onsdag, mai 31, 2017

Dagbok 2017: 31.mai

Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 10 grader, det er lettskya og fint, men iskald nordavind.
Elles har denne dagen vore litt annleis enn dei fleste dagar. Eg kom i skade for å stå opp ein time for tidleg, men la med nedpå og sovna igjen. Den første HBO-en kom klokka 9.00 i staden for halv ti, men sidan vi begge var oppe og påkledde var det berre ein fordel. Nils skal måle sukkeret på fastande hjarte, så i dag slapp han å vente så lenge på frokosten. (Eg et frokost åleine før han er oppe.)
I går kveld fekk Nils ein trist beskjed. Då han gjekk på barneskulen var dei berre to gutar på same alderstrinnet, Nils og Sverre. Dei har halde kontakten i alle år, men i går kom bodet om at Sverre var død.
Eg hadde avtale med Anne Elise om at eg skulle få vere med henne ned og handle i dag. Det var særleg blomster til kassene eg var ute etter. Vi var bort til Urke-gartnaren, og eg fekk tak i slike lobelia som eg vil ha, men i staden for geranium kjøpte eg nellikar i raudt og rosa. Eg fekk planta i kassene utpå ettermiddagen. 
Mat handla vi på Rema 1000, det er ein fin og ryddig butikk. Eigentleg var det ikkje så mykje eg trong, men eg plukkar alltid opp i eit par posar. Og så fekk eg sjå ein veldig spesiell orkidé som eg berre måtte ha. Dyr var den heller ikkje. Berre synd at eg braut av ei grein på ein av dei gamle orkidéane då eg skulle ha den nye på plass. Ei grein full av knoppar.
Vi fekk besøk av ei av naboane etter at eg kom heim, og vi sat og prata til det var på tide å lage middag. I dag vart det røykt skinke med poteter, broccoli og bernaise. Nils var fornøgd med det. Etterpå sovna vi i kvar vår stol. Naboen kom ein snartur tilbake med "kanel i svingane" som ho hadde laga, så det vart eit kaloririkt kaffimåltid også. Eg berre kjende kor kaloriane sette seg fast, så eg hadde berre ein ting å gjere: Klippe plen! Eg klipte bio i heile skråninga. Det gjekk ikkje heilt glatt for mosen har losna og graset var fuktig. Klipparen stoppa av seg sjølv nokre gonger, men eg fekk den i gang igjen. Eg må nok fare over med oppsamlar-eller så må eg rake. Men eg likar slikt arbeid betre enn å stå å rive eføy av mur.
Det er ikkje så stor skilnad på forma til Nils frå dag til dag. Han er litt utslått nokre timar etter at han har fått morgontablettane, men så kjem han seg. Vi et middag i 14-tida, og etter den tid går det bra. På grunn av medisintidene prøver vi å halde oss til nokså faste måltid, særleg middag. I kveld kjem naboen Torbjørn ein tur ein tur, det set Nils pris på. Han sit elles i stolen sin og ser TV mykje av tida.
Dei ringde frå biblioteket i dag med tilbod på tre bøker eg kunne få låne(lydbøker).Eg bad dei sende dei med Jann, kulturhussjefen, som bur rett over gata. Snakk om sørvis. Eg held framleis på med den 18 CD-lange boka, det går ikkje fort når ein les berre nokre minutt kvar dag. Eg er komen til plate nr.10. Men eg likar å ha nokre bøker liggande på maskina, så eg har litt å ta av.



tirsdag, mai 30, 2017

Dagbok 2017: 30.mai

Klokka er 19.10, temperaturen er + 12 grader og det er overskya. Godt arbeidsvêr med andre ord, anten ein er ute eller inne.
Dagane går som ein røyk uansett, anten dei er gode eller mindre gode. I dag har vi hatt ein god dag. Det er alltid spennande å sjå om Nils er i form når han står opp og i dag var han bra. Først kom den vanlege HBO-en og målte sukkeret, og så kom det ei som tok blodprøver. Nils har det bra på den måten at han ikkje har store smerter, han har appetitt og godt humør, men blir andpusten av den minste ting, så det blir mykje til at han sit og ser på TV. Eg går til og frå, men sjølvsagt held eg han med selskap når eg kan.
Etter det vanlege morgonstellet i dag sette eg brøddeig, og så shina eg opp kjøkkenet etter at brøda var komne i omnen.
Starta eit storarbeid ute, og er langt frå ferdig. Då vi bygde tilbygget brukte vi Leca-stein, og Nils hadde lite lyst å pusse veggene, derfor planta vi eføy, som har vakse veldig villig , for å seie det slik. Ikkje berre oppetter veggen, men heilt oppå altanen og inn i boda under. Nils har no prøvd å halde den litt i sjakk, men i fjor sommar vart ingen ting gjort, så no heldt eføyen på å ta kvelertak på både oss og huset. I dag begynte eg å klippe og drage dei lange utskudda, men eg er langt frå ferdig. Så langt har eg fylt tre store plastsekker. Veggen ser ikkje ut, for å seie det forsiktig, men det gror seg vel til igjen. Eg plar like ute- og hagearbeid, men den eføygreia var ikkje så kjekk.
No høyrer eg klipperane surrar og går hos diverse naboar, kanskje eg skal klippe skråninga i morgon? Men først skal eg vere med ein av naboane til gartnaren og kjøpe fine blomster til kjøkkenkassane.

mandag, mai 29, 2017

Dagbok 2017: 29.mai

Unnskyld, Amanda, at eg kjem med dette bildet på bloggen, og det på 17-årsdagen din. Men det er favorittbildet mitt -av deg. Tatt ein glovarm sommardag i 2002. Du er så varm at du er heilt utslått -bokstavleg talt.
Gratulerer med dagen i dag!

Klokka er no 20.40, temperaturen er no + 15 grader, det har vore lettskya, men opplett og ein god del sol i dag. Ikkje så varmt som før helga, men det er sommar! Sist natt regna det, og det var heilt perfekt; regn om natta, sol om dagen, slik skal det vere.
Nils var heldigvis betre i dag enn i går morgon, men han blir litt utafor ei stund etter at han har fått alle tablettane sine, så i dag gjorde han som eg sa, la seg nedpå ei stund til han kom seg til att.
Mens han låg og kvilte gjorde eg hagearbeid, men det vart ikkje så mykje gjort i dag. Elles er det vanleg husarbeid som tek ein del av tida mi. Til all lukke et Nils bra, berre han får rette sorten mat. I dag vart det svinekotelettar i brun saus, kanskje ikkje gourmet-mat, men berre det er rikeleg saus på, så glir det ned. Etter at HOB 2 hadde vore her klokka 16, dusja eg og vaska håret og var akkurat klar til Solveig kom. Ho hadde køyrt Øystein på flyplassen. Margrete og alle dei tre heimeverande barna hadde vore på pizzarestaurant og kom opp hit etterpå, som avtalt, dei kom fem minutt etter Solveig. Solveig hadde med seg rabarbrakake og eg hadde is og brus og KAFFI. Så feira vi at Amanda fyller 17 år i dag.
Etter at Margrete &Co var reiste, var Solveig og eg på handlerunde, Eirik var att hos Nils for han hadde sin eigen bil og det var fotball på TV. Vi var på apoteket og på Plantasjen blant anna. Skulle handle blomster til krukker og kasser, men utvalet var ikkje etter min smak. Kjøpte litt gjødsel, men då eg ville kjøpe mold meinte Solveig at den var altfor dyr. Mykje billegare på Coop, sa ho, og det stemte, så då kjøpte vi molda der. Godt å ha med seg prismedvitne folk når ein handlar! HOB-en som kom klokka 20, anbefalte gartnaren frå Urke, og det er han vi har handla med før. Men han er her berre på dagtid. Det blir vel ei råd.

Amanda 17.mai 2017


søndag, mai 28, 2017

Dagbok 2017: 28.mai

Sukkerertene spirer

Perleblomstbusken blomstrar.

Denne syrinen blomstrar for første gong.

Klokka er snart 18.00. Temperaturen er + 20 grader, men det var +24 grader tidlegare i dag, om ikkje meir. Det har vore overskya heile dagen, og til kvelden og natta er det meldt regn. Og takk for det, må eg nesten seie, for eg klipte plenane litt for korte i går, så eg vil gjerne ha det grøne igjen.
I dag var ikkje Nils mykje tess då han vakna, han var heilt gjennomsveitt og i veldig dårleg form. I går var han i storslag, køyrde meg til butikken i 20.30 tida og sat i bilen mens eg handla. Attåt all annan aktivitet vart det vel for mykje. Men etter at HBO-en hadde vore her i dag tidleg, fekk han tablettane sine og åt frokost, og la seg nedpå og sov ganske lenge. Då kom han seg til hektene igjen, og åt godt til middag.
I dag hadde vi omnsbakt laks med poteter, blomkål, agurk og rømme. Til dessert hadde vi smoothie heilt utan sukker.  Som væske i smoothie-en brukte eg Mozell light.
Mens Nils sov var eg ute i hagen og dreiv med litt stillferdig arbeid, som luking, vatning etc. Ingen maskiner i gang i dag. Her er veldig stilt i Starevegen om søndagane.
Det har alltid vore NIls som har styrt med sukkerertene, men i år var det eg som måtte til. Og jammen spirer dei i år også. No har visst Nils funne seg ein fotballkamp igjen, så eg får ta fram strikketøyet.
Eg er invitert til ei veninne til lunsj i morgon, men veit ikkje om eg kan fare, det kjem an på korleis Nils har det. Eg likar ikkje å la han vere heime åleine dersom han ikkje er bra. Etter at han har fått andre medisindosen kl.13-14 er han som regel ganske bra, så det er vel medisinen å takke for at han er såpass bra innimellom.
Solveig kjem innover i 17-tida, men eg treng ikkje å handle mykje mat då. Har eit ærend på apoteket, blant anna.

lørdag, mai 27, 2017

Dagbok 2017: 27.mai

Klokka er snart 19.00 og det er framleis + 26 grader ute. Heilt herlig, spør du meg. Eg blir sjeldan FOR varm og toler sola godt. Har vore ute det meste av dagen, men ikkje lege på solseng, akkurat DET kan bli i meste laget.
Dagen starta brått med at HBO 1 kom ein time for tidleg. Det er slikt som kan skje i helgane fordi dei er færre på vakt då -og dei som er må rekke over fleire. Eg var oppe, men gjekk og svinsa i nattkjole. Ein heimesjukepleiar har vel sett det som verre er.
Nils stod opp og fekk tatt prøven. Dermed var dagen i gang. Og for ein dag! Finaste vêr ein kunne ønske seg, berre nokre lette skyer og ein bitte liten bris.
Og det beste av alt: Nils var i bra form. Og det er han framleis. Han har reparert den gamle el-klipparen, blant anna, og så har han prata med naboar. Han kan sitte ute, men likar ikkje å sitte i sola når det er varmt.
Eg kunne nesten ikkje vente med å komme meg ut i dag. Først bar eg vekk ein heil del plankar etc. som låg ovafor garasjen, før eg begynte å klippe plen. Hadde tenkt å klippe med oppsamlar i dag, men fekk ikkje til å ta ut bio-innsatsen, så det blei bioklipp, først oppe mot vegen , etterpå rundt huset. Tenkte det fekk halde. Nils ringde til han som selde oss klipparen og spurde om råd, så han stoppa på heimvegen og lærte oss trikset. Eg syntest det var for gale å klippe over ein gong til for å samle opp, så eg raka litt i staden. Men nedanfor huset fall eg for freistinga og henta opp graset med klipparen. Men det var mykje seinare. Eg likar SÅ godt å klippe plen, for då får eg vere ute og så får eg mosjon. Passar veldig bra, sidan eg ikkje kan fare så langt heimanfrå.
Einar stakk innom etter at han og Håkon hadde sprunge rundt Rotevatnet i Volda. Ja, ikkje berre dei to, det var eit "løp". Håkon vann faktisk. Einar baud til at han kunne klippe plen, men eg har sagt i frå om at DET arbeidet vil eg ha-enn så lenge. Han ville også køyre meg på butikken, men eg var så skitten og fæl at eg ville utsette det. Eg har enno ikkje vore og handla, men vi overlever kanskje til mandag om eg ikkje gidder å fare ned.
Dagen har gått veldig fort, og eg har enno ikkje verken vaska meg eller kledd meg om til helga. Golva er fulle av gras og ingenting er gjort inne. Men det blir kanskje overskya i morgon og då passar det betre å shine opp inne.
Bilda er tatt frå altanen kl.19.20

fredag, mai 26, 2017

Dagbok 2017: 26.mai

Klokka er 19.00, temperaturen er + 20 grader C og det har klårna betydelig opp etter ein grå og våt morgon.
Nils var i rimeleg bra form då han stod opp i dag, og etter frokost blei det dusjing, barbering og byting av plaster, ei nokså fast rutine tredje kvar dag. Men så var det gjort, han var slapp og ville berre sove og sove. Eg kom meg ikkje til med noko særleg sjølv heller, måtte passe på pasienten. Men eg fekk i alle fall sett på ein klesvask etc.
Klokka 13.30 fekk han medisindose nr. to og då livna han til. Han ville berre ha suppe og brød til "middag" og det fekk han. No er han i fin form, har sett TV, og jammen var han ut på kjøkkenet og varma resten av suppa sjølv.
Eg har sete mykje i lag med han og strikke  på eit par restelestar, må ha noko å henge fingrane borti.
No på sein ettermiddag var eg ute i hagen og jobba litt. Har vaska og hengt opp kassane utanfor kjøkenglasa, men enno er dei tomme. Solveig kjem innover mandag, og då kan det bli ein tur på Plantasjen - om ikkje før.
Hadde tenkt meg ein tur på butikken i kveld, men utsette det til i morgon.
Ønsker alle ei god helg!

torsdag, mai 25, 2017

Dagbok 2017: 25.mai

Klokka er 19.15, temperaturen er +11 grader C og det har vore ein heilgrå dag med skodde og regn.
Somme dagar kjenner eg meg nesten som ein duracell-kanin -i dag gjer eg ikkje det. Eg plar rekne opp nokre av dei tusen tinga eg gjer, i dag har eg berre baka tre brød og dett var dett. Resten av tida har eg stort sett sløva  i lag med Nils, framfor TV-en. Vi har hatt besøk av to HOB-ar, den andre kjem att klokka 20.00. Nils fekk ei sprøyte klokka 16-som vanleg.
Dagen begynte dårleg. Nils var absolutt ikkje i form då han stod opp. Etter at han hadde fått tablettane sine og ete frokost, sovna han og sov ganske lenge. Etter kvart kvikna han til, men middag ville han ikkje ha, men heller nysteikt brød. For å seie som sant er så er dei heimebaka brøda mine nokså næringsrike, så det er inga katastrofe at han et dei i staden for tradisjonell middagsmat. Han drikk mykje H-melk og et banan, så eg trur han får i seg bra med næring. Men vi får sjå kva han vil ha til kvelds. Eg tvingar han ikkje til å ete noko han ikkje vil ha. Eg blir litt skeptisk når han begynner å vegre seg mot å ete, det plar vere første teiknet på at noko er i emning. Men i kveld er han i bra form, så vi håper det beste.
Eg tok eit par bilde frå altanen, sjelden at ein tek bilde i dårleg vêr, men eit lite lyspunkt er det at epletreet blomstrar og at perlebuska har nokre utsprungne blomster. "Brura" brukar eg å kalle den buska. Sist haust klipte eg bort litt av sløret og støtta den opp. Eg håper på hagevêr i morgon, for det er mykje som må gjerast.


onsdag, mai 24, 2017

Dagbok 2017: 24.mai


Klokka er 20.10, temperaturen er + 10 grader C og i dag har vi hatt regnbyger. Ergo har eg ikkje klipt plenar eller gjort anna hagearbeid.
Men det er nok å styre med inne. Og ikkje alt viser like mykje att, husarbeid legg ein ikkje merke til før det ikkje blir gjort. I dag har eg hengt opp gardiner, støvsuga, vaska laga mat etc. "En vanlig dag på jobben". Etter middag var eg så trøtt at eg nærpå sovna i stolen, men så tok eg meg på tak etter ei stund og gjekk ned på Kiwi og handla opp i eit par nett. Det var ikkje så mykje eg trong, men det var litt manko på det eine og det andre og sidan det er helgedag i morgon må ein vere budd.
Nils er rimeleg bra, men han klarer ikkje å gå så mykje, så han blir mykje sittande framfor TV, eg blir ofte sittande i lag med han, i dag såg vi syklistane då dei kom til Førde. I "gamle dagar" var eg rimeleg godt kjent i Førde, men det var før staden blei by og begynte å vekse.
I dag gjorde eg ferdig eit lestepar igjen, men no treng eg snart meir garn, sjølv om eg ikkje har brukt opp alle restar enno.
HBO nr.3 var her nettopp, så no ventar vi ikkje fleire besøk . Her har ikkje vore andre visittar i dag.
Det er slike dagar eg nesten ønsker at eg var i jobb og såg fram til fleire fridagar. Det er ikkje det samme når ein er "fri" kvar dag. God helg.

tirsdag, mai 23, 2017

Dagbok 2017: 23.mai.



Klokka er  19.15, temperaturen er + 17 grader C og det har vore ein dag utan ei sky på himmelen og ei strålande sol. Men akkurat no sig det mørke skyer inn frå vest, så då får vi berre glede oss over at vi hadde høve til å nyte denne dagen. Dei to øvste bilda tok eg i dag tidleg før Nils var oppe. Det å vakne opp til slikt vêr er ei glede. Seinare på dag la vi oss ut på kvar vår solseng, men det var etter at vi hadde ete middag.
Etter at HBO hadde vore her, og Nils hadde ete frokost, hjelpte eg han så han fekk dusje , barbere seg, få på seg reine klede og ny smerteplaster. Vi har bra rutiner på dette no.
Og så var det over på dagens hovudoppgåve: kjøp av ny plenklipper. Nils ringde på Felleskjøpet og ville ha ein slik som Margrete hadde kjøpt, men dei hadde ikkje fleire. Men vi har ein nabo som driv Jernia-butikk, og så vart han kontakta. Han anbefalte ein som var billegare enn Margrete sin, med bensinmotor og bioklippinnsats. Sidan han køyrer forbi huset vårt når han skal heim, kunne han ta med klipparen, og det gjorde han.
Eg har vore litt skeptisk på slike klipparar der ein må drage i snora når ein skal starte, men i dag fekk eg litt undervisning, og no får eg start på første forsøk. For sjølvsagt måtte eg bio-klippe heile tomta med det samme. Det var ikkje så lenge gjort, når eg ikkje samla opp og tømde. Men kva gjer vi med dei to gamle klipparane? Det vil tida vise. Eg er i alle fall glad for at eg slepp å drage rundt på dei lange skøyteleidningane.
Til middag i dag laga eg nydelige kjøttbollar med fløtesaus etc. Nils likar så godt "våt" mat , dvs. mat med saus t.d. I dag fekk han ein stor porsjon med dessert også, etter at dei hadde vore og målt sukkeret, så no spørs det kva som skjer i kveld - må han ha ei ekstra sprøyte?




mandag, mai 22, 2017

Dagbok 2017: 22.mai

Klokka er snart 19.00. Temperaturen er + 16 grader C, det er lettskya og litt sol. Det har vore ein fin vårdag, men så mykje jobbing vart det ikkje med meg i dag. Eg hadde ingen spesielle planar, så eg vart sittande å stoppe eit par lester og feste trådar på eit ny-strikka par.
Nils hadde sett seg i hovudet at han skulle klippast i DAG-no kunne han ikkje vente lenger. Og han skulle køyre ned sjølv. Eg prøvde å protestere, men til inga nytte. Men eg måtte vere med, det var både han og eg samde om. Det gjekk heilt greitt. Ein kan køyre heilt til døra til frisøren. Det var tre unge damer der og ingen andre kundar akkurat då. Ei av frisørane har eg hatt som elev, så vi hadde mykje å prate om, mens ei anna klipte Nils. Han var veldig fornøgd med å bli kvitt "manken" som hadde hopa seg opp.
Då vi kom heim åt vi lunsj, og så gjekk eg ut for å klippe litt med kantklipparen og rydde litt elles i hagen. Eg fekk vel ein slags blod på tann for det vart til at eg klipte halve plenen med kantklipparen, første halva tok eg med vanleg klippar sist laurdag. Men no har vi bestemt oss for å kjøpe ny klippar, same sort som Margrete nyss har kjøpt. Eg sjekka på nettet, og det var den som var "best i test". Så lyt eg berre lære meg å drage i snora. Vi har ein nabo som har lova å hente klipparen med seg når han kjem heim.
Elles har eg vore litt lat i dag, men eg har diverse planar som skal realiserast etter kvart. Ute-på fine dagar; eller inne om det blir regn.
Nils er i bra form, berre han ikkje anstrenger seg. Han sovna i stolen etter at han hadde vore til frisøren. Det er ikkje så mykje han kan gjere, men heldigvis likar han å sjå TV. Og så får han besøk tre gonger dagleg av relativt unge damer. No kjenner vi mange av dei, og som regel har dei tid til ein liten prat. I går kveld kom naboen ein tur innom også.

søndag, mai 21, 2017

Dagbok 2017: 21.mai

Klokka er 19.30. Temperaturen ute er +15 grader C, det er lettskya og fint, med litt sol innimellom. Tidleg på dag var det ikkje så bra.
Dagen starta som vanleg med besøk av HBO, frokost etc.
Det har i grunnen ikkje skjedd så mykje i dag, Vi har vore heime åleine til denne tid.Med unntak av 3X HBO. 
Eg veit i grunnen ikkje kva eg har gjort på, vi kan no kanskje kalle det rydding-ev. roting.
Laga pannekaker med bacon til tidleg middag. Det hadde hopa seg opp med egg, så fekk eg i alle fall brukt opp nokre av dei. Egg er veldig bra for Nils sidan dei inneheld mykje protein, men så er han ikkje så begeistra verken for kokte eller steikte- då kan det vere lurt å ha dei i annan mat, eg brukar t.d. egg i brøda når eg bakar sjølv.
Eg rydda litt ute, la i hop ein klesvask etc. og til slutt vaska eg "rundt" på kjøkkenet, før eg tok ein tur bort til naboane. Har verken strikka eller lese hittil i dag. Men no ser Nils fotballkamp, så då kan det hende eg finn fram spøtet.
Nils var heilt oppsett på at han skulle reparere den elektriske klipparen. Han hadde funne feilen og sette seg på ein krakk i garasjen- og jammen fekk han motoren til å gå. Kor lenge den vil gå er eit anna spørsmål.
Han var heilt gåen då han kom inn att og måtte legge seg nedpå ei lita stund, elles har han hatt ein god dag i dag. Eg auka prednisolonen frå 10-15 mg i dag tidleg, det kan også ha sitt å seie.
Plommetrea er avblomstra no, men så står epletreet i full blomst. Elles er det meste litt seint i år, og eg har enno ikkje fått planta i kassane utanfor kjøkkenglasa. Det blir vel ei råd med det også.



lørdag, mai 20, 2017

Dagbok 2017: 20.mai.



Klokka er 20.05, temperaturmålaren på baksida av huset viser + 24 grader C, og vi har hatt ein fin og varm dag. Sjølv har eg vore ute det meste av tida, jobba for det meste. Om eg begynte å  rekne opp alt eg har styrt med, er det fare for at det kunne høyrest ut som skryt. Men ting tek tid når ikkje alt verkar som det skal, og då blir ein tilsvarande frustrert.
Etter å ta tatt opp to bøtter med løvetannrøter, fann eg ut at eg ville klippe plenen utafor og nedanfor huset. Det gjekk heilt greitt med den elektriske klipparen, om lag til eg var halvferdig. Då streika klipparen. Naboen var på pletten med verktøy og greier og fekk reparert den, men så gav den opp igjen- og igjen. Det vart til at eg tok den elektriske kantklipparen og køyrde ned på muren, men den er heller ikkje uproblematisk, for brått kjem der ikkje meir sen.......Og så er det å skru opp og "reparere"-det greier eg heldigvis sjølv. Men eg måtte gi meg med alt utan å vere heilt ferdig. Å gi seg med halvgjort verk er ikkje min stil. Ny plenklipper skal kjøpast inn! Nils fabulerer om å reparere den bensinklipparen vi har.
Eirik kom for å skifte hjul på bilen. Trur de ikkje Nils hadde snike seg ut og køyrt fram bilen utan min "tillatelse". Eg likar ikkje at han finn på slikt. Men eg fekk lov å trille hjula ut av garasjen. Seinare trilla eg vinterhjula inn og på plass.
Nils vart etter kvart veldig sliten, men insisterte på å vere med Eirik ned for å sjekke lufta i dekka.
Då han kom opp att ville han berre legge seg nedpå, og middagen som eg hadde laga til fekk eg ete åleine. Men først måtte eg i dusjen ! Eger ikkje flink å kle meg fornuftig for hagearbeid, så eg blir skiten som ein gris når eg styrer på.
Nils la seg nedpå og han fekk medisinen han skulle ha. Så stod han opp att, fekk dusje, reine klede og nytt smerteplaster, så no ser han fotballkamp. Han har ikkje ete så mykje som han bør i dag, dessutan har han vore for "aktiv"- men eg truar han med at viss han ikkje er lydig og gjer som eg seier, må han ut att på Ørstaheimen. Han skulle ned på 10 mg prednisolon, men eg har bestemt at han skal ha 15 mg. Skal klarere det med legen på sikt.
Ser de buska som står i ei potte ved sidan av trappa? Den fekk vi av våre tre barn på gullbryllaupsdagen. Gullbusk heiter den, og er snart 5 år gammal. Eg har den inne i vaskekjellaren og vinteren.
No føler eg at det er helg slik som før i tida: arbeid, vask -og så er det helg! Håper alle får ei god helg anten eime eller på tur. Nyt dagane!

fredag, mai 19, 2017

Dagbok 2017: 19.mai

Klokka er 22.40, temperaturen +11 grader C og det har vore ein nydeleg og til dels varm dag. Litt grått om morgonen, men finare etter kvart.
Eg sov dårleg sist natt fordi eg verkte i hofta. Eg hugsar aldri på at eg ikkje skal drive å klatre for mykje i gardintrapper-det gjorde eg nemleg i går.
Starta arbeidsdagen  i dag med å stryke diverse klede og henge opp gardinene  eg tok ned i går. Alt tek si tid. Matias kom på besøk til Nils, så vi vart sittande å prate. Etterpå var det tid for å lage middag. Det blei laks i dag igjen, men det var godt.
Både Nils og eg la oss ut på altanen, og begge sovna i sola. Det var berre lekkert. Og brått var det tid for HBO 2. Eg prata litt i telefonen med ei veninne og før eg venta var Solveig komen. Eg ante ikkje at klokka var så mykje.
Det vart til at vi drakk kaffi før Solveig og eg reiste til Vik og handla, på Amfi og Spar. Solveig var heilt opp i under over kor fint og varmt det var her inne. På Hareid var det kald vind. Då vi kom opp att i Starevegen hadde Nils besøk av ei nabodame - han hadde sjølv ringt og bede henne komme. Og så kom HBO 3, som var den samme som nr.2. (Det er som regel den samme som kjem klokka 16 og kl.20)
og ikkje lenge etter var Nils og eg åleine att, men så var det TV.......Ja, dagen har gått som ein røyk.
Nils er litt puslete om morgonen, men etter at han har fått mat og medisin, pluss ein liten blund, er han i bra form, sjølv om det ikkje er så mykje han kan gjere. I dag gjekk vi frå 3 prednisolon  ned til to, så får vi sjå om det går bra. I dag har han ikkje fått insulinsprøyte.
I morgon håper vi at Eirik kjem og legg om til sommarhjul på bilen vår. Vi er innkalla til EU-kontroll, men kan ikkje køyre på piggdekk. Ja, vi må vel leige nokon til å køyre bilen til kontrollen også - når den tid kjem.
Eg var glad for at Solveig hadde med ei lydbok til meg i dag, for eg likar ikkje boka eg driv og les, men så oppdaga eg at eg hadde lese boka før......
Det er alltid vanskeleg for oss gamle pensjonistane å halde styr på dagane, særleg i mai når det rett som det er kjem helgedagar midt i veka. Men eg veit at det er fredag i dag, så eg ønsker alle ei god helg.

torsdag, mai 18, 2017

Dagbok 2017:18.mai


Klokka er 18.30, temperaturen er + 13 grader C, og det har småregna det meste av dagen. Eg har knapt vore utom døra, og er glad for at gras og blomster blir vatna utan mi hjelp.
Eg vakna nokså tidleg i dag, og stod opp, men i dag kom HBO til rett tid, klokka 9.30.
Etter frokost måtte Nils legge seg inn på datarommet, slik at eg fekk støvsuga grundig på stova. Tørka støv gjorde eg også, og tok ned nokre gardiner for vask. Hadde tenkt å støvsuge gangane og datarommet også, men så kom kreftkoordinatoren på besøk. Det er ei stund sidan ho har vore her, men ho blei glad for å sjå at Nils er såpass bra. Han nemnde at han ikkje hadde fått vite resultatet av blodprøva dei to før i veka, og då ringde ho legesenteret og fekk vite at blodprosenten var heilt fin.
Middagen i dag vart restar frå i går. Eg hadde ein del energi på lager, så eg tok like godt å bytta på sengene, vaska soverommet og fekk på vaskemaskina. Prøver å gjere mest mulig inne når det regnar ute, så kan eg vere ute med godt samvit når det skin opp att.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, men eg kan no styre med det eg vil. For Nils er det annleis, men no mot kveld er det mykje å sjå på TV. Han klagar aldri over at han kjedar seg. I morgon er det fredag igjen, dagane og vekene fer fortare enn eg liker.
Regnet og mildvêret gjorde at det kom lauv på plommetrea, og no held epletreet på og skal blomstre. Veit ikkje så mykje som er finare enn epleblomster.

onsdag, mai 17, 2017

Dagbok 2017: 17.mai

Klokka har passert 20.00, temperaturen er no ca.+17 grader og det har vore ein strålande dag, med tanke på vêret. Sol frå nesten skyfri himmel og temperatur opp i +21 grader C.
Sidan vi venta besøk i dag, laga eg to former med lasagne, den eine forma vart ståande i lengste laget, men det får stå si prøve.
Dagen starta ganske brått, i det HBO 1 kom ein time før avtalt tid. Eg var så vidt oppe, og Nils kom seg fram av senga i ein fart, så ho fekk  tatt prøvane og slapp å komme igjen seinare. I dag fekk Nils dusja etter frokost, fekk på seg reine klede og nytt smerteplaster. Elles har eg gått i den daglege bunaden min: joggebukse og ulltrøye. Eg har vanlegvis såpass mykje å styre med at det er ikkje mykje vits i å pynte seg.
Einar kom på besøk, som planlagt, og han hadde stasa seg skikkeleg opp. Han hadde gått i tog også, så han feira dagen som seg hør og bør. Han fekk lasagne med salat, og is og kaffi etterpå. Same menyen som Margrete og dei to yngste fekk då dei kom hit etter å ha bivåna folketoget i Volda.
Etter dei hadde fare, og eg heldt på å rydde opp, kom HBO 3, og i kveld slapp Nils sprøyte. Han måtte ta ei klokka 16.00.
For ein gongs skuld har eg nesten ikkje sett TV i dag; i seinare år har det vore mykje TV-titting på nasjonaldagen, for vi har ikkje vore så mykje ute og gått.
Ellen Marie ringde i dag, det var veldig hyggelig, men vi fekk ikkje prate så veldig lenge, så eg skal ringe henne opp ein annan dag.
Fekk meg ei lita stund med lydbok på altanen i dag, men den boka eg held på med er på 18 CD -plater; eg held på med nr.6 og er allereie lei.
Dette bildet fann eg på "Eidasida" i dag. Det er bildet av det første kullet som gjekk på folkehøgskulen på Vereide 1923-24. Den tida heitte det Ungdomsskule. Eg veit at mamma gjekk der det året, og eg har forstørra bildet, og meiner at eg fann henne. Margrete kom til samme resultat. Eg fann ei som likna litt på meg, men aller mest på Stein-Inge. Det kan vere ei oppgåve for slekta å finne ut av det.

tirsdag, mai 16, 2017

Dagbok 2017: 16.mai

Gratulerer med 15-årsdagen, Eivind!

Klokka er 18.00, temperaturen er+ 14 grader C og det har regna smått og pent i dag. Sjølv sette eg pris på regnet, men for alle dei som skal ut og feire dagen i morgon, er det nok ikkje så kjærkome.
Elles går dagane fort, etter eit visst mønster som tek til med HBO klokka 9-9.30. Vi har i grunnen sagt 9.30, men det er betre dei kjem for tidleg enn for seint. Eg er alltid oppe når dei kjem, og om Nils ikkje er det, så er det ikkje så farleg. Etter kvart kjenner vi dei fleste som er innom. Den første som var innom i dag tok blodprøve for å sjekke blodprosenten, men då Nils snakka med legen på Ørstaheimen litt seinare, sa ho at det var det fastlegen som skulle styre med. Dermed veit vi ikkje korleis det ligg an. Nils er om lag som han har vore, verken betre eller verre, og det må vi vere nøgde med. No ser han fotballkamp på TV, og når han er oppteken med det, kan eg strikke og høyre lydbok.
Eg har litt av kvart å styre med om dagane i tillegg til å vere "pasientvenn". I dag har eg til dømes laga klar litt mat til i morgon når Margrete og ungane kjem, så har eg lagt i hop klede etc. etc. Til middag fann eg nokre røyer(røyr)-ferskvassfisk i frysaren som eg steikte til middag. Etterpå gjekk eg ein tur på nær-butikken og handla diverse småtteri som eg gløymde i går. Og no har eg vaska bad og kjøkken. Innimellom har eg vore litt nostalgisk og funne fram albumet frå 2002 -året då Eivind vart fødd. Han var nr.8 av dei 11 barnebarna våre- og no har han nyss vore konfirmant. Berre synd at vi besteforeldra eldest like fort som barna veks til.
!5 år er kanskje ikkje så lang tid, men når eg ser i albumet, er mykje forandra. Eg har scanna nokre bilde, og no begynner eg å få litt orden på framgangsmåten. Eg kunne det godt før, men så fekk eg ny maskin og nytt program, og dermed må alt lærast på nytt igjen. I dag streika laptoppen igjen, no har den virka heilt fint sidan Eirik reparerte den.
I år er det 15 år sidan Einar var konfirmant, her er han, saman med søsken og søsken- barn. Han er den eldste av barnebarna våre.
Eg har fleire gonger nemnt at vi har gode naboar.  Mange av oss flytta inn om lag på samme tid, andre har kome til seinare. Her er nokre av oss i 2002. Ikkje alle er blant oss lenger, og vi saknar dei.

Så vil eg få ønske alle ein fin 17.mai. Vi blir her heime, men får besøk av diverse barn og barnebarn, så det står ikkje på.



mandag, mai 15, 2017

Dagbok 2017: 15.mai

Klokka er 20.20, temperaturen er no + 17 grader C, men tidlegare  var den oppe i +20. Det har vore ein fin dag. Rett nok såg det ut til at vi skulle få litt regn, men det vart ikkje mange dropane. Faktisk er det ganske tørt ute, så i morgon må eg nok vatne her og der om det ikkje kjem regn. Dei tre opal-plommetrea blomstrar som dei aldri har gjort før!
Før middag var eg ute og klipte plenen ovafor garasjen. Det var ei sleip oppleving- ettersom mesteparten av blada til dei blå blomstrane stod att. Derfor vart det heller ikkje så fint, men det kjem seg etter kvart. Utpå ettermiddagen rydda eg i bedet og la på litt ny, svart mold, så no er der bra fint, sjølv om det ikkje er så mykje som blomstrar enno i denne seine våren. Har gjort diverse anna også rundt huset, har ein hage blir ein aldri arbeidslaus i sommarhalvåret.
Elles har dagen vore om lag som vanleg, og bra er det. I morgon er det 14 dagar sidan Nils kom heim, og vi er glade for kvar dag han får heime. I dag kom den første HBO-en klokka litt over 9. Eg var oppe og ferdig med frokosten min, men Nils låg. Han kom seg fram i ein fart og fekk målt sukkeret. Det er relativt normalt tidleg på dag. Klokka 16 fekk han sprøyte og likeins no i kveld.
Eg skulle helst ha vore på butikken i dag, og Marit køyrde meg ned på Amfi såpass eg fekk henta noko medisin på apoteket, og så handla eg litt på Bunnpris. Eg synest det er trasig å vere så avhengig av andre, men det må eg berre leve med - så lenge. Når eg skal handle berre lette ting, kan eg gå nedpå Kiwi, men når eg skal ha melk orkar eg ikkje å bere den. Nils drikk store mengder H-melk, det er bra for han, så det må han få. No har han funne seg ein fotballkamp på TV. Når han ikkje kan vere i så mykje aktivitet er det bra å ha TV-en.
Eg festa trådar på to lestepar i dag,så no må eg finne meg eit nytt spøt. I dag har det vore klesvaskedag også, prøver å samle opp så eg får "fulle"maskiner.
Den nye leigebuaren vår kom mens eg var på butikken, ho var inne i leilegheita og såg seg om-eg veit ikkje kva ho skulle sjekke.

søndag, mai 14, 2017

Dagbok 2017: 14.mai

Klokka er 20.00 temperaturen er +  13 grader C. I dag har det vore overskya og litt regn av og til, noko som kanskje gjer at eg slepp å vatne. Det var ganske tørt både her og der.
Søndagane synest eg av og til kan vere litt kjedelige fordi det ikkje er så mykje å ta seg til når ein er bundne til heimen og huset. Men som regel skjer det eit kvart og så er dagen over før ein får sukk for seg.
Nils var litt betre i dagmorgon enn han var i går, at det er litt opp og ned med forma er betre enn at det berre går ned.
HBO kom ikkje så mykje for seint i dag, så vi fekk struktur på dagen.
Håkon og Birte kom innom ein tur før dei skulle ut og fiske, og då dei kom att vart dei sittande ei stund å prate. Det er kjekt at ungdommane kjem på besøk.
I mellomtida hadde vi ete middag. Nils får vite kva eg kan lage av det eg har i hus, og så får han velje kva rett han vil ha. I dag ville han ha blomkålsuppe, og så hadde eg kjøpt rundstykke/bagettar som eg steikte i omnen slik at vi hadde brød til suppa.
Nils har snakka med systera si i telefonen og sett "Fjorden Cowboys" på TV, mens eg har strikka litt og høyrt lydbok. Men no får vi snart samle oss og ete litt.
Slik går no dagane.

lørdag, mai 13, 2017

Dagbok 2017: 13.mai


Klokka er ca 19.30, temperaturen er +17 grader C og det har vore ein flott dag utan ei sky på himmelen.
Nils var ikkje så sprek då han stod opp i dag, men han plar komme seg etter at han har fått medisin og mat. Det kan han ikkje få før HBO har vore her og målt sukkeret. Vi hadde ein avtale om at dei skulle komme klokka 10.00, men tykte det vart for seint, så vi endra avtalen til 9.30. Det funka relativt bra, men i dag var klokka nesten halv elleve før dei kom. Ergo vart medisinen tilsvarande forseinka og det var langt på dag før han kom i form. No er han bra, har lege ute på solsenga ei stund, og etterpå han han sett fotball. Vi får håpe han held ut GP i kveld, for det må ein liksom sjå, anten ein vil eller ikkje. Det verste for meg er å sjå på dei to sleiske programleiarane.
Eg har ikkje vore overvettes aktiv i dag, men eg var no ute og styrte litt på føremiddagen. Tok opp eit par bytter med løvetannrøter, sådde sukkererter, klipte litt gras med kantklippar, vatna jordbæråkeren osb.
I dag laga eg god middag. Nils hadde funne ut at han hadde lyst på laks, så det kjøpte eg i går. Eg "bakte" den i steikomnen og serverte den med hollandaise-saus frå Knorr, pluss poteter og gulrøter. Vi åt godt begge to. Og Nils fekk is (utan sukker) til dessert.
Etter middag har eg lege mykje på solseng, med lydbok, men eg sovnar så ofte at det blir vel å lese om att det meste. Ser at det har kome litt skyer på himmelen no, og det er varsla litt regn i morgon. Eg avstod frå å klippe graset ovafor garasjen i dag, men det heldt hardt.
No skal eg ut og ta eit par bilde før sola går ned.(Tips: dobbelklikk på bildet så blir det finare!)

fredag, mai 12, 2017

Dagbok 2017: 12.mai


Klokka er 21.00, temperaturen er + 9 grader C og det har vore ein fin dag med lette skyer og meir og meir sol utover dagen. Det til tross for at FB varsla meg om regn i dag tidleg.
Med Nils er det som før, han klarer seg bra, men kan ikkje gjere så store sprell. Han er glad for å få vere heime, og å få dusje når han synest han treng det. Heimesjukepleiarane kjem tre gonger for dag og måler sukkeret. Og eg prøver å passe på at han får medisinane til rett tid. Han synest det er kjekt at folk stikk innom på korte besøk. Han blir ganske fort sliten, men ser mykje TV.
For å skryte litt av meg sjølv så har eg vore ganske aktiv i dag. Då heimesjukepleiaren kom litt etter klokka 9 hadde eg alt sett ein brøddeig. Etter kvart vaska eg "rundt" på kjøkkenet og for over golvet.
Men så begynte eg på den største jobben, nemleg plenklipping. Eg fann ut at graset var så langt at det ikkje kunne stå til regnet hadde vore her, så eg måtte berre sette i gang. Har klipt alt som heiter plen nedanfor huset, og det med elektrisk klippar med to lange leidningar og utan "drag". Det vart tungt i skråninga, men eg tenkjer på at det er god trim, og eg har ikkje vondt av det.
Alle dei brune flekkane skal vere der. Det er kalksalpeteren som "brenn" vekk mosen. Det vart mykje gras, for jammen var det langt mange stader. Opp mot vegen kan eg ikkje klippe før blada på løkblomstane er visna. Eg delte jobben i tre økter og var inne og drakk i pausane. Eigentleg så synest eg det er kjekt å få jobbe ute.
Då eg var ferdig kunne vi ete, og litt seinare fekk eg dusja.
Solveig kom innover i kveldinga, og då var vi nedover og handla. Matvarene kjøpte vi på Spar denne gongen også, men først var vi på Amfi, der eg kjøpte kalktablettar og Solveig fekk seg ny jakke på Femina, som er favorittbutikken hennar. Ho fekk seg ein kopp kaffi før ho for ut att.
På vegen innover stakk ho bortom Lefdal og kjøpte eit nytt minnekort til kamera mitt, så no reknar eg med at det gamle dukkar opp snart. Bilda tok eg litt før klokka 21.
Tenk at det er fredag igjen! Eg vil ønske alle ei fin helg anten vêret blir slik eller slik. Det viktigaste for meg er temperaturen-litt regn skadar ikkje.

torsdag, mai 11, 2017

Dagbok 2017: 11.mai.

Klokka er 18.40, temperaturen er14 +  grader og det er lettskya og fint. Skulle i grunnen ha jobba ute i dag, men det var ymse anna eg måtte gjere.
Etter morgonstell og besøk av HBO 1, sette eg meg ned og skreiv referat til avisa. Det gjekk relativt greitt. Eg kan ikkje skrive så langt no når det skal inn på Folkeliv- sida.
Så kom Håkon innom med noko fiskeutstyr han hadde kjøpt. Det er slikt som livar opp Nils, og det blei litt jobbing ved kjøkkenbordet men knyting av sen etc. Eg hadde ein jobb på altanen, eg har løfta opp alle flakane og kosta vekk mange års rusk og rask som låg på plasten under flakane. Perfekt vart det ikkje, men i alle fall betre enn det var.
Til middag i dag laga eg ein gryterett med kjøttdeig, må lage noko som Nils vil ha.
Siste dagane har Nils fått 5 mg mindre prednisolon enn før; vi skulle prøve det nokre dagar, men viss han vart dårlegare skulle vi gå opp til 20 mg igjen. Vi er ikkje heilt sikre enno, så vi må prøve litt til. Som vanleg måtte han få ei insulinsprøyte klokka 16.00. Han har ikkje vondt, verker ikkje, men er veldig svak og blir fort sliten. Anna er vel ikkje å vente.
Eg har talt på knappane i dag om eg skulle klippe gras, men kom til at det skal eg vente litt med slik at gjødselen får virke. Dessutan er det mange løkplantar i plenane som bør visne litt meir før dei blir klipt. Eg fekk Håkon til å grave opp ripsbuska i dag, den skal få ligge litt slik at eg får banke av litt mold før eg fyller i hola og sår gras..
Mykje av ettermiddagen har eg sete ved datamaskina og rippa boka eg fekk på biblio i går. Den er på heile 18 CD-plater, så det spørs....... Mens eg rippa las eg ferdig boka eg heldt på med og strikka på ein lest.
I kveld blir det ESC-for alle pengane. Spent på om Norge går vidare. Eigentleg synest eg det er ganske kjedelig med alle dei songane og sceneshowa, men det er liksom ein familietradisjon å følgje med.

Bok nr.17 - 2017: I en mørk, mørk skog

I en mørk, mørk skog
Nora har ikke sett Clare på ti år. Så blir hun uventet invitert i Clares utdrikningslag - i en mørk, mørk skog.
Nora har ikke sett Clare siden den gangen hun brøt med sitt gamle liv og aldri så seg tilbake igjen. Men så dukker en uventet invitasjon opp - til Clares utdrikningslag. En helg på et avsidesliggende sted må være den perfekte anledning for Nora til å ta opp igjen kontakten med sin gamle bestevenninne og legge fortiden bak seg.
Vel på plass inne i skogen gjør alle sitt beste for å lage en vellykket helg, men snart oppstår spenninger mellom nye og gamle bekjentskaper. Er alle der på samme premisser? Hvorfor er Nora bedt i utdrikningslaget, men ikke i bryllupet? Og hvem er det Clare egentlig skal gifte seg med? Kontakten med omverdenen er minimal. Mobildekningen er nesten fraværende. Og så går noe galt. Veldig galt.
Mens hemmeligheter og løgner bister, blir Nora innhentet av fortiden der ute i den mørke, mørke skogen.
.............................................................................
Som vanleg har eg brukt altfor lang tid på boka, men her var det lett å halde tråden likevel. Dette er ein litt annleis krimroman, og eg likte den.

onsdag, mai 10, 2017

Dagbok 2017: 10.mai



Klokka er 20.00, temperaturen er +8  grader C, det har vore ein dag med mykje sol og litt skyer, men nokså kaldt.
Eg har vore på farten det meste av dagen; innimellom har eg rydda i huset, ordna med klesvask etc.
Då eg stod opp i dag tidleg var det frose på garasjetaket. Men Nils vakna våt av sveitte, slik han gjer av og til, så det vart dusjing og barbering før HBO 1 kom, og han fekk målt blodsukkeret før han fekk mat og medisin. Då klokka var vel 11 gjekk eg ned til kulturhuset og hjelpte til med borddekking etc. Gjekk heim att også, og då var eg innom Kiwi og handla litt. Det er alltid noko ein er lens for.
Laga litt lunsj til oss, og så var det ein liten pause før eg gjorde meg klar til å fare på møte. Då fekk eg sitte på med Marit både ned og opp att. HBO 2 hadde vore her mens eg var vekke. Eg laga til litt mat til Nils, og så kom HBO 3 innom og målte sukkeret. Han slapp sprøyte i kveld. Vi prøver med litt mindre prednisolon  no, etter samråd med lege, og så får vi sjå om det går bra, eller om vi må auke dosen igjen.
Då vi kom heim att frå møtet såg vi at minst to av naboane hadde begynt å klippe plen, så no er det like før straks eg må ta ut klipparen, eg også. Eg blir ikkje arbeidslaus med det første og det er bra.
I morgon har eg ei viktig oppgåve og det er å skrive referat frå møtet, etterpå disponerer eg tida mi sjølv. I alle fall til ein viss grad.
Eg har enno ikkje funne minnebrikka så eg må vel snart kjøpe ny.
Men eg snakka med biblioteksjefen i dag, Janne var der også, så no får eg bøker sendt heim med Janne. Bra hjelpsomme folk!
Bildet frå Vallasetra er det Gry Juel Engeseth som er meister for. Lånte det frå FB.

tirsdag, mai 09, 2017

Dagbok 2017: 9.mai

Klokka er 18.10, temperaturen er + 8 grader C, og det regnar passeleg og smått på hønsegjødselen eg hadde utover i går. Vêret er som bestilt, men så hadde eg sjekka vêrmeldinga.

No sit eg her med farge i håret og ventar på at det grå skal forsvinne. Eg prøver eit nytt merke, og Mariann lova at viss eg ikkje vart nøgd, skulle eg få ny farge gratis. Det eg ser er at den i alle fall sit godt fast på hendene, som eigentleg ikkje skulle fargast.

I dag har det meste gått etter planen, HBO kom til avtalt tid, klokka 10 og kl.16 -sistemann/kvinne kjem klokka 20. Nils er rimeleg bra i form, og åt godt til middag; i dag åt vi resten av Carlo-spekesilda med kålstuing til. Det verste er at eg et godt sjølv også-utan å trimme noko særleg, slik eg har gjort siste halvåret og vel så det.
I morgon blir det i alle fall litt trim, for då skal eg ned på kulturhuset og dekke på til pensjonistmøtet. Til sjølve møtet får eg sitte på med Marit.
Elles har eg gjort litt husarbeid i dag også, støvsuga for eksempel. Men hagearbeidet må vente til det blir opplett og varmare i vêret.
Måtte skrive blogg litt tidleg i dag, for det blir mykje TV utover kvelden. Semifinale nr.1 "Grand Prix" for eksempel. Eg blir sittande ein del framfor TV-apparatet i lag med Nils, for han er ikkje så fleksibel. Men så strikkar eg lestar og gjer nytte for meg på den måten.
Ingeborg ringde frå Spania der ho er for tida, ho hadde sett at eg etterlyste henne på FB.
Eg har enno ikkje funne att minnebrikka til fotoapparatet, så denne bloggen blir også utan bilde.

mandag, mai 08, 2017

Dagbok 2017: 8.mai


Klokka er 18.00. Temperaturen er ca. + 7 grader C, det er overskya, men opplett. Men no ventar eg på regnet, sidan eg har hatt utover ein stor sekk med hønsegjødsel som treng å bli våt. Det er meldt regn, men enno er det tørt.
I dag kom HBO klokka 8.30, avtalen er framleis klokka 10.00. Eg var for så vidt oppe, men ikkje påkledd. Nils blei tatt på senga i dag også. Det er nye folk heile tida, så det hjelper lite å seie ifrå. Til gjengjeld kom pleiaren som skulle vere her klokka 16.00, klokka 16.30. Det er heilt greitt. Eg ringde legen i dag slik avtalen var, så no kan dei ta i bruk rommet til Nils . Han klarer seg framleis bra heime, et godt og er i rimeleg bra form. Meir kan vi ikkje vente. Han åt godt til middag i dag også, vi hadde samme menyen som i går.
Eg føler at eg latar meg litt for mykje no når eg ikkje vandrar, dessutan et eg godt eg også, no når eg var nesten "av-vande" med mat.
I dag før middag vaska eg grundig på badet og golvet på kjøkkenet, no har eg ein klesvask i trommelen som eg snart skal legge i hop.
Marit sende melding i dag om at ho skulle ned på Kiwi og handle og lurte på om eg ville vere med, og det ville eg. Eg skulle først og fremst kjøpe H-melk, men kom heim med tre stor plastnett fulle av "diverse".
Etter at vi hadde ete middag vart eg så sløv at eg sovna i stolen med lydboka. Det var etter det at eg spratt opp og gjødsla.
Håper på god grasvekst og god trim med plenklipparen. Vi har det så bra som vi kan ha det-og måtte det vare!
Elles synest eg det er fantastisk at Vebjørn Sand har gitt heile 26 maleri/bilde til Volda sjukehus. Håper dei finn stader å henge bilda der mange får sjå dei. Eg synest det er ein fin tanke å få kunsten ut til folket. På Ørstaheimen heng det mange fine bilde; der er det også mange som ser dei.

søndag, mai 07, 2017

Dagbok 2017: 7.mai.

Her har vi eit bilde frå i går. Konfirmanten ,Eivind; med besteforeldra på Kongsberg. Eg er så glad for at han har dei, og at dei er friske og raske, når vi "sviktar". (Sigrid og Arne er litt eldre enn oss.)

Klokka er snart 19.30, temperaturen er +10 grader C og det er lettskya og fint vêr. Tidlegare i dag var det heilt klårt, men isande kald vind. I morgon skal det visst komme regn. Då må eg ut og ha utover hønsegjødsel, såpass eg får gras å klippe på.
Dette har vore ein dag utan store problem, men med fleire små irritasjonsmoment.
Det første var at det ringde på døra klokka 8.00. Vi sov ikkje, men var heller ikkje oppe. Eg forstod med ein gong kva det var, så eg kom meg opp og tok imot HBO 1, som kom to timar for tidleg. Ho målte sukkeret til Nils men han låg i senga. Vi fekk altså ein litt flying start på dagen, Nils likar ikkje å stå tidleg opp, men eg plar no komme meg opp før klokka 9. Eg får legge til at vi ikkje kryp til sengs tidleg om kvelden heller.
På føremiddagen var eg ute på altanen og rydda litt, klipte vekk eføy etc. men det var utriveleg kaldt. Marit kom ein tur ned og heldt oss med selskap ei stund. Så laga eg skikkelig middag for ein gongs skuld. Eg har ikkje ete middag så ofte siste halvåret, men i dag åt vi godt begge to. Røykt skinke med bernaise og div.grønsaker smakte godt. Nils fekk dessert også, men ikkje eg . Kaffi og kaker litt seinare.(Fann nokre restar i frysaren)
Etter at vi hadde slappa av ei stund, hadde eg ein jobb med å lage eit lite sanghefte til pensjonistmøtet som vi skal ha komande onsdag. Ikkje at det var vanskeleg, men eg skulle prøve å få mest mulig over på eitt ark. Det blei tre ark som eg trykte opp og kjenga saman. Måtte skifte patron også. Og no fekk eg akkurat melding frå leiaren om at songane står i songboka. Det var så vidt eg ikkje tok livet av mobilen!
Møtet på onsdag er det siste i sesongen; når eg har skrive referatet har eg "fri" heilt til september.
Elles så finn eg ikkje att minnekortet til fotoapparatet mitt, det er ikkje så lett å finne att så små ting. Eg prøver å ikkje irritere meg over bagatellar- men det held hardt.
No har HBO 3 vore her. Nils måtte ta ei sprøyte klokka 16, men slapp morgon og kveld.
Margrete og ungane er komne heim, og eg reknar med at Solveig også er det. Dei tek ikkje samme vegen.
Nils har hatt ein rimeleg bra dag i dag også. Han sov ein god middagslur i stolen. No går det visst i fotball.


lørdag, mai 06, 2017

Dagbok 2017: 6.mai

I dag kan vi gratulere Eivind på Kongsberg med konfirmasjonsdagen. Han er den eldste av dei tre gutane til Rasmus. Solveig og Øystein, Margrete og dei to yngste av barna hennar  har vore representantar for vår familie i dag; Nils og eg måtte halde oss heime, sjølvsagt.
Vi kan også gratulere Stein Inge, son til bror min, med 48 -årsdagen, og Lise som er gift med søskenbarnet mitt i Stryn med dagen hennar.
Alle har vore heldige med vêret sjølv om det ikkje er så varmt i dag som det var i går, i alle fall ikkje her i Ørsta. Akkurat no er det + 15 grader C, det er sol og klårt, men kald vind. Typisk mai-vêr på desse kantar.
I dag har eg ikkje vaska verken meg sjølv eller huset, så her ser liksom ikkje heilt streit ut. Grunnen til det er at eg har styrt på ute mykje av dagen. Først måtte eg få montert opp hageslangen så eg fekk vatna jordbæråkeren, denne vinden tørkar ut alt som er. Etterpå spylte eg stuevindua og altanen, som fekk seg ein liten "skur" i tillegg. Elles har eg tatt opp løvetannrøter og styrt med diverse i hagen, så no er det tid for korte negler. Har det med å sette i gang med både det eine og det andre utan å ta på meg hanskar og det straffar seg.
Einar kom innover ein tur på besøk, og det var hyggelig. Elles har vi hatt besøk av HBO to gonger, og så kjem dei att klokka 20.00. Nils har fått ei insulinsprøyte i dag også. Han er relativt bra, men blir fort sliten. Akkurat no ser han fotball, det blir mykje TV. Han hadde tenkt å legge seg ut på altanen i dag også, men det var for kaldt. Han får i seg bra med mat, men ikkje i nærleiken av det han åt då han var frisk. Vi er glade for kvar dag han er frisk nok til å vere heime. Og så må vi berre ta ein dag om gongen.

fredag, mai 05, 2017

Dagbok 2017: 5.mai


Klokka er 18.30, temperaturen + 18 grader, før i dag var den oppe på + 21 grader. Det har vore ein fantastisk flott dag. Og eg skal innrømme at eg vart nokså lat i finevêret. Arbeid får ein ta att når det skyar over.
Etter at vi var ferdige med morgonstellet og HBO 1 hadde vore her, fekk eg vere med naboane ned på Amfi og handle, måtte innom apoteket, og så kjøpte eg maten på Bunnpris. Fekk god hjelp av Solveig og Gudmund i dag. Til førre helga handla eg ingen ting, for eg ville ete tomt. Det greidde eg/vi til ein viss grad, så i dag fekk eg vaska og rydda i kjøleskapet før det vart fylt opp igjen.
Nils fekk lyst på blomkålsuppe då han såg at eg hadde kjøpt blomkål, så det vart lunsjen i dag.
Etter lunsj la eg meg ut på altanen og høyrde lydbok. Det KAN hende eg sovna litt, for eg var ikkje heilt klar då mobilen ringde og eg la den til øyret utanpå lydbokledninga. Eg forstod ikkje bæra av det vedkomande sa før eg fekk ruska ut pluggen. Og til alt overmål var det legen på Ørstaheimen som ville høyre korleis det gjekk. Eg fekk no forklart henne korfor eg var så "uklar" og resten av samtalen vart grei. Nils får ha rommet ståande til mandag. Viss han framleis kan vere heime, tek dei rommet i bruk, men han er sikra plass når det blir nødvendig.
Klokka 16.00 kom HBO 2, ho var utlending, men vi greier å forstå kvarandre. Eg trur det er mange austeuropearar i helsevesenet, og dei er flinke.
Nils la seg ut på altanen ei stund, då det ikkje var så varmt lenger. Vi ser nesten kor graset gror og lauvet sprett. Og Nils følgjer med på fuglelivet. Han har hatt ein god dag i dag også.
Solveig og Øystein, Margrete og dei to yngste barna er på veg til Kongsberg og Eivind sin konfirmasjon som er i morgon.
Eg måtte skrive blogg tidleg i kveld, for spenninga er stor i Volda-Ørsta i kveld når to voldingar er med i semifinalen til Norske talenter. Louise har vore i pensjonistlaget og sunge to gonger, dessutan går ho i klassen til Amanda, og Bendik spelar i eit lokalt band, blant anna. Vi heiar på begge, men det skal vel noko til at begge går vidare. Så i kveld blir det å sjå på TV 2 og ta opp på NRK i staden for omvendt.
Kanskje rekk eg å ta inn klesvasken og legge i hop kleda først?
I alle fall ønsker eg alle ei god helg. I morgon får vi besøk av Einar.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...