tirsdag, mai 31, 2011

Vermelding 31. mai - 2011

Klokka er13.30. Temperaturen er +13 grader og det er overskya opphaldsver.Med andre ord godt arbeidsver.
Nils har vore oppteken med å lage til beddet på muren. Han har utvida det litt oppover og sett nedi ei trefjøl i staden for plastkanten som var der før.I fellesskap har vi rydda og luka, hatt utover mold og planta.Dette er berre første steg i planen. No skal vi sjå om rosene overlever og om dei er anten raude eller rosa, for min langsiktige plan er at dette beddet berre skal innehalde rosa, raudt og blått i ulike nyansar. Så det gule og orange skal flyttast til ein annan stad. Sommarblomstrane vi kjøpte i går vart planta, så det ikkje skal sjå så tomt ut.
Før eg gikk ut vaska og rydda eg inne, kom på at helga tek til torsdag denne veka.
Elles må eg vere litt forsiktig med kva eg gjer, har hatt eit relativt høgt aktivitetsnivå i det siste, og det straffar seg når natta kjem.Dvs. det er vel ikkje berre aktivitetsnivået som er for høgt, men det faktum at det har blitt for mykje sitting, både i bilen og elles.No skal eg lage middag, i dag blir det fiskekaker frå frysaren.Etter middag skal Nils egne liner, for det ser ut som om det kan bli fiskever.

mandag, mai 30, 2011

Vermelding 30. mai - 2011

No er klokka ca 17.00, temperaturen + 13 grader, det er regnbyger med sol innimellom og  litt vind.Sist natt snøa det ned i dei høgaste fjelltoppane her i Ørsta. Yr.no hadde lova oss full sol i dag, så vi var litt skuffa då vi vakna til plaskande regn. Vi hadde nemlig tenkt å rydde og plante på den nye muren i dag. Men så kom vi på, liksom i kor, at ingen av oss nokongong har vore på Nerlandsøya der Solveig brukar å kjøpe plantar kvart år.
Nerlandsøya ligg i havet vest for Fosnavågen, for dei som ikkje er orientert. Vi hadde ikkje så mykje peiling vi heller før vi sjekka kartet.Vi tok laus i halv 12-tida og køyrde utover gjennom Fosnavåg og over ei bru.Då kom vi altså til Nerlandsøy, og det første vi såg var gartneriet.Men sidan vi var komne så langt , ville vi også sjå ut til Kvalsvik der vegen sluttar.
                           Her er vi komne til vegs ende- det skjer ikkje så ofte.
 Vi skulle ta bilde på tilbaketuren, men då kom det sjølvsagt ei byge med både vind og regn, så det vart ikkje heilt som forventa. Her ser vi ut mot havet, til høgre ser vi øya Runde.
Her er Kvalsvik, ein stad som faktisk er litt større enn eg trudde.Vegen ut dit var ganske smal, om lag slik vegen mellom Måløy og Raudeberg var i gamle dagar.
Tilbake til Nerlandsøy City (veit ikkje eksakt kva staden heiter) fann vi fram til garneriet som var fullt av herlige sommarblomster av god kvalitet. No brukar eg ikkje å kjøpe så mykje slikt, men fall for freistinga å få det nye beddet fint med ein gong, så får eg litt tid å planlegge kva som vidare skal skje.På mange av gardane rundt omkring hadde dei hundrevis av levande plenklipperar på fire bein. Mest av den ville sorten.
 På veg tilbake til Fosnavågen køyrde vi over ei høg bru, og det bles, så eg torde ikkje å gå ut av bilen for å ta bilde. Eg er veldig fascinert av havet, men helst på avstand.
 Vi rusla litt rundt i byen Fosnavåg, men kjøpte ikkje noko. Derimot var vi inn på Fosnavåg Brygge restaurant og kjøpte oss eplekake og kaffi.Der var innredninga i sjøbud-stil og diverse maritime ting på utstilling.
Bildet blei ikkje heilt vellykka, men det var i alle fall eit lekkert "måltid". 
Siste stopp før vi forlet byen, var fiskeutstyrsbutikken til Dyrkorn.Det er alltid nok Nils treng til fiskeriet sitt.
På heimvegen stoppa vi på Pekas, ein sånn billigbutikk som har ALT, den ligg rett før krysset der vegen går til Måløy. Der er det også eit plantesenter, der plantane såg ut som dei trengde å gjenopplivast. Forstår ikkje korleis så mange plantesenter kan bestå. Her i Ø har vi tre store og diverse små.
Då vi kom heim fann Nils ut at det var relativt tørt i graset, så han har sett i gang å klippe plenen.Etterpå åt vi salta lange til middag.

søndag, mai 29, 2011

Vermelding 28. mai - 2011

Klokka er 23.20 og eg kom brått på at eg ikkje har skrive vermelding i dag. Ikkje at det er så mykje å skrive om, men det har vore overskya og opplett i heile dag Særlig varmt har det ikkje vore, no er temperaturen + 8 grader C. LITT varmare var det vel på dagtid. Men til neste helg skal vi visst få sommar.Vi ser fram til det.

Jazzballettshow.

No har vi vore på ballett og sett jentene til Margrete og Lars danse.Ja, der var sjølvsagt fleire med, trur dei sa at det var 240 dansarar. Det er ikkje lov å ta bilde eller filme under framsyninga, men heile showet blir filma av profesjonelle. I Sunnmørsposten nett er der ein bildeserie frå showet i går, det same som vart vist i dag. Der er mellom anna eit bilde av Ingeborg heilt åleine. Ho hadde ein liten solo.
De finn bilda på lenka under.
 http://www.smp.no/kultur/article343549.ece?imageIndex=18#pageTop

Etter dansen var vi på tyrkisk restaurant og åt pizza. Bursdagsbarnet var fornøgd med dagen, og det var vi andre også.I tillegg til alle fire søskena, foreldra og besteforeldra, var også bestevennen til Eirik med, så det vart eit bra selskap.Vi er heldige som har barn og barnebarn som lokkar oss ut på livet.

Bok nr. 30 - 2011: Før jeg brenner ned.

 
Av og til  er det lite å velje mellom på biblioteket, og det er då ein tek med seg heim ei bok ein aldri har høyrt om, av ein forfattar ein ikkje kjenner. Det var slik denne boka kom i mine hender.
Og så begynner eg å høyre. Det er forfattaren sjølv som har forteljestemma, men det er ikkje han som les lydboka. Han som les,brukar ein dialekt som kjem frå forfattaren sitt heimeområde, noko som gjer boka svært autentisk.Men kva er det som skjer?  boka fangar meg frå første augneblinken,den har ein "nerve" som held meg fast frå begynnelse til slutt. Eg må inn på nettet for å sjekke.Er dette så bra som eg trur?Og det er det visst. Boka har fått strålande kritikkar og terningkast 6 både frå den eine og den andre.Eg treng ikkje å skrive meir, les heller kritikkane på nettet. Men eg vil helst at de les boka først. Dette er skikkelig bra litteratur!

Amanda fyller 11 år.


Amanda og morfar sommaren 2000

I dag er det Amandas dag. Det er 11 år sidan ho kom til verda. Når eg tek fram gamle bilde for å scanne dei når eitt av barnebarna har bursdag, er det ein ting som slår meg, og det er kor like dei er seg sjølve. Kor lite dei har forandra seg på alle desse åra. Det er noko med blikket som alltid er det same.
Amanda var ikkje mykje lik søskena sine å ho kom til verda, rund i ansiktet og med mykje svart hår.Kanskje det var derfor ho fekk namnet til oldemora? Ho var også veldig mørk.No er ikkje Amanda så mørk lenger. Frå å vere ein særdeles rolig baby, som helst sat i ro, er ho no ei aktiv jente som dansar ballett, spelar fotball og spelar i korps.Ei kjekk og grei jente er ho på alle måtar, pliktoppfyllande og flink med skulearbeidet også.
I dag skal ho vere med på ballettshow, denne gongen er det jazzballett som står på programmet, og etterpå skal vi "ut" og feire 11-årsdagen. Det har vore ei travel tid med mykje øving, og i tillegg diverse fotballkampar. Det blir godt å få litt meir fri, vil eg tru.Vi gler oss til ballettshowet og feiringa.
Gratulerer så mykje med dagen, kjekkejenta vår!
Olaug og Amanda sommaren 2001. Vi har ofte feira dei to jentene i lag. Dette året hadde Olaug fått sykkel-noko som viser att i ansiktet.
Amanda på besøk i Starevegen ein varm sommardag i 2002.
Starevegen, sommaren 2003.

lørdag, mai 28, 2011

Vermelding 28. mai - 2011

I never promised you a rose garden.
Klokka er 13.30. Ute er det overskya og + 12 grader. Av og til regnar det nokre dropar, så Nils slo i frå seg å slå plen.I staden gikk vi laus på eit lenge påtenkt prosjekt; vi avvikla det lange rosebeddet nedafor huset. Det passa bra å gjere det i år, for mange av rosene var døde eller døden nær.No har vi fjerna både roser og løkar, og Nils har sådd grasfrø. Han gler seg til å få meir plen å klippe, eg eg gler meg til å sleppe å reinske ugras. Dei rosene som såg ut til å kunne overleve, flytta vi opp på muren ved garasjen, så ser vi dei litt oftare.Satsar på å ha det fint der vi ser det mest. Eg kan ikkje ha så mykje bed, for då greier eg ikkje å halde dei fine. Hagen skal ikkje vere eit ork!
No må eg ta og grave litt i frysaren og sjå om eg finn noko til middag. Mandag er det meldt full sol, så det kan vi glede oss til. 
 Men om vi ikkje har så mykje blomster nedafor huset, så pyntar leigebuaren i kjellaren opp! Bildet er tatt i fugleperspektiv frå altanen, og så har eg rotert det 180 grader-trur eg.

fredag, mai 27, 2011

Firestjernes middag ?

Som før nemnt er både Nils og eg ivrige tilskoderar når "fire kjente fjes" skal lage middag til kvarandre på TV. Noko eg har lært av dette programmet, er at det meste bør lagast frå grunnen av-halvfabrikata er forbode, eller i alle fall nesten.
Sist onsdag viste kokken oss kor lett det er å lage sin eigen majones. Eg har i minne korleis mamma sat og rørte og rørte i timesvis når ho ein sjeldan gong laga majones. Eg var på apoteket og kjøpte olivenolje, for slikt var ikkje å få kjøpt i butikkane. (No er det ein heil vegg med diverse oljar på Coop her).
Eg fikk lyst å prøve om det var så lett som kokken sa, og det var det! Det gjeld å ha ein stavmiksar og ein beholdar som passar til. Resten går av seg sjølv. Eg fann oppskrift på nettet. EIN feil gjorde eg, eg tok for mykje sennep i, det er betre å ta for lite og ev.fylle på med meir.
Så stod eg att med to eggekvitar, og av dei laga eg marengsbotn som eg kan bruke til Pavlovakake eller til "desserten min". Alt saman var gjort på ei lita stund. Eg hadde eggekvitane i eit litermål og brukte handmiksar, så det vart ikkje mykje oppvask heller.
Tidlegare i veka laga eg is av eggedosis og krem.Fann ei skulekjøkkenoppskrift. Heilt perfekt og fort gjort. Hadde fløyte som gikk ut på dato, så eg måtte bruke den.Poenget mitt er at det å lage ting frå grunnen av slett ikkje er så vanskelig eller tidkrevjande som ein skulle tru.
http://ordentligmat.no/2009/11/hjemmelaget-majones-pa-to-minutter/

Vermelding 27. mai - 2011

Klokka er 15.15. Det er overskya opphaldsver og  temperaturen er+ 10 grader. Ikkje akkurat sommarleg ute.
Nils har gjort ferdig muren i dag. Det vart ein del tunge løft, så no lyt han få kvile seg nokre dagar. Eg var også ute og jobba, men med mindre krevjande prosjekt. Har drive og rydda og reinska rundt hekken mot naboen. Køyrde litt kantklippar også. Har ikkje tatt bilde av muren i dag, det får vere til vi har fått planta og rydda litt, no lyt muren få fred såpass sementen stivnar skikkelig, før vi begynner å rote meir. 
Vi laga oss ikkje skikkelig middag då vi kom inn att, men åt brødskiver og drakk kaffi, så kan det hende det blir noko godt til kvelds. Sidan det er fredag vil eg nytte høvet til å ønske alle GOD HELG.
Vi har ingen andre planar for helga enn at vi skal feire Amanda sin 11-årsdag med ballett og kafébesøk på sundag.

torsdag, mai 26, 2011

Vermelding 26. mai - 2011

Klokka er ca 12.45. Det har vore opplett heile føremiddagen, men no begynte det å regne litt. Temperaturen er + 11 grader C.
Nils har drive og jobba med muren i dag også, no er han ferdig med trinn 2 av 3. Som alltid når mannfolka styrer med noko ute, kjem naboane for å sjå og kommentere. 
Eg har jobba inne med rydding og golvvask. Det kan virke som om eg vaskar og støvsuger heile tida, men det skjer i realiteten berre ein gong for veka. I dag skal vi ha fiskekaker til middag. Dei ligg klar i frysaren, men eg har funne ut at dei smakar veldig mykje betre viss eg varmar dei i steikomnen i staden for å steike dei på panna. Då steiker er løk, paprika etc. og legg i eit eldfast fat med fiskekakene oppå. I dag skal vi ha ris til i staden for poteter-hadde så mykje ferdigkokt ris i frysaren som eg gjerne vil ha vekk. Det blir ein ny vri.
Har blitt meir interessert i matlaging etter at vi begynte å sjå "4-stjerners middag" på TV Norge (måndag til torsdag kl.19.30). Synest eg lærer mykje av det, om ikkje så mykje gir seg utslag i praksis.

onsdag, mai 25, 2011

Bok nr. 29 - 2011: Tibake til Riverton

Eg begynner å bli veldig trøtt av lydbøker, bokstavelig tala. Så snart eg legg meg ned med ei bok på øyret, somnar eg. Derfor må eg gjere på noko mens eg les, og då må eg sitte. Det kan eg ikkje gjere så lenge-og derfor kan eg ikkje lese bøkene så fort som eg eigentlig vil.
Dette er Kate Morton si debutbok, og den er vel blitt det vi kallar ein "bestseller".Eg var ikkje udelt begeistra då eg las boka, sjølv om den tok seg opp på slutten. Etter at forfattaren kom med sine "etterord", forstod eg betre kvifor ho skiv som ho gjer.
Handlinga går kort sagt ut på at det skal lagast ein film om livet på Riverton gods slik det var på første halvdel av 1900-talet, og den 98 år gamle Grace, som tidlegare hadde vore hushjelp på godset, skal hjelpe filmskaparane med å få det heile så autentisk som råd er.
Heile boka er veldig visuell. Ikkje minst fordi vi har sett så mange engelskeTV-seriar og filmar frå denne tidsepoken, ser eg det heile så tydelig for meg. Her er mykje dramatikk og gode skildringar av menneske og miljø.
Grunnen til at eg finn boka tidvis nokså kjedelig er at den er så langdryg. Men eg trur forfattaren prøver å skrive i ein bestemt tradisjon, som var typisk for tida ho skildrar. Boka er på 14 CD-ar-den skulle ha vore på ti, max. Men som fjernsynsserie ville den blitt fabelaktig.
Språket er til dels litt pussig og lite interessant, men det kan også ha med omsettinga å gjere. Det er vanskelig å komme med døme når ein ikkje har papirutgåva, men eg skal prøve å komme med eit par døme.
"Hun var tredje hjul på vognen i forhold til sine søsken" var ein seiemåte som var litt underlig. Og så var der noko om ein purpurrød svale, og ei jente med hår med farge som jordbær, blondt..... etc.
Eg har lese ei anna bok av same forfattaren som eg likte betre. "Den glemte hagen", heitte den.

Vermelding 25. mai - 2011

Klokka er no 14.30 og vi er ferdige med middagen, kokt,salta lange i dag, ein av favorittane mine.Ute regnar og blæs det -men det bøttar ikkje ned på same måte som tidlegare i dag. Temperaturen er + 9-10 grader C.
I dag var det planen å støype fast steinane på muren, men det har vore heilt uråd å jobbe med støyping i det regnet som har vore. Vi får sjå viss det klårnar litt opp mot kvelden. Nils har gjort alt klart.
Eg har nytta innedagen til å tørke støv og støvsuge, så er det gjort til helga.Har nokre jobbar til som står på vent, men først skal eg ha meg ei kvilestund med bok på øyret.
Ein kan no bli litt lei dette veret, då, men når eg tenkjer på USA med DEI tornadoane og Island med vulkanutbrot og oske, så får vi la vere å klage altfor mykje.
Skal legge inn bilde av muren viss vi får gjort noko seinare i dag. 
                                Nils fekk gjort ferdig litt av muren i dag.

tirsdag, mai 24, 2011

Vermelding 24. mai - 2011

Klokka er 12.00. Temperaturen er + 7-8 grader C og det regnar verre enn nokon gong.
Eg skulle eigentlig vore ute og sprada i den nye regnkåpa mi i dag, men i staden fann vi ut at no kan vi ikkje lenger utsette mur-arbeidet som vi har planlagt. Muren ved garasjen vart laga eit av første åra vi budde her av ei blanding av stein og sement. Etter kvart har vi fylt på med singel, og bygt muren høgare med lause steinar som vi har lagt oppå. Vi har lenge planlagt å få lagt litt støyp innimellom, og no skal det bli. Det er meir arbeid enn ein skulle tru, for den første muren er ikkje plan oppå, derimot ligg det steinar som anten må vekk eller jamnast med slegge. Nils har litt av ein jobb, mens mitt bidrag mest består av konsulentverksemd. Men regnet vart for voldsomt, så no vart det pause.Kor som er, så var det godt å få vere ute litt.
I dag kom innlegget mitt om Trysilturen i avisa. Dei hadde ikkje fått plass i laurdagsnummeret i lag med annonsen. Eg kontakta avisa, og sende med innlegget med retting dvs. at eg viste til laurdagsavisa. Men trur de dei hadde fått med det? No sit vel folk og leitar etter annonsen i dagens avis, slik der står.
I går fekk eg gjort ein kjemperyddejobb. I tillegg til klede, fekk eg rydda i alle papir seinare på dag. Og kva er det som dukkar opp? Jau, "memoarane" mine, som eg skreiv for mange år sidan. Harddisken som dei låg på, kollapsa fullstendig, og alt gikk tapt. Eg meinte eg hadde tatt ei utskrift av det meste, men papira dukka aldri opp att- før i går. Eg har liksom ikkje hatt lyst å begynne på igjen.Får heller lese over og rette nokre av feila som eg veit er der. No tenkjer eg ikkje på stavefeil.
Veit ikkje kva vi skal ha til middag i dag, må vel grave litt i diverse frysarar, så finn vi eit kvart vil eg tru.
 Seinare: No har vi vore ein tur på byn, og eg har kjøpt med støvlar. Ikkje av det dyraste slaget, rett nok, men greie til mitt bruk. Merket er Roots og prisen er 399kr. (Det høyrest veldig billig ut i forhold til 400 kr).

mandag, mai 23, 2011

Vermelding 23. mai - 2011

Klokka er no14.30. Temperaturen er + 14 grader C, det er opplett, med små solgløtt og det blæs.
Vi har nettopp ete middag og no skal vi ha oss ein pause. Middagen i dag var steikt lyr; Nils fiska frå land laurdag kveld og fekk ein stor lyr, så vi har middag i to dagar av den.
I dag hadde vi litt divergerande meiningar om kva jobb vi skulle gå på, så det vart at han styrte med sitt og eg med mitt. Han var stad og henta sand som vi skal bruke når vi skal fikse muren ved garasjen. Eg sette i gang å rydde klesskapa mine på datarommet, med lydbok på dataen. Ikkje så verst arbeid når ein har underhaldning til. Fann igjen diverse klede som eg hadde gløymt at eg hadde, blant anna 5-6 T-skjorter som knapt var i bruk i fjor sommar. Veit ikkje om eg er så veldig glad for det i grunnen....kjekt å MÅTTE kjøpe noko nytt.Fylte ein sekk som skal på innsamling, men synest ikkje det minka så mykje i skapa som eg skulle ønske. Sorterte ei heil plastkasse med strømpebukser og knestrømper. DET var festlig, det. No har vi det varmt og godt i stova, mens vi fyrer med gamle strømpebukser. 
Føler i alle fall at eg har gjort ein JOBB i dag-og håper eg kan inspirere andre..........
Stativet med blomster fekk eg av Solveig tidlig i vår, då med perleblomster. No har eg bytta dei ut med rosa busknellikar.
I dag vil eg gratulere Astrid, veninna mi, med fødselsdagen!

søndag, mai 22, 2011

Vermelding 22. mai - 2011

Klokka er 13.15, temperaturen er + 18 grader C og det er overskya opphaldsver. Med andre ord, slett ikkje verst. No har eg ikkje vore ute for ei dør enno, men det kan vi lett ordne på.Eg får dessverre ikkje brukt den nye regnkåpa i dag, men det kjem vel fleire regnversdagar på sikt.
Etter eskapaden i går vart eg inspirert til å vaske og rydde kjøleskapet i dag, og fekk flytta den "farlige" hylla heilt ned. Det var denne delte hylla som var årsaka til syltetøyulykka i går.
Elles har eg rydda litt i huset, som vanlig, og så har eg laga middag som vi skal nyte om ei lita stund. I dag skal vi ha hjortesteik. Hadde ei lita steik att av hjorten vi kjøpte i fjor haust, elles er det sjelden eg lagar steik når vi er berre to. Trur den skal smake godt.
Komande onsdag er eg invitert på "fest" i Bondalen pensjonistlag, i lag med resten av styret her, har enno ikkje bestemt meg for om vi skal fare. Skal ha meg ei ringerunde til resten av styret når det lid på dag.

lørdag, mai 21, 2011

Vermelding 21. mai - 2011

Klokka er 15.30, temperaturen er + 8 grader og det regnar. Stort meir er det ikkje å seie om veret.
Då vi var på biltur på torsdag i regn og blest, sakna eg ei skikkelig regnkåpe med hette. Paraply er ikkje noko for meg, og regnjakka som eg har, er meir til gå-turbruk. I dag tenkte eg som så at viss eg kjøper regnkåpe, blir det kanskje sol. Og sidan vi har spesialforretning for regnklede, skulle det vere ei enkel sak. Prøvde eine kåpa føre og den andre etter, men sidan dei fleste er innsvinga, var det ikkje lett å finne noko som passa. Innsvinginga vart for langt nede liksom. Då eg så og seie hadde gitt opp, kom ho med denne raude regnkåpa som hang på eit stativ til nedsett pris. Minus 25% gjer den ikkje billig, men no kan eg i alle fall gå ut i all slags ver. Dette var det kjekke som hende i dag.Og ekspeditrisa var tolmodig og hjelpsom, det skal ho ha.
Elles har det vore den eine frustrasjonen føre og den andre etter. Då eg opna i avisa i dag, fann eg ikkje innlegget mitt om Trysilturen til pensjonistlaget, men annonsen til formannen var der. Han skulle ringe avisa i går og sjekke at alt var i orden, og gjorde det sikkert også, men nei! 
Då vi kom heim frå Vik, var der postpakke til meg med to par bomullslester, og så viser det seg at eg er blitt medlem av ein sokkeklubb. Eg har vel ikkje meldt meg inn i ein slik, medmindre eg har trykt på ein tast i vanvare. Sokkane var gratis, men eg må betale 49 kr i porto. Is that a good deal?
Vi hadde bestemt oss for å lage fiskesuppe når vi kom heim, og det gikk bra. Men så skulle eg sette varer på plass i kjøleskapet, og der kom eg bort i hylla så det ramla ut ein boks med tyttebærsylte og ein boks med blåbærsylte, loka spratt av begge boksane og eg låg på alle fire og vaska syltetøy. Eit hermetikkglas med chili ramla også fram, utan at det vart knust. Kva tenkjer ein når ein ligg der og vaskar opp klissete syltetøy i mengder? Jau: " Dette kan eg skrive om på bloggen". Ganske irriterande var det også at Nils var oppe hos naboen, så kunne eg ikkje kjefte på HAN.
Som de forstår har det vore ein del frustrasjon i dag, men ikkje verre enn at det går over når eg no skal flate ut med lydbok på daybed-en.

fredag, mai 20, 2011

Vermelding 20. mai - 2011

Klokka er 17.10, det er overskya opphaldsver og stilt. Litt tamt etter alt veret vi hadde i går. Temperaturen er + 12 grader, så det er ikkje så gale. Nils er ute og spring med grasklipparen. Spørs korleis det går, han har hatt vondt i kneet sidan sist han slo. 
Men graset veks godt i dette veret, så det gjeld på passe på mens det er opplett.
Sidan eg var ute og rak i heile går, måtte eg vere flittig i dag. Har støvsuga, laga mat etc.etc. Til middag hadde vi spaghetti med kjøttsaus. For å gjere det litt sunt, brukar vi berre grov spaghetti, helst den frå Änglagård. Skal ta eit tak til i huset før det blir helg. Kanskje blir det ein liten tur ut også. Har ikkje fått gjort mykje i hagen enno, det har vore både kaldt og vått så langt.
God helg til alle!

torsdag, mai 19, 2011

Glimt frå Måløy sentrum


 Ei veninne som er godt kjend i Måløy, har tipsa meg om ein butikk som har alt, innfor fiskeytstyr o.l. Reknar med at det var rette butikken vi fann. Nils fekk i alle fall handla seg litt fiskeutstyr. Eg var sterkt frista til å kjøpe regnklede slik veret var, med både regn, hagl og vind; men eg stod i mot freistinga.
Vi budde på Raudeberg frå 1962-65. Både Solveig og Rasmus vart fødde mens vi var der. Blei litt nostalgisk då eg såg att denne vesle butikken, der eg kjøpte barneklede. Slikt var mykje dyrare før, og vi hadde på langt nær så mykje klede til ungane som det som er vanlig no.
 Denne advokaten hadde eg som elev skuleåret 1963-64. Han gikk då i 5.klasse og eg var 24 år. Det gikk opp for meg at han må vere ein vaksen mann no..........

Vermelding 19. mai - 2011

I dag var det grått og regnfullt då vi stod opp, så vi fann ut at vi like gjerne kunne ta oss ein biltur, så opplevde vi noko på same tid som vi var "inne". Vi tok 11.50-ferja til Lauvstad. Der var det gløtt av sol, så vi rekna med at veret kunne bli betre etter kvart. Det blei det ikkje, snarare tvert imot. Vi hadde bestemt oss for å fare bortom Fiskå sentrum og sjå solsikka, og det gjorde vi. Men då både blæs og regna det, såpass det heldt. Eg skulle ta bilde av Nils attmed solsikka, på same tid som eg heldt paraplyen. Det var nummeret før eg for til himmels i ei vindrosse. Det er derfor solsikka står sånn litt på halv åtte.
Så gikk ferda vidare til Åheim og til Selje, der vi trudde vi skulle finne oss ein kafé. Det gjorde vi ikkje sist vi var i Selje heller. Så var vi innom ørten "pollar" før vi endelg var komne til Måløybrua. Der stod det med lysande bokstavar at det var sterk vind, 25m/sek. Og eg som er redd kvar gong eg skal køyre over ei bru, bad Nils om å køyre så fort han kunne.
Etter å ha vore ein tur innom Måløy brygge, som er enda kjedeligare enn kjøpesenteret her, gikk vi opp ei gate, der vi er kjende frå gamle dagar. Fann oss ein koselig kafé og kjøpte oss lunsj; foccacia med salat og nydelig dressing.Dei hadde også sushi på menyen, men det tok eg ikkje i dag.Ein hyggelig vert var der også som gjerne prata med oss.
Frå vinduet var det utsikt over Måløysundet, der det var mange båtar i dag.
Vi tok turen til Raudeberg der vi budde i tre år, men det er ikkje så lenge sidan vi var der, så vi køyrde utover for å få sjå havet i skikkelig opprør. Vi sår ein seglbåt på veg utover, men utan segl.
Stoppa i Vedvik og tok bilde, her kan de sjå Stad til høgre i bildet.
Det blæs fælt heile tida og vi tenkte vi skulle få sjå Refviksanden i fullt opprør. Men kva skjedde?
Refvika låg flat som eit stovegolv. Det er nemlig noko med fjella der, som gjer at vinden snur og blæs "feil" veg. Det er derfor dei gamle husa der har ein støttemur på den sida som vender FRÅ sjøen.
Heimvegen gikk greitt, vindstyrken var berre 19m/sek då vi køyrde over brua. Det har regna og blese i heile dag, men vi hadde likevel ei kjekk tur.
Her heime er det no +7 grader C. Og her blæs det ikkje.Men regnar det gjer det.

onsdag, mai 18, 2011

Bok nr. 28 - 2011: Den urolige mannen

At eg les mykje krim har eg gjentatt gong etter gong. Og dei fleste krim-romanar høyrer til i ein eller annan serie, der ein må halde greie på mange personar, namn og stader. Ja, alle krimlesarar veit kva eg meiner. Då er det ei lette å finne ei bok av Henning Mankell som handlar om Kurt Wallander, for han kjenner eg! Eg veit til og med akkurat korleis han ser ut, han liknar til forveksling på Rolf Lassgård-ja, det er han som er Wallander.
Dette er den aller siste boka om Wallander, og det er litt vemodig. Vi møter han som ein "gammal" mann-seksti år er han blitt. No er ikkje det nokon høg alder, men han kjenner seg gammal, han er lettare deprimert, har diabetes og ser ikkje lyst på framtida. Han tenkjer ofte tilbake på det som har vore.Ja, vi som er langt inne i vår tredje ungdom forstår korleis han har det. Lyspunktet er det vesle barnebarnet og hunden som han har skaffa seg. 
Linda, døtra, er sambuar med Hans, son til ein tidligare ubåtsjef. Ein dag blir far til Hans sporlaust borte og Wallander har ei sak. Som dei fleste av Makells bøker er også denne svært politisk. Han tek utgangspunkt i historiske hendingar, men både personane og det som skjer med dei er fiksjon.Eg likar dette, fordi eg stort sett har same politiske son som fofattaren.
Sjølvsagt løyser Wallander saka til slutt, og det er ikkje før i siste "kapittel" vi får den rette løysinga.
Sjølv om her er eit "mysterium", er boka først og fremst eit farvel med Wallander og ei skildring av korleis det kan vere å bli gammal og einsam. Det er det eg vil kalle ei "langsam" bok, men det gjer ikkje noko for meg. Eg synest Mankell skriv godt, og er på ein  måte blitt glad i Wallander etter mange bøker og TV-seriar.Forfattaren tek ikkje livet av Wallander, men gjer det klart at han ikkje vil kome att.
Ein ting som eg synest er litt artig når eg les desse bøkene, er at eg er så godt kjent i Sverige, særlig på kartet, at eg heile tida ser stadane for meg.

Vermelding 18. mai - 2011

 Klokka er ca 13.15, temperaturen +11-12 grader C og det er vått og utrivelig ute. Sommaren som vi hadde forsvann fort. Det vart til at vi heldt oss heime i går, eg var forferdelig giktisk og Nils hadde eit vondt kne, han har tatt det litt hardt med grasklipping og er ikkje så ung lenger som han trur. Vi steikte oss sei til middag, men fann litt dessert. Vi er ikkje så opptekne med 17.mai-feiring at det gjorde oss noko å stå over.
Hadde lyst å reise til Leikong, der Øystein heldt tale, men orka rett og slett ikkje å ta ut.
I dag har vi vore ein liten tur nedover og handla litt, og no skal vi ete ein tidlig middag. I dag blir det spekemat med poteter og salat.
Kjøpte ananaspå Europris i dag. Visste at Ananas biter, men når dei begynner å  bite i eigen juice, då er det skikkelig gale.

tirsdag, mai 17, 2011

Vermelding 17. mai - 2011

Klokka er 12.30. Temperaturen er + 8 grader og det er eit trasig ver.Skodde og regn. Siste månaden har vi hatt veldig mykje fint ver, så dt er litt surt at den 17. skulle bli så utrivelig. Ikkje verst for oss, vi kan godt vere inne og fyre i omnen, men eg tenkjer på alle som både vil og må vere ute, ungar som skal gå i tog, og ikkje minst alle som spelar i korps. Her var det heldigvis opplett så lenge barnetoget var i sving.
Nils er plaga med eit kne etter at han tok det litt hardt med plenklipping, og eg er aldri heilt bra i slikt ver, så hittil har vi halde oss inne og fyrt i omnen! Men det kan hende, viss vi føler for det litt seinare, at vi tek ein tur til Leikong, der Øystein skal halde tale for dagen.Då må vi køyre gjennom tunnelen og ta av i krysset der vegen går til Måløy.Det er ikkje så langt. Vi får sjå kva det blir til. Å gå og trakke nede i Vik blir i alle fall ikkje aktuelt.Håper alle har ein bra dag-uansett ver og føreforhold. 

mandag, mai 16, 2011

Vermelding 16. mai - 2011

Klokka er 13.00, temperaturen er + 12 grader C og det er litt lett regn. Vi har vore ein liten tur nedover, i banken og på Amfi. Hadde ærend på apoteket, og så er det alltids noko ein treng. I dag fyller Storebror på Kongsberg 9 år. Til middag i dag blir det restar frå i går, så dette blir visst ein sløv dag.Litt av kvart som skulle vore gjort i hagen, men det er for vått. 
Ønsker alle ein fin 17.mai !
 Vi gikk ein liten tur i kveldinga, då var det sol og fint ver. Her ser vi bort i Mosmarka, der har dei fin kveldsol.

Eivind fyller 9 år.

Kjære Eivind!
I dag vil vi gratulere deg med 9-årsdagen! Det er litt spesielt å ha bursdag dagen før 17-mai, men sikkert litt gøy også.Da du gikk i banehagen var det jo stor feiring på dagen din.
Regner med du skal ha selskap med kameratene dine i dag?
Husker godt da du ble født, og første gangen vi fikk se deg; du var så fin! Og nå har du to brødre som ligner deg ganske mye. Jeg tror de har verdens snilleste storebror! Du ser at vi har tatt med bilde fra fisketuren i påsken, håper du kommer oppover i sommerferien også, så kan det bli mer fisking. Kanskje blir det blekksprut -som i fjor? Håper du får en hyggelig dag og en fin 17.mai.
Hilsen farfar og farmor.

søndag, mai 15, 2011

Vermelding 15. mai - 2011

 Klokka er 12.00, temperaturen er + 12 grader C, det er overskya og opphaldsver, så langt.
Eg har brukt mykje av føremiddagen til å lage mat; har invitert Margrete m/fam. til middag etter balletten.I dag skal vi sjå jentene danse, frå kl.16-18, og om 14 dagar er det nytt program. Det er travle tider både for barn og foreldre, men øvingar i tide og utide, i tillegg til framsyningane.Men det er fantastisk kva dei får til, gler meg til å sjå showet i dag.
Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag, så langt. No skal eg ha meg ei lita lesestund og slappe av.
  Dette bildet fekk vi i dag- Minstemann på Kongsberg har fått "motorsykkel".

lørdag, mai 14, 2011

Vermelding 14. mai - 2011

Klokka er 15.30, temperaturen er +14 grader C, det er overskya med litt regn, og små gløtt av sol. Ikkje så verst altså, og godt voksterver for plenar.
Vi har nettopp ete middag, og i dag vart det Taco. Må berre skrive det, så folk forstår at vi et litt anna enn fisk.
I dag før middag sa Nils: "Skal vi ta ein tur til Måløy?". Men eg ville heller ein tur til Stryn. Etter litt akkedering fram og tilbake, vart vi enige om at det var for seint på dag å fare nokon stad, så det blei ein tur til VIk og Amfi. På Amfi er det stappfullt om laurdagane, mykje folk utanfrå. Trefte mange vi kjende, og det er alltid kjekt. Særlig kjekt var det i dag å treffe ein tidligare elev og god venn få Kroatia. Ja, han er nordmann no, og jobbar i Ørsta.
I kveld er det MGP, men det er ikkje same stasen når ikkje Norge er med. Så lenge som både Norge og Sverige er med, er det viktig for oss å "slå" svenskane, men når vi ikkje er med i konkurransen lenger, heiar vi på Sverige. Slik er det i alle fall ofte med meg.
I dag fyller tvillingane Ruth og Gerd 70 år. Dei er bortreiste på dagen, begge to, men det kan no hende dei les bloggen. Gratulerer med dagen i alle fall!

fredag, mai 13, 2011

Vermelding 13.mai-2011

 Klokka er no 19.00. Eg har vore utan blogg i heile dag, og eg ser at blogginnlegget frå i går har forsvunne.Kanskje dukkar det opp att. Kva veit eg? Eg blir nokså frustrert kvar gong eg kjem ut for datatrøbbel, men i dag kom det i alle fall melding på skjermen, slik at eg visste at det ikkje var min feil.Det har vore ein relativt lang dag, sidan Nils stod opp grytidlig og for ut for å fiske.Eg var heller ikkje sjusovar i dag, men kom meg opp og fekk gjort både det eine og det andre før han kom heim i 11-tida. Det blei tidlig middag med småsei i store mengder.Han hadde ute liner i dag, og fekk både langer og brosme, men ikkje så mange av kvar sort. Pigghå fekk han også, men det er ikkje noko vi set pris på. Prøvde å ete det ein gong, men det var mislykka. Og etter småseien vart det middagslur! Seinare var vi ute i hagen og planta litt, før han måtte filetere fisk. Då gikk eg inn og las i boka mi. Held på med "Den urolige mannen" av Henning Makell, den siste boka om Kurt Wallander.
Det er stilt og fint ute  no, overskya og litt regn. Temperaturen er +11 grader C.
Ønsker alle ei god helg! 

Denne buska planta vi i dag. Eg tykte det var så fint med litt farge mellom alt det grøne, dei raude blada blir etter kvar grøne, men så kjem det nye raude blad neste år. Vi håper i alle fall det. Ser at den ikkje er så veldig herdig, berre H-3.

torsdag, mai 12, 2011

Vermelding 12. mai - 2011

Klokka er vel halv fem, temperaturen +12 grader C og det regnar. Litt av ein overgang, synest nesten eg har naglebet, men så har eg også vore ute i kulden. Var på styremøte i pensjonistlaget frå 13.00 til 15.30. Så var vi ein tur innom platesenteret på Rystelandet og på Amfi og handla etterpå. Trefte så vidt Margrete og snakk to ord med henne, ho hadde eit lite ærend i Ørsta.
Eg hadde i oppgåve å finne fram til aktivitetar på Eid i samband med operadagen vår (Pensjo) 11. oktober, og takka vere stor hjelp frå Bodil, kunne eg legge fram gode forslag."Æres den som æres bør."
No skal vi ete middag, det blir fiskekaker på brødskiver i dag. Eg laga opp fiskekaker av 3,2kg sei og lyr i går kveld.
Nesten utrulig å tenkje på at eg låg på altanen og sov middag i går, no kveiker Nils i omnen , for sikkerheits skuld.Men det er meldt finever 17. mai. Komande søndag skal vi på ballettframsyning , så vi har alltid noko å sjå fram til.

onsdag, mai 11, 2011

Vermelding 11. mai - 2011


No er klokka 12.00. Ute er det nydelig ver, litt lette skyer, litt vind og fin sol. Temperaturen er vel 20 grader C.Vi måtte nedover til klokka 11, for eg skulle ta bilde av og skrive om pensjonistane som deltek i "Den gylne spaserstokk". I dag skulle dei køyre fram i Follestaddalen og gå innover mot Kubbestølen.Då går ein innover Romedalen, der er ganske flatt og lett å gå viss ein køyrer opp dei første bratte bakkane. Eg har vore der mange gonger, både til fots og med bil. Heller ikkje i dag kom Banken med refleksvestane, så då er det i grunnen ikkje så mykje å skrive i avisa om. Bilda mine held heller ikkje "aviskvalitet", så eg få legge fram forslag på styremøtet i morgon om at Pensjonistlaget kjøper inn kamera, slik at vi sjølve kan dokumentere, også på bilde, kva vi styrer med. Viss nokon veit kva slags kamera vi treng, så berre tips. Elles kan eg jo gå inn i avisredaksjonen og spørje dei.
I går kveld jobba vi litt ute i hagen, og Nils har vore ute og klipt plen m.m. i dag. No har vi kjøpt gjødsel og grasfrø; har tenkt å så att både her og der.Det er nok arbeid denne tida når ein har ein liten hageflekk
Det var utrulig fint i Vik i dag, alle lindetrea har fått nytt lauv - og det var grønt. Dei stod med brunt lauv langt utover vinteren, nemlig.
Elles høyrer eg til den gruppa som vart skikkelig skuffa over at ikkje Stella og Norge gikk til finalen i MGP.Om ikkje Haba haba er eit musikalsk meisterverk, er det no ein fengande og rytmisk song.

tirsdag, mai 10, 2011

Vermelding 10. mai - 2011

Klokka er 11.15, temperaturen er + 18 grader, det er overskya, men opplett.I natt har det nok regna litt, det gjer berre godt. Eitt av dei tre Opaltrea blomstrar no, dei andre plommetrea er ikkje komne så langt, men alle har fått lauv, med unntak av Althanstreet. Vi er litt spente på om det har overlevd vinteren, men der er i alle fall knoppar.
Vi var tidlig oppe i dag sidan Nils hadde time hos fastlegen til rutinekontroll. Mens han var på legesenteret fekk eg vaska og støvsuga, det var høvelig ver til det i dag. No skal vi ha oss ei runde på bibliotek og butikkar , det begynner å bli tomt i kjøleskapet, så vi treng påfyll.Skal kanskje kjøpe nokre plantar til kassene også, det ser ut til at vi får bra temperaturar framover. Nils var komen ut i garasjen og filetere fisk før eg var oppe i dag...

mandag, mai 09, 2011

Bok nr. 27 - 2011: Menneskefluene

Som de veit les eg mykje krim, altfor mykje vil eg seie. Og mange av bøkene er til forveksling like.Denne er ikkje lik dei andre. Tenk deg ein krim-roman utan patologar som undersøker ille tilreidde lik, utan DNA-profilar, GPS, datamaskiner og mobilar. Heilt utenkelig i våre dagar. 
Forfattaren av denne boka er eigentlig historikar, med den 2.verdskrigen som spesialfelt, og dette er den første romanen hans. 
Han har lagt handlinga til Oslo i 1968, og det i seg sjølv er interessant. Språket er som i ein klassisk (gammaldags) krimroman. Folk snakkar høflig til kvarandre, og tiltalar kvarandre med De og etternamn.Slik ein faktisk gjorde i 1968. Ja, det er så autentisk at eg rett og slett er imponert. Sjølve mysteriet er av typen "Det lukkede roms gåte", der berre ei handfull menneske er mistenkte. Og under oppklaringa kjem det fram historier frå krigen, så der har forfattaren fått bruk for historiekunnskapen sin.
Om boka er så veldig spennande, er eg ikkje så sikker på, men eg vart i alle fall inspirert til å lese den på relativt kort tid. ( Har lata med skikkelig og lagt ute i sola og lese dei siste par dagane.)
Det som imponerer meg med denne boka, er først og fremst språket, tidskoloritten og det at den er så "ryddig", alt blir oppklart og forklart. Her er også element av humor. I eit nokså langt etterord fortel han om korleis han er blitt inspirert til å skrive boka. 
Det er Nils Nordberg som les lydbokversjonen-og han les godt.
(Har problem med scanneren, derfor dette dårlige bildet av boka)

Hassan og Nils på fisketur.




Nils kom nettopp heim frå fisketur. Han og Hassan for ut i 20-tida. Dei fekk fin fangst med sei.Nils tok med seg fotoapparatet sidan det var så fint ver, nokre av bilda legg eg inn her.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...