torsdag, mars 03, 2011

Vermelding 3.mars 2011

Klokka er no 18.30. Temperaturen er + 3 grader C og det er opplett.
I dag har Nils og eg + Margrete vore ein tur til Eid og besøkt Bodil og Svein. Vi hadde ein veldig fin dag, med god mat og god prat. Bodil hadde laga deilig betasuppe, og etterpå fekk vi kaffi og is.Karane måtte sjå litt ski-VM innimellom, noko som eg ikkje er interessert i. Mira, hunden til Kristine var også på besøk, og etter skuletid kom eigaren også innom. Etter besøket var vi ein liten tur innom butikken til Bergset, og Margrete gjorde ein god handel der. Så spaserte vi litt i gata, såpass eg fekk mimre litt. På Eid har dei vore flinkare enn dei fleste andre stader å ta vare på gamle hus. Men så er det vel ikkje så mange stader der det er berre EI lang gate.Men som gammal eidar skulle eg ønske at husa hadde fått tilbake den originale fargen sin, no er dei fleste kvitmåla. Det var lite folk i gata, men også her var vel dei fleste inne på kjøpesenteret? Vi vil takke vertskapet på Hildegard for ein flott dag.


Tverrgata.

1 kommentar:

Elin sa...

Koseleg innlegg. Ja, det er mange kjekke stunder i Hildegard! Eg får ikkje til å bruke preposisjonen på i dette høvet, veit ikkje kvifor..

Dagbok 2024: 28.november

Klokka er no 15.43. Temperaturen ute er minus 3 grader, men det er kaldt nok- bilda er tatt på parkeringsplassen ved ALTI.Det har vore sol i...