søndag, februar 26, 2017

Dagbok 2017: 26.februar


Klokka er21.40, temperaturen er + 4 grader. Det har vore sol og fint vêr i dag, vegane er berre, men det fraus på no i kveld.
Etter å ha skranta nokre dager, vakna eg i dag ganske frisk og energisk. Sjølv om det var sundag måtte eg prøve å få litt orden i huset, så eg fekk i alle fall vaska kjøkken og bad, sett på ei vaskemaskin etc. Så skreiv eg ferdig årsmeldinga til pensjonistlaget, men det står att å trykke den opp og "kjenge" i hop to og to ark. Eg arbeider litt tungvint sidan eg ikkje har installert dei rette programma på PC-en.
Anne- Lise og Odd ville besøke Nils i dag, så eg fekk skyss klokka 14.30. Mens vi var hos Nils kom også Torbjørn på besøk, så då var vi mange frå Starevegen. Eg vart att ei stund etter at dei andre hadde reist, skulle ordne med diverse klede, papir m.m. Eg hadde budd meg på at eg skulle gå heim, og hadde derfor joggesko på meg.
Plutselig oppdaga vi at det var blitt ganske mørkt ute, og klokka var kvart på sju. Då fekk eg det litt travelt med å fare, for eg tenkte på glatte vegar. Og det var det, det hadde frose på fortare enn ein kunne tru. Men det gjekk bra, fortaua er sanda, og eg var forsiktig. Vegen langs elva, der eg brukar å gå ,var heilt fin. Brukte litt lengre tid enn eg plar, men det er viktigast å komme heile heim. Var litt spent på korleis det skulle gå med den vonde hofta og det vonde kneet, men det gjekk heilt fin. Trur turen gjorde godt.
Nils er i rimeleg bra form, men har problem med balansen når han skal gå; sjølv om han brukar rullator må han ha nokon ved sidan av seg.
Eg har ete litt etter at eg kom heim og så såg eg TV. Men så merka eg at TV-en var utan lyd og bilde. No skal eg sjå inn att på stova om eg får liv i den igjen. Har venta lenge på at den skulle takke for seg, så streikar den no, må eg ha hjelp til å kjøpe ny. Dvs. kjøpe klarer eg vel, men å montere den opp tek eg ikkje sjansen på.
PS: TV-en virkar ikkje som han skal.
PPS: TV-en har vakna til live igjen.

Ingen kommentarer: