Viser innlegg med etiketten Dagbok 2013.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dagbok 2013.. Vis alle innlegg

fredag, februar 16, 2018

Dagbok 2018: 16.februar

Klokka er 22.25, temperaturen ute er + 1 grad, det har regna litt og sludda litt,  det har ikkje kome store nedbørsmengder, men isen held seg veldig godt somme stader.
Det er snart ein halv time sidan eg kom heim, då hadde eg vore ute på rek sidan klokka 11.30. Kan ikkje nekte for at det er godt med eit par-tre timar heime åleine om kvelden.
Eg var først til synskontroll hos Specsavers, noko eg brukar å ta ca.kvart 5.år. Som regel plar eg gå opp eit hakk i brillestyrke, den var ikkje heilt nødvendig no, så eg kan vente litt om eg vil, til anten glasa eller innfatninga ryk på dei eg har. Ein heil time tok kontrollen. No tok eg kontrollen i samband med at eg skal fornye førarkortet. Eg fekk skjema som eg tek med til legen.
Det var ingen vits i å gå heim før eg gjekk ut på Heimen, men eg var ein liten tur ned på Amfi, der eg mellom anna kjøpte meg eit beger med salat.
Eg kom opp til Nils i 14-tida, så det vart lenge nok både for han og meg i dag. Han hadde fått Ocxycodone om morgonen, og var rimeleg bra då eg kom. Eirik ringde og spurde om han kunne komme innom, og då ville Nils ha meir medisin, noko han fekk. Han hadde vondt i hofta. Aberet med medisinen er at han blir nokså sløv, og snakkar utydeleg, på samme tid som han høyrer dårleg. Han er eigentleg heilt klar i toppen, men det ser ikkje alltid slik ut.
Legen var innom i dag, og ho beordra meir smertelindrande plaster, så då klarer han seg kanskje med mindre medisin. Ho såg også på øyrene hans, og det eine er tett-men han skulle vel høyre på det andre. Det med hørselen plagar han mykje, for han får ikkje med seg alt som folk seier. Men han er ganske godt orientert om det som skjer i verda, for når han er åleine på rommet har han VELDIG høgt på TV-en. 
Men han åt opp all bacalaoen han fekk til middag og syntest det var godt. Og så sov vi sjølvsagt middag begge to.
I løpet av helga må eg skrive årsmelding, og så får vi sjå kva som elles dukkar opp. Fredagane kjem veldig tett no for tida, vekene går fort. God helg!

onsdag, april 30, 2014

Dagbok 2014: 30.april

Klokka 11.00
No er klokka 18.45. Temperaturen ute er + 6  grader C og sola skin.Litt annleis var det då vi stod opp i dag og fleire timar utover føremiddagen, då lava snøen ned. Det er andre snøfallet etter Sommardag, 14.april. Eit gammalt vêrteikn er at om det snøar Sommardag, skal det kome snø ni gonger til, så då har vi berre sju att. Ein blir litt  tafatt når vêret spelar ein slike puss, så det vart ein føremiddag på Amfi. Vi handla litt på Clas, mellom anna fann eg meg ein skikkelig god plantespade i rustfritt stål. Elles handla vi mat i søkk og kav, forstår ikkje kven som et alt vi handlar inn, vi er her no mest åleine.
Då vi kom heim laga vi middag, i dag vart det herlig steikt sei med mandelpoteter og salat. Eit herremåltid.Etter middagen skulle vi slappe av, men så ringde det på døra.Det var nokon som skulle snakke med Nils.Eg vart liggande med lydboka på øyret. Men då Nils skulle på eit møte klokka 17.00 gikk eg ein tur rundt Storebakken med bok på øyret, så no har eg lese den ferdig. Var innom biblio i dag og henta med to nye bøker, ei lydbok og ei på papir.
Her i Ørsta er ikkje noko arrangement i morgon , så Nils er litt i tvil om kva vi skal finne på. I fjor var vi i Volda på1.mai, så vi får finne ut om der skjer noko i morgon.
No kom Nils heim og vil ha meg med ein tur på Rjåneset, og det er ikkje nei i min munn !

 Klokka 17.00.
Så vart det tur på Rjåneset, ein snartur opp på Halse for å sjå på utsikta og ein liten tur ned i hamna på Lianeset.
 Rjåneshamna.
 Utsikt frå Halse mot Raudøya og Raudøyholmen (over) og Steinnes(under. Synd at utsikta vert skjemd av stolpar og leidningar


Småbåthamna på Lianeset.

mandag, februar 03, 2014

Dagbok 2014: 3.februar

Klokka er no 18.00. Temperaturen ute er + 8 grader C og det finst ingen teikn på vinter. Det har vore stort sett skya i dag, men sola var framme ei stund, såpass eg fekk registrert at ho ikkje heilt "klive honnje" enno. Men det manglar ikkje mykje på det. Og då vil vi ha sol heile dagen, om det blir klårt.
Har ikkje gjort mykje i dag, berre pusla og rydda litt i huset etc. og laga middag til oss sjølve og gjestane. I dag fekk Erlend noko han likte, han også.
Nils var ein tur til Vik f.m., klipte seg og handla litt. Elles har det ikkje skjedd noko - og det er kanskje det beste. Har mykje kontakt på nettet, så eg føler meg ikkje einsam på nokon måte.
I kveld ser eg fram til siste episoden av Mammon. Kan vere like greitt å bli ferdig med den.

mandag, desember 30, 2013

Dagbok - 2013: 30.desember

Klokka  har passert 19.00. Ute har det vore mørkt og vått i heile dag, no er temperaturen litt over +7 grader C.
Nils hadde tenkt seg på sjøen i dag, og eg hadde planlagt aktivitetar i heimen. Men då vi sjekka yr.no hadde dei auka vindstyrken frå 2m/sek. til 7m/sek. og det er for mykje vind til å fare ut i den vesle båten.
Nye planar. Vi har tre ærend, eg skal på biblioteket, Nils treng ny svenskepilk,700gram, som tener som søkke på snøret, og så må eg ha ny dagbok til nyttår.
På biblioteket fann eg papirutgåva av Alice Munro- novellesamlinga, den som Margrete anbefalte + to kriminalromanar, den eine av av Øystein Wiik. Viss de synest namnet hans virkar kjent, så er det rett. Han var operasongar og ofte på TV før i tida. Svenskepilkar av den storleiken er det berre Europris i Volda som har, og vi tok turen. Andre ærend hadde vi ikkje i Volda i dag. Til slutt hamna vi på Amfi, der eg kjøpte same slags dagbok som i fjor. Dei som eg har hatt i alle år før, finst visst ikkje lenger. På Coop forsynte eg meg med ei stor trillevogn, den blir som regel full. I dag fann eg berre tre ting eg hadde bruk for. Følte meg litt teit då eg kom til kassa.
Med det same vi kom heim, ringde Ellen-Marie, og vi hadde ein hyggelig prat, mens Nils koka poteter. Det blei spekepølse og poteter til middag i dag, så no får eg vel i meg litt drikke. Har problem med å få i meg nok væske.
Det vart ein lang middagslur med bok på øyret, for no har eg fått det slik at eg føler at eg kunne sove støtt.........igjen. Var ganske våken nokre dagar.
Her kom eit heilt nissekor på trappa og song til oss, og for ein gongs skuld hadde vi snop i huset som vi kunne gi dei.
No har Nils rømt ut i garasjen for å kjøle seg ned litt. Litt av ein vinter dette. Eg ønsker meg snø, så det kan bli lysare, men så skal eg ikkje ut i gryotta, og ikkje skal eg mòke heller.
Ønsker alle ei god nyttårshelg!

tirsdag, november 19, 2013

Dagbok 2013: 19.november.

Klokka er no18.20. Temperaturen ute er minus 3 grader C. det er opphaldsvêr no, men i dag før middag snødde det tett. Nils var ute og mòka med hand ei stund, i tilfelle det frys på.Ut på dagen vart det veldig fint.

Mens Nils styra på ute, var eg inne. Her var litt av kvart som skulle ryddast opp i, og i dag hadde eg ikkje noko anna på programmet.Til middag steikte vi sei, ei stund sidan sist no. Trur Nils hadde hatt lyst ut og fiske, men då må det vere høvelig vêr, i dag var det for mykje vind.
No på ettermiddagen, sette eg meg til og skreiv eit lite manus, veit ikkje om det skal brukast.
Det er skummelt å lese i avisa om alle øydeleggingane etter stormen. Her merka vi knapt at det bles.
I morgon skal eg til tannlegen. Der er eg PYSE.

mandag, november 18, 2013

Dagbok 2013: 18.november

Klokka er 20.00. Temperaturen ute er +2 grader C. Det har vore overskya heile dagen, men det letta litt utover ettermiddagen, og sola var så vidt framme. Ho er ikkje heilt vekke her hos oss enno.
Før middag var eg nokså flittig og fekk gjort ein god del husarbeid. Rydda, vaska, vaska klede etc.
Nils hadde tannlegetime klokka 12.30, og mens han var vekke "shina" eg opp meg sjølv, slik at eg var klar for å fare nedover då han kom att.
Var innom biblioteket og fekk med meg eit par bøker heim. Så reiste vi bort på Skeidar for å sjå etter to ting. Der borte hadde dei pynta til jul og angen av "duftlys" låg i lufta. Vi skulle ha ei bilderamme i gullfarge eller brunt tre. Men når det som er moderne er sølv/stål-farge og svart, så vart det eit umulig prosjekt. Eit lite "avisbord" har vi heller ikkje lukkast å få ta i. Slik er det, det bugnar av varer, men ein finn ikkje alltid det ein er på jakt etter. Vi stakk innom El-kjøp og handla eit kilo med heile kaffibønner-produsert i Italia (Ja, dei hadde vel fått dei frå eit anna land, då). Kortreist kaffi er uansett ikkje eit tilgjengelig produkt.
Sidan eg skulle ha noko medisin, var vi også innom Amfi. På Coop kjøpte vi oss litt potetsalat, såpass vi kunne ha "Tapas" til middag i dag. Nils fekk spennande spekepølser av Margrete til farsdag. Etter to dagar med julemat, måtte vi kvile magane. Og i morgon blir det endelig FISK igjen.
Etter ei kvilestund på sofaen har eg no strikka ferdig enda ein lest mens eg har rippa to bøker inn på maskina og høyrt lydbok på MP3-spelaren. Multitasking er tingen for "travle" pensjonistar.

søndag, november 17, 2013

Dagbok 2013: 17.november.

Klokka er snart 18.00. Temperaturen er vel 4 plussgrader, det er overskya, litt regn, men elles ikkje noko dramatisk.Her på Vallabøen har vi ikkje merka anna av styggevêret enn nokre vindrosser i går ettermiddag.
Før middag var vi ein tur ut på Rjåneset, Nils ville ause båten.Eg var med for å gå på stiane og vere ute ei lita stund. Eg likar å sjå utover sjøen. Litt rart å sjå på dei små øyane på bildet over, og vite at djupt under havbotnen går tunnelen vi køyrer når vi skal utover. Øyane heiter Yksnøy og Eika. Nils er ofte og fiskar i dette området.
Denne fiskebrygga vart øydelagd i stormen Dagmar for snart to år sidan, no har dei begynt å reparere den. Der er ei til slik brygge, som gjer at rullestolbrukarar også kan komme seg ut for å fiske.
Det har kome nysnø i fjella igjen sist natt. Liadalsnipa er eit landemerke som vi kan sjå frå mange stader her på Søre Sunnmøre.
Då vi kom heim varma vi middag frå i går, og det smakte himmelskt.Etterpå måtte vi ha pause.
Innimellom har eg baka seks Ingers brød. Brødbaking passar å ta slike dagar då ein held seg heime.
No har Nils tatt ein tur ned i hamna for å sjå etter sild....
 

lørdag, november 16, 2013

Dagbok 2013: 16.november.


Klokka er 20.00, temperaturen ute ca +  8 grader C og akkurat no er det stilt. Elles har det regna og blæse i heile dag. Minte litt om jula for snart to år sidan.
I dag var det to som skulle feirast, nemlig Nils og barnebarnet Erlend som blir 10 år den 24. i denne månaden. Det vanka gåver til begge to. Erlend hadde ønska seg eit skjerf, og det hadde Solveig kjøpt. Skjerfet fall i smak, og han har allereie funne eit par måtar å knyte det på.
Nils ønsker ser ingen ting, men fekk mellom anna ei maskin til å male kaffi på, kaffien bli så mykje betre då-i følge Solveig.
Elles så varta vi opp med full julemiddag med pinnekjøt, julepølser rabbestappe etc. Pluss eit par dessertar.
Vi vart såpass mette at det ikkje vart så stas med kaker som det ville ha vore om vi var svoltnare. Den eine kaka bar eg rett i frysaren.
Det var så fælt vêr at eg tykte det var ekkelt at Solveig skulle køyre utover, men ho er vel heime for lengst. Det var berre ho og dei to yngste som kunne komme i dag. Eirik skulle delta på "Battle of the bands" på Kaihuset her i Ørsta, så Margrete og dei andre to vart med han dit. Eg har fått rydda opp i huset, så no skal eg sløve framfor TV-en resten av kvelden.
Olaug og Håkon.

Amanda og Eirik.
 
Solveig.

Kransekake med vitsar er eit must. I dag likna kaka mest av alt på det skeive tårnet i Pisa. Men den smakte godt. Kjøpt på Coop i Ørsta.
De har kanskje lagt merke til at her ikkje er bilde av Margrete og meg. Det er heilt tilfeldig.

fredag, november 15, 2013

Dagbok 2013: 15.november

Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 9 grader C, og eg treng vel knapt å fortelle at det regnar. Det fossar ned.Vi er heldige som bur oppe i høgda og har tett tak.
I dag føremiddag gjorde eg klart det eg skal servere i morgon. Så var eg ein tur på kafe i lag med kollegaveninner. Den yngste i flokken fyller 60 år i dag og er framleis i arbeid. Dei to eldste er over 80 år. Aldersskilnaden har ingen ting å seie, vi har alltid så mykje å prate om. Vi hadde bestilt bord på Fugl Føniks, der er ofte veldig fullt.
Etter veninnetreffet var vi så vidt innom Amfi, før vi reiste heim att. Då var det nesten mørkt ute, men det har vel mykje med vêret å gjere. I fjor på denne tid hadde vi sol og fint vêr heile tida.
Nils kokte lange til middag, og så slappa vi av litt før det vart kaffi. No blir det vel TV resten av kvelden. Eg plar aldri sjå TV på dagtid, men har fått med meg at Magnus Karlsen har vunne i dag. Eg har no spela sjakk ein gong i tida, men hugsar knapt nok reglane, så eg bryr meg ikkje om å sjå det på TV. Kvar sine interesser.
Så håper eg at alle får ei god helg og at det ikkje skjer ulykker i styggevêret.

torsdag, november 14, 2013

Dagbok 2013: 14.november.


Nils fyller 77 år i dag. Gratulerer !
Klokka nærmar seg 19.00 og Nils har benka seg framfor TV-en.
I dag har det vore overskya og stort sett opphaldsvêr i dag. Nils brukte myke av føremiddagen på å sage ned resten av grana på hushjørnet. Den vart planta til mamma sin 80-årsdag i 1988, men no var den ikkje så fin lenger. No kjem hageslangen og takrenna betre til sin rett-. Slik er det berre.
Her går ingen ting til spille, så også dette treet vart til ved i sekker. Berre baret blir kasta.

Mens han styrte på ute, laga eg ei kake, og vaska golva.Det er nokon som har antyda at eg vaskar støtt, det er ikkje tilfelle; eg vaskar 2-3 golv ein gong i veka. Grunnen til at eg vaska i dag er at eg skal på kafe i morgon, i lag med veninnene mine frå Velle. Den yngste av oss fyller 60 år i morgon.
Eg fann meg ikkje genser sist eg var i Volda, eller her i Ørsta. I dag var det halv pris på Møre konf., så eg måtte bort å kjøpe meg eit par stk. Eg brukar mykje genserar, og må ha nokre som ser såpass ut at eg kan gå "ut" med dei, for eksemper på kafe.
Vi handla sjølvsagt litt mat også,på Amfi, og då vi kom heim laga vi middag. I dag hadde vi noko som Nils likar godt, steikt kveite med heimelaga remuladesaus. Eg fekk lov å seie mi hjertens meining, og den er at eg likar i grunnen best sei!Etter måltidet slokna vi ei stund.
Noko feiring har vi ikkje hatt i dag, ingen vits verken med kake eller anna "godt" når bursdagsbarnet ikkje kan ete søtt.Vi tek det att på laurdag. Presang har han heller ikkje fått, for dei greidde ikkje å skaffe jakka han ville ha her nede. Men det kjem dagar etter desse.

onsdag, november 13, 2013

Dagbok 2013: 13.november.

Klokka er 18.15. Temperaturen er + 4 grader og det regnar ute. Det har knapt nok vore lyst i dag.
I dag var eg litt flittig på føremiddagen. Eg fekk dei 13 år gamle stovegardinene ned frå loftet, strauk dei og hengde dei opp. Og eg synest dei er finare enn nokon gong! Dei lette sommar-gardinene med lilla blomster er fine om sommaren, men når det nærmar seg jul, likar eg gamlegardinene best. Særlig når ein skal pynte til jul. Etterpå støvsuga eg alle teppegolva, men vaskinga får vente til i morgon.
Så har eg også stoppa lester, det er vel ikkje mange som gjer det i vår tid, men eg har tid til slikt, og eg likar det. Når lestane er utslitne, brukar eg brota om att og strikkar ny fot, då sparer ein både garn og arbeid. Dette er ikkje noko ein MÅ gjere, men eg gjer det som eit slags prinsipp.Og så kan eg høyre lydbok mens eg jobbar med det. På grunn av ryggen torer eg ikkje å strikke så mykje akkurat no.
Eg er ikkje heilt sikker på kva Nils har jobba med, han har halde seg ute og i garasjen for det meste. Trur han har funne fram eit fiskegarn, men det blir ikkje fisking i dette vêret.
Vi skulle hatt nokre finevêrsdagar til før vinteren, for vi var ikkje heilt ferdige med hagearbeidet.Vi får håpe på eit par bonusdagar.
I morgon fyller Nils 77 år, eg synest det er heilt utrulig at han plutselig er blitt så gammal.Han virkar ikkje slik. Vi skal feire i lag med barn og barnebarn på laurdag.

tirsdag, november 12, 2013

Dagbok 2013: 12.november

Klokka er no 19.00. Temperaturen ute er + 5 grader C og snøen er borte. Håper han held seg vekke til det nærmar seg jul.
Sist natt vart eg liggande å verke i ryggen til tross for diverse tablettar. Slike netter har eg hatt mange av, men siste 3-4 åra har eg vore nesten heilt bra, så eg føler det som eit tilbakefall.
Hadde ikkje så store planar for dagen i dag, anna enn at vi måtte handle inn diverse mat, og det har vi gjort.Var ein snartur til Volda, resten fekk vi på Amfi. Litt husarbeid har det også blitt. Men det var så mykje meir eg gjerne skulle hatt gjort. Og aldri er vel arbeidslysta større enn når ein ikkje maktar det ein vil.
Til middag i dag hadde vi resten av lapskausen frå i går, så det var no lettvint.
Nils såg Amanda på lokalsendinga på TV, eg sat sjølvsagt med ryggen til. Det var i saka med nedlegging av skular i Volda kommune. Ja, det ligg ikkje godt til rette for å bu på bygdene. Då flyttar alle barnefamiliane mot sentrum, og det er vel ikkje ei slik utvikling vi ønsker?
Bildet over knipsa eg før middag, no er det belgmørkt ute.

mandag, november 11, 2013

Dagbok 2013: 11.november.

Klokka er 17.45, temperaturen + 6 grader; det regnar og blæs innimellom.
Eg var ikkje ut for ei dør i går, og har ikkje vore ute i dag heller. Så i morgon må vi nok ein tur ut i verda igjen.
Ja, Nils har no vore litt på farten i dag også. Rett etter frokost kom gartnaren "vår" på besøk og ville klippe victoriatreet vårt i år også. Det hadde fått nokre fryktelig lange skudd, som vart fjerna med hard hand. Han klipper tre, og får fisk som betaling, men no hadde han funne ut at han hadde fått for mykje fisk, så han ville gi oss litt sjølvrøykt laks ....
Elles så fekk Nils saga opp greinene frå naboens tre, dei som han fekk på laurdag, det vart tre sekker med fin bjørkeved. Som de forstår er det mykje bytting av varer og tenester her omkring.
Eg har for det meste styrt med husarbeid. Laga mat og vaska opp, lagt i hop klede og stroke litt, osb. Dagane går som ein røyk. Margrete og Eirik kom ca 15.30 og var her eit par timar mens Amanda dansa. Dei åt sjølvsagt middag med oss.
Enda det er tidlig kveld er det stupmørkt ute. Men som Alf Prøysen song:
"November er så trist og grå,
men nyttig likevel.
For nå må barna tenke på
å lage moro selv."

søndag, november 10, 2013

Dagbok 2013: 10.november = farsdag.

Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 2grader C. Når det gjeld vêr er dette årets verste dag. Den dagen då den første blaute snøen kjem og legg seg på marker og vegar. Grøss og gru!
Nils gikk ein tur på føremiddagen, men eg avstod og heldt meg inne. Eg gjorde unna litt "kontorarbeid" før eg fann ut at eg kunne lage ein kakebotn, og sidan bakebollen var nesten like rein og omnen varm, sette eg ein brøddeig i det same. Sidan dette var ein typisk "vere - heime -dag".Mens deigen heva seg hadde eg ein lang prat med ei veninne i telefonen. 
Noko feiring av farsdagen vart det ikkje i dag, men Nils og eg hadde ei lita "feiring" med kafebesøk i går. I morgon reknar eg med at Margrete kjem, så då får vi avtale neste familietreff. Barn og barnebarn har mange jern i elden, vi er nokså fleksible, så det får vere dei som bestemmer dag og tid.
Etter at vi hadde ete ein enkel middag, og drukke litt kaffi, blei det sofaen og bok for meg, TV-fotball for Nils. No har han funne enda ein kamp, så då kan eg lese bok og strikke. Heilt greitt for meg.Vi er fæle til å reke på kvardagar, så søndag blir gjerne den dagen vi held oss heime og sløvar.

lørdag, november 09, 2013

Dagbok 2013: 9.november.

Klokka er 16.15. Sola har gått ned og det er + 3grader ute. Det tek så smått til å skymest.
Denne dagen vart mykje finare enn vi forventa, vi var ikkje budde å så fint vêr, så vi må berre takke og ta imot.
Nils var ned på Kulturhuset med kaka på føremiddagen, mens eg vaska håret og "shina" meg opp litt.
Etterpå var vi ein tur på Amfi, før vi stilte opp på basaren. Men der var det så fullt at vi gikk derifrå. Ein liten tur innom biblio, før vi gikk på "Fru Svendsen" og drakk kaffi. Vi feira farsdagen litt på førehand. Trefte mange frå pensjonistlaget der, det er ein fredelig plass for dei som har lyst å sitte og prate med kvarandre.
Mens vi likevel var på farten og vêret var så fint, tok vi ein tur ut i hamna og såg til båten. Det blei ein liten tur på stien også, eg fann meg ein benk der eg kunne sitte og sjå utover sjøen i solskinet. "Det er svart november, båra knuser mot strand ein forliste draum om eit sommargrønt land........" Sommaren er så avgjort forbi.
Då vi kom heim att i Starevegen, heldt ein av naboane på å sage greiner at den heilt spesielle bjørka si, så den ikkje skal vere til hinder for trafikken når snøen legg seg. No er Nils ute og hjelper til litt, så vi har ikkja laga middag enno. I dag blir det salta lange med poteter og gulrøter. Pluss flatbrød og Kvitseidsmør. Nam!

fredag, november 08, 2013

Dagbok 2013: 8.november

Klokka har passert 18.00, men eg føler at det er seine kvelden, sidan det alt har vore mørkt lenge. Temperaturen er + 5 grader C og det regnar.
Dette er det ufyseligaste haustdagen vi har hatt så langt, med tanke på vêret, sjølvsagt, elles har vi det bra. I fjor haust skein sola dag ut og dag inn, slik er det ikkje i år, sjølv om det har vore mange fine dagar.
I dag laga eg ei kvikklunsjkake på føremiddagen, skal levere den på misjonsbasaren i morgon. Det er omtrent alt eg har gjort i dag.
Vi var ein tur nedover, måtte bort på VØR for å få oss ein større papirdunk, sidan vi no må ha plastposen i papirdunken. Vi har rett på større dunk sidan vi betaler dobbel renovasjonsavgift. Må det når vi leiger ut kjellarleilegheita.
Gikk ein liten tur i gå-gata, men det var ikkje mange som gikk der, og så vart det ein liten tur på Amfi, sjølvsagt. Var innom apoteket og kjøpte to ulltrøyer, eller T-skjorter i ull, som det heiter på fint. Ønsker meg varme genserar også, har to, men dei er ikkje brukande andre stader enn heime. Dei er veldig velbrukte!
Til middag i dag blei det karbonadesmørbrød, ikkje kvar dag vi lagar skikkelig middag. Etterpå vart eg liggande på sofaen å lese, før eg tok tak i strikketøyet.
Eg er så elendig i ryggen om morgonen når eg står opp, at eg knapt er i stand til å røre meg. Men når eg kjem i siget går det heilt fint. Og takk for det.
Fredags-og laurdags-kveldane blir det mykje TV, og det blir det vel i kveld også. Vil ønske alle ei god helg !

torsdag, november 07, 2013

Dagbok 2013: 7.november.

Klokka er 19.30 temperaturen er 3-4 plussgrader og der regnar. Tidligare i dag var det opplett og ganske fint.
Eg har vore nokså flittig i dag, noko som gjer at eg er relativt trøtt i kveld.
Først vaska og støvsuga eg til helga, og etterpå sette eg meg til for å skrive referat frå møtet i går. Det er ikkje alltid like enkelt å få skikkelig dreis på skriveria, men eg kom då i mål på eit vis.
Vi måtte ein tur nedover også, for eg skulle ha ein prat med redaktøren i Møre-Nytt. Det gikk greitt, for vi trefte han ut for døra.
Det blei ein tur på Amfi også, og i dag hadde dei fått inn heile fåreribber, så vi sikra oss eit par. No kan vi begynne å planlegge feiringa av FAR, sidan det er både farsdag og fødselsdag i kjømda.Ferdig oppskorne ribber vil han ikkje ha, det skal vere skikkelige store stykke.
Etter ein pause, og ny gjennomlesing og retting av manus, blei det endelig tid å lage middag. I dag hadde vi steikt sei, det er og blir ein av favorittane mine. Så bevilga eg meg ein liten klatt is "fordi eg fortente det".
I morgon har eg berre ein jobb som eg MÅ gjere. Eg skal lage ei skuffe-sjokoladekake til misjonsbasaren på laurdag. Fordi vi er medlemmer av Ørsta kyrkjelyd. I fjor var vi med og dekka borda på Kulturhuset. Det var ein jobb eg likte betre, for det KAN vi.No har Nils funne seg ein fotballkamp på TV, så då får eg kanskje høve til å lese litt i boka mi.

onsdag, november 06, 2013

Dagbok 2013: 6.november

Klokka er 19.45, temperaturen ute +2 grader C, og det har vore ein fin dag. Men i dag fekk vi ikkje høve verken til hagearbeid eller tur, for det var det møte i pensjonistlaget, og det tek det meste av dagen.
Eg var ikkje heilt i form i dag, så det vart ikkje gjort noko særlig her heime før vi for nedover i 11.30-tida. Vi hentar songbøker m.m. på Bakk-Ola- marka og tek dei med til kulturhuset. Der dekkar vi borda og ordnar det vi skal til møtet.
Så var vi ein tur på Amfi, Nils må ned på sportsbutikken kvar dag, nesten, for å spørje etter ei jakke han har bestilt. Alt tek si tid.
Vi fekk tid til både å ete og kvile litt før vi gjorde oss klar til "fest". Det kom mykje folk på møtet, og vi hadde det kjekt. Vi har åresal og loddar ut blomstrane som vi pyntar borda med, og Nils vann ein plante i kveld. Sparebanken gav 4 flotte bøker til utlodding, så i dag var det litt ekstra. Det var dei som stod forutdelinga av premiar til dei som hadde delteke i "Den gylne spaserstokk" også.
No er eg trøtt i hovudet og ser fram til ein rolig kveld. Eg er i fin form no, om nokon skulle lure på det.

tirsdag, november 05, 2013

Dagbok 2013: 5.november.

Klokka er 16.30, temperaturen + 6 grader og det har regna så smått i dag. Det vart ikkje den finevêrsdagen vi hadde venta.
Vi var relativt tidlig oppe, og Nils reiste ut for å fiske. Eg baka brød og rygga kjøkkenet litt ekstra, slik eg gjer ein gong i veka.
Så sette eg meg til å scanne bilde og skrive.
Nils kom att med sei, men det vart til at vi tok oss ei fersk brødskive og ein kaffikopp då. NO skal vi ete middag, og litt seinare skal vi i Åsentunet på boklansering. Slik er det når ein kjenner fleire forfattarar.
Og i morgon er det møte i Pensjonistlaget, så då går den dagen.
Så har vi vore i Åsentunet, der Ottar las dikt, og Stig "Ulv" Ulvestad spela gitar. Det vart til at vi kjøpte både boka og eine plata til Stig, som eg for øvrig hadde som elev i mange år. Vi trefte mange vi kjenner, så det vart litt prat etterpå.

mandag, november 04, 2013

Dagbok 2013: 2.november

Klokka er 18.45, temperaturen ute er litt over 4 plussgrader, og det har regna.
Då vi stod opp i dag var vêret minst like fint som i går, og etter kvart kom sola fram. Eg var elendig i ryggen etter den lange turen i går, og var redd eg kom til å ligge rett ut i dag. Men etter at eg kom i siget, betra det seg, og eg sette i gang med hagearbeid i lag med Nils.
Han klipte greiner av frukt- og bærtre og mol dei på kompostkverna. Dei greinene som var tjukke nok til ved, vart teke vare på, derfor står hylsa til vedsekkene framme. 
Eg planta blomsterløk, raka og "gikk til hånde". Blant anna.
I 13-tida var vi inn og tok oss litt mat, før vi gikk ut og jobba vidare. Vi raka lauv, både med rive og med grasklipper. Vi byttest på jobbane, men det vart såpass tungt å dra klipparen på den dyvåte jorda nede bakken, at vi vart ikkje heilt ferdige. Så vi har ein god del att før vi er klar for vinter.
Ikkje før hadde vi kome i hus og fått fyr i omnen, så silregna det. Det kom heilt uventa. 
Middagen i dag vart Pizza Grandiosa, hjemmelaget type. Såpass må vi unne oss etter ein hard arbeidsdag.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...