fredag, mai 19, 2017

Dagbok 2017: 19.mai

Klokka er 22.40, temperaturen +11 grader C og det har vore ein nydeleg og til dels varm dag. Litt grått om morgonen, men finare etter kvart.
Eg sov dårleg sist natt fordi eg verkte i hofta. Eg hugsar aldri på at eg ikkje skal drive å klatre for mykje i gardintrapper-det gjorde eg nemleg i går.
Starta arbeidsdagen  i dag med å stryke diverse klede og henge opp gardinene  eg tok ned i går. Alt tek si tid. Matias kom på besøk til Nils, så vi vart sittande å prate. Etterpå var det tid for å lage middag. Det blei laks i dag igjen, men det var godt.
Både Nils og eg la oss ut på altanen, og begge sovna i sola. Det var berre lekkert. Og brått var det tid for HBO 2. Eg prata litt i telefonen med ei veninne og før eg venta var Solveig komen. Eg ante ikkje at klokka var så mykje.
Det vart til at vi drakk kaffi før Solveig og eg reiste til Vik og handla, på Amfi og Spar. Solveig var heilt opp i under over kor fint og varmt det var her inne. På Hareid var det kald vind. Då vi kom opp att i Starevegen hadde Nils besøk av ei nabodame - han hadde sjølv ringt og bede henne komme. Og så kom HBO 3, som var den samme som nr.2. (Det er som regel den samme som kjem klokka 16 og kl.20)
og ikkje lenge etter var Nils og eg åleine att, men så var det TV.......Ja, dagen har gått som ein røyk.
Nils er litt puslete om morgonen, men etter at han har fått mat og medisin, pluss ein liten blund, er han i bra form, sjølv om det ikkje er så mykje han kan gjere. I dag gjekk vi frå 3 prednisolon  ned til to, så får vi sjå om det går bra. I dag har han ikkje fått insulinsprøyte.
I morgon håper vi at Eirik kjem og legg om til sommarhjul på bilen vår. Vi er innkalla til EU-kontroll, men kan ikkje køyre på piggdekk. Ja, vi må vel leige nokon til å køyre bilen til kontrollen også - når den tid kjem.
Eg var glad for at Solveig hadde med ei lydbok til meg i dag, for eg likar ikkje boka eg driv og les, men så oppdaga eg at eg hadde lese boka før......
Det er alltid vanskeleg for oss gamle pensjonistane å halde styr på dagane, særleg i mai når det rett som det er kjem helgedagar midt i veka. Men eg veit at det er fredag i dag, så eg ønsker alle ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...