fredag, mars 17, 2017

Dagbok 2017: 17.mars


Klokka er 21.50, temperaturen er 0 grader C og snøen lavar ned. Det er berre ei lita stund sidan eg kom heim frå Ørstaheimen, og eg ante ikkje at det hadde begynt å snø. Men eg kom meg heim i løpet av 22 minutt med "sommardekk"(joggesko) på vinterføre.
I dag ringde Nils før middag og fortalde at han følte seg ganske pigg, han hadde trena og han hadde ete godt. det var eg sjølvsagt glad for, men eg tenkte no litt på den undersøkinga han skulle gjennom. Eg er ikkje vant til å vere heime heile dagen, og i tillegg  ha så lite å gjere. Eg la i hop ein klesvask eller to, strikka litt etc.etc. Det blir ikkje mykje husarbeid når ein er åleine og i tillegg ikkje heime.
Nils ringde og sa at undersøkinga hadde gått greitt, dei hadde ikkje funne noko; det var som eg trudde. Han skulle ringe når dei tok laus frå Volda. Då han ringde var Solveig komen og vi var på Amfi og handla. Derifrå køyrde vi opp til Ørstaheimen til Nils, og sat der ei stund. Han hadde fått eit ganske romsleg einerom med TV, så det var greitt. Eg likte at rommet vende mot vest.
Solveig køyrde meg heim med varene og så frakta ho meg ut att til Nils, eg ville vere der litt utover kvelden. Vi åt kveldsmat i lag i kveld, det vart brødskiver- kakao til Nils og kaffi til meg. Men etter maten slokna Nils, då var han heilt utkjørt, eg let han berre sove, men sakna lydboka, for på TV var det berre sport. Tenkte eg skulle vere der til eg var sikker på at dei hugsa å gi han medisinane han skal ha;  eg må vel slutte å kave meg opp med slikt, dei tilsette gjer nok jobben sin. Men eg spurde no litt beskjedent om dei hadde fått medisinlista frå sjukehuset. Og det hadde dei. No håper eg at han får sove godt i natt, og er kvikk i morgon.
Han tenkjer klårare han enn eg, på mange område. "Har det kome snø ute?" spurde han. Eg såg ut glaset og såg ikkje noko snø-før eg kom ut.
Nils er relativt bra, men ikkje særleg sterk. Det går an å besøke han på heimen, men ikkje for lenge om gongen, og ikkje altfor mange i slengen. Det ser ut til at han blir ekstra trøtt rett etter måltida.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...