Viser innlegg med etiketten Sommarfuglar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sommarfuglar. Vis alle innlegg

søndag, mai 01, 2011

Lite populær i hagen vår.


 Dette er Liten kålsommerfugl. Når eg ikkje likar denne sommarfuglen er det ikkje på grunn av utsjånaden.
Grunnen til at han heiter kålsommarfugl er at han legg egg som utviklar seg til larvar på kålblada. Og som vi veit, har larvar ein glupande appetitt, også på kål. No dyrkar ikkje vi kål, men desse larvane trivst også fantastisk bra på blomkarse og det har vi i hagen. Somme år er blada på blomkarsen fulle av ekle larvar på baksida, og eg plar plukke vekk blada som er angripne-eit arbeid eg ikkje er spesielt glad i. Men å drepe sommarfuglar.......nei, det gjer eg heller ikkje. Det finst også store kålsommarfuglar, men eg meiner at dei som er her er små. Den mørkaste sommarfuglen på bildet er ho-sommarfugl, den heilt kvite er ein han.
Neslesommerfugl
I går såg eg årets første sommarfugl i lag med Ingeborg. Vi var ikkje heilt sikre på kva slags type det var, for der er mange som liknar denne.No har eg bestemt meg for at det var ein Neslesommarfugl, ein av dei mest vanlige på våre kantar. I dag såg eg ein Sitronsommarfugl, som er lett å kjenne på den sitrongule fargen. Og så tenkte eg at eg kanskje kunne prøve å lære litt meir om sommarfuglar i år. Gamle folk skal lære seg noko heilt nytt kvar dag for å unngå å bli sløve, har eg høyrt.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...