torsdag, juni 30, 2011

Utan særlig mål og meining.



Sidan det var nokså bra ver i dag, men ikkje alt for fint, fekk eg lyst å reke litt. Vi var først til Volda, der eg tenkte å sjå etter garn på den nye butikken som eg hadde lese om i avisa. Men den var ikkje opna. På Nettstrikk var det dårlig utval, så eg kjøpte ikkje noko. Så var vi ein tur innom Spinneriet, der eg fann ei tynn og sommarleg joggebukse til ein rimelig pris. Då var vi alt begynt å bli svoltne, så vi fann ut at vi ville ete tyrkisk i Ørsta. Men først var eg innom garnbutikken og kjøpte litt til å strikke lestar av. Etter at vi hadde ete ein god kebabrett, hadde eg mest av alt lyst å gå på "Fru Svendsen" og drikke kaffi-men det er no grenser for å vere lettsindig. 
I staden gikk vi inn på "Stil og stemning" i gågata. "Til bords" er flytta inn i samme lokalet, så det var mykje kjekt å sjå på der. Og det beste av alt: Gratis kaffi og marsipankake i samband med opninga! Kjøpte berre noko lite, for skams skuld.Men trefte ei dame som vi vart ståande og prate med lenge. 
Tok mange bilde inne i butikken, men etter dei to-tre første, vart bilda gule, noko som ofte skjer når eg fotograferer med blitz inne. Eg treng ikkje så mykje pynt og stas, men synest det er artig å sjå kva som er trenden. 
Sjekk bildet øvst og legg merke til kor blank fjorden er i dag. Vi lurte på om det kom av alt ferskvatnet.

Vermelding 30.juni - 2011


Klokka er 12.00, temperaturen er + 15 grader,det er opplett og berre litt skodde.Det går altså an å vere ute. 
Nils har greve opp singelen under altanen, og eg har hjelpt til med å rake bort grastuer, vassarv og anna rusk. Etter ein rundtur i hagen, kan eg konstatere at det er eit godt år for vassarv, anna ugras og lauv.
Av positive oppdagingar var at det har kome blomster på den nye clematisen.Kanskje ikkje den beste fargen til raud bakgrunn, men fint likevel. I beddet ovafor huset oppdaga eg at det har kome blomsterknoppar på planten eg fekk av ein nabo tidlig i vår. Veit ikkje kva den heiter, men dei finst rundt om i alle butikkar.Då vi fekk den, sa givaren at det eigentlig var ein staude, så eg planta den ut, utan alt for stort håp, men sjå no: Den blomstrar igjen! Tru eg vil ha fleire slike. Den kjempehøge riddarsporen hadde ikkje brotna i alt regnet og vinden, og det var bra, men stilkane er så sprø at dei brotnar for eit godt ord. No skal vi shine oss opp litt, og så blir det kanskje ein tur til Volda. Der har kome ein ny garn-og handarbeidsbutikk, som eg har lyst å kike litt på. Har strikka ny fot i mange lestepar, og to-tre par lester av garnrestar, så no treng eg noko nytt. Det er ikkje så lenge til jul !

onsdag, juni 29, 2011

Vermelding 29.juni - 2011

Klokka er 18.45, temperaturen ca 15 grader, og det er regn og skodde. Deprimerande når ein ser på kalenderen- og ut vinduet. Det er noko som ikkje stemmer. Eg kunne kledd godt på meg og gått ein liten tur, eg veit det, og det hadde sikkert hjelp på humøret, men dørstokkmila er lang slike dagar.
Før middag gjorde eg ein del husarbeid og litt "kontorarbeid". Etter middag har eg stort sett site framfor datamaskina, strikka og høyrt bok. Prøver å få nokre lestepar ut av nokre av garnrestane eg har liggande. og i dag vart eg ferdig med enda eit par.Boka eg les no heiter "Middagen", den er litt spesiell.Hollandsk!
Nils styrer med fiskesakene sine og så har han sett han fotball på TV. Og slik går no dagane og sommaren.Det er vel lov å vere litt versjuk akkurat no?

Bok nr. 37 - 2011: Snøstorm og mandelduft.

Sidan eg har lese alle Camilla Läckberg sine bøker, rekna eg med at eg visste kva eg hadde i vente,ikkje verdens mest spennande krim altså, men eg stussa litt då eg såg at denne boka inneheldt berre 3 CD-plater.
Med god hjelp av den eminente opplesaren,Trond Brænne, forstod eg ganske snart at dette måtte vere ein slags parodi. 
Martin frå politikontoret på Tanumshede, blir invitert med til før-jul-selskap på ei øy utanfor Fjällbacka, i lag med kjæresten sin, Lisette Liljecrona. Der er også foreldra hennar og onkelen med familie. Den gamle, styrtrike farfaren er også til stades.Samme kvelden, ved middagen, dett farfaren saman ved bordet og er død, mens dei kjenner den karakteristiske lukta av cyancalium.
Det ryk opp til snøstorm, og telefonen sluttar å virke, heller ikkje mobildekning er der, og det er umulig å komme seg bort frå øya i båt. Vi står overfor "Det lukkede roms gåte" i beste Agatha Christie-stil. Meir skal eg ikkje røpe av handlinga, og eg veit ikkje om eg skal tilrå nokon å lese boka. Sjølv synest eg den hadde ein litt artig vri, med sin tilnærma svarte humor. Ikkje det er venta frå den kanten! Og så er det kjekt når folk begrensar seg til 3 CD-ar, når det eigentlig er nok.

tirsdag, juni 28, 2011

Vermelding 28.juni - 2011

Klokka er 15.00. Temperaturen er det ikkje så mykje i vegen med, den er + 15 grader, men det er skodde, regn og vind. Det er like før eg blir skikkelig versjuk, kjenner eg. Føremiddagen i dag gikk opp i berre surr. Var innom biblio og Amfi, før eg møtte veninner på "Fru Svendsen"-vi skulle eigentlig på Føniks, men der var stappfullt. Alltid koselig å treffe veninnene.
Då eg kom heim, skulle eg innom Nettbanken og betale ein e-faktura, men sidan forfallsdagen var i går, var det heilt umulig. Nils ringde Canal Digital, og der sa dei at vi berre skulle forandre datoen, noko som ikkje let seg gjere. Nils er no nede i banken for å få hjelp. Kvifor i all verda må vi rote oss bort i slike problem heile tida? 
Til middag i dag skal vi ha salta lange-reknar ikkje med at det byr på problem. I følge yr.no har Rasmus fint ver der han er i Danmark.

mandag, juni 27, 2011

Bok nr. 36 - 2011:Hud


Den engelske kriminalforfattaren Mo Hayder har fått svært gode kritikkar for dei nokså makabre romanane sine. No har eg lese tre av dei. I dei to siste er ein ny hovudperson komen med i handlinga i tillegg Jack Caffery, det er politidykkaren Flea Marley. Den første boka der ho var med, "Ritualer", likte eg svært godt, så eg hadde store forventningar til "Hud". Til å begynne med var eg  skuffa over denne, men den kom seg etter kvart. Å referere handlinga i ein kriminalroman blir heilt feil, så det skal eg ikkje gjere. 
Men sidan eg les lydbokversjonen, vil eg vere litt kritisk når det gjeld opplesaren; eg likte ikkje heilt stemma hans, eller lesemåten. Det er bra å variere stemma, men her blir det for mykje av det gode.Når har t.d. går opp i fistel på "damestemmene" blir det berre irriterande.
Når eg les bokmeldingar på nettet, blir det lagt vekt på det nifse og groteske ved bøkene til MH, og at dei ikkje er for "sarte sjeler". OK eg er inga sart sjel når det gjeld krim, eg toler det meste og vel så det. Det eg likar best med bøkene der Flea er med, er dykkerscenene, dei er særdeles godt skildra. Og forfattaren skriv godt, det er det ingen tvil om.

Vermelding 27.juni - 2011

Klokka er 17.45. temperaturen er + 18 grader C, og det er overskya med ei og anna regnbyge. Vermeldingane framover byr ikkje på mykje sol, men det blir i alle fall nokonlunde mildt, og det er no noko!
Det har ikkje blitt gjort mykje husarbeid mens ungane har vore her, så i dag gikk eg laus med vasking, støvsuging, klesvask, skifting av sengetøy,vasking av kjøleskap etc. etc. Eg har i grunnen ikkje noko imot husarbeid, likar å ha ting nokonlunde på stell. Ulempa er at ryggen får for stor påkjenning, så eg måtte ha meg ei heil stund med lydbok på day-bed-en.
Nils var nedover og fekk klipt håret sitt, det var det også behov for. Elles har han drive og hakka opp tunet og fjerna gras som veks i singelen. Sjå berre på bildet kor fint det blei. Vi satsar ikkje på nokon spennande hage, men på å halde nokonlunde orden rundt dørene.
Det vart sjølvsagt tomt i huset då ungane for, men dei er i grunnen like fredelige dei som vi, så det store kvantespranget vart det ikkje.
Rasmus med fam. er i Danmark.I dag skulle dei til Ebeltoft.
I dag har både bror min og eine døtra bryllaupsdag, så vi gratulerer dei to para på Eid.Då bror min gifta seg, var eg gravid med nr. to, og då døtra hans stod brud, hadde eg nettopp blitt bestemor for første gong.
 Denne orkidéen fekk eg av Bodil og Svein på 70-årsdagen. Då såg den heilt vanlig ut på alle måtar, høg og rank. No kom den att med nye blomster og masse knoppar. Som de ser har den ein litt uvanlig fasong-men er minst like fin som før.

søndag, juni 26, 2011

Vermelding 26.juni - 2011


Klokka er 15.15, temperaturen er +19 grader C og det er lettskya. Frå morgonen av var det sol og fint, men ikkje før var eg komen ut på altanen, så skya det over.
Nils og ungane for på sjøen relativt tidlig, og var heime i halv to -tida. Dei fekk ikkje mykje fisk, berre noko smårask til katten.
Fekk melding frå Margrete i 13-tida, då var dei på Lillehammer på veg heim.
No har vi ete middag: blomkålsuppe, svinefilet med bernaise og så fekk ungane is til dessert. No sit dei og kosar seg fram for datamaskina- dei blir aldri lei av data.
Rasmus med fam. skal snart vere framme i Billund/Legoland. Dei reiste grytidlig i dag.
Eg brukte mykje av føremiddagen til "kontorarbeid". Hadde ei veldig bra kartbok -spiralhefte rettare sagt- som vi har fått av Rasmus. Den var begynt å bli nokså lurvete, så no, når eg fekk giljotinen, tok eg og skar til arka, hadde dei i plastlommar,og i perm, så no har vi skikkelige og handterlige kart når vi skal på biltur. Eg er sterkt kart-avhengig.

By-kart og alfabetiske namnelister hadde eg mange i samme lomme. Det vart i alt 70 lommer. Hadde heldigvis kjøpt litt tjukke blanke lommer, som det var godt å sjå gjennom.

lørdag, juni 25, 2011

Vermelding 25.juni - 2011





Klokka er no 20.45. Det har vore overskya, opphaldsver i dag, og no er temperaturen +12 grader. No skal vi til å ete kokt sei til kveldsmat.

I dag var vi ein tur til Vik for å sjå kva som skjer i desse Festspel-tider. Sola var så vidt framme, så vi fann ut at Amanda trengde solbriller. Elles kika vi innom Bondens marked og der kom det ei dame bort til meg og spurde:" Do you speak English or do you speak Norwegian"- og eg svarte på brei Ørsta-dialekt. Ho trudde eg kom frå cruiseskipet som låg borte på Rystelandet. Elles var vi inn på bokhandelen , der posten var før, og henta ein giljotin til å skjere papir med, bestilte den forrige veke. Eg likar å ha kontorutstyret i orden.Ungane såg mykje der som frista, men vi var enige om at skuleutstyr ikkje var så aktuelt akkurat no.Det viste seg at ekspeditrisa(Heiter det det framleis?) visste kven vi var, ho er tanta til AnitaS. på Straumshamn. Erlend imponerte med å lese engelske tekstar på diverse bøker og ting.
Eg hadde halvkokt grauten før vi for, så det gikk raskt å lage middag då vi kom heim. Så vart det pause til klokka 16, då for dei på sjøen i lag med Hassan. Eg var heime og ordna litt i huset , la i hop klede etc. Det vart kokt småsei til kvelds i tillegg til "smørbrød." Ungane er kjekke og greie, det har ikkje vore ei sur mine på heile tida, så foreldra kan berre slappe av.

fredag, juni 24, 2011

Vermelding 24.juni - 2011

             Koreografen Andy med Ingeborg og ei anna av dansarane.

 Klokka går raskt mot 17.00. Då skal Amanda vere på plass på Kulturhuset igjen, etter 1 time pause. Ho stilte opp klokka 12.00 for å få sjå Ingeborg sitt program, før ho sjølv skulle øve.
Temperaturen ute er +12 grader, det er overskya, skodde og litt regn av og til, men lettare no enn tidlig på dag.
Det har vore litt sløvt her i dag, har ikkje hatt middag enno, for vi har ikkje vore samla, men dagen er ikkje over enno.Solveig, Øystein og Olaug var innom så vidt etter at Øystein hadde lese frå boka si på Mylna i Volda. I staden for å servere kaker, smurde eg i full fart nokre loffskiver, og Erlend fekk ein ny favoritt: smørbrød med egg og tomat! Det har vore Solveig sin favoritt også. Amanda fekk også loffskiver i pausen, kan ikkje vere altfor mett når ein skal danse.
Margrete og & Co er i Oslo, men dei er vel snart på veg til konserten på Telenor Arena, om dei ikkje alt har reist.
I dag er det 24 år sidan eg vart bestemor for første gong. Veit ikkje om Einar set så stor pris på at ein mimrer om barndommen hans kvart år, så det skal eg late vere, i alle fall nesten. Men eg hugsar godt dei åra han og brørne kom hit på "ferie". Ein gong plukka Einar og eg ei heil bøtte med blåbær, vi fekk ikkje mykje hjelp av Audun, for å seie det slik.Som Solveig skriv, så er han litt av ein arbeidsmaur.
Gratulerer så mykje med dagen, Einar! Det vart ikkje strikkalestar på dagen i år, men det  får kome seinare.

torsdag, juni 23, 2011

Vermelding 23.juni - 2011

  Avslappa jonsokfeiring i Starevegen med Olsenbanden på DVD og bål i omnen.

Klokka er 17.00. Nils har nettopp køyrt dei to ballettjentene på øving.Ute har det vore regn og skodde i heile dag, no er det litt lysare. Kaldt er det også, så det er tvilsomt om det blir jonsokfeiring ute. Men vi har pølser og brød+brus og godteri heime, så vi skal no kose oss uansett.Ute er det om lag + 13 grader C.
Ungane sov godt og lenge sist natt, trur dei sov til nærmare 10 i dag. Sikkert godt å slappe skikkelig av etter alt som har skjedd på tampen av skuleåret, med avslutningar og styr både her og der.
I dag var vi på shoppingrunde f.m. Først var vi på El-kjøp, der vi kjøpte ein rosa radio/CD-spelar og ein ny varmeomn til datarommet. Den gamle virka ikkje lenger. Det er mykje interessant å sjå på slike butikkar, både for små og store. Etterpå var vi på biblioteket, der Birgit hadde lagt til side den siste Mo Hyder -boka til meg. Det var bra, for den boka eg lånte for eit par dagar sidan hadde eg lese for lenge sidan. I papirutgåve-det var derfor eg ikkje kjende den att.Ingeborg møtte oss på Amfi og blei med oss heim; middagen i dag blei "heimelaga" Grandiosa. Den er slett ikkje så verst.
Ingeborg og eg i fellesskap skulle kjøpe billettar på nettet, og alt var i orden, billettane låg på skjermen, det var berre å printe dei ut. Det var berre det at printeren ikkje er tilkopla laptoppen, og då vi skulle prøve å "fikse" det slik at vi fekk overført billettane, miste vi heile sulamitten.Vi har sjekka banken og beløpet er trekt frå kontoen, så eg sende ein mail til Kulturhuset og spurde om billettkjøpet var registrert der. Har ikkje fått svar enno.På ein eller annan måte må vi no finne ut av det.
Mesteparten av morgondagen går med til dansing for Amanda sitt vedkomande; Erlend er fullstendig hekta på data, så det er ikkje lett å lokke han vekk frå maskina. Vi lånte eit par filmar på biblio i dag, men det blir no berre frå eine skjermen til den andre.No ser eg nesten sola ute, og det ryk både her og der. Det skal vere jonsokfeiring på Vikemarka skule, så dit kan vi fare viss vi har lyst og veret ikkje er altfor guffent.
Håper at dei som er på Kongsberg har betre ver enn vi og at dei kosar seg.

onsdag, juni 22, 2011

Bok nr. 35 - 2011: Et stille, umerkelig drap.

Dette er same forfatterane som skreiv om "Gutten i kofferten", den har eg lese før.
Eg likte veldig godt begynnelsen av boka, fordi eg der fekk eit lite innblikk i eit miljø som var totalt ukjent for meg. Hendinga i boka startar nemlig i Ungarn, i rom-miljøet der. Det skildrar det elendige livet til sigøynerane i Budapest.
Folk lever på eit eksistenminimum og gjer nesten kva som helst for å få tak i så mykje pengar at dei overlever. Nokre reiser til Danmark i sommartida for å spele og tene pengar. To gutar finn ymse ting i ein ruin av eit sjukehus frå Sovjettida som dei prøver å selje på nettet, og dermed er handlinga i gang.Resten av historia foregår i Danmark, og det blir etter kvart ganske tøft. Løysinga på "mysteriet er ganske finurlig, og ikkje det ein ventar.
Konklusjonen min er at boka er best til å begynne med, seinare vert det litt langdrygt-eller kanskje var det berre eg som gikk lei?
Det mest positive er alvoret som ligg bak brotsverka. Det tragiske i det som skjer. Les gjerne meir på nettet.

Vermelding 22.juni - 2011


 Klokka er snart halv sju. Ute skin sola som ho har gjort i heile dag. Blæs gjer det også, og temperaturen er + 17 grader.
Margrete, Amanda og Erlend kom til middag. Vi hadde brennsnut, og vaflar til dessert. Margrete skulle til tannlegen før ho reiste austover, og så leverte ho ungane her med det samme. Det er fredelige folk å ha på besøk. Det vart vel mykje data i dag, men etter kvart får vi finne på andre ting. No i ettermiddag tok Nils dei med til ein kamerat som har elghund. Tispa har nettopp fått eit kull med kvalpar som dei fekk sjå. Dei tok nokre bilde, men eitt eller anna er gale i dag, så eg får ikkje til å legge bilde inn på bloggen. La dei inn på FB så lenge. Eg låg på altanen og sola meg ei stund, før eg steikte opp resten av vaffelrøra. Erlend har prøvesmakt vaflar med Nugatti, og det var visst godt. 
No har dei sett i gang krokket-spel på plenen, så mora treng ikkje å engste seg for manglande mosjon. I morgon skal Amanda på dansetrening klokka 10, og fredag blir det ballettframsyning på Kulturhuset klokka 18.00. Eg har lova Ingeborg at vi skal komme, men Erlend er vel ikkje så begeistra. Begge jentene skal vere med. Eine delen av programmet har eg sett før.



I dag fyller svigersonen vår på Hareid nesten 50 år. Sidan han vanligvis blir presentert som forfattar,vil eg presentere eitt anna av talenta hans. Han er faktisk ein ganske brukbar kokk også. Særlig på julafta, då dette bildet vart knipsa.Han har ein eigen vri på kålrabistappa- eller rabbestappa som det heiter på Sunnmøre.Og ein meir velkledd kokk er det sjeldan vi ser.
Når eg sit her of mimrar litt, hugsar eg dei første glimta vi fekk av svigersonen. Då sat han bak rattet i ein mørkeraud Fiat som køyrde Solveig heim frå Lærarskulen i Volda. Det verkar ikkje så fjernt. Merkelig korleis denne tida fyk av garde.
Av og til plar eg berre på tull skrive dikt til "bursdagsbarna"- ja, til Øystein også- men i dag vil eg hylle han med å sitere eitt av hans eine dikt, som eg synest er så fint. Det er henta frå diktsamlinga "kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her".

74
og enno
skal barn fødast og berast fram
i sommarvindens blafrande lys
under vinterkveldens høge kvelv over myrkret

framleis famle og finne sitt eg i arbeidsfolk
sine rørsler og kjenne lukta av vår
og forvandling
her

Gratulerer med dagen!

tirsdag, juni 21, 2011

Vermelding 21.juni - 2011

Klokka er 17.45, temperaturen er ca +20 grader C, det er lettskya og sol, men kald vid frå nord.
Ute på altanen er det imidlertid varmt og fint, og vi har lagt ute og sola oss i "bikini"-eg somna ikkje i dag, for eg hadde ei spennande bok på øyret.
Nils var såpass bra i dag at han greidde å klippe resten av plenen, mens eg støvsuga inne. Så var vi på ei lita bibliotek-og shoppingrunde. Var på Rystelandet og kjøpte ein blå Clematis som vi skal plante ved sidan av New Dawn-rosa, akkurat som dei gjorde på TV for ei veke sidan. Roser og clematis skal trivast så godt i lag, sa dei.
Som de ser lever Advokatten enno, men har ikkje blitt særlig vakrare etter god mat og godt stell. Nils kokar makrell til han i den gamle mikrobølgeomnen som står i garasjen, og det likar katten godt. Som de veit heiter har opp att etter den førre eigaren, han som no er blitt sorenskrivar i Volda. Vi vurderte namnebyte, men slo det frå oss.
Nils ser på Hurtigruta innimellom, men eg synest det blir for kjedelig mellom hamnene. Vi reiste med den frå Tromsø til Honningsvåg for fleire år sidan, men lenger aust har vi ikkje vore. Når det for ein gongs skuld er sol ute, sit eg ikkje inne. I morgon ventar vi besøk av dei to yngste til Margrete, så då blir det vel litt meir liv i leiren.

mandag, juni 20, 2011

Vermelding 20.juni - 2011

Klokka er 17.00. Temperaturen ute er + 19 grader C. Det er lettskya og vind. Best som sola er framme, så er ho det ikkje. Vi la oss ut på altanen etter middag, for meg vart det for kaldt, men Nils heldt ut.
I dag var eg ganske flink før middag. Eg reidde opp på gjesterommet,pussa vindu, baka brød, vaska bad og kjøkken m.m. Nils var ute og klipte plen, men no er det han som er plaga med eine hofta, håper han kjem seg att, elles ligg vi tynt an.Han får plage med hofte eller kne kvar gong han skal klippe plenen, ja, særlig då.
Veit ikkje om eg klarer å klippe, har ikkje gjort det sidan vi hadde manuell klippar.
Som de ser har Nils fått not over jordbæråkeren. Det ser noko voldsomt ut, men har gjer det slik at vi kan gå oppreist under nota. I år er plantane fine, vi har funne ut at jordbærplantar treng mykje vatn.
Merkelig at det blæs så mykje, her plar det vere stilt nesten støtt.Margrete har det travelt på dagen sin, det er avslutningsfest for elevane i kveld, og ho er med og lagar til.

søndag, juni 19, 2011

Margrete fyller år.

I dag kan vi gratulere Margrete med dagen. Både bror min og eg og dei seks borna vi  har er fødde på sjukehuset på Nordfjordeid. Så vidt eg veit er 9 av dei 11 barnebarna hans komne til verda på dette nedleggingstruga sjukehuset.
Margrete vart fødd ein varm og fin sommardag for mange år sidan, sjølv seier ho det er 29, men det har ho sagt lenge. Frå første stund hadde ho ein glupane appetitt og hadde lagt godt på seg før vi kom heim frå føden.Tre veker gammal vart ho døypt i Eid kyrkje. Det var ein nydelig sommar det året, så vi fekk vere mykje ute.Etter dåpen flytta vi heim att til Ørsta, til Melle der vi budde den tida. Eg ønska meg ein unge som sov og åt, og det fekk vi.
Eg lurer på kor gamle "ungane" skal bli før ein sluttar å mimre om korleis det var då dei kom til verda?
Margrete er no ei travelt arbeidande yrkeskvinne og 4-barnsmor som i ledige stunder slappar av med å bestige eit fjell eller sju.Feiring av fødselsdagen blir det ikkje tid til enno, vi får samle opp til ei fellesfeiring, ettersom Øystein, Einar og Solveig også har fødseldag i nær framtid.
Gratulerer med dagen, Detemola!
Etter å ha lese Ingeborg sitt blogginnlegg, blir dette ei svært prosaisk helsing, men eg trur dei som er unge i dag er flinkare enn vi gamle til å uttrykke kjensler i ord. Og det er bra!
No slo klokka akkurat 7 (19.00) og dagen er på hell. Ute er det + 17 grader og vi har nyss hatt båden lyn og torden. No er det stilt, men regnet har enno ikkje kome. Før i dag har vi hatt både sol og regn, og vi har vore litt ute og litt inne. Har ikkje vore på noka utflukt, det har i grunnen vore ein litt for rolig dag. Etter middag vart det fotballkamp på Nils og lydbok på meg. Så vart det så fint ver at vi la oss ut på altanen, men vi vart ikkje så lenge i paradis før det braka laust.
På føremiddagen rusla eg litt i hagen og drog opp eitt og anna ugras etc. Klipte opp grasløk og fraus etc. Å ha frosen grasløk klar til bruk i kjøkkenfrysaren er ikkje så dumt; vi greier ikkje å bruke opp alt etter kvart uansett. Til middag hadde vi restar frå i går.
På FB les eg at bandet til Eirik, " Lommerosk", har spelt på Eid i helga -det var sikkert stas.
Det er mange fødselsdagar i familien i juni månad; i dag fyller Elin år, og i morgon er det Margrete som skal legge eit år til levealderen sin. Reknar med at ho fyller 29 i år også?
Vi gratulerer Elin som feirar dagen i Dublin!

lørdag, juni 18, 2011

Vermelding 18.juni - 2011

Klokka er snart halv to. Temperaturen er + 18 grader og det er skya opphaldsver, slett ikkje så gale.
I dag ventar vi berre to gjestar, så eg har dekka på kjøkkenet med voksduk og det heile. Solveig tek ofte bilde av dei fint dekka borda sine, så no kan de i alle fall sjå at det er ikkje meg ho har det frå.I dag er bordet (som vanlig) dekka i det som eg meiner er pinsefargar, kvitt og grønt. Men sidan den liturgiske fargen for pinsa er raudt, har eg spedd på med ein orange valmue, sidan eg ikkje har noko raudt i hagen no. Valmuen skriv seg frå bestemor sin hage på Hildegard og eg har rikelig om det er nokon som vil ha ei rot.
Det er Margrete og Erlend som kjem i dag, Lars og dei to mellomste er på Eid på korpsstemne og Ingeborg hadde andre planar. Sende melding til Solveig om at dei kunne komme om dei ville, men dei var utan bil. Einar sin bil var på verkstad og så hadde han lånt foreldra sine på jobb i dag.
I dag tidlig var vi vitne til eit dyredrama. Ei lita kanin kom hoppande i veggrøfta, og så kom nabokatten og hogg tak i henne. Hadde ikkje Nils sprunge ut og brølt så hadde nok katten tatt livet av henne. Trur ikkje kaniner er spesielt glupe, men ho hadde no vit å stikke av mens ho hadde sjansen.
Viss de lurer på kva eg serverer til middag, så er det kjøtkaker i brun saus. Har mykje mat i frysaren, men ikkje alt er like snart å tine opp. 
                                    Her er Erlend i sin nye cowboyhatt.

fredag, juni 17, 2011

Bok nr. 34 - 2011: Arven

Då eg lånte denne boka på biblio visste eg kva eg gjorde. Eg forstod kva slags bok det var. Og det var det. Så kan eg vel ikkje klage ? Om ein likar ei bok eller ikkje har mykje med forventningar å gjere, det er vel derfor eg så ofte vert skuffa over "bestsellere". Trur ikkje denne er ein bestseljar, men kanskje den blir det?
To systrer i sin beste alder møtast i eit herskapelig hus utanfor London. Huset har dei arva etter bestemor si. Det er den ynste av systrene, Erica, som fortel denne delen av historia.Denne historia er frå vår tid.
Parallelt med denne historia får vi høyre om den unge, rike Caroline som bur i New York,der ho på eit ball forelskar seg i ein ung ranch-eigar og flyttar med han til Oklahoma, etter at dei har gifta seg.Dette skjer først på 1900-talet. I denne delen av historia er det ein ekstern forteljar.
Erica finn eit bilde av oldemora, Caroline, med ein liten gut på fanget, men denne guten er ikkje nemnd i familiehistoria, og ingen veit kven han er.Ingen har heller hatt kjennskap til at Caroline kom frå USA eller at ho har vore gift før ho gifta seg med den engelske lorden då ho var 21 år gammal. Erica begynner å granske saka, og kjem til slutt i nærleiken av sanninga.
Historia er i grunnen interessant nok, viss berre forfattaren hadde greidd å begrensa seg litt, men som eg så ofte seier:Det blir for mange ord. Og så er det dette med å greie å slutte av .....
Boka minner meg mykje om bøkene til Kate Morton, og kan vere høvelig underhaldning på solsenga ein varm sommardag, for dei som likar denne sjangeren.
Lydboka er på 13 CD-ar. Det hadde greidd seg med mindre.

Vermelding 17.juni - 2011

Klokka er ca. 17.45 og snart er også denne dagen gått over i historia. Det var nettopp ei regnbyge ute, før i dag har det vore opplett, men overskya. Temperaturen er om lag 17 grader C. Ja, eg må berre takke og prise for at vi var så heldige med turveret i går.
Dagen i dag starta heller litt brutalt. Eg låg vaken ei stund og høyrde på ei voldsom susing i røra, slik det er når ein tappar for fullt. Såg at Nils var vekk, så eg rekna med at det var han som styrte med noko. Men då eg såg på klokka var den berre 6.00. Eg stod opp og fann den tradisjonelle lappen på kjøkkenbordet om at han var ute og fiska. Dermed måtte eg finne ut kva det var som rann, og det forstod eg straks. Av og til hender det at vi gløymer å stenge krana der hageslangen er kopla til, og så blir trykket så stort at slangen losnar. Eg var ned og stengde, det vart stilt og eg la meg til å lese i lydboka som eg har på MP3-spelaren. Etter ei lita stund vart det slutt på straumen, så då stod eg like godt opp og sette meg til å skrive referat frå turen i går. Var ferdig før Nils kom heim.
Vi var nedover og handla litt, før vi åt kokt halvstor sei til middag, og då vart det ein skikkelig middagslur etterpå. Eg hadde vondt både her og der etter fallet i forgårs og etter all sittinga i går, så eg trur det gjorde godt å bli godt oppheta under teppe og dyne.
Ikkje før har det vore helg, så er det helg igjen, vekene vert kortare og kortare etter som åra går. Ønsker alle ei god helg!
.

torsdag, juni 16, 2011

Vermelding 16.juni - 2011

Klokka er  snart halv åtte, og vi har hatt oss ei solstund på altanen etter at vi kom heim frå pensjo-turen til Runde. Det har vore ein strålande, varm og deilig dag. Bildet har eg tatt gjennom vinduet mens vi sat inne og åt middag.Akkurat no er temperaturen ca+21 grader C, men det har vore varmare før i dag. Vi kunne ikkje ha vore heldigare med veret.
Eg trudde eg skulle snike meg til ein fridag i dag, men det første som skjedde då eg møtte fram i dag tidlig, var at "Formannen" stakk til meg ei blokk og ein ny penn, begge med bankens logo.
Derfor skriv eg lite om turen her og no. Når eg har skrive referatet, skal eg legge det inn på pensjonistbloggen min. Men nokre bilde tek eg med.

Den 8.mars 1725 forliste det hollandske skipet Akerendam utanfor Runde.Meir enn 250 år senare fann nokre hobbydykkerar restar av skipet, og massevis av gull og sølvmyntar, då dei dykka i dette farvatnet. Delar av den såkalla "Rundeskatten" er no på utstilling på Miljøsenteret på Runde.
Her kan de sjå ein modell av skipet som er utstilt i ein glasmonter. Skipet var på veg til det så då vart kalla Ostindia for å kjøpe krydder. For å unngå sjørøverar i Den engelske kanalen tok dei ei nordlig lei. Dei råka ut for orkan og slik gikk det til at skipet forliste ved norskekysten.
Ombord i skipet var der minst 16 store kister, mange fylt med gull og sølvmyntar, men også andre ting.Pengane skulle dei bruke til å kjøpe krydder, som dei, når dei kom tilbake til Europa, kunne selje for  14 gonger meir enn dei hadde betalt. Men rundt om på somme gardar på Runde har dei funne kister som slett ikkje har lagt lenge i sjøen. Nokon må ha funne dei, med eller utan innhald. Ingen veit.
Her ser vi ein liten del av myntane som blei funne på havbotnen.


Der var også ei mengde med utstoppa fuglar og dyr på utstillinga.

onsdag, juni 15, 2011

Vermelding 15.juni - 2011

Iris og Rosa Moyesi
 Klokka er snart halv fem. Ute er det overskya, opplett og + 15 grader. 
I dag fekk eg endelig unna ein jobb som eg eigentlig skulle gjort i fjor haust, men då kom vinteren så brått. Eg reinsa teppa på stova og i gangen. Nils var ned til Målar-Olav og leigde maskin og kjøpte vaskemiddel, dessutan måtte han hjelpe meg å ta fram dei tunge møblane og få dei på plass igjen. Dei skinnmøblane som vi kjøpte i fjor er blytunge.
Elles så gikk alt bra heilt til eg var ferdig og gikk ut på kjøkkenet med "såpeføter" (gikk berrføtt mens eg jobba). Tenkte ikkje over at føtene mine var glatte, ja, som såpe, og pang der låg eg på det harde ,teppelause golvet. Slo med ganske kraftig, sjølvsagt på den vonde hofta, og eine handleddet er heller ikkje så bra. Men ingen ting er brote.Eg kom meg no på beina ved eiga hjelp, og fekk vaska golva på kjøkkenet og badet før eg gav meg. No har eg lege og lese lydbok, med dyne og varmeteppe, for å hindre at eg blir verre. Skal jo på busstur i morgon.
Nils for nettopp ut døra, han skulle på møte på VØR i dag, så vi hoppa over middagen.Han får pizza der borte, nemlig. I går kveld var han og Hassan ut att med båten etter vaskinga, og fiska makrell, men den toler vel eit par dagar i frysaren.
I dag fyller den andre av døtrene til bror min 45 år. Hugsar så godt då ho vart fødd.Vi budde på Melle den tida, og mamma var på besøk.Vi fikk eit kort i posten frå Svein, der han fortalde at dei hadde fått jente nr.2. Det må ha vore dagen etter fødselen. Den tida hadde vi verken telefon, mobil eller data så nyheitene kom ikkje fram så fort som no.Eg hugsar at det var veldig varmt, Bodil skriv på sin blogg at det var + 33grader, altså litt varmare enn i dag! Mamma vart veldig rastlaus då vi fekk nyheita, så det varte ikkje lenge før ho var på veg heim til Eid.
Vi gratulerer niese "Strikkemor(o)" med dagen !

tirsdag, juni 14, 2011

Vermelding 14.juni - 2011

Klokka er no 15.45. Temperaturen er +18 grader, og hittil i dag har vi hatt både sol og regn. Akkurat no er det overskya, så det kjem kanskje ei regnbyge snart? Alt er betre enn fotsid skodde.
I dag gikk det meste av føremiddagen med til kinobesøk. Nokre av oss møtte opp ei stund før filmen for å prate og drikke kaffi, men dei fleste kom til filmen. Vi skal vurdere til hausten om vi skal halde fram med kaffiservering. Det kjem nye til for kvar film som blir vist på Seniorkino og alle er begeistre for opplegget.Kinosjefen har vore flink til å finne fram til filmar som fell i smak. Det er nye og aktuelle filmar vi hat fått sett.
Filmen "Saras nøkkel" var faktisk GOD. Eg var berre så passelig begeistra for boka då eg las den, men eg likte filmen betre. Det eg likte betre med filmen var at den skifta mellom notid og fortid, og det funka veldig bra.I boka tykte eg at fortida fekk for liten plass.
Nils hadde gjort alt klart før vi for nedover, så det var berre å sette på kokeplatene då vi kom heim. I dag var det salt lange og brosme på menyen.No blir det pause før kaffien.


For å vise at sommaren finst ein stad, og kanskje kjem hit også, legg eg inn desse bilda av gutane i Kongsberg, som kosar seg ute i sola.

Gratulerer med 70-årsdagen!

I dag vil eg gratulere mi kjære veninne i Fredrikstad med 70-årsdagen. Ho voks opp på Eid, i nabohuset til besteforeldra mine,Så vi har kjent kvarandre lenge. Sidan har ho budd mange stader i Norge og Sverige, ja, faktisk eit par år i Botswana også. I mange år skreiv vi til kvarandre svært sporadisk, til sist vart det vel berre eit brev kvar jul. Men no etter at vi begge er "på nett" skriv vi til kvarandre nesten kvar dag, eller "har oss ein prat", som vi kan kalle det. Vi er igjen blitt "bestevenninner" som vi var det i ungdommen, og har besøkt kvarandre fleire gonger siste åra. Venninna mi er uforskamma ung og sprek til å vere berre eitt år yngre enn eg. Bildet er heilt ferskt.
Gratulerer så mykje med dagen KM !

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...