tirsdag, august 31, 2021

Dagbok 2021: 31.august

 Klokka er 17.30, temperaturen ute er + 17 grader, det er skya, men opplett og fint. 1.august er ein dato som minner meg om gamle dagar. Pappa hadde fødselsdag den dagen, og 1.september begynte skulen etter ferien. Så pappa sin fødselsdag vart liksom slutten på sommaren. August er favorittmånaden min, med lune mørke kveldar , frukt og bær. Slik oppfattar eg den månaden. Men september kan også vere fin. Håper det blir nokolunde bra ver i morgon for då skal eg på dagstur med Pensjonistlaget. Vi skal til Bjørke og Viddal og sjå oss omkring og så skal vi ete lunsj der inne. Dette området har vore ein del av Ørsta kommune så langt tilbake som eg veit. Men no har Volda tatt over. Det har vel noko med reisemåtar å gjere, Før var det fjorden og båtane som var sambandet, no har vegar og bilar tatt over-

I dag stod eg rimeleg tidleg opp og sidan vi ikkje startar treninga før 11.20, så hadde eg god tid til å farge håret mitt før trening. Denne gongen hadde eg valt fargen "Blond", men håret vart no ganske mørkt likevel- Etter treninga var vi ein tur på Alti og handla aldri så lite, før vi for heim. Eg jobba litt ute med å plukke plommer før eg åt middag. Den var ganske lettvint i dag. Etter at eg hadde ete, gjekk eg ut i garasjen og tømte og vaska den frysaren som står der, Det var fiskefrysaren vår, men der har vore lite fisk i seinare tid. No har eg tenkt å fylle den med plommer. Dei andre frysarane er stappfulle. Så plukka eg enda meir plommer og fekk dei i frysar. Men der er mykje att. Eg tenkjer som så at viss eg stussar eine plommetreet og fjernar eit anna kan det bli lite plommer neste år, så det kan vere bra å ha eit lager sylteplommer. Eg et mykje sylte både heimelaga og kjøpt, men eg synest den heimelaga plommesylta er den beste. 

Det gamle batteriet som er i bilen min let seg ikkje ladde opp att, så det blir vel å kjøpe eit nytt. Marit køyrde på treninga i dag og ho køyrer også ned til bussen i morgon. Det går bra berre ei av oss er køyrbar. I morgon skal vi besøke ein gammal skule på Viddal, og då skal Eli høyre meg i bibelsoge der, så i kveld må eg ta fram boka og friske opp kunnskapane mine. Den siste klassen eg hadde på Velle elska bibelsoga, særleg når eg fortalde  frå det gamle testamentet. Eg synest det er synd at ikkje barna får med seg dette no. Der er så mange spennande historier. Og i desse historiene finn vi opphavet til seiemåtar som enno er i bruk. Til dømes "David og Goliat"-kva seier dette uttrykket oss viss vi ikkje kjenner historia. No held sola  på å kome gjennom skylaget og det lysnar opp ute. Eg fekk lyst å gå ein tur på Fonnvernet, men har bestemt meg for å la det vere. I går var eg veldig låk i venstrefoten, men då eg vakna i dag var eg heilt bra. No vil eg ikkje at den skal bli vond igjen . Eg vil  heller finne fram ein kaffikopp og  vente på Nyheitene. Men først må eg ta eit vêrbilde.






mandag, august 30, 2021

Dagbok 2021: 30.august


Klokka er 16.00, temperaturen ute er + 17 grader, der er overskya og opplett. I dag tidleg vakna eg med ein veldig vond venstrefot, verkte frå hofta og nedover leggen. Eg var heilt klar for å legge meg på operasjonsbordet for å fornye hofta mi. Men eg hadde planar for dagen, eg skulle plukke plommer og eg skulle klippe plen- plenklippinga sette eg på vent, men plommene skulle plukkast, så eg starta der. Eg plukka både på marka og på treet, somme kvistar vart klipte også. Trea ser ikkje ut, men det eine skal i alle fall vekk, det vart bestemt for fleire år sidan.Det andre skal kraftig beskjerast. Då eg hadde plukka ein god del plommer , ville eg klippe graset på plenen om ikkje anna. Det er vel ingen som kjenner meg som tvilar på at heile tomta vart klipt? Klipparen vart spylt og sett på stallen igjen. Det er så rart med føtene mine, når eg har noko å halde i så kan eg gjere nesten kva som helst. Marit samanlikna det med å gå med handlevogn på butikk-


I går snakka Svein og eg om alle bærsortane vi har i hagane våre. Eg hadde ein sort meir enn han, for eg har bringebær- I år har eg plukka solbæra, ripsen og stikkelsbæra og frose, bringebæra et eg opp etter kvart. Eg har forresten ein liten jordbæråker også, som skal bli større neste år. Det einaste eg har å ete på no er blåbæra. Eg har to små busker, ei frå i fjor og ei som eg planta i vår. Den frå i fjor har det vore litt bær på. Sjølv om det er mykje arbeid med å ha hage , så ville eg ikkje unnvore den. Eg likar hagearbeid, og hittil har eg greidd det eg skulle. Korleis det blir framover veit eg sjølvsagt ikkje, men eg skal i alle fall ikkje gå på Vernet i dag.
Eg laga meg ein nydeleg middag då eg kom inn att. Då vart  ein av livrettane mine severt etter ein liten halvtime. Som før sagt er eg glad i spekesild, og det er ikkje så lenge sidan eg hadde det. Då hadde eg kjøpt frosne filetar på Kiwi, og dei var OK. Men då eg var på Coop på laurdag kjøpte eg ein pakke med vakuumpakka sild, der er berre to filetar i pakken, men det held akkurat til meg. Og den silda var himmelsk god! Når eg et sild tenkjer eg alltid på mamma, for ho var også glad i sild. Då ho vart gammal hadde ho ikkje så veldig appetitt, men spekesild, det hadde ho lyst på- Eg  har elska spekesild sidan eg var ganske liten, men eg trur ikkje ungar i dag har smakt det ein gong. Ikkje foreldrene heller kanskje? Eg serverte silda med kokte poteter, kålstuing og sylta rødbetar. Det var vidunderleg godt.
Eg hadde tenkt å kjøpe meg litt nye klede til eg skal i konfirmasjon, men no kom eg meg ikkje på butikk sist laurdag, som eg hadde tenkt, men det blir vel ei råd. I morgon køyrer Marit på trening, bilen min skal stå til onsdag eller torsdag for at batteriet skal komme heilt opp igjen. No kjenner eg at eg blir litt tørst, så eg skal sette på kaffien.





 

søndag, august 29, 2021

Bok nr.28 - 2021: Carmen Zita og døden

 


Konrad Sejer er tilbake! I "Carmen Zita og døden" er han høyst nærværende, ikke bare som den sindige og skarpe etterforskeren, men også som mennesket Konrad Sejer som har sitt å slite med. Men på stueveggen henger bildet av hans elskede Elise som han hver dag deler noen tanker med, og hunden Frank Robert, en kinesisk Shar-Pei, er alltid ved hans side. Og hver kveld avsluttes som alltid med en tynn whisky og en enslig sigarett.

Denne gang er det Skarre som er først på åstedet. Et lite barn har druknet i en dam. Et ubevoktet øyeblikk og så har det det aller verste skjedd. De unge foreldrene er sønderknuste, og alt ser ut til å være et uhell. Men Skarre stusser, det er noe med den unge moren, og han lufter sine anelser for Sejer. Etterforskning blir satt i gang som alltid ved brå død, og den unge moren, Carmen, viser seg å være noe for seg selv. Selvopptatt, grunn, forkjælet og pyntesyk. Denne romanen har alt man forventer av en krim fra Karin Fossum; en fryktelig ulykke, gode og spennende portretter av de innvolverte, et godt politiarbeid med en uventet utvikling. Og som vanlig er det litteratur på et høyt nivå.

lørdag, august 28, 2021

Dagbok 2021: 28.august

Klokka er no 18.04, temperaturen på trappa er +19-20 grader- Eg sveittar og det er ikkje berre sola og varmen si skuld-for dette vart litt av ein dag. Marit og eg gjorde oss klar på føremiddagen og skulle på handletur- eg skulle køyre. Eg sette meg inn i bilen og vrei om nøkkelen, men der kom ein heil annan lyd enn den som skulle komme, og bilen starta ikkje. Etter fleire forsøk sende eg melding til naboen, som kom og sette på laddar til batteriet. Eg måtte berre finne på noko nyttig, så eg begynte å plukke plommer. Så høyrde eg ein kjent murrande lyd og då var det naboen som hadde fått bilen til å starte igjen. Marit og eg venta enda ei stund, men så køyrde vi bort i Furene. Vi var på plantasjen og kjøpte blomster til gravene, og så kjøpte vi mat på Coop. Eg for min del kjøpte ganske mykje.Hamstra kan eg nesten kalle det. Så køyrde vi tilbake og fram til Askjellhaugen, der vi planta på gravene. Eg var ikkje heilt fornøgd, så eg tenkte eg skulle fare fram att i kveld eller i morgon og fylle på litt mold. Så var vi klar for å fare heim att. DÅÅ......streika bilen igjen, og ville ikke starte. Enden på visa var at Marit ringde etter TAXI- og så kom vi oss heim att med bagasjen vår. No trur eg at eg nok må kjøpe eit nytt batteri,eg syntest ikkje det var så gammalt det eg hadde, men eg veit ikkje kor lenge eit batteri varer. Bilen står ved Askjellhaugen, og der må han stå til eg får hjelp. EG kan ikkje skifte batteri, men viss det er det som må til er det no ikkje så dramatisk-. I alle fall er det fint ver, og i morgon kveld får Marit att sin bil, så vi kjem oss på trening tysdag. Drosjeturen i dag fekk vi ikkje på frikort.No kokar eg poteter og så skal eg smake spekeskinka som eg kjøpte i dag-trur eg.Eg var ikkje på Vernet i går og har ikkje vore der i dag, det er fordi eg har litt trøbbel med ein fot.
Denne potterosa hadde eg tenkt å ha på grava, men etterpå fann eg nokre andre blomster som eg syntest passa betre, så då vart rosa med heim.

fredag, august 27, 2021

Dagbok 2021: 27.august

Klokka er no ca. 17.45. Temperaturen ute er + 20 grader og sola skin og skin. Eg kom nettopp inn frå altanen, der eg har lege på solsenga og høyrt lydbok. Held framleis på med Karin Fossum, no "Carmen Zita og døden". Det er ein annan som les no, men han er like flink. Eg går ikkje glipp av eit ord. Dagen i dag begynte med at eg låg for lenge i det fine vêret, eg har det med å ligge og drøyme på morgonkvisten, men heretter skal eg ha på vekkarklokka! Trur eg. I dag vaska eg alle rom som ikkje har heildekkande teppe,dei lause teppa fekk lufte seg på altanen. Etter at eg var ferdig og hadde spylt trappa med hageslangen, gjekk eg opp til Marit som sat på benken og passa hund. Etter ei stund kom ei anna Marit også, så då fekk vi diskutert litt av kvart. Eg gjekk ned att og skulle begynne å riste teppe, då kom Helge med den nye Get boksen-som ikkje heiter Get lenger. Boksen var bitte liten samanlikna med den eg hadde før. Etter litt prøving og feiling fekk han boksen opp og stå. Og eg fekk lære litt om korleis eg skulle leite meg fram på TV-en no. Eg trur eg oppfatta det meste. Boksen var gratis, den er medrekna i abonnementet mitt. Men Helge fekk nokre kroner for bryet. Han vil aldri ta imot betaling, men då truar eg med at viss eg ikkje får betale litt, kan eg ikkje spørje ein annan gong. Lurte på om eg skulle gå på Vernet etter at Helge var vekk, men først måtte eg plukke opp litt nedfallsplommer, eg let dei stå litt og ettermodne før eg skyller og frys dei.Teppa vart rista , meir og mindre, og hatt på plass, og då var det tid for middag. Men eg hadde ikkje så lyst på middag, så eg kokte kaffi og fann fram ein is i staden, så får eg heller finne fram noko skikkeleg mat til kvelden. Eg har som sagt sola meg på altanen, det er neimen ikkje så mange gonger det har hendt - denne fine sommaren. I morgon må eg på butikk enten eg vil eller ei, for no er det god plass i kjøleskapet.Mange er vel opptekne av Koronaen i desse dagar, no vart det skikkeleg fart i smitten, no når vi trudde det verste var over. Så det er vel berre å finne fram att munnbinda-eg har mange att- Så vil eg ønske alle ei god helg. No må vi nyte dei siste sommardagane så godt vi kan.
NB: Bilda er tatt kl.20.15

torsdag, august 26, 2021

Dagbok 2021: 26.august.

Klokka er no 16.35, temperaturen ute i skyggen er + 19 grader C. Eg vakna klokka 7 i dag, men såg ikkje ut vinduet, hadde eg det gjort, hadde eg ikkje lagt meg til å sove vidare til klokka var 9. Eg hadde sett vermeldinga i går, men haddee ikkje trudd at finevêret kom så fort. Eg hadde ingen planar for dagen, for treninga var avlyst og det fekk eg først vite seint på kveld i går. (Hadde ikkje sjekka telefonen)Eg vart sittande ei stund med kaffikopp og PC før eg kom meg i gang å støvsuge. Seinare var eg ute i hagen og styrte med litt av kvart, blant anna bar eg bøtter med singel opp til gata, der eg sopa tomt før på sommaren. Marit sat ute og passa Arya, hunden, så eg gjekk opp og heldt henne med selskap ei stund. Katten heldt seg på avstand.Etter kvart pitla eg meg ned att og styrte med foskjellig, og så laga eg eit måltid som eg kalla "middag". Eg hadde akkurat kledd meg om og fått på meg joggeskor -då kom Helge. Han sjekka at TV-en framleis ikkje var på "boks", så han ringde på Tussa og bestilte ein ny boks til meg, den skal han hente og komme hit med i morgon.Veit ikkje kva eg skulle ha gjort utan Helge!!!! Det blei ein tur på Vernet i dag også, men kneet mitt var ikkje så bra i dag, så eg sat ei stund på kvar benk og såg utover bygda. No har eg vore ned og ete litt plommer, dei er ikkje heilt modne, men Bodil seier ein kan plukke, dei så modnar dei når dei står inne også. Eg bør vel plukke på det største tree, det minste har så få greiner att, at plommene har bra plass. Eg plukka nedfallsplommer i går og tok vare på dei som er brukbare t.d. til syltetøy.Der er mykje plommer på Victoriatreet også, og eg håper dei kan henge til dei er modne. Det er mykje smitte for tida, men no er det også mange fullvaksinerte- alle mine barn fullvaksinerte, og mange av barnebarna er på veg til å bli. No er det berre vel ei veke til vi skal til Konsberg i konfirmasjon-det gleder eg meg til.I løpet av dagen/kvelden blir eg ferdig med boka som eg har lagt inn på bloggen. Det går framleis i Karin Fossum, og eg har fleire bøker att.

Bok nr. 27 - 2021: Varsleren.

"Han kjørte rundt på den røde Suzukien overalt hvor det fantes mennesker, og han studerte dem med forskerens fascinasjon, som om de var eksotiske dyr. Han syntes de var underlige. Det var sensommer, og folk var ute i hagene sine. Han så småunger på trampoline, kvinner som lukte i bedene sine, mannfolk som vasket bil ute på gårdsplassen. En mann satt på huk og malte stakittgjerdet sitt, en kvinne plukket nyvasket tøy fra snorene. Og han likte det alt sammen. Han likte dette yrende livet, det kritthvite tøyet som blafret i vinden og lukten av maling. Han likte det, og han ville ødelegge det. Alle lever på en kant, tenkte han, og jeg skal vippe dem utfor."

onsdag, august 25, 2021

Dagbok 2021: 25. august

Klokka er no 16.25, temperaturen ute er +17 grader C. Det regna stort sett heile føremiddagen, men så vart det brått hol i skylaget og sola kom fram. Eg har nettopp vore ein tur på Vernet i regn og sol på samme tid. Men det var fint å komme seg ut ein tur. Ikkje mykje eg kan gjere i hagen når det er så vått, så eg må finne på andre ting.(Det er nok å ta av.) Eg har det med å kjøpe inn melk som eg ikkje brukar noko særleg av, så i dag vart det brødbakst. 6 store brød har eg laga, noko som tok heile føremiddagen, med baking , heving og steiking. Men så har eg vel mat ei stund-kanskje. I dag vart det brødskive med speilegg og bacon til middag.I heve- og steikepausane har eg sett TV og strikka, eller lagt kabal og høyrt lydbok. Eg skulle sikker gjort noko som var nyttigare, men det får vere til ein annan gong. Eg hadde tenkt meg bort på Plantasjen i dag og kjøpt noko til å plante på grava,men då ville eg vente til det ikkje er så mykje trafikk, dvs. til etter kl.18. Men eg veit ikkje om det blir i dag. Eg synest det er litt trasig å fare åleine, og no er Marit veldig opptatt, for Janne er vekkreist. Så då må Marit passe både barn, katt og hund. Men vi skal på trening i morgon i alle fall, frå 12.30-13.30. I dag var eg trøtt i føtene og hadde vondt i knea, før eg gjekk på Vernet, etter ein halv runde var eg bra. Så det er ikkje berre for moro skuld eg tek turen. No skin sola fint, men alt ute er vått,så eg må vente med å plukke plommer. Eg skal fryse brøda mine of så får eg sjå kva meir eg kan finne på.

tirsdag, august 24, 2021

Dagbok 2021: 24.august

Klokka er no 17,07,temperaturen ute er + 14-15 grader C, det er overskya og det har regna litt av og til. Denne dagen har gått opp i tull og tøys og ikkje noko skikkeleg arbeid. Det første var at vi var på trening, det var greitt nok. Då eg kom heim tok eg ein runde på Vernet, mens eg hadde kleda på meg. Då kom eg heim i akkurat passeleg til "middag"-i dag vart det hamburger med mykje rå grønsaker til.Etterpå var eg ikkje sikker på kva eg skulle ta meg til, det var for vått til å klatre i plommetrea og plukke plommer, ikkje lurt å riste dei ned i det våte graset heller. Tenkte eg. Kanskje eg skulle ta ein tur bort i Furene - har diverse ting eg skal ordne der. Eg bestemte meg til slutt for at eg skulle fylle bensin på bilen og på kanna mi (til plenklipperen). Og så ville eg ta det derifrå. Då eg kom ned i Vik, var det så mykje trafikk at ein kunne tru det var jul. Men det var nok berre det at mange kom heim frå arbeid den tid, det var like gale begge vegar. Eg fekk lurt meg inn i rundkøyringa så eg kom meg ned på ALTI, men der var det ikkje så interessant.Dermed måtte eg innatt i rundkøyringa for å komme meg opp på Spar. Eg skulle ikkje ha så mykje der, men eg visste at dei hadde garn, og det MÅ eg berre ha.Eg greier ikkje å sitte i ro utan at eg har noko å fikle med. På heimvegen stakk eg bortom gravplasse, så no veit eg kva eg må gjere i morgon. Då må eg på Plantasjen, for den vesle rosebuska som eg hadde planta, var slutta å blomstre. Dei aller fleste gravene har fine raude begonia, det som eg ville hatt sist eg kjøpte, men ikkje fekk tak i. Det er litt for tidleg å ha der lyng, synes Marit og eg. Eg hadde ikkje saks i veska i dag når eg trong det, for ein må klippe for hand rundt steinane.Men no har eg ein plan for morgondagen i alle fall.

mandag, august 23, 2021

Dagbok 2021: 23 august

Klokka er no 16.45, temperaturen er + 19 grader C. Eg vakna klokka 6 i dag og såg ut, då var det nesten ikkje skodde. Eg la meg og sov eit par timar til, og då var det skikkeleg skodde over heile bygda. Eg tenkte på at eg skulle klippe plen, for i morgon er det meldt regn, men det var vått i graset. Eg festa trådar på to par lestar som eg har strikka og styrte med diverse før eg syntest eg kunne begynne å klippe. Eg klipte først oppe ved vegen, så begynte eg på Skråninga og til slutt rundt huset.Altså heilt motsett av det eg brukar å gjere. Det var ikkje heilt tørt i graset, så resultatet vart deretter. Klokka var 15 før eg fekk spylt klipparen og kom meg i hus. Eg kan no nemne at eg klipte litt med saks her og der også. Til middag i dag vart det restar frå i går + ein klatt is til dessert. Eg følte meg litt ustelt, for å seie det mildt, så eg gjekk i dusjen og vaska håret etc. Høgre handa var frykteleg skiten, det er den som grev graset ut av klipparen. Eg fekk på meg reine klede og sette meg i godstolen og slappa av, trur nesten eg sov litt også. No må de ikkje forstå det slik at eg synest det er for travelt å klippe plen. Sannheita er at eg NYT kroppsleg arbeid - og det å bli sliten i kroppen, det er noko anna enn stress. Eg skreiv og spurde Rasmus litt om konfirmasjonen, for kva slags klede eg skulle ha etc. Han skreiv at det meste skulle foregå heime, men han trudde eg fekk vere med på seremonien. Eg skulle vel tatt meg saman og kjøpt meg nokre nye klede, ein kjole kanskje? Eg får sjå kva som dukkar opp. Det er faktisk neste veke. Og den første september skal eg på pensjonisttur til Bjørke.Eg høyrer det surrar ute, så no er det vel resten av nabolaget som klipper plen.Dei som hadde vit å vente til det vart tørt i graset. Det vil ikkje bli heilt klårt i dag, det er eit tynt skydekke som hindrar sola i å varme så mykje. Eg synet det er kaldt når det er + 19. I dag eller i morgon er det slutt på hundedagane, og den "verste" heten skal vere over. Eigentleg treng eg ikkje å gå på Vernet i dag, eg har fått nok mosjon, men eg har lyst, så det blir kanskje ein tur. Eg var der ikkje i går. Plommene modnar fort no, så det kan hende eg må til å plukke dei ned for å redde dei frå fall.
Hugs å klikke på bilda!

søndag, august 22, 2021

Dagbok 2021: 22.august

Queen Elizabeth -----------------Klokka er no 17.35, temperaturen i skyggen er + 19 grader. Det er nydelig vêr med blå himmel og sol. Det var litt skodde først på dag, men den forsvann.Eg har vore litt tutlete i dag, har stort sett gått og venta på leigebuaren sjølv om eg ikkje gjekk ut frå at ho kom før det leid mot kvelden. No er Ingrid komen, men den eine eller begge foreldra kjem om ein times tid.Eg starta dagen med å lese om att slutten på boka som eg las ferdig i går, og vart så gåande å surre litt før eg kom meg til å stryke nokre klede og bytte til søndagsantrekk.Gjekk ut i hagen ein tur,strikka litt etc.etc. Så fann eg ut at eg kunne lage middag litt tidlegare enn vanleg slik at eg var ferdig med den før her kom nokon. Eg henta poteter av eige avl og skrelte, laga kålstuing og leita fram silda som eg tok ut frå frysaren tidlegare.Sylta rødbetar hadde eg også. Det vart eit herremåltid. Silda var akkurat passeleg salt til at eg kunne ete så mykje eg ville utan å tørste i hel. Der er kanskje nok til eit måltid til i morgon. Etter ei stund gjekk eg opp til Marit og sat på altanen hennar og prata ei stund, Ingrid kom ei lita stund etterpå. KL. 19.40: No har mora til Ingrid og Ingrid vore og drukke kaffi og ete is med meg. Vi har fylt ut leigekontrakten og skrive under. Mora, læraren, var veldig kjekk å prate med. No skulle dei bort i Austefjorden og hente ein sofa. Eg har kopiert kontrakten, så alt er i boks. Litt kjekt å ha eit "forhold" til dei som leiger, det har eg ikkje hatt før. Ingrid har ombestemt seg og skal gå på skule i Volda -halde fram på det ho hafdde begynt på.Ho skal ta buss fram og tilbake. Ho vil med andre ord bu her.
Nina Weibull

Bok nr. 26 -2021: Den som elsker noe annet

Ingen så at han gikk gjennom skogen, ingen så hva han bar på. En beskjeden vekt for en voksen mann, men den voldte ham et visst besvær likevel, gangen var ustø og famlende. Av og til stanset han og hev etter pusten, da kom det også noen lyder fra ham som lignet klynking. Så gikk han videre igjen så fort som det var mulig. Som en olding gikk han under trærne, tynget av alle ting, tynget av gru og gråt Et nesten nakent guttelik blir funnet av et ektepar på søndagstur. Det blir fort klart at det dreier seg om seksuelt misbruk, og Sejer og Skarre gjør sine undersøkelser i det lokale pedofile miljøet, men uten resultat. Så forsvinner nok en gutt, den kraftig overvektige Edwin, men denne gangen finner de ikke noe lik. Edwin er som sunket i jorda. Den som elsker noe annet er Karin Fossums åttende roman med etterforsker Konrad Sejer. Den er spennende inntil det uutholdelige, og den preges sterkt av det som er blitt forfatterens varemerke; viljen til å forstå det kompliserte grunnlaget for menneskenes handlinger, inkludert pedofili. ............................................................... Dette er den tredje boka eg har lese denne veka. Eg har høyrt lydbokversjonen. Dette er også ei svært god bok, der forfattaren fokuserer på psykologien bak ei ugjerning. Karin Fossum skriv annleis krim. På sliutten av boka begynte eg å lure på om eg hadde lese den før....Nils Ole Oftebro les veldig bra.

lørdag, august 21, 2021

Dagbok 2021: 21.august

Klokka er no 18.15, temperaturen ute på trappa eg ca 18 grader, men i sola er det mykje varmare. Det er nydeleg vêr og nesten heilt klårt. Eg hadde litt forskjellige planar for dagen, men så datt eg ned framfor datamaskina med kabal og lydbok. Eg kom meg no ut og begynte å ordne i blomsterbed etc.etter kvart. Eg ville ikkje klippe plen mens det var så vått i graset. Så kom den nye leigebuaren i lag med far og bestemor og skulle flytte inn litt forskjellig. Eg kom i prat med bestemora, ho er opprinneleg frå Bergen og kjende ei anna bergensdame her i Ørsta som eg også kjenner. Dei var her ikkje så lenge, og då dei fór begynte eg på diverse hagearbeid. For eksempel plukka eg opp nedfallsplommer, som på ingen måte var etande. I jordbæråkeren voks der poteter, det visste eg om, det var slike som hadde blitt liggande att i fjor og hadde formeira seg. No tok eg vare på dei, og berre eg såg på dei fekk eg lyst på spekesild og nypoteter, så det står på menyen for i morgon. Eg rydda litt her og der, men innsatsen min var ikkje imponerande. Det nærma seg middagstid, og eg laga meg ein grønnsaktallerken + ei brødskive. Eg hadde tenkt meg nedover på ALTI seint på dag, men sjekka opningstidene og fann ut at apoteket stengte kl.16. Då fekk eg farten opp og kom meg på hjul. Eg nådde apoteket og fekk tablettane mine, som eg slapp å betale, fordi eg har frikort.Stoppa og handla på KIWI på heimvegen, og heldigvis fann eg spekesild. Då eg vel var heime, kom innflyttarane att og eg vart ståande og prate med Bergens-bestemora. Då dei var vekk gjekk eg opp til Marit og sat og prata på altanen hennar i det nydelege vêret. I dag har eg ikkje vore på Vernet og eg saknar den turen. Men no må eg få med meg 19-nyheitene det er eit must. I morgon kan det hende at Marit og eg tek ein tur på Plantasjen, men det er ikkje heilt bestemt. Naboane i nr.5 har reist til Kaupanger i barnedåp til vesle Johan.

fredag, august 20, 2021

Dagbok 2021: 20.august

Klokka er no 16.40, temperaturen er + 14 grader og det har vore regnbyer i dag også, men det regnar no ikkje heile tida. I dag hadde eg legetime kl.11.00 så det vart ikkje så mykje eg rakk over før den tid. Men eg fekk no fullført sudokuen som eg måtte gi meg på i går kveld.I dag syntest eg det var så kjølig at eg tok på meg genseren som eg kjøpte før vi reiste til Solund, men som har blitt liggande i skapet i heile sommar.Blodtrykket mitt hadde stige etter at eg slutta med den eine tablettsorten, så no skal eg få nokre andre tablettar i tillegg til dei eg har hatt heile tida. Dette var noko eg rekna med og det er ikkje det minste dramatisk.Eg måtte også på laboratoriet og ta blodprøver, det var to år sidan sist, sa fastlegen min, som eg var til i dag."Det er ikkje så ofte eg ser deg," sa ho i dag. Og det er no for så vidt bra. Sist eg var til henne var i fjor vår då eg skulle fornye sertifikatet. Eg er heldig-så langt. Då eg kom heim bytte eg om til arbeidsantrekk og tok fredagsvasken. Så vart det ein liten tur på Vernet før eg åt middag. Det var tredje dagen med "Orientalsk gryte"-og det blir vel ei stund til neste gong. Eg fekk litt post i dag, i tillegg til avisa Møre-Nytt, fekk eg blant anna bladet "Pensjonisten". Det er eit veldig bra blad, og eigentleg skulle ein fått det FØR ein blei pensjonist, slik at ein kunne førebu seg litt. Eg gir bladet vidare til Solveig etter at eg har lese det sjølv. Der er to Sudokuar i bladet, den eine, som heiter "Middels" klarer eg å løyse kvar gong, men den vanskelege har eg enno ikkje klart. Eg vart sittande vedkjøkkenbordet ein time etter at eg hadde ete, og enno er eg ikkje ferdig med "Posten", skal lese MN også. Elles driv eg og vaskar klede, det låg så mykje halvbrukt og slang, for når veret er fint og varmt blir det litt mykje klesbyting. Eg hadde halvvegs tenkt meg på ein innkjøpsrunde i dag, men den blei utsett på ubestemt tid. Eg ser på plommene mine, dei held på å modnast, men dei er små. Håper eg får såpass mykje at eg kan lage sylte i alle fall.Det er det største Opal-treet som er på bildet. Det minste er skamklipt.Eg får ikkje gjort noko hagearbeid så lenge det er så vått. Dagane og vekene flyg av garde og no er det fredag igjen. Eg vil ønske alle ei god helg.

torsdag, august 19, 2021

Dagbok 2021: 19.august

Victoriatreetber også mykje frukt i år, viss dei berre blir modne. Som de ser, skulle også dette treet vorekraftig tilbakeskore. Klokka er 16.50, temperaturen er + 25 grader og det har vore mange regnbyger i dag. Det er greitt nok mewd regn, berre det sluttar igjen. I dag er eg flau av meg sjølv, har nesten ikkje gjort det skapte grann, berre lata meg. Eg var oppe i vanleg tid, åt frokost etc. Så sette eg meg til å legge kabal mens eg høyrde lydbok. Treninga starta ikkje før 12.30 i dag, så eg hadde god tid å lytte, det var ikkje det, men eg kunne no ha gjort noko nyttigare! Ja, eg tok meg no tid til å dusje og vaske håret innimellom. I dag var det eg som køyrde til treninga, og i dag handla vi på KIWI på heimturen. Middag hadde eg rikeleg att frå i går, og enda er der ein liten rest som held til morgondagen. Etter at eg hadde ete middag, las eg ferdig boka. Eg angrar litt på at eg ikkje har lese bøkene i rette rekkefølga, men las den (hittil) siste boka om Seier først. Eg skal lese om att det Margrete har skrive om bøkene før eg startar på enda ei. Eg kan sjølvsagt strikke mens eg høyrer bok, men eigentleg skal eg ikkje strikke så mykje på grunn av armar, skuldrar etc. Men litt husarbeid har det blitt, for no tok eg og shina kjøkkenet,slik at fredagsvasken blir minisert til vask av bad +kjøkkengolv. Det passar bra for eg har legetime klokka 11. Så kanskje eg blir ferdig før den tid. Hos legen skal eg ikkje gjere anna enn å måle blodtrykket- og så plar eg skryte av kor frisk eg er. Det kan kanskje vere oppmuntrande for legen, dei høyrer vel nok om sjukdom og plager. Eg går liksom på tomgang for tida, for eg får ikkje gjort noko ute. Eg ser at plommene er på veg til å modnast, så kanskje blir det litt å ete i år også. Det er diverse utstuyr eg skulle ha kjøpt også, så eg får sjå om blodtrykket er så fint at eg kan fare i furene og handle etterpå. No har eg veldig lyst å gå på Vernet, men eg hadde nesten tenkt å la vere i dag-sidan eg har vore på trening.-Nei, no skin det visst opp, så eg får komme meg ut!
Sist vår kjøpte eg nokre stemorsblomster som var litt på retur. Dei vart planta i kasser og bed, men etter ei tid var dei nesten daude. Då planta eg dei opp i denne "Baljen" og gav dei mykje vatn. Og det viktigaste, eg klipte bort alle restar etter tidlegare blomster, for det veit eg at ein skal. Og sjå no!

Bok nr.25 - 2021: Den onde viljen

Alex, Philip og Jon har vært gode venner siden barndommen. Under en hyttetur drukner Jon etter å ha falt ut av båten. Er det et hendelig uhell eller er det noe mer som ligger bak? Like etter blir liket av en annen ung gutt funnet, også denne gangen i et vann. Sejer og Skarre har lite å gå etter, men de to sørgende mødrene finner hverandre, og sammen finner de en tråd som skal få det hele til å rakne. Dette er den niende romanen om Konrad Sejer. Denne boka har eg lese ferdig i dag. Eg likar alle bøkene til denne forfattaren, denne er også god, men ikkje så bra som den førre eg las. Denne har fått terningkast 4-og det synest eg passar bra.

onsdag, august 18, 2021

Dagbok 2021: 18. august

Klokka er no 16.50, temperaturen er + 17 grader, det er opplett no, men det har regna før i dag, og det kjem vel fleire byger. Eg har litt problem med å komme i arbeid om morgonen når eg ikkje kan gå ut og begynne der.Så i dag sette eg meg beint ned og høyrde ferdig lydboka eg heldt på med. De kan lese om den under dette innlegget. No nå eg no unnskylde meg med at eg har ikkje lagt så mykje på latsida før i sommar. I går klipte eg ikkje plen, for det var ikkje så mykje gras. I dag var det meir gras, men altfor vått til å klippe. Eg hadde bestemt på førehand at i dag skulle eg rydde og vaske på "Roserommet". Når ein har eit rom ståande der ingen oppheld seg verken dag eller natt, har det lett for at ein brukar rommet til oppbevaring av alt muleg for å sleppe å springe opp og ned i kjellaren t.d. Då vi budde på Melle hadde vi eit"rom" på trappa der vi kunne ha kostar, bøtter etc. Eg har ofte ønska meg ei bod der eg kunne ha slike ting, pluss gardintrapp, strykebrett, steiketakke osb. Ei bod som ikkje var i kjellaren, altså. Eg HAR bod i kjellaren og den er fullstappa, det samme er garasjen, loftet og eigentleg heile huset.Vi var ein familie på 5, og då trong vi både det eine og det andre, no er her mykje som eg ikkje treng når eg er her åleine.Eg sette også på vaskemaskina før eg tok turen på Vernet mellom kl. 13-14. Då eg kom heim laga eg gryterett med ris. Marit og eg kjøpte nokre Toro-posar på tilbod på Spar. I dag vart det "Orientalsk gryte" på meg. Ikkje så veldig smakfull akkurat, eg skulle vel gjort som det stod på posen,krydra med estragon og frisk ingefær. Etter at eg hadde ete vart det kvilepause ei god stund før eg kom i sving igjen, med meir klesvask, risting av teppe etc. etc. No skal eg ut ein tur og sjå kva eg skal ordne opp i der. Bilen min var i orden i dag tidleg, så no kan eg fare der eg vil.I morgon er det trening igjen, og då går mykje av dagen vekk. No kjem sola inn glaset her, så no må eg komme meg ut.Plommene begynner å få farge, men om dei vert etande, veit eg ikkje.
Der er masse bær på Svartsurbærbuska i år også, men dei er ikkje heilt modne enno.I fjor kom det ein hær med fuglar (Sidensvans) og tok alt på eine sida av buska, dagen etter kom dei att og tok andre sida. Desse bæra er ikkje så veldig gode, men ingen andre bær inneheld så mykje C-vitamin og antioksidantar som svartsurbæra. Ei eg trenar i lag med fortalde at ho hadde ein heil hekk, og ho laga gelé av safta-den var veldig god, sa ho, særleg til ost.

Bok nr. 24 - 2021: Bakom synger døden

En enslig mor finner en urovekkende tegning på sønnens rom. En ung mann og en tenåringsgutt møtes tilfeldig på svaberget ved det dype vannet i Svartlandsskog. Dagen etter blir seksten år gamle Gritt Zeeland funnet død i samme skog. Det er så mange grunner til at en pen, ung jente kan være i fare. Overbetjent Sejer får en smertefull mordgåte i hendene, med mange mulige forklaringer. Gritt Zeeland lot nesten ikke noen slippe innpå seg, men det var svært mange - både unge og voksne - som hadde lagt merke til henne. Bakom synger døden er en dyptborende kriminalroman om det vakre og det heslige, ømhet og vold, livsløgn og vond virkelighet.------------------- Eg har lese fleire "krim-bøker" av Karin Fossum, og visste på førehand at denne også måtte vere spesiell. Dessutan hadde Margrete skrive om den på sin blogg. Dette er ein gripande roman om ein persom som tek livet av to personar, eg veit ikkje om ein kan kalle det ein"Psykologisk thriller"- men her er i alle fall mykje psykologi. Det er noko med denne forfattaren sine bøker som gjer at ein hugsar dei lenge! Så får eg berre be meg sjølv om tilgjeving for at eg har prioritert denne boka framfor alt anna eg skulle ha gjort.Eg har høyrt boka på Storytel.Anbefalt!

tirsdag, august 17, 2021

Dagbok 2021: 17.august

Klokka er ca 18.00, temperaturen er + 19 grader. Sola skin og vi har fått enda ein nydeleg dag. Eg skulle kanskje ha slått plenen,men eg syntest ikkje det var så mykje gras. Naboen klipper no, men det må vel bli fleire dagar med opplett. I morgon skal det visst bli regn. I dag har eg ikkje gjort noko til gagns, eg er hekta på ei bok som eg høyrer på Storytel. Det er lenge sidan sist eg høyrde lydbok, så eg synest eg kunne unne meg det no.Før eg for på trening gjorde eg ikkje anna enn å dusje og vaske håret -og høyre bok. Då eg skulle køyre bilen ut av garasjen, var den heilt død. Eg fekk med ein gong mistanke om at batteriet var utladda, at lyset har stått på, for eg hugsa at egrota litt med hendelen på laurdag. Eg sende ei melding til nabo-Solveig og orienterte henne. Og så snart som mannen kom heim frå jobb sette han batteriet på ladding. Det er godt å ha gode naboar, men eg er redd eg misbrukar dei litt. Det er ikkje så mykje eg kan bidra med. Marit og eg var på ALTI og på Spar og handla før vi køyrde heim -i Marit sin bil. Då var det på tide å lage litt middag. Etter at eg hadde ete vart eg så trøtt at eg gjekk ut på altanen og la meg på solsenga med bok på øyra. Og så var dagen nesten slutt utan at eg har gjort det skapte grann-enno. Eg kan endå finne på noko å jobbe med. Eg ser at nokre av plommene held på å få farge, så eg håper eg får sylteplommer om ikkje anna. Reddikane som eg sådde veks i lynfart, trur aldri eg kan greie å ete opp alle åleine- der er ei grense for alt. Ein annan gong skal eg SÅ berre litt om gongen, for dette er ein villeg sort.Eg må visst ein tur opp til Marit meg gjær i staden for den eg fekk låne i går. Det blir visst ikkje tur på Vernet i dag, kneet mitt skal få kvile litt, men eg får gå ut ein tur og sjå om eg finn noko fint å ta bilde av.

mandag, august 16, 2021

Dagbok2021: 16.august

Klokka er no 17.40, temperaturen ute på trappa er + 21 grader, sola skin,og det er varmt igjen. Det var tydeleg at det hadde regna i natt; då eg stod opp relativt tidleg i dag var det vått og "kaldt". I staden for å strikke sette eg meg til å høyre lydbok, for skuldra mi har sagt ifrå at ho toler ikkje all denne strikkinga. Eg skulle eigentleg ha bakt brød, men mangla gjær. Det ordna seg då Marit var i siget, for ho kunne låne meg ein pakke. Eg kunne sjølvsagt har køyrt på butikken, men vi skal handle i morgon etter trening i alle fall. Dermed fekk eg nytta melka som eg hadde på lager og fekk tre gode heimebakte brød. Har ikkje bakt før i sommar, har prioritert utearbeid. Etter at brøda var steikte tok eg ein tur på Vernet, eg synest kneet mitt blir betre etter ein liten runde der. Eg går ikkje berre for moro. Eg laga meg middag då eg kom heim, og då eg hadde rydda opp gjekk eg over gata til Marit, som sat på ein benk og passa hunden. Ho har no vore vekke nokre dagar, så vi hadde litt å snakke om. Ergo vart det ikkje gjort så mykje i hagen. Der er no ikkje allverda å gjere heller, men eg har ein haug med greiner som eg skulle ha saga opp. Sag har eg, og sage kan eg, det eg manglar er ein sagkrakk. Ein gammal sund plaststol er ikkje så veldig godt egna. Det gjekk bra med fjøler, men greinene er runde og vil ikkje ligge fint i ro. Eg har sjekka litt på nett om der er forretningar som sel sagkrakkar-og der er nokre, men dei fleste krakkane er meir avanserte enn eg treng. Eg har ikkje spurt på Clas, men eg tviler på at dei har. Det er relativt tynne stammar og greiner eg skal sage, dei tjukke trestammane trur eg ikkje at eg maktar.I morgon er det altså trening frå 11.20-12.20 og så skal vi handle på ALTI og på Spar. Kanskje eg skal klippe plen viss det er tørt i graset.

søndag, august 15, 2021

Dagbok 2021: 15.august

Når eg sit på benken på Fonnvernet ser eg rett bort til Melle, der vi budde dei5 første åra i Ørsta. Huset vi budde i er borte for lengst , men løda står enno-midt i bildet. Sist natt sov eg ikkje så godt, for eg verkte i ryggen heile natta og om morgonen då eg stod opp. Men då varte det ikkje så lenge før eg vart bra, det var berre om å gjere å komme i bevegelse. For å ha noko å henge fingrane i tok eg og støvsuga teppegolva. Så tok eg på meg høyreapparata og sette på radioen, og det funka veldig bra.Eg strikka ei stund. Ca. 12.30 kledde eg på meg for å gå tur, det var opplett då; det vart ein runde på Vernet og så ein liten runde på Vallabøen, før eg gjekk heim. Då var det på tide å lage middag, så eg sette på poteter-ikkje ofte eg et det. Men i dag vart det skikkeleg middag, og den var god. Når eg lagar mat til meg sjølv bestemmer eg sjølvsagt korleis den skal vere og då får eg den som eg vil. I dag var det steikt ørret, med poteter og andre grønsaker.Og til dessert fekk eg skogsbær med sukker og (mat)-fløte.
Eg vart så mett at det var så vidt eg kom meg inn i stova og datt ned i stolen med ein kaffikopp. Eg begynte å sjå ein liten kort serie, mens eg strikka, men rett som det var sovna eg litt, så eg måtte sjå om att. Så tida gjekk, men lesten vart ferdig. Og no nærmar det seg klokka 19-då skal eg sette på TV og sjå nyheiter. Eg føler meg litt stinn etter all stillesittinga, men det er ikkje så mykje å ta seg til ute i dette vêret. Det var opplett på føremiddagen, men eg ser at det har regna seinare. I komande veke skal eg på trening tysdag og torsdag, og fredag skal eg til legen og måle blodtrykket. Meir veit eg ikkje enno. Viss det blir bra vêr har eg diverse ugjort i hagen-eg blir aldri arbeidslaus. Marit er komen heim att, så no har eg ikkje ansvar for katten lenger.

lørdag, august 14, 2021

Dagbok 2021: 14.august

Klokka er no ca.18.30, temperaturen er + 16 grader C, og i dag har det vore regnbyer, titt og ofte ,trur eg. Eg har sosa vekk heile dagen til nesten ingen ting. Eg for nedover på ALTI relativt tidleg, og henta skoen min som var til reparasjon. No var solen fast igjen, og det kosta berre 50 kr. Eg stakk innom -nille og fekk tak i litt garn til å henge fingrane borti. Så gjekk eg ei trapp opp og bestilte frisør til kl.13. Var heim att i mellomtida, strikka litt, og festa trådar på eit ferdig lestepar. På salongen på Alti er der stadig nye frisørar. Somme gonger har eg vore heldig, andre gongar ikkje. Ho som klipte meg i dag, tok i alle fall ikkje for lite, men eg trøstar meg alltid med at håret veks ut att ein gong. Eg har no fått gutesveis igjen, det er ein heilt vanleg frisyre for gamle damer her i Ørsta. Eg skulle eigentleg ha klipt meg før, då det var skikkeleg varmt. Då eg kom heim laga eg meg litt mat- og kaffi og kake til dessert.Så sette eg meg til å strikke mens eg såg resten av ein heilt tullete serie. Forstår ikkje korleis i all verda eg skulle sjå den. Men eg venta på at det skulle bli opplett så eg fekk gå ein tur på Vernet, eg var der ikkje i går, så det var behov for mosjon. Men så vidt eg kunne sjå var det ikkje så lenge mellom byene at det var råd å gå nokon stad. Eg får gå to runder i morgon i staden. Eg har mykje eg kunne ha gjort inne, men eg vil no aller helst vere ute og jobbe- huarbeidet fristar ikkje så mykje. Eg var ned og såg på det naboane har gjort. Dei hadde laga fin,ny mur der som granene stod før, men problemet er at terrenget er så mykje høgare der enn lenger inne, så eg veit ikkje korles dei kan løyse det "problemet"-dei har vel ein plan. Eg har mata Lollo eit par gonger i dag, og ho har kome når eg har ropt på henne. Eg trur Marit kjem att i morgon.. Eg har ikkje planlagt morgondagen enno, det er ikkje noko eg "skal" -så eg må bestemme sjølv.Det står ein stor svart Volvo på tunet, og eg høyrer folk nede, så det er vel den nye leigebuaren som er innom. Ho fekk nøklane med meg i går.

fredag, august 13, 2021

Dagbok 2021: fredag den 13. august

Klokka er no 19.50, temperaturen ute er + 19 grader, men det har ikkje vore så mykje sol i dag. Eg er fornøgd så lenge temperaturen ikkje kryp så mykje under 20 grader- eg likar varme. I dag hadde eg diverse på planen min, det første var å ta fredagsvasken, og det gjorde eg fort og greitt. Så tok eg ein tur på butikken, det var ikkje så mykje eg skulle ha, men litt vert det alltid. Eg venta Solveig ein tur innover, ho var ikkje heilt bra etter vaksinen enno, men ikkje verre enn at ho kunne ta turen. Ho kom mellom anna med meir husmaling til meg, men eg gløymde å spørje kva den kosta. Ho hadde også med seg nysteikte bollar, noko som er vanskeleg å motstå.Mens Solveig og eg gjekk rundt huset, var der kome enda ein bil som eg kjende att, det var Håkon, som hadde med seg Amund. Telefonen ringde og det var Margrete som var i Volda til frisør, ho ville også gjene komme innom. Eg hadde laga ei vaffelrøre, og no vart vi heldigvis fleire som skulle ete vaflar-eg har det med å lage rørene litt store. Det var veldig kjekt med besøk, det har ikkje vore for ofte i seinare tid. Vi har alltid mykje å prate om så tida går fort. Men alle gjestane var reiste før den nye leigebuaren og faren kom klokka 18- som avtalt. Vi såg litt på skjema, og så var eg med dei ned og orienterte om diverse.Ingrid, som den nye jenta heiter, skal ikkje begynne på skulen enno, men ho fekk nøklar til leilegheita så ho kan no komme når ho vil. Då eg vart her åleine, laga eg meg ein porsjon med grønsaker + fetaost i olje. Det er yndlingsretten min for tida. Eg føler at det er helg no, men det er faktisk berre fredag i dag-heldigvis.I morgon må eg truleg nedover til Vik-skal hente skoen min som er til reparasjon.Blant anna. Eg ser at vi kjem til å få litt annleis vêr etter kvart, for skodda sig nedetter fjellsidene. Men vi kan ikkje klage på sommarvêret i år. Eg ønsker alle ei god helg, med godt vêr og null Covid 19.

torsdag, august 12, 2021

Dagbok 2021: 12.august

Klokka er no 17.15, temperaturen er + 24 grader og no kom sola fram, ho har vore til og frå i dag. Og kanskje har det vore nokre få regndropar, det hadde i alle fall regna sist natt. Eg har nettopp gått ein tur på Vernet og er passeleg sveitt- det har vore ein herleg sommar med tanke på veret. I dag var eg litt ativ på morgonen, gjorde meg klar til å fare på VØR med 4 store sekker granbar og ein sekk med malerspann etc.På VØR hadde dei ikkje fjerna noko som helst sidan sist, så det var vanskeleg å få tømt, men det gjekk no på ein måte. Eg har mykje meir som eg kjem til å fare bort med utover hausten, når eg får klipt og rydda i hagen. I dag måtte eg berre komme meg i dusjen og gjere meg klar for møtet klokka 12. Eli hadde dekka hagebordet og serverte vaflar og sjølvlaga syltetøy attåt kaffien. Men ein av oss hadde visst gløymt heile greia, for han sat høgt på eit fjell. Det vart planlagt ein dagstur til Bjørke 1. september og eit møte for alle pensjonistarlitt seinare i månaden. Det er meininga at vi skal komme i gang igjen etter ein lang pause. Møtet var slutt kl.14, men så vart eg att ei stund og fekk sjå meg om i hagen til Eli-og det var interessant. Då eg kom heim gad eg ikkje å lage middag, så det blei kaffi med noko attåt. Eg kan lage meg middag seinare viss eg vil. I morgon er det fredag, og då må eg vel vaske litt og førebu helga. Det var meininga at Solveig skulle komme ein tur, men så er ho blitt litt sjuk etter å ha fått sprøyte nr.2. Eg merka ingen ting då eg fekk den, og Øystein er også heilt frisk. Det er litt merkeleg at ein reagerer så ulikt. Håper Solveig er bra att i morgon så ho kan komme innover. No har Marit reist på hyttetur, så eg skal passe Lollo. Ho forstår litt av kvart den katten, for i går kom ho og la seg på trappa mi, etter at Marit hadde vore ned med mat som eg skal gi henne. -Eigentleg skulle eg ha skrive referat frå møtet i dag, men Word påstår at eg ikkje kan få lov til det utan at eg "kjøper" progammet. Og det etter at eg har skrive på Word i årevis utan å betale. Eg har berre så vidt vore ute i hagen i dag og raska i meg bær og reddikar, men eg skal kanskje ut og sage ei grein eller to-ser best frå altanen kva eg må gjere.

onsdag, august 11, 2021

Dagbok 2021: 11.august.

Klokka er no ca 18.30, temperaturen ute er + 22 grader, men det har stort sett vore skya i dag. Det er heilt i orden. Det har regna,men ikkje i dag. I dag var eg oppe i rimeleg tid, utan at eg stressa med noko, eg hadde faktisk ingen planar for dagen. Men sidan bilen stod ute og garasjen var tom, fekk eg kosta golvet der inne aldri så lite, men der er på langt nær så ryddig og fint som der kunne ha vore. Etter kvart fann eg ut at eg måtte ta turen til Vik og levere eine skoen min til reparasjon og kjøpe eit par joggesko på salg, så eg hadde noko å ha på føtene på heimvegen også. Det gjekk etter planen, men joggeskorne eg kjøpte var ikkje til nedsett pris. Eg var litt i beit om kva jobb eg skulle prioritere vidare, men så tenkte eg: I dag er det tørt, eg kan klippe plen! Og det gjorde eg. Då var det på tide å tenke på middagen, og etter eg hadde ete vart eg så trøtt at eg la meg bort på dagsenga mi, men eg sov ikkje. Eg gjekk ut på altanen og då oppdaga eg at ei stor grein hadde brotna på det minste Opal-treet. Eg gjekk ut og fann fram stige og sag og fekk kutta greina med ca 100 kilo grøne plommer på. Eg fekk kvister og plommer opp i ein sekk som eg må på VØR med før eller seinare. Eg klipte mange av greinene som hang tunge av plommer, så no ser treet litt betre ut. Men eg har ein plan om å sage litt meir. Dette treet har stått for fall i mange år, for halve stammen er død. Likevel er det her dei beste plommene veks. Fann meg litt puslearbeid i rosebeddet også, og så kom Marit ned ein tur for å prate litt. I dag har eg ikkje vore på Vernet, eg saknar turen, men tenkte eg hadde labba rundt nok i dag når eg klipte plen. Det blir ikkje trening på meg i morgon , for eg er kalla inn til styremøte i pensjonistlaget. Ja, eg manglar ikkje sysselsetting. No skal eg snart ha på meg høyreapparata og høyre nyheiter, og så blir det vel litt "strikketøy og TV" resten av kvelden. Slike passeleg varme dagar er aller best!

tirsdag, august 10, 2021

Dagbok 2021: 10.august

Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 22 grader. Det regna sist natt og det har regna litt i dag, men for det meste har det vore opplett. I dag var det treningsdag, så det vart ikkje gjort så mykje anna på føremiddagen enn å gjere seg klar. Etter treninga var vi på SPAR og handla, der var mange ting på tilbod, slikt er Marit flink å passe på. Det var også ho som såg det "syltepulveret" som Solveig snakka om. Verken Marit eller eg kjende til dei grøne JAM-posane, men i dag fekk eg kjøpt. Så får vi sjå kva tid det blir sylting her i huset. Då vi kom heim var det litt for tidleg til å ete middag, så eg tok ein tur på Vernet i dag også. I dag trefte eg ei av naboane, så vi vart ståande å prate litt. Her heime hadde det hendt diverse. Til dømes var alle gran-stmammane saga ned. Det er ikkje meg imot. Eg har mykje som eg skal sage no framover, men eg skulle hatt ein sagkrakk-lurer på om nokon sel slike? KOr vidt plommene kjem til å modnast i år er ikkje godt å seie, dei skulle sjølvsagt ha vore tynna kraftig ut. Til middag i dag vart det grønsaksalat med fetaost, lenge sidan sist no. Etter at eg hadde ete var eg ute i hagen og jobba aldri så lite. Rydda litt i bedet oppe med garasjen. Elles har eg mange oppgåver på vent, blir aldri heilt ferdig med hus og hage. Og godt er det. Marit skal på ein liten hytteturpå torsdag-laurdag. då skal eg passe LOllo. Eg tru ho har forstått det, for i dag har ho lege mykje på trappa mi.- I går kveld var eg sikker på at eg var blitt dement. Eg fann ikkje att arket eg fekk i Ulsteinvik, eit ark som eg må ha viss eg vil assurere høyreapparata mine. Eg leita på alle tenkelege og utenkelege stader utan resultat. I dag tidleg fann eg ut at eg måtte leite ein gong til der eg trudde det var - og der var det. Eg skal innrømme at eg er fæl til å gløyme, men trøstar meg sjølv med det at slik har eg alltid vore. Så kanskje er det ikkje demens likevel. For morgondagen har eg ikkje lagt planar, men eg må få klipt håret mitt om ikkje altfor lenge. Eg ville vente til eg hadde fått høyreapparata,for å sjå korleis håret kunne vere. Det var voldsomt kor dei bar seg på treninga i dag, det var for varmt om nettene og vanskeleg å få sove. Eg ligg framleis i langerma ullskjorte om natta, og med stor og tjukk dundyne-og eg synest ikkje det er for varmt i det heile tatt. Eg har sove godt i det siste.

mandag, august 09, 2021

Dagbok 2021: 9.august

Denrosa klematien har blomstra i heile sommar, men no er også den mørk lillablå og den lavendelfarga i full gang med bløminga. Dei veks heilt opp på altanen, så då har vi det fint der også. ................................................................................................ Klokka er no ca. 15.45, temperaturen ute er + 24 grader, det har skya over, men det har ikkje regna. I går skya det over midt på dagen også-utan at det regna,-men i Volda hadde dei fått litt regn. Planen for dagen var å fare på Vør med hageavfall og grovavfall, så den turen tok eg først, best. Der var overfylt med hageavfall og eg såg mange heile trestammar som var kasta på dungen. Til og med bjørk. For meg som er glad i vedfyring var det hjarteskjerande å sjå. På heimvegen var eg ein tur fram på Askjellhaugen for å vatne blomster på grava.Det som står der hadde det bra og var ikkje inntørka. Trefte Olav Eiksund der, han var og såg til Ruth si grav. Vi prata ei god stund. Vi kjenner kvarandre godt, vi har arbeidd i lag i skulen og vi treftest ofte den tida vi begge vandra ut og inn på Ørstaheimen. Eg vatna på Robert si grav også, så då eg kom heim gjekk eg opp til Marit og sa det. Akkurat då var det så nydeleg og varmt å sitte på altanen hennar, så då vart vi sittande der ei stund. Då eg gjekk ned att budde eg meg på å leite etter nokre skjema som eg har lagt på ein lur plass, men fann dei ikkje i dag heller, så no tok eg like godt og fylte ut nye papir. Dermed var det tid for å ete middag, for mitt vedkomande var det å varme opp risgraut frå i går. Så var eg ned tl naboen nedanfor og diskuterte litt kva vi skulle gjere med mur en etc. som dannar grensa mellom tomtene. Som de seg har lite og ingenting blitt gjort i dag. Eigentleg er det "Plenklippedag" -men her er ikkje gras å klippe, så då..... Eg hadde ikkje tenkt meg på Vernet i dag, for eg er ikkje heilt god i det høgre kneet, men det kan hende eg tek ein tur likevel, det er såpass med skyer no at det er ikkje for varmt. Dagen har gått veldig fort til denne tid, til tross for at eg har gjort "lite og ingenting". KLokka 17.45: No har eg vore ein tur på Vernet, pusla litt i hagen og vatna.

søndag, august 08, 2021

Dagbok 2021: 8.august

Klokka er no 17.35, temperaturen er + 27 grader og sola skin. Det var varmt frå morgonen av, men eg fekk shina kjøkkenet og lagt i hop klede før eg tok vegen ut. I dag sette eg meg ved stikkelsbærtreet og plukka bæra som var att etter at eg har forsynt meg litt siste dagane.Eg klipte bæra i begge endar etter kvart som eg plukka. No har eg ikkje meir hagebær å plukke, men litt heng der att så eg har litt å ete på når eg er ute.Eg var silsvett etter at eg hadde plukka ferdig, så eg bytte om frå varm bukse til kaldt skjørt og ermelaus topp. Så gjekk eg opp til Marit og sat der og prata, men då skya det over og det blei nesten kaldt. Vi trudde at no vart det vêrbyte. Etter ei stund gjekk eg ned att og begynte å koke risgraut, for eg måtte bruke opp noko melk eg hadde. Då eg vel hadde fått i meg grauten, måtte eg byte om igjen, for no var sola framme og eg skulle gå på Vernet. Eg kjende fort at eg hadde kledd meg for varmt. I dag fekk eg meg ei ny veninne om lag på min eigen alder. Vi begynte å prate då eg fann "krypdyret" og seinare vart vi sittande på ein benk å prate om det eine og det andre. Men vi presenterte oss ikkje for kvarandre-det skulle vi kanskje ha gjort. No er eg heime igjen, og skal snart kle meg om i skjørt igjen, eg saknar ei "luftig" bukse med vide bein. Hardde ei slik silkebukse då vi var til Tyrkia-dei buksene eg har no er altfor varme. I morgon har eg tenkt å køyre på VØR med meir boss, eg skulle eigentleg ha klipt plen, men graset har knapt nok vakse siste veka.No skal eg ut og vatne litt, har ikkje vatna før i dag. TV-en set eg på klokka 19.00.Og då skal eg ta på meg høyreapparata, har gått utan hittil i dag.
Her er udyret eg såg krypande i sanden i dag. Den likna på ein snigel, men det såg ut som den hadde pels.

lørdag, august 07, 2021

Dagbok 2021: 7.august

Klokka er 17.50, temperaturen ute er + 27 grader, eg har nettopp vore ein tur på Vernet og sveitten silar enno. Ein slik sommar med så mykje sol og varme kan eg nesten ikkje hugse vi har hatt før. Akkurat no forstår eg ikkje korleis vi skal greie å halde ut regn og kulde og mørketid når den tida kjem. Men det plar gå godt det også. I dag hadde eg to ting på planen min, eg skulle vaske golv og så skulle eg på butikken. Begge delar var fort gjort, så eg begynte å styre ute, vatna plenar og bed. Eg begynte å bli redd for Victoriatreet, så det vatna eg eksta mykje både i går og i dag. Elles gjorde eg noko som strengt tatt ikkje var naudsynt, eg begynte å skrape mosen av den store steinen i Skråninga, i håp om at kråkesølvet skal dominere. Eg blei ikkje ferdig i dag. Eg har chatta litt med Rasmus i dag og fått vite litt meir om flyttinga til Tromsø. Rasmus køyrde Wenche og Eivind til Gardermoen, så tok dei fly derifrå. Wenche vart med for å hjelpe til med innflyttinga. Eg har sett bilde av huset der Eivind skal bu, eg trudde det var eit privathus, men så viser det seg at det er eit "studenthus". Der er fleire hyblar,og dei som bur der må dele bad og kjøkken med andre. Eivind fekk no med seg mykje kjøkkenutstyr, så no vart det ryddigare i skuffer og skap, skriv Rasmus.Der var mange slike små studenthus, eg synest det var kjekkare enn store studentkompleks. Til middag i dag vart det hamburgerbrød med Gilde kabonadekake. Eg bryr meg ikkje så mykje om maten i varmen, det er viktigare med drikke. Eg låg ei stund på altanen og skulle sole meg, men det blei så kjedelig, så eg tok turen på Vernet så snart det kom litt vind og kjølte meg ned. Eg skulle ha plukka stikkelsbær i dag, dei er store og gode i år.Skulle ønske at Rasmus var her og laga Sikkelsbærpai, for det kan han. Eg får prøve å ikkje ete opp alle, men putte nokre i frysaren-så kanskje......... Eg har gått med høyreapparata i heile dag og det går bra, men det er eit fæla spetakkel når eg går på grusvegen på Vernet. dei seier at ein venner seg til det.
Det var lite vatn i Vike-elva i dag.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...