torsdag, desember 31, 2015

Dagbok 2015: 31.desember





Klokka er snart 17.30 og vi har bestemt middagen til klokka 18.00. I dag blir det svineribbe. Den har stått i omnen i mange timar, men eg har att å poppe opp svoren. Det gjer eg under grillen.Nils og eg er "åleine" heime, men ein er ikkje åleine så lenge ein er to. Vi slappar av og kosar oss på vår måte.
At vi går inn i eit nytt år ved midnatt vil vel ikkje endre på så mykje i første omgang, og kva året elles vil bringe er det ingen som veit. Vi får håpe på det beste. Mest av alt vonar vi vel at det skal bli fred i verda.
Ute er det + 9 grader C og opplett. Og då må eg tenke på alle dei gnallkalde nyttårsaftane vi har opplevd. Hugsar spesielt nokre vintrar på Melle som var veldig kalde.
I dag har vi gjort lite og ingen ting, eg har stulla litt i huset og Nils har spyla bilen. Vi valde å ikkje fare nedover i dag, reknar med at der var mykje folk- og vi triong ingen ting. Lever lenge på det som vart kjøpt inn til jul.
Så vil eg på vegner av Nils og meg sjølv ønske alle ei fin nyttårsfeiring og alt godt i det nye året.

                                 GODT  NYTT ÅR !

onsdag, desember 30, 2015

Dagbok 2015: 30.desember


Klokka er 17.30, temperaturen er +14 grader C, det er opplett og vind.Det vart brått slutt på vinteridyllen. Bilda tok eg på trappa i 15-tida. Lenger har eg ikkje vore i dag. Sov til nærmare 10 i dag, så eg fekk tatt att det forsømte frå natta før. Var tett i nasa og sår i halsen med det samme eg stod opp, men det gjekk over.
Har ikkje gjort så mykje til nytte i dag. Strauk dukane frå "juleselskapet" og litt anna. Øystein og Einar kom og henta bilen når det lei litt på dag. Nils hadde eit ærend nedover og eg laga middag. Fann eit par restar med karbonadar og så hadde vi ein stor pose med ferdigrensa blomkål som ikkje vart brukt 2.dag, så det blei blomkålsuppe i dag. Eg er glad for alt vi kan bruke av lageret vårt.
Elles les eg lydbok og strikkar litt innimellom.Nils har gått løs på ein pose med nøtter.
Bilda vart tatt rett før kl.15.00.



tirsdag, desember 29, 2015

Dagbok 2015: 29.desember

Årets siste sokk ?

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er nesten +10 grader, noko som vil seie at snøen smeltar fort. Synd at vi ikkje behalde dei centimeterane vi hadde. Men når eg ser på kva slags vêr som er rundt om i verda, kan vi absolutt ikkje klage.
I dag var eg nokså trøtt og uopplagt då eg stod opp etter å ha sove berre 2-3 timar. Låg vaken og las det meste av natta; slik kan det gå når ein tek seg ein god middagslur, slik eg gjorde i går.
Har ikkje gjort all verda i dag, men eg fekk i alle fall støvsuga teppegolva før middag. Så strikka eg litt mens eg las ut lydboka mi. Vi var ein liten tur nedover, eg hadde ikkje vore ute sidan julafta, så det var på tide med litt frisk luft....på Amfi. Der var det veldig mykje folk, merkeleg nok. Vi hadde berre eitt ærend, vi skulle kjøpe svineribbe til nyttårsafta.  No ligg den salta og krydra og godgjer  seg, og vi gler oss til å ete den. Nils kokte lange til middag, godt med vanleg lett mat innimellom.
Bilen til Einar er friskmeld, det var nok noko som var frose og tinte opp att. Nils køyrde den bort på tunet til nokre naboar som har reist til Austlandet for nokre dagar. Planen er at Einar skal hente den i morgon.
Solveig kom med ein heil del garn til meg før jul, og eg strikkar lester. Eitt par er fullført og overlevert og så har eg strikka ein lest av dette orange, sjølvmønstra garnet. Det går ikkje så fort, for garnet er veldig tynt, men eg stressar ikkje heller.

Bok nr. 91 -2015: Historia om det nye namnet.


Historia om det nye namnet

Historia om det nye namnet» er ein stor filmatisk roman frå Italias mest kjende ukjende forfattar. Dette er bok 2 i Napoli-kvartetten.
«Historia om det nye namnet» byrjar der «Mi briljante venninne» sluttar. Livet til dei to venninnene held fram i kvar si retning. Studia fører Elena ut av det gamle livet, til ein annan by og eit anna miljø, medan Lila må ta eit val for å redde seg sjølv, og får livet snudd på hovudet.

«Historia om det nye namnet» er ein roman om to kvinners kamp for å realisere seg sjølve i 60-talets Italia, før ungdomsopprør og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre.

Elena Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.
...................................................................................................
Denne boka er på 14 CD-plater og eg har brukt lang tid på den. Eg likar best å lese bøkene relativt fort, men det har jo vore jul ! Då er ein kanskje meir sosial enn andre tider, og så er det mykje å sjå på TV. Mykje av boka har eg lese i sømnlause netter -og det er heller ikkje optimalt. Derfor vil eg ikkje seie så mykje om kvaliteten på boka.
Eg har lese om att bok nr.1 for å vere klar til denne. Boka startar med å presentere alle personane som var med i bok nr.1 -og det er ikkje få. Persongalleriet er enormt, noko som ikkje er så enkelt når ein les lydbokversjonen, så mitt beste råd er å lese papirversjonen om ein har høve til det.
Ho som les boka (på nynorsk) les på ein sunnmørsdialekt som minner om Sylvia Listhaug, men det er klårt og tydeleg. Noko som kan irritere meg er at ho somme gonger brukar "feil" tonem på ord, helst namn, men det er ikkje sikkert andre bryr seg om akkurat det. Eg kjem nok til å lese dei to neste bøkene også. Det mest interessante for meg er bakgrunnshistoria, etter som hovudpersonane er født om lag på samme tid som eg. Det var nok ikkje fullt så tøft å vekse opp på Eid som i Napoli.

mandag, desember 28, 2015

Dagbok 2015: 28.desember

Klokka er no 22.45. Temperaturen ute har stige til + 2 grader C, noko som somme likar betre enn andre. Bildet over viser korleis det var på morgonen i dag, SÅ fint blir det vel ikkje  heretter.
Bilane var nokså nedisa , så Nils sette signaturen sin på vår bil, sidan vi har ein besøksbil ståande .


I dag har vi vore i litt aktivitet. Nils var først nedover ein tur, og så var han ut i hamna og såg etter båten. 
Eg vaska grundig kjøkken og bad, og betjente vaskemaskina og oppvaskmaskina. Blant anna.
Til middag åt vi av spekematen vi fekk til jul, med poteter og flatbrød til. I morgon skal vi ha fisk. Må ligge litt lavt før vi skal ha svineribbe på nyttårsafta.
Eg har lese litt i lydboka mi, men det er så mykje anna eg skal styre med også. I dag har eg sett dei første episodane i serien om Frøken Fridmann på opptak for å vere klar til den nye serien som begynte i kveld. Det er mykje å halde greie på. Og no høyrer eg at "Hypnotisøren" skal begynne i kveld. Eg har lese boka. Blir nesten stressa. Mens eg les og ser TV har eg sjølvsagt eit strikketøy -og tek nokre omgangar innimellom.

søndag, desember 27, 2015

Dagbok 2015: 27.desember


Klokka er no 18.00, temperaturen er minus 5 grader C, og det har vore ein nydelig dag. Sjølv om vi ikkje såg sola var det i alle fall lyst i fleire timar. Eg stakk ut på trappa og tok dette bildet rett før vi åt middag, Då var det litt skymt-men klokka nærma seg 16.00.
I dag har det vore ein sløv dag her hos oss, vi har gjort lite og ingen ting. Eg har lese ein del og lagt opp eit nytt lestepar, må ha noko å henge fingrane borti så eg ikkje somnar. Forresten somna eg ei lita stund også, men det var før eg strikka. Elles går det litt i klesvask.
Til middag i dag vart det restar frå i går, men Nils kokte litt poteter til. VI  har  framleis rikeleg mat om nokon stikk innom. Og eg kjem i hug både det eine og andre som eg gløymde å ta fram i går. 
Det er ikkje så mykje spennande på TV-akkurat no høyrer vi delvis på ein gammal DDE-konsert. Synest dei sender mykje reprisar på statskanalen.
Både Nils og eg fekk både bøker og hefte til jul, så lesestoff manglar vi ikkje med det første.
I morgon er det kvardag, så då blir det kanskje ein tur nedover, men store utskeielsar blir det ikkje, Nils er framleis plaga med foten og eg er no aldri heilt god. Men er ikkje verre enn vanlig, og då er det greitt.

lørdag, desember 26, 2015

Dagbok 2015: 26.desember


Klokka er 21.00. Temperaturen er minus 6 grader C, og i dag vakna vi til kvit jul. Det har kome meir snø etter kvart, men trur ikkje den blir liggande.
Det er tradisjon at alle som kan, kjem til oss andre juledag. I dag var vi 12 til bords, men skulle eigentleg ha vore 13. Ingeborg var forkjøla og hadde feber, så ho vart att heime i lag med Charlie.
Menyen er også tradisjon: Stroganoffgryte. Då kan eg gjere ferdig mykje på førehand. I fjor laga eg fløtegratinerte poteter til, og det var populært, så det gjorde eg i dag også. Marsipankakaa som eg kjøpte til Nils sin bursdag, var nesten like heil. Den vart dessert i dag i tillegg til fruktsalat of krem.
Vi hadde eit måltid til med brød og pålegg m.m., men det såg ikkje ut som om folk var særleg svoltne då.
Ei stund etter at alle hadde reist, kom Einar og Audun tilbake. Bilen til Einar var såpass trøbblete at det vart til at Nils køyrde dei ut i Garmokrysset der Øystein tok over.Bilen står att her. Det var sjølvsagt ikkje nokon kjekk slutt på dagen, men når det ikkje skjer noko verre og alle er like heile må ein ikkje klage.
Eg har rydda opp verste rotet og no skal eg snart kose meg med TV-program.  I morgon er det enda ein helgedag- då tippar eg vi er rimelig sløve.

fredag, desember 25, 2015

Dagbok 2015: 25.desember.

God jul !

Klokka er 17.15. Temperaturen ute er ca + 4 grader; det er regn og vind, men ikkje ekstremvêr, sjølv om eg har sett på diverse FB-bilde at det er høg flo.
Eg hadde pelma i meg så mykje kaffi på Hareid i går at det var den lyse morgon før eg somna, og sømnen var ikkje lang.
Rett etter frokost fekk vi besøk av ein nabo med julegåver; han hadde vore her i går, men då var vi vekk. Ei stund etterpå kom han att med ein nyrøyk ørret (varmrøykt) så det vart middagen vår i dag. Sidan vi ventar storfamilien på besøk i morgon, kan det vere godt med ein kviledag for magen.
I går kveld/ natt såg vi julegudstenesta frå Tromsø, i dag var det ny sending frå same kyrkja, men då fekk eg meg ein liten lur, såpass eg kvikna til.
Som sagt var vi i kyrkja på Hareid i går, og den som heldt preika der, var den nye Volda-presten Kristian Myklebust. Han var flink, men det er noko som irriterer meg nesten alltid når eg er i kyrkja, og det er at prestane ikkje kan gå opp på preikestolen, såpass at alle små,, inkludert meg sjølv, kan sjå den som snakkar. Dette var eit problem den tid eg gjekk på skulegudstenester med  elevane mine også.
Elles har vi brukt ei lita stund til å gjere klart til morgondagen, men det meste er gjort klart for lenge sidan. Vi blir ikkje så veldig mange sidan det er berre Solveig og Margrete med familiar som er i nærleiken. Men jammen er eg glad for at ikkje Rasmus & co tek turen over fjellet i dette vêret.

Desse bilda frå Ørsta sentrum i dag er tatt av ein profesjonell fotograf.
Raftevold hotell, Grodås. (Fjordingen).
Her hos oss, oppe i bakkane, merkar vi ikkje noko til uvêret


Dagbok 2015: 24.desember -Julaftan

Det er midnatt. Ute er det vått, mørkt og +5 grader-men julestemning har ikkje berre med vêret å gjere.
Vi reiste heimanfrå kl.13.15 , då var det +10 grader, i god tid før første gudstenesta på Hareid. Familien vår fylte omtrent ein heil benk.
Resten av kvelden var vi hos Solveig og familen til tradisjonell julemat, som smakte veldig godt.
Pakkeseremonien var ikkje kortare enn den brukar å vere, alle fekk gode og nyttige gåver, og i tillegg litt godsaker, plater og bøker m.m.
Så var det dessert -moltekrem og kaffi m.m. Same procedure as every year.
Ein annan tradisjom er Quiz-spel. I år dreia det seg om pop-musikk. Dei fleste av oss syntest det var vanskelig, men Audun drog sigeren i land i sterk konkurranse med Einar.
Vi takkar familien på Hareid for at vi også i år fekk feire jul i lag med dei..
No har vi sett litt på TV, og så skal eg prøve å plassere gåvene, så kjøkkenbordet vert ledig til frokosten i morgon.
Fortsatt GOD JUL til alle.

onsdag, desember 23, 2015

Dagbok 2015: 23.desember


Så er vi  komne til "lille lulelaff",  som Solveig sa då ho var lita. Ute er det framleis vått og mørkt; temperaturen er + 5 grader C. Lita von om kvit jul, altså. Men så er vi heldige på den måten at det ikkje er fare for verken ras eller flaum akkurat her hos oss.
Eg er veldig lite stressa når det gjeld jula i år. Vi skal feire julekvelden på Hareid, så det er berre å gå til duk og dekka bord. Men så får ein tenkje tilbake på alle dei åra ein var yrkesaktiv og skulle lage til jul for heile familien. Sant å seie hadde eg mykje meir kaker i boksane den gongen. Men så var eg yngre og sprekare også.
I dag har vi vore på to handlerundar. Først på Kiwi før middag og fekk heim det meste. Ut på ettermiddagen var vi ein tur på biblio og på Rema 1000. Var så vidt innom Amfi også -men der var ikkje verande på grunn av folkemengda. Elles har eg gjort litt husarbeid, støvsuga m.a. og Nils kokte fiske- middag. Det vart litt enklare når han blei betre i foten slik at han kan GÅ.
Vi kjem heim att i morgon kveld, og 2.dag samlar vi familien her hos oss. Det er ein lang tradisjon, og eg er glad for kvart år vi kan halde på den.
Ser på TV at det er uvêr på Vestlandet, men det har ikkje nådd oss-ikkje enno i alle fall.
Så vil eg berre ønske alle blogglesarane mine ei GOD JUL !

tirsdag, desember 22, 2015

Dagbok 2025: 22.desember

Klokka er 18.30. Temperaturen er +5,3 grader C. Vêret har vore litt lysare og lettare i dag, og det har vi også. Nils har hatt mindre vondt i foten, og vi har fått utretta både det eine og det andre.
Før middag tok eg "julevask" på bad og kjøkken. Den var til forveksling lik vanleg fredagsvask. NEDVASK tek eg ikkje midt på mørkaste vinteren.
Før vi kunne fare nedover og handle, måtte eg vaske håret, det er grenser for kor ustelt ein kan vise seg for folk.
Vi bestemte oss for å handle på Euro-Spar i dag, for der er det lett å køyre varene ut i korga, for det måtte vi gjere i dag. Vi handla ein god del tunge ting (brus) og eg tykte eg fekk mykje for vel 800kr.
Etterpå var eg på apoteket og handla tran, kalktablettar etc i ein liten pose- 500kr. Poenget mitt er at mat er ikkje det dyraste vi kjøper.
Til middag i dag åt vi rett og slett brødskiver med sursild, og etterpå slit vi med å få bort løksmaken, derfor har vi drukke kaffi to gonger.
Eg har slappa av med lydboka mi og strikketøy, men no er TV-en komen på....
Fekk melding frå biblio i dag, dei har enda ei bok til meg, så no har eg vel nok lesestoff for resten av året.
Vi har litt meir å handle, så det blir ein tur på butikken i morgon også. Melk, fløte, frukt m.m. står på lista. Det blir sikkert nok mat i år også.

mandag, desember 21, 2015

Dagbok 2015: 21. desember






I dag, 21.desember, kl.14.00, var det så lyst at eg fekk tatt desse bilda.Legg merke til at snøen i fjella er nesten borte. Temperaturen er + 8-9 grader C.

Klokka er nosnart halv 9, temperaturen + 7,2 graderC.
Margrete og Ingeborg reiste nettopp, dei var innom og henta julegåver etc. etter å ha vore på Hareid i dag. Nils og eg har gjort lite og ingenting i dag, for Nils var plaga med rygg og fot, så vi utsette handlinga av mat. Det er stort sett det vi har att. Og så må eg vel vel vaske og støvsuge litt. Når vi ikkje skal vere heime sjølve, og ikkje ventar gjestar før 2.juledag, så er det ikkje så mykje å stresse med.
Det einaste nyttige eg har gjort er å ordne med klesvask og strikke. Til middag hadde vi "julepølser" med mandelpoteter og kålrabi-vi må ete av det vi har i hus.
Innimellom har eg vore inne på datamaskinene og "rydda" litt der. Og så har vi sett TV på dagtid, noko vi sjeldan og aldri gjer.


søndag, desember 20, 2015

Dagbok 2015: 20.desember


Klokka er 20.00, temperaturen ute er +9,2 grader, og det er framleis mørkt og vått.
I år er solsnu den 22.desember, så vi kan snart sjå fram mor lysare tider.
Eg kan ikkje skryte av å ha vore  ei god husmor i dag. Hadde eit par små jobbar eg fekk unna før middag. Blant anna skreiv eg julebrev på data. Eg veit at mange mislikar å få slike, og ikkje alle opnar dei. Men eg har ikkje trott til å skrive mengdevis med julekort, så det får vere som det er. Take it or leave it.
I dag har det vore mykje sport på TV, så Nils har halde seg i ro, håper det gjer godt for foten hans.
Og når han ser TV får eg "fred" til å lese bøker, så i dag har eg lese ut Mios blues-dvs. eg vart tom for straum då der var to spor igjen, men det ser ut til at helten overlever denne gongen også. Det plar vere slik i krimbøker.
Nils kokte salta lange i dag, han trivst best med å ete fisk, og heldigvis likar eg det også.
Resten av kvelden blir det vel ein del TV, for eg har følgt med i den tyske serien, enda eg synest den er nokså brutal. Det blir mykje mord og drap både i bøker og på TV.  ser Eg ser fram til å lese noko som er litt mindre blodig.
No var Matias på døra med ei fin blomsterkorg.

Bok nr. 90 - 2015: Mios blues.

Mios blues


Ny sjarmerende og gatesmart lek med den hardkokte krimsjangeren. Kristina Ohlsson leverer igjen!

Hva skjedde egentlig i Mios barnehage den siste dagen før han forsvant? Mot sin vilje har advokat Martin Benner blitt dratt inn i jakten på den forsvunne fireåringen. Så lenge barnet er borte, kommer ikke mafiaorganisasjonen til å la Martin være i fred. Martin er desperat og følger opp de få sporene som finnes. Men Mios forsvinning er ikke Martins eneste problem. Han må også bringe klarhet i hvem som prøver å legge skylden på ham for to mord han ikke har begått. Martin blir mer og mer paranoid for hver dag som går. Hvem er det som følger ham så tett på uten å være synlig selv? Jakten på sannheten stiller ham overfor et uhyggelig dilemma: Kan han redde både Mio og seg selv? Eller vil flere liv gå tapt før Martin Benner får ro? Kristina Ohlsson er en av Sveriges nye krimtalenter. Hun har skrevet fem bøker om Fredrika Bergman og Alex Recht og to bøker om advokaten Martin Benner.

............................................................... 
Etter heile to bøker og mange mord og drap vert alle mysteria løyste, og det meste ordnar seg. Eg kan ikkje påberope meg å ha oppklart det heile på eiga hand, det var litt for innvikla til det, særleg når ein løyser kryssord "langsmed".

lørdag, desember 19, 2015

Dagbok 2015: 19.desember

Klokka er 19.00. Temperaturen ute er +11,2 grader C. Det er mildt, mørkt og vått, og energinivået er lågt.
I dag kom vi oss ikkje nedover før det leid utpå føremiddagen, for Nils skulle sjå skiskyting på TV. Eg brukte ventetida til lesing av lydbok og strikking. Ingen av oss var særleg spreke i dag; eg plagast med venstrefoten og hofta, som vanleg, og Nils var meir enn vanleg plaga med høgrefoten.
På Amfi var det så fullt at vi stod i fare for å bli trakka ned, men det var noko medisin vi måtte ha. Handla litt på Coop og litt på Kiwi på heimvegen. Nils fekk slik plage med foten at vi var glade for å kome oss heim att: (Han er betre no). På trappa fann eg ein nydelig bukett frå ei av veninnene mine, og i postkassa var det kort frå ei anna som eg høyrer frå kvart år til jul.
Eg hadde handla inn til Taco i dag, så det gjekk fort å få mat på bordet. Etterpå sløva eg på sofaen med lydboka mi, og etter kvart kom strikketøyet fram att.
No har eg sett reportasjen om Rune Sæbønes, redaktør i Møre-Nytt, som tok av nesten 60 kilo.Den som intervjua han var sonen til Arill Riise som er journalist. Første gongen eg såg Rune etter at han hadde slanka seg, kjende eg han ikkje att.
Her i huset er det veldig roleg no før jul, det er nokre oppgåver att, men dei må vi ta nærmare sjølve julehelga.

fredag, desember 18, 2015

Dagbok 2015: 18.desember


Klokka er 18.10, temperaturen +9,2 grader C. Det er overskya, mørkt og litt regn.
Vi hadde ikkje så store planar for dagen, men eg sette i gang å rippe bok nr. 3, mens eg strikka ferdig ein lest.
Etterkvart kom eg i gang med å støvsuge, og så ringde Ingeborg. Ho ville komme bortom og vere her mens Eirik var på jobb. Eg gjorde som eg plar, laga ei svelerøre som fekk stå mens eg gjorde ferdig støvsuginga.
Vi åt sveler og drakk kaffi då ungdommane kom. Det var spesielt kjekt å sjå att Ingeborg, ei stund sidan sist vi såg henne.
Etter ei stund kokte Nils poteter og vi åt dei med spekeskinke og røykelaks til. Litt ukonvensjonelle måltid her i huset ! No kom Eirik og henta systra, han var litt stressa sidan han skulle stad og øve.
Elles har Nils henta pakken frå Kongsberg, som no er framme i god behold.
Eg kom godt i gang med lest nr. 2 mens vi har prata med Ingeborg. Aldri vanskeleg å halde praten i gang med henne.
Så er det fredagskveld igjen, og alle lærarane i familien har fått juleferie, reknar eg med.Det kjekkaste med jula -og førjulstida- er at ein kanskje ser litt meir til barn og barnebarn enn elles.
Vil ønske alle blogglesarane ei god helg.

torsdag, desember 17, 2015

Dagbok 2015: 17.desember

Klokka har passert 10.00. Temperaturen ute er 11,8 grader C og vi er tilbake i det våte og mørke. Dessverre.
I dag skulle eg stryke nokre klede, og sidan eg hadde strykeutstyret framme fann eg ut at eg like godt kunne skifte frå advent til jul. Dvs. ta bort lilla løparar etv. og erstatte med slikt som høyrer jula til. Og sidan det var litt behov for det, pussa eg litt kopar og messing etc. Slikt tek si tid, men no er her raude lys i stakane og juleløparar både her og der.
Så var vi ein tur nedover, først på biblio og henta tre nye bøker, etterpå på Amfi der vi ikkje kjøpte så mykje, berre litt matvarer. Ein liten tur på Jernia vart det også for å kjøpe steikespadar til Solveig. Vi skulle hatt 4 men dei hadde berre tre. Ho skal ha dei på skulekjøkkenet.
Då vi kom heim sette eg i gang med å rippe bøker, mens eg filte negler, festa trådar på eit par lester og strikka litt. Det gjekk veldig tregt med rippinga, og då eg kom til CD 6 var det full stopp. Eg restarta maskina og gjorde alt eg kunne tenke meg kunne betre situasjonen. Men nei! Så fann eg på å granske sjølve plata........og den var full av kliss ! Den fekk seg ein omgang med vatn og klut, og då var alt i orden. Eg kom i hug då Vebjørn var liten og kom til Rasmus med CD-platene og sa: "Disc is dirty!"Og Rasmus måtte vaske.
Til litt sein middag i dag var det steikt sei, og etterpå slappa vi av litt og eg begynte på Mios blues". Eg var redd det skulle bli litt vanskelig, sidan det er ei stund sidan eg las første boka, "Lotus blues", men det gjekk heilt fint, sidan der kjem eit tilbakeblikk først i boka.
I dag er det 17.desember, ein dato som minner meg om det som skjedde i 1990, då både mamma og Hilde hamna på sjukehus. Hilde fekk son nr.2, som etter mi utrekning fyller 25 år i dag. Mamma vart utskriven dagen etter, ho hadde hatt eit hjerteanfall.
Nils fungerer relativt bra etter fisketuren i går, eg var litt skrøkeleg først på dagen, men det hjelper å komme i bevegelse.Regn og vått vêr er ikkje bra for oss som har gikt.

Bok nr. 89 - 2015: Playground.

Playground av Lars Kepler (Lydbok MP3-CD)
Playground – en annen side av Lars Kepler
Under et oppdrag i Kosovo blir løytnant Jasmin Pascal-Anderson skutt, og hjertet hennes stanser i førti sekunder. Når hun kommer tilbake, snakker hun hele tiden om at døden begynner med en voldelig havneby der de som styrer er i ferd med å miste kontrollen over den organiserte kriminaliteten.
Jasmin blir behandlet for krigspsykose, forlater militæret og forsøker å leve et stille og rolig liv når noe fryktelig skjer. Sammen med sin fem år gamle sønn havner hun i en bilulykke. Sønnen må opereres, men for å gjøre det, må de stanse hjertet hans. Det tør ikke Jasmin å ta sjansen på. Hun vet at sønnen ikke kommer til å klare å komme seg tilbake til livet på egen hånd hvis havnebyen virkelig fins.
Den andre siden er et svært farlig sted, og farligst av alt er lekeplassen – playground.
Lars Kepler er et pseudonym for forfatterne Alexandra Coelho Ahndoril og Alexander Ahndoril. Etter mer enn fem millioner solgte bøker om Joona Linna får leserne nå møte en annen siden – Playground er noe helt nytt innen spenningssjangeren.
..........................................................................
Eg trudde eg skulle lese ei vanlig, bra krimbok, men vart lettare "sjangerforvirra" etter kort tid. Eg begynte å lure på om det var ein fabel, ein allegori eller ev. samfunnssatire. Eg følte meg rimeleg dum! Men så sjekka eg på nettet, og fann ut at eg ikkje tok så veldig feil- dette var det eg kallar nonsens, men som også går under namnet "fantasy". Eg likte ikkje boka.

onsdag, desember 16, 2015

Dagbok 2015: 16.desember

Klokka er16.10. Temperaturen ute er +1 grad C, og vi har hatt enda ein finevêrsdag.
Matias og Nils hadde planlagt fisketur i dag. Eg var litt skeptisk, men Nils påstod at han var heilt bra etter å ha lagt med strikkalestar heile natta-noko som var min ide, så eg måtte berre la dei fare.Det ser ut til at det har gått bra.
Eg hadde planlagt å vaske kjøkken og bad mens dei var vekke, men då eg såg det fine vêret fekk eg blod på tann. Ut med sengklede og golvteppe - og julevask på soverommet. Ikkje så ofte eg har fått hatt ut sengkleda siste tida, men no er det gjort til jul-litt tidlegare enn planlagt. Ja, vaska sjølvsagt bad og kjøkken også, bretta ein klesvask, sette på ny klesvask etc. Var veldig effektiv ei stund. Så kom Nils heim og vi åt brødskiver med heimelaga sursild.
Eg plar seie at eg jobbar like bra no som før- men pausane er lenger. Eg blir låk i ryggen av å vaske og bøye meg, så då blir det å strekke seg på sofaen etterpå.
No har eg begynt å strikke lestar igjen, men det er heller ikkje bra for ryggen, så eg må strikke i korte økter. No har eg strikka ei stund og lytta til ei lydbok som eg snart er ferdig med, heldigvis. Eg har hatt litt problem med den boka, type: "Kva er det eg ikkje forstår ?" Eg likar ikkje å lese om bøker på nettet FØR eg har lese dei ferdig, men denne gongen måtte eg kike i fasiten. Heldigvis er visst boka like dårlig som eg trudde, og eg har ikkje misforstått noko. Og under over alle under, i dag fekk eg melding frå biblio om at Ferrante-bok nr. 2 ventar på meg. Då er kanskje jula redda? Når det gjeld lesestoff altså.
I ettermiddag/kveld ventar eg Olaug og Solveig på besøk, som snarast.  Dei skulle til Ørsta på julehandel og ville stikke oppom. Då skal dei få med seg fisk bl.anna.

tirsdag, desember 15, 2015

Dagbok 2015: 15.desember


Klokka er snart 16.00. Temperaturen ute er +1,4 grader C. Det har vore lettskya fint vêr i dag, med sol i fjella.
Her ligg det framleis eit tynt snølag, men så snart ein kryssar grensa til Volda er det bert.
I dag hadde vi ingen faste planar, men gjekk her å stulla litt. Så fann eg ut at eg like godt kunne gjere noko nyttig, så eg tok og farga håret; så er det gjort til jul.
Brått fekk Nils lyst på kinamat og då måtte vi til Volda. Der var restauranten stengt, så vi prøvde oss på Maria`s. Der kjøpte vi ein stor herlig pizza og åt oss stappmette.Det var utlendingar som jobba der, men der var ei veldig fin julekrubbe- så dei var kanskje ikkje muslimar?
Vi var også ein tur inn på Spinneriet, men kjøpte ingen ting der.
Visdomsord, og mindre vise ord, på allting er liksom ikkje mi greie, men det eg såg på ein butikk i dag, var litt ut om det vanlege. Trur figuren er ein stupar. 
Eg kjøpte noko garn på strikkebutikken ved parkeringsplassen, før vi for heim att.Vi hadde eit ærend på Skeidar, og det var å kjøpe noko til Margrete. Mens vi stod og skulle pakke inn , høyrde vi:  HEI ! Det var Margrete. Sidan ho visste kva vi hadde kjøpt, fekk ho like godt pakkane med seg heim. (Det var noko ho hadde tipsa oss om). Ho skal no få noko anna også.
Verken Nils eller eg var heilt gode i hoftene våre i dag, men vi er fullt oppegåande. No skal vi snart ha oss kaffi.


mandag, desember 14, 2015

Dagbok 2015: 14.desember

(Julegåve frå Rolf og Mimi)

Klokka er 19.00, temperaturen er + 2 grader C. Også i dag har det vore fint og lyst, sjølv om det er overskya, for vi har framleis eit lite snølag på markane.
I går kveld oppdaga vi at vi ikkje hadde brød att i frysaren, så då sette eg like godt ein brøddeig. Eg let bakebollen stå uvaska over natta slik at eg skulle vere klar til å bake meir i dag.
Men først måtte vi ein tur til VIk og sende pakken til Kongsberg. Dessutan var det litt av kvart vi trong av mat og medisin, så det blei ein tur på Amfi.
Vi åt litt lunsj då vi kom heim, og etterpå vart det brødbakst. Nils var såpass i dag at han kunne fare ut og sjå etter båten, eg måtte vere heime og passe på brøda mine. Seks brød vart det i dag, ikkje så mykje arbeid, men ein må vere her og passa  klokka for heving og steiking.
Innimellom driv eg og les Keplers siste bok "Playground", som eg ikkje forstår meg på i det heile tatt, og eg vil ikkje sjekke nettet før eg er ferdig. Den er spennande på ein måte, sjølv om den for meg verkar heilt hinsides på meir enn ein måte.
Nils kokte middag no i kveld, salta lange. Eg har ikkje sove middag, så no kjenner eg at det er fare for at eg kan somne over tastaturet. Så gale har hendt før.Fisk er sovemedisin.
Håper Ingeborg er vel heime no, ho skulle komme med fly i dag ettermiddag.

søndag, desember 13, 2015

Dagbok 2015: 13.desember



Klokka er 17.30, temperaturen ute er minus 0,7 grader C. Det hadde kome enda litt snø sist natt, så vi har hatt ein lys og fin dag. Eg har ikkje vore ute men Nils var ein tur ut gjennom gata og prata litt med Jørn. Han kom att med ei pappeske som Jørn hadde fått frå mor si i Tyskland. Vi hadde ikkje sørga for pappeske til å sende til Kongsberg, så no få eska seg ein ny tur. Gjenbruk - kan vi kalle det.
Vi fekk pakka julegåvene og eska før middag.
Middagen var restar frå i går, vi må ha ein og annan kviledag for magen.
Elles har vi ikkje utretta så mykje. Nils ser litt sport på TV og eg høyrer lydbok innimellom.
Før middag ringde eg ei sjuk veninne og hadde ein lang prat med henne.
Stressar ikkje med noko som har med jula å gjere no når eg har fått kjøpt mesteparten av gåvene.
Nils er betre i dag, seier han, berre han ikkje sit på harde stolar. Må nesten le litt, for no har han det om lag slik eg har hatt det meir og mindre i mange år. Akkurat no fungerer eg bra-og godt er det.
Ingen Lussekattar eller Luciajenter her i dag- eg foreslo at Nils kunne sette adventskransen på hovudet, men det slo vi ifrå oss, med tanke på brannfaren.
Bilda over er tatt i 11-tida i dag. det under i 13.30 -tida. Der ser vi grana som ikkje vart juletre.

lørdag, desember 12, 2015

Dagbok 2015: 12.desember

Klokka er 20.00, temperaturen er + 0,6 grader C og i dag har vi sett lyset. Det var eit lite fjom med snø på marka då vi stod opp, det regna ikkje og snøa ikkje, og det var lyst i fleire timar. Det var  godt å oppleve ein litt lysare dag.
Avtalen i dag var at Margrete skulle vere med Amanda til Ørsta og sjå henne danse. Ballettskulen arrangerte framsyning for foreldre denne gongen, i litt enklare former enn vanleg. Men først kom dei oppom her og avleverte Charlie, Erlend ville vere med på dansen. Etterpå var Margrete, Erlend og eg på julehandel på Amfi og andre butikkar. Vi var veldig effektive-syntest vi sjølve. Kan ikkje ha med meg Nils på julehandel så lenge han er låk i foten.  Rollane er litt ombytte for tida-no er eg den sprekaste av oss to.
Eg hadde laga ferdig rabbestappe før vi for nedover, og Nils hadde skrella poteter, ja, det var han som hadde skrella rabba også. Så då vi var nesten ferdige å handle, ringde eg berre heim og bad  han sette på potetene. Julepølsene stod og trekte mens vi var vekke.
Så vart det middag, og etter kvart kom Eirik også og fekk seg mat; han jobba i dag.
Is og kaffi hadde vi til dessert.
Amanda og nokre veninner reiste til Moa med buss, så ho var ikkje i lag med oss her.
Vi hadde ei koselig stund her hos oss - kjekt med besøk. Det kjekkaste med jula er i grunnen alle arrangementa i førjulstida, og det å vere i lag med barn og barnebarn.

fredag, desember 11, 2015

Dagbok 2015: 11.desember

Klokka er snart halv åtte. Temperaturen er + 2 grader og det har regna/ sludda det meste av dagen.
Eg brukte føremiddagen til å rydde og støvsuge. Etter lunsj slappa eg av og las ut boka mi, før eg dusja og vaska håret.
Vi var bedne til Lisbeth og Jan på ertersuppe klokka 15.30. Det var eit treff for dei som har følgt Jan på bading, med "fruer". Ikkje alle kunne kome fordi dei var opptekne med andre ting, men vi var seks til bords og vi hadde det hyggelig. Forutan oss og vertskapet var det Inger og Per. Til dessert fekk vi noko så sjeldan som solbær-med is til.
Eg er ikkje alltid like lysten på å forlate reiret, men det vert oftast kjekkare enn eg trur.
Kjekt å sjå at dei hadde pussa så fint opp huset sitt, kvitt og lyst overalt.
Og så er det fredag igjen, ei veke sidan vi var i Fosnavåg. Nils er betre i foten og har vore ganske aktiv i dag.
Amaryllisane blomstrar så det er ei lyst, og mange knopper som enno ikkje har opna seg.
Vi ønsker alle ei god helg-utan altfor mykje stress.

Bok nr. 88 - 2015: Om vinteren

   Om vinteren av Karl Ove Knausgård (Lyd-CD)              
Karl Ove Knausgård utgir to lydbøker denne høsten. Den første har tittelen "Om høsten", den andre "Om vinteren".

Utgangspunktet er et brev som forfatteren skriver til et ufødt barn, for å vise henne hva som venter, hvordan den verdenen hun snart skal bli født inn i, fortoner seg akkurat her, akkurat nå. Han tar for seg en og en gjenstand, ett og ett fenomen, og forsøker å beskrive og forstå det så nøyaktig som mulig. Slik blir dette en personlig encyklopedi om alt fra tyggegummi til stjerner, et forsøk på å nærme seg verdens materialitet, samtidig som alt synes å insistere på å ha en ladet og tvetydig betydning.

.............................................................................
Denne boka er på berre 5 CD-plater og eg har ikkje brukt lang tid på den. "Om høsten" har eg lese før, og eg likar begge bøkene godt. Sidan begge inneheld mange korte tekstar som innbyr til ettertanke, er det eigentleg feil å lese bøkene i ein jafs. Det er som noveller, ein treng eit pusterom innimellom. Trur eg vil lese boka om att-men berre eit par tekstar pr. dag. Sidan eg er Knausgård-fan og har vore det heilt sidan eg las "Min kamp 1"  likar eg alt han skriv, også denne boka.

torsdag, desember 10, 2015

Dagbok 2015: 10.desember

Klokka er 18.30, temperaturen ute er +4 gradert C og det er skikkelig ruskevêr med regn og vind.
Eg gler meg til alt finevêret vi skal få når dette er over !
Det har vore ein laber dag i pensjoheimen. Nils fekk streng ordre (av meg) om å halde seg i ro i dag, slik at han kanskje kan bli litt betre. Han verker ikkje så mykje når han held seg i ro. Eg var trøtt og urven i dag, sidan eg berre sov 2-3 timar sist natt. Drakk kaffi litt seint i går, det var kanskje ein av grunnane.
Nils har filetert litt fisk innimellom, eg vaska kjøkken og bad til helga. Til middag steikte eg sei. Vi et mest mulig av fisken før vi frys resten. Ufrosen fisk er best. Elles har eg ikkje gjort stort, hadde meg ein god pause med lydbok på sofaen etter middag. No les eg Knausgårds bok "Om vinteren".
I dag skulle vi etter rett vore på Folkestad, men dessverre såg vi oss ikkje syn med det slik stoda var . No håper eg berre at Nils blir bra utan for mykje styr. Sjølv har eg vore låk i ryggen i dag, men eg skuldar på vêret; regnvêr er ikkje så bra for "gikta".Og eg er van med å verke innimellom. Vi har diverse vi skulle ha gjort til jul, men det er no enno nokre dagar att.

onsdag, desember 09, 2015

Dagbok 2015: 9. desember

Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er 6,2 grader C. Det har vore overskya og litt regn i dag. Eg har ikkje vore ute for ei dør, men det har Nils.
Matias ringde i går og dei var enige om å fare på sjøen i dag om vêret tillet det. Vi vakna begge klokka halv seks og var enige om at det ikkje var fiskevêr, og la oss til att og sove. Derfor var eg litt overraska då eg stod opp eit par timar seinare og Nils var vekk. Eg var ikkje berre glad for det, eg ville han skulle halde seg i ro med den vonde hofta/foten.
Men når eg er heime åleine er eg litt meir effektiv enn elles, så i dag fekk eg laga Mor Monsen utan at deigen sprakk + ei ny ladning med bollar av betre kvalitet enn eg baka sist. Nils kom haltande heim  i 12-tida. Dei hadde fått ein middels seifangst, så vi skulle ha småsei til middag i dag. Men det fekk bli seinare, for akkurat då hadde vi meir lyst på kaffi og varme bollar.
Eg hadde ein del arbeid med å vaske opp for hand, tømme oppvaskmaskina og rydde kjøkkenet. Og pakke det som skulle frysast etc.etc.
Så hadde vi pause før Nils med mykje strev fekk laga middag. Med strev meiner eg at det er strevsamt å bevege seg når ein har vondt. Men koke fisk og poteter overlet han ikkje til andre.  Eg tok jobben med å shine opp kjøkkenet etterpå. Innimellom har eg fått lese ferdig Hoem si bok, den var like fin som Slåttekar i himmelen, - dei som enno ikkje har lese den har noko å gle seg til.Merkeleg korleis den mannen kan skrive om heilt alminnelege ting utan at det vert keisamt. Og språket er rein poesi.
I morgon er det førjulsfest på Folkestad skule, så då håper eg vi kan vere med. Det kjem heilt an på Nils.Han har heldigvis ikkje vondt når han sit i ro.

Bok nr. 87 - 2015: Bror din på prærien



Bror din på prærien

Bror din på prærien» er ein slektsroman og westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som den lovpriste «Slåttekar i himmelen».
Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet i Kristiansund med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, blinda av tårer. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota.
Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet ser ikkje vekk, dei set snarare blikket rett på han. Da han kysser den dragande Jenny Mortenson, er det både med sterk lyst og frykt for å bli bunden. Han forsøker å la arbeidet styre han.
Det skal kome ei stor og gjennomgripande omvending i Eilerts liv, som om han har vore på feil spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin, bryt han opp – på same måten som 50 000 andre nordmenn – og startar på den lange reisa til Albertaprærien i Canada. Han tar land ved Hesteskoen i Donalda hausten 1905.
Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han nokon gong skal få sjå sonen sin att i dette livet.
.........................................................................
Denne boka er på same måten som "Slåttekar i himmelen" ei slektshistorie, verdshistorie og ikkje minst kulturhistorie. Boka er framhald av "Slåttekar i himmelen" og skriven i same "ånd". Så dei som likte slåttekaren, vil like denne også, slik eg gjorde. Anbefaler lydbokversjonen som forfattaren sjølv har lese inn.
Bok nr.3 kjem neste haust. Då skal eg lese om att nr. 2 før eg får den siste. Viss eg greier å vente så lenge, då.
Som eit lite apropos kan eg nemne at morfaren min og bror hans reiste til Amerika på slutten av 1800-talet. Besten kom heim att, men bror hans vart verande. Også den familien returnerte til Norge, men det var mange år seinare.





tirsdag, desember 08, 2015

Dagbok 2015: 8.desember

Klokka er 19.00, temperaturen er + 12 grader. Det har vore ein fin førjulsdag, opplett det meste av dagen og uvanleg mildt. Litt vind nede i sentrum, stillare her oppe.
Nils var ikkje god i hofta då vi stod opp men han kom seg litt  utover dagen. Han var ein tur til Vik og fekk klipt håret sitt, mens eg vaska håret og gjorde meg klar til shoppingrunde. Vi fekk kjøpt 4 julegåver i dag-det er no ein begynnelse. Elles hamstra eg vaskepulver på Felleskjøpet før vi tok turen til Amfi.  Vi møtte mange vi kjende og fekk rekognisert litt rundt omkring. På Cubus hadde dei ein ny variant;  sidan eg kjøpte for over 500 kr fekk eg ein tilgodelapp som eg kan bruke i februar, pålydande 100 kr.Lyt prøve å hugse den!
Då vi kom heim att var klokka nærmare halv fire, så då laga vi middag i ein viss fart: julepølser frå Ringdal med poteter,rabbe og ribbefeitt. (Mens potetene kokte fekk eg bretta ein klesvask.)
Så flata eg ut på sofaen med boka mi-til det var på tide å drikke kaffi. Etterpå skolda eg og skar opp mandlar. Får sjå om eg finn ånden til å bake litt meir i morgon - eller ein annan dag. Erfaringa mi seier at det blir nok mat i jula i år også.

mandag, desember 07, 2015

Dagbok 2015: 7.desember



Klokka er19.15, temperaturen ute er så vidt over 0 grader. Det er altså blitt eit anna vêr, lysare, lettare og kaldare. Det er ikkje meg imot. Dagane har vore korte i det siste, det har så vidt vore lyst ei lita stund for dag.
I da laga eg ei kake før middag og ei svelerøre. Nils kokte lange til tidleg middag, sidan han skulle på eit møte klokka 14.00.
Mens han var vekke las eg litt i boka mi, før eg steikte svelene. Margrete kom i 15.30 tida og drakk kaffi lag med oss, slik ho gjer annankvar mandag. Det er koseleg å ha besøk og prate om laust og fast.
Då ho hadde fare  tok vi ein tur på nærbutikken og handla ein del matvarer som vi mangla. Greitt å ha alt i hus om ein skulle finne på å bake, til dømes.
No skal Nils snart på eit nytt møte, og eg skal ta meg ein tur på prærien med Edvard Hoem.
No er det like før amaryllisen opnar seg.

søndag, desember 06, 2015

Dagbok 2015: 6.desember.


Klokka slo nettopp 8 slag, noko so vil seie at klokka er 20.00. Temperaturen ute er + 4, 8 grader C, og i dag har vi hatt både vind og regn, men også gløtter av lys, nesten sol. Det voldsomme styggevêret har ikkje nådd oss - i alle fall ikkje enno. Ikkje mykje julestemning kva vêret angår i alle fall.
I dag har eg gjort botimot ingen ting, anna enn å rydde litt i huset og lage middag. Resten av tida har eg brukt til å lese i boka mi etc. Eg held på å lese Edvard Hoem si bok " Bror din på prærien", den er eit framhald av "Slåttekar i himmelen", som eg las to gonger.
No er vi nettopp attkomne frå Volda der vi var på konsert i kyrkja i lag med Margrete. Den direkte grunnen var no at Amanda skulle synge duett i lag med ei anna jente. Men det er kjekt å høyre på alle dei andre også. Amanda song "The little drummer boy"-ho har ei veldig djup stemme, men kan også synge lyst, i følge Margrete.Det er ikkje så ofte vi har høyrt henne synge åleine.
Trur det har vore rekordmange julekonsertar i Ørsta-Volda i år. Opp til fleire pr.dag - somme dagar. Og vi har vore på tre arrangement i løpet av veka,  det er litt uvant til oss å vere, men no begynner eg snart å forstå desse som går på "alle" konsertar, for det er kjekt!
Dermed er kakeboksane mine like tomme som før, og ikkje ei einaste julegåve er på plass. Men det blir vel jul i år også. Det viktigaste no er at Nils blir bra i foten og hofta, slik at vi blir litt meir mobile. Det gjekk no bra i dag, viss han ikkje får ein baksmell.
Elles er vel det største av alle juleønske i år FRED PÅ JORD- og det kan vi verken kjøpe eller bake.
I kveld ser eg fram til å sjå neste episode av den tyske serien. Sjeldan vi ser noko tysk av nyare dato, så det er litt spesielt. 
I dag er det Nilsmesse/ Nikolausdagen til minne om den heilage Nicolaus av Myra i Lille-Asia(Tyrkia)- det er han som er opphavet til Santa Claus, julenissen. I gamle dagar var det tradisjon å gi gåver denne dagen-helst til barna.
Bilda under viser vêret ca kl.12.00 i dag.



lørdag, desember 05, 2015

Dagbok 2015: 5.januar

Klokka er snart 18.00 og temperaturen ca +7 grader. Ute blæs og regnar det, men vi held oss inne og har det varmt og godt. I heile dag har eg gått rundt og følt på at det er sundag, det er heilt umulig å bli kvitt tanken. Det kjem vel mykje av at vi ikkje har vore av stad og handla, men halde oss i ro.
Nils var ganske bra i går då vi for utover, men i dag har han vore "lenka" til godstolen-i håp om å bli betre av det. No har han det slik eg sjølv hadde det i åresvis. Eg er ikkje heilt god no heller, men betre enn han i alle fall.
I dag har eg vore litt flink, men resultatet er ikkje så bra som eg ønska. Eg sette ein stor bolledeig, og for ein gongs skuld følgde eg oppskrifta. Resultatet var ein altfor  fast deig som hadde problem med å heve seg. Laga to brett med bollar, men siste deigresten vart til ei kveitekake med rosiner; trur den vart mest vellykka. Alt er no etande for så vidt-sjølv om bollane ikkje er "luftige" nok. Men eg har i alle fall kjensla av å ha gjort noko nyttig.
Til middag hadde vi Carlo spekesild ,og av filetane som vart att laga eg sursild. Men eg skal lage meir sild nærmare jul. Trur eg.
I morgon har vi tenkt å fare til Volda for å høyre Amanda synge. Litt for seint oppdaga vi at ho skulle vere med å synge på bedehuset her i dag.
Trur det er ekte giktvêr ute, for det er ikkje berre Nils som verker (han er relativt bra så lenge han er i ro)- men det er er han som er sjåfør. Han har hatt mykje å underhalde seg med på TV i dag - eg les Edvard Hoem innimellom. Vi har også opptak frå TV-kvelden i går som vi ikkje har sett og så er det no litt å sjå i kveld også. Eg gløymde å ønske GOD HELG i går, så får eg gjere det i dag.
I dag fyller dottera til Rolf, Anne Merete, 39 år. Det er lenge sidan eg bar henne til dåpen no. Ho har tre søner som begynner å bli store. Ho jobbar som skuleassistent.
Anne Merete Hjønnevåg

fredag, desember 04, 2015

Dagbok 2015: 4.desember

Klokka er 20.45, temperaturen + 5grader og akkurat no er det opplett. Før i dag har det regna litt.
Vi er nettopp komne heim frå konserten i Fosnavågen, den begynte så tidleg som klokka18.00, fordi dei skulle køyre konserten to gonger.
I dag hadde vi fått billettar på rad 4, og derfor ville vi gå inn nede, ein kan nemleg gå inn i konsertsalen både frå 1.og 2.etasje. Resepsjonen er i 2., derfor ville vi ta heisen ned. Og kva skjer, vi går inn i heisen, og eg står face to face, bokstavleg tala, med Didrik Solli Tangen. Like vakker som på TV- men altså veldig liten og tynn.Han smilte og nikka til oss.(Heisen er veldig liten, så det er sagt) Eg blei sittande midt på rada og såg han inn i ansiktet under konserten også.
Hovudpersonen og leiaren for konserten var Ole Edvard Antonsen, gjestar var Didrik ST og Elisabeth Andreassen. Med seg hadde dei ein musikar på keybord, ein bassgitarist og ein på slagverk. At Didrik er flink å synge visste eg jo, men at Elisabeth song så bra, var litt overraskande.Eg har jo sjølvsagt høyrt henne på TV, men ho er betre live. 
Ho hadde ein kjole i 50-talsstil på seg-eg likte den godt. Knekort med "vimpa"skjørt. Vimpa tyder ikkkje foldar men "bølger". Ole E A spelte på fem ulike trompetar og var med og song eit par gongar også. Det var mange julerelaterte songar, men ikkje berre det. Av mange høgdepunkt vil eg  dra fram  "O helga natt" med Didrik og "Gabrielas song" med Elisabeth.
Dette er fjerde gongen vi har vore på konsert i Fosnavåg, den første gongen var 4.desember i fjor. Alle gongane i regi av pensjonistlaget.
For ein gongs skuld har eg litt anna å skrive om enn husarbeid, men eg kan no nemne at eg støvsuga alle teppegolvet før middag og rydda fint på kjøkkenet.
Vi hadde gledd oss til ein god kaffikopp med kake til på hotellet, men i dag var det berre kaffi, kaker hadde dei ikkje. Eg spurde etter kaffisukker, og då fekk eg ei slik hylse med strøsukker. Det var nedtur- men det var FØR konserten.
Kjekt å komme heim så tidleg, men eg hadde no sett TV på opptak.

torsdag, desember 03, 2015

Bok nr.86 - 2015: Veien til verdens ende.


Veien til verdens ende
Dette er først og fremst en omfattende og dypt inngående barndomsskildring, bygd på forfatterens egne inntrykk og opplevelser fra barneårene.Men ved siden av disse erindringer fra guttens tredje til hans femtende år inneholder den fortreffelige skildringer av bygda og bygdefolket.Sigurd Hoel ble født og vokste opp i Nord-Odal. Store deler av hans forfatterskap er preget av den nære tilknytning han alltid hadde til denne skogsbygda og hans fortrolighet med livet der. Det gjelder ikke minst den romanen vi har for oss her.
.......................................................................
Sigurd Hoel vart fødd i 1890, ni år før far min, og vaks opp ikkje langt frå der pappa budde.Dei var på ein måte samtidige. Men dei vaks ikkje opp i same miljø, for farfaren min var stasjonsmester, ikkje bonde.
Denne boka har eg likt veldig godt, noko som eg ikkje trudde på førehand. Skildringa av den vesle guten og miljøet på garden og i bygda er meisterleg . Opplesaren er veldig flink.



Dagbok 2015: 3.desember

Klokka er ca 18.00, temperaturen er + 3 grader C og Nils seier at det har regna i dag. Sjølv har eg ikkje vore ute for ei dør, så eg har ikkje brydd meg om vêret.
Føremiddagen gjekk fort. Først skreiv eg referat frå møtet i går, så vaska eg bad og kjøkken.
Nils kokte lange til middag; vi har ikkkje så mange fiskeslag no, og ikkje ser det ut til at det blir fiskevêr med det første heller. Det kan vere like godt, for Nils har ikkje kome seg heilt etter "det store fallet". Han var nok litt for aktiv i går, så i dag har han tatt det mest mulig med ro. Vi håper at han er så bra i morgon at vi kan fare på konserten i Fosnavåg i lag. No har vi begge vondt i ryggen, eller helst i hofta, han i høgre, eg i venstre. Og begge har vi problem med å sitte, men eg er nok den friskaste akkurat no.
Eg låg lenge på sofaen etter middag, så no har eg berre to plater att av boka eg held på med, så får eg begynne på dei ferskaste som eg fekk på tysdag.
Eg har laga ei formkake som står i omnen no. Det blir ikkje baka småkaker med meg i år, ryggen min toler ikkje at eg står i ro så lenge. Men vi et no aldri opp dei kakene eg lagar uansett, så eg kjøper like godt eit par boksar, dei kjem vel på salg også, før jul. Vi må berre innsjå at vi ikkje er så unge og spreke lenger-og ta følgene av det.

onsdag, desember 02, 2015

Dagbok 2015: 2.desember


Klokka er 20.15, temperaturen ute er +5 grader C. Det har vore overskya og regn i heile dag.Men regn er betre enn snø på den måten at vi slepp snømòking. Vi er nyss komne heim frå pensjonistmøte og eg er nokså tom i hovudet. Nils ligg strak ut i reclineren, han har vondt i ryggen, truleg etter fallet på glattisen. Håper han kjem seg til att snart, for eg veit kor vondt det er å verke i ryggen- så det er ikkje noko eg unner andre.
Vi har vore opptekne med pensjonistmøtet det meste av dagen. På føremiddagen var vi på Kulturhuset og dekka og pynta.
Oddgeir Bruaset var ein kjekk kar å ha på besøk. Han sat ved VIP-bordet i lag med oss i styret+ Matias og Jorunn, som var der for å  spele piano og synge i lag med oss. Dei song også ein ny, vakker julesong i lag, berre dei to.
Oddgeir Bruaset kåserte/fortalde i bort imot ein time, men det var interessant heile vegen.
No skal eg ikkje gi meg ut på å skrive referat her, berre konstatere at det var eit vellykka møte. God mat fekk vi også.

tirsdag, desember 01, 2015

Dagbok 2015: 1.desember.


Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er + 1,5 grader C. Det har vore ganske slapsete i dag også, plogen køyrde forbi på vegen i dag tidleg og tok vekk det verste der.
Vi var nedover og handla i dag før middag. Vi kjøpte ikkje anna enn mat, men vi ser oss no omkring. På Kitch`n har dei mykje fint, men der er så trongt at det er problem å komme seg inn for døra.Og fullt av folk i tillegg til varene.
Vi får stadig spørsmål om kva VI ønsker oss til jul. Eg kunne godt seie : INGEN TING - og meine det, men eg veit at alle har lyst å gi, og den gleda vil eg ikkje ta ifrå folk. Men det er grenser for kva vi har plass til. Derfor ønsker vi oss slikt som vi kan ete opp eller bruke opp på ein eller annan måte.
På biblioteket hadde dei lagt til sides tre flunkande nye lye lydbøker til meg. Dei er så kjekke dei som jobbar der!
Mykje av tida i dag har gått med til å rippe bøkene og legge dei inn på minnepenn. Eg får ikkje begynne å lese dei før eg er ferdig med den eg held på med no. Mens eg rippar strikkar eg -og høyrer lydbok. Vanleg multitasking.
Vi kjøpte med oss heim ein pizza i dag, så det blei middagen. I morgon slepp vi å lage middag, for då er det julebord i pensjonistlaget. Det meste av dagen går med, før middag skal vi dekke bord og pynte.
Nils er med i valmenda så han prøver etter beste evne å få folk til å ta på seg eit lite verv. Eg har vore sekretær i snart fem år, og er ikkje på val i år. Ein vel folk for to år om gongen. Eg synest det er kjekt å vere med i styret no når eg er komen godt inn i det, kjenner folka som er med etc. Men vi ønsker oss fleire yngre pensjonistar som kan ta eit tak, når folk er mange og åtti må dei nesten sleppe så mange plikter.
Så vil eg beklage at eg beklaga meg så gale i går. Eg VAR verkeleg låk i ryggen, men det gjekk relativt fort over. I dag har eg ikkje gjort særleg mykje husarbeid og har ikkje vondt.

Dagbok 2020: 4.desember

Klokka er no 16.40, temperaturen er minus 1 grad, det har vore nydeleg vêr i dag, med sol på fjelltoppane. Men eg har for det meste vore inn...