onsdag, august 30, 2023

Dagbok 2023: 30.august


 Klokka er no 18.50, temperaturen ute er + 17 grader C. Også i dag kom sola fram etter at  skodda forsvann. Når der regnar om natta , og sola skin om dagen, då veks graset fort, har eg erfart- Eg skulle i grunnen ha klipt litt plen i dag, men eg hadde andre planar. Eg har meldt meg på pensjonist-tur i morgon, og eg hadde tinga frisør i dag-

Det første eg gjorde etter morgonstellet var å gå tur på Vernet, slik at det var unnagjort. Eg gjekk heimanfrå klokka 10 og trudde ikkje der var andre så tidleg på dag, men det var der, men berre ei som eg kjende.

Det vart ikkje så mykje gjort her heime i dag, måtte berre sjekke at eg hadde høvelege klede, både til i dag og til i morgon. Plukka opp litt plommer i dag også, men det er trasig å måtte kaste mesteparten. Eg får ta meg sammen å legge noko , t.d. plast, under treet og riste laus. Men mange plommer er skada av fuglar i treet også.

Gjekk no her og pusla til eg skulle til frisør kl14. Det eg gjorde i dag var berre:"vask, klipp og føhn" så no dukkar den ekte hårfargen opp, og den nærmar seg kvitt. Det er ei lette å sleppe å farge håret, og så lenge eg er brun i huda går det greitt med lyst hår. 

Eg hadde ingen ærend i dag, så eg køyrde rett heim. Har ikkje gjort stort anna enn å ete og strikke og sitte ved datamaskina, men eg skal snart ta ein runde og legge fram klede til i morgon. Bussen går klokka 9, så eg må tidleg opp. Eg likar ikkje å skunde meg. 

Herdalssetra heiter det dit vi skal, dalen heiter Nordal og er nesten parallell med Eidsdalen, og rett over fjorden for Valldal- om nokon er interessert.

Eg har vore i Eidsdalen og Valldalen, men Herdalen kjenner eg ikkje noko til. Men eg veit at der er mange geiter og at dei lagar ost og karameller av geitemelk der. Eg må ladde opp telefonen så eg kan ta mykje bilde. Det blir sikkert ikkje bilde frå Vernet i morgon.



Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...