Klokka er no19.25, temperaturen ute er Det har vore overskya i heile dag og så har det vel regna innimellom. Ikkje veit eg så mykje om det, eg har vore inne nesten heile dagen. Eg har ikkje gjort så mykje heller , har ikkje så mykje energi nå veret er slik. Eg har no prøvd å gjere litt husarbeid, men det vart ikkje så mykje. Ein ting gjorde eg, eg laga blomkålsuppe til middag enda eg er her åleine. Suppa var god og så spanderte eg nokre svenske kjøttbollar til så vart det heilt herskapeleg. Eg eg ikkje så flink til å lage middag når det berre er til meg sjølv. Så måtte eg no også kvile etterpå. Men då vart veret så pass at eg fekk lyst ut og jobbe i hagen.
No var kantklipparen klar, så eg gjekk laus og klipte ytste delen av skråninga. Det var litt av ein jobb for der var mykje gras og så er der diverse vekster å ta vare på, små bærbusker til dømes. Eg fekk no gjort litt i alle fall, og då eg var ferdig å klippe var det slutt på sena, det må vel finnast meir ein stad. Eg får høyre med Erlend. Eg trudde han hadde flytta over fjorden, med no trur eg han er her.
Eg fekk no vist fram den nye klipparen til ein av naboane, men det vart ikkje prøvekøyring for han var på veg ein annan stad.
Mange reiser på ferie no, men eg synest det er like bra for meg å vere heime, men eg kunne tenkt meg litt betre ver.Men vi slepp i alle fall å bli steikt av sola.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar