I dag testa eg ut det nye pannekakejernet. Det fungerte heilt fint. Med vanlig røre vart dei tynne og lekre.Men eg skal innrømme at pannekaker steikt i mykje godt fleskefeitt på gamlemåten smakar betre. (Eg tok rett nok litt baconfeitt i jernet).Men så vert desse sunnare!!
Det går også an å steike sveler i jernet, då set ein på nokre "avstandsholdere" som held jernet litt ope så svelene får heve seg. Alt i alt er eg veldig fornøgd og gler meg til å få pannekakesvoltne barnebarn på besøk. Det går fort å steike og det kjem eit lydsignal når kaka er ferdig. Eg er elles ekspert i å gløyme......Så løp og kjøp viss der er fleire att på COOP-og viss du er medlem.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
7 kommentarer:
Fekk lyst å sjekke om dei har fleire igjen på mega. Kristine, Henning og besten er veldig glade i pannekaker. Men alle desse jerna skal ha skapplass også. Vaffeljern, krumkakejern, toastjern, steiketakke m.v.
Eidabesta
Plassmangel var grunnen til at eg vegra meg for å kjøpe dette jernet. Kan ikkje bere alt ned i kjellaren heller - det blir for tungvint.Ei av naboane våre har eit stort og godt spiskammers dør i dør med kjøkkenet. DET misunner eg henne.
DET har eg tenkt å få meg. Hyller frå golv til tak med plass til ulike jern, former, processorar og krigslager av hermetikk....
Ja! Og med eksta kjøleskap og ev. frysar!
Brukar å seie til Ingunn at det er derfor ho er så flink til å lage i stand til selskap- at ho har spiskammers. Berre det å ha ein stad å sette frå seg ferdiglaga mat på fat.....!
Eg har ei slikt rom ved sidan av kjøkkenet/vaskerommet. Der står frysar, ekstra kjøleskap, mikrobølgeomn og masse hyller! Eidabesta kan få oppbevare pannekakejarnet sitt der visst ho finn ut at ho ikkje har plass...he he... Hilde
Men eg er ikkje flink til å stelle i stand selskap.... Så det er ikkje berre det det kjem an på!
Hilde
Til Hiløde: Ikkje eg heller, men det er godt å ha noko å skulde på!!!
Legg inn en kommentar