lørdag, mai 31, 2008

Kva las du no?

Overskrifta refererer til nokre bøker som vi brukte i barneskulen -
mange av dykk hugsar dei sikkert.
Ja, eg les og les, særleg lydbøker, som er kjempefine å ta med seg på solsenga.
Har lese ut Staalesen si bok. Han er ikkje min krim-favoritt! Her er for mange "bilde",for mange samanlikningar,for blomstrane språk, dvs. for mykje av alt. Men når det blir så godt lese av Lasse Lindtner tilgir ein mykje.
LL beherskar alle slags bergenske dialektar og sosiolektar så det er ei fryd å høyre på. Og GS er ein meister i å skildre personar og miljø-
DET skal han ha!Men krimsjangeren brukar han etter mitt syn som eit påskot til å skrive om mykje anna, for eksempel til skildring av vestlansdnaturen og ikkje minst BERGEN! (Og det er her han har styrken sin.) Og til å peike på skeivheiter i samfunnet. Dei som har lese trilogien om Bergens historie hugsar kanskje at vi fekk servert eit mysterium først i bok 1. Løysinga kom på slutten av bok 3. Sleipt?
Men for all del, les FALNE ENGLER , det er god underhaldning.

Tom Egeland si bok har eg nettopp begynt på. Eg har lese fleire bøker av han før, og han brukar å vere god. Elles bør han vere kjent som den som skreiv Da Vinci -koden før Dan Brown, det seier noko om sjangeren.Denne boka handlar om gamle dokument og kodar frå Island. Så spørs det kor mange bøker av denne typen ein kan fordøye.
Eg har lese mange både av Tom Egeland og Dan Brown.

fredag, mai 30, 2008

No blir det fisk å få!

I går kom Harald og hjelpte Nils med å få båten på sjøen.
Seinare kom dei att med rikelige mengder fin småsei. Dessverre hadde eg alt kyllingmiddagen klar. Så vi strødde salt i buken på nokre av seiane og dei har vi nettopp sett til livs.Kjempegodt. Og sidan eg laga risengryns-melkesuppe med rosiner til"dessert" følte Nils seg nesten som heime i Solund.
Det vart tidleg middag i dag, så no tek vi middagskvilda på altanen. I morgon får vi fire unge overnattingsgjestar frå Bjørnaset. Det gler vi oss til.
Ønsker alle blogglesarane GOD HELG:

torsdag, mai 29, 2008

Til Amanda.Snart sommar og hundeutstillingar!

Amanda fyller 8 år i dag!

Vi gratulerer den flinke, snille og kjekke jenta vår med dagen i dag!
Vi veit at du skal feire dagen med mange av vennane dine!Håper det blir kjempekjekt!
Litt feiring må vi ha på laurdag når du kjem hit også.Ikkje sant?
Då eg var lita sa vi at viss det var fint ver på fødselsdagen vår, så hadde vi vore snille heile siste året. Det ser ut til at du har vore veldig snill.
Ha ein superfin dag!

onsdag, mai 28, 2008

Hip-hop !!!


Når vi ikkje har lagt ut bilde frå ballettframsyninga sist helg, kjem det av at det ikkje er lov å ta bilde med blitz under programmet.
På bilda i Møre-Nytt var ingen av våre med.
I Volda-avisa MØRE derimot var der bilde av Eirik. Så då måtte eg berre scanne det og offentleggjere det på bloggen min.På eit anna bilde kunne ein så vidt skimte Lars og Amanda. Når det er så mange med, skal det noko til at alle finn "sine" igjen

søndag, mai 25, 2008

Så som i himmelen.

Var ikkje sikker på om eg skulle sjå om att denne filmen. Det var ikkje så lenge sidan eg såg den for første gong, men eg angrar ikkje at eg tok sjansen på å sjå den ein gong til. Merkelig kor mykje ein gløymer på så kort tid. Svenskane er fabelaktig flinke med denne typen filmar.Eg set den i samme bås som Englagårdfilmane og div. andre. Veit at nabojenta rett over vegen har Gabriellas sång på repertoaret sitt.

Ein laurdag med dans og song!


I går var det litt av ein dag.Det var Vårshow på danseskulen der tre av barnebarna var med, og ikkje lenge etter at vi var heime, braka det laus med Grand Prix.Kongebryllaupet tidlegare på dag hoppa eg over-DÅ var eg ute i sola.Det får greie seg med eitt bryllaup pr. prins!

Showet på danseskulen var nydelig og vakkert på alle måtar. Det er mellom 300-400 born som er med, mest jenter, men etter dei begynte med hip-hopgruppe er der også ein del gutar. Borna er i alle storleikar og fasongar, og ikkje alle er LIKE flinke. Men alle får vere med og ingen blir særskilt fokusert på;det synest eg er fint på dette stadiet i opplæringa.Det var tre avdelingar med pause mellom:Klassisk, jazzballett og contemporary.

Alt var kjekt, men den mellomste avdelinga var kanskje den mest underhaldane. Eg likte best det nummeret der ein flokk jenter på Amanda sin storleik dansa til Cheek to cheek. Og brått kom det ein flokk med godt vaksne Frank Sinatra-kopiar i dress og kvite skjorter inn frå høgre og dansa med småjentene.Det var sjølvsagt fedrene deira! Tøft gjort!
Amanda dansa både i klassisk-gruppa og i gruppa for jazzballett. Ingeborg dansa jazz og contemporary, men Eirik heldt seg til hip-hop.
Om Grand Prix vil eg ikkje seie så mykje. MIN favoritt, Belgia, var ikkje med i finalen. Ein eller annan engelskmann(Var det Kipling?) sa i si tid(På engelsk): Aust er aust og vest er vest og aldri skal dei to møtast. Det kan vere min kommentar.
NB: Ballettbildet er ikkje frå framsyninga i går.

torsdag, mai 22, 2008

Ei perle av ei bok !

I dag var eg på biblioteket og lånte tre nye lydbøker.Eg finn alltid eit kvart eg ikkje har lese før.Men eg hadde ei bok att frå sist eg lånte. Den såg ikkje så spennande ut, men sidan den berre var på 4 plater, tenkte eg at eg kunne no lese den....Det var ei fransk bok, omsett til nynorsk og fabelaktig lesen på noko som eg meiner må vere tilnærma Hardanger-dialekt.
Den er noko heilt ut om det vanlege.Les "vaskeseddelen".

lørdag, mai 17, 2008

Til lykke med dagen.

Slik såg det ut på altanen vår for eit par timar sidan. Det er vesentleg gråare no, litt regn har det også kome.
Vi held oss heime, forma er ikkje så bra! Men vi er friske.
Vi helsar til alle, særleg til dei som av ulike grunnar ikkje kan vere med på feiringa.

fredag, mai 16, 2008

Hurra for 17.mai !

Første gongen eg såg eit norsk flagg var 8.mai 1945. Eg var då fem år gammal. Siste krigsvinteren budde mamma, Svein og eg i Innvik, fordi tyskerane hadde teke huset vi budde i.Då var vi fire om lag jamgamle ungar i huset, tre gutar og eg.Det hadde sine sider!!
Den 8. mai hugsar eg at vi fekk bod om fred og at vi samlast rundt flaggstanga der besten (Isak) heiste flagget.Det er ei stund eg aldri gløymer!
Ivar som var to år eldre enn eg var med og gjekk fredsmarsjen.
Eg tykte han fekk VEL mykje oppmerksamheit for det, så eg forkynte at når eg vart sju år, skulle eg gå fredsmarsj også!
Eg fekk faktisk gå fredsmarsj, men det var 50 år seinare.
Eit plaster på såret var at eg fekk halde i dusken på fana då vi gjekk i 17.maitog same året, også det i Innvik.
Alle eldre har sine minne om desse første fredsdagane. Ein litt eldre kollega var i Oslo i mai 1945, og på Chat Noir, der Lalla Karlsen kom inn på scena i kvit kjole med belte i dei norske nasjonalfargane og song den etter kvart så kjende songen Norge i rødt, hvitt og blått.Ein kan berre tenkje seg stemninga som var der då.
Men sjølvsagt var det ikkje berre glede for alle;mange hadde mist sine i krigen.Og Norge var eit fattig land, der utviklinga hadde stått stille i fem år. Butikkane var tomme for varer og vi mangla alt.Men det folk hadde var optimisme og pågangsmot. Alt skulle bli betre, og det vart det.
Eg vil ønske alle blogglesarane mine ein fin 17.mai, og viss eg skulle komme med ein appell ville det vere at vi ikkje gløymer at der er mange i verda som ikkje har den fridomen som vi har.Men ein kan ikkje tvinge "demokrati" inn på folk med våpenmakt!

Hurra for Eivind !


I dag fyller Eivind på Kongsberg 6 år og det betyr at han er skulegut frå hausten av! I dag blir det nok stor feiring i barnehagen- både for Eivind og for morgondagen, som dei tjuvstartar på.

Gratulerer så mykje med dagen, Eivind! Håper du får det veldig kjekt og at du får fine gåver!!!
Er du rosa-russ kanskje?

onsdag, mai 14, 2008

Fleire gratulasjonar


I dag vil vi gratulere Ruth og Gerd med fødselsdagen deira.

Og så vil eg gratulere veninna mi i Fredrikstad med det nye barnebarnet, Nora, som vart fødd sist søndag.
KM er mormor til fire, men no er ho også farmor! Det er stor stas.

God bok ?


Av og til når eg har lese ei bok, er eg ikkje heilt sikker på kva eg synest om den. Slik var det med denne boka.Forfattaren har valt å skrive boka etter dei "reglane" som galdt i tida som boka hentar handlinga ifrå. Derfor verkar den litt gammaldags og passé. (Eg begynte å lure på om det var ei gammal bok. )Men det er nok meininga! Forteljaren er ekstern og går somme gonger over til å vere kommentator, derfor føler eg at ein ikkje blir så godt kjent med personane. No er det blitt så vanleg å fortelje i "jeg-form" at alt anna verkar avstandsskapande.Boka tek seg opp mot slutten, så mykje at det nesten blir for mykje av det gode.
Jau, boka er faktisk ganske bra når eg tenkjer skikkelig etter.Men les sjølv!

tirsdag, mai 13, 2008

Epletreet blomstrar.


Vi har berre eitt epletre att av dei fire vi i si tid kjøpte på Torheim.
Eg veit knapt om noko som er vakrare enn epletre i blomst. Epla er ikkje så viktige.Dette er ein slags sommareple.

mandag, mai 12, 2008

Ørsta stadion i dag.

I dag skulle Olaug springe stafett i Ørsta, og Solveig kom innover med bilen full av aktive idrettsutøverar.Derfor kunne dei ikkje komme hit opp, så vi for ned på stadion. Laget til Olaug vart nummer to i sin klasse, og namnet mitt vart ropt opp i lag med sølvmedaljørane. Det var folk på tribunen som kasta vantru blikk på meg.Eg er ikkje kjendis i idrettsmiljøet i bygda for å seie det slik.
Då vi vel var heime ringde det på døra. Der stod det ein mann med ei lita raud jakke. "Eg ser at det ikkje er di jakke, men det står ditt namn i den", sa han.

På det øvste bildet står Olaug heilt til venstre, på bildet under er ho nr.3 frå venstre.Dei som har ørneblikk ser kanskje ein morfar med kvitt hår og ei mormor med raud genser høgt oppe på tribunen.



søndag, mai 11, 2008

Gratulerer!

I dag er det Øyvind på Eid som er i fokus.
Vi gratulerer så mykje med konfirmasjonsdagen!!

lørdag, mai 10, 2008

Apropos dikt......

Solveig siterer eit dikt på bloggen sin, det om erter i nasen.Eg har sansen for slike små finurlige betrakningar og set inn eit til i same "gate". Nokon som kjenner seg att?
Moralen må vel vere at ein aldri fortel ungar kva dei IKKJE må gjere- med mindre det er for å lokke dei til å gjere akkurat det. Det er det Rasmus kallar "negativ barneoppdragelse"-og den virkar!
For uvande blogglesarar må eg minne om at ein får større bilde ved å klikke på dei små.

God pinse!

Vil med dette vårlege bildet frå hagen ønske alle blogg-lesarane mine ei fin pinsehelg.
Og til dei som har konfirmant i familien, vil vi ønske lykke til med dagen!
Vi har ingen spesielle planar for helga, for så lenge veret er så fint har vi det best heime på altanen.

fredag, mai 09, 2008

Fleire bilde frå Solund

Posted by Picasa
Øvst ser vi eit bilde som er teke frå bilvegen ned mot Trovågen,
då har ein hyttetomta vår på høgre sida..

Bildet nedst er frå rorbu-byen i Hjønnevåg.
Bra turistreklame?

Posted by Picasa

Frå kyrkja i Straumen.


Her ser vi båra til Bert inne i kyrkja.
Minnestein over dei som fall i 2. verdskrigen
og kyrkja i Straumen

Posted by Picasa

torsdag, mai 08, 2008

Nåra


Mimi og Rolf bur på Nåra. Det var Rolf som i si tid fekk i stand ferje-samband mellom Daløy og Nåra, det som no er erstatta av eit nytt ferjeleie lenger nord, der ferje-strekninga vert kortare. Haldorsnes heiter ferje-staden no. På bildet ser vi det gamle ferje-leiet på Nåra.
Ungdomsskule-elevane må reise til Hardbakke på skule
,med buss og ferje, men der er enno barneskule i Straumen, ikkje langt frå kyrkja.Det er på same øya som Trovågen, men der er så grisgrendt at dei fleste borna må ta buss til skulen.
Dei elevane som går på vidare-gåande skule blir frakta med denne båten til Mongstad. Her ligg han på Nåresundet rett utanfor stuevinduet til Mimi og Rolf.
At det går an å få fine hagar så langt mot vest, kan de sjå på det andre bildet som viser inngangspartiet til Mimi og Rolf sitt hus.



Posted by Picasa

Hjønnevåg ogTrovågen.




Nils har vore i Solund eit par dagar i samband med gravferda til Bernt.Det er utruleg fint der ute på denne årstida, særleg når veret er så fint som no.

Det er mykje som er annleis der ute også enn det var for nokre år sidan. Mellom anna er det bygt opp mange fine rorbuer som ein kan leige. Dei gule på bildet ligg i Hjønnevåg.

Elles er det kome nytt ferjeleie i nærleiken av Hjønnevåg/Ytrøy, så no kjem ein ikkje direkte til Nåra slik som før.


tirsdag, mai 06, 2008

Vi gratulerer og gratulerer.......

Sidan det ikkje vart teke så mange bilde inne i kyrkja sist sundag,kan det vere kjekt å sjå alle konfirmant-ane samla, i lag med kateketen og prosten.Kvinnedominansen er stor som de ser. Bildet er scanna frå Møre Nytt i dag.
Sidan det er 6. mai , nyttar eg høvet til å gratulere Stein med 39-årsdagen dagen! I dag er det nesten like fint ver som det var då han kom til verda.
Vi gratulerer også Lise som fyller år denne dagen.

søndag, mai 04, 2008

Ein minnerik dag.







I dag vart barnebarnet Ingeborg konfirmert i Kilsfjord kyrkje.Det var ei fin høgtidsstund og uvanleg intimt til konfirmasjons-gudsteneste å vere. Det har mykje med kyrkjebygningen å gjere.
Etterpå var det selskap for familie slekt og naboar i skulehuset på Straumshamn som no vert nytta til forsamlingshus.
Ingeborg er ei flott og god jente som vi alle er veldig glade i.
Ho leidde sjølv festen og ønska alle velkomne, mora heldt ei nydelig tale og veslesøster Amanda , nesten 8 år, heldt også tale.
Best var følgande replikk (sånn om lag): Ho er den beste storesysta eg har, og den einaste, og det er eg glad for.
Amanda og Eirik las dikt om førebuing til fest, og Eirik fortalde vitsar. Erlend, 4 år, ville ikkje vere ringare så han fortalde om dei to tomatane..........
Sender ei særskild helsing til dei som av gode grunnar ikkje kunne kome og vere i lag med oss i dag.
Takk til Tone som har sydd den vakre sognebunaden til konfirmanten.

fredag, mai 02, 2008

Vebjørn fyller to år i dag!

Det er noko som skjer heile tida no om våren og forsommaren. I dag fyller den yngste av barnebarna to år og blir gratulert av mellom andre farfar og farmor i Ørsta.
Håper du får ein fin dag, gullungen!

Gratulerer med dagen, Vebjørn!

torsdag, mai 01, 2008

Hagevandring.






















Inspirert av alle dei fine blomsterbilda på andre sine bloggar gikk eg ut med fotoapparatet. I eine beddet møtte det meg eit grusomt syn. Tulipanar som var planta sist haust, låg rett ut, halvdøde. Men så forstod eg: det var her min verre halvdel hadde vore og sprøytt skvallerkål med Roundup tidlegare i veka. Han kan vente seg eit oppgjer på kammerset.
Elles fann eg diverse fine narcissar av ymse slag og mange fine primula, mest raude og blå.

Gratulerer med dagen!

Vi vil gratulere søsken-barnet mitt,Kjell, i Stryn med dagen i dag!
Gratulerer så mykje og ha ein fin dag!
Vi heiser alltid flagget på dagen din!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...