Klokka er no 22. 15 . Ute er det overskya og skodde og temperaturen er +14 graderC, ikkje mykje sol her nei. Eg har vore inne det meste av dagen, og gjort minimalt. Men ein ting har eg gjort, eg har klipt garasjeplenen med den nye klipparen. Og det gjekk heilt fint, og det gjekk fort- for klipparen bestemte farten. Eg vil ikkje klippe meir før det blir litt tørrare i graset.
Eg fekk eit lite besøk også , det var Amanda og Martin som kom og skulle hente Erlend, og så hadde dei med seg den nyaste hunden, som heiter Bjarne. Eg likar så godt desse hundane til Margrete og Amanda, dei kjem eigentleg frå Eid.
Då dei reiste gjekk eg opp til Marit for no vart ho åleine ei stund. No har eg tenkt å ete litt og så skal eg sjå fotballkampen på TV i kveld. Ja, eg garanterer ikkje at eg ser heile,men eg sov litt på dagtid så eg greier vel å halde meg våken.
Eg har fått bilde og tekst frå Margrete , ho og Svein er på Madeira. Rasmus er visst ikkje langt unna, men eg er ikkje heilt oppdatert. No må eg skunde meg å ete, så eg blir i form til å sjå fotball.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar