torsdag, september 30, 2021

Dagbok 2021: 30.september

Klokka er no 18.35, bildet over er tatt for 5 minutt sidan. Sola klatrar lengre og lengre oppetter fjellsidene, men vi står ikkje i fare for å "miste" den på lenge enno. No er det + 16 grader ute, og vi har hatt ein nydeleg dag. Det var vått på gata i dag morgon og på altanrekkverket, så det må nok ha regna om natta. I dag skulle vi trene frå 12.30-13,30, eg kom meg ikkje til med noko skikkeleg arbeid før treninga, men det var no mi eiga skuld. Vi var innom apoteket og eit par butikkar etter treninga; eg var for eksempel inn til urmakaren "min" og fekk reparert klokkereima. Derfor vart klokka nærmare 15 før vi var heime. Eg laga meg litt mat, før eg gjekk ut og tok eit tak i hagen. Det er ikkje alt som viser så godt att, men eg har no rydda ganske 
..mykje, så det blir snart ein tur på VØR  

onsdag, september 29, 2021

Dagbok 2021: 29.september


Klokka er no 18.35, temperaturen ute er +13  grader. Det har vore fint ver i heile dag, lettskya og ein god del sol. Det vart ikkje gjort nokpo særleg før eg skulle på spanskkurset. Det er mange nye som har meldt seg på,  men ikkje alle var der i dag. Heller ikkje alle dei "gamle" møtte opp. Somme var i Spania-trur eg. Det var i alle fall kjekt å begynne på igjen sjølv om det vi "lærte" i dag var gammal kunnskap. Men så fekk vi lærebøker. Eli er eit geni når det er snakk om løysingar. Ho har vore på ungdomsskulen og lånt brukte bøker som vi får bruke. Før har vi hatt berre våre eigne notatar og tekstar som vi har fått på nettet. Og så You tube, som vi har brukt mykje.I dag serverte dei grovbrødskiver med pålegg og kaffi til på hotellet. Det brødet var så godt at alle kommenterte det. 
Då eg kom heim gjekk eg like godt ein tur på Vernet før eg bytte om til arbeidsklede.  Men  eg kom meg ikkje ut med ein gong, for først måtte eg ete "middag" og så fekk eg bladet Pensjonisten i posten i dag, så eg måtte løyse ein Sudoku før eg kunne begynne på hagearbeidet.


Ute i hagen gjekk eg i gang med å demontere dei store plantane ned mot Larsen-huset, eg fekk to store sekker fulle med slikt som eg må ta bort på VØR, for eg har ikkje plass i mi eiga kompostkasse. Etterpå luka eg ugras og reinska opp i det som var ein jordbæråker ein gong. Eg skulle sette poteter der sist vår, men fekk ikkje tak i settepoteter.Det var sjølvsagt hol i den høgre hansken som eg hadde på meg, så dei to midterste fingrane er grovskitne. og då eg skulle ta av meg klokka, slitna reima, så det blir vel ein tur til urmakaren i morgon. Då skal vi likevel nedover på trening.






 

tirsdag, september 28, 2021

Dagbok 2021:28.september

 

Klokka er no ca. 17.45, temperaturen ute på trappa er + 17 grader C. Det har vore ein fin dag med mykje sol  og varme, men no har det kome nokre skyer på himmelen. I går kveld/natt rett før eg skulle legge meg såg eg på gradestokken, den stod på +20, så då var det tropenatt.

I dag kom referatet mitt i avisa. Marit og eg er samde om at slike referat må kome rett etter møtet, før pensjonistane har gløymt at dei har vore der.

I dag var det trening frå 11.20 til 12.20. Etterpå var vi på Spar og handla litt. Då eg kom heim begynte eg ganske snart å klippe plenar, for det var tørt i graset. Eg klipte rundt huset og opp mot gata, før eg åt middag. Etter middag + kaffi gjekk eg ut att og tok skråninga. Så spylte eg klipparen og sette den på stallen. Det var så fint gras i dag, heilt grønt og utan ugras. Epla som låg under treet, raka eg nedunder Tujahekken, så då blir den gjødsla. Elles har det ikkje skjedd noko i dag som eg veit om.

I morgon begynner spanskkurset igjen. Det vil seie, vi begynner på begynnelsen igjen, og repeterer. Vi får mange nye "studentar" i lag med oss, alle er menn med eitt unntak. Vi skal halde til på hotellet. Kurset er gratis, men vi får kaffi og rundstykke som vi betaler for på hotellet. Neste onsdag er det både spanskkurs og pensjonistmøte. Men då har ikkje vi så mykje å gjere med møtet sidan det er Eldrerådet som styrer med det denne gongen. Vi markerer Eldredagen.Vi i styret for pensjonistlaget skal berre dekke bord og pynte. Eg har aldri tid å kjede meg.

I dag blir det ingen tur på Vernet, sidan eg både har vore på trim og trimma grasklipparen. Eg trudde sommaren var over og hausten komen, men så kom sommaren tilbake.- Eg trur eg må bevilge meg ein kopp kaffi.


 


mandag, september 27, 2021

Dagbok 2021: 27.september

Klokka er no 16.55, temperaturen er + 21   grader og det har vore ein fin varm dag. Men sola forsvann etter middag. For meg har dagen gått litt opp i tull.Sidan eg skulle vere på Bakk-Ola klokka 11 fekk eg ikkje gjort så mykje før den tid, men eg rakk å stryke ein haug med klede. Og eg fekk kontakt med redaktøren av Møre-Ntytt som lova at referatet skulle vere på plass i avisa i morgon, dvs. at eg kan sjekke det i kveld klokka 10.

Då eg kom på Bakk-Ola sa dei der at det var klokka12 møtet skulle vere. Eg hadde vore så sikker på klokkeslettet at eg hadde ikkje sjekka. No då sjekke eg -og det var klokka 12 vi skulle vere der. Kva no? Eg hadde ikkje lyst å fare heim att og hadde ikkje ærend på butikken. Drtfor køyrde eg fram til gravplassen og derfrå gjekk eg ein tur innover Dalateigane. Det var fint der i dag, sol og varmt. Nokon lang tur vart det ikkje, for eg skulle no vere på plass igjen klokka 12.


Jettefossen i Rossåa

Det var ikkje så mange som møtte, men vi hadde mykje å ordne med, for det blir to møte i oktober, først Eldredagen og så 50-årsjubileet for Ørsta pensjonistlag.Eg noterte flittig, men visste ikkje om eg fekk skrive det på maskina heime. Storemaskina funkar ikkje som ho skal og eg kan veit ikkje om eg får til å skrive det på laptopen. Eg har alltid brukt Word på storemaskina når eg skriv, men no funkar det ikkje. Og viss eg skal legge Word inn på laptopen kostar det pengar. Eg trur kanskje Helge kan få i gang storemaskina, for den påstår at det er ledningar som ikkje er isett. Eg finn ikkje ut av det.

Då eg kom heim var det snart middagstid og eg skulle varme opp att maten som var att etter i går. Det var altfor mykje, men eg åt opp alt likevel, for å sleppe å ete samme maten i morgon også. Etterpå vart eg så trøtt at eg la meg på solsenga og kvilte. Men så for sola og då var det ikkje så fristande iå ligge der lenger. Så eg sette meg inn og såg ferdig serien min. Den vart litt blodig på slutten, det kunne greidd seg med mindre. 

Eg lurte på om eg skulle klippe plen i dag, eg høyrer klipparar som surrar rundt omkring, men eg tenkte eg kunne sjå kva naboen gjorde. Plenane er grøne og fine no, ikkje sikkert dei blir så fine om vi klipper.Viss det ikkje blir klipping får eg ta ein tur på Vernet for eg har ikkje fått nok mosjon i dag.
 

søndag, september 26, 2021

Dagbok 2021: 26.september

 rett etter frokost, så etg tok og pussa alt eg har av kopar 
Klokka er no17.35, temperaturen ute er + 19 grader, det er opplett og litt sol. Heilt nydeleg ute - eg kom nettopp heim frå ein tur på Vernet. 

I dag fekk eg eit anfall av energi rett etter frokost, så derfor tok eg og pussa alt eg har framme av kopar og messing. For nokre år sidan kom eg frampå eit pussemiddel som gjorde kopar og messing blankt og fint på ein augeblink. Eg reklamerte for det på FB til og med. Eg har brukt det heile tida sidan, men er ikkje fullt så beigeistra lenger. Tinga blir blanke og fine, med lite arbeid. Men kor lenge varer det??? Eg pussa saker og ting i god tid før påske- men måtte ta det igjen ein gong til. No i sommar har eg ikkje brydd meg med pussing, men det blir annleis når ein held seg meir inne. Det  sørgelege er at eg finn berre  denne pussen no i butikkane, ikkje dei  gode gamle som heldt på glansen.

Som før sagt held eg no på å ete tom frysedelen i kjøleskapet og det går ganske bra. I dag fann eg noko ferdig krydra svinekjøt som har lagt der lenge. Eg hadde også ein rest av god brun saus. Så vart kjøtet steikt og eg hadde svine-sosakjøt, grønsaker fann eg også og poteter hadde eg. Det blei eit godt måltid og der er nok til i morgon også. Det passar bra, for eg skal på styremøte klokka 11, så då kan det vere ok å sleppe å "koke".

Etter middag tok eg kaffikoppen med inn på stova og så fann eg endeleg ein serie som fenga meg. Serien heiter "The Stanger", og er laga etter ei bok av Harlan Coben. Eg har lese mange kriminalbøker som han har skrive, og det som går att er at det handlar mykje om foreldre og barn. Det gjer denne serien også. Eg strikkar mens er ser TV eller høyrer radio. 

Først då klokka nærma ser 17 kom eg mg ut og gå tur. Det var så fint og mildt ute -godt å merke at det ikkje er vinter slett enno, men det er snart oktober! No skal eg tømme oppvaskmaskina før eg set på TV-en igjen.
 

lørdag, september 25, 2021

Dagbok 2021: 25.september



Klokka er no 17.oo, temperaturen ute er +11grader C. Det er overskya og opplett. Eg tok og kveikte i omnen litt no, for å spare på straumen. Sist natt hadde eg problem med å få sove fordi eg verkte i hofta og foten. Men når eg har vore oppe ei lita stund er eg bra. 

Eg hadde ikkje så mykje å gjere i dag, men eg shina no opp og vaska kjøkken og bad. Klesvask er ikkje arbeid i vår tid, men har køyrt eit par maskinar. Solveig sende melding om at ho ville komme innom ein tur, og det er no kjekt; eg kan begynne å vente på henne om ein liten halvtime. Eg skulle ha berre noko lite på butikken i dag, så eg tok like godt og gjekk ned på KIWI. Så fekk eg litt mosjon og kunne kutte ut turen på Vernet. No har eg site ved TV-en ei stung, først med kaffikopp og så la eg opp til enda eit lestepar. Det er kanskje på tide at eg strikkar noko anna, men dei fleste har dei genserar og kofter dei treng. Trur eg. 

Eg saknar å få jobbe ute, så eg håper verkeleg vi kan få nokre dagar med opplett og kanskje litt sol. Det vart brått slutt på sommaren, men vi kan no få fine dagar i oktober også.

Kl. 21.40 No har eg sett yndlingsprogrammet mitt på TV: Stjernekamp. Eg syntest Alexandra var den beste i kveld, men eg heiar framleis på Bjørn. Solveig kom som avtalt, og litt seinare kom Håkon med familie. Eg hadde jo ikkje førebutt mat til så mange, men alle fekk no ein smak. Kjekt å sjå dei att av og til- det har ikkje vore så ofte i Korona-tida som no kan vere slutt-eller kanskje ikkje.

fredag, september 24, 2021

Dagbok 2021: 24.september


Klokka er no 16.15, temperaturen er + 12 grader og det har regna meir og mindre i heile dag. Erga har det ikkje vore råd å gjere noko ute. Eg "skulle ikkje på noko "relativt tidleg. E i dag, fredagsvasken gjorde eg stort sett på onsdag, så resten utsette eg til i morgon. Men eg hadde faktisk ÆREND på Alti. Eg  shina meg opp litt og køyrde ned relativt tidleg. Eg var på apoteket og kjøpte tablettane som eg var nesten lens for, og så kjøpte eg meg nytt varmeteppe til senga på Clas, Tennposar fekk eg på Europris, så no skal eg vere rusta til kulde og dyr straum. Var ein tur i gågata også, der var det ikkje mange som gjekk i dag. Eg kjøpte litt lestegarn, må ha litt å henge fingrane i. 

Elles har eg lese litt spansk, fekk ei lekse på data, som eg måtte skrive ut for hand, sidan storemaskina sviktar. Til middag laga eg pannekaker i dag, lagar noko med melk når eg har ein skvett som er ute på dato. Og etterpå har eg sete og strikka og sett litt TV. Då er det like før eg sovnar, men greidde å halde meg vaken i dag. Tenkte å gå ein tur viss vêret ikkje er for gale-akkurat no fristar det ikkje å gå ut, men det er litt betre vêr i vente  på sikt.

Det skjer ikkje så mykje når eg er her åleine, men eg kjeder meg ikkje, for eg har nok å ta meg til-viss eg får ånden over meg. Eg synest denne månaden har gått veldig fort, tenk at det er tre veker sidan vi reiste til Kongsberg-! I dag fekk eg takkekort med fint bilde av Vebjørn. Eg har så masse ledige små rammer, så eg fann ei som paste. Eg har mange barnebarnbilde som heng rundt omkring, dessverre er det nokre som bleiknar.

Så vil eg ønske alle ei god helg !



torsdag, september 23, 2021

Dagbok 2021: 23. september


 Klokka er 16.35, temperaturen ute er + 11 grader. Vêret skiftar mellom solstreif og voldsomme regnbyger. Det var visstnok snø i fjella i dag morgon, men eg såg det ikkje på grunn av skodde. Det er i alle fall kaldt og hustrig, og eg frys, det kjem eg vel til å gjere heilt til vi får sommar igjen. Eg har ikkje fyrt i omnen i dag, men eg har ved som eg kan bruke. 

I går var eg heime heile dagen og fekk gjor t ein god del. I dag skulle vi fare på treninga klokka 12.10, så føremiddagen vart kort. Mykje av tida gjekk med til å prøve å fikse storemaskina, utan resultat. Når eg køyrer nettverksdiagnose får eg opplyst at det er ledningar som ikkje er der dei skal vere, så eg tok fram maskina fleire gonger og sjekka ledningane utan at eg fann noko feil. Somme ting virkar på maskina-andre ikkje. Så no skriv eg på laptopen, noko eg ikkje likar.- Elles så repeterte eg nokså mykje av spansken, og eg merkar at LITT sit no att. Når vi begynner på igjen neste veke , skal vi få bøker, og då trur eg det blir litt enklare å følge med.

Eg fekk ei melding frå Eli i går ettermiddag/kveld om at ho og Terje skulle på eit pensjonistmøte inn på Stranda i dag, og eg kunne få vere med viss eg ville. Eg takka nei, for eg synest eg har nok å fare på for tida, dessutan var det treninga i dag. Etter trening handla vi litt på KIWI, så då eg kom heim var det tid for å lage middag. I dag vart det vegetarmiddag, med salat og ost. Det var som vanleg kjempegodt. Og etterpå vart det pause med kaffi og TV, så eg har ikkje kome i gang med noko i dag. Veit ikkje om eg kjem meg på Vernet heller, men viss eg går tur får eg i alle fall varmen i meg.

Eg skulle eigentleg på ALTI i dag, det er ymse eg treng å kjøpe der, men det vart utsett til i morgon, for då er det ingen ting eg SKAL og ikkje er her så mykje husarbeid igjen heller. Ute får eg ikkje gjort noko, for der er det både kaldt og vått. Akkurat no er det opplett ute, så kanskje det blir ein tur ut.

Eg sit og ser på det forvokste epletreet, det må beskjerast ganske kraftig, tenkte at "nestkommanderande" kunne hjelpe til med det ein gong. Eg tek meg av greiner og kvistar, men som før sagt: "Eg klatrar ikkje i tre" ! (Berre litt).

Det er ikkje alltid fint ver på Vernet heller. Dette bildet tok eg då eg sat på kvilebenken, mellom byene.


onsdag, september 22, 2021

Dagbok 2021: 22.september

 

Klokka er no17.05, temperaturen ute er + 12 grader. Akkurat no er det opplett ute, men det har regna nesten i heile dag. I dag skulle eg ikkje på noko, så då var det å finne seg jobbar her heime- inne. Det har vore ein UTE-sommar så lite har blitt gjort inne i huset. I dag begynte eg med å bytte på senga mi, vaske soverommet og fare over dei andre golva sidan eg var så godt i gang. Klesvasken vart sett på og det vart rydda litt i vaskekjellaren. Eg hadde ein heil sekk med nedfallseple ståande. Dei er ikkje brukande til så mykje, men når ein renskar dei med hard hand kan ein få nok til ei lita "koke" med eplemos, slik eg gjorde i dag. Elles driv eg og repeterer spansken, sidan vi skal begynne på igjen komande onsdag. Mandag førstkomande er det styremøte i pensjonistlaget, så då blir eg opptatt alle føremiddagane  før vi kjem til fredag. Desse dagane når eg skal ut på føremiddagen, blir det lite gjort heime, og eg har faktisk ein god del å gjere ute viss det blir bra vêr. I dag tok eg ein sekk med kvister frå plommetre blant anna og brende i omnen. Det vart ikkje så mykje varme av dei, men eg fekk ein sekk mindre å fare på VØR med. Dei tynnaste kvistane er ikkje noko å fyre med, men eg har fleire sekker med kvistar og greiner som eg kan brenne i omnen. Eg prøver å spare litt straum no når den skal ha blitt så dyr. Men noko må ein bruke. Eg har snakka med Even og han kan selje meg ved i år også. I dag vart det oppattvarma ertersuppe til middag og kaffi til dessert. Eg hadde ein pause med TV og strikketøy før det letta opp såpass eg fekk ta inn att golvteppa. No ser det ut som om det blir fortsatt opplett og då kan eg gå ein tur på Vernet. Der kan ein gå om det ikkje er så tørt. Så får eg sjå om eg finn noko å fotografere på min veg.

                                                          Mykje vatn i Vike-elva i dag.

tirsdag, september 21, 2021

Dagbok 2021: 21.september

 

Klokka er no 16.36, temperaturen ute er + 11 grader og det regnar. Elles har eg tatt på meg strikkajakke og fyrt litt i omnen, sidan straumen er blitt så dyr. Men eg tok meg råd til å sette på vaskemaskina. Denne dagen har det ikkje blitt utretta så mykje , men eg har no styrt med eit kvart heile tida-uansett. Før vi for på trening i 11-tida hadde eg strikka ferdig ein lest, øvd på spansken, sett ferdig ein film om Freddy Mercury og Queen, dusja og kledd meg i trene-klede. 

Fekk ros av fysioterapeuten i dag fordi eg "jobba" godt. Etterpå var Marit og eg på Spar og handla litt. Eg har i grunnen handleforbod for tida, men eg kjøpte ikkje så mykje mat. Eg hadde tenkt å lage meg ein veldig enkel middag i dag, men så fann eg ut at eg skulle bruke opp litt av det eg har i frysaren på kjøkkenet. Det vart ertersuppe- for eg hadde erter som hadde lagt i vatn ei natt og så blitt frosne, eg fann nokre spekepølse - skalkar kjøpt frå Solund mat. Eg tok ein liten skalk og skar smått opp, det lukta i alle fall sau. Nok om det. Litt grønsaker har eg alltid i hus og det blei god suppe til slutt, og det er nok til i morgon også. Det geniale var at eg fekk rydda ganske mykje i frysar og kjøleskap etter kvart som eg laga suppa. Flatbrød hadde eg ikkje, men fann ein frosen foccia i skapet. Eg gleder meg til den dagen eg står her med tomt kjøle-/fryseskap- Etter middag laga eg kaffi, og så blei eg kvitt ein is-rest i kjøleskapet også. Mens eg inntok desserten las eg Møre-Nytt frå perm til perm, sjølv om dei ikkje hadde fått plass til det eg hadde skrive om pensjonistmøtet. Eg sende referatet til dei på torsdag før middag, og det vart motteke, men dei hadde ikkje plass i avisa før tysdag. Men så var det ikkje plass i den avisa heller ?????? Men dei vil så gjerne ha slike innlegg, seier dei. Eg jobbar på overtid som sekretær i Pensjonistlaget, skulle eigentleg ha slutta i februar, men grunna Koronaen vart det ikkje årsmøte og nyval. Det er 11. året eg skriv om møta våre, så eg kunne trenge ein som tok over. No skal eg feste trådar i enda eit par lestar og så er her diverse å ta tak i. Eg likar best å jobbe ute, men ikkje i dette vêret. Det er mykje som må ordnast i hagen før hausten kjem for alvor, så eg håper vi får nokre "tørre" dagar. Neste onsdag begynner vi på spask-kurs igjen, men i morgon har eg fri. 



mandag, september 20, 2021

Dagbok 2021: 20.september

 


Klokka er 16.25, temperaturen ute er + 16 grader og det er opplett. Når ein skal reise til Ulsteinvik klokka 13.15, blir det ikkje så mykje ein kan få gjort før den tid anna enn å dusje og kle på seg. Ein kan liksom ikkje sette i gang med så mykje. Eg fekk lagt i hop ein klesvask, og lagt i vatn eit golvteppe. Og DETT var DETT! 

Men eg fekk melding frå Eli om at spanskkurset kjem i gang neste veke og eg har (under tvil) meldt meg på. Så eg brukte tida eg hadde til overs i dag på å repetere litt av det eg har lært. La meg seie det slik: Eg har ikkje problem med å forstå spansken, det går greitt både med grammtikk og anna. Problemet er hukommelsen som er langt ifrå det den var i yngre år. Derfor blir det tungt å lære noko nytt-  Men eg prøver ! 

Drosjen kom presis og heldigvis var det ikkje ein av dei store bilane, men ein liten behageleg ein. Vi måtte berre nyte turen i dag, bilen gjekk støtt og fint og sjåføren var heilt topp. Marit og eg var samde om at det var ein av dei finaste bilturane vi hadde hatt-. Eg såg ikkje sjåføren i ansiktet, men på heimturen sa han at  eg hadde vore læraren hans, og då visste eg kven han var, for han køyrde meg ut til Sjukeheimen ein gong. Han begynte først på kokkeutdanning men gjekk over til å køyre bil. Eg sa det til han: Du er i alle fall blitt flink å køyre bil !!! (Om han ikkje har lært det av meg.) 

Konsultasjonen på "Øre, nese hals" var fort unnagjort, eg hadde bestemt meg for å behalde dei høyreapparata eg har fått, og så fekk eg litt opplæring i stell av apparata. Eg skal forsikre dei i banken, eg trudde verdien var 8 tusen kroner, men det var for eitt apparat og eg har to. Men eg slepp å betale eit øre. 

                                             Sauene på Åsmundmarka har det godt-


Då eg kom heim laga eg middag i ein fart og åt, og drakk kaffi. Eg hadde så smått tenkt meg bort på VØR med nokre sekker, men dei stenger tidleg om mandagane. Så eg får finne på noko anna. Veit snart ikkje kva eg kan gjere, for kvar natt ligg eg og verker i venstre foten og hofta. Om dagen kjenner eg nesten ingen ting. Er det verst eller best å mosjonere for eksempel? Er det bra å gå på Vernet?  I  morgon er det i alle fall trening. Onsdagen er fri denne veka, men neste er det Spansk. Det er kjekt å ha noko sosialt å gå til.

Leonardo da Vinci har blomsta heile sommaren utan stopp og er still going strong-



søndag, september 19, 2021

Dagbok 2021: 19.september.

Klokka er no18.35, temperaturen ute er + 16 grader C. Det regna sikkert litt sist natt, men i dag har det vore opplett og litt sol. Støvsugaren kom fram på føremiddagen, for no hadde den fått ny pose. Støvsuga stua og gangen; så sette eg meg til med strikketøy og radio ei lita stund. 

Eg bestemte meg for å gå tur tidleg på dag. Eg var låk i hofta i natt og i dag tidleg, men det gjekk over. Då eg kom bort til Vernet trefte eg eit ektepar som eg kjende og prata litt med dei. Etterpå lurte eg på om eg tok feil, men uansett kven dei var så kjende dei meg. Då eg hadde gått eit lite stykke tok eg att Hjelle-familien, mor, far to døtrer og to hundar. Eg vart gåande i lag med dei eit stykke, mora og eg danna baktropp. Den neste eg møtte var ei som var helsesøster her for nokre år sidan, men ho kjende meg att. 

Eg nærma meg dei siste benkane, det står to benkar med utsyn til heile staden, der ville eg sette meg ned, men det sat ein mann på den eine benken, ein eg ikkje kjende, så eg ville gå fort forbi. Men han snakka til meg og det endte med at vi sat på kvar sin benk og prata aldri så lenge. Eg aner ikkje kven han er, men det virka som om han kjende meg- litt. Men så vart det tid for å gå heim og lage middag. Då trefte eg ei som eg kjenner godt; vi har vore i lag i styret til Pensjonistlaget, og så vart det enda ein prat- . Som de forstår er det veldig sosialt å gå på Vernet, særleg søndag før middag. Det Fonnvernet har hjelp mange i Koronatida, for der snakkar vi både med kjende og ukjende, og kan vere litt sosiale. Mitt problem er at alle andre er blitt så gamle at eg ikkje kjenner dei igjen.

Til middag i dag laga eg steikt ørret, med poteter og grønsaker, og det smakte godt. Eg tok eit par bilde i dag som eg ville legge inn på datamaskina, men ho skapte seg vrang og ville ikkje ta imot. No har alt virka som det skulle og bildeprogrammet har vore OK. No måtte eg ta fram att laptopen som eg sette vekk før på dagen , og legge bildet inn der.

Marit inviterte meg på kaffi kl.16, og då gjekk eg opp dit, og kom ned att for ei lita sund sidan. Ho har vore åleine i helga, for Janne og familien har vore på hytta. I morgon skal Marit og eg til Ulsteinvik. Vi har time klokka 14.


lørdag, september 18, 2021

Dagbok 2021: 18.september

Klokka er no 17.50, temperaturen ute er + 17 grader, det er overskya, men opplett. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet, der oppe kjende eg to-tre regndropar. I dag gjekk eg motsett veg av det vanlege og tok heimturen via nokre gater på Vallabøen, for at turen skulle bli litt lengre.

I dag ville Margrete komme og drikke kaffi med meg, så eg fann ut at eg skulle lage ei eplekake, det er ikkje ofte eg bakar no for tida, men eg tenkte eg kunne få brukt litt av dei sjølvdyrka epla. Dei hadde eg rikeleg av, det tok si tid å skrelle dei  og skjere dei opp,men tid hadde eg nok av. Det var noko eg ikkje hadde og det var papir å legge i forma. Eg tok sjansen på å bruke vanleg matpapir utan å smørje noko særleg. Typisk meg: Fort og gale. Men eg fekk no rydda opp att kjøkkenet og vaska opp både i maskin og med hand. RYDDE kan eg. Margrete kom som planlagt og vi fekk ei god pratestund- Eplekaka med krem til smakte godt sjølv om vi måtte ta den med skei ut av forma. Eg fekk ikkje støvsuga til helga, for eg greidde ikkje å opne støvsugaren såpass eg fekk bytte pose. Men Margrete greidde det, så no kan eg støvsunge når eg vil. Noko særleg meir har det ikkje hendt i dag, og no er det snart tid for å benke seg i TV-  posisjon. Eg gleder meg til Stjernekamp og Opera. Eg har ingen favoritt enno, men synest det er artig med Tomrefjordingen som både kan jodle og synge strupesang. Skal bli artig å høyre han synge opera.



 

fredag, september 17, 2021

Dagbok 2021: 17.september

 

Opal-plommetreet

Klokka er no 16.45, temperaturen ute er + 20 grader og sola skin og skin. Det er rett og slett varmt og fint.Eg var oppe relativt tidleg i dag og var ferdig med fredagsvasken då klokka var 10- Eg vurderte å pusse vindu, men fall for freistinga å halde på ute. Eg har klipt greiner etc. av plommetreet , så no er det størst Opaltreet også forminska, så plukka eg eple i graset, men begynte ikkje å klippe epletreet, sjølv om eg hadde lyst. Det treet er så digert no at eg må ha unge menn til å stusse det. Eg var ikkje så ivrig ute i dag, for eg hadde litt vondt i eine foten og hofta og vart fort trøtt. Eg gjekk inn att i 14-tida og laga meg litt middag, og etterpå la eg meg ut på solsenga. Det viste seg at det ikkje var så godt for den vonde foten. Eg hadde tenkt å gå på Vernet i dag, for eg har ikkje vore der sidan sist sundag. Så eg får sjå kva det blir til.

Margrete har sagt at ho kjem ein tur i morgon og det blir no kjekt, eg har no fri både laurdag og sundag, men mandag skal vi til Ulsteinvik igjen. Eg brukar høyreapparata mest når eg ser TV-elles er eg litt redd for å miste dei, sidan eg ikkje har forsikra dei enno. Ville ikkje gjere det før eg har vore til Ulsteinvik, i tilfelle det blir forandringar. Høyreapparata er verdt 8000 kr. Marit sine er forsikra for 15 000 kr. Og vi får alt gratis, også taxi -turane til Ulsteinvik-fordi vi har frikort. Vi bur i eit godt land !

Eg vil ønske alle ei god helg, og for skuleelevar og lærarar nærmar det seg vel haustferie. Håper vi får fint ver framover ei stund.  Det er mykje å gjere i hagen enno, eg veg fram og tilbake om eg skal kjøpe ny kompostkvern. Eg har no ikkje nokon stad å gjere av komposten, så då kan eg like godt køyre bort på VØR med greiner og anna. Ingen vits i å male det før eg fer på VØR- ? Eg skal sjå om eg finn eit bilde litt seinare.

Epletreet


Bok nr.30 - 2021: Tollak til Ingeborg.

 


Om Tollak til Ingeborg

Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at han har gjort ting på sin eigen måte. Alle veit kva han gjorde med dei gutane. Alle veit at ungane hans ikke kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans, Ingeborg. Men det er noko folk ikkje veit. Det er på tide å fortelje. Tore Renberg er kjend for sine lysande portrett av vanlege og uvanlege menneske, og ikkje minst norske menn - den intense antihelten Jarle Klepp, den bisarre gjengleiaren Jan Inge, den høgreiste fastlegen Steinar i Du er så lys. Årets roman frå Tore Renberg fortel om Tollak, ein mann som har sterke krefter i seg - til arbeid, til kjærleik og til destruksjon.


Denne boka har eg lese på Storytel, den er ikkje lang, eg begynte på den i går og no har eg lese den ferdig. Det var ei veldig gripande skildring av ein eldre mann og tankane hans. Lydboka blir særdeles bra sidan forfattaren sjølv les på sin eigen dialekt. Tore Renberg er forresten ein av favorittane mine !!!!! Eg trur eg må finne ei bok til av han, ei som eg ikkje har lese før.

torsdag, september 16, 2021

Bok nr. 29 - 2021: Hviskeren.

 



Ragna Riegel jobber på Europris og bor alene i barndomshjemmet. Nå er foreldrene hennes døde og den enste sønnen har flyttet til Berlin og de har nesten ingen kontakt. Bare ett og annet jule- og bursdagskort. Ragna lever livet sitt innen strenge rammer: hun liker jobben fordi den er full av rutine, hun liker å sitte på samme sete i bussen hver dag, hun liker å handle det samme i nabolagsbutikken hver dag. Hun må ha orden på livet. Og det har hun, inntil den dagen hun
......................................................................
Då har eg lese enda ei bok av Karin Fossum, eg likar desse psykologiske krimbøkene der det kjem fram ikkje berre kven som gjer brotsverka, men kvifor.
Der er ei bok att, men den blir lesen av ein nordlending som eg har høyrt lese andre bøker. Ikkje noko gale med han, men det vart litt feil med nordnorsk i Drammenstraktene. Eg har likt alle Fossumbøkene, men no har eg tenkt å ta for meg ein annan favoritt, nemleg Tore Renberg.

Dagbok 2021:16.september




Klokka er no 15.40, og eg er nettopp ferdig med middagen. Det er + 15 grader på trappa og det ser ut til at det skal lette opp litt -det har regna meir og mindre i heile dag. I dag vart det ikkje noko somling på morgonen, rett etter frokost sette eg meg til å skrive referat frå møtet i går. 

Eg var ferdig til å sende det til avisa i 10-tida og det gjorde deg. No angrar eg på det for det kjem ikkje før i tysdags-avisa uansett. Der er noko tull med Word-programmet, så eg må skrive direkte på e-posten. No går eg og fantaserer om alle feil eg kan ha gjort. Eg fekk raud strek under nesten alle orda, sidan eg skriv på nynorsk. Eg forstår det ikkje, for eg har maskina innstilt på nynorsk. Eg får raude strekar her også. 

I dag var det trening frå 12.30-13.30, vi brukar å seie "God helg" når vi går frå treninga på torsdagar. Og slik føler eg det no. Eg er ferdig med pliktene for denne veka, no kan eg kanskje få gjort litt i huset sidan eg ikkje får gjort noko i hagen. Men viss vêret blir betre, kan det bli ein tur på Vernet, der har eg ikkje vore sidan sist sundag.

Eg har ingen planar for helga, men det dukkar vel opp noko............ I dag fekk eg avisa MØRE i posten, så då har eg lesestoff. Og i kveld er det sudoku i Møre-Nytt på nettet. Eg har ei bok på Storytel som går mot slutten og ei anna som eg ser fram til å lese. Så har eg strikketøy ,og TV med mange kanalar og Netflix. Eg kan ikkje forstå at det går an å kjede seg. Det første eg skal gjere no er å koke meg ein kopp kaffi og slappe av ei stund.



onsdag, september 15, 2021

Dagbok 2021: 15. september






Askjelhaugen

Klokka er no 19.05, det har vore lettskya og fint i dag også. På føremiddagen vaska eg håret og shina meg litt opp før eg for ned på kulturhuset til klokka 11. Der dekka vi bord og pynta litt sidan vi skulle ha pensjonistmøte seinare på dag. På heimvegen sakk eg bortom Askjelhaugen og såg til grava. Blomstrane eg planta sist stod fine, så eg ventar med å plante lyng enda ei stund. Eg rakk å rydde litt i beddet ved garasjen før eg bytta om. Møtet begynte med at vi såg ein film, og så vart det middag etterpå, før Morten Bollerud slapp til med trekkspelmusikk. Han fekk stor applaus då han fortalde at han hadde flytta frå Volda til Ørsta. Alle blir glade når han kjem på besøk på møta våre. Det var veldig kjekt å kome i lag igjen etter koronapausen. Eg skal skrive avisreferat i morgon, så eg går ikkje i detalj her i dag. 
Eg håper eg får sove godt i natt, sidan eg skal på trening i morgon. Eg har vore plaga med at eg verker i ryggen og føtene, spesielt-om natta. Når eg står opp er eg låk i heile kroppen, men så plutseleg er eg heilt bra igjen. Dette hender veldig ofte, så no skal eg prøve å ikkje bry meg om det- 
Det har vore litt styr i det siste, og komande mandag skal Marit og eg igjen til Ulsteinvik med Taxi. Det gjeld høyreapparata våre - vi kan få kome med spørsmål etc. etter å ha brukt dei ei stund. Eg hadde på meg begge i dag-og det gjekk heilt fint-


 


tirsdag, september 14, 2021

Dagbok 2021: 14.september


Klokka er no18.10, sola skin og temperaturen er +15  grader C. Eg sit her sveitt og sliten etter at eg enda ein gong har gjort noko som eg kanskje ikkje skulle ha gjort. Eg har litt "ryddedilla"-særleg ute, og i dag var det Victoroiaplommetreet som fekk lide-. I fleire år hadde vi ein gartnar som klipte det, siste gongen han  var her låg Nils sjuk, så gartnaren prøvde å lære meg opp til klipping av plommetre, men lærdomen gjekk ikkje heilt inn. Eg har ikkje vore flink nok å klippe greiner, så heile treet var som eit skjorareir. Men i dag har eg rydda opp-eg har så å seie snauklipt treet, for greinene voks i alle retningar så det var einaste måten å få orden. Ja, ja, overlever treet, så er det bra, viss ikkje, slepp eg å plukke så mykje plommer neste år. Eg fekk litt "hjelp" av Anita og to ungar. Greiner og kvistar er sortert og oppklipt og hatt i sekker, så no lyt eg snart ein tur på VØR-viss eg ikkje kjøper meg kvern, då-

Før eg gjekk laus på plommetreet plukka er resten av svartsurbæra og hadde dei i frysaren. Så samla eg opp epla som låg på marka, men om eg kjem til å lage noko av dei er eg ikkje sikker på. Før pressa eg dei og fraus safta, og det vart godt, men pressa mi er ikkje i orden, så det blir ikkje i år heller..

På føremiddagen i dag var vi på trening først og så på ALTI. Vi hadde ærend på apoteket begge to, og eg handla litt på Bunnpris også. Då eg kom heim laga eg meg middag, i dag vart det grønsaksuppe med pølsebitar, med litt brød til , det var godt. 

I morgon skal vi på pensjonistmøte. Der skal vi først sjå ein film og så skal vi få middag. Alt gratis denne gongen, vi har fått koronamidlar. Vi skal ikkje ha så mykje program sidan filmen er relativt lang, men litt musikk blir det vel. Vi i styret skal ned å dekke bord klokka 11, Møtet/ filmen tek til 14.30, og så blir det vel eg som skal skrive referat, Eg arbeider litt på overtid, hadde tenkt å slutte etter årsmøtet i februar, men så vart det ikkje årsmøte- Ja, eg har nok å styre med., så eg slepp å kjede meg.No skal eg ha meg ein kaffikopp og sette på TV-en.
 

mandag, september 13, 2021

Dagbok 2021: 13.september


 Klokka er no17.45. Temperaturen er  + 15  grader C og sola skin. Ho kom fram tidleg på dag og det var kjempefint å sjå lyset igjen. Eg gjorde litt husarbeid først på dagen, før vi shina oss opp for å gå på konsert, Marit og eg. Det var Jorun Kvernberg  og ei ung dame frå Honndalen som spelte norske slåttar på fele. Dei var veldig flinke. Jorun har eg høyrt fleire gonger før, ho er frå Fræna ved Molde, men har budd i Volda nokre år. No skal dei to damene på turné for "Den kulturelle spaserstokken" og Ørsta var første stopp. Derfor var det gratis å gå på konsert i dag. Vi har kontakta Jorun og ville ha henne på pensjonistmøtet onsdag, men då er dei på turné vidare. 
Etter at vi hadde vore på konserten på kulturhuset, var på på Ørstahallen og stemte. Der var god plass og ikkje veldig mykje folk kl.13 ca. Vi køyrde rett heim for vi skulle ikkje handle i dag. Kanskje vi gjer det i morgon etter trening. 
Eg lurte litt på å ta ein tur på Vernet før middag, men så forstod eg at eg måtte begynne på hagearbeidet skulle eg bli ferdig i dag. Eg klipte plen rundt huset og opp mot vegen før det vart på tide med middag. Maten var enkel, men god, og etter ein liten kvilepause var det ut att og klippe skråningen. Eg veit ikkje om det er to eller tre veker sidan eg klipte sist, men det var mykje gras og mjuk mose. Ergo var det tungt å klippe, men eg blei no ferdig . 
Stammen av plommetreet fekk eg opp under altanen. Granstammane flytta eg litt på, men dei rår eg ikkje med. Greier ikkje å sage dei med handsag, men eg får sikkert hjelp til å få dei i hus. Eg har litt ledig plass i tilbygget etter at eg rydda sist vår og kvitta diverse. No blir det vel ein spennande kveld framfor TV-en når val-resultata tikkar inn. Eg veit ikkje kor lenge eg gidd  å sjå.







søndag, september 12, 2021

Dagbok 2021: 12-september



 
Klokka er no 18.35. Temperaturen ute er + 13 grader C, skodda er borte og sola har kome fram. Betre seint enn aldri, men det har i alle fall vore opplett i dag. I dag tok eg turen på Vernet tidleg på føremiddagen, På veg ned att trefte eg Eli og gjekk eit stykke langs Vernet i lag med henne. Trefte også andre eg kjende og som eg prata med.  Då eg kom heim begynte eg på middagen, sette på poteter og laga kålstuing, for eg hadde kjøpt spekesild på Coop sist laurdag. Marit kom ned ein snartur,og vi bestemte at ho skulle komme ned att etter at eg hadde ete. Ho var åleine heime i dag. Eg vart fryktelig mett av middagen, for denne spekesildpakken inneheldt litt meir enn den førre eg kjøpte. Dermed gjekk det med meir poteter og kålstuing også. Men godt var det. Marit kom ned att etter ei stund og då hadde vi kaffi og is. Det har vore litt sjeldan med kaffibesøka våre i seinare tid, men når det blir innevêr tek det seg opp att. I morgon skal vi stemme, men først skal vi på ein liten gratis-konsert på kulturhuset- stemmelokalet er på samme stad. Elles må eg vel få gjort litt ute om veret blir bra. No har eg sett danseprogrammet frå i går på TV2- eg ser helst "Stjernekamp" på laurdagskvelden, synest det er meir interessant. Komande veke blir relativt hektisk- slepp i alle fall å kjede meg. Og no har eg garn så eg kan strikke lestar til alle mine barn og barnebarn. Og så ser eg fram mot haustferien då eg håper å få sjå nokre av dei.



lørdag, september 11, 2021

Dagbok 2021: 11. september. "Nine eleven"

Klokka er no 17.00, det er +15 grader C på trappa; opplett, men forsid skodde. Men alt er no betre enn regn akkurat no. 

Eg har gått og ruga på ein tanke om å kjøre til Volda og kjøpe garn. Eg har eit lestepar som ikkje er heilt ferdig, på grunn av garnmangel. (Eg har tenkt å køyre til Volda no og då for å venje meg til det. Eg køyrde no ganske mykje den ruta dei to åra eg gjekk på DH.) Der var ei ny dame på butikken i dag og sidan der ikkje var andre kundar kom vi i prat. Eg fekk ikkje rette sorten garn men kjøpte ein annan farge, så får eg gjere ferdig den ein sokken nå eg får rett garn. Dama fortalde at ho kom frå Færøyane, så eg spurde kva ho heitte, men det var ikkje "rette" namnet . Ho hadde to systrer og eg fekk namna deira også.  Då sa eg kva det galdt. Eg hadde ei jente frå Færøyane  i klassen min for ganske lenge sidan, og eg lurte på om det var ei syster, det var det ikkje , det var kusina hennar- . Så fekk eg vite at ho er framleis i Ørsta og jobbar her. Nils var ekspert på å komme i prat med frammande, no har eg overtatt.

Eg visste at Margrete stod på AP-stand i dag , så eg gjekk bort og prata med henne. Men eg fekk ikkje karameller-ho veit at eg stemmer SV. 

På heimvegen handla eg matvarer på Coop i Furene. Då såg eg mitt snitt til å få med meg ein pakke spekesild. Eg var innom Alti ein tur også, men kjøpte berre noko lite.  


Då eg kom heim bytte eg på meg Hoka skorne mine og gjekk ei runde på Vernet. Så vart det mat, grønnsakmiddag, før eg gjekk ut og begynte å plukke Victoria -plommer. Det treet vart ikkje stussa i vår, så greinene peikar i aust og i vest, over og under kvarandre. Eg var ute og plukka eit fat med plommer og stussa nokre greiner, men meir må gjerast etter at plommene er hausta. Plommene var store og fine og gode, men mange er øydelagde av mygl og rote. No var eg passeleg trøtt til å ta ein kaffipause  framfor TV-en. I går var eg så dagvill at eg gløymde å ønske god heg, så då får eg gjere det i dag. GOD HELG !


 

fredag, september 10, 2021

Dagbok 2021: 10.september


 Klokka er no 18.oo, temperaturen ute er +14 grader og så vidt eg veit har det regna heile dagen. Eg vakna med verkande rygg og føter, Marit seier det er gikt vi har, begge to. Men eg kom meg relativt fort, sjølv om eg ikkje var så lysta på å gå på Vernet i dag- men det var mest på grunn av regnet. Eg prøvde å gjere noko fornuftig inne, men var ikkje så lysta på det heller. Etter at eg hadde gjort litt husarbeid, for eksempel sett på oppvask-og klesvaskmaskinene, heldt eg på å sovne då eg sette meg ned. Då gjekk eg ut og henta avisa og -då vakna eg. Eg kom på at eg hadde kjøttdeig i frysaren, så eg tok den opp og tina den og laga kjøttkaker. Eg brukar nesten alltid å ha kjøttkaker på lur i tilfelle eg får raske middagsgjestar. Elles har eg sete og strikka på ein lest, som no er ferdig, mens TV-en ha stått på. I heile den lange fine sommaren har eg nesten ikkje vore inne- og eg hadde til hensikt å vere ute enda lenger. Eg håper og trur på betre ver, for det er mykje som må gjerast før det blir vinter, når ein har eit stort "gods"- men det er lenge til jul- Det er sjeldan eg kjedar meg, men i dag var det like før. I morgon må eg handle litt ymist og då får eg prøve å komme i gang litt tidleg på dag- Neste veke har eg pensjonistmøtet å tenke på. Då skal vi i styret dekke bord klokka 11, og møtet tek til relativt tidleg. Så då går den dagen. Altså onsdagen. Tysdag og torsdag blir det trening ,som vanleg.



torsdag, september 09, 2021

Dagbok 2021: 9.september


Klokka er no18.00, temperaturen ute er + 17 grader C, og no er det opplett. Gårsdagen var litt langdryg, men i dag har tida gått altfor fort. Før vi skulle på trening fekk eg vaska og rydda diverse skap og skuffer, tek sikte på å gjere litt kvar dag, så kjem eg kanskje i mål ein gong. Etter treninga var vi på KIWI og handla, men det var ikkje så mykje eg skulle ha. Då eg kom heim att bytte eg på meg HOKA skorne mine og gjekk ein runde på Vernet, det er lenge sidan eg var der, men det gjekk heilt fint. Klokka var 15.15 då eg kom heim, og då laga eg middag. Også i dag vart det ein stor porsjon med salat, men i dag vart det dessert også- og den var ikkje fullt så sunn. Eg laga "litt" riskrem av grauten frå i går. Eg hadde kjøpt fløte og bringebærsaus på butikken. Eg kokte kaffi og sette meg inn for å sjå serie, eg held på med ein som eg ikkje forstår så mykje av, det er vel derfor eg ikkje sluttar. Men eg sovna ørten gongar, mett og sliten som eg var. Skodda ligg langt nedetter fjellsidene, men eg trur eg skal ut og plukke litt bær uansett. Dei plommene som heng att i toppen på treet må vere overmodne, men eg kan no prøve å riste dei ned. Det er ingen ting i vegen med Storemaskina, det var berre Google som ikkje ville funke. No har eg begge maskine på Microsoft og det går heilt fint. Ja, det spørs berre om eg kjem inn på Møre-Nytt i kveld og får ta ut Sudokuen. For morgondagen har eg ingen plan enno, men eg har i alle fall kjøpt blomsterjord, så eg kan fare fram på grava og ordne litt.


 

onsdag, september 08, 2021

Dagbok 2021: 8.september


Klokka er no 16.20,temperaturen er +16   grader og det regnar nesten heile tida. Eg ser at det heng att plommer i toppen av treet, men dei får no berre henge der. I dag vakna eg opp til vanleg tid, med vond rygg og tett nase. At ein får vond rygg av å plukke plommer som ligg nede, er vel ikkje så rart. Eg kom meg fort. Skulle ta att litt husarbeid i dag, men klokka var berre vel 10 då eg var ferdig å vaske, så eg måtte no finne på noko meir. Etter kvart sette eg på kok ei panne med risgraut for å bruke opp litt melk. Det vart middagen i dag+ ein tallerk med  grønnsaksalat. Men så er det alltid noko som ikkje er som det skal. I dag var det datamaskina som nekta å bruke Google-kontoen, der eg har det meste, blant anna blogg. Heldigvis har eg laptopen og der brukar er Microsoft, så det er der eg skriv i dag. Eg sende ei melding til Helge og han kom innom på veg heim frå jobben. Han fekk ikkje gjort noko med Google, men han hjelpte meg med noko eg ikkje hadde forstått på TV-en. Elles har eg strikka litt og sett TV, Marit var innom ein tur også. Eg håper at det lettar opp litt så pass eg får plukke svartsurbæra. Mykje eple ligg det på marka og dei må eg plukke opp om ikkje anna. Men no har eg laga meg ein kopp kaffi som eg skal kose meg med. I morgon er det trening igjen.


Det store treet på plenen , har mist greiner, og skal miste fleire, men Victoriatreet nedst i hagen skal få vekse. No står det med mange plommer. Spørsmålet er om dei får modne-



                             Bilda fekk eg legge inn på storemaskina. Og no skriv eg der også-



mandag, september 06, 2021

Dagbok 2021: 6.september

Mitt einaste Opal-tre.
Klokka er no17.30, temperaturen ute er + 14 grader og det er regnbyer. I dag sov eg til klokka var nærmare 10, det er slikt som kan hende ein gong i året eller knapt det. Men eg hadde bak meg tre netter med relativt lite søvn og eg la meg ikkje tidleg i går kveld heller. Men  føremiddagen vart kort, for eg skulle møte på Bakk-Ola klokka 12. Det var styremøte i  pensjonistlaget. Bilen min var ikkje køyreklar, men eg fekk sitte på med nabo Solveig som skulle nedover og handle. Opp att gjekk eg, såpass eg fekk litt mosjon. 
Eg gjekk snart ut og begynte å plukke plommer på marka, sorterer dei i brukbare og til å kaste, om lag 50/50 når dei hadde lagt såpass lenge. Eg sjekka også svartsurbæra og dei var der! Må plukke dei også snart. Blåbæra har eg stort sett ete etter kvart, men der er enno noko artt. Eg sjekka også Victoria-plommene, men dei er ikkje modne enno. Der er enno mykje opalplommer på treet, og eg skal ut og plukke så snart det er opplett.
Elles har eg skrive referat frå styremøtet, laga meg litt mat etc. I morgon skal vi på trening igjen, for no har eg fått nytt batteri i bilen. Vaskemaskina er i gang med å vaske treningskleda mine, og i morgon må eg visst handle litt også. Eg er litt irritert på meg sjølv at eg ikkje et unna etter kvart, men lagar meg  lager i fryserane. Men grønsaker må eg i alle fall kjøpe etter kvart.  
Eg tenker med glede tilbake til helga då eg fekk møte så mange i familien. Dei er no elles nokså speidd utover landet; Tromsø, Oslo, Trondheim, Kongsberg og Volda. Eg har ei i Bergen også, og ho var der ikkje. Heller ikkje Einar, men han ser eg no av og til. No ser det ut for at det lettar ute, så kan det bli nokre kilo plommer til å lagre i frysaren.



 

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...