tirsdag, januar 31, 2017

Dagbok 2016: 31.januar

Klokka er 18.15, temperaturen er minus 1 grad, og det har vore ein fin dag. Sola kom til oss ca klokka 10 og var her til kl.16, med ein liten pause bak Melshornet frå 12-13. Sola gjer mykje for varmen i huset, og ikkje minst er lyset kjærkome etter ein særdeles mørk vinter. Markene var rima i dag tidleg, men der sola fekk sleppe til kom den enno grøne plenen fram.
I dag har vi ikkje hatt besøk, men vi greier oss no ein dag utan også. I morgon klokka 14.30 kjem kreftsjukepleiaren innom. Torsdag kjem heimesjukepleien klokka 11.00, og så kjem Einar eit par timar etterpå. Han skal følgje Nils til frisøren så han endeleg skal få klipt seg. Eg har bestilt time, så han skal sleppe å sitte og vente.
Sundag leita eg i timesvis etter nokre papir eg fekk av han som selde støvsugaren til oss. Han lova nemleg å skaffe posar når vi vart lens. Eg var sikker på at eg hadde lagt papira i ei bestemt skuffe, men fann dei ikkje. I dag opna eg samme skuffa, og fann papira med ein gong, men det låg noko oppå. Nils ringde seljaren, og han skulle komme med posar i løpet av veka. Og dett var dett. Eg ringde frisøren, og så måtte eg ringe tannlegen og avbestille timen til Nils den 13.februar, eg har time samme dag, men reknar med å møte opp.
Ja, eg har ringt både hit og dit i det siste, som regel er det Nils som må bruke telefonen, men no begynner eg å venne meg til å ringe, eg også. Har aldri likt å ringe til folk eg ikkje kjenner. Eg brukar heller mail og meldingar på data.
For å spare nokre kroner har eg meldt meg ut av eit par organisasjonar som eg ikkje hadde "bruk for".Det gjorde eg enkelt og greitt på mail.
Av husleg arbeid har eg i dag baka brød, stroke klede, shina opp kjøkkenet og laga mat. I dag fekk Nils "Pasta carbonara" med skinkeboks i staden for bacon. Det har han likt før, og det åt han i dag også. Til belønning fekk han fruktcocktail med dia-is. Han er så glad i dessertar no. Det har vi aldri brukt å ha så mykje av. Til "forfriskning" har han fått smoothie av eplejus og frukt. Han har vore relativt bra både i går og i dag.
Eg har strikka ferdig ein lest i dag, det var ikkje så mykje att. No må eg legge opp eit nytt spøt-det restegarnet til Solveig varer og varer.......
Og så har eg lese ei plate av ei av bøkene eg fekk i går, då er det berre to igjen.
Og der ringde det på døra.


mandag, januar 30, 2017

Dagbok 2017: 30.januar

Klokka er 18.30, temperaturen er ca. 0 grader C og ute på kveldshimmelen konkurrerer Venus med ein liten månesigd om kven som lyser mest. Eg held ein knapp på Venus.
Denne dagen har gått så fort at eg kan knapt forstå at kvelden er komen.
Vi ligg lenge om morgonen, som før sagt, men eg var no oppe, hadde kledd på meg  etc. etc. då det ringde på døra klokka 10.00. Det var heimesjukepleien. Både Nils og eg var sikre på at vi hadde avtalt tysdag, men der tok vi nok feil. Vi tok imidlertid ikkje feil av klokkeslettet, som vi har bestemt til kl.11.00 fordi vi skal få tid å summe oss og ete frokost  før ho kjem. Men det er nye folk heile tida. 
Ho som kom i dag var grei, ho sa at kunne kome att om ein time. Nils får nokre voldsomme sveittebyger om morgonen og vil vere ferdig med det før han får dusja og stelt seg. I dag gjorde han det meste sjølv, men ho var der med han og passa på at han ikkje dett på badgolvet- det er min store skrekk.
Etter at heimehjelparen hadde reist, bytta eg på sengene og vaska soverommet. Ei av nabodamene kom på besøk og vi vart sittande å prate ei stund. Så laga eg middag, og i dag, endelig, ville Nils ha silda som eg hadde kjøpt. Eg laga rabbestappe til og kokte poteter. Nils åt ein heil sildefilet, mens eg åt 1,5. Berre barnemat mot kva vi åt før i tida då begge var friske.
Eg hadde kake igjen enno, så det vart kaffi og kake til dessert i dag også. Janne kom med tre bøker som dei hadde lagt til side til meg på biblio, så eg har sete og rippa ei heil stund, mens eg strikka og las ferdig boka eg heldt på med.
I morgon har vi ingen spesielle planar, men onsdag kjem kreftsjukepleiaren innom, og torsdag kjem heimesjukepleiaren igjen og så kjem Einar for å følgje Nils til frisøren så han endelig kan få klipt håret sitt. Litt av eit program for gammalt folk. I dag harNils snakka med systra si i telefonen.
No må eg få inn att soveromsgolvteppa .

Bok nr. 4- 2017: De skyldfrie

De skyldfrie
Sigrid er nitten år da hun møter Embret. Han har nettopp flyttet til bygda som lærer. Hun lengter ut, bort fra moren og lillesøsteren, Edit. Han ønsker å bli lagt merke til, og få alle rundt seg til å se hvem han egentlig er. I hverandre finner begge det de vil ha, og sammen skal de møte framtiden. Men livet vil det annerledes. Når katastrofen slår ned, blir Embret og de to søstrene stilt overfor et valg som besegler deres skjebne. Prisen er en løgn som truer med å rive tilværelsen fra hverandre. En løgn som sakte forvandles til en form for sannhet. De skyldfrie er en roman om fremtidshåp og selvbedrag, om nåde og undergang. Det er roman om lengselen etter å være noe mer enn seg selv, og den snikende erkjennelsen av at man allerede er fanget av sine egne valg.
....................................................................................
Eg les ikkje mykje for tida, som før sagt, men no har eg kome meg gjennom denne vesle boka på 8 CD-plater. Gaute Heivoll er ein framifrå forfattar, særleg likte eg boka "Før jeg brenner ned" godt.
Når det gjeld denne boka som eg no har lese er eg litt i tvil om kva han VIL med den. Fortellinga er grei nok, personskildringane og hendingane talar for seg. Vi får vite kva folk gjer og kva dei seier, men tankane må vi tenke sjølve. Det likar eg eigentleg godt, men det er noko som manglar.....kanskje andre som les boka vil få tak i det.

søndag, januar 29, 2017

Dagbok 2017: 29.januar

Kassettar med filmar frå barnebarna var små, blant anna. Vi skal få dei over på DVD-plater.

Klokka er 17.00, temperaturen er ca. +4 grader. Det har vore lettskya og ganske fint vêr i dag, finare etter kvart.
På føremiddagen begynte eg å leite etter nokre "papir"- det resulterte i at eg fekk rydda fleire skuffer-utan å finne papira. Men eg fann andre ting, blant anna nokre gamle filmar som eg har leita etter før. Og så fekk eg rydda fleire skuffer og kasta diverse rot.
Etterpå hjelpte eg Nils med å avslutte 2016 - rekneskapet for SV. Han har sagt frå seg styreverv og kasserarstilling etter mange års teneste.
Det er liten vits i å lage middag når ikkje Nils et den likevel, så i dag kokte eg berre blomkålsuppe, og køyrde den i blenderen så Nils fekk drikke den frå ei skål. Slik serverte dei suppa på Ørstaheimen, noko som han likte. Med rikeleg smør og fløyte blei suppa ganske næringsrik- eg åt den litt magrare varianten.
Eg "kommanderte" Nils til å legge seg nedpå og ligge heilt i ro mens eg tok ein tur rundt Storebakken i det fine vêret som likna meir på april enn januar. Då eg kom heim serverte eg kaffi og kake (med mange kaloriar).
Kveldane er kjekkaste tida, då ser vi TV og Nils er i bra form. Men i går vart vi rimeleg leie av "Spelemannsprisen". Vi kunne sjølvsagt sett over til ein annan kanal. I kveld er det mange kjekke program. Når vi er såpass fastlåste betyr TV-en god å ha. No ser Nils sport, mens eg er på data. Skulle hatt med meg fotoapparatet då eg gjekk tur i dag, men det låg på rommet der Nils låg og sov.
I dag synest eg at vi har hatt bra struktur på dagen. Eg har tenkt at Nils skal få legge seg ned på dagtid, mens eg går ut ein tur anten på butikken eller berre ein tur.
I dag har det ikkje vore nokon på besøk. Tysdag kjem heimesjukepleiaren klokka 11.00. Janne vil hente heim bøkene som ligg på biblioteket på vent. Nils har vore betre i dag enn i går.

lørdag, januar 28, 2017

Dagbok 2017: 28.januar

Klokka er 20.00, temperaturen er + 6 grader og det regnar aldri så lite.
Nils var ikkje bra før middag, han låg for det meste, og klokka var 12.00 før han fekk i seg frokost.
Seinare kom han seg til, og no er han heilt bra. Som de forstår er det ikkje så lett å få til gode rutinar. Han tek tablettane om kvelden, men det varer ei god stund før han blir "normal" igjen.
Elles har det ikkje skjedd mykje i dag. Eit par av naboane har vore innom ein snartur for å helse på Nils.
Eg laga kjøttkaker av 1 kilo kjøttdeig som eg kjøpte i går. Vi har ikkje smakt dei enno, men dei såg no gode ut.
No på sein ettermiddag har Nils sett sport på TV, mens eg har strikka og lese lydbok. Sovna gjorde eg også, opp til fleire gonger.
Så er det vel snart på tide å sette seg framfor TV-en og sjå kva som er på programmet.

fredag, januar 27, 2017

Dagbok 2017: 27.januar



Klokka er 21.15, temperaturen + 1grad C og Nils ser handballkamp på TV. Vêret har vore nydelig i dag, vi har hatt besøk av sola heile tre gonger, i 11-tida var ho her ei god stund, ei lita stund i 13-tida og enda kortare klokka 15. På bilda kan de sjå at der var litt skodde i lufta, noko som skapte eit heilt spesielt lys. Det var ganske mildt først på dagen , men no kjem kulden krypande.
Nils var ikkje i form då han vakna , men vart betre utover dagen, best er han om kvelden. Derfor er vi ofte lenge oppe om kvelden og står seint opp om morgonen. Han går på sterke tablettar, det er derfor han er "dårleg". Anne Elise var på besøk før middag, og det var kjekt. Når ein ikkje kjem seg ut i verda, er det kjekt at verda kjem heim i form av litt nytt. Han la seg inn på datarommet på senga her, mens eg støvsuga og laga middag. Appetitten hans er ikkje mykje å skryte av men han får no i seg noko.
Etter at vi hadde slappa av ei stund, kom Solveig innover, som avtalt. Vi drakk kaffi, og så køyrde Solveig ned på Amfi så eg fekk proviantert. Ja, ho måtte som vanleg ein tur innom Femina, der ho som regel finn eit eller anna ho treng. No ser Nils handball på TV mens vi tek opp diverse andre program. (Eller vi kan sjå reprisane eller på data.) Ønsker alle ei god helg!


torsdag, januar 26, 2017

Dagbok 2017: 26.januar

Klokka er no 17.15, og eg har nettopp tatt bilde av kveldshimmelen frå altanen, eit mot vest og eitt mot aust. Når det eine vert så mykje mørkare enn det andre, er det fordi eg siktar mot himmelen, mens blitzen slår seg på mot aust. No er det i ferd med å mørkne ute, men vi har hatt ein fin dag, sola kom til oss to gonger, ho var vekke bak Melshornet ei god stund. I går kveld/natt då vi skulle legge oss, var det +11 grader C, så mildt at eg sette opp dører og glas og fekk lufta godt ut før natta.
No er det ca + 8 grader ute, men eg trur det kjem til å bli kaldare utover kvelden, sidan det er så klårt og sidan det tross alt er januar.
I dag hadde eg sett mobilen på vekking klokka 9.30 for sikkerheits skuld. Eg vakna sjølvsagt lenge før det, men sovna attpå. Eg ville opp i god tid og få unna morgonstell og frokost før heimesjukepleiaren kom. Ho kom klokka 11.00 som avtalt. Det var ei vaksen dame, frå Selje. Det er stadig nye folk som kjem innom, men det får vi venje oss til. Ho hjelpte Nils så han fekk dusje og vaske håret sitt og få på seg reine klede. Han var ikkje heilt i form i dag, hadde nok vakna for tidleg, trur eg. Mens ho vaska Nils, tok eg og vaska stuevindua utvendig, men mopp og Zalovatn, skylte med reint vatn. No ser vi i alle fall gjennom glasa, og så skal eg finpusse ein annan dag.
Nils måtte legge seg nedpå etter at heimesjukepleiaren hadde gått, han tok seg ei flaske med styrkedrikk først. Dermed rauk skjemaveldet i dag. Ikkje uventa. Men eg laga middag mens han kvilte, det vart ovnsbakt laks med poteter, gulrot og hollandaise -saus. Han åt opp det eg laga til på tallerken hans, og så fekk han dessert, det var mandelkjernepudding med rørte jordbær, for tredje dag på rad. Ein puddingpakke varer lenge til ein person. Eg avstod frå dessert, men åt meir laks enn han. Litt vanskeleg når ein av oss skal opp i vekt og den andre ned. Etter middagen sovna han i stolen sin, og då han så vakna var han i betre form. Då fekk han kaffi og småkaker+ jordbærsmoothie. Som de skjønar går eg opp i rolla som sjukepassar-særleg når det gjeld mat. Men det gjer eg med glede. Men det er ikkje kjekt å lage mat til folk som ikkje vil ete. Når det gjeld middagsmat, får han to eller tre rettar å velje mellom. Og det han har valt må han ete.
Tenkte at eg kanskje skulle ta ein tur på butikken i dag, men utset det til i morgon. Ingen må stresse med meg og handlinga mi, eg får alt eg treng eit lite steinkast unna-eller eg kan slå meg i lag med naboar som skal nedover uansett. Det blir mykje TV og strikketøy på ettermiddag- og kveldstid.



onsdag, januar 25, 2017

Dagbok 2017: 25. januar

Klokka er snart 19.00 og temperaturen ute ca. + 10 grader C. Det har vore som ein vårdag!
Eg hadde nettopp skrive eit langt blogginnlegg som eg kom i skade for å slette med eit tastetrykk. Så no får eg prøve å gjenskape det.
I dag har Nils og eg vore heime åleine det meste av dagen, det var litt rart, men godt også. Begge sov godt sist natt, og Nils kosa seg heime i si eiga seng. Vi var ikkje tidleg oppe, og først i 11-tida var vi ferdige med frokosten. I morgon må vi opp litt tidlegare for då kjem heimesjukepleiaren. Ho skal vere her så Nils får dusje. Eg er litt redd han skal dette og skade seg, og eg greier ikkje å halde han på beina om han skulle vise tendensar til fall. Ho skal komme innom to gonger i veka til å begynne med, og så får vi sjå om vi treng meir eller mindre hjelp. Vi får den hjelpa vi ber om.
Marit var den einaste som besøkte oss i dag. Ho hadde med seg jordbær til Nils. Etter hans eige ønske laga eg ein slags smoothie av halvparten av bæra + is og litt sukker. Det likte han godt. Han må få noko som er berre godt - utan tanke på feitt, protein og kaloriar. Nils må få i seg nok mat, og nok næring, det er heilt naudsynt både på grunn av sjukdommen og medisinane.
Vi, og særleg Solveig, ivrar for at vi skal ha streng dagsrytme når det gjeld måltida. I dag har vi fått det bra til. Frokost 10-11, lunsj 13-14 og middag 17-18. Nils skal også ha kveldsmat, men eg må hugse på at det ikkje er eg som skal fetast opp. Innimellom har vi drukke kaffi.
Eg fekk vaska bad og kjøkken før middag, elles har eg ikkje gjort noko særleg anna enn å lage til mat(lettvint).
Det var stas for Nils å komme heim til TV-en så han har sett mykje i dag. Eg har site i lag med han og strikka litt.
Det gjekk opp for meg i dag at det er første dagen på 2,5 veker eg ikkje har vore på vandring anten til fots eller med bil. Det er kanskje derfor eg verker litt i beina- og er litt rastlaus. Det er lett å komme inn i vanar.
I dag fekk vi eit blad som heiter "Her og nå" i posten. Sidan det ikkje var namn på bladet rekna eg med at det var gratisreklame. Håper ingen saknar bladet i postkassa si. Eg har nesten aldri kjøpt "Se og hør" eller andre kjendis-sladreblad, men eg las no dette-utan at det gav meirsmak. Men der var eit godt TV-programblad med, det var meir interessant.
No må eg passe på å ikkje trykke feil så eg må skrive enda eit blogginnlegg.
Eg veit at mange les bloggen min for å oppdatere seg på korleis det går med Nils, og det synest eg er heilt OK. Kjekt at folk bryr seg.


tirsdag, januar 24, 2017

Dagbok 2017: 24.januar


Klokka er19.45, temperaturen ute er + 7 grader C, det har ikkje vore mange rgndropar i dag, men fint og vårleg til tross for at det berre er 1 mnd. sidan julaftan.
I dag vimsa eg ikkje rundt så lenge før eg gjorde meg klar til å gå ned på Ørstaheimen. Eg hadde med ein liten ryggsekk. Eg kom til tomt rom, men begynte å pakke sekken med dei tinga som Nils skulle ha med seg heim, mesteparten tok Margrete og eg i går. Nils kom att, han hadde vore på trim, og han var sliten. Etter ei stund fekk vi besøk av Kjekk fiskekamerat, og så kom dei og henta Nils til lunsj. Klokka 13 stod drosjen klar til å køyre oss til Volda. Sjåføren var ein av mine tidlegare elevar. Eg kjende han ikkje att etter nærmare 20 år, men han kjende meg. Ja, han visste no namnet til Nils, då.
På sjukehuset står det berre rullestolar til frakting av pasientar, ingen rullatorar, så det var berre å plassere Nils i rullestol og trille han inn i heisen. Ingen problem, alle dører opnar seg og heisen løfter oss opp. Vi var litt tidleg ute, så vi måtte vente litt på Bjørg. Ho kunne berre fortelle at verdiane går opp og ned, og no var dei gått ned sidan siste gong det  vart målt. Han skal gå på samme tablettane ein månad til og så blir det ny måling. Viss tablettane framleis virkar får han meir av samme sorten. Ho fortalde også at tablettane gjer at han blir slapp.
Vi måtte vente litt for lenge på drosje då vi skulle heim, så det vart travelt for Nils å sitte i rullestolen så lenge. Men vi kom oss no heim til slutt. Då kokte eg kaffi og smurde ei brødskive til Nils før han fekk legge seg inn på datarommet og kvile. Han var i fin form då han stod opp att.
Vi sette oss til å sjå TV, då ringde det på døra. Det var ei frå SV-styret som kom med ein nydeleg rosa hortensia. Ho skulle besøke Nils på Ørstaheimen , men der var han ikkje. Eit øyeblikk etter kom ein ny bil, det var heimesjukepleiaren frå Ørstaheimen. Det viste seg at eg kjende henne frå skulen, ho er veslesøstra til ein tidlegare kollega. Vi har bestilt heimesjukepleie to gonger i veka, så får vi sjå om det er nok- for lite eller for mykje.
Til middag klokka 18.00 blei det ertersuppe med grønsaker og pølsebiter, mandelkjenepudding med moste jordbær til dessert.(Berre til Nils-han likar så godt dessert) Og så vart det TV etterpå. I morgon skal vi prøve å sette opp ein timeplan for måltid og besøk etc. slik at det ikkje går i ball for oss no igjen. Mat er alfa og omega for at Nils skal vere i form.
Meininga var at Nils skulle få klipt håret sitt mens han var på Ørstaheimen, men slik vart det ikkje. Det er vel ikkje så mange 80-åringar som er plaga med for mykje hår?

mandag, januar 23, 2017

Dagbok 2017: 23.januar

Klokka er 18.40, temperaturen +3 grader, og i dag regna det igjen.
Eigentleg har eg vore nokså lat i dag, så eg har ingen store bragder å skryte av. Før middag farga eg håret mitt og rydda litt i huset etc. Sat ei stund og høyrde lydbok mens eg strikka etc. Margrete kom etter skuletid. Eg hadde varma ein pizza frå frysaren, så vi åt litt før vi tok turen ut til Nils. I morgon skal han til sjukehuset i Volda, og etterpå rett heim. Derfor tok vi med oss mesteparten av det han hadde der ute  heim i dag. Til dømes er laptopen på plass på stovebordet igjen.
No er vi sjølvsagt spente på kva legen vil seie i morgon, og korleis det vil gå når han kjem heim att.
Ein ting er sikkert, vi må ha strenge rutinar når det gjeld mat og måltid, det er
PLAN 1.
I dag har han hatt besøk at to nabopar, det første før middag, det andre i det Margrete og eg skulle til å fare. Det blei ingen mosjon på meg i dag sidan Margrete både henta og bringa. Ho skulle på eit møte her i Ørsta klokka 18, så ho hadde eit par-tre timar til rådvelde mellom jobb og møte.
Ho fekk også tak i ein sotkubbe til meg på Europris, så no skal omnen brennast rein.
For meg blir det vel no å sette meg i godstolen med strikketøy og TV. I morgon kveld er Nils heime, håper eg.

søndag, januar 22, 2017

Dagbok 2017: 22.januar



Bildet: Dette er barndomsheimen til Nils. Han er fødd i huset til venstre i bildet. Huset var akkurat ferdig og familien på tre hadde nyss flytta inn då Nils kom til verda i november 1936. Han var nr.to i søkenblokken på fire. Nils hadde heimen sin her heilt til vi gifta oss i 1962. Same året døde far hans, berre 52 år gammal. Mora budde der åleine i mange år, før ho flytta til aldersheimen på Hardbakke. Då vart huset ståande tomt, men både vi og andre i familien budde der i feriar.
Mora døde i år 2000, nesten 91 år gammal. Det vart til at Roar, son til yngste broren til Nils, tok over huset. Han har pussa huset fint opp både utvendig og innvendig og gjort mykje for å få det fint rundt huset også. Huset til høgre i bildet er den gamle løa, som er blitt omgjort til noko heilt anna, mellom anna er der garasje. Eg har ikkje vore i Trovågen etter dei store omveltningane, men både Nils og eg synest det er kjekt at Roar tek så godt vare på den gamle barndomsheimen.

Klokka er no 20.35, temperaturen ute er + 4 grader og i dag har det ikkje vore nedbør så vidt eg veit. Lyst har det også vore.
Føremiddagen gjekk med til diverse huslege syslar, mellom anna baka eg brød. Hadde melk som var ute på dato og eg likar ikkje å kaste mat. Brøda vart gode ,dei, og no er dei i frysaren.
Litt før klokka 14 gjekk eg ned til Nils og var der til klokka var ca. 18. Det var ingen andre som besøkte han i dag. Eg fekk kaffi og eit kakestykke, det samme fekk Nils. Dei et tidleg middag laurdag og sundag, så den var dei ferdige med.
Planen er no at han skal bort på sjukehuset tysdag kl.13.30 for å treffe kreftlegen frå Ålesund og så skal han heim. Eg håper det går bra å ha han heime. Han går med rullator no, og han et opp maten sin når han er på heimen-spent på korleis det går når han kjem heim. Ja, berre han får vere frisk så går det nok bra. Eg skal nedover i morgon ettermiddag og ordne opp med diverse, så dersom andre vil besøke han, passar det best tidleg på dag.
No når eg er åleine heime et eg berre morgon og kveld, og no vart det eit veldig stort måltid. I staden for middagsmat vart det ein boks sardiner i olje.Det er no sunt i alle fall.


Bok nr 3 - 2017 :Adam, Christoffer Columbus, Henrik Ibsen og andre store oppdagere.

  Adam, Chr. Columbus, Henrik Ibsen og andre store oppdagere av Odd Børretzen (Nedlastbar lydbok)                      
I denne boken møter vi Adam, som oppdaget Eplet og Den dårlige samvittigheten og Colombus, som oppdaget Amerika og Medaljens bakside. I tillegg møter vi andre oppdagere, blant annet Henrik Ibsen, som oppdaget Den ensomme tjenestepike og Kjell Adamtzen, som oppdagen Seg selv.
...............................................................................
Denne boka er på 2 CD -plater. den er skriven i det eg vil kalle kåseristil og er lesen av forfattaren sjølv. Eg har kost meg med boka. Sidan alle kjenner til forfattaren Odd Børretzen treng eg vel ikkje skrive meir.
Anbefalt.

lørdag, januar 21, 2017

Dagbok 2017: 21.januar

Klokka er 19.30, temperaturen er + 2 grader og det har regna litt i dag også-trur eg, eg har ikkje vore så mykje ute.
Føremiddagen i dag gjekk med til diverse huslige syslar som ikkje er så interessant for andre enn meg sjølv. Merkeleg nok er det noko som må gjerast sjølv om ein er åleine heime. Eg laga ei svelerøre og steikte sveler og koka kaffi til Solveig skulle kome. Eg hadde gitt henne i oppdrag å fare innom Lefdal og kjøpe kaffi og ein blendar. Nils hadde fått smoothie  på Ørstaheimen og det likte han godt, så no må eg lære meg kunsten å lage.
Solveig og eg besøkte Nils, der hadde ikkje vore andre før i dag, men før vi gjekk fann eg fram NRK 1 på laptopen, så då hadde han sport å sjå på. Dersom han skulle ha vore der lenger hadde eg skaffa han ein TV-viss der er lagt opp til det. Greit nok at der er TV i fellesromma, må då å alle sjå same programma, elles kan det bli strid. Det er det einaste eg har å klage på, elles har dei det godt på Rehab. Både Solveig og eg fekk  kaffi og kaker der i dag,  betjeninga er flinke og hyggelige og maten god.
Viss det går som planlagt skal Nils heim på tysdag.
Etter besøket var Solveig og eg på Amfi og handla, klede og mat. Vi var på Femina og shoppa på sal, eg kjøpte to genserar for prisen av ein, til dømes.
Solvei køyrde meg og varene heim att, og så reiste ho heim.
Ein ting fekk eg ikkje tak i  og det var slik kubbe som ein brenn i omnen for å få bort sotet. Er det nokon som veit kvar dei sel slike? Vi har kjøpt på Shell før, men i dag hadde dei ikkje.
Solveig hadde med seg to lydbøker som eg skal rippe. No har eg lesestoff lenge. Det blir faktisk ikkje lese så mykje for tida enda eg er åleine. Det blir helst til at eg ser TV.
Var litt flau då referatet mitt kom i avisa i dag, eg oppdaga opp til fleire tastetrykkfeil. Eg plar alltid printe ut det eg skriv-då ser eg feila betre, det gjorde eg ikkje denne gongen. Håper eg får tilgjeving for synda. Litt flaut for meg å skrive feil når eg er så oppteken av rettskriving.

fredag, januar 20, 2017

Dagbok 2017: 20.januar

Restelestar til Nils denne veka.

Klokka er 19.45, temperaturen  ca. +5 grader. Det er kanskje berre eg som likar dette vêret med regn og skodde akkurat no, men etter å ha vore mykje ute og gått på litt glatte vegar, er det fint med berre asfalt- eller grusvegar.
I dag håtte eg gjere litt husarbeid før middag, litt blir det å ta tak i om eg er åleine-men ikkje så veldig mykje!
Eg støvsuga og rydda litt, fekk sett vekk nokre fleire juleting, strauk nokre få plagg etc.
Då klokka nærma seg halv to tok eg turen ut til Nils. Han var ferdig med lunsjen då eg kom,i dag hadde dei fått pizza. Ikkje alle var like nøgde med det. Nils brukar å like det veldig godt, men no vil han ha mat som er lett å tygge og helst med mykje saus. Eg har ei utfordring akkurat der, for tysdag skal vi treffe kreftlegen i Volda, og så skal Nils skrivast ut frå Ørstaheimen. Det er sjølvsagt kjekt å få han heim, men eg har vore sytalaus mens han har vore der.
Der et han alt han får, anten han likar det eller ikkje, og han et opp maten. Der er faste rutinar med mat til fastsette klokkeslett osb. Dette må vi prøve å få til heime også, men av erfaring veit eg at LETT er det ikkje.
Nils var sliten då eg kom i dag, fysioterapeuten hadde vore litt for tøff med han, ho skjønte nok ikkje kor svak han er. Men han klarer å gå no-med rullator. Vi har takka ja til heimesjukepleie to gonger i veka og så får vi sjå om det er nok. Alt kjem an på om han held fram med å bli betre etter kvart.
I dag var det berre eg som besøkte han, og eg var der i 4 timar, så eg overvar middagen også, som var bacalao. Desserten likar han best, det var fruktcocktail med krem.
Eg gjekk heim-brukte 23 minutt i dag, og så var det endeleg min tur å ete. Eg et berre morgon og kveld når eg er åleine, og det held godt. I går åt eg ein boks sardiner i tomat til middag-i dag vart det ein annan variant: Makrell i tomat. Må passe på å ete noko som er sunt i alle fall. Og eg finn litt av kvart rundt omkring i huset.
I morgon kjem Solveig innover med bil, då skal vi handle inn diverse matvarer- og besøke Nils, sjølvsagt.
Ønsker alle ei GOD HELG. No skal eg benke meg framfor TV-en med strikketøyet mitt. Her går det framleis i lester.

torsdag, januar 19, 2017

Dagbok 2017: 19.januar

Tok bildet frå brua over Vikelva. Eg går vegen langs elva når eg skal ut til Nils. Denne elva har det med å vekse veldig opp når det er regn og snøsmelting. Men går fort tilbake.

Klokka er 18.45, og det er ei god stund sidan eg kom heim att; men så vart eg sittande å klusse med nokre bilde som eg tok med mobilen og skulle få inn på bloggen. Ja, eg har gjort det før, men eg er ikkje alltid like bevisst kva eg gjer.
Ute er det ca. + 4 grader C og så vidt eg veit har det regna i heile dag. Eg ser det positive i at vegane er berre og ikkje glatte.
Det første eg gjorde i dag, var å skrive referat frå møtet i går. Eg sende referatet til avisa og bad om tilbakemelding, men har ikkje sett noko enno. Kanskje mailen vart borte på vegen denne gongen også?
Nils ringde, etter at eg hadde sendt melding, og vi avtalte at eg skulle komme ut til han mens det var dag. Eg gjekk heimanfrå i 13-tida, men tok ikkje tida, for eg trefte folk eg kjende i kafeen, der dei sat og åt torsdags-ball.
Eg vart verande hos Nils til klokka var ca 17.00. Då hadde eg fått snakka med pleiarar og vi hadde fylt ut skjema. Det går bra med Nils og han har det godt på heimen, men ein ting saknar han, og det er å ha eigen TV på rommet. NRK 1 kan han sjå på data, men i kveld  er det handballkamp på TV 2. Han har fått seg ei venninne som ikkje er dement og dei skulle visst sjå kampen i fellesrommet. Det var visst fleire som ville sjå også. Elles held han seg oppdatert på Facebook, men skriv ikkje sjølv, for det er litt problematisk for han når han ikkje har skikkeleg bord med stol til, men må sitte på sengkanten med laptopen på nattbordet, Men han kan trykke på like. Det betyr at han har lese det, om nokon sender ei helsing.
No har eg tømt ein trommel med klede og sett på ein ny klesvask, hatt ut oska og bore inn ved + diverse anna. No skal eg kveike opp i omnen, finne meg litt mat og sette på TV-en.
Eg tok tida på heimturen frå Ørstaheimen og hit. Tida var 23 minutt, mest i motbakke. Det er fint å ha så kort veg i staden for å reise til Volda.
Viss eg ikkje tek feil er det ein av gutane på Eid som fyller år i dag, så vi gratulerer Øyvind med dagen.

onsdag, januar 18, 2017

Dagbok 2017: 18.januar.

Klokka er 19.45, temperaturen ute er + 5 grader C og det har regna i heile dag. Vegane er berre, men det ligg framleis ein god del snø på markane.
Eg gjekk nedover i 11-tida, vi skulle ordne til på Kulturhuset, dekke bord etc. No har vi køyrt eit heilt år med ein for lite i styret, så vi er berre tre som møter opp. Det går fint, men om ein av oss tre sviktar, kan det bli problem. Vi ønsker oss fleire medlemmer som er villige til å gjere ein liten jobb.
Eli køyrde meg heim att, så eg var her då Einar kom, han fekk rullatoren inn i bilen sin, for dei ville at Nils skulle ha den på Ørstaheimen. Den er betre enn dei dei har der.
Så hadde eg pause  som eg blant anna brukte til dusjing, hårvask, data og strikketøy. Stian køyrde Marit og meg i Marit sin bil både ned og opp att. Etter mitt syn var møtet vellykka og eg trur alle likte filmen som Eli hadde funne fram til, både ho og særleg Terje har god peiling på film. "Postmannen" heiter filmen. Eg fraus som ei bikkje i kinosalen enda eg var godt kledd, men fekk jakka til ei anna til å legge over knea, så det hjelpte. Meir skriv eg ikkje om møtet i dag, for i morgon skal eg skrive referat til avisa. Vil berre nemne litt om jenta på bildet. Ho heiter Louise Engeseth og etter det eg kan bedømme er ho ei komande operastjerne. Ho går i klassen til Amanda på musikklinja på VVS.
Eg har ikkje besøkt Nils i dag, berre snakka med han i telefonen, men Einar og Margrete har i alle fall vore der. I går hadde han 11 visittar, så det er ikkje så farleg om det vere litt færre somme dagar. Einar skriv at Nils var mykje kvikkare no, han har ikkje sett han på nokre dagar, så han ser skilnaden.
No må eg ha meg litt mat, og kanskje litt kaffi, den vi får på møta er ikkje særleg å skryte av. Og så må vi i styret bruke matpausen til å selje årar. Men det er godt å vere til nytte.
I dag fyller Håkon 23 år og vi gratulerer han med dagen.


tirsdag, januar 17, 2017

Dagbok 2017: 17.januar

Klokka er 19.30, temperaturen + 3 grader C og det har regna i heile dag. Den fine vinteren varte ikkje lenge.
Etter at Rasmus reiste i går, vart eg her åleine igjen. Men det går heilt fint. Eg har nok å gjere og nok å ta meg til. Det blir rett nok ein del data og TV, men eg har litt av kvart å styre med.
Av erfaring veit eg at når snøen begynner å smelte på altanen, kan det vere fare for at det trekker vatn inn i huset, så noko av det første eg gjorde i dag var å kaste snøen over ripa. Ei stund etterpå var altanen likevel full av vatn, fordi der låg ein iskant fremst på betongen og demde opp for vatnet som blant anna kom frå taket. Eg hadde litt strev med å få bort den isen, men ved hjelp av litt grovsalt gjekk det bra. Og det var godt, for då eg seinare fortalde det til Nils viste det seg at han hadde lege og tenkt på akkurat dette problemet. Eg har gått i skule med han i mange år, og det kjem vel med no.
Så tok eg "fredagsvasken" på bad og kjøkken, den fall på tysdag førre veka også. Eit par klesvaskar skulle leggast i hop etc. etc.
Eg hadde tenkt å ut på Ørstaheimen i dag, etter at naboane hadde vore der, men vegane var så slapsete og glatte at eg kontakta Anne Lise og spurde om eg kunne få sitte på med dei. Det fekk eg sjølvsagt.
Så tok eg meg ei stund med strikketøyet og høyrde ferdig lydboka mi før vi for.
Då vi kom inn til Nils var legen der, ei relativt ung firebarnsmor, så fekk vi helse på henne. Ho sa at infeksjonen var borte og blodprosenten var stabil. Litt etter kom ein sjukepleiar som var ny for meg. Ho kom med middag til Nils. Maten såg god ut og han åt opp alt. På føremiddagen i dag hadde han vore på trening og det hadde gått bra. Det går framover, og eg håper han får vere der så lenge at han kjem seg i skikkelig form. Etter at vi hadde prata ei stund kom Matias, han hadde alarm på mobilen, for han skulle heim og ta brøda ut or omnen. Naboane skulle handle litt, men eg vart att til dei kom og henta meg. Eg kan ikkje få fullrost alle som har stilt opp for oss denne tida.
Nils skulle ha vore til frisør for lenge sidan, men komande mandag får han visst ein sjanse. Det kjem frisør på "huset" der han er no.
Hadde så vidt kome inn døra då eg fekk telefon frå ein mann som presenterte seg som T. Å. Han fann ikkje att annonsen til Pensjonistlaget, han ville komme på møtet i morgon. For dei som enno er i tvil: Møtet tek til med film klokka 15.30, så blir det pause med mat, loddsal og underhaldning, før vi ser resten av filmen. Inngangspengane denne gongen er 150 kr, men ein får mykje for pengane.
Til middag i dag blei det skiver med leverpostei og rødbetar, så no er juleposteien oppeten. Endeleg. Eg har litt problem med å få has på all maten eg har kjøpt i hop.

Bok nr. 2- 2017: Når det mørkner

             Når det mørkner av Jørn Lier Horst (Lydbok-CD)           

Møt William Wisting som ung mann!

Stavern 1983: Det nærmer seg jul, og snøen faller tungt. William Wisting er nyslått tvillingpappa og en fersk og ambisiøs konstabel på politivakta. Under et brutalt ran havner han plutselig i sentrum for dramatiske begivenheter, men mer erfarne politimenn overtar etterforskningen.
En vennetjeneste fører ham imidlertid på sporet av en annen forbrytelse. En ikke bare uoppklart, men sannsynligvis også uoppdaget drapssak. Bortgjemt på en forfallen låve står en gammel bil med kulehull i. Og mye tyder på at sjåføren ikke kom levende fra det.
Saken skal forme William Wisting som politimann og gi ham en innsikt han vil bære med seg resten av sin yrkeskarriere: Slekt skal følge slekters gang.

..........................................................
Jørn Lier Horst skriv autentiske politiromanar som mange likar. Eg har likt somme av bøkene hans, men denne var direkte kjedelig etter min smak. Boka er på 4 CD-plater og eg har brukt ei evigheit på å høyre dei. Trur eg har høyrt om att det meste ørten gonger. I dag sette eg meg ned framfor datamaskina og strikka men eg fekk med meg resten. Men spør meg ikkje kva boka handla om.....

mandag, januar 16, 2017

Dagbok 2017: 16.januar

Klokka er 19.00. Temperaturen er 0  grader C, det har vore lettskya og fint i dag - og ikkje nedbør. Litt før klokka 11.00 fekk vi sola inn i stova ei lita stund, lenge nok til å sjå at eg må sette vinduspuss på timeplanen.
Vi stod ikkje opp i gryotta i dag heller, så føremiddagen blei ikkje lang. Vi for på besøk til Nils relativt tidleg, sidan Rasmus måtte reise herifrå i 16-tida, og før den tid skulle han gjere ferdig og printe ut matteprøver som han skal dele ut til elevane sine i morgon. Han bestilte TAXI til klokka 16.10, men før den tid rakk vi og ete og ha julepynten opp på loftet.
Eg har hatt stor glede og nytte av å ha Rasmus her desse dagane. Ikkje berre har eg hatt snømokar, privatsjåfør, shoppingassistent, men også samtalepartnar og ein å dele maten med. Mest av alt var eg glad for at Nils fekk besøk av ein som ikkje er her så ofte, no når han har det relativt bra.
Etter at Rasmus reiste har eg sete har ved dataen mykje av tida, men eg har no fått sett i gang vaskemaskina om ikkje anna og lagt godt i omnen til eg skal benke meg framfor TV-en. Eg trivst godt åleine også, sjølv om det er veldig kjekt å få besøk. I morgon må eg gjere litt husarbeid, onsdag er det pensjonistmøte og torsdag blir det å skrive referat.
Pensjonistmøtet begynner klokka 15.30 denne gongen. Annonsen stod i avisa sist laurdag, men omtalen eg hadde skrive og sendt i god tid, har på ein eller annan måte forsvunne på vegen, så den kjem i avisa i morgon. Vi håper stadig på nye medlemmer i laget, vi har kjekke møte ein gong for månaden.

søndag, januar 15, 2017

Dagbok 2017: 15.januar

Eg hadde lagt ut brød til småfuglane i dag, men her kom ein himmelens hærskare av unge måsar og åt opp alt, det er dei som har trakka vekk snøen på rekkverket.

Klokka er no 19.30, temperaturen er minus 2-3 grader C. Det har vore ganske fint vêr i dag, med lite nedbør.
Eg har vore heldig som har hatt Rasmus her desse dagane det har snødd så fælt, for snøfresaren har eg aldri prøvd ein gong. Han freste heile tunet i dag, mens eg moka trappa og litt til med spade.
I dag måtte Rasmus jobbe litt med skulearbeidet sitt på data, men vi fekk god tid til å prate og drikke kaffi også. Frå ca. 14-16 besøkte vi Nils, han hadde nettopp ete middag så vi vekte han frå middagsluren. Han let vel at han blir friskare for kvar dag. No har han laptoppen sin på nattbordet og kan sjå TV på den- blant anna. I morgon skulle der komme frisør såpass han får klipt håret sitt. Det var eit lite problem då han var heime, for han orka ikkje å fare til frisør. Han vil no gjerne heim så snart som mulig, men eg seier han må vere så lenge som han får-det er betre sørvis der enn heime. Man går litt med rullator kvar dag, meininga er at han skal trene seg opp.
Han har eit romsleg einerom med eige bad og nydelig utsikt mot vest.
Då Rasmus og eg kom heim att, varma vi opp att ballj og kjøt frå fredag og åt eit mildest talt kraftig måltid. Trur det blir ei stund til eg får lyst på meir av den sorten. Eg var nesten avvand med å ete , men appetitten tok seg kraftig opp når eg fekk selskap.
Rasmus skal reise i morgon ettermiddag/kveld, og er ikkje i Kongsberg før ved midnatts tid, for han må vente 3 timar i Sogndal. Han bryr seg ikkje så mykje om det, for han kan jobbe frå brettet sitt om han vil.
Omtalen av pensjonistmøtet som eg skreiv og sende til avisa, kom ikkje i laurdagsavisa, så no håper eg på at det kjem tysdag. Annonsen stod i avisa, men det er ikkje sikkert alle såg den. Viss de som les dette kjenner ein pensjonist her i Ørsta, så minn dei på at møtet tek til klokka 15.30 komande onsdag.
Mens eg har Rasmus her, skal eg utnytte han og få julepynten opp på loftet.

lørdag, januar 14, 2017

Dagbok 2017: 14.januar

Klokka er 21.30. Temperatuen er minus 1-2 grader C. Og vi har fått ein rikeleg porsjon snø i dag også.
Men midt på dagen hadde vi ei stund med opplett og nesten sol.
Sidan Rasmus er heime på besøk, vert dagane annleis enn vanleg. Vi var ikkje oppe i gryotta i dag, men etter frokosten begynte jobben med å få skikk på snøen. Eg moka berre trappa i dag, Torbjørn kom bort med fresaren og køyrde eit par rundar før Rasmus tok over. Etterpå reiste Rasmus ut til Nils med ein del ting som han hadde behov for. Eg hadde snakka med Nils i telefonen og han let vel, han hadde det bra og kjende seg mykje friskare allereie. Mens Rasmus var vekke styrte eg med diverse husleg arbeid. Etter kvart kom Solveig innom og Margrete med alle dei tre heimeverande barna.
Eg hadde ståande i frysaren ei kake som var kjøpt til Nils sin 80-årsdag. Kvar gong eg opna frysaren og såg kake-eska blei eg mint om den dagen som vart alt anna enn kjekk. Den kaka tok eg opp i dag då vi var mange og så åt vi kake og drakk kaffi i lag. Kaka var god, og det som vart att fekk Solveig med seg til dei som ikkje var her i dag. Eg synest det var godt å få den vekk. Nils kunne ikkje ete den i alle fall-den var for søt for han.
Margrete og ungane besøkte Nils på Ørstaheimen mens Rasmus og eg gjorde unna nokre ærend. Så møttest vi på Rosabella og åt pizza i lag.
Etterpå var Rasmus og eg opp til Nils på Ørstaheimen med laptopen, og Rasmus fekk kopla den til nettverket der. Då var Nils litt sliten ,såg eg, men elles relativt bra.
No har eg laga kaffi til oss to som er her no, og vi ser TV innimellom. Ein dag litt ut om det vanlege for meg.

fredag, januar 13, 2017

Dagbok 2017: 17.januar


Klokka er 22.30 ca. og temperaturen rundt 0 grader ute.
Fekk nesten sjokk då eg såg kor mykje det hadde snødd sist natt, og så heldt det fram å snø utover heile dagen. Eg hadde meg ei og anna økt ute og moka snø, men det var tung snø så eg orka ikkje all verda. Innimellom laga eg ball og fann fram att pinnekjøtet frå jul.
Det store i dag var at Rasmus skulle komme på helgabesøk, og det skulle vere ei overrasking for Nils. Det vart spennande å følgje med på nettet for å sjå om flyet kom og om det var i rute. Snøkaven var så tjukk at vi såg ikkje lysa i hovdebygda. Det vart litt lettare utover dagen, og flyet fekk landet. Det var rett nok forseinka men det gjekk fint. Solveig og Øystein henta Rasmus på flyplassen, og så hadde alle lyst på ball. Det sette eg pris på for det var i meste laget for berre Rasmus og meg.
Med det samme vi hadde ete, ringde Nils, då skulle han flyttast til Ørstaheimen og vi(han trudde det var berre Solveig og eg) måtte komme og sjå kvar det vart av han. Han greidde å bli innlagt utan at vi merka det, men vi fann han til slutt. Han såg godt ut og han åt middagen sin mens vi var der. Han blei sjølvsagt gledelig overraska over å sjå Rasmus. No skal han vere her til mandag, og i morgon skal vi ordne opp i eitt og anna han og eg. Og så skal vi besøke Nils først og fremst han.
Håper Nils kjem til å få det bra den tida han skal vere på heimen, eg snakka med sjukepleiarane, gav informasjon og fekk informasjon.

torsdag, januar 12, 2017

Dagbok 2017: 12.januar

Klokka er 19.45. Temperaturen er + 2 grader, og i dag har vi hatt både regn og sludd. Då er det greitt at Helge køyrde in att bilen i garasjen i går kveld.
I dag var eg ikkje heilt god i hofta då eg vakna, men det betra seg etter kvart. Eg ringde bort til Nils utpå føremiddagen, men han visste ikkje så mykje nytt då, dei hadde snakka om at han skulle flyttast til Ørsta på fredag, men heilt sikkert er det ikkje. Eg hadde ikkje tenkt meg bortover i dag, men då klokka vart 13.00 og eg ikkje hadde noko spesielt eg måtte gjere, heiv eg meg rundt og gjorde meg klar til å ta 13.53 -bussen.
Bussen gjekk heilt til sjukehuset, så det var lettvint. Eg fekk snakka med ein sjukepleiar før eg gjekk inn til Nils. Dei hadde ikkje tatt prøver i dag, det skal dei gjere i morgon, og om infeksjonen då er borte, blir han flytta til Ørsta. Eg var der åleine i dag, og venta mens han åt middag, og overvar også ei treningsøkt. Rart å sjå ein mann som har vore så sprek, vere så redusert i styrke. Men det går framover.
Så får morgondagen vise kva som då skjer.
Der gikk buss frå sjukehuset og ned til busshaldeplassen, men då vart det 20 minutt å vente på bussen til Ørsta, etter den ruta eg hadde. Dermed ville eg heller gå ned, og det gjorde eg. Sist eg gjorde det, kom eg altfor tidleg og måtte vente i 20 minutt. I dag skulle eg berekne tida betre. Eg kom i siste minutt før bussen skulle gå-for ikkje å seie sekund! Bra tima-eller?
Eg var innom Amfi så vidt, men utan å handle, tok ut pengar i minibanken. Må ha LITT kontantar.
Det var litt tungt å gå opp på Vallabøen, men det gjekk bra. Har fått mykje mosjon i dag. Ja, eg kunne ringt både den eine og den andre, men det var heilt greitt å gå.
Sette meg i godstolen og såg Dagsnytt, då sovna eg-nesten.

onsdag, januar 11, 2017

Dagbok 2017: 11.januar.

Klokka er 18.10, temperaturen er + 2 grader C og i dag har vi hatt både regn og sludd. Det vesle gløttet av blå himmel vi hadde i går får vi visst leve lenge på.
I dag hadde eg eit par jobbar som måtte gjerast. Eg begynte med å støvsuge alle teppegolva; sidan eg venta på at Nils skulle ringe måtte eg halde meg inne og passe telefonen.
Etter at eg hadde snakka med han og fått vite at det stod relativt bra til, gjorde eg ferdig støvsuginga, før eg gjekk ut i garasjen og begynte å kløyve ved. Eg kløyvde tre sekker med ore-ved til opptenningsved, så no har eg ei stund. Så rydda eg litt i garasjen slik at bilen kan køyrast inn att.
Mens eg var i garasjen kom Marit att frå Volda, ho hadde vore på røntgen og så hadde ho besøkt Nils med det same. Ho hadde vore der etter legevisitten, så ho kunne fortelje at Nils skal skrivast ut på fredag og overførast til sjukeheimen i Ørsta. Eg er glad for at dei ikkje sender han rett heim, for det er han ikkje frisk nok til. No er planen at han skal vere på sjukeheimen og få opptrening, blant anna.
Eg har høyrt og lese mykje om samhandlingsreforma, no får eg sjå den i praksis. 
Og no kan eg lett besøke han, det er ein høveleg spasertur fram og tilbake til sjukeheimen.
Eg gjekk litt for tynnkledd ute i slapset så då eg var ferdig i garasjen gjekk eg rett i dusjen for å få varmen i meg. Hadde fått på meg minimalt med klede då telefonen ringde og eg måtte ta ei relativt lang samtale. Ikkje før var eg ferdig med samtalen så ringde det på døra. Eg var først frista til ikkje å late opp, men då det ringde kraftig ein gong til ropte eg "Kven er det?"- "Eirik" var svaret. Då var det den kjekke guten som hadde vore i Ørsta og handla, og hadde funne ut at han kunne ta mormora med seg til Volda!  Eg fekk på meg klede i ein viss fart og så for vi bort på sjukehuset til Nils.
Og i dag var eg ekstra glad for å sleppe å gå ned til bussen, for eg var låk i ryggen og vêret var ufyselig. (Eg blir låk i ryggen når eg må bøye meg mykje- elles går det bra)
Då vi kom bort til Nils var Håkon der, og etter ei stund kom Margrete, som køyrde meg heim att. Vi stoppa på Amfi, så eg fekk hente medisin på apoteket og handle litt mat.
Ja, det står ikkje på når ein har så mange gode hjelparar!
Nils meinte at eg treng ikkje besøke han i morgon, men vi får no sjå. For andre blir det kjekkare å besøke han på sjukeheimen, trur eg, særleg viss han får enkeltrom.
No har han tre karar til på rommet som er relativt oppegåande, så han har bra med selskap. Den eine kjende han frå før. Men det er stilt om natta, så då får han ro. Han hadde ete bra til lunsj i dag. Middag skulle han få klokka 16.00.Så det ser ut til at det går seg til denne gongen også. Han hadde ikkje hatt så mykje feber i dag.

tirsdag, januar 10, 2017

Dagbok 2017: 10.januar


Desse bilda er tatt frå trappa vår klokka 12.15 i dag. Sola er på veg nedover fjellsida, og om ei veke, om vêret er fint, skal vi ha sol i stova.


Klokka er 17.05, temperaturen ute er + 5 grader C, og vi har hatt ein fin dag, med opplett og berre lette skyer. Sol i fjella.
Eg hadde bestemt meg for at i dag skulle egg vaske soverommet og bytte på sengane, men at det skulle bli så fint at eg fekk henge ut sengetøyet, det hadde eg ikkje drøymt om. Men slik blei det altså. Merkeleg kor lys og sol gir energi. I dag fekk eg i tillegg til soverommet også vaska kjøkken og bad, og så har eg fått vekk mesteparten av julepynten. Av erfaring veit eg at somme ting stikk seg unna, så derfor har eg ikkje fått noko opp på loftet enno.
Nils ringde på føremiddagen, men han visste ikkje så mykje då. Han hadde hatt feber om morgonen i dag også, men var bra då han ringde. Einar kom og henta meg, som avtalt, og vi var på sjukehuset frå 14-16, og Margrete kom også før vi reiste. Ho var att ei stund etter at vi hadde fare.
I dag fekk eg snakka med eit par sjukepleiarar og dei sa at den nye antibiotikaen virka, så no hadde betennelsen gått tilbake. No håper vi på betring, men håper også at han får vere på sjukehuset til han blir fri infeksjonen. Dei har ikkje funne ut kvar infeksjonen har sitt opphav. Det var i alle fall eit lyspunkt i dag.
Etter at eg kom heim att, såg eg over og sende innlegget til avisa, og så har eg fyrt i omnen. Må vel finne meg litt mat også, for eg har ikkje ete sidan frokost. det blir ikkje mykje matstell når eg er her åleine- men eg har vel berre godt av litt svelteforing.

mandag, januar 09, 2017

Dagbok 2017: 9.januar

Klokka er 21.00, temperaturen er + 7 grader C, det har vore overskya med litt regn i heile dag. Vegane er stort sett berre, noko som passar meg fint.
Denne dagen har eg ikkje gjort mykje til nytte. Eg sov lenge på morgonen, og gjekk heimanfrå klokka 12.00, så det vart ikkje gjort mykje før den tid.
Klokka 12.30 var det styremøte i pensjonistlaget, og då det var slutt tok eg bussen til Volda. I dag gjekk bussen direkte til sjukehuset.
Nils hadde hatt relativt høg feber i dag tidleg, men då eg var der hadde dei fått temperaturen ned på det normale igjen. Eg snakka ikkje med verken legar eller pleiarar i dag, så eg veit ikkje så mykje nytt. Berre at dei har sendt blodprøver til Ålesund og Molde for å prøve å finne ut kva som eigentleg feilar mannen, og kva medisin han skal ha. Vi får håpe dei finn ut av dei. Meir kan vi ikkje gjere.
Naboen var på sjukebesøk til ein annan mann, så han stakk oppom til oss og tilbaud meg å sitte på heim att. Det var eit tilbod eg tok imot med takk, så hadde eg skyss til døra. I morgon kjem Einar innover, så då har eg transport begge vegar.
Eg åt litt då eg kom heim, og skreiv litt på eit avisinnlegg etc., før Marit kom ned ein tur og vi fekk prate oss tomme-eller i alle fall nesten. Eg gløymde tid og stad, og dermed "Anno"-men det kjem vel i reprise. No følgjer eg med på så mange seriar at det blir eit heilt stress. I kveld er det "Arvingane". også.
Elles fekk eg endeleg lese ut boka mi i dag, og rippa eit par andre bøker, og så skreiv eg nesten ferdig eit lite avisinnlegg. Så blir det vel strikketøy og TV resten av kvelden.
Eg klarer meg heilt fint heime åleine- men ønsker sjølvsagt at Nils må bli så frisk at han kan kome heim snart.

Bok nr.1 -2017: Den japanske elskeren

Den japanske elskeren - 
      Isabel Allende
    
      Kari Risvik
    
      Kjell Risvik
Hemmelig kjærlighet som strekker seg over generasjoner og kontinenter, i krig og fred.

Unge Alma Belasco blir i 1939 sendt fra et Polen i nazismens skygge til sin velstående onkel og tante i San Francisco. Her treffer hun Ichimei, den stillferdige sønnen til familiens japanske gartner. Uten at noen omkring dem merker det, gryr en øm kjærlighet mellom Alma og Ichimei, men etter japanernes angrep på Pearl Harbor blir de to brutalt revet fra hverandre.
Flere tiår senere, da Almas lange og begivenhetsrike liv går mot slutten, blir pleieren Irina kjent med den eldre kvinnen og barnebarnet hennes, Seth. Sammen finner Irina og Seth en rekke mystiske gaver og brev som er blitt sendt til Alma i årenes løp.
I Den japanske elskeren utforsker Allende spørsmål knyttet til identitet, tap og forsoning. Forfatteren av Åndenes hus fortsetter med denne romanen å skildre menneskenes hjerte, og skjebnens uforutsigbarhet, i en fortelling som strekker seg over generasjoner og kontinenter.

...............................................................
Isabel Allende er ein forfattar eg set høgt. Eg har brukt lang tid på denne boka, fordi eg har problem med å konsentrere meg, og må ofte lese om att. Dermed får eg ikkje rette inntrykket av boka. Margrete skal også lese denne, så eg overlet til henne å vurdere boka.
Eg har lese lydbokversjonen.

søndag, januar 08, 2017

Dagbok 2017: 8.januar

Desse restelestane skal eg ha sjølv. Eg brukar ullsokkar døgnet rundt, så eg slit ut nokre par i året

Klokka er 16.45, temperaturen er + 4 grader C og det regnar litt.
Søndagar er nokså late dagar her i heimen, og no når eg er her heilt åleine, skjer det enda mindre.
Føremiddagen gjekk med til dusjing og hårvask, bering av ved, festing av trådar på lestene eg strikka osb.
Klokka 13.45 kom Solveig og Øystein og vi køyrde til sjukehuset for å besøke Nils.
Han hadde sove godt både i natt og i dag, og var feberfri sidan han får medisin. Infeksjonen hadde dei ikkje fått has på, så no ville dei prøve ein annan type antibiotika. Eg forstod ikkje alt legen sa, men det var slik eg oppfatta det.
Solveig og Øystein køyrde meg heim. Håkon skulle ta ein tur innom sjukehuset i kveld. Besøkstida er frå 14-19, så den er romslig.
I dag laga eg meg eit måltid med egg og sild. Når ein er åleine, kan ein ete det ein har lyst på- og ta det lettvint. Kaffi og kaker etterpå.
I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget, og etterpå har eg tenkt å ta bussen til Volda. Nils seier at eg treng ikkje besøke han kvar dag, men eg gjer det fordi eg har lyst. Og eg har no god tid!
I går kveld strikka eg ferdig "restelestene" mine, og i dag kom Solveig med ein heil plastpose med garn ho hadde liggande, så no har eg arbeid LENGE. Likar å henge fingrane borti noko mens eg ser TV-ikkje alt blir like pent strikka, så det kan vere greitt å halde seg til lestar.

lørdag, januar 07, 2017

Dagbok 2017: 7.januar

Klokka er no18.30, temperaturen er + 2 grader. Det har vore skya og opplett, før middag smelta is og snø på vegane, no frys det på. For meg har det vore søndag i heile dag, og når ein først har fått den ideen, er den vanskeleg å bli kvitt.
Sidan eg la meg seint i går, var eg seint oppe i dag, så føremiddagen vart kort. Eg bestemte meg for å ta bussen til Volda klokka 12.53 , så kunne eg komme både fram og tilbake i dagslys. Eg gjekk heimanfrå i god tid. I dag var eg heldig og trefte på ein buss som gjekk heilt til sjukehuset, så eg var der ca. 13.10. Men der låg pasienten og sov tungt og godt. Eg let han berre sove og sette meg til å lese Møre-Nytt som eg hadde tatt med. Tre kvarter sat eg der før han vakna. Men eg har god tid, så eg var der enda to timar, då måtte eg gå for å nå siste busse heim, dvs. den siste som stod i MITT rutehefte. Eg har aldri gått frå sjukehuset og ned til bussen før, så eg ante ikkje kor lang tid det tok. Eg hadde tenkt ut vegen eg skulle gå- tross omveltningar er eg no bra kjend i Volda. Ruta var heilt perfekt, men eg kom 20 min. før tida. Då vi kom til Ørsta var eg nedom Amfi og bestilte medisinen som eg gløymde i går. Kjøpte meg ein liknande salat som den eg kjøpte på Rema i går, det var det einaste eg hadde lyst på. Men den frå Rema var betre.
Så var det å begynne på motbakkane, då var eg litt trøtt, men då eg var komen opp i Håkonsgata stoppa naboane Hildur og Svein og plukka meg opp og kjørte meg heilt heim. No har eg ete og sit med ein kaffikopp. Når eg skriv så mykje om denne gåinga mi, er det for å tydeleggjere at no kan eg GÅ-det har eg ikkje alltid kunna.(Det manglar ikkje på tilbod frå folk som vil køyre meg både hit og dit, men eg synest det er godt å få vere ute litt- og få litt mosjon)
Så til Nils: Han får no penicillinbehandling for ein infeksjon som dei ikkje heilt forstår kvar han kjem ifrå. Men Nils er svak og immunforsvaret virkar dårleg. Dette er same diagnosen som han fekk første gongen han var innlagt. Andre gongen var det dehydrering, og eg håpte det var slik no også; det var det ikkje. No håper eg berre dei får has på denne infeksjonen før dei sender han heim. Han blir fort trøytt, så det er ikkje lurt at mange besøker han i gongen-eller lenge om gongen. Det reknar eg med at alle forstår. Han har mobilen sin med seg.
Der var to andre på rommet i dag, minst ein av dei venta på at han skulle få fare heim. Prata mykje med han.

fredag, januar 06, 2017

Dagbok 2017: 6.januar

Klokka har passert 18.00, temperaturen er + 5 grader C og det regnar litt. Ja, eg er så gammal no at eg likar regnet betre enn snøen, særleg sidan eg prøver å moke snøen vekk etter beste evne. Tunet er ikkje så sleikt og fint som då Nils hadde ansvaret; seinast i fjor dreiv han og moka tunet med "hand".
Nils vart verre utover kvelden i går, litt feber hadde han også, så vi bestemte oss for å ikkje vente over helga men å ta kontakt med lege neste morgon.
Eg ringde legesenteret så snart eg var oppe og hadde lagt i omnen etc. Snakka med ei dame i resepsjonen, og vi vart enige om å gjere det som sist, hente han i ambulanse og få han vurdert av ein lege før han ev. vart sendt til Volda. Ambulansen kom etter ei lita stund og Nils blei godt tatt hand om. Han ringde og sa ifrå om at han vart sendt til Volda.
Margrete hadde kontordag i dag, så ho kunne slutte av tidleg. Ho kom hit og vi sat og venta til Nils ringde og sa kvar han låg etc.
Meininga var at eg og Margrete skulle få gjort unna ein del ærend i det samme. Eg var blant anna inn på apoteket og kjøpte medisin, og så var vi på biblio og fann oss nokre bøker.
Vi fann Nils på rom nr.407, eg meiner det var der han låg åleine ein gong før, no kom han i lag med tre andre eldre karar, men han slapp å ligge på gangen .......der var det andre som låg. Det såg ut som der var fullt opp av pasientar no. Der virka overfylt og trongt. Kan ikkje forstå at det er nokre som vil legge ned sjukehuset i Volda!
Nils hadde vore på røntgen og undersøkt lungene, det var han sist også, utan at dei fann noko då.
Han låg med drypp, men var framleis veldig slapp. Det var ikkje anna å vente, det dryp ikkje så fort.
På heimvegen var vi innom Rema 100 og handla. Eg kjøpte ikkje så mykje, men eg kjøpte ein veldig mettande salat til meg sjølv som eg åt då eg kom heim
Etterpå vaska eg bad og kjøkken, og hadde eit par telefonsamtalar, så no blir det snart TV og strikketøy. Men eg skal lage meg litt kaffi først.
Ønsker alle ei god helg.

torsdag, januar 05, 2017

Dagbok 2017: 5.januar

Klokka er snart 19.00 og temperaturen er minus 2 grader C. Det har vore ein relativt fin dag i dag utan nedbør, så eg har ikkje vore ute og trimma.
Nils låg mykje av gårsdagen, noko som resulterte i at han sov dårleg sist natt, mellom anna. Han var så vidt oppe og åt frokost, før han la seg inn i senga att. Han likar seg best i kalde rom. Det var langt på dag før han stod opp igjen, men då åt han både oppvarma ertersuppe og risengrynsgraut (frå lageret). Han er mykje betre no i kveld enn han var før i dag, seier han. Han har site i stolen sin og sett hopprenn- og det er eit godt teikn.
Eg har ikkje vore så altfor flittig i dag, men eg gjekk i alle fall laus på kjøleskapet og fekk vaska og rydda både kjøle-og frysedelen. Alle husmødrer veit at det eit tiltak. I dag kasta eg med hard hand alt som eg veit vi ikkje kjem til å ete, og små og store fuglar fekk sitt.
Så hadde eg ein lang prat i telefonen med ei venninne. Sjølv om eg kjem meg lite ut blant folk, har eg kontakt med mange både på data og telefon, så eg lid inga naud.
Eg synest symptomane til Nils begynner å likne veldig på då han var dehydrert, og han får sikkert ikkje i seg nok drikke. Eg ringde kreftsjukepleiaren og snakka med henne om det. Ho sa at heimesjukepleiarane kan kople til intravenøs væske anten her heime eller på sjukeheimen, men det må vere ein lege som bestemmer det. Det skulle ikkje vere nødvendig med sjukehusinnlegging for noko så enkelt. Sist Nils var innlagt, fekk han tilført 3 liter med væske, og då sette han seg opp i senga og åt.
I morgon skal Nils ned på laboratoriet og ta blodprøver, og då skal eg sjå om det er råd å få ein lege til å sjå på han- om han treng væsketilførsel. Eg veit at mange kreftpasientar har dette problemet med væskemangel.
Eg skriv mykje om sjukdom -men eg veit at slekt og venner les bloggen for å følge med korleis det går, så eg gjer det i full forståing med pasienten.
Eg har funne meg såpass mykje restegarn at eg no kan få i hop eit fancy lestepar til meg sjølv-så no har eg noko å henge fingrane i. Elles går dagane mine med til å vere husmor, sjukepassar og selskapsdame. Eg synest det er rimeleg meiningsfylt.
Eg hadde tenkt å ta bilde i det fine vêret, men brått var det mørkt.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...