søndag, mars 18, 2012

Vermelding 18.mars - 2012

Klokka er snart 12.30, og vi har begynt å tenke på middagen.
Ute er det skya, litt regn og +5-6 grader C. Vi vakna tidlig i dag til sol og strålande ver. Men før vi hadde ete frokost og eg somla meg til å ta eit bilde frå altanen, hadde skyene begynt å vise seg på himmelen. Så søndagsturen vart utsett på ubestemt tid.
Etter at eg hadde festa nokre trådar i siste lesteparet eg har strikka, begynte eg å rydde i garnrestane mine. Eg har nemlig eit prosjekt gåande; eg strikkar lestar av diverse garnrestar, for å få ned volumet på garn. Litt har det minka sidan jul! Eg har strikka dei lestepara som er på bildet pluss nokre som eg har gitt vekk eller tatt sjølv.Eg synest faktisk det er kjekt å sjå at dei små restane blir til noko. NB: Eg brukar berre sterkt og skikkelig garn i foten, brota treng ikkje vere så slitesterke. Eg legg ikkje arbeid i noko som ikkje varer. Strikkar mest med dobbelt garn på pinnar nr.3,5. I går måtte eg krype til korset og kjøpe eit garnnøste for å få ferdig paret øvst til venstre. No har eg sortert garnet etter farge i gjennomsiktige plastposar, før hadde eg det i plastnett, noko som gjorde at eg måtte opne netta for å sjå fargen. Det var nokså teit.
No skal eg steike sei til middag. I morgon kjem Margrete &Co så då skal vi ikkje ha fisk.

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Flotte lestar! Det er veldig tilfredsstillande å få brukt litt restegarn. Trur eg må gå over til dobbelt garn eg også, skal det vise igjen. Trur du hadde fått sjokk viss du hadde sett alt garnet mitt, men eg er heldigvis ikkje åleine om å ha det slik (har eg sett i bloggland)...

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...