lørdag, desember 26, 2015
Dagbok 2015: 26.desember
Klokka er 21.00. Temperaturen er minus 6 grader C, og i dag vakna vi til kvit jul. Det har kome meir snø etter kvart, men trur ikkje den blir liggande.
Det er tradisjon at alle som kan, kjem til oss andre juledag. I dag var vi 12 til bords, men skulle eigentleg ha vore 13. Ingeborg var forkjøla og hadde feber, så ho vart att heime i lag med Charlie.
Menyen er også tradisjon: Stroganoffgryte. Då kan eg gjere ferdig mykje på førehand. I fjor laga eg fløtegratinerte poteter til, og det var populært, så det gjorde eg i dag også. Marsipankakaa som eg kjøpte til Nils sin bursdag, var nesten like heil. Den vart dessert i dag i tillegg til fruktsalat of krem.
Vi hadde eit måltid til med brød og pålegg m.m., men det såg ikkje ut som om folk var særleg svoltne då.
Ei stund etter at alle hadde reist, kom Einar og Audun tilbake. Bilen til Einar var såpass trøbblete at det vart til at Nils køyrde dei ut i Garmokrysset der Øystein tok over.Bilen står att her. Det var sjølvsagt ikkje nokon kjekk slutt på dagen, men når det ikkje skjer noko verre og alle er like heile må ein ikkje klage.
Eg har rydda opp verste rotet og no skal eg snart kose meg med TV-program. I morgon er det enda ein helgedag- då tippar eg vi er rimelig sløve.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar