lørdag, mai 21, 2011

Vermelding 21. mai - 2011

Klokka er 15.30, temperaturen er + 8 grader og det regnar. Stort meir er det ikkje å seie om veret.
Då vi var på biltur på torsdag i regn og blest, sakna eg ei skikkelig regnkåpe med hette. Paraply er ikkje noko for meg, og regnjakka som eg har, er meir til gå-turbruk. I dag tenkte eg som så at viss eg kjøper regnkåpe, blir det kanskje sol. Og sidan vi har spesialforretning for regnklede, skulle det vere ei enkel sak. Prøvde eine kåpa føre og den andre etter, men sidan dei fleste er innsvinga, var det ikkje lett å finne noko som passa. Innsvinginga vart for langt nede liksom. Då eg så og seie hadde gitt opp, kom ho med denne raude regnkåpa som hang på eit stativ til nedsett pris. Minus 25% gjer den ikkje billig, men no kan eg i alle fall gå ut i all slags ver. Dette var det kjekke som hende i dag.Og ekspeditrisa var tolmodig og hjelpsom, det skal ho ha.
Elles har det vore den eine frustrasjonen føre og den andre etter. Då eg opna i avisa i dag, fann eg ikkje innlegget mitt om Trysilturen til pensjonistlaget, men annonsen til formannen var der. Han skulle ringe avisa i går og sjekke at alt var i orden, og gjorde det sikkert også, men nei! 
Då vi kom heim frå Vik, var der postpakke til meg med to par bomullslester, og så viser det seg at eg er blitt medlem av ein sokkeklubb. Eg har vel ikkje meldt meg inn i ein slik, medmindre eg har trykt på ein tast i vanvare. Sokkane var gratis, men eg må betale 49 kr i porto. Is that a good deal?
Vi hadde bestemt oss for å lage fiskesuppe når vi kom heim, og det gikk bra. Men så skulle eg sette varer på plass i kjøleskapet, og der kom eg bort i hylla så det ramla ut ein boks med tyttebærsylte og ein boks med blåbærsylte, loka spratt av begge boksane og eg låg på alle fire og vaska syltetøy. Eit hermetikkglas med chili ramla også fram, utan at det vart knust. Kva tenkjer ein når ein ligg der og vaskar opp klissete syltetøy i mengder? Jau: " Dette kan eg skrive om på bloggen". Ganske irriterande var det også at Nils var oppe hos naboen, så kunne eg ikkje kjefte på HAN.
Som de forstår har det vore ein del frustrasjon i dag, men ikkje verre enn at det går over når eg no skal flate ut med lydbok på daybed-en.

5 kommentarer:

arieldog sa...

Kjempestilig kåpe - håper du ikkje får altfor god bruk for den framover!

solveig sa...

Eg har hatt god brukk for mi regnkåpe i det siste.
Sokkane hadde eg ikkje betalt! Dvs. portoen. Slike utspekulerte salsmetodar bør dei ikkje nå fram med! Be om bevis på at du har bestilt om dei yppar seg.

Hildegard sa...

Flott kåpe!
Når det gjeld dagens uhell, er det vel slik av og til, har kanskje med konsentrasjon å gjere, mykje å tenkje på?

Besta sa...

Melde meg ut av sokkeklubben med ein gong. Utmeldinga vart gyldig så snart "velkomstportoen" var betalt-så den betalte eg. Så det er berre å vere på vakt og ikkje gi opp adressa si. Eg svarar av og til på konkurransar etc.-som viser seg å vere noko heilt anna, så eg kan ikkje seie 100% sikkert at eg ikkje er skuldig. Mange ureine salstrips ute og går så pass på.

Besta sa...

Triks ikkje trips skulle det vere.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...