torsdag, mai 18, 2017

Dagbok 2017:18.mai


Klokka er 18.30, temperaturen er + 13 grader C, og det har småregna det meste av dagen. Eg har knapt vore utom døra, og er glad for at gras og blomster blir vatna utan mi hjelp.
Eg vakna nokså tidleg i dag, og stod opp, men i dag kom HBO til rett tid, klokka 9.30.
Etter frokost måtte Nils legge seg inn på datarommet, slik at eg fekk støvsuga grundig på stova. Tørka støv gjorde eg også, og tok ned nokre gardiner for vask. Hadde tenkt å støvsuge gangane og datarommet også, men så kom kreftkoordinatoren på besøk. Det er ei stund sidan ho har vore her, men ho blei glad for å sjå at Nils er såpass bra. Han nemnde at han ikkje hadde fått vite resultatet av blodprøva dei to før i veka, og då ringde ho legesenteret og fekk vite at blodprosenten var heilt fin.
Middagen i dag vart restar frå i går. Eg hadde ein del energi på lager, så eg tok like godt å bytta på sengene, vaska soverommet og fekk på vaskemaskina. Prøver å gjere mest mulig inne når det regnar ute, så kan eg vere ute med godt samvit når det skin opp att.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, men eg kan no styre med det eg vil. For Nils er det annleis, men no mot kveld er det mykje å sjå på TV. Han klagar aldri over at han kjedar seg. I morgon er det fredag igjen, dagane og vekene fer fortare enn eg liker.
Regnet og mildvêret gjorde at det kom lauv på plommetrea, og no held epletreet på og skal blomstre. Veit ikkje så mykje som er finare enn epleblomster.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...