torsdag, august 31, 2023

Dagbok 2023: 31.august


 Klokka er no 20.30, og det er berre ei lita stund sidan eg kom heim, men eg måtte ha meg litt mat og drikke før eg kan skrive eit lite referat frå turen vår i dag. Det skal ikkje i avisa, så eg slappar av.

Turen begynte med eit problem; bussen vår kom ikkje! Ein flokk med pensjonistar stod på haldeplassen og kom ikkje av flekken. Eli ringde til kontoret der dei fortalde at dei hadde gløymt at vi skulle på tur i dag. Og der stod vi. Men så greidde dei å få tak i ein sjåfør som eigentleg skulle køyre rutebuss i dag, og han kom med ein stor og voldsom buss med god plass til alle, og så bar det av garde; ikkje den vegen som eg trudde vi skulle fare, der som Nils og eg hadde køyrt eit par gonger då vi var på dei kantane. Nei ruta var slik: Volda, Grodås, forbi Hellesylt og til Stranda, der vi tok ferje over til Liabygda, ein kort veg til Linge som er det neste ferjeleiet og ferje over til Eidsdalen. 

Den ferjeturen har eg tatt før, i lag med Nils då vi besøkte Snipsøyr familen i Eidsdalen. Men i dag køyrde vi langs fjorden til vi kom til neste dal, som heiter Herdalen. Det var ein nydeleg plass ved sjøen, til og med ei kyrkje var der, men vi skulle til fjells med ein diger buss på ein smal og til dels bratt veg. Men det gjekk fint. Eg syntest litt synd i sjåføren, men han syntest alt var berre kjekt i dag når han slapp å køyre rutebuss. Vi køyrde langs eit vatn før vi kom til sjølve setra. Vi blei tatt i mot av ein hyggeleg nordmøring som snakka såpass tydeleg at vi forstod. 

Eg lurte på kvar geitene var, men dei var langt borte ved foten av fjellet, der var også sauer og hestar, og massevis av sel, som delvis var i bruk. No er dette ikkje ei vanleg seter men ein stad for turistar, Han fortalde at dronning Sonja hadde vore der fleire gonger og ho måtte bruke utedoet ho, slik alle andre. No heiter det visst Dronningdoet eller noko liknande. I dei ulike sela vart det laga ost og karamellar og graut m.m.

Det var litt kaldt sjølv om sola skein, så vi fekk kome inn i eit hus og få mat. Vi fekk rømmegraut av geiterømme, den var kvit, men smaka nesten som vanleg rømmegraut, og ved sidan av fekk vi spekepølse og spekekjøt -av geit. Etterpå fekk vi kaffi og sveler med geitost. Vi fekk så mykje mat vi berre ville ha. Dessverre blei det ingen ting av bilda som eg tok inne, Telefonen er ikkje alltid å lite på. Men eg svinsa no rundt ute og tok bilde av setra og fjella som var heilt annleis enn fjella her heime










Eg fekk ikkje tatt så bra bilde, men kanskje andre legg ut på FB og då kan eg låne dei.

Vi tok samme vegen tilbake som så då vi kom, men denne gongen reiste vi ikkje til Grodås, men tok av frå vegen og køyrde  Norangsdalen  og vidare til Leknes og ferje til Sæbø og buss heim. Det var ein fantastisk tur, sjølv om det vart langt å køyre og mange ferjer,  Buss-sjåføren takka oss for at han fekk vere med på denne turen i staden  for å køyre rutebuss- han var blid som ei sol. Og eigentleg var det han som redda dagen og turen for oss alle

Her ser vi frå Linge og over til Eidsdalen; dersom ein køyrer opp Eidsdalen og ned på andre sida, kjem ein til Geiranger. Så stilt og fint var veret i dag.

Bilde som andre har lagt ut på FB:



                                                                           Do-kø på setra

onsdag, august 30, 2023

Dagbok 2023: 30.august


 Klokka er no 18.50, temperaturen ute er + 17 grader C. Også i dag kom sola fram etter at  skodda forsvann. Når der regnar om natta , og sola skin om dagen, då veks graset fort, har eg erfart- Eg skulle i grunnen ha klipt litt plen i dag, men eg hadde andre planar. Eg har meldt meg på pensjonist-tur i morgon, og eg hadde tinga frisør i dag-

Det første eg gjorde etter morgonstellet var å gå tur på Vernet, slik at det var unnagjort. Eg gjekk heimanfrå klokka 10 og trudde ikkje der var andre så tidleg på dag, men det var der, men berre ei som eg kjende.

Det vart ikkje så mykje gjort her heime i dag, måtte berre sjekke at eg hadde høvelege klede, både til i dag og til i morgon. Plukka opp litt plommer i dag også, men det er trasig å måtte kaste mesteparten. Eg får ta meg sammen å legge noko , t.d. plast, under treet og riste laus. Men mange plommer er skada av fuglar i treet også.

Gjekk no her og pusla til eg skulle til frisør kl14. Det eg gjorde i dag var berre:"vask, klipp og føhn" så no dukkar den ekte hårfargen opp, og den nærmar seg kvitt. Det er ei lette å sleppe å farge håret, og så lenge eg er brun i huda går det greitt med lyst hår. 

Eg hadde ingen ærend i dag, så eg køyrde rett heim. Har ikkje gjort stort anna enn å ete og strikke og sitte ved datamaskina, men eg skal snart ta ein runde og legge fram klede til i morgon. Bussen går klokka 9, så eg må tidleg opp. Eg likar ikkje å skunde meg. 

Herdalssetra heiter det dit vi skal, dalen heiter Nordal og er nesten parallell med Eidsdalen, og rett over fjorden for Valldal- om nokon er interessert.

Eg har vore i Eidsdalen og Valldalen, men Herdalen kjenner eg ikkje noko til. Men eg veit at der er mange geiter og at dei lagar ost og karameller av geitemelk der. Eg må ladde opp telefonen så eg kan ta mykje bilde. Det blir sikkert ikkje bilde frå Vernet i morgon.



tirsdag, august 29, 2023

Dagbok 2023: 29.august

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 18 grader. Det hadde regna igjen sist natt, men så letta det opp igjen. Artig ver vi har hatt i sommar, regn om natta og sol om dagen; det er som bestilt.

I dag var vi på trening igjen, og etter treninga var eg ein tur på ALTI og handla med Mariann, før eg gjekk opp i gata og bestilte frisørtime på Fasaden til i morgon klokka 14. Då eg kom heim tok eg meg litt grønsak-salat før eg tok ein tur på Vernet. Veret vart finare etter kvart og eg kjende at eg hadde for mykje klede på meg.

Då eg kom heim rydda eg litt i hagen og plukka opp nedfallsplommer, som går rett i komposten. Viss ein vil ete plommene, må ein plukke dei rett frå treet.

Eg skulle ete resten av gulasjen i dag, og det greidde eg så vidt. Så kom Ingrid og ville sjå på leilegheita nede, og ho avgjorde at ho og Erlend skulle flytte inn. Dei vil vaske og pusse opp litt sjølve, så då slepp eg å tenkje meir på det. Det blir sikkert kjekt å ha dei to der, for det er no folk som eg kjenner. Tjukkaste slekta !

Eg fann reservenøkkelen med det samme Ingrid var reist, så då har vi kvar vår, når så langt kjem. Eg ser fram til å få dei to i huset.

Eg har ikkje gjort så mykje nytte for meg i dag, eg rydda litt i rosebeddet og elles i hagen, men eg rekk no å ta ein runde til.

Dette er Nina Weibull, den einaste raude rosa mellom mange rosa. Eg har tenkt å kjøpe ei slik til for å få litt balanse i beddet. Men eg må kanskje vente til våren-

På trappa går det også i rosa og raudt, dette er geranium-avleggerar som eg berre har putta ned i molda. Ei som har vet på blomster seier at geranium likar å stå trongt, og det ser ut som om ho har heilt rett i det.
Eg likar å pynte ovafor huset opp mot gata, slik at dei som går her forbi kan sjå noko fint. Eg skal jobbe litt til i dag, og snart skal eg på VØR igjen, det blir ikkje så ofte når eg ikkje køyrer bort graset, men komposterer det.


 

mandag, august 28, 2023

Dagbok 2023; 28.august

Klokka er no 16.35, temperaturen ute er +15 grader C. Det har regna sist natt og det har regna i dag, men no ser det ut til at det klårnar opp litt.
 Eg kom akkurat att frå ein tur på Vernet.

I dag tidleg var eg litt i tvil om kva eg skulle ta meg til, for det var ikkje ver til å jobbe i hagen, og det er no det eg helst vil. Eg fann no  litt av kvart eg kunne gjere, og skulle det bli for lite, er det noko som heiter "å rydde"-det er ei jobb som aldri tek slutt. Marit kom ned ein tur såpass vi fekk prate litt om laust og fast.

Jula 2022 inviterte eg storfamilien på gulasj. Det vart litt til overs, som eg fylte i ein kasserolle og sette i frysaren. Og der blei den ståande -heil til i dag. Eg fekk aldri lyst å ete den, før i dag. Kanskje det var foccacia-brødet som Solveig kom  med i går som gjorde at eg ville ha suppa? Den smakte utruleg godt i dag, og eg måtte ta meg saman for å sette av litt til i morgon også.Og så hadde eg frose suppa i den kasserollen eg brukar mest, så eg har sakna den.

Varmepumpa fungerer ikkje, så eg har ein liten elektrisk omn som eg set på når eg synest det blir kaldt. Men i dag syntest eg at eg kunne fyre litt med ved. Eg har diverse ved frå hagen + restar av material som eg har liggande, og det brann godt. Og så var det heilt gratis. Eg veit ikkje kor mykje straumen kostar, men eg veit at prisane varierer. 

Etter middag tok eg på meg regnjakke og gjekk tur på Vernet, der eg sat litt på kvar benk for å få vere ute så lenge som muleg. På siste stykket gjekk eg i lag med Solveig nabo, som nådde meg att utan at eg hadde sett at ho var der. Så fekk vi prate litt på heimvegen. 

Frå Vernet ser vi rett bort på Helgehornet, der Øystein var i går. Litt skodde der i dag også, men mindre enn i går.

Bygda har fått  seg ein skikkeleg vask denne helga.

No skal eg strikke litt og sjå TV-eg har ikkje sett nyheiter i dag, så det er på tide.
I morgon er det trening, og torsdag er det pensjonist-tur.


søndag, august 27, 2023

Dagbok 2023: 27.august



 Klokka er no18.10, temperaturen er + 13 grader C, det er overskya og litt regn.


I dag gjekk eg tur på Vernet på tidleg føremiddag, og då eg hadde gått runden min fann eg ut at eg ville sjå nedover elva-vegen, for det var ei stund sidan sist eg var der. Når ein går nedover har ein Vikemarka skule på venstre sida og på høgresida er der ei bru over elva,  på andre sida er der 2 store hus med mange leilegheiter i kvart! Sist eg var på den kanten var ikkje brua opna, men no kan ein gå tørrskodd over elva om ein utover. 
Eg snakka med nokon som var litt meir orienterte enn eg, og dei sa at det var folk i alle aldrar som budde i husa. Greit å vite, sjølv om eg ikkje har planar om å flytte sjølv. Eg tok fleire bilde, men det er noko tull med telefonen, for der var det berre eit par bilde som kom med.
Så gjekk eg forbi Vikemarka og opp i Olavsgata. Det er sjeldan eg går der, som regel køyrer eg. Så no fekk eg sjå diverse endringar på hus og hagar.
Det begynte etter kvart å regne , så det var godt å komme seg i hus. Eg laga meg litt mat, sette meg til å strikke framfor TV-en og venta på at Solveig skulle komme. 
Solveig kom og var her med meg mens Øystein gjekk på Helgehornet og skulle sjå på utsikten, men det var visst ikkje mykje han fekk sjå på grunn av skodde og regn. Eg håper det blir betre ver til eg skal på pensjonisttur på torsdag. i morgon har eg ingen plikter som kallar, men då hadde det vore kjekt med fint ver så eg kunne ha fått gjort noko ute. Når ein har hage, blr ein ikkje så fort arbeidslaus.

lørdag, august 26, 2023

Dagbok 2023: 26.august.


 Klokka er no 19.40, og temperaturen ute  er + 20 grader. Det har vore ein fin dag med mykje sol, men eg har ikkje vore så mykje ute som eg plar vere. 

Eg vaska håret tidleg på dag, rulla det opp og kunne ikkje gå ut før det var nokonlunde tørt. Det tok si tid, men eg hadde litt å styre med inne, så det var greitt. Eg sette på eit par klesvaskar til dømes, og så kokte eg graut for å nytte melka eg hadde att osb- Litt tid tok det også når eg skulle sjå Reels på datamaskina, det er kanskje ein uvane eg har lagt meg til? Men så var det noko eg mangla av matvarer, så eg tok ein tur på KIWI og handla litt i dag også. 

Margrete stod på stand i Volda i dag også, men skulle komme bort hit etterpå, og det gjorde ho. Vi drakk litt kaffi i lag og eg hadde litt restekaker og by på. Ho kunne ha fått "skikkeleg" mat viss ho ville.

Grunnen til at ho kom hit i dag, var at vi skulle til Vik og høyre "Musikk i sentrum", det var fleire grupper som spelte i Laguneparken, men Erlend si gruppe var heilt til sist-. Vi fekk no høyre nokre andre også før "BASK", slapp til. Eg synest alle var flinke, men eg er ikkje i stand til å vurdere -eg er litt for gammal og umusikalst til det. Erlend hadde hatt på seg ei strikkhue med dusk i dag. Han finn no som regel på eitt eller anna morsomt.

Etter konserten skulle Margrete handle mat, og ho valde å handle på REMA 1000 og eg blei med. Det er lenge sidan eg var innom den butikken , så eg var nokså imponert , både over vareutvalet  og systemet i butikken. Eg veit at dei brukar å ha fine potteplantar der, og det einaste eg kjøpte i dag var ei rosa potterose. Det går vel fram av Bloggen  min at eg eg glad i roser, særleg dei rosa. Margrete køyrde meg heim att- og her er eg. 

No skal eg rydde litt opp på kjøkkenet før det blir TV+ strikketøy.



Musikk i sentrum : Bask.

fredag, august 25, 2023


                                             Dronning Elizabeth, n.b det er ei rosebuske


Klokka er no 18.00,temperaturen ute er +18 grader C og det har vore regnbyer.

Sist natt sov eg godt, sidan eg slapp å tenke på " in kasso" og den slags. Eg vakna ikkje før klokka var 8 i dag og då sto eg like godt opp-.

Sidan det var fredag tok eg fredagsvasken + at eg rydda opp litt her og der og var ute og plukka nedfallsplommer. 


Solveig nabo kom og spurde om eg ville ha fisk .Dei hadde vore ute og fiska småsei på morgonen. Eg var med bort og tok imot to fiskar, og gledde meg til eit herremåltid. Og det vart det, eg kokte all fisken + poteter og gulrot.  Og eg åt all fisken, men løyvde gulrot og poteter. Eg vart veldig mett, men etter ei stund kom eg meg litt så då gjekk eg ein runde på Vernet.

I dag trefte eg ei som eg var i lag med i Mållaget for nokså mange år sidan. Ho spurde om eg kjende henne, og det gjorde eg no. Ho påstod at eg var lett på foten. Det er slike slike kommentarar ein får når ein er gammal. Men eg sit litt på alle benkane og då prøver eg å gå litt fort innimellom. 

Då eg kom heim var eg sigande trøtt, kanskje det var fisken som virka slik, så då sette eg meg til å sjå nyheiter på TV - og sovna.

Eg har vore nede og plukka nedfallsplommer ein gong i dag, men der var ikkje så mykje som var etande. Eg må nok plukke ein gong til. Elles så forsyner visst fuglane seg godt. Eg må kanskje til å plukke plommene mens dei heng på treet.

I morgon skal det vere "Musikk i sentrum" dvs i Laguneparken, rett over gata for hotellet. Der skal Erlend vere med -og eg håper det blir fint ver. Då må eg no nedover. 

No skal eg strikke på lestane eg har begynt på og sjå TV, anten vanleg TV eller serie. Det er vel neste helg "Stjernekampen" begynner.

Ønsker alle ei god helg!



torsdag, august 24, 2023

Dagbok 2023: 24.august

.

Klokka er no 18.09, temperaturen ute er + 19 grader, og sola skin. Det er litt spesielt denne sommaren, vi har hatt mykje fint og varmt ver. I går var det heilt annleis med mykje regn -og så kom dette nydelege veret i dag.
 

I dag var det trening, men Marit og eg hadde begge andre ærend etterpå, så vi tok kvar vår bil, men på heimvegen trefte vi kvarandre på KIWI.

Eg var litt oppskjørta over meldingar på telefon etc. om pengar som eg skuldar og styr og greier. Eg tok turen bort på Banken etter treninga og  der fekk eg snakke med ein som har hjelpt meg før. Det var ikkje mange minutta før alt var i orden. Grunnen til alt styret var at der var eit tak på Avtalegiroen min, slik at banken ikkje har kunna betalt fullt ut, og dette har dei ikkje varskua meg om-det eg veit. "No er alt i orden og "du skal ikkje tenke meir på det" -sa han og eg letna mange kilo. Då eg kom heim ville eg gå ein tur på Vernet, men først ville eg plukke opp plommene som hadde dotte ned på marka. Eg plukka ei heil stor bøtte med plommer som gjekk rett i komposten. Dei skal ikkje ligge lenge på marka før der kjem "udyr" og et på dei. Men eg har mykje plommer att, som eg heretter skal prøve å berge.

Mens eg heldt på med plommene begynte naboen å klippe gras. Så då fekk eg blod på tann, det vart til at eg klipte heile tomta denne gongen. Det var nokså vått i marka, så det viser godt kvar hjula har gått. Men det rettar seg kanskje  viss  det får tørke opp. Innimellom laga eg meg middag og hadde pause av og til når eg måtte inn og ladde opp batteriet til startaren. No har eg sett klipparen på stallen og tatt helg. Eg trur liksom det er fredag i dag, vi pensjonistane slit voldsomt med å halde orden på dagane -og på treninga ønsker vi kvarandre "God helg" på torsdagane.

No skal eg ut og ta plommene som har falle ned siste timane, så er det sikkert nokon som eg gode å ete.



onsdag, august 23, 2023

Dagbok 2023: 23.august.

                                                      Utsikt mot aust og Mosmarka

Klokka er no18.10, temperaturen ute er + 15 grader C -og i dag har det vore vått. Det skein litt opp ei stund på føremiddagen, så då gjekk eg ein tur på Vernet i dag også. Eg hadde ingen eksakte planar for dagen, sidan veret ikkje var heilt å stole på. Det frista ikkje å jobbe i hagen,  eg skulle kanskje ha vore bort med hageavfallet, men eg har berre 4 sekker og eg bør ha 6. Og så hadde eg veldig lyst å fare til Volda og kjøpe garn til lestar, men eg likar ikkje å køyre den vegen.osb.

Då fekk eg melding på telefonen at eg måtte betale ei rekning til Wattn. Det stod målarnummeret til målaren i kjellaren, og beløpet var ikkje så stort, så eg betalte, så var eg ferdig med det- trudde eg. 

Eg åt litt for å roe meg ned, og så bestemte eg meg for Voldatur. Veret var heilt håplaust, så det var å køyre med viskarane på fullt, men eg kom fram og fekk kjøpt garn med Ingrid, men eg fekk ikkje betale, for "kassa" var i ustand. Eg fekk med meg garnet+ telefonnummer slik at eg kunne vippse henne når eg kom heim, for eg hadde ikkje telefonen med meg. Stakk bortom Møre Konfeksjon og kika på det som var lagt fram til halv pris, og eg kjøpte ein sommargenser, som kanskje ikkje blir brukt i år.

Eg var bra nøgd med meg sjølv då eg kom heim, men det varte ikkje lenge. Så kom der melding på telefonen:"Har du glemt oss, Olaug?...." osb. Det var Wattn som ville ha meir pengar. Men det får dei absolutt ikkje før eg har vore i banken og snakka med dei. For det kan vere nokon som prøver seg. Ikkje veit eg. Det var beløp over 1000 kr dei ville ha.

No har eg skrive ned det eg skal seie i banken, så det ikkje blir noko tull. Eg har ein der nede som eg har fått hjelp av før, og han var grei, så eg håper han er der i morgon også. Eg hatar sånne pengesaker-det er det verste eg veit.

Eg har så vidt lagt opp eit lestebrot, så har eg i alle fall noko å henge fingrane i.



tirsdag, august 22, 2023

Dagbok 2023 : 22. august

Klokka er no 18.32, temperaturen ute er + 21 grader. Vi har hatt ein fin dag i dag også. Det regna litt i dag morgon , men elles har det vore fint, sjølv om sola ikkje har vore framme heile tida. På bildet over kan ein sjå dei mørke skyene- som la seg framfor sola no og då.

Dagen starta med trening, og i dag køyrde Marit og eg med kvar vår bil, for Marit hadde diverse ho "skulle" etter treninga. Eg køyrde heim og så gjekk eg tur på Vernet like etterpå. Eg gav meg god tid i dag og sat litt på alle benkar-ikkje for å kvile men for å nyte sola.

Då eg kom heim laga eg meg litt mat, og så gjorde eg noko som var veldig dumt, og som eg angrar på. Eg kom i hug at eg ikkje hadde henta ut sudokuen på nettet i går, så då vart det full fart til postkassa for å hente avisa.

Sudokuane i tysdagsavisa brukar å vere veldig lette, og eg har løyst alle. Men i dag begynte eg å rote og fekk det ikkje til, om att og om att gjorde eg feil. Eg kokte kaffi og styrkte meg på den- men ikkje tale om..................

Då såg eg at Marit var komen heim att, så eg gjekk opp til henne, og så kom den andre Marit også, så då vart det enda meir prat. Eg er nettopp komen heim att-eg prøvde meg på sudokuen-men har ikkje fullført. 

Eg er irritert over at eg ikkje har gjort noko ute, for best det er, så kan det komme regn- og då står eg der. Eg skal i alle fall berge sekkane med hageavfall, så det ikkje regnar nedi dei- viss det kjem ei byge. Og kanskje eg finn litt bær å ete på. Plommer plukkar eg fleire gonger for dag. Sudokuen får vente litt.

For morgondagen har eg ingen planar enno.



 

mandag, august 21, 2023

Dagbok 2023: 21.august


 Klokka er no 18.32, temperaturen ute er + 21 grader, og det er delvis sol. Sist natt hadde det også regna, så denne sommaren har hageslangen vore lite i bruk.

Eg hadde som ein plan for dagen, så på føremiddagen fekk eg støvsuga alle teppegolva før eg tok ein tur på butikken, med liste over kva eg skulle kjøpe, og i dag gjekk det bra, eg fall ikkje for ei einaste freisting.

Ein gong før hadde eg kjøpt for mykje melk, så i dag vart det graut til middag; eg prøver så godt eg kan å ikkje kjøpe anna enn det eg treng. Butikken er mindre enn 5 minutt vekke.

Etter at eg hadde ete grauten min og slappa litt av gjekk eg tur på Vernet. Der var det veldig varmt til å begynne med, men så dukka det opp mørke skyer innimellom dei kvite, så eg trudde det ville komme regn. Det gjorde det ikkje.

Då eg kom heim att renska eg ferdig i og rundt rosebeddet, Eg begynte i går,men då var det no søndag, så eg gjorde meg ikkje ferdig.

Eg tok ein runde i hagen og der har det utvikla seg eit problem, det er Svartsurbærbuska som har vakse seg til å bli både stor og tung, mykje bær er det også på den. Eg støtta den opp med ein staur i fjor haust, men den var for veik. Den buska må nok sagast ned ein del, ja. Det greier eg fint, men bæra får vel modnast først.


Den nye "plenen" kjem seg for kvar dag, det passar godt med sol og varme på dagtid og litt regn om natta,



Eg såg at Marit sat ute på benken og då gjekk eg opp til henne og vi prata ei heil stund. Katten hennar, Lollo, låg nede på dørmatta mi, det gjer ho veldig ofte, og så får ho litt mat med meg innimellom. Eg har fått pellets med Marit, og det et ho her ned med meg; heime vil ho ha betre mat.

I morgon er det trening igjen, og så veit eg ikkje kva meir eg kan finne på. No er klokka nesten 19, så då må eg ha på TV; eg har ikkje på TV-en på dagtid når det er fint ver.

søndag, august 20, 2023

Dagbok 2023: 20.august

På første kvile-benken la eg meg litt bakover og tok bilde av himmelen.

 Klokka er no 17.20, temperaturen er + 22 grader C og det er meir og mindre skya ute. Med det samme eg stod opp i dag var det vått på gata og nokså overskya, men det vart finare etter kvart. I dag hadde eg ingen planar eller avtalar så eg visste ikkje kva som kom til å skje. Marit var reist på tur med Kjartan, så eg kunne ikkje rekne med henne. Eg fekk i alle fall plukka inn nedfallsplommene før diverse dyr hadde kasta seg over dei. 

Etterkvart, etter at eg hadde gått igjennom diverse Reels og korte videoar  kom eg i siget, og sette i gang både klesvask- og oppvask-maskinene. Så var det på med Hoka-sko og på veg mot Vernet. Søndags føremiddagane er der som regel ein del folk, og i dag trefte eg den gamle dama som eg snakka med for ei veke sidan også. (Vara-) ordføraren trefte eg også, ho og mannen kjenner eg etter kvart ganske godt. Eg møtte dei fleire gonger i dag , for dei vart hefta heile tida. 

Då eg kom heim var eg effektiv, eg tømde oppvaskmaskina og hengde ut klesvasken  mens potetene og kålen kokte. Så vart det verdens beste mat til middag, spekesild med poteter og kålstuing. Det er i grunnen mat som lagar seg sjølv. Eg har ikkje handla mat på fleire dagar, så no er det heldigvis nokså tomt i kjøleskapet. Så kan eg skrive ned det eg manglar og handle litt fornuftig for ein gongs skuld. Eg har ein tendens til å kjøpe ukontrollert.

Etter at eg hadde ete sette eg meg inn og såg TV, heilt til det var nokon som banke på ruta og vekte meg. Eg var på veg ut før eg kom på at vindusruta var  TV-skjermen. Og der var ingen som banka.

Eg vart litt lat etter all den gode maten, men det kan hende eg tek ein runde i hagen igjen, og plukkar opp plommer t.d. Der er masse plommer på Opal-treet i år også , slik det var for to år sidan. I fjor var det ingen som hadde plommer.

Eg har tenkt å henge meg på turen til Herdalsetra den 31.august.Det er i regi av Pensjonistlaget. Har ikkje vore så mykje på tur i år. 

Dei som er interesserte kan finne staden på data. Trur ikkje Marit blir med, for ho har vore der før.


Hestar beitar fredeleg nær elva. Eg ser på den som står nærast at han har noko svart framfor augene. Eg lurer på om det er "heste-solbriller".

Alltid når eg ser hestar som står slik ute, må eg tenkje på det nydelige diktet til Astrid Hjertenæs Andersen "Hestene står i regnet". Og i dag også måtte eg finne det fram og lese det (på nettet).
Lykke til for dei som startar skulegong  som elevar eller lærarar  komande veke.

lørdag, august 19, 2023

Dagbok 2023: 19.august 2023:

                                                           Nina Weibull i dag
 

Klokka er no 19,30,temperaturen på trappa har gått ned til + 25 grader C, før var det + 28 grader, men det er meldt torever og på Pc-en min står det: Regn i kveld, så får vi sjå kva det blir til. Eg er glad i varme og nyt at eg kan sette opp både dører og glas utan å fryse.

Eg slo i frå meg Voldaturen i dag også. I staden jobba eg litt i hagen ; eg plukka all ripsen som var att på den einaste ripsbuska eg har att, og så klipte eg sjølve buska og rydda rundt den, på sikt skal den få litt meir mold på rota. Så tok eg plenklipparen og for over plenen rundt buska.Eg har også begynt å plukke plommer som dett ned frå treet. Det gjeld å vere der før sniglar og anna kryp kjem og vil ha dei.

Eg hadde ikkje på meg klokka då eg gjekk ut, så eg vart litt overraska då eg så g at den var ovet eitt(13)Eg slo i hop ei vaffelrøre og gjekk opp til Marit og prta med henne. Eg venta Margrete ca klokka 13. Men så kom ho lenge før den tid, og det var no berre kjekt. Eg fekk no helse på hunden Dennis og han likte vafler. Amanda var alt avlevert hos faren så henne og hunden hennar fekk eg ikkje helse på i dag.

Då Margrete reiste kom Marit ned, og då vart det meir vafler. No kunne eg tenkt meg litt saltmat og det kan det vel bli ei råd med.

Eg sit her i ein tynn kjole og sveittar så det renn- men det er berre lekkert, vi får tidsnok fryse, og DET likar eg ikkje.

I morgon skal Marit på tur med Kjartan, så då får eg finne på noko sjølv. Alt kjem an på veret.

                                  Her er den ferdigklipte ripsbuska



le

fredag, august 18, 2023

Dagbok 2023:18.august


 Klokka er no 20.17,og temperaturen ute er + 20 grader C. Det har vore ein veldig fin og varm dag, men eg er litt sint på meg sjølv fordi eg ikkje har gjort noko skikkeleg arbeid i dag, har ikkje gjort noko i hagen, men Gudmund har k
lipt ovafor garasjen.

Eg var oppe i skikkeleg tid i dag og tok fredagsvasken. Eg skulle ha støvsuga også, men det utsette eg til ein annan gong. I staden gjekk eg ein runde på Vernet; i går var eg så lett på foten, men i dag sat eg litt på nesten alle benkane. Eg trefte ei dame og henne kjende eg.

Då eg kom heim att vart det ein slags middag, og så la eg meg ut på altanen fordi eg var så trøtt, og eg trur eg sovna ei lita stund. Etterpå greidde eg å få i land sudokuen frå Møre Nytt som eg måtte legge frå meg i går kveld.

Eg plukkar stadig opp plommer som dett ned frå treet, somme er etande, andre ikkje. Eg har plukka rips som eg et opp etter kvart, men der er mykje att. Bæra viser ikkje så godt att, for det er så mange greiner på ripsbuska. Eg klipte den mykje ned  ifjor og til meir ein klipper, til fleire nye greiner blir det.

Det blir pensjonisttur til Herdals-setra den 31.august. Turen kostar 800 kr, men då får vi vel mat også. Eg visste ikkje kvar det var, men har sjekka på datamaskina, så no veit eg. Marit kom ned så vi skulle samrå oss litt. Kjartan ringde mens ho var her, og han sa at ho hadde vore der før. Men eg kan no reise utan henne, for der er no fleire eg kjenner og eg har no lyst å komme meg på ein eller annan tur i løpet av sommaren, som ikkje er heilt over for pensjonistar. 

Eg skal prøve å komme meg til Volda i morgon før middag. Vil helst fare tidleg for då er det ikkje så mykje trafikk.

Eg fekk så mykje post i dag, aviser og Pensjonistblad. I bladet Pensjonisten er der 2 Sudokuar+ kryssord, så eg har nokre utfordringar. Det er vel eit kvart på TV også.

Eg ønsker alle ei god helg!



torsdag, august 17, 2023

Dagbok 2023: 17.august


 Klokka er no18.20, temperaturen ute er +21 grader, det er sol og heilt nydeleg ver.  Slike dagar prøver eg å vere ute mest mulig, og det har eg vore i dag.

Men først var vi på tening og i dag køyrde Marit heim utan at vi var på butikk først.

Eg tenkte at eg ville gå ein tur på Vernet mens eg hadde høvelege klede på. Eg synest det er litt spennande å gå desse turane, for ein veit aldri kven ein møter-om det er nokon som vi kjenner-eller blir kjende med. Den første  eg trefte var ein ung mann(dvs, yngre enn eg). Han var godt kjend i fjellheimen her, men han var ikkje frå Ørsta. Han var interessert i Fonnvernet, og kven veit meir om det enn akkurat eg?

Så møtte eg to damer på min alder- og eg kjende godt den eine, ho er frå Måløy, men gjekk på gymnas på Eid og gifta seg med ein eidar. Han er død. Så litt sosialt vart det på Vernet i dag også. Då eg kom heim att laga eg meg litt "mager" mat, før eg la meg ut på solsenga. Eg sov dårleg sist natt, så det var godt å slappe av litt. 

Men ikkje for lenge for eg har hagearbeid som må gjerast, eg heldt fram med å klippe rundt busker og tre, men til slutt såg eg at eg faktisk måtte klippe plenen. Eg klipte berre rundt huset, ikkje oppe mot vegen og ikkje i Skråninga. Må ha litt å styre med ein annan dag også.

Eg hadde belaga meg på at hausten var på veg, men i dag har vi hatt ein aldeles nydeleg sommardag. Slik det ofte er når skulane startar opp etter ferien. Bra at vi har sommarid ei stund enno i alle fall.

Denne trappa har 43 trinn, og eg prøver å gå opp med berre ein stopp, og det går som regel bra. God trim er det i alle fall.

onsdag, august 16, 2023

Dagbok 2023: 16.august


 Klokka er no 20.00, temperaturen ute er +15 grader C og det har vore opplett , men skodde det meste av dagen.

Marit og eg hadde ikkje planlagt denne dagen, så vi kom litt seint i sving. Men då klokka var ca.11 var vi på veg til Plantasjen i Yarisen. Eg kjøpte ein tredje Rhododendron same sort som dei to første. Det var Ingrid, som budde hos meg, som ekspederte oss i dag. Ho kunne fortelje at dei hadde får seg ein liten katt i den nye heimen sin. Vi handla litt på Coop sidan vi var der, og så kjøpte vi det vi skulle ha på apoteket, som er i samme bygningen som Coop, så vi slapp å fare på ALTI.

Då eg kom heim tok eg og gjekk ein tur på Vernet mens eg var påkledd for å vere ute. Eg trefte berre ei eg kjenner i dag, men ho spring så fort at det blir ikkje så mykje prat. Ho er på samme alder som eg.

Eg laga meg mat og åt godt då eg kom heim att, og så sette eg meg inn og såg nyheiter m.m. på TV. Då ringe det på døra og det var ei av "venninnene" som kom og ville sjå på rosene mine, ho hadde sett eit bilde på FB. Det beste var at ho fekk meg ut av godstolen  for eg hadde no tenkt å gjere noko i dag. 

Det første eg gjorde var å plante Rhododendronen, eg måtte ruske vekk noko anna for å få plass. No håper eg at alle tre vil trivast der dei er no. Den som eg kjøpte først ser i alle fall veldig bra ut.




Då eg var ferdig med plantinga gjorde eg eit relativt stort arbeid; eg klipte heilt ned gravmyrtplantane på murkanten,og rydda opp så godt eg kunne der. Det er mykje som treng stell i år, for i fjor fekk eg ikkje gjort så mykje.

Elles så rydda eg litt langs kjellarveggen, der eg skamklipte buskene i fjor fordi snikkaren skulle få plass til stigen. Eg likar godt å halde på med sånt skikkeleg arbeid, men ryggen min spelar ikkje på lag. Eg bryr meg ikkje om at det er litt låkt, men har ein stol som eg set meg ned på innimellom. 

No er plommesesongen i gang. Eg finn mange plommer i graset, og nokre kan eg ete. Det er frykteleg mykje plommer på Opal-treet, akkurat slik det var for to år sidan. Då var det ut og rake i hop plommene og ta vare på dei som var etande. Eg fraus massevis av plommer, så mykje at eg har att frosne plommer enno. Og eg har kokt mange store porsjonar med plommestylte, som eg et av nesten kvar dag.  På det andre og minste plommetreet er der ikkje ei einaste plomme.

I morgon er det trening igjen, så då veit vi kva vi skal først.

tirsdag, august 15, 2023

Dagbok 2023:15.august

Blomsten på grava ein ein begonia.Eg vart tipsa av ei eg kjenner om at desse blostrane eigna seg godt på graver fordi dei toler regnet så godt
 
Klokka er no 18.02, temperaturen ute er +18 grader, det har vore overskya, men fint i dag, men no begynte det å regne litt. Somme dagar går eg her heilt åleine og snakkar ikkje med eit menneske på heile dagen, så då får eg vel seie at dagen i dag har vore annleis. Det begynte med at vi var på trening og det er no sosialt. Etterpå skulle eg på ALTI og kjøpe medisin på resept- Då eg var hos legen 1,august avtalte vi at ho skulle fornye reseptane mine. Men då eg kom på apoteket i dag fekk eg ikkje det eg skulle ha, så eg måtte innom legesenteret og be dei seie ifrå til legen min, så får eg forhåpentlegvis tablettane i morgon. Det er slike som eg skal ta kvar dag.

På heimvegen stakk eg bortom Askjellhaugen og såg til grava. Der såg det bra ut,  der skulle vore klipt litt, men eg hadde ikkje saks med. Der var ein ung mann som dreiv og klipte greiner av dei høge smale trea, eg veit ikkje kva tresorten heiter, men eg fekk litt informasjon om kvifor har klipte bort greinene m.m.

Mens eg likevel var i farten tok eg ein runde på Vrnet. Der trefte eg Lisbet som eg kjenner gogt, og vi sette oss på ein benk og prata. Men så kom der to eldre damer som kjende oss og eg kjende dei også utan at eg kan seie kva dei heiter. Det er heilt håplaust for meg å halde greie på alle eg kjenner eller kjende

Eg for rett heim att utan å handle på vegen, og der leita eg til eg fann både hovudrett og dessert til middagen. Ein finn litt av kvart i frysarane om ein leitar, eg fann kjøttkaker, poteter, grønsaker m.m.- og så fann eg også ingrediensar til riskrem og raud saus. Etter måltidet , etter ei lita pause, gjekk eg ut i hagen og klipte rundt diverse busker, men eg vart ikkje ferdig før regnet kom.Men arbeidet spring ikkje frå meg.



                           Det er lite vatn i bassenget ved Vernet no

mandag, august 14, 2023

Dagbok 2023: 14.august

Klokka er no18.15, temperaturen ute er + 18 grader, og no kom regnet. "Mye regn" står det på skjermen min.

I dag hadde eg programmet  for dagen klart, i alle fall noko. Eg skulle klippe skråninga, og det gjorde eg. Men der stod att gras attmed tre og busker som måtte takast med hand. Eg begynte med det, men så måtte eg ta pause. 

I dag kokte eg risgraut fordi eg hadde kjøpt inn så mykje melk. Etter at eg hadde ete, sette eg meg inn og såg nyheiter, ein må no prøve å følgje med sjølv om det er deprimerande å høyre om flaumar, brannar og krig og lite av positive hendingar.

Eg lurte på om eg skulle gå tur på Vernet eller om eg skulle halde fram med å klippe gras med saks. Det vart til at eg valde å klippe. Sidan eg er låk i ryggen prøver eg å bruke andre kroppsdelar. I dag fann eg ut at eg kunne ligge på magen inn under buskene, og det gjekk heilt fint, eg fekk klipt ein god del. Eg begynte på muren ned mot naboen, der kan eg ikkje køyre heilt frampå med klipperen, så eg lyt bruke saksa der også. Eg var nesten ferdig då regnet kom og eg måtte gå i hus. Det blir stadig meldt om meir regn på Vermeldinga, og eg tenkjer som så at når det blir veldig varmt så får varmen vatnet frå hava etc. til å stige opp- og dette ned att som regn. No høyrde eg at dei hadde fått oversvømmelse i Russland også, men det var heilt på austkysten. Eg trur at det å vere meteorolog må vere litt spennande. Eg trur ikkje det kjem så mykje regn akkurat no, så eg kan sikkert liste meg ut og plukke ei lita skål med rips . Vaniljesaus har eg.

I morgon er det trening og etter treninga må eg ein tur på ALTI ,på apoteket. Eg er lens for det meste av tablettar. Eg har frikort, så det blir ikkje dyrt. At eg har frikort kjem av at eg går på trening. Til legen går eg ikkje så ofte.

Eg forstår ikkje kva eg skulle ha gjort om eg ikkje hadde hagen og hagearbeidet!

 

søndag, august 13, 2023

Dagbok 2023: 13.august

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er +22 grader C, det er skya men varmt. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet og sveitten silar, ikkje fordi eg har gått fort, for det har eg ikkje. Uansett så synest eg at det er herleg med varme.

I dag har eg gått her og tusla åleine heile dagen, men det gjer ingen ting for så fekk eg gjort litt arbeid. Eg har to solbærbusker og bæra på den størst og eldste har vore modne ei stund. I dag tok eg meg sammen og plukka bæra og  klipte greiner i samme slengen. Bæra var lett overmodne så eg trur dei høver best til saft. Eg har sett dei i frysaren, så kan Solveig få dei om ho vil. Eg har ei mindre og nyare solbærbusk også, der har eg ikkje plukka bæra enno.


På bildet her er buska ferdig klipt, og som de ser må eg alltid ha ein stol innan rekkevidde. Dette området attmed kompostbingen er alltid fullt av ugras og anna rot.Der er flust opp med skvallerkål og ikkje berre det men brenne-nesler også. Men i dag gjorde eg ein kjempejobb i dette området. Heilt ferdig blei eg ikkje -men det kom seg. Eg må vere litt forsiktig når eg held på nede på muren, for der er det lett å dette. Eg fekk ein stor sekk full med rusk i tillegg til det som hamna i kompostkassa.


Eg var rimeleg sliten og svolten då eg var ferdig, så var det berre å finne seg litt mat. Etter at eg hadde ete slappa eg av framfor TV-en, men no fekk eg ikkje sjå Netflix lenger, eg såg i går.

Så vart det ein tur på Vernet i dag også. I dag trefte eg eit ektepar som eg kjenner, og prata litt med dei.

Marit var ned og plukke seg rips til dessert i dag, eg kjem ikkje til å plukke så mykje av den, eg har fleire årgangar med rips og andre bær i frysaren. Eg tek ikkje fram slikt når eg er åleine og så blir det liggande.


Dette er den minste solbærbuska, den har eg ikkje plukka tom enno. I morgon viss det er opplett, må eg klippe skråninga. Trur eg. Og då kan det no hende eg får gjort litt anna også.

 

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...