Viser innlegg med etiketten handarbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten handarbeid. Vis alle innlegg

søndag, februar 24, 2019

Dagbok 2019: 24.februar






Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 7-8 , det er overskya og vi har hatt både solgløtt og regnbyger i løpet av dagen.
I dag var eg budd på å vere heime åleine heile dagen og hadde lagt opp eit program med strikking og "kontorarbeid". Og slik blei det. Vart nesten ferdig med begge ermane på Erlend sin genser i går, så gjorde eg resten av jobben i dag - før eg la opp og begynte å strikke på bolen. 
Som de ser av bildet er eg ferdig med mønsterborda nede og sit no og strikkar rundt og rundt, det er litt kjedelig, men eg har på radio og høyrer eine programmet føre og det andre etter. TV-en set eg på når det nærmar seg dagsnytt kl.19. Det mørkeblå garnet er lettare å strikke enn det lysegrå som var i bolen til Margrete sin genser, det var meir lode. Går ut frå at det kjem av at det mørkeblå har vore gjennom ein fargingsprosjekt. 
Eg er alltid ivrig etter å fullføre prosjekta mine, men eg seier til meg sjølv at eg må vere forsiktig å ikkje øydelegge hender og armar, det er nok at eg har overforbrukt knea mine.
Sette meg til og skulle skrive årsmeldinga for pensjonistlaget, men mangla nokre opplysningar før eg kan gjere det ferdig. Det var ikkje alle møta eg var med på i fjor. Sidan vi skal ha pensjonistmøte komande onsdag, blir det ikkje spansk den dagen 
Elles er det vinterferie både her og på Kongsberg , etter som eg har forstått, denne veka. 
Audun kjem heim neste helg, så då får eg kanskje besøk av han og Einar. Einar var og sprang rundt Rotevatnet i går, og vann løpet. Som regal plar han bli nr.2eller 3. 
Eg har ingen planar for morgondagen med unntak av strikketøy- har som mål å bli ferdig med genseren til neste helg. For då kan eg seie at eg har strikka to genserar på tre veker. Eg må alltid finne på slike konkurransar med meg sjølv- og det er berre dumt Men så skal det seiast at eg MÅ strikke når eg ser TV - eg greier ikkje å sitte i ro med hendene i fanget. D
et har vore så vårleg no nokre dagar at ein tek til å kjenne på at ein må gjere noko ute, men eg trur hagearbeidet får vente litt til.


onsdag, november 09, 2016

Solveig si blomstereng.

Ikkje alle vennane mine er på FB. Dei andre må også få sjå teppet som Solveig har hekla. Her skal vere 21 X 25 blomster+ halve på langsida. Her er ikkje to blomster som er heilt like.

tirsdag, oktober 16, 2012

Vêrmelding 16.oktober - 2012


Klokka er no 18.30. Temperaturen er + 7 grader og det har vore ein nydelig dag. Litt skyer først på dagen, men finare etter kvart. Det var fristande å komme seg ut på tur i dag, men forma var ikkje på topp, så det vart berre ein tur til Volda og litt trakking rundt der. Hadde eit par små ærend å skulde på. Var innom Amfi også som snarast.
Då vi kom heim steikte vi  ein porsjon fiskekaker til middag. Det var behov for litt lettare mat i dag.
Elles har det ikkje skjedd mykje. Etter at eg hadde kvilt ryggen på sofaen ei stund har eg site og strikka med lydbok på datamaskina.
Nils skal på eit lite møte i kveld.
Bildet over er frå hamna i Volda. Eg kan ikkje la vere å tenke at vi skulle hatt dette fine veret mens det var sommar; sjølv om det er fint om hausten er det ikkje heilt det samme.
Strikkegarnet Regia FJORD har skifta namn til AQUARIUS. Eg strikkar lestar av det, på pinnar nr.3. Likar godt dette garnet.

søndag, mars 18, 2012

Vermelding 18.mars - 2012

Klokka er snart 12.30, og vi har begynt å tenke på middagen.
Ute er det skya, litt regn og +5-6 grader C. Vi vakna tidlig i dag til sol og strålande ver. Men før vi hadde ete frokost og eg somla meg til å ta eit bilde frå altanen, hadde skyene begynt å vise seg på himmelen. Så søndagsturen vart utsett på ubestemt tid.
Etter at eg hadde festa nokre trådar i siste lesteparet eg har strikka, begynte eg å rydde i garnrestane mine. Eg har nemlig eit prosjekt gåande; eg strikkar lestar av diverse garnrestar, for å få ned volumet på garn. Litt har det minka sidan jul! Eg har strikka dei lestepara som er på bildet pluss nokre som eg har gitt vekk eller tatt sjølv.Eg synest faktisk det er kjekt å sjå at dei små restane blir til noko. NB: Eg brukar berre sterkt og skikkelig garn i foten, brota treng ikkje vere så slitesterke. Eg legg ikkje arbeid i noko som ikkje varer. Strikkar mest med dobbelt garn på pinnar nr.3,5. I går måtte eg krype til korset og kjøpe eit garnnøste for å få ferdig paret øvst til venstre. No har eg sortert garnet etter farge i gjennomsiktige plastposar, før hadde eg det i plastnett, noko som gjorde at eg måtte opne netta for å sjå fargen. Det var nokså teit.
No skal eg steike sei til middag. I morgon kjem Margrete &Co så då skal vi ikkje ha fisk.

søndag, august 15, 2010

Vermelding 15.august 2010

Klokka er 16.00. Temperaturen er ca 23 grader C, men det virkar skikkelig varmt til tross for både litt skyer og skodde.
Og kva gjer vi ein slik fin dag. Jau, vi reiser på ein lang biltur til Bjørke og Viddal via Volda og Austefjorden. Det merkelige er at desse bygdene høyrer til Ørsta kommune mens dei ligg nærare Volda sentrum enn Ørsta.
Det er seks år sidan vi sist var der inne, og sidan den tid har dei fått ein 2 km lang tunnel frå Bjørke til Leira/Viddal-der vegen stoppar. Bildet over er tatt frå ei kai på Viddal og vi ser ut Hjørundfjorden.For dei med ørneblikk kan det vere mulig å sjå ferja Sæbø-Leknes.

Nils hadde sjølvsagt fisketroda med seg og gjorde nokre kast på kaia. Her ser vi inn mot Leira -tunnelen går gjennom fjellknausen der. Bjørke ser vi ikkje frå denne vinkelen.
              
På Bjørke er der Handarbeidskafé kvar sundag, i alle fall om sommaren. Dei sel mange slags handarbeid, men vi kjøpte berre kaffi og kake som vi sat ute og kosa oss med. Det er mykje varmare der inne i fjorden enn her i Ørsta.Skal legge inn bilde av handarbeida sidan her er mange handarbeidsinteresserte blogglesarar.
          
             
              

          
          
 
         



           
Seinare i dag/ kveld skal eg komme med eit innlegg om det nye vegprosjektet Kvivsvegen for dei som er spesielt interesserte. Nils og eg likar å sette oss inn i slike nye prosjekt. Men no skal eg ut og sole meg før sola går ned.

torsdag, juli 22, 2010

Sokkegarn frå Ulsteinvik.

Då vi var på blogg-shopper-tur til Ulsteinvik, Flø og Hareid, kjøpte Solveig garn som eg no har strikka sokkar av. Garnet er relativt tynt, eg strikkar på pinnar nr.2,5, og det er godt å strikke. Dessverre har eg gløymt kva garnet heiter, men Solveig hugsar det kanskje? "Magebeltet" har eg sjølvsagt kasta. Eit lite tips når det gjeld slikt "sjølvstripa" garn: Det er betre å kjøpe to like nøster enn to ulike, for sjølv om dei seier det er nok garn i ein bunt til eit par lester i vaksen storleik, så kan det hende det blir i minste laget.Eg fekk litt for lite garn til det raudstripete paret, så det blå paret strikka eg litt mindre.Det vert lite strikking med meg for tida, det har sine grunnar. Eigentlig likar eg godt å strikke mens eg høyrer lydbøker.

onsdag, april 28, 2010

Vermelding 28.april 2010

Klokka er13.30.Temperaturen er + 9 grader C. Det er overskya og litt regn.
På bildet kan de sjå den gamle jordbæråkeren vår. Nils reiv opp plantane siste haust, for der vart nesten aldri bær i denne åkeren som vi laga etter alle kunstens reglar for nokre år sidan.
No skal vi så sukkererter her, og ev. lage ny jordbæråker der vi hadde sukkererter før. Det er vel det ein kallar vekselbruk? Det skal vere bra for jorda.
Nils har vore ned til Vik i dag også, men eg held på med eit strikkeprosjekt. Eg strikkar nye "føter" på gamle lestebrot og får på den måten brukt opp mange små garnrestar. Det er forresten ganske artig, for eg likar å sette i hop fargar. Eg strikkar lestene parallelt, frå kvar sin ende av garnnøstet.Sidan Nils stort sett sit med føtene på ein krakk rett framfor nasen min, likar eg å ha noko pent å sjå på. Om kveldane altså..........

torsdag, mars 04, 2010

To par strømper til bitte lille bror.

Fekk akkurat no melding frå Drammen sjukehus om at guten er komen til verda og alt er i orden. Får vel fleire opplysningar seinare, men no er vi glade for at alt har gått bra . Det blir vel ikkje lenge til vi har eit bilde heller.
Vi gratulerer foreldra og familien i Kongsberg med vesleguten. Skulle gjerne vore litt nærmare og fått sett han på dagen!
Dette nydelige vognteppet til vesleguten kom ein av naboane våre innom med i går.Det er strikka i smale lengder som er hekla saman.Vi har mange hyggelige og snille naboar!

lørdag, februar 06, 2010

Spenninga over.

Så gikk det som eg håpa og trudde i MGP også. Og tusen takk for det. Didrik syng kjempeflott og ser flott ut.Ein nydelig song er det også.Eg stemte berre to gonger, men alle monner drar, som det heiter.

"Pauseprogrammet" var også heilt topp, særlig vil eg nemne dansaren "Oliver"- han var heilt utrulig.
Alt i alt eit flott TV-show. Ser fram til finalen i mai. Var det den 29?

Tre par vottar vart tova i maskina i dag, på vanlig program og 60 grader, som det stod i oppskrifta.
Dei vart godt tova, for å seie det slik, men fullt brukbare og sikkert kjempevarme.
Kom på at det var noko eg hadde gløymt med dei eg har strikka før og det er å børste dei. Dei skal børstast med ein hårbørste e.l.men ikkje med metalltindar.
Dei lilla vottane i midten er passelige til meg og tenkte til Ingeborg, om ho vil ha dei?
Dei blå vottane passar til litt større hender.No blir det ikkje strikka meir vottar av meg på ei stund, og om eg skulle finne på å lage fleire, skal dei handtovast.Då har ein litt meir kontroll over prosessen. Skulle ønske eg hadde eit gammaldags vaskebrett av glasfiber.......

torsdag, januar 28, 2010

Tova vottar.


For tida er eg i tove-modus. Dvs. eg prøver å utstyre nokre av familiemedlemmene med varme vottar til dei mange skiturane som eg reknar med framover. Dei observante lesarane la kanskje merke til eit par lyseblå vottar på Januarstrikk- kollasjen? No held eg på med eit par i litt mørkare blått, og så har eg kjøpt raudmelert og rosa garn også. Brukar to buntar til eitt par vottar. Oppskrifta har eg i eit hefte.
Det er ein tredje garn-/ brodeributikk i Ørsta som ikkje alle kjenner til. Den heiter Signy Digernes og ligg i Kyrkjegata, dvs.vegen til Ålesund. Det er eit gammalt,kvitt hus med eit lite tårn .
På denne butikken sel dei hovudsakleg garn frå Rauma fabrikkar, men dei garnsortane finst i eit utal av fargar. Finullgarnet kjenner vel dei fleste til, men også Vamsegarnet som eg brukar til vottar, finst i utruleg mange vakre fargar.Det er nesten vanskelig å velje, men som de ser har eg safa sidan eg skal strikke til andre.( Sjølv er eg så varm på hendene at eg sjeldan går med hanskar.)
Det er Nils som er tovaren, gi han eit vaskefat med varmt grønsåpevatn så set han i gang. Fordelen med å hand-tove er at då kan ein slutte prosessen når vottane er passelig store. Nils er veldig glad i dei grøne vad-vottane eg strikka til han i fjor.
                                 

søndag, januar 24, 2010

Januarstrikk.


No er eg ikkje så veldig produktiv på strikkefronten. Nokre sokkar vart det til jul i fjor, men ikkje så mange som året før.Litt anna også faktisk.Men så har eg vore så heldig at eg har kunna strikke litt i januar også, som de ser går det mest i sokkar.No er ikkje desse arbeida mine så mykje å skryte av, men det er eit lite prov på at eg ikkje sit med hendene i fanget mens eg les alle desse lydbøkene.Eg strikkar for det meste. Nemlig.

torsdag, desember 03, 2009

Tips til juletrepynt.


Dei åra eg jobba som lærar, laga eg mykje juletrepynt i lag med elevane. Det var kjekt.Men ein gong fann vi lærarane ut at vi ville kome saman ein kveld og lage litt pynt til oss sjølve- og kose oss i lag sjølvsagt. Då laga eg eit par slike "kuler" til å ha på juletreet.Denne i gull og grønt og ei litt mindre i blått og sølv.Viss de ikkje veit korleis ein lagar slike, så skal eg forklare det, det er enkelt.

Blås opp ein ballong til passe storleik og stryk på lim,Surr trådane rundt så dei limer seg fast til ballongen.Bruk gjennomsiktig RX-lim.Når limen er heilt tørr, punkterer ein ballongen og dreg den ut . (Det skal ikkje vere lim overalt.)Sjølv om det er nostalgisk og kjekt med gammal pynt, kan det vere kjekt å lage noko nytt i lag med barn eller barnebarn.

mandag, november 09, 2009

Babystrikk.









Det blir ikkje så mykje strikking med meg, men eit kvart lite har eg som regel "på hendene". Akkurat no går det i babytøy, det er ganske overkomelig. Kom over eit nytt garn på garnbutikken, ei blanding av ull og bomull. Det er greitt å strikke, men meir likt bomull enn ull.Dei hadde berre nokre få og bleike fargar.
Eg har ei gammal sparkebukseoppskrift som eg har brukt til dei fleste barnebarna. Trur mødrene har likt dei godt. Sidan buksa går godt opp både på bryst og rygg,blir det nesten som ein liten vest.Eg legg inn dette mønsteret på bloggen sidan eg veit at det er både bestemødrer og "gamletanter" som er innpå.Jakka og hua på mønsteret har eg aldri strikka, berre buksa.

lørdag, januar 17, 2009

Vadvottar 3

No har fiskaren endelig fått seg vottar som han er fornøgd med. Eg har strikka dei, og han har tova dei med hand.Som de ser er dei grøne. Altfor seint kom eg på at venstrevotten skulle ha vore raud, slik at dei kunne vere til hjelp om han kom i tvil om styrbord og babord.Men det hadde neppe vore til særleg hjelp for HAN?

fredag, januar 09, 2009

Oppskrift.

Eg kan ikkje å legge inn lenker(linkar) derfor legg eg inn oppskrifta direkte på bloggen i tilfelle nokon vil prøve seg.


Vadvottar ?

I dag var eg inn på ein garnbutikk som har spesialisert seg på Rauma-garn. Tilfeldigvis er det ho som Nils leiger hamn med som driv butikken.Ho hadde ikkje akkurat den oppskrifta som eg var på jakt etter, men eg kjøpte dette heftet med oppskrifter på alle slags strømper og vottar. Også tova vottar. Så no skal eg prøve meg på eit par i vamsegarn. Ho hadde strikka dei med godt resultat, men tova på berre 40 grader. Skal strikke ferdig noko anna før eg set i gang, så det blir ei stund før resultatet vil kome på bloggen.

søndag, januar 04, 2009

Vadvottar

Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskrift, men ikkje funne noko eg er fornøgd med.No vonar eg at nokon som veit kva det er snakk om kan hjelpe meg.Fekk ei påminning då Margrete skreiv at ho ville kjøpe seg nye vottar. I eit naturprogram på TV sa dei at det beste ein kunne ha på hendene i snø og kulde var tova ullvottar.
Tova ullvottar er det mange oppskrifter på, men eg er ute etter EKTE VADVOTTAR.

søndag, desember 28, 2008

Julesokkane.


Som de veit hadde eg eit prosjekt på gang før jul, og det var å strikke sokkar til alle barn, svigerbarn og barnebarn. Eg kom i mål med god margin, det vart opp til fleire par på somme av familiemedlemmene.Etterpå strikka eg eit par til meg sjølv og eit par til gemalen, før eg la pinnane på hylla.Eg strikkar sokkar, for då er det ikkje så veldig farlig om kroppen plutselig seier stopp. Kunne ikkje legge julegavene ut på blogg før jul, men her ser de prosjektet mitt strøydd utover stovegolvet.

lørdag, desember 06, 2008

Trendy julegåver.

Kom dessverre i skade for å slette den knusande kritikken min av MØRKEMANNEN i går, då eg skulle fikse på noko anna. Men eg går ut frå at lesarane hadde fått med seg det meste? Kanskje ikkje at Eidabesta og -besten hadde sett filmen.
Elles vart eg litt oppløfta då eg såg litt av Frokost-TV i går. Finn Schjøll ønska seg faktisk heimestrikka sokkar til jul.FORDI DET VAR SÅ TRENDY.Så hermed må det vere klart: Det er TRENDY julegåver eg gir bort!(Eg trudde berre dei var gode og varme).
Må også ta med ein kommentar frå Minstejenta, då ho såg på kor eg strikka:Det er ikkje vanskelig å LAGE julegåver når ein kan å strikke!

søndag, november 09, 2008

Julelageret veks.


No har eg kjøpt meir av dette garnet, men i litt andre fargar.
Har strikka ein lest i denne fargekombinasjonen, og etter min smak var den finare enn den eg kjøpte forrige gong.Garnet er ganske tjukt, eg strikkar på bambuspinnar nr.3,5, og det er mjukt og godt å strikke.
Garnet er ikkje drygt, men det kan ein vel knapt vente når det er såpass tjukt.
Men det som irriterar meg er feila på garnnøsta. Garnet er skøytt på fleire stader, slik at eg må ta garn frå andre buntar, skøyte og styre. Mønsteret blir så markant at det går ikkje an å jukse.Dessutan har eg opplevd at to av nøsta var nøsta opp feil veg, så fargane kom i omvendt rekkefølgje. Så var det berre å nøste opp på nytt-rette vegen. Dette er ikkje store problem, men alle som har strikka med slikt garn som lagar mønster sjølv, veit kor irriterande det kan vere. No har eg bestilt Opal i store mengder på Internett og gler meg til å strikke det.
Til lykke med farsdagen alle fedrer !
Her skal vi feire med pannekaker, svenskeflesk og rørte blåbær. Ein av yndlingsrettane til han far sjølv.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...