der. Somme gonger vil eg berre stole på mi eiga meining.Og denne boka greip meg.
(De må ikkje sjå på det eg skriv som "bokmeldingar"-det er berre mi høgst personlege meiningar om bøkene eg les.)

Vermelding 20.mars 2011


Klokka er15.00. Temperaturen er + 7 grader C, det blæs litt,og det har så vidt begynt å regne. Vi får håpe at veret set fart i snøsmeltinga. Då snøen kom 20.oktober, stod plommetrea med grønt lauv og ingen ting i hagen var rydda til vinteren. Så det blir vel litt av eit styr å få alt i orden når det endelig blir bert ein gong.
I dag har eg baka litt f.m. og rydda i skuffer og skap langs med. Nils gikk tur, men då han kom att, laga han middag. I dag vart det fiskekaker frå frysaren; sidan vi ventar middagsgjestar i morgon blir det betre mat då.
Nils har på TV-en med sport, mens eg les lydbok. Kvar si interesse.Ganske sløvt her i dag altså.
I dag gratulerer vi Ivar i Innvik med 73-årsdagen.

lørdag, mars 19, 2011

Vermelding 19.mars 2011


Klokka er 12.30. Temperaturen er + 8 grader C, og så langt er det strålande sol frå nesten skyfri himmel, men eg har ein mistanke om at det vil endre seg. Eg har i alle fall tenkt å legge meg ut på solsenga og slikke litt sol; med madrass, dyne og teppe plar det gå bra. Ville nok mykje heller gått tur, men gikk litt for langt sist eg var ute, så eg treng rekreasjon.Nysnøen kom i går kveld, og sist natt fraus det på.
Vanligvis handlar vi ikkje mat om laurdagane, for då er det så fullt av tilreisande på Amfi, men i dag måtte vi berre. Blomster skulle eg ikkje kjøpe, men stoppa opp litt for å nyte alle dei fine fargane. Der var også eit bord med "konfirmasjonspynt"; tenkte kanskje nokon av blogglesarane trengde inspirasjon? Det er ingen konfirmantar i nær familie i år, eller tek eg feil? I dag er det fødselsdagen til farmora mi som budde på Hildegard. Ho vart fødd i 1878 i Sarpsborg, men familien flytta seinare til Kristiania, som det heitte den gongen. Ho brukte alltid å få sviblar på dagen sin, for før var blomster meir sesongbetont enn no.

fredag, mars 18, 2011

Vermelding 18.mars 2011


Klokka er 12.45. Tidlegare i dag var det sludd, no held sola på å kome fram, men det går seint med snøtininga. Eg var litt lemster etter den lange (alt er relativt) spaserturen i går, så eg har halde meg inne i dag. Så langt. Eg har m.a. baka brød og rippa boka om Hundreåringen...mens eg strikka på lestane til Nils. Har problem med å strikke LITT, så då passar det å begrense strikketida på denne måten. Får ikkje lagt boka inn på MP 3-spelaren min, der er visst fullt, men det er fort gjort for Solveig å få boka over på sin spelar når den er ferdig rippa.
Til middag i dag skal eg prøve å lage "fiskepinnar". Nokre av barnebarna er glade i Findus sine, men bestemora sine held vel ikkje mål ?

torsdag, mars 17, 2011

Bok nr.17 - 2011: Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant.


Den svenske pensjonisten hoppar ut vinduet på rommet sitt på aldersheimen og det på sjølvaste hundreårsdagen . Dermed startar den reinaste "road-movie-en", med tjuveri, mord, nye venner og uvenner. Men Allan Karlsson har vore ute i hardt ver før.Det får vi høyre om i den parallelle historia om Allans liv.Det viser seg nemlig at han har vore verda rundt meir enn ein gong, og han har vore til stades der ting skjedde. Vi får såleis ein repetisjon av heile verdshistoria frå og med den spanske borgarkrigen og fram til vår tid. Allan har meir enn ein gong vore i store vanskar, men kome seg unna ved å bruke fantasien sin og ved å snu kappa etter vinden.Han er dessutan spesialist på sprengstoff, noko som gjer han populær både i aust og vest.
Det er ei utrulig fantasifull bok, den blir samanlikna både med eventyra til Baron von Munchhausen og Don Quixote. For eigen del vil eg også legge til bøkene til Aarto Paasilinna. Og boka ER morsom, eg mora meg stort, særlig over ironien. Men eit lite MEN er der-for meg blei det liksom too much.Boka er på 12CD-ar og Trond Brænne les veldig godt.
Eg ser meg ikkje syn med å skrive så mykje om handlinga i boka, men les omslaget og slå opp linken på internett.
Les om boka her: http://www.leserglede.com/wordpress/hundrearingen-som-klatret-ut-gjennom-vinduet-og-forsvant-jonas-jonasson/

Vermelding 17.mars 2011

 Klokka er 14.30. Temperaturen ute er+ 7 grader C, men det virkar kaldare fordi det blæs. Sidan vi ikkje hadde noko spesielt på programmet i dag,bestemte vi oss for å gå ein tur framover Engesetvegen, fram dit som vi budde før vi flytta til Vallabøen. Nils har jo gått der ofte, men det er fleire år sidan eg har gått dit på beina.Ein blir sånn litt nostalgisk av å gå på gamle tomter. Vi hadde ei god leilegheit i 1.etasje. Etter at vi flytta ut, løfta dei taket, så det vart full takhøgde i 2.etasje også. Der har også budd folk i kjellaren.

I det raude huset på nedsida av vegen budde ein familie med fem barn, så ungane våre hadde leikekameratar på om lag same alder i nærleiken. Vi budde der framme i Krokedalen i tre år. Vi flytta dit same dagen som Solveig begynte på skulen, og då Rasmus begynte året etter fekk begge lov å sykle på skulen i lag med meg. Elles var det ikkje vanlig å få lov å sykle skulevegen før ein gikk i 3.klasse.
Til middag i dag blir det pannekaker med steikt flesk og blåbærsylte. Lurte nedi litt filmalen grovkveite, så har eg betre samvit.

onsdag, mars 16, 2011

Vermelding 16.mars 2011

Klokka er snart 15.00. Temperaturen er +10 grader, det er lettskya og fint ver. 
Det første eg gjorde i dag var å lage fiskekaker av 2 kilo melen fisk. Så hadde eg avtale på kaféen Fru Svendsen med to veninner klokka 13.00. Vi hadde ei koselig stund med kaffI / te og prat.Eg var litt tidlig ute, så eg tok nokre bilde inne, før eg sette meg til å lese i ei av bøkene som låg der: Tonje Glimmerdal.Det er jo eigentlig ei barnebok, men mange vaksne har stor glede av den .Der ligg att ein god del snø nede i sentrum også, men får vi ha det så mildt, vil no mykje forsvinne.


tirsdag, mars 15, 2011

Vermelding 15.mars 2011

Klokka er 15.00. Temperaturen er + 8 grader C, og det er litt vind innimellom. Det vore litt sol før i dag, men det skyar meir og meir til. Det viktigaste for oss er no at snøen tinar.
Vi var ein tur nedover på Amfi og handla før middag. Der trefte eg to tidlegare kollegaer som eg prata med.Det var lenge sidan eg hadde sett dei. Kjekt.
Då vi kom heim steikte vi sei og, eg laga yndlingsretten vår, som vi kallar "søndagssei". Feilen er at vi et oss overmette! Seien er berre så god før han har vore i frysaren ! Skal lage litt fiskekaker også, men det blir ikkje i dag. No skal eg legge meg ned på dagsenga mi og "lese".
Det som skjer i Japan, er berre så tragisk at eg maktar knapt å tenkje på det. Og dei veit kva stråling er!

mandag, mars 14, 2011

Vermelding 14.mars 2011

Klokka er 14.00.Det er strålande ver ute, og temperaturen bak huset er +7 grader C. Snøen timar nok litt på dagtid, men det monar lite så lenge det er nattekaldt. No har vi gått ein tur i fineveret. Gikk verken fort eller langt, men traff folk å prate med. Det viktigaste er å vere ute.
Før vi gikk ut, hadde eg rydda og vaska i leiligheita, mens Nils rydda i kjellaren, så vi kunne gå tur med godt samvit.
Kl. 21.00: Nils og Hassan var utpå og fiska i ettermiddag/kveld. Dei fekk ein del sei, så no har vi MAT i huset igjen.
Har div. problem med begge datamaskinene. Har problem med å kommentere under bloggane t.d. så de trur kanskje ikkje at eg les dei, men det gjer eg. Kjem meg heller ikkje inn på Nettbanken. Tenkte eg skulle greie meg til Rasmus kjem oppover, men om de veit om nokon som kan hjelpe, så vil eg gjerne ha eit tips.

søndag, mars 13, 2011

Vermelding 13.mars 2011

Klokka er 16.00, og vi har nettopp ete middag.Det er opplett og ganske fint ver, men særlig fart i snøsmeltinga er det ikkje. Temperaturen er + 3-4 grader C. Vi kan så vidt sjå fjorden frå altanen, og i dag er den blank som eit speil, så stilt er det.Ein ting som er irriterande når eg skal ta bilde frå denne posisjonen er den tjukke telefonledningen som alltid er i vegen.
Vi var ute og gikk ein lang tur, dvs. den var ikkje så veldig lang i utstrekning, men vi brukte lang tid. Vi møter mange kjende som har like god tid som vi, og så blir vi ståande og prate. I dag møtte vi Gerd og Tor for eksempel.
I dag vart det spaghetti og kjøttsaus til middag, har ete "søndagsmiddag" fleire gonger denne veka, så det var greitt med litt lettvint mat.

lørdag, mars 12, 2011

Vermelding 12.mars 2011

I dag kjem eg med enda eit ufyselig verbilde, men slik er det berre. Klokka er13.30, temperaturen er +2-3 grader C og det sluddar. Nils har vore ute og moka snø på føremiddagen, eg har vore inne. Laga nokre fiskekaker som vi skal ha til middag om ei lita stund, og delte opp og planta nokre "avleggarar" etc.etc. Bryr meg ikkje om å gå i butikkar på laurdagane, vi pensjoane har høve til å handle andre dagar.Og denne veka har vi dessutan vore mykje på farten.
Sjølvsagt lengtar vi etter sol og vår, men våre problem er små i høve til det dei slit med i Japan. Det er skikkelig skummelt på meir enn ein måte. Ikkje minst er eg redd for kva som kan skje med atomkraftverka.Vi får håpe at det ikkje vert total katastrofe.

fredag, mars 11, 2011

Vermelding 11.mars 2011

Klokka er snart halv tre. Sola kjem meir om meir fram, så det er von om at noko av snøen smeltar. Temperaturen er + 3 grader C på baksida av huset. 
I dag måtte eg vere litt tidlegare i farten enn vanlig. Hadde frisørtime klokka 9.30. Vart fornøgd med sveisen, men den varer nok ikkje så lenge. Dessverre.
Klokka 12.00 skulle eg vere i Sparebank 1, som representant for pensjonistlaget. Sparebanken er sponsoren vår, og vi hadde møte med tre personar frå banken for å diskutere diverse aktivitetar som banken og ØP samarbeidar om. Ein journalist frå Møre-Nytt var til stades, så denne gongen slepp eg å skrive.
Etterpå var vi ut og såg den nye butikken til Målar-Olav, den er i samme huset som Jysk. Før var det Europris og Expert som heldt til der.Dei spanderte kaffi og marsipankake på alle kundar, enten ein kjøpte noko eller ikkje. Og så trefte eg ei FB-veninne som eg prata med lenge og vel.
Til slutt var vi innom Amfi så vidt det var. Vart forskrekka då vi kom heim at ikkje klokka var meir.
Då vi for heimanfrå var der eit bra snølag på tunet, men då vi kom heim hadde leigebuaren moka fint heile tunet og vegen ned til kjellaren.
Har ikkje fått sett så mykje på TV enno. Det er uhyggelig med den tsunamien. Og vi klagar over mykje snø...............................!
God helg til alle!

torsdag, mars 10, 2011

Vermelding 10.mars 2011


Klokka er snart halv fire. Sola skin frå ein nesten skyfri himmel, temperaturen er +3-4 grader C, og snøen som kom i går og sist natt er smelta vekk på vegane.Nils skal snart ut og sjå etter båten, og då kan det hende eg går ein tur.
I dag var det seniorkino for første gong her i Ørsta, og det var gratis. Mange pensjonistar hadde møtt fram og før filmframsyninga fekk vi kaffi og vaflar. I pensjonistlaget hadde vi stemt over kva film vi ville sjå, og valet fall på "Kongen av Bastøy". Eg var litt skeptisk til det valet. Ikkje alle visste kva dei gikk til, ikkje alle hadde lese det som stod i avisa heller. Eg snakka med ei eldre dame som var heilt vitskræmd, ho skulle "ut" og kose seg, og så vart det så forferdelig. Vi må nok ta omsyn til det i laget at ikkje alle pensjonistar er like tøfffe som t.d. eg. Og dei aller fleste er eldre. Etter kinoen var eg innom biblio, som er i samme huset.
Eg ser at det skyar over no, og vermeldingane er ikkje så gode.

onsdag, mars 09, 2011

Bok nr.16 - 2011: Bumerang

Mange kjenner boka Saras nøkkel. Eg las den utan særlig entusiasme. Her er ei ny bok av samme forfattaren, men den er heilt annleis. Saras nøkkel hadde i alle fall ei litt spennande historie, det har ikkje denne.
Boka var lett å lese, men det er vanskelig å skrive om den. Kort sagt handlar boka om ein parisisk overklassefamilie og det som skjer der.Eg siterer frå omslaget: "Bumerang er en gripende roman om hvordan taushet og fortielser kan holde en hel familie i en skrustikke, men mest av alt er det en historie om kjærlighet og tilgivelse-og mot til å konfrontere sannheten".
Eg får bruke yndlingsuttrykket mitt: "Boka handlar,som alle bøker, om livet og døden, kjærleiken og havet." Beklager, men særlig gripande var det ikkje etter mitt syn, heller eit langdrygt ordgyteri.Har ikkje googla boka, men det kan de gjere om de vil vite meir.

Vermelding 9.mars 2011


Klokka er no ca 13.00. Akkurat no er det opplett ute, og vi ser ein flik av blå himmel. Temperaturen er + 3 grader C.
I går var det meldt orkan og eg gledde meg til at vinden skulle få fart på snøsmeltinga, men så kom det berre litt pinglevind som ikkje gjorde verken til eller frå. Då vi stod opp i dag, snøa det trollkjerringar, og Nils måtte til å moke -igjen! I norsk folketru var det noko dei kalla Fimbulvinteren. Den skulle innleie verdens siste tid. Då skulle det vere sju vintrar etter kvarandre utan sommar i mellom. I dag begynte eg å lure. Men mens eg sit her og skriv skin sola inn på tastaturet. Så det er håp!
I dag har eg vaska og støvsuga m.m., for både i morgon og fredag skal vi på rek igjen.
Vi gratulerer Ingrid på Eid med 17-årsdagen i dag!

tirsdag, mars 08, 2011

Vermelding 8.mars 2011

Klokka er 14.00, temperaturen mellom +4-5 grader C. Det er berre litt regn, og vinden er ikkje så sterk enno. Ser fram til at det skal plystre litt rundt novene, men ønsker sjølvsagt ikkje verken skadar eller ulykker på grunn av veret. Vermeldinga byr på orkan. Skulle gjerne vore ut på Flø ein slik dag, men det er tryggast å halde seg inne, trur eg.
I dag har eg tatt bilde av flyplassen og vindpølsa. Vi var nemlig ein tur på El-kjøp, der vi kjøpte ny mikrobølgeomn, blant anna. Etterpå var vi innom Coop og handla litt småtteri. Eg er glad vi ikkje har store tre i nærleiken viss orkanen skulle finne på å komme heilt hit inn.
Til lykke med kvinnedagen alle damer! Send ein tanke til dei som har kjempa fram rettane vi har i dag, og til alle dei som enno ikkje har den fridomen som vi har her i landet! Mor mi vart fødd i 1904, då hadde ikkje hennar mor stemmerett. Stemmeretten for kvinner i Norge vart innført i 1913, ikkje så lenge sidan, sett i historisk perspektiv.

mandag, mars 07, 2011

Vermelding 7.mars 2011


Klokka er no 12.00. Det er + 4 grader C og regn ute.Nysnøen er blitt til slaps og det er skikkelig vått og ufyselig .Dette veret likar eg ikkje.  På ein eller annan måte må snøen forsvinne i år også, men her på Vallabøen går det treigt. Der som vinden får tak, smeltar det mykje fortare.
I dag ventar vi middagsbesøk.Margrete og ungane kjem, og det gjer Einar også. Eg likar betre å lage mat til mange enn til berre to ! Elles er det ikkje så mykje som skjer i dag. Nils var ein snartur på butikken og så flyttar han på litt snø. Så er vinterferien slutt for alle i familien, og dei er på plass heime. Her var dei rimelig heldige med veret.

søndag, mars 06, 2011

Vermelding 6.mars 2011

Klokka er no 13.00. Temperaturen ute er + 2 grader C, det er skya, men sola er framme litt av og til.Og så har vi fått meir snø, og sparkeføre. Eg har spøkt med at eg ville gjerne hatt sparkføre heile året, og no kan det sjå ut som om det går troll i ord. Eg har vore ein liten tur; bildet er tatt frå toppen av Storebakken, der var snøen delvis smelta, i gatene lenger nede var det betre føre. Men eg fekk meg i alle fall ei fin runde og frisk luft. Det gjer seg. Nils driv og tinar diverse restar frå frysaren som vi skal ha til middag. I morgon skal vi ha skikkelig mat. Vi lid ikkje nød uansett.Reknar med at Solveig &Co kjem heim i dag. Rasmus m/fam er på hytta i Telemark, dei må vel også heim, sidan Wenche skal på jobb og Eivind på skule.Eg har diverse problem på bloggen for tida, må som regel innom to nettlesarar for å få redigere. Ja, maskinene skulle sikkert hatt seg ei skikkelig overhaling.Det er ikkje alt Besta kan klare sjølv.

lørdag, mars 05, 2011

Bok nr.15 - 2011: Ved elven.

Dette er den andre boka eg har lese av den amerikanske forfattaren John Hart. Den første var Det siste barnet, ei bok som eg likte svært godt. Sjangeren er krim, men ikkje av den platte, overflatiske typen. Det er rettare å seie at bøkene handlar om menneskelige tragediar, om sorg og svik, og om evne til å tilgi og gå vidare.Det er alvorlige og tankevekkande bøker.
Når eg ikkje likte denne boka fullt så godt som den første, trur eg det kjem mykje av at eg har lese så lite samanhengande og såleis mist tråden meir enn ein gong. Som eg har sagt ofte, bøkene blir best når ein får lese dei mest mulig i samanheng.I dag la eg alt anna til side og las dei 2-3 siste platene utan stopp.
Forfattaren skriv godt, og han skildrar miljøet og menneska på ein truverdig måte. Handlinga er lagt til North Carolina, staten der han sjølv har vakse opp. Der er rike jordeigarar, og white trash som bur i usle campingvogner, slik vi har sett i tallause amerikanske filmar.John Hart har fått fleire prisar for bøkene sine. De kan sjølvsagt lese meir både om boka og forfattaren på nettet. Sjølv har eg valt å ikkje vite for mykje på førehand, men slår heller opp når boka er ferdig lesen.

Vermelding 5.mars 2011

Klokka er no12.30. temperaturen ute er ca+2 grader C,sola held på å bryte fram og vi har fått nysnø.Det er finare og reinare ute enn det var, men ingen av oss set vel særlig pris på snøen.Og spakføre er det definitivt ikkje.
Eg held på å lage fiskesuppe til ein tidlig middag, elles har Nils sett skirenn ,og eg har ikkje gjort noko særlig til nytte eg heller.Har ikkje planar for resten av dagen , men vi får sjå om noko dukkar opp.Det går nesten ikkje an å ringe til folk ein gong i desse VM-tider.Det er visst berre eg som er totalt uinteressert.
I dag kan vi gratulere Tone på Hardbakke med dagen!God helg til alle.

fredag, mars 04, 2011

Vermelding 4.mars 2011

Klokka er 12.15, temperaturen er + 4 grader C og det silregnar.Det er eit skikkelig grisever, og ikkje særlig fristande å gå ut. Trøsta får vere at snøen kanskje smeltar litt fortare. Rart å komme heim att til så mykje kvitt i går, etter å ha vore i vårlige strøk heile dagen.Men no går vi i alle fall trygt på tunet.
No står vi på farten og skal nedover. Først på biblioteket og etterpå skal eg på eit møte med kinosjefen for å få litt meir informasjon om "seniorkino"- eg skal ha eit innlegg om det i avisa komande tysdag, så no får eg leike litt journalist også. Lurer på om eg har tatt meg vatn over hovudet.
Klokka 15.45. No er vi heime igjen. Møtet på Kulturhuset inkluderte også kaffi og skirenn.(Bra for Nils - og eg fekk delvis kladda avisinnlegget mitt. Såg på TV akkurat i det Northug gikk i mål).
Etterpå handla vi litt på Coop før vi gikk på den tyrkiske restauranten og åt middag. Har kjensle av å leve eit utesvevande liv for tida. Meiner eg fortener det etter så lang tid i delvis isolasjon.
Minstemann på Kongsberg har bursdag i dag. Sjå det førre innlegget.

Ingar er 1 år i dag.

Denne nydelige, blide guten heiter Ingar og han fyller 1 år i dag. Han er den yngste av dei 11 barnebarna våre, og dessverre bur han såpass langt bort at vi ikkje kan vere til stades på bursdagen.
I somme kulturar er 1-årsdagen ein virkelig stor merkedag, det heng vel saman med at ein ikkje alltid greidde å berge barnet gjennom første leveåret. Her i landet har vi ikkje denne skikken.
Men er det nokon gong utviklinga går fortare enn dette første året? Som de ser har guten fått både tenner og hår, stabbar rundt gjer han også, sjølv om han må halde seg litt fast her og der. Håper det ikkje blir for lenge før vi får sjå han att.
Gratulerer med dagen, Ingar!
Bestemora mi var alltid nøye med å gratulere heile familien med dagen når nokon av oss hadde bursdag. Det var ein fin skikk, så hermed gratulerer vi også foreldra og dei to storebrødrene. Håper de får ein fin dag!

torsdag, mars 03, 2011

Vermelding 3.mars 2011

Klokka er no 18.30. Temperaturen er + 3 grader C og det er opplett.
I dag har Nils og eg + Margrete vore ein tur til Eid og besøkt Bodil og Svein. Vi hadde ein veldig fin dag, med god mat og god prat. Bodil hadde laga deilig betasuppe, og etterpå fekk vi kaffi og is.Karane måtte sjå litt ski-VM innimellom, noko som eg ikkje er interessert i. Mira, hunden til Kristine var også på besøk, og etter skuletid kom eigaren også innom. Etter besøket var vi ein liten tur innom butikken til Bergset, og Margrete gjorde ein god handel der. Så spaserte vi litt i gata, såpass eg fekk mimre litt. På Eid har dei vore flinkare enn dei fleste andre stader å ta vare på gamle hus. Men så er det vel ikkje så mange stader der det er berre EI lang gate.Men som gammal eidar skulle eg ønske at husa hadde fått tilbake den originale fargen sin, no er dei fleste kvitmåla. Det var lite folk i gata, men også her var vel dei fleste inne på kjøpesenteret? Vi vil takke vertskapet på Hildegard for ein flott dag.


Tverrgata.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...