søndag, januar 22, 2017

Dagbok 2017: 22.januar



Bildet: Dette er barndomsheimen til Nils. Han er fødd i huset til venstre i bildet. Huset var akkurat ferdig og familien på tre hadde nyss flytta inn då Nils kom til verda i november 1936. Han var nr.to i søkenblokken på fire. Nils hadde heimen sin her heilt til vi gifta oss i 1962. Same året døde far hans, berre 52 år gammal. Mora budde der åleine i mange år, før ho flytta til aldersheimen på Hardbakke. Då vart huset ståande tomt, men både vi og andre i familien budde der i feriar.
Mora døde i år 2000, nesten 91 år gammal. Det vart til at Roar, son til yngste broren til Nils, tok over huset. Han har pussa huset fint opp både utvendig og innvendig og gjort mykje for å få det fint rundt huset også. Huset til høgre i bildet er den gamle løa, som er blitt omgjort til noko heilt anna, mellom anna er der garasje. Eg har ikkje vore i Trovågen etter dei store omveltningane, men både Nils og eg synest det er kjekt at Roar tek så godt vare på den gamle barndomsheimen.

Klokka er no 20.35, temperaturen ute er + 4 grader og i dag har det ikkje vore nedbør så vidt eg veit. Lyst har det også vore.
Føremiddagen gjekk med til diverse huslege syslar, mellom anna baka eg brød. Hadde melk som var ute på dato og eg likar ikkje å kaste mat. Brøda vart gode ,dei, og no er dei i frysaren.
Litt før klokka 14 gjekk eg ned til Nils og var der til klokka var ca. 18. Det var ingen andre som besøkte han i dag. Eg fekk kaffi og eit kakestykke, det samme fekk Nils. Dei et tidleg middag laurdag og sundag, så den var dei ferdige med.
Planen er no at han skal bort på sjukehuset tysdag kl.13.30 for å treffe kreftlegen frå Ålesund og så skal han heim. Eg håper det går bra å ha han heime. Han går med rullator no, og han et opp maten sin når han er på heimen-spent på korleis det går når han kjem heim. Ja, berre han får vere frisk så går det nok bra. Eg skal nedover i morgon ettermiddag og ordne opp med diverse, så dersom andre vil besøke han, passar det best tidleg på dag.
No når eg er åleine heime et eg berre morgon og kveld, og no vart det eit veldig stort måltid. I staden for middagsmat vart det ein boks sardiner i olje.Det er no sunt i alle fall.


Ingen kommentarer: