mandag, februar 03, 2014

Dagbok 2014: 3.februar

Klokka er no 18.00. Temperaturen ute er + 8 grader C og det finst ingen teikn på vinter. Det har vore stort sett skya i dag, men sola var framme ei stund, såpass eg fekk registrert at ho ikkje heilt "klive honnje" enno. Men det manglar ikkje mykje på det. Og då vil vi ha sol heile dagen, om det blir klårt.
Har ikkje gjort mykje i dag, berre pusla og rydda litt i huset etc. og laga middag til oss sjølve og gjestane. I dag fekk Erlend noko han likte, han også.
Nils var ein tur til Vik f.m., klipte seg og handla litt. Elles har det ikkje skjedd noko - og det er kanskje det beste. Har mykje kontakt på nettet, så eg føler meg ikkje einsam på nokon måte.
I kveld ser eg fram til siste episoden av Mammon. Kan vere like greitt å bli ferdig med den.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg må berre innrømme at eg ikkje forstår Mammon heilt ...

Besta sa...

Trur ikkje det er så mange som har forstått den HEILT nei.
Eg kom på sporet etter at eg seåg dei to første episodane om att, men så spora eg av igjen.

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...