fredag, mai 16, 2008

Hurra for 17.mai !

Første gongen eg såg eit norsk flagg var 8.mai 1945. Eg var då fem år gammal. Siste krigsvinteren budde mamma, Svein og eg i Innvik, fordi tyskerane hadde teke huset vi budde i.Då var vi fire om lag jamgamle ungar i huset, tre gutar og eg.Det hadde sine sider!!
Den 8. mai hugsar eg at vi fekk bod om fred og at vi samlast rundt flaggstanga der besten (Isak) heiste flagget.Det er ei stund eg aldri gløymer!
Ivar som var to år eldre enn eg var med og gjekk fredsmarsjen.
Eg tykte han fekk VEL mykje oppmerksamheit for det, så eg forkynte at når eg vart sju år, skulle eg gå fredsmarsj også!
Eg fekk faktisk gå fredsmarsj, men det var 50 år seinare.
Eit plaster på såret var at eg fekk halde i dusken på fana då vi gjekk i 17.maitog same året, også det i Innvik.
Alle eldre har sine minne om desse første fredsdagane. Ein litt eldre kollega var i Oslo i mai 1945, og på Chat Noir, der Lalla Karlsen kom inn på scena i kvit kjole med belte i dei norske nasjonalfargane og song den etter kvart så kjende songen Norge i rødt, hvitt og blått.Ein kan berre tenkje seg stemninga som var der då.
Men sjølvsagt var det ikkje berre glede for alle;mange hadde mist sine i krigen.Og Norge var eit fattig land, der utviklinga hadde stått stille i fem år. Butikkane var tomme for varer og vi mangla alt.Men det folk hadde var optimisme og pågangsmot. Alt skulle bli betre, og det vart det.
Eg vil ønske alle blogglesarane mine ein fin 17.mai, og viss eg skulle komme med ein appell ville det vere at vi ikkje gløymer at der er mange i verda som ikkje har den fridomen som vi har.Men ein kan ikkje tvinge "demokrati" inn på folk med våpenmakt!

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg håper dei yngre blogglesarane les dette innlegget!

Hildegard sa...

Koseleg innlegg, besten her hugsar også ein del - kjekt at du skreiv om dette. Eg kjem nett frå Eldretunet der eg har besøkt mor prata med mange gamle. Alle desse opplevde krigen - og fleire fekk øydelagt ungdomstida og utdanninga si på grunn av denne. Besøk av amatørmusikarar som er der av og til spelar trekkspel. Ein av bebuarane på 92 år er også med og spelar. Kjekt. God 17. mai! Eidabesta

Elin sa...

Interessant å lese. Ha ein fin 17. mai alle!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...