tirsdag, februar 28, 2017

Dagbok 2017: 28.februar

Klokka er19.15,temperaturen er + 2 grader C og det regnar. I dag er det siste dagen i februar, så no går det mot vår.
Eg har vore i bra form dei to-tre siste dagane, så eg vart noko forundra over å vere i så dårleg form då eg stod opp i dag. Slapp, uvel, kvalm og dårleg i magen. Eg forstod fort at eg ikkje var heilt ferdig med "influensaen" min. Var ikkje direkte sjuke, berre slapp og uvel, og det har eg vore i heile dag.
Talde litt på knappane, men vart enig med meg sjølv om at eg skulle halde meg i ro i dag og ladde opp til morgondagen. Då skal vi vere i Volda klokka 10, til samtale med legen frå Ålesund (Bjørg).
Margrete kom hit etter jobb, og ho tok ein tur ut og besøkte Nils. Eg har berre prata med han i telefonen.
Om eg klarer å møte på pensjonistmøtet klokka 16.00 står att å sjå. Eg ser det slik at eg har vore frisk og energisk så lenge at eg datt litt i hop då eg fekk denne forkjølinga eller kva det no er. Om eg uteblir i morgon, så er det første gongen eg skulkar eit møte sidan eg begynte i pensjonistlaget
Har pusla litt med husarbeid i dag, som vanleg, men mest har eg sete og slappa av. Har strikka ein ny lest på eit gammalt brot, men no finn eg ikkje att det andre brotet, så eg er like langt. Det dukkar kanskje opp, eller kanskje ikkje.
Eg fekk Margrete til å kjøpe Underberg til meg i dag, det skal hjelpe både for hals og mage.
Med Nils er det ikkje noko særleg nytt, det går bra framover men det går ikkje fort.

mandag, februar 27, 2017

Dagbok 2017: 27.februar


Klokka er 21.30, temperaturen er +3,4 grader C. Det har vore lettskya og ein del sol i dag også, snøen smeltar, men noko ligg framleis att. Vegane er berre.
I går kveld gjekk eg heim frå Ørstaheimen, og syntest det gjekk bra-heilt til eg skulle legge meg. Då verkte eg så gale i hofta at det var umulig å sove til tross for diverse smertestillande tablettar. Derfor bestemte eg meg for å ikkje "vandre" i dag.
Men eg hadde ein del å gjere heime. Først sette eg i gang med å printe ut årsmeldingane; det burde ikkje vere noka stor sak, men eg saknar eit office-program!
Elles var det ein klesvask som skulle leggast i hop, og så fekk eg endelig guts til å støvsuge teppegolva. Eg hostar litt innimellom, men ikkje noko som plagar meg mykje.

Ei av veninnene mine, Ragnhild, har sagt så ofte at eg må ringe til henne om eg treng skyss, og i dag gjorde eg det. Vi hadde begge ærend på Amfi, og så var vi opp til Nils etterpå.  Då heldt han på med å få i seg siste rest av middagen.
Det er alltid kjekt for Nils å få besøk, særleg når det ikkje er sport på TV. Ragnhild måtte gå etter ei stund, ho skulle heim og lage middag. Eg skulle ringe henne når eg ville bli henta. Men så kom Kåre Gjengedal på besøk, og i dag var det han som køyrde meg heim. Eg har snart ikkje tal på alle bilar eg har sete på med denne vinteren. Masse snille og hjelpsomme folk! Familie, naboar og andre venner.
Då eg kom heim, steikte eg flesk og egg før eg sette meg ned, så eg fekk i meg middag- /kveldsmat. Sjølv om eg ikkje treng å legge på meg, må eg ha i meg litt mat, og det er ikkje alltid like enkelt.
Skal ut til Nils i morgon også, og onsdag skal vi til Volda. Dei har begynt å snakke om at han skal heim, og det er ingen ting eg heller vil enn å ha han heime, men eg meiner likevel han bør vere på Rehab ei stund til. Naboen som vart innlagt på sjukehuset i Volda for nokre dagar sidan, kjem heim i morgon.(Bildet er frå i går.)

søndag, februar 26, 2017

Dagbok 2017: 26.februar


Klokka er21.40, temperaturen er + 4 grader. Det har vore sol og fint vêr i dag, vegane er berre, men det fraus på no i kveld.
Etter å ha skranta nokre dager, vakna eg i dag ganske frisk og energisk. Sjølv om det var sundag måtte eg prøve å få litt orden i huset, så eg fekk i alle fall vaska kjøkken og bad, sett på ei vaskemaskin etc. Så skreiv eg ferdig årsmeldinga til pensjonistlaget, men det står att å trykke den opp og "kjenge" i hop to og to ark. Eg arbeider litt tungvint sidan eg ikkje har installert dei rette programma på PC-en.
Anne- Lise og Odd ville besøke Nils i dag, så eg fekk skyss klokka 14.30. Mens vi var hos Nils kom også Torbjørn på besøk, så då var vi mange frå Starevegen. Eg vart att ei stund etter at dei andre hadde reist, skulle ordne med diverse klede, papir m.m. Eg hadde budd meg på at eg skulle gå heim, og hadde derfor joggesko på meg.
Plutselig oppdaga vi at det var blitt ganske mørkt ute, og klokka var kvart på sju. Då fekk eg det litt travelt med å fare, for eg tenkte på glatte vegar. Og det var det, det hadde frose på fortare enn ein kunne tru. Men det gjekk bra, fortaua er sanda, og eg var forsiktig. Vegen langs elva, der eg brukar å gå ,var heilt fin. Brukte litt lengre tid enn eg plar, men det er viktigast å komme heile heim. Var litt spent på korleis det skulle gå med den vonde hofta og det vonde kneet, men det gjekk heilt fin. Trur turen gjorde godt.
Nils er i rimeleg bra form, men har problem med balansen når han skal gå; sjølv om han brukar rullator må han ha nokon ved sidan av seg.
Eg har ete litt etter at eg kom heim og så såg eg TV. Men så merka eg at TV-en var utan lyd og bilde. No skal eg sjå inn att på stova om eg får liv i den igjen. Har venta lenge på at den skulle takke for seg, så streikar den no, må eg ha hjelp til å kjøpe ny. Dvs. kjøpe klarer eg vel, men å montere den opp tek eg ikkje sjansen på.
PS: TV-en virkar ikkje som han skal.
PPS: TV-en har vakna til live igjen.

lørdag, februar 25, 2017

Dagbok 2017: 25.februar



Klokka er 18.45, temperaturen ute er +3,3 grader C, så snøen smeltar. Dette snøfallet merka eg lite til sidan Stian har mok opp til fleire gonger for dag. Sjølv tok eg og spada litt snø vekk frå altanen, så det ikkje skal bli så mykje vatn bår det smeltar.
Sist natt hosta eg ganske mykje til tross for at eg hadde tatt hostesaft, men på dagtid har eg stort sett vore frisk og rask.
Føremiddagen brukte eg til ein del "kontorarbeid" etc. Einar kom og henta meg ca. 13.30, og vi reiste ut til Nils, etter ei stund kom Håkon også. Vi vart no sittande å sjå mykje på skirenn, no sidan Nils har rom for seg sjølv og stor fin TV har han det ganske bra. Og han tek gjerne imot besøk.
Det var Håkon som køyrde meg heim, vi stoppa ved Kiwi og handla litt begge to.
Kva eg har gjort på etter at eg kom heim må gudane vite. Eg har betalt rekningar på nettbank, skrive årsmelding for pensjonistlaget etc. etc. No skal eg snart parkere framfor TV-en med strikketøy.
Margrete og barna kom att frå London med nattbussen til Volda i dag tidleg. Dei må no ha hatt ein fantastisk tur; tre musikalar har dei sett, blant anna.
Turen var ei julegåve frå Margrete til barna, og pengane dei fekk av oss gjekk vel også med ++++ Fem personar i London i mange dagar kostar nok skjorta, men FOR eit minne å ta med seg vidare i livet. Margrete kjem sikkert til å skrive sjølv.

fredag, februar 24, 2017

Dabok 2017: 24.februar





Klokka er 18.00, temperaturen er minus 1 grad C og det har snøa nesten heile dagen. Stian måtte til å moke tunet i dag igjen, men altanen vart ikkje moka i dag-i går reinska eg opp.
Sist natt vart eg liggande å hoste og hoste, tørr kløhoste som berre var irriterande.
Eg vakna i rimeleg tid, men stod ikkje opp med det same, for eg var slapp og trasig på alle måtar. Eg er så vant til å vere frisk at eg gir meg heilt over for ei stakkars forkjøling. Det er ikkje snakk om influensa med feber og det som høyrer med. Men ein kan bli ganske så slapp av forkjøling også.
Nils ringde før eg var oppe, han synest at han kjem seg dag for dag no. Eg har  lege på daybeden min med lydbok og varmeteppe det meste av dagen. Solveig kom innover og ho hadde med hostesaft til meg, og så tok ho med ut til Nils diverse saker som han trong. Ho kom opp att hit etter besøket, då drakk vi kaffi og prata. Ho hadde forresten med seg bollar til meg, og et det gjer eg, same korleis det elles står til.
Eg har vore ned i tilbygget og henta inn ved, så eg kan ha det varmt og godt gjennom ein lang TV-kveld. No er det to dagar eg ikkje har besøkt Nils, elles har eg besøkt han alle dagar han har vore på sjukehuset og på pleieheimen. I morgon kjem Einar innover, då håper eg at eg kan vere med ut på Ørstaheimen ei stund. Berre hosten losnar ned for "bringa" no, så blir eg bra. Trur eg . Ha ei god helg alle som les bloggen.

torsdag, februar 23, 2017

Dagbok 2017: 23.februar

Klokka er 17.45, temperaturen så vidt litt under 0 grader og vi har fått ny snø. Fin og lett var snøen då han kom, så får vi sjå om den blir liggande eller om den renn vekk. Naboguten kom og moka heile tunet tidleg på dag, seinare kom det meir snø. Men for meg hadde det ikkje noko å seie, for eg hadde bestemt meg for å halde meg heime i dag. Verkte så grassat i hofta sist natt at eg ikkje fekk sove til tross for ein rikeleg dose tablettar. I tillegg var eg sår i halsen. Sovna til slutt då det nærma seg morgon og det var ikkje akkurat tidleg eg stod opp.
For hofta si skuld ville eg halde meg mest muleg i ro for å sjå om det hjelpte. Eg har snakka med Nils i telefonen fleire gonger, han ringer når han vil prate litt. I dag var han godt fornøgd; han hadde fått rom for seg sjølv og TV- det siste var veldig viktig, for han likar å følgje med på sporten. Elles hadde han fått i seg bra med mat. Han får medisin som hjelper både for det eine og det andre. I går hadde han også rom for seg sjølv då eg var der, men så fekk han inn ein kamerat om kvelden. Det var ingen suksess. Ein av naboane ringde og tilbaud meg skyss, men i dag takka eg nei.
Det er ikkje så ofte eg kjedar meg, for eg finn alltid noko å gjere, men i dag skulle eg verken gjere husarbeid eller "vandre" så det vart litt tamt. Hadde nokre telefonar i "embets medfør" og gjorde ferdig eit lestepar. No ventar eg på at Solveig skal komme med garn til meg, for no er eg lei av å strikke "reste-lester". Solveig og Einar kjem innover fredag og laurdag, ein av dei kvar av dagane.
Mens eg strikka høyrde eg lydbok, men eg syntest heile tida det var noko kjent med boka. Eg hadde rettnok sjekka bloggen og funne ut at eg ikkje hadde lese den, men etter kvart vart tvilen så stor at eg måtte sjekke igjen- og då fekk eg treff. Det er ein kriminalroman og dei er til forveksling så like, mange av dei, at det gjer ikkje så mykje om eg les den om att.
Eg var ut på altanen og skuffa vekk noko snø, så den ikkje frys til slik som førre gongen vi hadde vinter.
Har ikkje laga meg noko spennande mat i dag, prøvde ei "rett i koppen" -suppe som vi hadde liggande, men den var ikkje så spennande.
Håper eg er meir frittgåande i morgon, for eg er litt for frisk til å slappe så mykje av, men eg har forkjølinga i meg og vil ikkje smitte folk.


onsdag, februar 22, 2017

Bok nr. 9 - 2017: Nøtteskall.

Nøtteskall av Ian McEwan (Lydbok-CD)
«Nøtteskall» er en klassisk beretning om mord og bedrag - med en svært original tvist - fra en av fortellerkunstens største mestere.

Trudy bedrar sin ektemann, John. Men ikke med hvem som helst. For mens John forsøker å vinne sin kone tilbake med poesi og kjærlighet, tilbringer hun dagene i ektesengen med hans bror, Claude. Sammen legger Trudy og Claude en utspekulert plan for å bli kvitt John en gang for alle. Lite vet de at planene blir bevitnet av en tredjepart - det snart ni måneder gamle fosteret i Trudys mage. Alt er lagt til rette for et kammerspill av det sjeldne.
.........................................................................
Så har eg endelig kome gjennom dei fire CD-platene. Hadde eg hatt anna lesestoff, hadde eg gitt opp før.
Forteljestemma i boka kjem frå eit barn i mors liv. Barnet er vitne til at mora og onkelen planlegg å drepe faren........say no more.
I tillegg blir boka, der handlinga er lagt til England, lese for fort av ein nordlending med tydeleg nordnorsk tonefall
Absolutt ikkje anbefalt.

Dagbok 2017: 22.februar




Bilda er tatt frå altanen klokka 10.30 i dag, men vêret vart ikkje så fint som det såg ut til. No er klokka 18.30, og det regnar ute, temperaturen er +3  grader C, så vi kan ikkje klage. Tidlegare i dag var den oppe i +7.
I dag sette eg brøddeig rett etter frokost, så brøda var ferdigsteikte før eg reiste ut til Nils klokka 12.30. Ein av naboane køyrde meg i dag, sidan eg skulle ha med meg laptoppen. Vi fekk ha rommet åleine i dag, eg hjelpte til å ommøblere, og han fekk inn TV. Eg var der til han var ferdig å ete middag, og heim att gjekk eg. Då var klokka ca 16.30. Eg fekk ordna med så ymse mens eg var der og vi såg TV, sjekka FB osb. Etter at eg kom heim ringde Nils og fortalde at han fekk ein ny romkamerat. Vi var litt skuffa over det; håper berre at det er ein som vil sjå ski-VM. Jørn hadde besøkt han i dag og fortalt om fiskeria sine. Nils likar å høyre om fiskefangstar sjølv om han ikkje får fiske sjølv. Han får så mykje medisin at han er relativt bra, men må få tablettar for å halde feberen borte, så frisk er han ikkje. Men forkjølinga var ikkje så plagsom i dag. Eg har fått Rasmus til å fylle på mobilen hans med pengar slik at han kan ringe til dei han vil prate med. Eg åt nybakt brød med sild og egg då eg kom heim, det var middagen min i dag. Heilt OK for meg.



I dag fyller nest eldste barnebarnet 27 år. Han vart fødd på farfaren sin 75-årsdag. I dag fekk dottera til broren til Øystein ei lita jente, som vart fødd på oldefaren sin fødselsdag.(Han er død for mange år sidan) Elles kan eg nemne at broren til Øystein, han som vart bestefar i dag er fødd den 22.august, og eldste dottera er fødd same datoen.
Audun som enno er i kongens klær har altså bursdag i dag, men eg veit ikkje kvar han feirer dagen. Ikkje på Heidi`s Beerbar i alle fall- for Ingeborg er i London

                                       
Gratulerer med dagen , Audun!

tirsdag, februar 21, 2017

Dagbok 2017: 21.februar

Klokka er19.35, temperaturen er + 2 grader C og i dag tidleg var snøen komen langt nedetter fjellsida. Det er kanskje derfor hofta har vore litt plagsom, den fungerer som vêrmeldings-stasjon.
Av talen var at Solveig skulle komme innover i 12.tida i dag, men ho kom litt før. Føremiddagen gjekk fort, og det var ikkje så mykje eg fekk utretta, men eg fekk i alle fall skrive eit lite avisinnlegg. Eg hadde ein del ærend i dag, så eg var glad for at Solveig gjerne ville innover. Kjøkkenet skulle gjerast ferdig i dag, så ho syntest det var greitt å komme seg ut av huset. Og for eit kjøkken! Eiketre-skap etc., stein benkeplater og eikeparkett på golvet, snakk om høg standard. Ho kjem nok til å legge det ut på bloggen sin  etter kvart.
Vi var først på biblioteket der eg lånte tre lydbøker, men fann ut at eg hadde lese den eine før-då eg skulle til å rippe.
Eg hadde ærend på apoteket og på parfymeriet på AMFI. Og så var vi sjølvsagt opp til Nils. Han var blitt dyktig forkjøla, sår hals og hoste m.m. Han hadde i grunnen nok utan forkjølinga. Har nettopp snakka med han i telefonen, han har ikkje feber, men ligg for det meste i senga. Romkameraten skal reise til Vartdal i morgon, og då spørs det om han får rommet åleine. Sjukeheimen er full av eldre folk med influensa, blant anna, og dei tilsette går med munnbind. Men Nils vil i alle fall ha ut laptoppen sin i morgon slik at han får sjå skisport på den. Når han ikkje har TV får laptoppen duge.
Solveig og eg var ein tur på Føniks og fekk oss litt mat og kaffi etter besøket.
Etter at Solveig reiste ut att vart eg sittande å rippe lydbøker, mens eg strikka og hadde ei lydbok på øyret, såkalla multitasking, så no er det håp om at eg kan få lese ut ei heilt sprø bok som eg har slite med ei stund. Men då er det på tide å kome seg inn på stova og sjå litt TV-kanskje.

mandag, februar 20, 2017

Dagbok 2017: 20.februar

Klokka er 20.00, temperaturen +6 grader C og det regnar. Noko til vinter! Men eg er komen opp i den alderen då ein synest det er greitt å sleppe snø og glatte vegar, sjølv om eg gjerne kunne tenkt meg litt sparkeføre.
Føremiddagen i dag gjekk stort sett med til klesvask og stryking , pluss litt anna husarbeid.
Nils ringde etter legevisitten og sa at han skulle overførast til sjukeheimen i dag. Seinare ringde han igjen og sa at han skulle reise med ambulanse frå Volda klokka 16.00. Eg tok tidspunktet med ei klype salt.
Sidan eg skulle gå i dag, kunne eg ikkje ha med meg så mykje. Eg ville også sjå det an, kva han trong, og kva han ønskte eg skulle bringe han.
Nokre småting hadde eg alt i veska, men etter at eg hadde leita huset rundt etter ein kam, bestemte eg meg for å legge turen om Kiwi for å kjøpe kammar så vi hadde ei stund. Eg leita i hyllene med tannbørstar, barberhøvlar deodorantar og desslike, men måtte til slutt spørje betjeninga etter kammar. DET hadde dei ikkje, så eg kjøpte berre nokre bananar, ikkje at det erstattar kam altså.
Eg var på sjukeheimen klokka 16.00 til tross for at eg nesten gav opp på vegen, hofta mi slo seg fullstendig vrang i dag. Hadde tatt eit par tablettar før middag, men hadde ikkje tatt med fleire.
Det kom seg noko når eg fekk sitte og kvile ei stund. Eg trefte ei dame frå Vartdal som eg kjenner, så eg hadde henne og eit par til å prate med mens eg venta, for Nils var sjølvsagt forseinka. Klokka vart 17.30 før han kom, og då var han ganske sliten og groggy. Han hadde ikkje fått så mykje nattero sist natt og så var det den lange ventetida.
Vi hadde gledd oss til at han skulle få einerom med TV; det vart ei ekstraseng- men rettnok på eit einerom. Ikkje ei einaste stikkontakt ved senga viste tydeleg at rommet ikkje var berekna for meir enn ein. Den andre mannen var grei nok, han var der fordi han hadde brote lårhalsen, så han er ikkje sjuk i den forstand, men han høyrde veldig dårleg.TV var det ikkje tale om å få plass til.
Eg sat der så lenge til Nils hadde fått i seg ein kopp suppe (rett i koppen) + ei skål med havregraut/-suppe. Næringsdrikkar hadde dei ikkje, men det skulle dei skaffe i morgon. Eg tok ikkje med heimanfrå, for eg rekna med at han fekk der. Det angra eg litt på, men bananer inneheld også mykje næring.
Han var så trøtt at eg let han få fred så han kunne få seg ein blund. Eg gjekk heim att og hofta heldt!
Nils ligg på samme avdelinga som sist, første rommet på høgre hand, bilde av ei sol på døra.

søndag, februar 19, 2017

Dagbok 2017: 19.februar

Klokka er 20.15, temperaturen ute er + 6 grader, og det regnar.
Det er mindre enn ein time sidan eg kom att frå Volda, men så måtte eg innom FB, og så kom det ein telefon etc. så  tida går litt ifrå meg.
I dag skulle eg få sitte på med nokre naboar til Volda, dei ville besøke Nils. Det er kjekt at Nils får besøk av andre enn meg, men eg vart der litt lenger og tok bussen heim. Det er godt å få litt frisk luft og mosjon også. Eg brukar mindre enn ein halvtime å gå frå sjukehuset og ned på busstasjonen, og då går eg ikkje fort. Så fekk eg turen frå busstasjonen her og heim att, så det vart ein passeleg tur i dag.
Føremiddagen vart litt lengre enn vanleg sidan eg fekk skyss, så eg fekk gjort litt husarbeid før eg fór.
Bytta på sengene og vaska soverommet, blant anna.Ikkje så stor skilnad på helg og yrke her i garden.
Eg laga smoothie til Nils og hadde med på eit sylteglas. I dag brukte eg eplejus som var lite søt +jordbær, bringebær og banan (ferdig blanding) Den gjekk ned på høgkant, men han må vere litt forsiktig med kva han har i seg no når han går på penicillin. Han kan bli dårleg i magen.
Elles hadde han ete middag i dag, skikkelig sosakjøt ! Det var bra. Men brødskiver vil han ikkje ha, eller noko anna som er tørt. Det går mykje i supper og næringsdrikkar.
Han har ei lita søt jente som passar godt på han. Ho kjem ca. kvart 5.minutt og spør om det er noko han vil ha, eller måler blodtrykk, temperatur, sukker etc. etc. Ho snakkar stavangerdialekt, men kjem opprinneleg frå Tyrkia, så i dag fekk eg teste "tyrkisken" min. Trur ho er sjukepleieelev.
Fiskekameraten Kjell ringde og spurde om eg ville ha kvitlange, han hadde fiska i dag, og sjølv et han ikkje den fisken. Han veit at vi likar den, men i dag takka eg nei. Ser ikkje for meg at eg skal koke fisk berre til meg sjølv.
Men no må eg ut og raide kjøleskapet og sjå om eg finn noko eg har lyst på.

lørdag, februar 18, 2017

Dagbok 2017: 18.februar

Klokka er 18.05. Temperaturen er + 6 grader C og det regnar. Ja, vi får no finne oss i det etter alt finevêret. Eg har vore "dagvill" heile veka, og i dag var eg komen til sundag. Men så tok eg og vaska litt her og der for å overtyde meg sjølv om at det var laurdag.
Solveig skulle komme innover, ho reiste frå Hareid klokka 13.00, og Margrete skulle komme oppom om lag på same tid. Det var greitt. Den store overraskinga var at Ingeborg var komen heim, og hadde med seg ein nydeleg rosebukett. Ho hadde vore og besøkt Nils i går før eg var der, men det skulle vere hemmeleg for meg. Solveig kom med ein nydeleg duftranke, som eigentleg var morsdags-gåve.
Så reiste vi alle fire til Volda og besøkte Nils, så i dag var det vi som fylte opp rommet. Nils var ikkje så bra i dag som han var i går, dessverre. Han hadde hatt feber tidleg på dag, men den var borte då vi var der. Dei finn ikkje ut kvar rota til det onde sit-det har dei ikkje gjort dei andre gongane heller. Eg trur ikkje infeksjonen har vore heilt borte i det heile tatt. No driv dei og granskar alt som granskast kan, så det er uvisst kva tid han slepp ut av sjukehuset. Eg synest det er tryggast han er der til han er betre. Men eg skulle ønske han slapp å vere på 4-mannsrom. I dag hadde han glede av å følgje med på skiskyting på TV.
Solveig og eg hadde oss ein runde på Amfi, kjøte litt mat og nokre småting. Denne veka har Solveig vore på Molde i to dagar og elles hatt mykje å gjere. Komande veke er det vinterferie, så då blir det kanskje fleire turar innover.
Eg var svolten då eg kom heim, men no har eg fått meg eit skikkeleg måltid mat. MIN appetitt er det ikkje noko i vegen med.



fredag, februar 17, 2017

Dagbok 2017: 17.februar


Klokka er 18.10, temperaturen er + 3 grader C, og eg er ikkje sikker på om det har regna litt i dag, men sola var i alle fall framme ei lita stund på føremiddagen.
Elles kan eg melde om fint vêr i Bergen og på Skedsmokorset, sidan eg har hatt kontakt med ei venninne og ei kusine. Venninna i Bergen fyller 77 år i dag, og vi har vore venner sidan vi sat i lag på dobbelpult i 1.klasse, ja, kanskje før det også.
Elles vart eg veldig skuffa i dag før middag då Nils ringde og fortalde at han måtte vere på sjukehuset over helga. Eg hadde gledd meg til han skulle få komme til Ørstaheimen i dag. Men legane hadde funne noko dei ville undersøke nærmare. Meir veit eg ikkje om det. Men eg kontakta Einar som hadde planlagt å besøke morfaren i dag, så han henta meg og vi for i lag bort til Nils.
I farten treiv eg med meg eit par yoghurtar frå kjøleskapet i tilfelle han greidde å ete dei.
Men i dag fekk eg nesten sjokk, han ville ha den eine med ein gong, og då han hadde fått i seg den, tok han den ande også. Og så kunne han fortelle at han hadde ete pizza til lunsj. Etter ei stund kom dei og spurde om han ville ha lapskaus, som var middagen i dag. Ja, det ville han, og ein ganske bra porsjon gjekk ned på høgkant, pluss frukta som var til dessert. Eg sat berre og måpte. Har ikkje sett han ete så fort og mykje på månadsvis. Det er nok dei nye tablettane som tek til å virke, slik legen sa dei skulle. Om det er medisinen som gjer at han et, og verkar kvikkare, så er det no kjekt uansett.
Einar og eg vart svoltne berre av å sjå på, så vi bestemte oss for å te på Kina-restauranten i dag. Der tok vi "Dagens" som vi trudde var norsk mat, sidan der stod "Svinesteik med fløtesaus". Det må i alle fall ha vore ein veldig kinesisk variant, det einaste norske eg kunne oppdrive var poteter. Men godt var det. Litt dramatikk var det også i og med at servietten min tok fyr, men eg fekk fanga den med gaffelen og putta den opp i vassglaset mitt. Er blitt vant til at dei små "telysa" er elektriske-men i dag var dei levande.
Einar køyrde meg heim, og der stod telefonen og blinka. Det var Nils som hadde ringt før eg kom heim, han ville vite korleis det hadde gått med kafé-besøket. Han hadde ringt frå fasttelefonen på rommet for at eg skulle få nummeret. Alt i alt har det vore ein bra dag i dag. I morgon kjem Solveig innover, så då får eg skyss både til sjukehus og butikk.
Var ein liten tur rundt huset før Einar kom, og ser at løkplantane spirer både her og der. Det er i grunnen for tidleg.
Ønsker alle ei god helg!


torsdag, februar 16, 2017

Bok nr. 8 - 2017: Hviskeren

Hviskeren av Karin Fossum (Lydbok-CD)

Forlagets omtale:

Ny Sejer-roman fra Karin Fossum! Ragna Riegel jobber på Europris og bor alene i barndomshjemmet. Nå er foreldrene hennes døde og den eneste sønnen har flyttet til Berlin og de har nesten ingen kontakt. Bare ett og annet jule- og bursdagskort. Ragna lever livet sitt innen strenge rammer: hun liker jobben fordi den er full av rutine, hun liker å sitte på samme sete i bussen hver dag, hun liker å handle det samme i nabolagsbutikken hver dag. Hun må ha orden på livet. Og det har hun, inntil den dagen hun finner et brev i postkassen med hennes navn på konvolutten og en utvetydig trussel skrevet med store blokkbokstaver på arket inni. Brevet gir støtet til et mareritt der Ragna Riegel blir truet på livet av en ukjent fiende. Der hun merker at hun må ta alle midler i bruk for å forsvare seg. Romanen tar form av Konrad Sejers avhør av Ragna Riegel etter at det verste er skjedd. Etter at alt er for seint. Gjennom avhørene forsøker Sejer å lokke fram sannheten om det som er skjedd. Men er Ragna sannferdig? Eller fører hun omgivelsene grundig bak lyset. Det blir det Sejers oppgave å finne ut av.
.....................................................
Det er noko med Karin Fossums romanfigurar som gjer det vanskeleg å gløyme dei- Berre tenk på Poona m.a.. Forfattaren brukar kunnskapane sine om den menneskelege psyke  til å skape karakterar ein seint vil gløyme. Dette er ikkje ein heilt vanleg krimroman- og takk for det. Anbefalt. 

Dagbok 2017: 16.februar

Klokka er 18.15, temperaturen er +5 grader C og det regnar aldri så lite. Det er mindre enn ein halv time sidan eg kom att frå Volda. Tok 13-bussen bortover og 17-bussen heim.
Det er ikkje så store endringar med Nils, han har ikkje feber, og ikkje mykje smerter, men er framleis like slapp. Men sidan han er ferdigbehandla må han ut frå sjukehuset. Dei snakka om å sende han heim, noko vi ikkje ville, så det vart søkt om korttidsplass på Ørstaheimen. Vi sa i frå om det i går, men i dag kom fysioterapeuten og spurde igjen. Han gjekk vidare med meldinga, og vi fekk svar -Nils får kome på Rehab igjen, slik vi ønskte. Eg kan ikkje ha han heime så lenge han ikkje greier å gå med rullator! Som eg sa til fysioterapeuten, om vi får heimesjukepleie to timar for dag, så har døgnet 24 timar. Eg hadde ikkje tenkt å fare bortover før klokka 14 i dag, men då eg snakka med Nils i telefonen forstod eg at han var litt uroleg for akkurat dette spørsmålet, og ville at eg skulle komme før, så eg heiv med rundt. I går vart det smått med mosjon, men i dag har eg gått MILA mi. Berekna 40 minutt frå sjukehuset og ned , men brukte mindre enn 30 .(Skunda meg ikkje.)
No har eg kveikt i omnen, og så må eg finne meg litt mat. Det går i to måltid pr. dag når eg er åleine: frokost og kvelds.
Når eg skal fare att og fram til Volda går det meste av dagen med, det er kjekkare både for han og meg når han får vere på Ørstaheimen.
Han vil berre ha flytande føde, så det går på supper. Legen som vi snakka med for eit par dagar sidan sa at han berre måtte hive inn på styrkedrikkar, så mykje han orka. Men det hadde han ikkje fått. Ikkje spurt etter det heller. Eg spurde - og han drakk ein mens eg var der og fekk ein til som han hadde innan rekkevidde. Dei er så mange som jobbar på avdelinga at ikkje alle får beskjed om alt. Nils er veldig trøtt og sliten, så eg masar ikkje så mykje når eg er der. I dag sovna han ei lita stund under besøket. Ein av dei andre på rommet har heile halve slekta på besøk heile tida og alle skravlar like høgt. Det er slitsomt det også.

onsdag, februar 15, 2017

Dagbok 2017: 15.februar

Siste fine morgonen på ei stund?




Klokka er17.00, temperaturen er +6 grader C, det har skya over og vi har fått dei første regndropane. Det blir nok fleire.
Det var mykje styr med TV-en i går kveld, men vi kunne spart oss all møda, for det var ikkje her feilen var. I dag då eg sette på TV-en virka alt som det skulle. Og takk for det. Eg plar aldri sjå frokost-TV, men i dag fekk eg sjå mora til Lothepus. Det er litt selskap i fjernsynet når ein er så mykje heime åleine, men det blir nok ingen vane å sjå TV på dagtid.
I dag gjekk eg heimanfrå klokka 10.30 ca. fordi eg skulle på styremøte. Hadde litt vondt i hofta etter all trakkinga i går, men eg hadde ikkje gått mange meter før eg vart plukka opp av ein nabo som skulle nedover. Møtet varde i godt over ein time, men eg hadde god tid til bussen som går herfrå 7 minutt før kvar heile time. I dag var det litt spesielt, for det var Bergensbussen som kom. Eg veit ikkje kvifor, men vi måtte byte buss i Furene (Som regel byter vi berre sjåfør der). Men vi var framleis på bussen som skulle til Bergen- og han skulle rett på ferja. Vi vart med ned på ferjekaia, der vi som skulle til Volda måtte over i ein annan buss. Heldigvis køyrde den bussen opp til sjukehuset. Eg er i grunnen blitt ganske glad i å ta buss, billeg er det også.
Nils ligg framleis på 4-mannsrom på sjukehuset, han har det bra, men er framleis slapp og appetittlaus. Eg hadde kjøpt nokre druer utan stein, og dei likte han. Elles går det i diverse supper. Alle som jobbar der gjer sitt beste for å hjelpe både han og dei andre pasientane. Dei gjer ein god og nyttig jobb.
I dag fekk eg også helse på fysioterapeuten, som heiter Rasmus. Ja, han er ikkje fullt utdanna enno. Sidan han snakka ein nordnorsk dialekt spurde eg kvar i Nord-Norge han kom frå. " Eg er eigentleg ikkje nordlending", sa han, "eg er frå Eid". Det viste seg at han hadde budd på Eid til han var 16 år, og i alle skuleåra sine hadde han gått i lag med Øyvind, barnebarnet til bror min. " Eg var så glad i dag, for eg trudde det var torsdag og då er det klubb, " sa han. Sjeldan eg høyrer folk som snakkar om klubb no. Ikkje seier eg det sjølv heller.
Dei kjem og måler blodtrykk, temperatur etc. rett som det er, og alt ser bra ut med Nils. I dag tidleg måtte han ta ei litt spesiell undersøking av magesekken, så då måtte han "svelgje slangen". Dei måtte vere sikre på at han ikkje hadde magesår eller liknande før dei kunne gi han dei nye tablettane. Det hadde gått fint med undersøkinga og alt var i orden.
Det er snakk om at han skal vere på sjukehuset eit par dagar til, og så ønskte vi at han skulle få kome på Ørstaheimen ein periode før han kjem heim. Han har framleis problem med å gå, så eg synest ikkje det er forsvarleg å ha han heime enno.
Margrete ringde mens eg var der, og ho kom oppom og såg til Nils før ho køyrde meg heim. Så i dag har det ikkje blitt så mykje mosjon på meg. Eg fekk henne til å køyre ein tur på Felleskjøpet såpass eg fekk handle vaskepulver- men ingen av oss hugsa å ta det ut av bilen i Starevegen, så no er OMOen på ville vegar.

tirsdag, februar 14, 2017

Dagbok 2017: 14.februar


Klokka er 22.30, temperaturen ute er minus 2 grader, og det har vore enda ein nydeleg dag-med tanke på vêret.
Mykje av føremiddagen gjekk med til diverse husarbeid, blant anna støvsuging og litt ommøblering. Eg gjekk heimanfrå i god tid til å nå bussen som går frå Ørsta ca. 13.50. Bussen vart stappfull, noko som er sjeldan, men det var skuleelevar frå Folkestad, blant andre, som hadde vore i Ørsta og sett musikalen til VVS. Eg kom i prat med ei som sikkert var lærar ved skulen, og ho spurde om eg ikkje var bestemora til Amanda- og det er eg no. Margrete hadde skaffa billett til meg, men slik stoda vart her måtte eg berre takke nei, denne gongen. Amanda har no to år att på musikklinja så eg vonar det vert fleire høve å sjå henne i aksjon.
Bussen køyrde heilt opp til sjukehuset i dag, så det var lett å kome seg fram. Nils låg på same rommet som sist -i lag med tre andre eldre karar. Nils er veldig slapp, og har dårleg appetitt, kvalm er han også, men han har ikkje smerter og heller ikkje feber. No er dei eit heilt team med legar som skal prøve å finne ut kvifor han får desse infeksjonane. I dag trilla dei senga inn på eit anna rom der vi hadde samtale med lege og kreftsjukepleiar. Nils vil gjerne at eg er med på alle slike konsultasjonar, for sidan eg er frisk kan eg samle meg om både spørsmål og svar. Eg er litt meir "på høgget" enn pasienten sjølv. Eg spurde Nils om han tykte eg kjørte over han og snakka for mykje. Men han sa at det var berre bra. Det er ingen ting som feilar Nils i hovudet, han er like klår som eg, men han er berre så slapp. Overlegen kom inn på rommet etter at han hadde konferert med dei andre legane, og sa kva medisin dei ville satse på for å få Nils opp og stå-bokstavleg talt.
Eg såg at Nils var sliten og at han helst ville sove, så eg spurde om eg skulle gå- og det syntest han eg skulle. Dermed kom eg akkurat 10-15 minutt for seint til ein buss, og tilsvarande for tidleg til neste buss. Det går buss kvar time. Dermed tok eg ein liten runde på Spinneriet utan å kjøpe noko. Då eg endeleg kom heim att var klokka 18.30. Eg gjekk relativt fort opp bakkane i kveld.
Men så begynte moroa. TV-en ville ikkje virke. Eg drog ut og sette inn att alle verdens leidningar etc. men ikkje noko hjelpte. Eg "averterte " etter hjelp på FB, og Even kom nedom og prøvde seg med alle slags kunster, men heller ikkje han fekk det til. Det er truleg Get-boksen som ikkje funkar. Men han fekk i alle fall liv i laptoppen.
Eg har sete her på datarommet og sett Arvingane. Skal sjå litt nyhende også, men så vil eg inn att i stova i godstolen.
I morgon klokka 11.00 skal eg på styremøte i pensjonistlaget. Etterpå tek eg buss til Volda utan å fare heimom først.

mandag, februar 13, 2017

Dagbok 2017: 13.februar

Klokka er 18.15, temperaturen er minus 1 grad C og det har vore fint vêr i dag også. Elles har ikkje dagen vore så strålande. Nils har hangla litt siste dagane, vore veldig slapp og utan matlyst. Eg har sett kva veg det gjekk.
I dag ringde han sjølv til kreftsjukepleiaren/ koordinatoren. Ho kom heim her og tok blodprøver som ho frakta ned på legesenteret. Eg hadde tennlegetime så eg måtte vere vekke ei stund, men Marit køyrde meg ned og venta på meg mens eg var inne. Då eg kom heim kom sjukepleiaren hakk i hæl og kunne fortelje at ein ny infeksjon var på gang, og verdiane var såpass høge at det var ikkje rart han var slapp. Så var det å vente på lege, han skulle komme etter halv fire, og det gjorde han. Han undersøkte Nils og avgjorde at han skulle til Volda, og der er han no. Sidan han har litt for låg blodprosent håper eg han får tilført litt blod, det gjorde han sist han var der. Og så blir det ny antibiotikakur-den tredje sidan 14.nov. Og fjerde gong han får ambulansetur. Ja, ein lyt vel berre venje seg til det. Godt at vi bur i eit land der både sjuke og gamle får hjelp, utan at vi må betale det sjølve.
Eg synest det er trist kvar gong han må reise heimanfrå for å ligge på sjukehus, men ser også mi eiga begrensning når det gjeld å ta meg av ein sjuk mann. Og når han skal ha medisinsk behandling har eg ingen ting å stille opp med. Håpet mitt er at han blir overført til Ørstaheimen, slik at eg har han i gangavstand.
No har eg sett på ein klesvask og så skal eg ete litt, har ikkje smakt mat sidan frokost.

søndag, februar 12, 2017

Dagbok 2017: 12.januar


Klokka er 18.50, temperaturen er + 2   grader C og det har vore fint vêr i dag også, sjølv om det ikkje har vore så mykje sol. Vi har sjølvsagt halde oss heime, og sidan sundag er den dagen då her ikkje plar kome nokon, har eg brukt ein del av dagen til husarbeid. Rydda og vaska litt rundt omkring.
Nils har ikkje vore i form siste dagane, men vi håpa på at det skulle komme seg etter kvart.  Men det ser ikkje ut som om det går rette vegen no. Han har samme symptoma som han har hatt dei gongane han har fått infeksjonar. I morgon kjem dei frå heimesjukepleien, så då får vi rådføre oss med dei. Han skal ikkje bli liggande for lenge før vi tek kontakt med lege denne gongen. Litt dumt at eg har tannlege akkurat i morgon, men vi skal vel få det til. Marit har lova å køyre meg til tannlegen, og eg plar ikkje vere inne hos han så mange minutta.
Nils var oppe og såg sport heile føremiddagen, men så har han lege på datarommet eit par-tre timar etterpå. Han har problem med å få i seg mat. I går gjekk det relativt bra, men i dag er det nesten umulig. Han er kvalm, og har tablettar for det, men dei ser ikkje ut til å hjelpe. Slik har det vore før også. No ser vi morgondagen an, han har ikkje feber eller smerter.


Denne "flaska" fann eg utanfor kjellardøra, rett under vasskranen, som sikker lekker aldri så lite.

lørdag, februar 11, 2017

Dagbok 2017: 11.februar




Klokka er 20,.10, temperaturen er minus 4 grader C og det har vore ein nydelig dag med sol frå kl.9.45 til 16.40. Om det er relativt kaldt ute, varmar sola opp huset så det blir nesten for varmt inne, vi må i alle fall slå av varmepumpa.
Nils var ikkje så sprek tidleg på dag, så det gjekk ei stund før vi var i siget. Ikkje det at eg har "gjort" så mykje, det var heller ikkje planen. Vi venta besøk av Margrete og Erlend, så eg slo i hop ei svelerøre. Det er fort gjort, og lettvint. Og så kan gjestane ta med seg restane.
Margrete ringde og spurde om det var noko vi trong, så eg bad henne kjøpe melk. Eg går så gjerne ein tur på butikken, men melk er tungt å bere.
Det vart ein lite handletur i det sola gjekk ned. Mest fordi eg hadde lyst på ein liten tur ut. Eg parkerte Nils på "daybeden"- så fekk han slappe av mens eg trimma. Han blir ikkje særleg betre etter som dagane går, men ikkje verre heller. Han slit med dårleg appetitt, særleg når det gjeld middagsmat, dessertar og kaker glir ned, og frukt. Det er litt rart, for han har alltid vore ein typisk "middagsmann".
Det blir lite trimming, men mykje TV. Eg kan ikkje gjere så mykje med det.
I dag festa eg alle trådane på restelestene. Fekk brukt opp 6 ulike restenøster. Dette gjer eg fordi eg synest det er artig, ikkje fordi eg ikkje kan kjøpe garn. Men eg likar no ikkje alle desse garnrestane heller. Har lagt opp enda eit par med relativt tynt garn-av Solveig sitt restelager, må ha noko i hendene mens eg ser TV.
Vi ser mest på NRK 1, og tek opp TV 2-program, for å sleppe reklamen. Ikkje alle program er like sjåverdige, og i kveld er det verken Anno eller Farmen.
Bilda er tatt klokka 16.35.

fredag, februar 10, 2017

Dagbok 2017: 10.februar

Klokka er 18.10, temperaturen har gått ned igjen, og er no minus tre grader C. Det har vore ein fin dag, men ikkje så mykje sol; bilda er tatt mot vest ca.kl.17.30.
I går kveld trudde vi at Nils hadde blitt forkjøla, for han følte seg litt tufs og var tett i nasa og sår i halsen. Men etter ei natt med god søvn var han rimeleg bra i dag.
Eg hadde avtalt med venninna mi at vi først skulle handle på Amfi, og etterpå drikke kaffi og ete lunsj på Fugl Føniks. Og det gjorde vi. Håper ho kosa seg like mykje som eg. Eg fekk henta og bestilt diverse medisin på apoteket, og handla mat på Coop.
Eg var vekke i over to timar, men hadde lagt alt til rette før eg for, så Nils hadde alt han trong innan rekkevidde, telefonar, fjernkontrollar, vatn etc. Eg hadde mobilen med meg i dag, så det meste var under kontroll. Det blei rekesmørbrød på Føniks, og der er det verkeleg nok reker på skiva. Eg er glad i reker, men likar ikkje å renske dei, det slapp eg i dag.
Nils vart litt slapp etter at han hadde fått litt mat og drikke, så han fekk legge seg inn på datarommet ei stund. Han treng denne kvilestunda, etter mi meining, så fekk eg strikke og høyre lydbok. Noko særleg nyttig har eg ikkje gjort i dag.
I går kveld kom naboen innom ei stund, etter at eg hadde skrive blogg. Solveig plar ta seg ein tur anten fredag eller laurdag, men ho var blitt forkjøla og ville ikkje risikere å smitte oss. Nils treng ikkje ei forkjøling oppå alt det andre -det er det alle som forstår.
Fredagskveldane er det mykje å sjå på TV, så eg tenkte det var best å skrive no.
Ha ei god helg alle de som er innom bloggen anten de er her i landet eller i eit anna land!


torsdag, februar 09, 2017

Dagbok 2017: 9.februar


Klokka er 21.30, temperaturen er minus 4 grader, men på veg opp trur eg. I dag tidleg då eg var ute og henta inn avisa var det minus 8 grader C - og det kjendest kaldt.
I dag kom heimesjukepleiaren klokka 11, som planlagt, og det var den same som var her måndag.
Nils var ikkje heilt i form i dag, men han har ete rimeleg bra og har ikkje feber. Han er litt sår i halsen, så vi håper på at det berre er ei lett forkjøling. Eg er litt sår i halsen sjølv når eg kjenner skikkeleg etter.
Det har ikkje vore nokon på besøk i dag heller, eg veit at nokre av naboane held seg borte fordi dei er forkjøla. Vil ikkje risikere å smitte oss.
Eg har ikkje gjort så mykje i dag anna enn å gå pasienten til hånde, rydde opp litt både ute og inne osb. Når eg ikkje har noko anna fornuftig å ta meg til, bakar eg brød, det gjorde eg i dag. Eg lagar næringsrike, gode brød, men Nils vil helst ha dessertar. I dag fekk han sjokoladepudding, det går ned på høgkant. I kveld har eg strikka og sett TV. Det går i restelestar.
Sola kom i dag også, klokka kvart på ti, og dei siste strålane kom inn i stova klokka 16.38. No har eg som ein mistanke om at det blir endringar i vêret og kanskje snø. Såg at månen ikkje var heilt klår i kveld.
Hadde bestemt stor-shopping med venninne i morgon, men slo det frå meg. Det blir berre ein liten tur ned på Amfi og kaffi på Føniks. Vil ikkje vere borte så lenge, men må i alle tilfelle ned på apoteket. Venninna hentar meg klokka 12.00.
Bilda er tatt klokka 16.38.




onsdag, februar 08, 2017

Dagbok 2017: 8.januar

Klokka er snart 21.00, temperaturen er minus 4,8 grader C og vi har hatt enda ein fin dag, med sol frå morgon til kveld. Her hos oss var det sol i stova frå klokka  9.45 -16.15. Sidan eg er heime det meste av tida, følgjer eg godt med.
Ingen ting spesielt har hendt i dag, Før middag gjorde eg diverse husarbeid, som vanleg, det er alltid noko å styre med, eller som bestemor sa: "En husmor har aldri fri!"
I dag åt vi skive og speilegg til lunsj. Eg prøver så godt eg kan å få i Nils nok mat, og så blir det gjerne til at eg går føre med eit godt eksempel. Dessverre.
Til middag i dag ønska han seg bokseskinke i saus og spagetti. Og sidan vi ikkje hadde skinkeboksar i hus, fekk eg meg ein spasertur til butikken. Det var ikkje meg imot å ta ein liten tur ut i fineveret. Eg handla nokre andre småting også, men det er lett å begrense seg når ein skal bere varene heim.
Eg såg to ulike eksemplar at bladet "Se og hør" på stativet, det eine såg ut til å handle om Farmen-deltakarane, så eg tok det- utan å sjekke datoen. Tenkte eg skulle glede Nils med litt sladderstoff. Trur neppe eg har kjøpt slike blad før, det må i alle fall vere lenge sidan.
Bladet var ikkje som eg forventa. For det første var det ei veke for gammalt, så TV-programmet var ubrukeleg. Og det som stod om Farmen var heller ikkje så interessant. Lyspunktet var eit par sider med Quiz, kryssord og Sudoku. (Viss eg får tid og lyst).
Vi åt middag ca. 18.30, og etter det har vi sett TV. I dag er det både "Anno" og  "Farmen". Det sistnemnde programmet ser vi på opptak. Men først skal vi sjå språkprogrammet til Linda Eide. Det er slikt eg likar. Det blir mykje TV når vi sit her, vi to, det er meir sosialt enn å lese; og eg strikkar alltid på ein eller annan lest. Har mykje restegarn eg skal bruke opp.
I morgon kjem dusjhjelpa, det er som regel ei ny kvar gong, og fredag har eg tenkt meg på shopping med ei venninne.
I dag har vi ikkje hatt besøk av nokon, det er heller sjeldan. Nils har ikkje vore i toppform, men heller ikkje så dårleg. Det varierer litt frå dag til dag.

tirsdag, februar 07, 2017

Dagbok 2017: 7.februar

Klokka er 20.35, temperaturen er minus 4 grader C, og vi har hatt ein strålande dag med sol frå klokka 9.50-16.
Har ikkje utretta så mykje i dag utom det vanlege "stellet". Hadde meg ei ryddestund i vaskekjellaren, la i hop nokre klede etc.
Bodil sende melding om at dei ville ta seg ein tur, så derfor laga eg relativt tidleg middag.
Bodil og Svein kom i 16-tida og hadde med seg kaffimat frå ein bakar på Eid. Ei nydeleg kake som berre den bakaren lagar. Vi åt og drakk kaffi, og hadde som vanleg  mykje å snakke om. Vi treffer kvarandre så altfor sjeldan, og denne gongen var det spesielt lenge sidan sist.
Dei hadde med seg gåver også, så det vart nesten litt for mykje av det gode, sidan vi ikkje har vore så aktive på gåvefronten i seinare tid.
Det var i alle fall kjekt at dei kom, og så håper vi det ikkje blir så lenge til neste gong.
I morgon har vi ingen spesielle planar, vi får sjå dagsforma an.

Bok nr.7 -2017: Berre kom heim

Denne boka fekk vi av Bodil og Svein i dag. Eg kan ikkje seie at eg "kjenner" forfattaren, til det er ho for ung. Men eg kjende systera og foreldra hennar, og sidan eg var bestevenn med kusina hennar dei fem åra vi budde vegg i vegg, kjenner eg nesten heile Vedvik-slekta. Eg var ein gong på besøk hos familien mens dei budde i det vesle huset i Eidsgata, det vi ser på bildet. Trur det er det minste huset eg har vore inne i. Både det huset og dei to nabohusa vart rivne før dei tok til vit og freda "Gata". Eg berre måtte skumlese heile boka med ein gong, men kjem nok til å ta den att. Det er mykje bilde i boka, av folk eg kjende og som for meg alltid vil vere unge, slik dei var den gongen.
Takk til eidarane som kom med denne.


mandag, februar 06, 2017

Dagbok 2017: 6.februar

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 4 grader. Det har vore litt skya i dag, så vi har ikkje hatt sol heile dagen. Men kan vi klage på vêret? Det er FEBRUAR, den månaden som plar vere den kaldaste og mest snørike her i Ørsta. Bilda er tatt klokka 16- då skein sola.
Vi fekk ein litt "flying start" på dagen i dag. Heimehjelpa kom klokka 10 i staden for klokka 11, men sidan vi var ferdige med frokosten og Nils var i bra form, fekk ho gjere jobben sin, som går ut på å hjelpe Nils med dusjing etc. Det tek ikkje så lang tid, men Nils må kvile litt etterpå, så han fekk ligge på datarommet mens eg fekk støvsuge teppegolva. Det er litt utradisjonelt å ta fredagsjobben på mandag, men vi kan no eigentleg gjere som vi vil.

Eg hadde ein litt kjedelig jobb i dag. Saka var at eg ikkje hadde late skikkeleg att døra til fryseskapet ii kjellaren i førre veka. Is var der i skapet frå før, men no vart det veldig mykje is, så eg hadde ikkje noko val Etter ein del styr og stell fekk eg skapet av-isa. Måtte rydde litt i "Storefrysaren" for å få plass til diverse der, blant anna bar eg to kartongar med makrell opp i "Garasjefrysaren"- og enda stod der to kartongar att. Rikeleg med agn med andre ord. Og kanskje litt for mange frysarar ? Dei som kunne glede seg i dag var ein flokk kråker og skjorer som fekk halde kalas på skillingsbollar frå 2011-der er sikkert nok til i morgon også. (Bildet under)
Og så har eg vaska ei maskin med klede. Den nye maskina mi er større enn dei eg har hatt før, det er i grunnen greitt, så lenge eg har ein stor tørketrommel også. Det blir helst til at eg tørkar inne vinters tid.
Middagen i dag var enkel; ertersuppe med pølsebitar. Det var det Nils ville ha. Og han fekk dessert etterpå, slikt må eg halde meg unna. Det er ikkje alle som skal opp i vekt. I kveld er det både Anno og Kjendis-farmen, dei to programma ser vi i lag.
Nils har vore i relativt bra form i dag, men det er ikkje mykje han orkar. Det ventar eg heller ikkje. Han blir slapp av tablettane han tek også, men så lenge han får i seg mat må eg vere nøgd.

Nils har bede meg om å skrive den nye e-postadressa hans her. Ikkje alle er på Facebook.
Adressa er: nils.trovag@gmail.com

søndag, februar 05, 2017

Bok nr. 6 -2017: Naboparet

Naboparet
"Naboparet" er en ny internasjonalt bestselgende psykologisk spenningsroman fra forlaget som ga ut "Piken på toget" og "Jeg er pilegrim". Barnevakten avlyser i siste liten, og Anne og Marco lar sin seks måneder gamle datter, Cora, ligge hjemme og sove mens de går til naboene i huset ved siden av for å spise middag. De har med seg babycall og veksler på å gå hjem og se til henne hver halvtime. Likevel, da de kommer hjem på slutten av kvelden, står døren på gløtt, og Cora er borte ... Hva har skjedd? Hvem kan stå bak? Anne og Marco begynner å grave i hverandres historier. Vet de alt om hverandre? Kjenner de familiene sine, vennene? Og hva vet vi om naboene våre? Naboparet er en intens psykologisk spenningsroman som får hårene til å reise seg! «En ytterst fengslende historie med mange vendepunkt som vil sette leserne på en emosjonell berg-og-dal-bane. Sjokkerende avsløringer fikk meg til å bla som en gal.» - Tess Gerritsen, forfatter av bestselgeren Playing with Fire «Den nye thrilleren man har snakket mest om i 2016.» -
.................................................................
Denne boka las eg ferdigs ist natt då eg låg og ikkje fekk sove. Teksten som eg har saksa frå nettet fortel kva boka handlar om. Eg likte boka og den høver veldig godt å lese som lydbok, fordi det er få personar og ei handling som er lett å følgje. Eg tenkte litt på "Flink pike" då eg las boka, det gjorde eg også då eg las "Piken på toget" som den blir samanlikna med i den kopierte teksten. (Men ingen av dei kjem opp mot "Flink pike".) Eg har lese mykje krim i mitt liv, men likar betre "psykologiske spenningsromanar". Vil ikkje skrive meir sidan eg veit at dørene mine kjem til å lese same boka med det første.

Dagbok 2017: 5.februar

Klokka er 19.15, temperaturen ligg og vaker rett under 0 grader og vi har hatt enda ein fin dag.
Sola kom før klokka var 10 i dag også og var her til kl.16, men var vekke ei stund innimellom på grunn av skyer. Det hindra meg i å stikke av ut i dag, og det var bra.
Etter å ha neglisjert husarbeidet fullstendig i to dagar, måtte eg gjere ein liten innsats i dag. Eg måtte til dømes rydde og vaske på badet, så eg tok ein sveip over kjøkkengolvet med det same.
Etter at eg i lang tid ikkje har laga særleg mykje mat, har eg lagt meg til lettvinte vanar. I dag laga eg kjøttbollar av vanleg kjøttdeig frå frysaren. Laga lys saus til, og det blei heilt nydelig. Denne retten laga eg relativt ofte då ungane var små, men i seinare år har vi stort sett levd på fisk. Fekk inspirasjon til å ta opp att gamle vanar då Nils var på Ørstaheimen, for der fekk han kjøttbollar. Kjøttdeigen spedde eg med egg og heilmelk, og sausen inneheldt både smør og fløyte, så det er slutt på magre dagar her no. Hadde Nils vore i sitt gamle ess hadde han vel ete minst det dobbelte av det han gjorde i dag, men eg får vere glad for at han får i seg ein vanleg porsjon. Det er to ting eg må ha i bakhovudet når eg lagar mat til han: proteinar og kaloriar. Og så et eg sjølv av samme maten.......
Etter vi hadde ete middag og drukke kaffi skulle eg slappe av med bok og strikketøy, men hovudet datt berre ned, og i fare for å bli spidda på strikkepinnane, måtte eg berre gi meg over og slappe av i godstolen.
Eg har skrive om støvsugarposar før i veka, og i kveld fekk eg dei levert på døra av seljaren. Det er nesten som ein blir litt forundra når folk held det dei lovar. Posane var dessutan billegare enn på nettet.(Eg måtte berre sjekke!)
Nils har vore ganske bra i dag. Eg veit ikkje kva det kom av at han var så uvel i går.
I dag har vi ikkje hatt besøk, men i morgon klokka 11.00 kjem "badevakta" (heimesjukepleien).
Boka over er eg ikkje heilt ferdig med, så de får vente på MIN dom.

lørdag, februar 04, 2017

Dagbok 2017: 4.februar







Klokka er20.00, temperaturen er + 4 grader C, og det har vore ein strålande dag. Vi hadde sola inn i stova frå klokka 9.50 til nærmare kl.16.00. For Nils vart det for varmt, han likar seg betre i kjølige rom.
Det vart lite og ingenting gjort med meg, anna enn at eg strikka ferdig eit lestepar og festa trådane mens eg høyrde lydbok. Vi hadde bestemt at vi skulle ete graut til lunsj/middag i dag, for eg har eit lite lager av ferdigkokt risgraut. I tillegg hadde eg att litt suppe frå i går. Eg åt, men Nils åt berre suppe og så la han seg inn på datarommet.
Eg berre måtte ut i sola og finevêret, og skulle ta ein rask tur rundt Storebakken mens Nils kvilte. Då eg kom opp på toppen, såg eg at stigen opp til Raudehytta var fin og tørr, så eg tok sjansen, til tross for at eg hadde dei fine rosa joggeskorne på meg.  Opp kom eg utan problem, til tross for at det er år og dag sidan eg har vore ute og gått i terrenget. Fin utsikt frå altanen på hytta. Så gjekk eg frå hytta opp på skogsvegen, og vegen til endes, der kvilebenken står. Det er ikkje langt, men eg brukte lang tid sidan eg møtte ei dame eg kjenner og vi hadde veldig mykje å snakke om. Eg kunne gått ned att Åsmundmarka , men var redd der var glatt så eg tok vegen tilbake.Eg vart borte litt lenger enn eg hadde tenkt og hadde ikkje mobil med meg. Det var korttenkt, med tanke på han som var heime. Men det gjekk bra. Solveig hadde ringt og ho kom ei lits stund seinare. Vi var på Coop og handla begge to, og så drakk vi kaffi i lag. Nils har ikkje vore i form i dag, men etter at Solveig hadde reist, fekk han endeleg i seg litt mat, så eg trur han kjem seg til att.
For meg var det ei oppleving å komme ut i frisk luft og natur. Eg har vondt i ryggen, men ikkje i føtene. Litt må ein tole.





fredag, februar 03, 2017

Dagbok 2017: 3.februar

Klokka er 21.50, temperaturen er + 6-7 grader C og vêret er framleis like vårleg. Det einaste vi saknar er sola ,som er bak ei lag med skyer.
I dag har eg hatt kjensle av at det er laurdag, derfor har eg ikkje gjort noko særleg verken husarbeid eller anna. Hadde tenkt å gå ein tur -men slo det i frå meg.
I dag tidleg kom Nils inn på stova der eg sat og strikka etter frokost, utan rullator og fullt påkledd. Det var eit kjekt syn, men eg vil helst at han brukar rullatoren slik at han har noko å gripe tak i om han skulle bli ustødig.
Før middag gjorde eg ikkje stort anna ennå dusje og vaske håret -og sette på ei vaskemaskin. Lurte meg til å høyre litt lydbok innimellom mens eg strikka på eit par lestar-som vanleg.
Fekk melding frå Margrete at ho kom ein tur etter arbeidstid. Hadde eg visst at ho hadde tid å vere ei stund, skulle eg laga middag. I staden blei det berre kaffi og litt kake. Det viktigaste for oss er no praten, å få "frette" litt nytt frå fleire kantar, når vi sjølve er så stadbundne.
Det vart kjøttkaker til middag i dag også, Nils hadde lyst på restar frå i går. Eg laga ei suppe også, som berre eg har ete av til denne tid. Nils et nesten normalt no, og det er bra. Det som ikkje er så bra er at eg også et, no når eg hadde vent meg til å ete minimalt. Å tru at ein kan miste særleg mykje vekt ved å mosjonere kan ein berre gløyme, det er berre ein veg til eit slankare liv og det er mindre mat. Ja, no tenkjer eg ikkje på dei som mosjonerer skikkelig hardt - det kan ikkje eg gjere.
Elles har det blitt mykje stillesitting på meg i dag, og ein god del TV. Og meir blir det vel utover kvelden.
Planar for morgondagen har eg ikkje enno, men det kan no hende at noko eller nokon dukkar opp.
Eg held på med ei ganske spennande bok for tida, så eg er litt ivrigare å lese enn eg har vore i det siste.
Ønsker alle ei fin helg!

Dagbok 2019: 11.desember

Klokka er no 17.20, temperaturen er + 4 grader og det regnar litt. Det er ein del is på tunet, men vegane er nesten berre når ein kjem ut av...