fredag, mars 31, 2017

Dagbok 2017: 31.mars




Klokka er 19.35, temperaturen er +10 grader og det regnar litt. Før middag var tempen oppe i 15 grader og det var opplett. Det er i alle falle ikkje så kaldt som det var og eg føler ikkje trang til å fyre i omnen.
Føremiddagen gjekk med til å bytte på sengene, lage suppe og vente på at Nils skulle komme heim. Han kom i halv to tida, og skal vere heime på prøve. Viss det ikkje går så bra, får han komme ut att på heimen. Vi håper sjølvsagt på at han skal få mange gode dagar her heime.
Eg laga ertersuppe som han fekk til middag, og den åt han av no i kveld også. Han har lagt på seg mens han var på heimen, og prøvane han tok i dag, var fine, så no håper vi han får vere frisk ei stund.
Solveig og Øystein kom innover i 17-tida og Solveig hadde med garn i forseinka bursdagspresang, ho hadde vore til Volda for å få tak i det garnet eg likar best. Solveig og eg var på Euro-Spar og handla i dag. Eg passar på å få i hus tunge ting når eg har shopping-assistent og transport. Solveig hadde med seg kaffimat, ho veit at eg ikkje alltid har så mykje i hus.
Dette art ein annleis dag for meg som har vore her stort sett åleine dei siste tre vekene. Men eg har ikkje følt meg einsam , for eg har besøkt Nils kvar dag i mange timar. I kveld skal vi kose oss i lag framfor TV-en.
Eg kjenner to som har bursdag i dag, Audny på Eid, og Kåre som bur på Setre, men som feirer dagen på Eid. Gratulerer til begge to

torsdag, mars 30, 2017

Dagbok 2017: 30.mars

Klokka er 18.30, temperaturen er + 4 grader C og det regnar.
Det var ikkje det vêret eg venta, heller, meg då eg drog frå gardinene i dag tidleg, og såg at snøen lava ned. Eg var veldig låk i hofta i går kveld og ikkje mykje betre i dag, så eg burde vel ant uråd.

I dag hadde Nils og eg avtale om å møte lege og sjukepleiar klokka 13.00, så eg gjekk heimanfrå alt klokka 11.30. Nils fekk så vidt i seg lunsjen før det var møte. Etterpå sovna han, mens eg las i lydboka.
Etter ein del prat fram og tilbake, vart vi samde om at Nils skal få kome heim i morgon, men om det ikkje går så bra, skal han få komme tilbake til Ørstaheimen utan å måtte om sjukehuset først. Eg skal innrømme at eg er litt skeptisk etter dei erfaringane vi har, men om han får ein ny infeksjon, kan han få behandling på heimen. Eg vil sjølvsagt gjerne ha han heime, men eg føler på ansvaret. Han et godt no og har lagt på seg, men han er ikkje sterk, så eg er skeptisk. Men sjølv hadde han så lyst heim, og det forstår eg godt.
Avtalen var at Einar skulle komme på besøk kl.17.00 og det gjorde han. Han visste sjølvsagt ikkje at Nils skulle heim i morgon, så han ville pynte opp rommet med gule roser. Det hadde han kjøpt til meg også, så no er her roser på alle bord. Ja, så begava som vi er blitt dette siste året ! Det er heilt utruleg kor mange det er som har støtta oss på alle måtar.
Kari og Kåre kom også innom i dag. Det er somme som er veldig flinke til å besøke slekt og venner på heimen. Sjølv hadde eg aldri vore innafor dørene før Nils kom der. Men så har eg vel heller ikkje kjent så mange som har vore der.
Einar køyrde meg heim, med ein masse pikk-pakk,+ blomster etc. så kjem dei med Nils og rullatoren i morgon.
Solveig kjem truleg ein tur i morgon ettermiddag og køyrer meg på butikk såpass eg får bunkre opp. Har mykje mat rundt omkring, men det er alltid noko ein manglar.


onsdag, mars 29, 2017

Dagbok 2017: 29.mars

Vår i Starevegen.



Klokka er 20.40, temperaturen er 0 grader C, og det har vore ein nydeleg dag med sol frå morgon til kveld.
Eg kom att frå sjukeheimen for snart ein halvtime sidan, gjekk nedover klokka 14.00 i dag og heim att klokka 20.00. I går kveld tykte eg at heimekvelden vart for kort, så eg ville legge opp til ei anna rute i dag. Marit G skulle besøke ein slektning, så ho kom innom til oss ei lita stund også. Ho og eg drakk kaffi mens Nils var ute og åt middag. Det går framleis bra med Nils der han er no. Han et måltida i lag med dei andre, er med på trimmen og så er eg der mange timar for dag. I dag sov vi middag i lag, dvs. han i senga og eg i stolen, og så hadde vi att kake frå i går til kaffien. I kveld var det fotballkamp mellom Brann og Rosenborg. Eg gjekk i pausen, så fekk han nyte andre omgang åleine. Dei har store TV-skjermar og mange kanalar.
I går kjøpte eg "Se og hør" og der var eit vidspektra TV-program med, så no får han velje og vrake. Eg plar aldri kjøpe slike blad, men der var i alle fall eit veldig lett kryssord.(Eg har ikkje tolmod med slike som eg ikkje får til med ein gong.)

I dag fekk eg støvsuga teppegolva før eg vandra, og så er det alltid litt småtteri eg må gjere. Måtte rake litt meir singel også. Var låk i hofta i dag, men kom meg då eg fekk sitte så lenge i ro på "Heimen". Det er for kaldt å sitte ute enno, etter min smak, men det er fint å få gå ein tur i finevêret, sjølv om det tek berre vel 20 minutt kvar veg.


tirsdag, mars 28, 2017

Dagbok 2017: 28.mars

Klokka er 21.35, temperaturen er + 2 grader C. I dag har det vore opplett og ganske fint, men ikkje direkte varmt.
Eg har vore på Ørstaheimen mykje av dagen i dag også, kom heim for litt over ein halvtime sidan. I dag gjekk eg ned til Kiwi først og kjøpte med meg litt som vi hadde å kose oss med. Måtte jo "feire" dagen. Håkon kom også innom utpå kvelden. No har det også blitt tradisjon at Nils og eg søv middag, han i senga, eg i stolen. Då er vi meir opplagde etterpå.
Nils hadde hatt besøk av to nabodamer i dag, og dei hadde med seg fine roser som står i vinduskarmen hans no. Eg fekk orkidé av Håkon, og nydelige påskeliljer av ein av naboane og presang av ei anna. Synest vi får så mykje heile tida at eg blir heilt flau.
Nils var i god form i dag, særleg etter å ha sove middag, og han et og legg på seg. Trimmar gjer han også.
Sjølv har eg ikkje gjort mykje i dag, men fekk i alle fall raka garasjeplenen, og rydda litt rundt dørene. Eg synest sjølv eg er ganske lat, men eg får ladde opp til plenane begynner å vekse. Likar utearbeidet best.
Ellen Marie ringde med det same eg var komen ut på vegen i dag, så vi prata heilt til eg var komen ned på Kiwi og vel så det. Elles har eg vel fått hundrevis av gratulasjonar på Facebook, både frå kjende og mindre kjende.Rett etter at eg var komen heim i kveld ringde Solveig.

mandag, mars 27, 2017

Dagbok 2017: 27.mars

Klokka er no snart 21.30, temperaturen er + 6 grader og det har regna så smått i heile dag. Kom att frå Ørstaheimen for ein halv time sidan, eg er der ganske lenge dei fleste dagane.
I dag tykte eg ikkje Nils var så sprek, men etter at han hadde ete middag, sove litt og fått seg kaffi, var han i fin form. Og takk for det. Uansett slappar eg betre av når han er på heimen; når han er heime er eg meir uroleg for kva som kan skje.
I dag før middag var eg trøtt til tross for at eg hadde sove både godt og lenge; eg skuldar litt på sommartida, men mest på vêret. Eg prøvde å gjere diverse "forefallande" arbeid, vaska litt, rydda litt, strauk litt klede  etc. Og så måtte eg ut og hive vekk litt snø frå "garasjeplenen" for no er dei små blå på veg. Nedanfor huset er det bert, og snart må eg starte på våronna-trur eg.
Eg hadde noko godt flesk som eg hadde salta sjølv, så i dag steikte eg flesk og pannekaker. Eg åt godt før eg for ned på heimen, men steikte to små pannekaker, så Nils også skulle få smake.
Det kunne eg ha spart meg! For i dag var han overfóra. Karbonadar klokka 13(lunsj) og fiskekaker (middag) klokka 16 ; det blir i meste laget for folk som ikkje er i aktivitet. Det har blitt snakka og skrive mykje om mat og måltid på institusjonar, og trenden er å ha seinare middag. Eg trur det er greitt å ha middag kl.16.00 eller der omkring, slik dei fleste har vore vant til, men det blir kort mellom måltida! Og så er det kveldsmat klokka 19.00. Det er tidleg! Men så skal ein vel også ta omsyn til dei som jobbar der.
Eg måtte i alle fall ta pannekakene med meg heim att, så no må eg ete dei til kvelds.


søndag, mars 26, 2017

Dagbok 2017: 26.mars


Klokka er snart halv ti, og det er eit kvarters tid sidan eg kom heim frå Ørstaheimen. Gjekk nedover i 15 tida, så eg sat der i mange timar.
Temperaturen ute er no + 6 grader og det regnar så smått. Var ute og såg til krokusane før middag, men dei likar ikkje regn, så det var ikkje så mykje stas med dei.
Eg heldt meg heime på føremiddagen for eg visste at det var andre som skulle besøke Nils då. Han har hatt mange besøk i dag, så då eg kom var han litt trøytt, så han sovna ei stund. Det gjorde ingen ting, for eg har TV-en, og for sikkerheits skuld hadde eg med meg lydbok også. Når eg er der mange timar kvar dag kan vi ikkje prate heile tida. Men vi ser TV i lag og det er no kjekt. Dei har mange fleire kanalar der enn vi har heime. Nils har stor glede av TV-en. Og i dag fekk vi både kaffi og kake. Det var dama frå Romania som var på vakt i kveld også. Kjekk å prate med, ho.
Men eg måtte skrive melding til ein nabo for å få greie på kva kanal som sende fotball klokka 20.45.(Takk for hjelpa, Solveig L.)
Elles har det vore ein lite dramatisk dag. Eg har gjort lite og ingen ting her heime, berre strikka litt og høyrt lydbok. Eg sov utruleg lenge i dag, men eg trong det sikkert etter diverse delvis søvnlause netter.
I morgon er det mandag igjen; dagane og vekene går og går........

lørdag, mars 25, 2017

Dagbok 2017: 25.mars

Dette skjerfet fekk eg av Margrete i fødselsdagsgåve. Ein treng mange skjerf/sjal for alle genserar er så vide i halsen, og så har eg oppdaga at ein ikkje frys så lett om ein er varm rundt halsen.

Klokka er 19.20, temperaturen er + 5 grader C og det regnar. Eg kom meg heim i ein viss fart i kveld, var ikkje komen lenger enn ned på Håkonsgata før nokre naboar kom og baud meg skyss heim. Dei bur lengre ute i gata her, så det var ingen omveg for dei.
I dag før middag laga eg ein porsjon ertersuppe, som eg hadde klar då Margrete og ungane kom frå konserten i Voldakyrkja. Einar var også i Volda i dag, og sprang rundt Rotevatnet, både han og Håkon gjorde det godt. Etterpå besøkte han Nils og så kom han og fekk suppe ,han også.
Etter at vi hadde kome oss ut dørene og ut på heimen, begynte eg å tenke: Hadde eg flytta kasserollen med suppe frå bordet og bort på omnen etter at vi hadde ete? Og hadde eg slått av plata som stod på 1 ? Eg hadde ei ekkel kjensle av at suppa faktisk stod på plata og varma seg. Men eg sa ingen ting, for eg ville ikkje at Nils skulle bli uroleg. Tenkte litt på å ringe ein nabo, men trøsta meg sjølv med at alt sikkert var heilt i orden, for det er mykje ein gjer heilt automatisk.
Margrete og ungane var med ut til Nils, men gjekk då vi skulle på tilstellinga som saniteten stod for.
Det var hyggelig, trefte både gamle og yngre som eg kjenner, eller har kjent ein gong i tida.
Etterpå sat eg på rommet med Nils til den vesle søte pleiaren frå Romania kom for å hente han til kveldsmaten. "Do skal få kakao, Nils! og skiver med kabaret!" Nils likar godt å prate med jentene, dei ler av morsomheitene hans.(Denne "jenta" skal bli bestemor i august).
Som sagt fekk eg skyss heim, og det var i grevens tid, for her stod suppepanna på plata, med ein liten skvett svartbrent suppe på botnen. Heldigvis hadde det ikkje skjedd noko verre, og eg trur eg skal få panna rein igjen med tid og stunder. Eg har eit farlig problem med kokeplater og springar-gløymer å slå dei av. Alle nye komfyrar er no utrusta med alarm- slik eg har forstått det.

For dei som har lyst å besøke Nils, men ikkje veit kva tid det passar, her er  programmet for dagane:
Klokka 11.00:TRIM

Klokka 13.00: LUNSJ
Klokka 16.00: MIDDAG
Klokka 19.00: KVELDSMAT
Det er ikkje trim om sundagane, og klokkesletta for måltida er ikkje veldig faste og varer ikkje så lenge.
Påskeliljene har eg fått av Solveig. Dei tre krukkene har eg fått før.

fredag, mars 24, 2017

Dagbok 2017: 24.mars

Klokka er 21.45, temperaturen er + 5 grader og det har vore ein skikkelig våt og regnfull dag. Ja, eg kjende det på hofta og kneet i går kva som var i vente.
Før middag i dag gjorde eg nesten ingen ting. Sat stort sett og såg TV og strikka og ladda opp til turen til Ørstaheimen.
Starta heimanfrå i 14 tida, så Nils og eg fekk oss ei stund i lag før Solveig kom litt før klokka 17. Vi var der i lag alle tre til Nils skulle ete kvelds, og Solveig og eg skulle rekke apoteket. Det gjorde vi, og sidan Coop nesten er tomt for varer, handla vi på Bunnpris. Eg hadde ei relativt lang liste i dag. Etterpå drakk vi kaffi her i Starevegen før Solveig reiste heim att. Ho er også åleine heime. Etter at ho for har eg sett TV- og strikka litt. Og det skal eg halde fram med utover kvelden.
Nils sat i stolen då eg kom i dag, hittil har han blitt sprekare for kvar dag. På bildet som eg tok med mobilen sit han og snakkar med Ingeborg i telefonen.
I morgon kjem Margrete og barna. Dei skal få litt mat her i Starevegen før vi fer på "Heimen". Klokka 15.30 er det pårørande-fest i regi av sanitetslaget.
Eg synest somme tider at eg har kome til ei anna verd etter at eg begynte å  vandre ut og inn på sjukehus og -heim. Har nesten aldri vore slike stader før. Men det er veldig lærerikt. På Ørstaheimen ser eg att mange som eg kjenner. Og eg begynner så smått å kjenne på at eg ikkje er heilt ung sjølv heller.
Så ønsker eg alle ei god helg!

torsdag, mars 23, 2017

Dagbok 2017: 23.mars

Klokka er 19.50, temperaturen minus 1 grad C og vi har hatt ein fin dag. Det hadde snødd sist natt også, men når ein har naboar som freser heile tunet er det ingen problem. Takk skal du ha, Torbjørn!
Det har ikkje vore så mildt akkurat, i dag, så snøen har ikkje smelta så mykje anna enn på vegane.. Nils ville eg skulle gå heim mens det var lyst i kveld, så eg ikkje skulle dette på glatta. Det var rettnok frose på vegen ute ved "Heimen", men så snart eg begynte på motbakkane var det bert og tørt. Han skulle ete kvelds i lag med dei andre klokka 19.00, og så sit dei vel og pratar ei stund etterpå.
Eg gjekk heimanfrå i 15-tida i dag, og då eg kom ut til Nils hadde Else og Sverre vore på besøk og skulle akkurat gå.
Nils fekk ball til middag i dag, og ei av betjeninga kom inn på rommet med ein ball til meg også. Eg takka og åt, men akkurat i dag hadde eg faktisk ete før eg gjekk heimanfrå så eg var ikkje ihelsvolten. Etter middagen sovna vi litt, begge to, Nils i senga, og eg i godstolen. Nils var i bra form i dag også.
Eg har ikkje gjort så mykje her heime i dag heller, eg driv og snokar og ryddar litt i frysarar og kjøleskap for å finne ut kva vi har på lager, slik at eg ikkje kjøper inn altfor mykje no når eg stort sett er her åleine.
I dag har hofta plaga meg, det er slikt som skjer når eg er litt for tøff, og det var eg vel i går. Det plar komme seg etter eit par dagar viss eg held meg litt rolegare. I morgon kjem Solveig innover, så då skal eg få meg ein tur på butikken, blant anna. Vi skal sjølvsagt besøke Nils. Laurdag kjem Margrete og "ungane" ein tur etter at dei to yngste har delteke på kyrkjekonserten i Volda. Og på ettermiddagen skal det visst vere ei tilstelling på "Heimen". Slik går no dagane, og dei går fort. Merkeleg nok.
I dag fyller Ingeborg 24 år. Ho er den eldste av Margrete sine fire.




Gratulerer med dagen, Ingeborg!

onsdag, mars 22, 2017

Dagbok 2017: 22.mars


Klokka er 21.05, temperaturen så vidt under 0, og i dag har vi hatt mykje vêr.
Det begynte så smått å snø i går kveld/natt før eg la meg. I dag vakna eg klokka 6 og såg ut, men var snar å legge meg att. Fekk ikkje sove, så eg stod opp klokka 7 og åt litt, fekk ikkje sove og stod opp klokka 8 fordi eg tykte det ringde på døra. Då sovna eg og sov i over ein time før eg stod opp for fjerde gong. Det varte ikkje lenge før Stian kom og moka både trappa og vegen ned til huset. Og takk for det! 
Var ikkje i form, sår i halsen blant anna. Eg har vore utan allergitablettar nokre dagar, så eg lurte på om det var grunnen. Ja, eg var på apoteket for eit par dagar sidan, men då var resepten gått ut. Eg bestemte meg fort for å få tak i både allergitablettar og diverse anna medisin til meg sjølv. Men eg ville vente litt med å gå nedover slik at eg kunne gå direkte opp på sjukeheimen etterpå. Styrte litt i huset m.m. til klokka hadde passert 14.00. Hadde ikkje gått så langt før det sette inn med snø, regn, hagl- you name it. I år har jammen vinterjakka mi fått gjere nytte for seg. God hette med ulvepels har eg også.
Eg var først på legesenteret og bestilte resept, så gjekk eg bort på Amfi og handla på apoteket. Kjøpte ein pakke allergitablettar utan resept, ein treng ikkje resept på dei tablettane eg brukar, det er berre det at då betaler eg like mykje for 7 tablettar, som eg betaler for 100 når eg har resept.
Eg kunne ikkje handle så mykje i dag sidan eg måtte bere varene med meg, men eg kjøpte ei Wienerbrødstang som vi skulle ha til kaffien.
Så gjekk eg opp til Ørstaheimen til Nils, då nærma klokka seg 15.30.
Skal helse frå Nils og seie at han har hatt ein god dag i dag. Han har god appetitt og står opp og går ut til bordet og et i lag med dei andre no. Han går sjølv, med rullator utan anna hjelp. Han har ikkje smerter. Han  er med på trim kvar dag klokka 11.00 (ca.)Han var ute og åt middag etter at eg kom, og så drakk vi kaffi i lag på rommet etterpå. Det vart eg som åt mest wienerbrød i dag. Og så vart vi sjølvsagt sittande å sjå på TV. Det er skumle tider mange stader i verda. Han har ikkje hatt besøk av andre enn meg i dag, men han kjenner jo fleire av dei andre bebuarane.
Etter at Nils var ferdig med kveldsmaten hjelpte eg han så han fekk barbere seg med den nye5-bladshøvelen som eg kjøpte til han på mandag. Og så gjekk eg heim att. Men i kveld gjekk eg ikkje fort, for det var frose på vegane, og så ville eg ikkje gå med open munn og bli låk i halsen igjen. Så i dag tok eg ikkje tida.


tirsdag, mars 21, 2017

Dagbok 2017: 21.mars

Klokka er21.10, temperaturen er + 3 grader. Akkurat no er det opplett, men tidlegare i dag har det vore regnbyger og det som verre er.
Eg sov veldig lenge i dag tidleg, men eg sov dårleg natta før, og la meg seint i går kveld, så eg tykte eg fortente det.
Det var fint då eg stod opp, og eg tenkte eg skulle gå ut og rake plenen ovafor garasjen , der er det både singel og anna rusk, og der må rakast før dei blå russestjernene dukkar opp. Hadde knapt tenkt tanken før det både bles og regna. Så pussa eg kjøkenglasa i staden, det er ei stund sidan vi såg særleg godt gjennom dei. Elles så styrte eg med diverse anna husarbeid, før eg sette meg til å rippe bøker, mens eg las ferdig Faldbakken-boka og strikka på ein lest, som vanleg.
Då klokka var ca.15.00 gjekk eg ned til Nils, og var der til ca. 20.30. Jørn og Matias hadde vore på besøk tidlegare i dag, og Nils hadde vore på trim i lag med dei andre. Og så hadde der vore nokre som song til/med dei. Det kom ingen andre mens eg var der, før Håkon dukka opp. Nils tek gjerne imot besøk -også når eg er der. Det er ikkje slik at eg treng å ha han for meg sjølv heile tida.
Eg insisterte på å GÅ heim, eg driv og testar ut ulike "ruter" for å finne ut kva for ei som er den kortaste i tid. Det er sjølvsagt berre tull, men eg likar å teste ut forma, som faktisk er betre enn på lenge. Håkon var att hos Nils då eg gjekk, dei har ei stor felles interesse i fisking.
No må eg sjå om eg finn meg litt saltmat, for det har eg ikkje hatt i dag.
Påskeliljene i vinduskarmen til Nils var det Marit G. som kom med i går, då var det berre knoppar, men sjå no! Tenkte det kunne vere kjekt for Nils å sjå utviklinga-sjå våren kome, liksom.(Bildet er tatt med mobil)

Bok nr.12 - 2017: Gjensynet

Gjensynet

Hva bærer vi med oss? Hva greier vi å kvitte oss med? Her er endelig en ny krim om Jonfinn Valmann!
Else, Carl-Erik, Oscar og Hedda, fire middelaldrende medlemmer i en festkomité på Hamar. De har lite til felles utover at de alle tilhørte avgangskullet på Hamar katedralskole i 1985. Nå skal de planlegge trettiårsjubileet. Forrige gang kullet var samlet, på tjueårsjubileet, endte det i en tragedie. Hein, en av skoletidens ubestridte lederfigurer, ble funnet død i hotellbadstuen.
Jonfinn Valmann var også avgangselev i 1985, og han blir kontaktet av festkomiteen. Det er noen medelever som ikke lar seg spore opp, kanskje han kan være til hjelp? Valmann trekkes inn i en fortid han har forsøkt å legge bak seg, og han oppdager nye ting om både seg selv og sine medelever, hvor dramatikken gjærer under tilsynelatende harmoniske fasader.
..........................................................................
Det beste eg kan seie om denne boka er at den er enkel å lese på lydbok-enkel handling, få personar etc. Og så er opplesaren flink. Som krimbok er den berre føreseieleg og litt teit.

mandag, mars 20, 2017

Dagbok 2017: 20.mars

Klokka er 21.40, Temperaturen er + 5 grader og det er opplett.
Eg har vore på farten det meste av dagen, men no er eg komen i hus.
Når Nils er på Ørstaheimen synest eg det er greitt å gå på besøk på ettermiddags og kveldstid. Tidlegare på dagen har han blant anna trim, i morgon var det visst i 11-tida det skulle vere.
I dag hadde eg ein del ting å ordne, så eg måtte nedover før middag. Eg gjekk nedover, men hadde avtalt med Solveig nabo at ho skulle hente meg på Amfi når eg var ferdig. Eg visste ikkje kor lenge eg blei, så eg skulle ringe.
Først var eg på biblioteket, men det var vanskeleg å finne noko eg ikkje hadde høyrt før. Sist natt sov eg veldig dårleg, så eg låg og høyrde på lydbok. Trur kanskje eg må lese om att slutten.
Eg hadde ein plan- viss det ikkje var kø på frisørsalongen på Amfi, så skulle eg få klipt håret mitt. Eg fekk sleppe til meg ein gong, så no har eg "guttesveis" igjen. Eg er ikkje typen som likar å ha så mykje jobb med håret. Eg hadde også ærend på apoteket, skulle ha næringsdrikkar til Nils. Og det fekk eg. MEN-så skulle eg handle litt mat på Coop ! Og det var det liv! Butikken skal slutte å eksistere, og alt skulle seljast ut, med 30-40% avslag. Der var ikkje værande. Ikkje skulle eg ha så mykje heller, så eg sneik meg ut og inn på Bunnpris der eg blant anna kjøpte meg salat frå salatbaren. Det er slik mat eg likar når eg et åleine. Kjøpte også wienerbrød som Nils og eg skulle ha til kaffien i dag sidan vi ikkje hadde noko godt i går. Og så fekk eg endeleg tak i slik barberhøvel som Nils ville ha.
Eg fekk skyss heim att, og etter at eg hadde ete salaten min, gjekk eg ut til Nils. Der var nabo Torbjørn på kort besøk, seinare kom også Kari og Kåre ein liten tur, så det vart ein kjekk dag. Klokka 20.20 gjekk eg heim, ringde på hos naboen, og spurde om han ville køyre rullatoren til Nils ut på heimen. Det er berre ein av naboane som har bil som høver til slik transport. Og eg fekk ja med ein gong. Sidan eg skulle trille rullatoren inn til Nils blei eg med, og så fekk Nils enda eit besøk i dag, av Gudmund og meg. Eg må berre enda ein gong takke og prise for alle dei gode naboane og vennane vi har, som hjelper oss. Sjølvsagt har vi også barn og barnebarn som stiller opp, men dei er litt lenger unna.
Nils hadde det bra i dag, og hadde kledd på seg "sivile klede". Han fekk barbert seg med den nye høvelen, som han var veldig fornøgd med. For meg er det ei glede at eg kan hjelpe han med slike småting. Og wienerbrøda fall i smak!

søndag, mars 19, 2017

Dagbok 2017: 19.mars

Klokka er 21.10, temperaturen er + 3 grader C og det regnar. Håper snøen forsvinn fort no.
I dag var eg heime heile føremiddagen til klokka 14.30. Eg fekk rydda litt i huset, noko som det var behov for, og så fekk eg lagt opp ei svart bukse; likar ikkje å sy i lampelys, i alle fall ikkje svart.
Laga meg litt mat også, før eg forlet heimen.
Nils hadde hatt besøk før eg kom også, og mens eg var der, kom tre kjekke barnebarn innom ein liten tur før dei skulle heim til Margrete. Når eldstemann har eigen bil, er dei fri til å komme når det passar. Morfaren set veldig pris på at dei stikk innom.
Nils har det ikkje direkte vondt, men har er heilt avhengig av hjelp til det meste. Eg hjelper han med litt av kvart når eg er der, men skal han ut or senga må det fagfolk til. I dag sette han pris på å få barbere seg med skum og høvel, barbermaskin blir ikkje det samme. Barbering i seng er ein akrobatisk aktivitet
Då eg kom hadde han nyss ete middag (kl.13.00) og vi rekna med å få kaffi og kaker i 16-tida, sidan det var sundag. Men i dag var det eit kvart som klikka, for det kom ingen kaffi. Eg prøvde meg på kaffiautomaten, men fekk berre ein liten skvett. No hadde Nils rettnok både bananar og næringsdrikk tilgjengelig (heimanfrå), men han skal jo ha i seg mest mulig mat. Han var så kry i dag , for han hadde lagt på seg 1,5 kilo, og no har han lyst på mat for første gong på mykje over eit halvt år. Eg tilbyr å ta med mat til han, men det vil han ikkje. Då han endeleg fekk kveldsmat var det berre tynne skiver, så han bad om meir. Så tok han ein banan og ei flaske næringsdrikk etterpå.
Det er litt labert på heimen i helgane, men i morgon skal han trene med fysioterapeut. Eg kjem til å fare nedover på ettermiddagen ein gong, men må først ordne opp med diverse. I kveld var eg der til klokka var nesten halv 9,så det blei mykje TV-sport. Men eg synest det er bra at vi kan ha såpass mykje tid i lag, det normaliserer livet vårt.
19. mars var bestemor Hilda sin fødselsdag(1878)-så då tenkjer eg alltid på henne. Ho fekk leve til ho var 91 år.

lørdag, mars 18, 2017

Dagbok 2017: 18.mars


Klokka er 20.20, temperaturen så vidt under 0 grader. Det hadde frose litt is på vegane då eg kom heim for ei lita stund sidan, men det gjekk bra. Bilda tok eg i dag tidleg, mellom 9.30 og 10.00, som de ser hadde det kome ein del snø sist natt, men mykje smelta i løpet av dagen. Eg hadde gummistølar då eg var ute etter avisa i dag, men seinare kom naboen og moka både trappa og ein liten veg til meg.
Nils ringde på føremiddagen, han var ikkje heilt i form, sa han, men han hadde fått dusja, og det var han glad for. Han er vant til å dusje kvar dag, så han føler seg ikkje vel når det går for lang tid imellom bada.
Einar skulle besøke han først i dag, og så skulle eg gå utover litt seinare. Mens eg gjekk nedover prata eg med Rasmus i mobilen eit langt stykke, men måtte slutte av, for eg var redd mobilen skulle bli tom for straum. Først etterpå kom eg på at Nils har laddar på rommet sitt, og vi har like telefonar. Rasmus har vore i Praha på skuletur denne veka. Der var det + 18 grader C, det vi kallar sommar-temperatur.
Det var bra tima, for eg møtte Einar i døra. Eg var litt spent, men Nils var i bra form, og dei hadde sett skisport i lag, sa han. Ja, det var ein heilt annan Nils i dag enn i går, men då hadde han hatt ein strevsom dag. Vi såg hopprenn i lag i dag-heilt fantastisk å ha ein stor skjerm med interessant program når ein ligg til sengs. For min eigen del må eg seie at eg aldri før har sett så mykje sport på TV som denne vinteren, heime, på sjukehuset og på Ørstaheimen. Eg vart verande til Nils hadde fått kveldsmat, i kveld fekk han gryterett med potetstappe til og brød ved sidan av. Eg fekk kaffi og så måtte eg ete ei halv brødskive av maten til Nils. Trur han likar at vi et i lag.
Eg slit med å halde orden på dagane - og i dag har det liksom vore sundag; det endatil eg vaska golv på føremiddagen.
Trur nok Nils kan ta imot besøk på dagtid. Eg kjem til å fare utover på ettermiddagen og vere litt utover kvelden i morgon også.

fredag, mars 17, 2017

Dagbok 2017: 17.mars


Klokka er 21.50, temperaturen er 0 grader C og snøen lavar ned. Det er berre ei lita stund sidan eg kom heim frå Ørstaheimen, og eg ante ikkje at det hadde begynt å snø. Men eg kom meg heim i løpet av 22 minutt med "sommardekk"(joggesko) på vinterføre.
I dag ringde Nils før middag og fortalde at han følte seg ganske pigg, han hadde trena og han hadde ete godt. det var eg sjølvsagt glad for, men eg tenkte no litt på den undersøkinga han skulle gjennom. Eg er ikkje vant til å vere heime heile dagen, og i tillegg  ha så lite å gjere. Eg la i hop ein klesvask eller to, strikka litt etc.etc. Det blir ikkje mykje husarbeid når ein er åleine og i tillegg ikkje heime.
Nils ringde og sa at undersøkinga hadde gått greitt, dei hadde ikkje funne noko; det var som eg trudde. Han skulle ringe når dei tok laus frå Volda. Då han ringde var Solveig komen og vi var på Amfi og handla. Derifrå køyrde vi opp til Ørstaheimen til Nils, og sat der ei stund. Han hadde fått eit ganske romsleg einerom med TV, så det var greitt. Eg likte at rommet vende mot vest.
Solveig køyrde meg heim med varene og så frakta ho meg ut att til Nils, eg ville vere der litt utover kvelden. Vi åt kveldsmat i lag i kveld, det vart brødskiver- kakao til Nils og kaffi til meg. Men etter maten slokna Nils, då var han heilt utkjørt, eg let han berre sove, men sakna lydboka, for på TV var det berre sport. Tenkte eg skulle vere der til eg var sikker på at dei hugsa å gi han medisinane han skal ha;  eg må vel slutte å kave meg opp med slikt, dei tilsette gjer nok jobben sin. Men eg spurde no litt beskjedent om dei hadde fått medisinlista frå sjukehuset. Og det hadde dei. No håper eg at han får sove godt i natt, og er kvikk i morgon.
Han tenkjer klårare han enn eg, på mange område. "Har det kome snø ute?" spurde han. Eg såg ut glaset og såg ikkje noko snø-før eg kom ut.
Nils er relativt bra, men ikkje særleg sterk. Det går an å besøke han på heimen, men ikkje for lenge om gongen, og ikkje altfor mange i slengen. Det ser ut til at han blir ekstra trøtt rett etter måltida.

torsdag, mars 16, 2017

Dagbok 2017: 16.mars

These shoes are made for walking.
HOKA - ikkje billege, men veldig gode.

Klokka er 19.45, temperaturen er + 5 grader C, det regnar og blæs.
I fjor ein gong kjøpte eg eit par rosa joggesko, og dei har eg brukt flittig siste tida, han gått meir enn på mange år. Og eg synest eg er blitt monaleg sprekare. Det er sjølvsagt kjekt, men grunnen til all mosjonen er ikkje fullt så positiv.
I dag før middag ringde Nils, som avtalt, og han kunne fortelle at han hadde hatt ei fryktelig natt med mykje feber og utan medisin. både han og eg visste sjølvsagt at det var eit "eksperiment" frå legane si side. Dei ville prøve å finne ut kvar infeksjonen kom frå-det har dei aldri funne ut før heller. Nils hadde snakka med legen og eg fekk eit kort referat, men legen ville snakke med meg når eg kom bortover.
I dag hadde eg bestemt meg for å ta 12.53-bussen, og eg gjekk nedover i høveleg tid, men så kom Marit og plukka meg opp og køyrde meg til bussen. Det gjer ingen ting å vente i eit buss-skur når ein har lydbok. I dag var det Bergensbussen som kom, det vil seie at ein må byte buss på ferjekaia, eg KAN alt det der no.
Nils var på langt nær så elendig som eg hadde frykta, tvert imot. Han fekk to posar blod intravenøst mens eg var der, og kvikna veldig til.
Til middag var det ballj og det er ikkje noko Nils har lyst på når han ikkje er frisk. Det var ein av pleiarane som kom med maten (liten porsjon)+ ein kaffikopp til meg. Ho beklaga at ikkje eg fekk middag, men det var slik der på huset, sa ho, laga til akkurat. Men Nils ville ikkje ha ball, så då fekk eg hans porsjon. Så laga ho ein stor porsjon suppe til han, med mykje fløte i. Det var den beste suppa han hadde smakt, sa han. Han spør alltid etter suppe, for det er lett å ete. Etterpå tok han seg ein liten lur, og vakna opp kvikkare enn på lenge.
Legen kom og eg fekk informasjon.

Alternativ 1: Det kan vere ein infeksjon i ein hjerteklaff -det skal hjertelegane undersøke i morgon. I så fall kan det behandlast med antibiotika. Og han blir på sjukehuset nokre dagar til.

Alternativ 2: Det er sjølve kreftsjukdommen som skaper infeksjonar, i så fall har dei inga behandling å gi, og då blir han overført til Ørstaheimen i morgon (?) der han blir på meir permanent basis. Legen meinte det var ei påkjenning både for Nils og meg med alle flyttingane.

Eg veit ikkje kva alternativ eg håper på, men eg trur at alt.2 er det mest sannsynlege. Han vil få god pleie på Ørstaheimen, og legen som er der står i kontakt med sjukehuset. Når han vert litt sterkare er det kjekt å ta imot besøk på "heimen". Og det er lettvint for meg å besøke han der.
Mens eg var der kom det ein mann og fiksa TV-en, dei hadde lagt om til eit anna system, så det var berre snø på NRK 1. Då hadde Nils fått i seg alt blodet, og var ganske pigg og kosa seg med hopprenn.
Eg gjekk ned til bussen, og opp att frå rutebilstasjonen og hit. Bra mosjon i dag. Men også i dag vart det ei lita overrasking: Ein runde til flyplassen. Spennande å reise med buss.
PS: No ringde Nils frå sjukehuset og sa at han hadde ete godt til kvelds, og at han hadde LYST på maten. Trur det ekstra blodet gjorde underverker. Takk til givaren, kven det enn måtte vere.

onsdag, mars 15, 2017

Dagbok 2017: 15.mars.


Klokka er19.40, temperaturen er + 5 grader og det er litt vind. Slett ikkje så gale vêr.
I dag har eg vore i Volda så å seie heile dagen. Tok bussen bortover klokka 11.57 og kom att med den som går frå Volda klokka18.50. I dag har eg gått ned til bussen både her og i Volda, og så gjekk eg opp att på Vallabøen. Då er det eg skulle ønske eg hadde skritteljar. Men det gjer godt å gå litt når ein sit i ro så mange timar.
Snakka med Nils i telefonen før middag og han fortalde at dei enno ikkje har funne ut av den infeksjonen han har. I dag skulle han ikkje få febernedsettande medisin og så skulle han på røntgen med lungene. Ved å la feberen stige skulle dei via blodprøve finne ut meir om infeksjonen, håpa dei.  Då eg gjekk derifrå var temperaturen oppe i 38,5, og sjukepleiaren hadde bestilt blodprøve. Etterpå skulle han få Paracet for å få ned temperaturen. Meir veit eg ikkje enno, men stoler på at han får all den hjelp som han kan få.
Eg er der mange timar for dag, og Nils søv mykje av tida, men så er det måltid, gymnastikk og i dag også røntgen, så det skjer mykje. Nils et rimeleg bra, i dag fekk han blomkålsuppe og rundstykke til lunsj, eg måtte ete halve rundstykket, det er som om han lettare får til å ete når eg også gjer det.
Til middag åt han kjøttkake og grønnsaker+ dessert. Eg fekk ein heil tallerken med brød og pålegg + kaffi. I tillegg åt Nils ein yoghurt og ei flaske med næringsdrikk, mellom måltida. Etter middag vart Nils så trøtt at han sov ein heil time. Eg hadde lydbok, men sovna ei stund eg også. Var rimeleg forvirra då eg vakna.
Margrete var innom ei stund etter skuletid, men eg sa at ho berre kunne fare heim, for eg ville vere lenger og ta bussen. Når eg er der hjelper eg som sagt litt til, med å hente vatn, rydde litt, barbere han, stille opp og ned senga  osv.
Når eg går til og frå sjukehuset går tankane mine ofte tilbake til 1961. Då låg far min låg på Volda gamle sjukehus i tre veker før han døde. Mamma overnatta på hybelen min, mens eg fekk leige eit anna rom i huset der eg budde første året eg gjekk på lærarskulen. Mamma sat på sjukehuset med pappa heile dagane og fekk mat der. Når eg kom ein tur ut på ettermiddagen/kvelden kom dei også med mat til meg. Pappa låg med drypp, og den tida måtte ein passe på at nåla ikkje datt ut. No har dei mykje betre ting å hjelpe seg med. Mange tekniske anordningar som ikkje var før.
I 1961 budde eg i eit hus rett nedanfor "Gamlegymaset" så vegen fram og tilbake til sjukehuset var om lag den samme som eg går no. Og så var det jo kort veg frå lærarskulen til sjukehuset.

tirsdag, mars 14, 2017

Dagbok 2017: 14.mars

Klokka er 18.40, temperaturen er + 4 grader og det regnar og haglar. Eg veit det, for eg kom heim for nokre minutt sidan . Det var "friskt" å vere ute i dag, likar i grunnen litt ruskevêr innimellom.
Planen min i dag var å ta 13.53-bussen til Volda og besøke Nils, og sidan eg hadde ei økt heime før turen, fekk eg lagt opp eine buksa eg kjøpte førre veka.
Eg ville gå heimanfrå klokka 13, for eg hadde eit par ærend. Men så ringde ei venninne i det eg skulle fare, og ho insisterte på å køyre meg heilt til sjukehuset, og derfor kom eg dit litt tidlegare enn venta.
Den første eg trefte var fysioterapeuten, ho som var heime hos oss ein gong i vinter, ho fortalde at Nils hadde hatt trening og at han hadde fått dusja. Det siste er eg sikker på at han var glad for, det har ikkje vore mykje dusjing i det siste.
Elles var det ikkje særleg endring frå i går, han er framleis svak og slapp og sovna fleire gonger mens eg var der. Men han hadde ikkje vondt. Han blir døsig av all medisinen også, ikkje berre av sjukdommen. Han har ikkje fått resultat av verken CT eller prøver i dag. Men sjukepleiaren som var innom og målte, registrerte at pulsen var normal og at han ikkje hadde feber.
Når eg er på besøk hjelper eg litt til med eitt og anna, så det blir litt mindre mas på betjeninga. I går åt eg heile middagen hans, i dag delte vi den. Eg gjekk med på det for at han skulle ete noko. Elles er ikkje appetitten på topp, men han får i seg suppe og næringsdrikkar. Eg hadde med bananar, det plar han ete, og clementinar, som han først ikkje ville ha, men syntest var godt då eg lokka han til å prøve.
I går kveld kvikna han til mot kveld og såg TV, og ringde heim, håper det lysnar litt i kveld også.
Eg hadde tenkt å gå ned på busshaldeplassen og ta bussen klokka 17.50, det er den ruta som går Volda-Kristiansund, det einaste ruteheftet eg finn ut av. Men så gjekk der altså ein buss frå sjukehuset klokka 17.14, så kanskje eg skulle ta den, og kanskje den gjekk heilt til Ørsta? Som tenkt så gjort. På ventebenken kom det også ein ung svarthuda gut som skulle med bussen, og han orienterte meg. Han såg bussen lenger nede i vegane og sa at no måtte vi gå ned på vegen. Det gjorde vi. Eg spurde for ordens skuld sjåføren om han køyrde til Ørsta, og det gjorde han. FLOTT. Det var berre det at først skulle vi fram til Bratteberg, og cruise rundt i store byggefelt. Ganske interessant eigentleg, for eg hadde aldri vore der før. Ca. 17.30 var vi på busstasjonen, og der blei vi ståande. Eg prata litt med sjåføren og då viste det seg at det faktisk var time-ekspressen til Kristiansund eg var om bord i. Så var det berre å vente på at klokka skulle bli 17.50- og det blei den ,jo. Det vart ingen rundtur i Ørsta i dag, men det var godt å gå opp bakkane etter så mykje sitting.
Bussjåføren og eg var rørande einige om at det er håplaust å finne fram i bussrutene på nettet. Men til sommaren skal det visst bli ein revolusjon. Aldri kjedeleg å reise med bussen!
No høyrde er tora, best å slå av datamaskina, kanskje?

mandag, mars 13, 2017

Dagbok 2017: 13.mars

Klokka er 17.20, temperatuer er + 5 grader C og det regnar. Eg kom nettopp att frå Volda, der eg har vore det meste av dagen. Men i dag har eg hatt skikkeleg flaks med transporten.
Eg måtte reise til Volda tidlegare enn eg hadde tenkt, fordi legen ville at eg skulle vere der under konsultasjonen. Derfor måtte eg skofte styremøtet i pensjonistlaget. Marit skulle nedover før klokka 12, så då sat eg på med henne og tok bussen som går 7 minutt på 12 frå Ørsta. Den køyrde heilt opp til sjukehuset, så eg var der i god tid. Nils var veldig slapp då eg kom og ikkje stort betre utover dagen. Han han fått meir medisin, og infeksjonen er ikkje under kontroll. Han sovna mange gonger mens eg var der, men eg hadde lydboka med meg, så eg las litt innimellom. Legen var den samme som vi har snakka med før, og vi fekk ei grei orientering, det meste visste vi frå før. Det som gjer at dei vil at pårørande skal vere til stades, er vel at dei ikkje er sikre på om pasienten får med seg alt. Men Nils er klar i toppen, det skortar ikkje på det. No kan det hende at eg spør litt meir, då.
Nils et berre suppe og alt som er flytande. Eg åt middagsmaten hans, så i dag har eg ete steikt sei-hugsar ikkje sist eg gjorde det.
Både Margrete og Solveig ringde mens eg var på sjukehuset, dei har sut for at eg skal komme meg både fram og tilbake, men det klarer eg fint.
Der går buss frå sjukehuset og ned til busstasjonen, men eg likar å ha den spaserturen. Eg veit aldri kor lang tid eg brukar, så eg berekna meg litt FOR god tid i dag. Kalkulerte med å sitte på ein kald benk og lese lydbok-eventuelt.
Men då eg har 50 meter att til busstoppen, køyrer der inn ein buss som står ØRSTA på, og ikkje berre det -VALLABØEN også. Snakk om flaks! Eg var sjølvsagt snart å hive meg på. Og kom omsider til Kiwi på Vallabøen, etter ein rundtur i sentrum og heile Mosmarka. Siste biten skulle eg gå, det er ikkje langt; men der kom det forsyne meg ei nabodame, som sa: "Hopp inn, eg køyrer deg heim, det er så ufyseleg vêr !". Ikkje lite flaks på ein dag.
Nils er slapp, han søv mykje, og orkar lite. Han var litt kvikkare då eg gjekk enn då eg kom. Men det han inga hensikt at andre enn eg besøker han. Eg skal varsku når han kjem til krefter og kan ta imot besøk. Det bad han meg om å skrive her på bloggen. Eg er liksom ikkje berre på besøk når eg er der, eg hjelper han med det eine og det andre, og så kan han sove innimellom, så det vert litt annleis.

søndag, mars 12, 2017

Dagbok 2017: 12.mars

Klokka er 20.40, temperaturen ute er + 7 grader, det har regna litt av og til, men det har vore mest opplett.
Ingen dagar er like, verken på den einemåten eller den andre. I dag skulle gutane til Margrete spele på ein basar på "bygda", og Margrete ville komme ein tur på sjukehuset etter basaren. Derfor utsette eg besøket til Nils til utpå dagen, sidan Margrete ville køyre meg heim.
Eg hadde ikkje fått shina opp huset til helga, så det vart litt golvvask etc. før middag, til tross for at det var sundag.
Då eg begynte å studere bussrutene, fann eg ut at der ikkje var bussar til Volda mellom kl.13 og 16. Eg tok den bussen som etter ruta går frå Ørsta klokka 15.53. Det er den bussen som går mellom Kristiansund og Volda-den einaste bussruta eg forstår meg på.
Sidan det var sundag gjekk ikkje bussen opp til sjukehuset, og det var det heller ikkje andre bussar som gjorde. Så eg fekk meg ein frisk spasertur i motbakken forbi lærarskulen, der eg traska i min ungdom.
Nils var veldig trøtt og slapp i dag, så han sovna fleire gonger mens eg var der. Han hadde verkt i natt og ikkje hatt det så godt, så det var vel ein av grunnane. Eg let han berre sove, og hadde vore lur nok til å stikke lydboka ned i veska. Eg veit ikkje om han hadde fått antibiotika før på dagen, men dei kom og sette på drypp mens eg var der. Kanskje dei greier å få  han på beina enda ein gong. Det er femte gongen han ligg der no, første innlegging var på 80-årsdagen.
Etter kvart kom Margrete og Amanda. Amanda skulle opp på hybelen sin hos farmora, så det vart til at vi alle tre besøkte Ruth og prata med henne ei god stund. Eg har så ofte tenkt at eg skulle besøke henne når eg likevel var så nær, men som regel er ein avhengig av bussruter eller andre som fraktar meg hit og dit.
Det var litt trasig at det blei sjukehus igjen, det var kjekkare då han var på Ørstaheimen. Men takk og pris for at vi har lokalsjukehuset. Neste gong det blir trussel om nedlegging skal eg gå i fakkeltog-om eg så skal gå åleine. Eg har stor respekt og beundring for dei som jobbar med sjuke folk, dei gjer ein kjempejobb både for pasientar og pårørande.

lørdag, mars 11, 2017

Dagbok 2017: 11.mars

Klokka er 21.45, temperaturen ute er + 5 grader C og det regnar litt. I dag tidleg var det kaldt og rim på marka.
I tre veker var Nils vekke, først ei veke på sjukehuset, så to veker på Ørstaheimen. Eg blei vant til å vere åleine heime, og besøkte Nils nesten kvar dag. Sist tysdag kom han heim frå Ørstaheimen, og det såg ut til at det skulle gå bra. Han åt godt og klarte å ta seg fram med rullator. Han fekk medisinane han skulle ha til rett tid, og eg håpa at det skulle gå bra- ei stund. I bakhovudet hadde eg sjølvsagt tankar om at det ikkje kom til å vare så veldig lenge, men at den gode tida skulle bli SÅ kort var eg ikkje budd på. Allereie fredag, altså i går, begynte eg å ane uråd, men sidan han framleis åt, tenkte eg at han kanskje skulle vere betre i dag. Det var han ikkje. Og sjølvsagt vart han sjuk på ein laurdag-då er alt litt mindre enkelt enn midt i veka. Eg ringde heimesjukepleien, og ho kom. Ho varskudde legen, som sjølvsagt hadde mange andre oppdrag før han kunne komme hit.
Eg målte temperaturen, og Nils hadde ikkje feber, men når det no var 5.gong han hadde samme symptoma, visste eg kva som var i vente.
Eg sat og passa Nils omtrent heile dagen, han låg her på dagsenga på datarommet og småsov og eg sat og strikka. Legen kom og undersøkte han og trudde visst ikkje det var så alvorleg, men tok blodprøver med seg for analyse. Nils hadde framleis ikkje feber, men "feberen kjem ikkje før i kveld" sa eg. Det varte ikkje så lenge før legen ringde og sa at det blei sjukehus, for verdiane (infeksjon) var høge. Så fekk eg dessverre rett i det eg trudde.
Det vart til at eg blei med sjukebilen denne gongen, for der var plass. Sjåføren gjekk i klasse med Margrete på barneskulen, og mor hans var kollegaen min, så vi kjende kvarandre og prata heile vegen.
Vi blei verande i mottaksrommet i to timar, det var prøver som skulle takast og undersøkelsar som skulle utførast. Det var ein relativt ung kvinneleg lege, og ho var veldig grundig. Solveig ringde og ville komme innover, noko eg ikkje tykte var naudsynt, men eg lova å ringe når vi var komne på plass,og det gjorde eg.
Også denne gongen ligg han i 4.etasje, i eit fint lite enkeltrom -med TV. Nattevakta kjenner han frå før. Han fekk drypp med saltvatn med det same han kom på sjukehuset, men var ikkje dehydrert. Antibiotika får han når dei har analysert alle prøver.
Han var trøtt og ville helst sove, og då nattsøster målte tempen, var den stige til 38 + akkurat som eg hadde forutsett.
Solveig kom innover og såg til faren før ho køyrde meg heim, eg måtte ta imot tilbodet sidan klokka begynte å bli ganske mykje. Soveig vart med inn og vi åt og drakk kaffi i lag før ho reiste heim.
Eg klarer meg fint her åleine, men saknar sjølvsagt å ha Nils å snakke med. Men eg kan ikkje klare å ha han heime når han verken kan gå eller stå. Takk og pris for at vi har sjukehuset så nær og at der er folk som kan jobben sin. Så får vi håpe at dei får han på beina att denne gongen også.

fredag, mars 10, 2017

Dagbok 2017: 10.mars

Klokka er 22.05, temperaturen ute er + 0,4 grader C, og det har vore overskya og litt regn i dag. Eg har knapt vore ute for ei dør. Eg syntest det var kjekt å få Nils heim att, og glad for at det såg ut til å gå bra. Det var i går.
I dag vakna han slapp og elendig, og kom seg ikkje ut av senga før langt utpå ettermiddagen. Men han har fått i seg bra med mat, og han har ikkje feber. Men så får han mykje medisin!
Heimesjukepleiaren kom klokka 11 som planlagt, og i dag var det kreftkoordinator Solfrid som dukka opp, noko eg var glad for. Ho veit det meste om oss etter kvart, og handlar når ho ser at det trengst.
Håper eg slepp å søke hjelp, men må eg det, så er det Ørstaheimen eg skal ringe. Til dømes viss Nils får feber. Eg skulle ønske han slapp fleire turar med infeksjon, men dessverre er det svært vanleg at kreftpasientar får det. Det som eg synest er litt rart er at han var bra mens han var på Ørstaheimen, og så blir han dårleg etter 2-3 dagar heime. Han har det jo minst like godt her som der.
Det er ikkje lurt å besøke han mens han er så kraftlaus, eg skal seie ifrå om han blir i stand til å ta imot besøk.
Eg synest det er litt vanskeleg å ha ansvar for han, men eg kan kontakte heimesjukepleien om eg ikkje maktar det åleine. Eg passar i alle fall på at han får mat og medisin. No må eg visst finne meg litt mat sjølv også-eg gløymer rett og slett å ete når vi ikkje et i lag. Håper at eg har betre nytt i morgon.


torsdag, mars 09, 2017

Dagbok 2017: 9.mars.

Klokka er18.40, temperaturen ute er ca. + 3 grader, det har vore både regn og sludd i løpet av dagen, men litt lettare mot kveld.
Etter å ha vore på farten mykje av tida i heile vinter er eg no husmor på heiltid, med litt av kvart å gjere. I dag har eg til dømes vaske klede, baka brød og laga mat. Ete har eg også gjort, det hadde eg nesten slutta med. Så langt har det gått bra med Nils, han får medisinen sin til rett tid, og mat på rett klokkeslett. I dag laga eg "suppelapskaus" til middag, god og salt-slik at ein drikk nok etterpå. Eg har så mykje opplagra mat at eg må bruke av lageret.
Håkon kom innom ein tur mellom lunsj og middag, så då blei det ein kaffikopp ekstra. Det blir ein del snakk om fiskeri når Håkon er her, og då er det planlegging.
Einar kom etter vi hadde ete middag klokka 16.00. Han var budd på ei lita handlerunde, så eg fekk kome meg på apoteket. Blei ekspedert av den samme som i går, og no var alt i orden. Den dama/jenta er ikkje til å kimse av. Ho forstår alt og hugsar alt. Eg fekk også levert eit heilt nett med lydbøker på biblioteket.
Etter at vi kom heim drakk vi kaffi og åt kake.
Einar fekk fiksa laptoppen. Eg hadde som ei formeining om at feilen var i ruteren, og det stemte. Det var berre å ta ut ein ledning og sette den inn att. Akkurat det med ledningar brukar eg å halde meg ifrå å styre med.
Har vore ein del plaga med tinnitus i dag også, men ikkje så gale som før.
I morgon tidleg kjem heimesjukepleiaren og hjelper Nils med dusjing til helga. Så langt har alt godt vel.

onsdag, mars 08, 2017

Dagbok 2017: 8.mars


Klokka er 21.00, temperaturen har stige til + 3 grader etter at det så smått begynte å skye over. På føremiddagen var det sol og fint vêr.
Dagane er heilt annleis når Nils er heime, enn når eg er her åleine -og på lange besøk her eller der. I går kom Nils heim etter å ha vore vekke i tre veker. No synest eg han har vore heime lenge. Sidan han stort sett blir sittande i eine godstolen, blir eg mykje sittande i den andre.
Elles har dagen gått til matlaging-  og ikkje så mykje anna. Vi har halde strengt på måltida, med lunsj klokka 13 og middag kl.16.
I dag åt vi restar frå i går til lunsj, og taco til middag. Nils får i tillegg dessert, yoghurt og diverse anna. Eg vil ikkje legge på meg for mykje , så eg kuttar ut dessert t.d.
Eg blei med Marit og Stian nedover i dag. Marit har leigebil sidan hennar eigen er på verkstad. Leigebilen var ein snedden liten Toyota hybrid. Gudane må vite kor mange bilar eg har sete på med siste året. Det er ikkje få.
Fekk eit lite problem på apoteket, for dei nye medisinane til Nils var ikkje lagt inn på "kontoen" hans der. Det var ein lege på sjukehuset som hadde skrive ut medisinane, og på Ørstaheimen hadde han fått det han skulle ha. Dei hadde også laga til medisinen han skulle ha i går etter at han kom heim, og medisin for i dag. Men så har vi ikkje meir.
Vi måtte køyre opp til legesenteret, og eg forklarte dama i luka problemet, så no håper eg fastlegen ordnar opp. Ho tok kopi av medisinlista, slik at eg har lista vår sjølv. Eg har tatt på meg ansvaret for å passe på medisineringa. Viss dette ikkje blir i orden i morgon, får eg kontakte Ørstaheimen. Det var ei av dei utanlandske farmasøytane som ekspederte meg i dag. Dei er så flinke desse austeuropeiske småjentene-heilt utrulege er dei.
Handla litt mat også, men det var ikkje mykje vi trong i dag. Vi får prøve å ete av det vi har.
Vi vart så trøtte begge to etter at vi hadde ete middag at vi sovna i stolen rett som det var. Kanskje ikkje så rart etter ei så stressande periode. Elles så blir det mykje TV-i dag var det til alt hell litt skiløp igjen. Har hatt kort besøk av ein nabo, det er alt.
Nils har snakka både med systera og broren sin i telefonen. Dei les bloggen min, dei også, som så mange andre.
Så langt har det gått fint med Nils her heime, han tykte det var godt å komme heim til si eiga seng -håper han får vere heime lenge! Så langt har han ete godt.
Eg har fått problem med tinnitusen, den er kraftigare enn på mange år, og eg trur det er derfor eg blir litt svimmel av og til, til dømes på Amfi. Her heime er eg bra.
Det har ikkje blitt gjort så mykje i huset i dag, men har no vaska ei maskin med klede, og ei med oppvask. Kan ikkje seie at det var eit slit.
Sidan det er 8. mars burde eg vel seie noko om kvinnedagen. Om kvinner i Norge vil eg seie at vi stort sett har det bra, men det er ein del grums når det gjeld innvandrarkvinner, det bør det bli slutt på. Dette var både overflatisk og lite konkret, men eg trur mange forstår kva eg meiner.

tirsdag, mars 07, 2017

Dagbok 2017: 7.mars




Klokka er19.45, temperaturen ute er minus 5 grader C, men det er fint og varmt innomhus så lenge sola er oppe.
Føremiddagen i dag gjekk opp i litt småpjask, og til slutt sette eg meg beint ned og høyrde resten av boka mi, mens eg strikka.
Nils kom heim frå sjukeheimen ca. 14.30 og sidan har det gått slag i slag. Eg laga middag for første gong på tre veker, og eg har nok å ta av i frysaren. I dag vart det kjøttbollar i lys fløtesaus med mandelpotet og grønsaker. Nils åt godt og likte maten. Etterpå fekk han mandelkjernepudding med jordbær-smoothie i staden for saus. Eg avstod frå dessert. Vi har også hatt kaffi og litt kake. Eg føler meg som ei stappa pølse, er ikkje vant til å ete så mykje.
Vi har hatt tre besøk. Først kom kreftkoordinatoren innom så vidt, det var før middag. Seinare kom ein som Nils kjenner frå Rjåneshamna med frosen og vakuumpakka fisk, og til slutt kom ein nabo med raude roser til velkomst. Det er veldig kjekt å få besøk, og særleg for Nils som ikkje kjem seg så langt. Men vi er nødt til å frede måltida viss Nils skal få i seg maten han treng. Vi kjem til å ha lunsj i 13-tida og middag rundt klokka 16.00. Frokost og kvelds får vi ete når det passar.
Det er kjekt at Nils er heime igjen, og no kryssar vi fingrane for at han skal få vere frisk ei tid framover. Han får andre medisinar enn før, så i morgon må eg nok ta ein tur på apoteket og bunkre opp. Har fått medisinliste, og timeplan for medisinen. Så eg får litt å bryne meg på-men det er heilt greitt.
Det som ikkje er SÅ greitt er at eg ikkje får laptopen til å virke her heime etter opphaldet på Ørsta heimen. Olaug jr. har prøvd også, men lyt nok få tak i ein meir datakyndig person på sikt.
Krokusen blomstrar nedafor huset. På baksida av garasjen ligg snøen -hard som stein!


Bok nr.11- 2017: Arv og miljø.

Arv og miljø av Vigdis Hjorth (Lydbok MP3-CD)
Omtale fra forlaget
VINNER AV BOKHANDLERPRISEN 2016 At ingen av dere på noe tidspunkt har spurt meg om min historie, har jeg opplevd og opplever jeg som en stor sorg..
Det er Bergljot, den eldste datteren i familien, som formulerer seg slik i en mail til sine søstre, etter at det har pågått en heftig diskusjon om forskudd på arv.
Kjernen i arveoppgjøret er fordelingen av to sommerhytter som ligger ved siden av hverandre på Hvaler i Østfold. Et barndomssted, som alle har et forhold til.
To døtre har tatt seg av stedet og foreldrene i mange år. De skal arve hyttene. Men så er det altså to barn til, som delvis har brutt med familien. Hvorfor melder de seg nå på i arvetvisten?
Under samtalen om arv løper en annen beretning, som setter voldsomme krefter i sving. Bergljot erfarer at det skal mot til for å uttrykke sin versjon av familiehistorien. Men bare gjennom å ta sine egne opplevelser på alvor og å prøve å sette ord på dem, er det mulig å komme videre.

.................................................................
No har eg sete midt på føremiddagen og lese ferdig denne lydboka. Eg reagerte på at det berre var eitt spor på siste plata, så det då eg rippa plata også, og prøvde å rippe plata om att. Derfor er eg ikkje heilt sikker på om eg fekk med meg alt.
Forfattaren les boka sjølv og eg synest dette må vere noko av det beste ho har skrive. Vil ikkje skrive noko meir, sidan det er fleire som er i gang med boka no.

mandag, mars 06, 2017

Dagbok 2027: 6.mars.

Klokka er 21.15, temperaturen ute er minus 4 grader, men dagen har vore fin og "varm" i sola.
Eg brukar å seie at siste halvåret har eg stort sett vore på vandring; pr. bil, buss og på føtene. I morgon ventar eg Nils heim, og då håper eg inderleg at vi kan få vere heime i lag ei stund. Nils har hatt det godt på Ørstaheimen, men heime er no best uansett, så sant helsa tillet det. I høve heimkomsten har eg pussa glaset på omnen i dag, det er lenge sidan det har vore så fint.
I dag tidleg fekk eg melding frå ei veninne om at ho var ledig i dag i tilfelle eg ville ha ei shoppingrunde. Eg greip sjansen. Blant anna var vi til Volda, der eg fekk kjøpt meg to nye bukser på Møre konfeksjon. Noko eg sårt trong; ikkje berre var dei gamle buksene gamle, men dei var også for store. Mat handla vi begge på Coop i Furene og så drakk vi kaffi på kafeen der. Ho køyrde meg heim med varene, og så ut på Ørstaheimen.
Eg hadde tenkt å gå heim att etter besøket hos Nils, men så dukka det opp ein kjekk ung mann, og det vart han som frakta meg heim til slutt. Då hadde sola gått ned, og det var kaldt, så det var ikkje lenger like fristane å gå. Eirik har vore ein tur til Oslo, kom att med flyet og hadde bilen sin i Ørsta.
Eg veit ikkje korleis eg nokon gong skal få takka alle som har skyssa meg hit og dit og hjelpt meg på andre måtar denne vinteren. Som eg har sagt så mange gonger: Ein god familie, gode naboar og andre venner er det beste ein kan ha i vår situasjon. Håpar vi skal klare oss utan altfor mykje hjelp ei stund framover no. (Men litt mas blir det vel)


søndag, mars 05, 2017

Dagbok 2017: 5. mars

Klokka er19.30. Temperaturen på trappa vår er + 2 grader C. Det har vore like fint i dag som dagane før, så eg bestemte meg for å komme meg ut litt på dagtid.
I dag hadde eg ikkje avtale med nokon, verken om køyring eller anna, så eg tok beina fatt og gjekk ned på sjukeheimen ca klokka 13. Då rekna eg med at Nils var ferdig med middagen til eg kom ned. Det er middag klokka 13 på søndagar. Det var fint å få vere ute i sol og finevêr, for rommet som Nils har no vender mor aust, og då e der ikkje sol etter middag.
Eg trur aldri eg har sete pal og sett 5-mila før, men det gjorde eg altså i dag. Det er ikkje så mykje anna å ta seg til på ein slik stad enn å prate og sjå TV.
Vi fekk no servert kake og kaffi utpå dagen.
Margrete ringde, ho og "ungane" lurte på om dei kunne komme ein tur kvart på seks. Og det kunne dei sjølvsagt. Det var berre Amanda og Erlend som var med, for Eirik hadde reist til Oslo på konsert. Dei køyrde meg heim då Nils vart henta til kveldsbordet i 19-tida. Han går åleine med rullatoren no, og han skal kome heim anten i morgon eller tysdag.
No skal eg ha meg litt skikkelig mat før eg skal sjå litt TV-utan sport. Har aldri sett så mykje sport på TV som desse dagane eg har vore på "Heimen".
I dag gratulerer vi Tone på Hardbakke med dagen !

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...