fredag, februar 29, 2008

Flause!

Sidan Margrete blir beskylda av sine eigne born for å legge eit glansbilde av familien ut på bloggen, kan eg gå motsett veg for å få ein slags balanse.
I dag var eg nemlig skikkelig teit.
Som de kanskje hugsar vart mobilen min sist haust tappa av eit sveitsisk selskap som leverte div. tenester.
I dag fekk eg ei liknande melding på mobilen. Eg vart i harnisk, sletta meldinga utan å lese den, slo av mobilen og ringde Telenor !!!
Fekk etter ein del venting ein levande mann på tråden, la fram problemet og viste til det som hadde skjedd sist haust.
Då kunne han fortelje at det var dei (Telenor) som hadde sendt meg tilbod om å ta imot noko gratis musikk på mobilen. (Kva i all verda skal EG med det?) Eg bad sjølvsagt om orsaking,var flau, men måtte no le litt også!
Det er ikkje berre ungdommar som har mobil; dei burde kjenne sitt publikum!! Kanskje dei har sett meg på ei svarteliste no?

mandag, februar 25, 2008

Besøk gjennom tunnelen..

Eg rekna med at det blei meir besøk frå ytre no etter at tunnelen er opna,og vi har alt merka det.
Laurdag var Håkon på sonesamling i Volda, og då vart både mora systra med ein tur.Faren køyrde Håkon til Volda, mens damene var mest her hos oss.Ut att køyrde dei tunnelen og var heime i løpet av 40 minutt.På Bjørnaset får dei no aller størst utteljing, sidan dei før måtte ta omsyn til 2 ferjer som ikkje alltid korresponderte like godt.

I dag har eg vore til tannlegen for andre gong og så skal eg bort att onsdag . Det er same tanna det gjeld. Tannlegen held til i Volda, så det blir ein del turar dit.

Einar har vore her ein snartur i dag. Han ville ha morfaren med for å kjøpe bruktbil. Dei enda opp med ein Opel Vectra. Lars var til Sørlandet i helga og kjøpte bil, det var ein Opel Vivaro.Wenche har ein Opel Astra,så no er det mange Opelar i familien. Det er vel tilfeldigheit meir enn prinsipp?
Skal prøve å få lagt inn bilde seinare.

fredag, februar 22, 2008

Myndig kar!

Vi gratulerer barnebarn nr.2 med 18-årsdagen i dag.
Den dagen han vart fødd pøsregna det; det var ein veldig mild februar månad det året.Storebror var her hos meg, og vi var ned i Vik og kjøpte ein bamse til den nyfødde.Vi måtte ta taxi heim att for ikkje å drukne.
Seinare på dag var vi til Volda og helste på den nye verdsborgaren som var så nydelig og "snill",dvs. han sov og sov og gav knapt lyd frå seg.

torsdag, februar 21, 2008

Somme er nøgde.


Sidan ikkje alle har Sunnmørsposten, kan eg ikkje dy meg, men må legge inn denne sida frå dagens utgåve.
Ekteparet på bildet kjenner eg godt.Erling og eg jobba på same skule i mange år og siste året eg jobba delte vi ansvaret for 7.klasse.
Ann Charlotte er her frå Vallabøen.
Ho som har skrive artikkelen er døtra til Randi Langeland Mork, systra til Svein Langeland på Eid.

tirsdag, februar 19, 2008

Fleire jern i elden.







Eg har ikkje villa hatt dobbelt
vaffeljern. "Greier meg med det enkle,"
har eg sagt kvar gong Rasmus ville gi meg eit nytt. Men no hadde eg ei lita samtale med meg sjølv "Kva tid steikjer eg vaflar?" - "Det er når vi er mange!!!"- Og barnebarna likar nysteikte vaflar, som dei fleste andre.
No var det doble jern på tilbud på MEKK og vi slo til. 399 kr gav vi for dette. Vi trengde ny steikepanne også, og hadde fått vite at det denne veka skulle vere kampanje på Ørsta bruk. Der fekk vi denne til 299 kr, førprisen var 599.Som de ser greier vi å orientere oss utan reklame i postkassa!
Har enno ikkje greidd å ta livet av dei raude julestrenene, men i dag slo eg likevel til og kjøpte ein orkide til 99 kr. Passar på når dei har på tilbod.Dei hadde nydelige engelske pelargoniar, som eg veit Solveig likar. Her hos oss trivst dei ikkje så godt;vi har det for varmt.
Måtte nedover på biblioteket for å hente ny forsyning med lydbøker, så vi tok shoppe-runda med det same

Det første vårteiknet.


Vi har nok hatt meir snø enn mange andre i blogg-familien, men i dag var det bert på plenen nedanfor huset.Som eit under på jord blomstrar snøklokkene med det same dei får ein sjanse. Ingen blomster blir vel sett så mykje pris på som dei første som kjem?
Dei neste som kjem blir nok primulaene som eg har som kantblomster i "Rosebeddet". Kjøper nye primula i potter kvar år og plantar ut alle som overlever, derfor har vi eit assortert utval av den sorten. Men somme går av ein eller annan grunn tilbake til den opprinnelige fargen:gult.
Har lurt på kva det kjem av, om dei f.eks. er kjemisk farga.
Kan tenkje meg at t.d. Lille MØ har litt peiling.
Elles er no Solveig kjend for å ha grøne fingrar,
noko ho ikkje har arva frå mora.

Møre-Nytt i dag


Lokalavisa vår, Møre-Nytt, gjekk over til tabloid(og fargar) som ei av dei siste i landet. Det er forresten ei veldig GOD avis.
I dag var det sjølvsagt mange bilde frå TUNNEL-SUNDAGEN. Og eg kan ikkje dy meg, må ha inn eit av bilda på bloggen. Det er ein i familien som har ei eiga evne til å komme med på avisbilde. Ikkje er han vanskelig å finne heller. Ser DE nokon de kjenner?

mandag, februar 18, 2008

Ikkje alle er like begeistra!!!!


For moro skuld legg eg inn nokre reaksjonar på gårsdagens folkefest-

det er alltid folk som "surar" seg.

Sjølv om eg ikkje kunne vere der sjølv, unner eg no andre å ha ei lita

oppleving ut om det vanlege ein regntung februardag.

Eg har fotografert ei halvside i Sumpen, har enno ikkje funne ut av

scanne-programmet.

søndag, februar 17, 2008

Eiksundsambandet- igjen!
















Neste sundag er det opning av sambandet, men i dag var det stemnemøte mellom øyværingane og fastlandsfolket midt i den undersjøiske tunnelen. Då måtte ein gå -eller følgje oppsette bussar om ein var dårleg til beins. Margrete og fam. ville vere med på den historiske hendinga, så dei gjekk alle seks!


Nils var også med, men eg valde å vere heime og lage middag etc. Det vart nok for langt å gå for meg. Nils tok nokre bilde som eg legg ut på bloggen. Dessverre har eg ikkje fått fjerna raude auge fordi eg ikkje har fått inn den funksjonen på maskina enno. Ungane hadde fått raude hjelmar og andre relevante ting, og så var det gratis sveler og brus m.m.Svelene er eit ferjesymbol i Møre og Romsdal for dei som ikkje veit det. (Solveig kjem nok snart med oppskrifta på MRF-sveler).

På denne måten vart det sundagstur til tross for dårleg ver. Ny ekstemsport? Tunnelgang.

torsdag, februar 14, 2008

Eiksundsambandet 3
















Tek turen i fleire porsjonar, så rotar eg ikkje så mykje, og NB: Bilda kjem i rett rekkefølgje(trur eg)


Så kjem vi til opninga av den undersjøiske tunnelen, som er verdas djupaste. Vi måtte berre køyre forbi i dag, for der var folk som jobba.Vi kørde ut til Steinnes og såg på den delen av fjorden der tunnelen skal gå under, så snudde vi og køyrde den nye fine vegen opp til Helgehorntunnelen - og frå denne kanten fekk vi fare gjennom.
Her har eg rota litt igjen. Det er det øvste bildet som viser kvar tunnelen skal gå. Der kan de også sjå at dei jobbar på den nye vegen rundt Berneset.Det andre "sjøbildet" er av Raudøya-sett frå Steinnessida. Dei fleste er vel mest vande med å sjå øya frå Rjånessida.


Dei fleste bilda er tekne frå bilvindua og er derfor av dårlig kvalitet, men klikk på bildet slik at det vert større, så blir det litt betre.
Vi trur denne vegen kjem til å bli ein attraksjon første tida, så Solveig må no belage seg på besøk!!!!

Eiksundsambandet 2







For visst utfor ved eit uhell, men no er vi på rett veg igjen.

Etter at vi hadde kjørt bort og sett Morkaåstunnelen frå andre enden,køyrde vi den nye vegen langs Hovdevartnet og opp til Helgehorn-tunnelen,der vi heller ikkje slapp inn, men måtte ta ein gardsveg ned til Ørstafjorden. Der tok vi gamlevegen utover. Oppe til venstre i bildet kan vi så vidt sjå andre enden av Helgehorntunnelen og den nye vegen mot vest.
Her kjem bilda i rett rekkefølgje.

Eiksundsambandet







Happy valentine`s day everybody!

Enda ein "amerikansk" merkedag som skal gi handelsstanden ekstra inntekter?

Har ikkje tent mykje på oss i alle fall.
Men vi har feira dagen med biltur! Romantisk nok?

Vi har vore og sjekka Eiksundsambandet som skal opne for gåande komande sundag og offisielt neste helg. No kan de få vere med oss og sjå! De må "lese" bilda nedanfrå og opp på dette første innlegget



1.Vi startar i Furene -ikkje langt frå flyplassen. Der er det bru over vegen fordi der er eit gammalt hjortetrekk. Dei har observert at hjorten har funne den nye vegen over brua.

2. Så går vegen til høgre og inn i Morkaåstunnelen. Men der fekk ikkje vi køyre; vi måtte ta vegen over åsen

3.Vi kom så til Ytrestøyl ved Hovdevatnet, der vi fekk sjå den andre enden av Morkaåstunnelen.Rundt dette vatnet har vi gått så mange turar då eg var litt sprekare enn no.






mandag, februar 11, 2008

Strikkesykja?

Det har blitt lite blogging i det siste.Det kjem av at eg helst bør halde meg langt borte frå PC- en.
Vart så ivrig med strikketøyet ei tid at skuldra/ armen/ nakken melde pass, så no skriv eg med ei hand, for ikkje å seie ein finger. Heldigvis er høgre handa intakt. Fredag skal eg til akupunktur med den venstre og håper å bli bra denne gongen også- har behandla den fleire gonger før.
I kveld/ natt kjem Margrete, Øystein og Håkon heim. Dei har alle vore i London i helga og fekk såleis med seg den dramatiske brannen. Kva dei elles har vore med på,kjem vel fram på andre bloggar.
Laurdag var Ingeborg og ei veninne med på Ungdommens kulturmønstring i Volda; veninna song og Ingeborg dansa ein sjølvkoreografert dans til.Eg var dessverre ikkje i form til å vere der og sjå, men i Sunnmørsposten i dag fekk dei heiderleg omtale, og det var ikkje Einar som skreiv om dei. Han har, som dei fleste veit, praksis i den avisa for tida.
Elles så har vi veldig fint ver no for tida og i dag såg vi mange som var på veg oppetter fjellsidene på ski.Vi var berre ein tur nedover og handla.
Dagen for opninga av Eiksundsambandet nærmar seg, og då reknar eg med at mange tek turen hit for å køyre gjennom verdas djupaste undersjøiske tunnel. Eg fortalde Erlend om den i går, han lurte på om ikkje bilane vert våte. Det same grundar eg på, men Solveig forsikrar meg om at der er laga til så tunnelen kan lekke i to døgn før det blir krise.Eg trur no det eg vil tru. Men vegen frå Furene (ved flyplassen) og utover er i alle fall veldig fin.Viss de er interesserte, er det berre å søke på "Eiksundsambandet", så får de vite meir.Og så tek de vel turen opp til oss også om de kjem på desse kantar??

torsdag, februar 07, 2008

Zebra er sølv, Tiger er gull.


Her ser de sebraen til venstre og tigeren til høgre, med eitt av dei nye fata vi kjøpte i går. Stilig eller....?
Krusa er av det eksklusive merket Dunoon, ikkje heilt billige, men så varer dei !
Dessutan smakar ikkje kaffien så godt viss ein ikkje får drikke den av tynn porselen.
Litt snobbete kan ein vel få lov å vere?
Krusa kjøpte vi ein gong vi var på tur til Molde, så dei er på ein måte ein souvenir i tillegg.
Viss de framleis er i tvil: eg er Tigeren.

tirsdag, februar 05, 2008

Pannekakesteiking

I dag testa eg ut det nye pannekakejernet. Det fungerte heilt fint. Med vanlig røre vart dei tynne og lekre.Men eg skal innrømme at pannekaker steikt i mykje godt fleskefeitt på gamlemåten smakar betre. (Eg tok rett nok litt baconfeitt i jernet).Men så vert desse sunnare!!
Det går også an å steike sveler i jernet, då set ein på nokre "avstandsholdere" som held jernet litt ope så svelene får heve seg. Alt i alt er eg veldig fornøgd og gler meg til å få pannekakesvoltne barnebarn på besøk. Det går fort å steike og det kjem eit lydsignal når kaka er ferdig. Eg er elles ekspert i å gløyme......Så løp og kjøp viss der er fleire att på COOP-og viss du er medlem.

mandag, februar 04, 2008

Pannekaker

Far i huset er veldig glad i pannekaker- med steikt flesk og blåbærsylte! Det er for så vidt eg også, men det inngår ikkje som hovudingrediens i dietten min akkurat.
I dag var det tilbod på elektriske pannekakejern på COOP -og far stilte opp med det same butikken opna for å sikre seg eit.Det er no kome i hus!Kva tid det blir brukt, veit eg ikkje, men det må no prøvast! Viss nokon vil ha pannekaker når dei kjem på besøk, må de berre varskue litt på førehand.
Eg brukar å lure litt finmelen grovkveite ned i røra for at det skal bli litt sunnare og meir mettande mat.
De skal få rapport om resukltatet seinare, men viss nokon har ei god oppskrift er det sjølvsagt interessant.
I boka mi om FJORDAMAT er der oppskrift på tynne sveler frå Eid-dei kunne sikkert passe å steike på denne panna, sidan ein kan steike utan feitt også.



Leselyst ?


Her er dei tre lydbøkene eg har inne for tida. Var begynt på Hæsselby-men la den til sides då eg fekk Ligge i grønne enger, sidan det var venteliste på den.No nærmar eg meg slutten, men eg trur ikkje eg kjem til å endre meining ....dette er eit makkverk- berre pjatt, kunne like godt ha skrive det sjølv!Derimot gler eg meg til å lese Rampejenta. Eg kjenner ikkje denne forfattaren frå før, men han skal vere bra. Les ikkje så mykje no sidan eg greier å sitte oppreist lange stunder om gongen og strikke.Held på med eit par tynne Regialester. Det er alltid ein kvan som har fødselsdag!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...