søndag, mars 31, 2013



Klokka er snart 18.00-sommartid. Ute har det slutta å snø etter at det har lava ned det meste av dagen. Faktisk har sola kome fram og, så vidt det er. Temperaturen er + 2 grader c. Nils har begynt å mòke tunet med handemakt. Eg synest ikkje det var så nøye med, for no må vel snøen snart smelte?
Eg har ikkje vore ute i dag. Før middag såg vi på påskegudsteneste frå Tromsø på NRK 1, må ha litt påskestemning når vi er her "åleine". Nils begynte å filetere på fisk etterpå, og eg laga to porsjonar med fiskekaker på foodprosessor, den eine porsjonen hadde vi til middag i dag. Så har eg hatt meg ei stund på sofaen med lydboka. Men viss det no skin opp, kan det bli ein liten tur ut i dag også.
Nils retta alle klokkene før vi la oss i går kveld, berre armbandsura vår tikkar enno på normaltid.
Som sagt har eg problem med kameraet mitt, men har fått tatt nokre bilde i dag, med hjelp av ein hjelpeknapp som Margrete fann; utan den får eg ikkje knipsa noko.
I går ringde vi for ein gongs skuld inn løysinga på Påskenøttene, men vi vann ikkje likevel.
I dag kan vi gratulere niesa vår med dagen. Eg hugsar enno tydelig den dagen ho vart fødd, vi budde på Raudeberg den gongen.
Til lykke med dagen Audny !

lørdag, mars 30, 2013

Dagbok 2013: 30.mars

Klokka er 19.00,temperaturen er +1 grad og det har vore enda ein strålande dag. Eg er glad for finevêret vi har hatt i påska, særlig med tanke på alle dei som ikkje har heilårsferie.
Vi har nettopp hatt oss ei runde på Vallabøen, og kom heim for ei lita stund sidan. Då var sola nettopp vekk, så når vi går over til sommartid, har vi sol til klokka halv åtte.
Nils var oppe i gryotta i dag og for ut for å fiske. Han kom heim att før klokka 10, då hadde han fått nok fisk. Han likar ikkje å få så alt for mykje å sløye og filetere i gongen.
Vi var ein tur nedover og handla, så åt vi småsei til middag, og eg la meg på solsenga og sov middag. Etterpå låg eg ei stund til og las i lydboka mi.Den er ein skikkelig pageturner.
No ligg huset til Ingunn og Peder på FINN.no. Dei som kjøper huset, gjer eit varp etter mi meining. Det er i god stand.
Eg har problem med fotoapparatet, så i kveld tok eg berre med  meg lommekamera. Og så streika det også. (Speilrefleksen virkar somme tider, andre tider ikkje.) Huset på bildet under, var eit heilt vanlig hus , som dei bygde på i funkisstil. Det ligg rett opp for Vikemarka skule, og frua i huset er frå Eid. Vi er mange Eida-jenter her i Ørsta! No blir det vel ein del TV utover kvelden.

fredag, mars 29, 2013

Dagbok 2013: 29.mars

Klokka er 20.30, temperaturen ute er minus 3 grader C, og vi har hatt enda ein strålande dag, utan ei sky på himmelen. Men framleis er det veldig kaldt om natta og på morgonen.
I dag var vi i villreie om kvar vi skulle ta vegen, så det blei ein tur på Rjåneset. Sitteplassen i enden på ruta var oppteken, så vi rusla berre rundt litt. Vi møtte eit par som Nils kjende frå "hamnemiljøet" og vart ståande å prate lenge. Det kom litt kald vind etter kvart, men då vi kom heim att sat Marit ute i solveggen og las, så eg gikk opp og forstyrra henne ei stund. Stilt og varmt her.
Til middag hadde vi ferdigkokt påskeskinke med soppsaus frå pose etc. Veldig lettvint, men godt. Etter middagen reidde eg opp senga mi på altanen og sov middag der, med bok på øyret. Eg har både pledd og dyne i kassen på altanen, så eg passar på at eg held varmen.
Hadde berre knipsekameraet med meg ut i dag, og i dette vêret er det heilt greitt. Frå Rjåneset har eg lagt inn mange bilde gjennom heile året, så det fåre vere med eitt i dag. For dei med ørneblikk, kan det vere mulig å sjå eit tjeldepar på steinen nærmast sjøen. Eit lite vårteikn er det no.

torsdag, mars 28, 2013

Dagbok 2013: 28.mars.

Klokka er  23.30. Temperaturen ute er minus 2,5 grader C. Og så vidt eg kan sjå er det delvis skya, såg i alle fall månen bak ei sky. Korleis veêret har vore her i Ørsta i dag, kan eg ikkje uttale meg om, for vi har vore på Hareid det meste av dagen. Då vi kom heim att i halv ni-tida såg det ut som det hadde kome litt snø mens vi var vekke. På Hareid var vêret delvis skya, med litt sol inni mellom.
Det var Solveig sin ide at vi skulle kombinere påsketreff og bursdag. Ho stilte med herlig lammelår til middag pluss diverse dessertar. Mitt bidrag var tre kaker. Som alle forstår er det skikkelige etegilde når familien vår samlast. Det er greitt for alle-med unntak av meg. Vi prøvde alle å ta bilde med mitt kamera, men ikkje så mange av bilda vart vellykka. Det vart også tatt bilde av bursdagsbarnet, mykje mot min vilje. Eg vil gjerne halde på illusjonen om at eg framleis ser ung ut-der er grenser for kor mange eg klarer å lure utanom meg sjølv.
I alle fall var det kjekt å treffe alle ungdommane i huset, det er ikkje så ofte vi ser dei. Audun reiser tilbake til Oslo i morgon. Han er snart ferdig med 4 av5 studieår. Einar var berre så vidt innom, han var på jobb i dag.
Då vi kom heim vart det ikkkje så mykje tid med dataen før eg måtte sjå andre og siste episode av krimmen frå i går. Likte betre andre episode enn den første.
Takk til alle som var med på å gjere bursdagen min til ein god og hyggelig dag. Får veldig mange helsingar på FB, og det er kjekt. Andre har ringt eller sendt sms. Dei som ev.har ringt og ikkje fått svar, får ta det att ein annan dag.Vi har ingen spesifikke planar, men vi kjem no til å komme oss ut litt om vêret er bra.
Fortsatt GOD PÅSKE

onsdag, mars 27, 2013

Dagbok 2013: 27.mars

Klokka har passert 15.30, og det er tid for ein pust i bakken. I dag har vi hatt litt gammaldags vêr her i Ørsta, snø og sluddbyger og ikkje sol i det heile teke. Veldig uvant.
Vi var tidlig oppe i dag også, og fekk gjort litt ymse på føremiddagen, før eg hadde avtale med ei veninne om å gå på kafe klokka 13.00. Etter at vi hadde spist formiddagsmat på "Fru Svendsen", var vi ein tur på Amfi, der Nils også var. Fryktelig mykje folk både på kafear og på butikkar i dag.
Måtte ta oss litt mat då vi kom heim også-Nils hadde jo ikkje ete i Vik!
I morgon skal vi til Hareid-det blir årets "påskesamling".

tirsdag, mars 26, 2013

Dagbok 2013: 26.mars


Klokka erca 17.30. Temperaturen ute er +2 grader C, og vêret er som før: klårt, sol og kaldt. Har aldri opplevd maken til vinter og vår. Hadde eg berre kunna vore ute heile dagen, men det er for kaldt å ligge på solsenga, trur eg.
I dag sette Nils i gang med å kløyve ved frå morgonen av. Eg tok like godt og støvsuga og vaska litt ekstra til påske. Etterpå høyrde eg ferdig boka mi, mens eg strikka ferdig ein lest, og så tok vi ein tur til Vik for å handle litt. Sidan eg ikkje hadde skrive liste, visste eg i grunnen ikkje kva eg skulle ha, så det vart ingen storhandel.
Men vi trefte læraren som Rasmus hadde på ungdomsskulen og prata litt med henne.Vi lova å helse til Rasmus frå Kari. Ho er også pensjonist no, slutta då ho var 62. Ho også. Så trefte eg ei veninne, og vi avtalte å gå på kafe i morgon.
Då vi kom heim, tok eg "strafferunda" mi,opp Storebakken osv. Bilda over er tatt frå toppen, det øvste med utsikt mot Melshornet og Melsbygda; på bildet under ser vi mot Mosmarka.


Her heime var Nils i full gang med å plukke veden i sekker. Det har ofte vore min jobb, men eg kan ikkje bøye ryggen så mykje lenger. Den grøne plastkassa kjøpte vi for mange år sidan. Vi tykte den var dyr, over 600 kr, men den har vi tent inn att. Elles har han gått over frå 80-liter til 60 liters sekker. Litt lettare å handsame.
Eg hadde speilrefleksen med meg i dag, men er ikkje nøgd med bilda. Må nok ha litt meir undervisning. Har ein nabo som kan dette med fotografering, han er vekkreist, men kjem att i kveld.
Håper små og store får vere max ute i snø og sol no mens det er ferie.
For dei som ikkje har fått det med seg kan eg opplyse at Ingeborg og Sandra no er vel framme i Cape Town.

Bok nr.16 - 2013: Tvekampen

TvekampenFrå nettet:
Sommeren 1972 er det en urolig stemning i Reykjavík.Verdensmesterskapet i sjakk skal gå av stabelen, og byen er full av fremmede. Den kalde krigen er på høyden, og representanter for øst ogvest følger sine menn, Spasskij og Fischer, til sjakkbordet. Med denne spente situasjonen som bakteppe, utsettes en harmløs unggutt for et brutalt overfall i en av byens kinosaler. Politiet er travelt opptatt med verdensmesterskapet, men Marion Briem, som leder etterforskningen,er fast bestemt på å komme til kjernen i et livsfarlig spill som finner sted i Reykjavik.I denne romanen bruker Arnaldur Indriðason historiske hendelser som ramme for en fengslende historie om tragiske menneskeskjebner. Han er den mest populære nålevende islandske forfatter i inn- og utland. Bøkene hans er blitt oversatt til over tjue språk, de har solgt millioner av eksemplarer og fått gode anmeldelser verden over.

Eg meiner eg har lese alle krimbøkene til Indridason, og dei fleste har eg likt godt. Best har eg likt bøkene der den godt vaksne Erlendur er den som leiar etterforskinga. I dei bøkene får vi høyre mykje om islandsk folketru og gamle skikkar. Det likar eg.
Hendinga i denne boka er lagt inn i ein tydelig historisk kontekst, og for meg som hugsar både torskekrigen og den kalde krigen, er det litt artig å "repetere" historia frå 40 år tilbake. Sjølve mysteriet og oppklaringa av brotsverket er mindre interessant. Og eg saknar Erlendur. Derfor vart eg glad då ein ung mann i siste sekund kjem inn på politistasjonen og presenterer seg: "Eg heiter Erlendur."
Duc-Mai -The les boka. Eg plar like denne opplesaren, men til denne boka passar han ikkje.

mandag, mars 25, 2013

Dagbok 2013: 25.mars

Klokka er snart halv åtte, temperaturen ute er +1 grad og godveret heldt i dag også. Sola berre skin og skin, så får vi heller finne oss i at det er kaldt om natta.
I dag skulle Nils køyre heim resten av veden han hadde liggande. Han skal felle fleire tre, men tek ikkje alt på ein gong.Som de ser på bildet poserer han på greinene. Han er ein god fotomodell.
Mens han var vekke sette eg i gang med brødbakst, først tre Ingers brød, så tre halvfine og til slutt tre speltbrød. Føler at det er umoralsk å kjøpe alt brødet, men faktisk er det lite å tene på å bake sjølv, og ikkje blir brøda mine så gode heller. Dvs. dei er gode før dei har vore i frysaren, tørre etterpå.Etter oppmoding legg eg også brød inn på bloggen.
Så var vi ein tur til Vik for å levere bøker på biblio og kjøpe meir lestegarn og vedsekker. Då vi kom heim, gikk eg ei runde på Vallabøen for å få mosjon. Det er mange hus som står tomme rundt omkring; somme skal pussast opp, andre skal seljast. Fann ut at det er minst 6 eneboligar til sals i nabolaget. Eldre folk flyttar i leilegheit og sel husa sine.
Vi åt ikkje middag før klokka var 18.30. Då hadde vi steikt sei. No skal vi drikke kaffi.
 

søndag, mars 24, 2013

Dagbok 2013: 24.mars.

Sandvegen.

Tømmerbakkane.Hestar nede til høgre  - midt i bildet .
Klokka har passert 17.30, temperaturen på trappa er +3 graderC og sola skin. Frå morgon til kveld.
Det er ganske kaldt om nettene og før middag, så vi legg den daglige turen vår til ettermiddagstid.
Før middag sat eg og strikka litt og chatta med Bodil, blant anna. Nils var kokk i dag, og han ville absolutt lage salt lapskaus, slik han likar den. Det var ikkje meg imot. Vi åt tidlig middag og maten var god. Etterpå vart det ein liten strekk på sofaen og ein kopp kaffi.
Så var det dagens store, vesle problem: Kvar skal turen gå? I dag vart det ein tur i nærområdet. Vi gjekk bort i Sandhola, som det heitte før, no heiter det Sandvegen, og der har kome mange nye, fine hus. Har ikkje vore i området sidan vi køyrde Ingeborg i vogn, bort for å sjå hestane.Sandvegen tek av frå Engesetvegen, gjer ein sving og går parallelt med Engesetvegen fram på Tømmerbakkane.
Vi kom opp på Tømmerbakkane og gjekk Engesetvegen vidare framover til vi kom dit vi budde før. Der trefte vi det unge paret som har bygt seg hus der, og fekk kome inn og sjå korleis dei hadde fått det. Det var veldig kjekt. Dei hadde fått det både romslig og koselig i far hennar sin snikkarverkstad, mens faren framleis har verkstad i kjellaren. Vi kunne ikkje gå så langt i dag, eg er litt forsiktig med det, det er betre å gå litt kvar dag.Godt å kome ut i sol og frisk luft.

lørdag, mars 23, 2013

Dagbok 2013: 23.mars

Klokka har passert 16.00, ute er det same strålande vêret, sola skin, men det er kaldt, berre + to grader i skuggen.
Vi var rimelig tidlig oppe i dag og fekk rydda litt i huset før vi for på Amfi og handla, fortrinnsvis mat. Så var vi heimom og tok oss litt mat, før vi køyrde bort til Hovden møbelfabrikk og gikk på vegen ut mot bade-/grillplassen, før vi snudde. Det var kaldare der borte enn her på Vallabøen, ikkje minst fordi der er så mykje skog mellom vegen og vatnet. Vegen var frosen.
Det er veldig fint der borte, men isen er nok ikkje trygg lenger,vi våga oss i alle fall ikkje utpå.Sist vi var der , gikk vi over heile vatnet på isen. I dag hadde eg med meg kamera, og fekk øvd meg litt, ikkje alle bilda er like vellykka.
På heimvegen var vi innom Rema 1000 og handla litt meir mat.
Dei fleste har vel fått med seg at Ingeborg fyller 20 år i dag og at ho er i Singapore. Vi gratulerer henne med dagen og ønsker god tur vidare.






I dag hadde eg eit lite prosjekt; eg tok bilde av somme av dei digre trea vi såg der vi gjekk, mest ask og bøk, men også ein kjempestor kristtorn. Bildekvaliteten er litt ujamn, for å seie det pent.


fredag, mars 22, 2013

Dagbok 2013: 22.mars

Klokka er 17.30, temperaturen ute er + 1 grad C, det er lettskya og nydelig vêr.
Eg har nettopp hatt meg ein tur rundt på Vallabøen, så får eg håpe at det gjorde godt. Godt var det i alle fall å komme ut i sol og frisk luft.Får ikkje speilrefleks-kameraet til å funke i dag, så bilda er tatt med lommekamera.Bildet over viser utsikta frå toppen av Storebakken.
Då eg stod opp i dag, var Nils vekk for lengst, han reiste på sjøen i 7-tida. Han trudde at berre han kom seg ut tidlig nok, skulle det bli bra fangst, men det slo ikkje til. Han fekk no såpass at vi sjølve har nokre middagar. I dag hadde vi kokt småsei, eller "levende pale" som det heiter i Bergen. Det var godt. Etter at vi hadde ete ein tidlig middag, blei det ein lang middagslur. Han som hadde stått tidlig opp, trong det! Kan ikkje seie at eg likar at han fer ut åleine så tidlig, men han er ikkje til å stoppe. I dag måtte han knuse is for å kome seg ut frå hamna.
Eg har ikkje gjort mykje i dag. Hadde så vidt fått ferdig ei gulrotkake før Nils kom heim. Elles har det vore litt klesvask etc. Dagane går fort uansett.
Tenkte på det då eg gikk tur, at no er det mange som har fått påskeferie og ser fram til fridagar. Feriane blir ikkje det same, når ein er "fri" heile tida.Men eg hugsar kor godt det var å sjå fram til å få vere heime i fleire dagar. Ønsker alle yrkesaktive ein god ferie. Det skal noko til at finevêret varer, men ein kan no kose seg inne også.God påske til alle!
Vikemarka skule til høgre i bildet, rett fram ser vi byggefeltet Mosmarka.

torsdag, mars 21, 2013

Dagbok 2013: 21.mars

Klokka er snart 19.00. Sola forsvann frå oss for ein halv time sidan, elles har ho vore her heile dagen. Framleis er det kaldt, + 1 grad C er det ute no.
Dagen i dag har gått opp i "tull". Eg skulle møte på Bakk-Ola-marka klokka 13, så eg nytta litt av føremiddagen til å vaske håret etc. Sidan Nils skulle køyre meg ned, blei han like godt med på møtet som var sett saman av fleire som har med dei eldre å gjere. Vi skulle legge planar for arrangement for dei eldre på den internasjonale aktivitetsdagen som er lagt til den 8.mai. Nils er vara i styret til pensjonistlaget, og personlig vara for nestleiaren i Eldrerådet, så det var heilt på sin plass at han var til stades.
Etterpå var vi ein tur på Coop og handla litt mat, og på biblio, der eg fekk låne to bøker som var så ferske at dei ikkje var registrerte ein gong. Ei av Indridason og ei av Kepler.Duc Mai The les Indridason, Ivar Nørve les Kepler. Det siste vart eg veldig skuffa over, for stemma hans ligg på ein frekvens eg har store problem med.
Det vart tid til ei lita lufterunde før vi gjekk i hus. Eg verker ikkje lenger, men er ikkje særlig sprek.
Til middag i dag vart det pasta carbonara-med grov spaghetti, sjølvsagt.
No skal eg rippe dei to nye bøkene, og strikke ferdig ein lest.
I dag var Starevegen 10 lagt ut for sal i avisa, og vi håper på nye, gode naboar. Då vi gikk tur, tok eg bilde av huset på baksida, det er kjøkkenet som vender oppover.

onsdag, mars 20, 2013

Bok nr.15 - 2013: Kjærlighet.

Frå coveret:
Møt en gruppe kvinner: May, Christine, Heed, Junior, Vida og L.
De har et felles tilknytningspunkt: De er helt besatt av Bill Cosey.Han er rik, vellykket og eier det berømte Cosey Hotel and resort, det eneste hotellet i USA i mellom-og etterkrigstiden som bare har adgang for velstående fargede. For kvinnene rundt ham blir det Bill Cosey som former bildet av hva en far, ektefelle, elsker, formynder og venn skal være, og lengslene han vekker, styrer dem lenge etter hans død. Selv blir han også styrt av en turbulent fortid og en kvinne, Celestial.
Denne romanen fra nobelprisvinneren Toni Morrison er blitt en dristig visjon av kjærlighetens vesen-av det altoppslukende og angstskapende, full av frodige skikkelser og uforglemmelige scener og preget av  en dyp forståelse av hvor sterk og levende fortiden kan være.
Denne boka har eg lese før. Eg var då veldig fascinert av den, men også frustrert over kjensla av å ikkje ha forstått alt. Eg tenkte då at eg skulle lese den om att ein gong i framtida. Det har eg gjort no, men er framleis litt i villreie. Det eg skulle ha gjort, var å lese den papir, slik at eg kunne stoppe opp, blade tilbake etc. Til å begynne med blir ein litt forvirra av desse eldre kvinnene som bur i huset, der den unge Junior dukkar opp for å jobbe for ei av dei. Kven er dei? og korleis er dei knytte til kvarandre? Det er mange fortellestemmar, og etter kvart blir vi kjende med dei.
I grunnen likar eg slike bøker som eg ikkje heilt fattar, og skulle eg skrive på omslaget, hadde det blitt heilt annleis.(Boka er på berre 5 CD-plater)
Eg har lese berre to bøker av denne forfattaren, den andre heiter "En nåde"-den måtte eg også lese to gonger. Eg vil på det sterkaste anbefale begge desse bøkene.

Dagbok 2013: 20.mars

Klokka har passert 13.30, og eg er åleine heime. Nils måtte møte i Eldrerådet i dag, sidan ho han er vara for, er i syden. Ute er det overskya, men fint opphaldsvêr. Temperaturen er + 2-3 grader C, så snøen får ikkje akkurat bein å gå på.
Eg er heldigvis betre i dag, men held meg inne utan å ta for tunge tak. Eg har kledd meg godt, trur det var det som skulle til. Hadde gått over til tynnare klede etter at det var litt mildt eit par dagar, så eg trur det var derfor eg vart så elendig.Men ein gong må vel våren kome.
I dag har eg støvsuga og stelt med klesvask etc. Fylt ei bløtkake har eg også gjort. Eg fyller krem i kakene og frys dei i forma. Når vi skal ete dei, er det berre å ha krem oppå og pynte med det ein vil. Spesielt lurt dersom ein skal frakte kaker med seg. Dei tinar som regel til vi skal drikke kaffi.
No driv eg og lagar "Fisk i form"-som vi skal ha til middag når Nils kjem att.
I morgon er det min tur å gå på møte på Bakk-Ola-marka, som representant for pensjonistlaget.Vi skal diskutere ein aktivitetsdag i mai. Ja, eg skulle vel vere den rette til det.
Det blir eit bilde frå altanen i dag også, sidan eg ikkje skal ut og gå.
I dag fyller søskenbarnet mitt i Innvik 75 år, og vi gratulerer.

tirsdag, mars 19, 2013

Dagbok 2013: 19.mars.

Klokka er ca 15.30. Temperaturen ute er + 3 grader C. Eg var nettopp ut på altanen og knipsa bildet over, men det kunne like godt ha vore tatt ein annan dag, det har vore mange slike strålande dagar siste tida. Men kaldt er det.
Eg sit inne og lengtar ut. Hofta og foten har slått seg heilt vrange og eg har prolem  anten eg ligg ,sit eller går. Dette skriv eg ikkje for å beklage meg, men for å forklare kvifor eg ikkje er ute i sola. Verkte veldig sist natt, og tenkte at det første eg skulle gjere i dag, var å ringe smerteklinikken; eg har enno ikkje gjort det. Det blir i alle høve vanskelig å få time før påske sidan der er ope berre fredagane.
Uansett var eg relativt aktiv før middag. Eg stelte med blomstrane, vaska pyntepotter, vinduskarmar etc.Vaska "rundt" på kjøkkenet, tok inn og la i hop klede m.m.
Til tidlig middag hadde vi restar frå i går. No har vi kvilt og drukke kaffi.
Nils dreiv og henta heim ved i dag, måtte drage kubbane på akebrett ned til bilen. No måtte han inn i Fonna att, for han hadde gløymt øksa der. Han har sjekka kløyvaren og den funka, så det blir kanskje litt kløyving også. Kjekt å halde på med ved når ein slepp å stresse.
Eg skal pynte litt til påske, må finne på noko inne når ein likevel ikkje kan gå ut.
I dag er det bestemor Hildas bursdag. Siste fødselsdagen hennar eg var med og feira var 90-årsdagen. Ho levde til ho var 91 år, men siste tida budde ho på aldersheimen i Innvik. Ho vart fødd i 1878. Sidan ho hadde fødselsdag i mars, fekk ho alltid sviblar til dagen sin. Det var midt i svibelsesongen den tida.

mandag, mars 18, 2013

Dagbok 2013: 18.mars.

Klokka er ca 20.30, temperaturen ute er minus 3-4 grader C, men i dag har vi hatt opp i +10grader på dagtid.Dagen starta med skya opphaldsvêr, men etter kvart kom sola fram.
Hadde god energi først på dagen;  fekk vaska og rydda i "kjøkkenfrysaren", bytta på sengane,vaska soverommet + eit par rom til, vaska og hengde ut klede etc.etc.
Nils var kokk i dag. Han laga erter, kjøt og flesk, som vi serverte då Margrete og ungane kom til middag. Eg fann diverse godbitar i frysaren, som vart med i ei vaffelrøre.No har eg rydda opp etter kalaset, sett på oppvaskmaskina og vaska resten for hand. Kjekt å ha middagsgjester, ulempa er at ein kanskje et for mykje sjølv.
Bildet eg legg inn i dag, skal illustrere kor mykje snø som framleis ligg att her hos oss. Så lenge det er nattekaldt, tinar det ikkje mykje.

søndag, mars 17, 2013

Dagbok 2013: 17.mars.

Klokka er snart 18.30. Temperaraturen ute er +5-6 grader C. Det har vore lettskya, opplett og ganske fint i dag.
Det såg ikkje så strålande ut frå morgonen av, så eg starta dagen med å lage ein bløtkakebotn. Det var ikkje lenge gjort. Så sette eg på kok ein porsjon tørka aprikosar til fyll, og let det stå på 1 mens eg strikka litt. Såleis greidde eg å brenne aprikosane i botnen og dermed var dei lite eigna til kakefyll. Men eg hadde ei råd; ein pose med frosen rabarbra hadde eg i frysaren, og blanda dei aprokosane som ikkje var brende, vart det nydelig syltetøy. Sette panna på 1 før Nils og eg gjekk ein liten tur, og då vi kom heim var syltetøyet ferdig, det stod berre att å ha litt sukker i.
I dag fekk eg gå tur utan broddar og det var godt. Som de ser på bildet ligg det enno att is og snø somme stader.
Til middag i dag hadde vi restar frå i går+ noko som vi fann i frysaren, har fått letta den litt siste par dagane.
Etter middag har eg lese i boka mi og strikka på eit par lestar. Har berre ei plate att av boka, eg skal snart skrive kva eg meiner om den.Eg er redd dette også kan bli ein "bestseller" sjølv om det ikkje står på omslaget.

Bok nr.14 - 2013: Helbredelsen.

 På Satterfield-plantasjen sørger fru Amanda over tapet av sin eneste datter. Omtåket av sorg tar hun et nyfødt slavebarn til seg og gir det navnet Granada. Granada vokser opp som fruens leketøy, uvitende om familien sin og hvor hun kommer fra – inntil slavekvinnen Polly Shine ankommer plantasjen. Polly er kjøpt for å kurere slavene for en mystisk sykdom, og når hun lykkes over alle forventninger, begynner ting å endre seg. Granada sparkes ut av hovedhuset og tas inn hos Polly som hennes lærling. Og snart begynner det å hviskes om Friheten … Sytti år senere sitter gamle Gran Gran og forteller sin historie – og avslutningen på fortellingen kan vise seg å bli en helt annen enn hun ventet.

Jonathan Odell har skrevet en utrolig spennende og rørende fortelling om sterke kvinneskjebner, kjærlighet og strid i et Sørstatene før og etter frigjøringen, i samme ånd som Mississippi og Barnepiken. En sjeldent medrivende, varm og rystende roman om frihet og håp.
Ja, dette var altså frå nettet.
På bibloteket har eg latt falle eit ord eller to om at eg er fascinert av "sørstatsromanar", eg tenkte på t.d."Tatt av vinden", "Barnepiken" og mange fleire, derfor hadde dei lagt til sides denne boka til meg.
Boka har alt som skal til for å bli ein "bestseller". enkelt språk, lettforståelig handling, mange ord, sentimentalitet og romantikk.Eg lurte ei stund på om boka var skriven for barn/ungdom, men det var den altså ikkje. Boka er ikkje utan kvalitetar, men for meg vart den fryktelig langdryg og kjedelig. Og så er det dette "overnaturlige" som er så populært for tida, det er ikkje mi greie, liksom. Det mest positive eg kan seie om innhaldet er at det kanskje kan gi eit inntrykk av korleis negerslavane hadde det i sørstatane før borgarkrigen.Eller kanskje ikkje?
Og opplesaren er god. Ho les med varierte stemmmer, men ikkje så mykje at det blir travelt. Som vi alle veit, snakkar svarte folk ein dialekt som trulig skriv seg frå Oslo østkant-i alle fall i bøker, mens kvite folk held seg til bokmål utan tjukke l-ar.

lørdag, mars 16, 2013

Dagbok 2013: 16.mars

Klokka er 19.00. Det har vore overskya i dag, men ikkje nedbør. temperaturen ute er + 3 grader C. Det har nok vore mildare før i dag.
I dag har vi vore litt sløve. Somla litt før vi kom oss ut dørene. Var ein tur på biblioteket der det var lite å finne. Så var vi på El-kjøp og hamstra kaffi, før vi hamna på Amfi. Der trefte vi sjølvsagt folk vi kjende, og fekk handla inn det vi gløymde i går- og litt til.
Sidan det ikkje vart skikkelig middag i går, slo eg til med nakkekotelettar i dag. Blei tungt mette og måtte slappe av på sofaen ei god stund.Eigentlig lengtar eg etter god, fersk fisk no.
Sidan det snart er påske investerte eg i ein ny orkide -den er litt meir lilla enn den ser ut på bildet.
(Eg fekk øvd meg litt på å ta nærbilde).
No har vi hatt oss ein god kaffikopp og er klar for ein lang TV-kveld.

fredag, mars 15, 2013

Dagbok 2013: 15.mars.

 
 
 
Klokka er snart 19.00, og vi har hatt enda ein nydelig dag, med sol frå morgon til kveld. Har aldri opplevd noko liknande. Temperaturen er no minus 3-4 grader C.
Eg merka at det vart kaldare etter kvart då eg  gikk ein tur  for ein times tid sidan. Eg hadde på meg broddar for sikkerheits skuld, men vegane, som først hadde smelta til sørpe og så frose til att, var ikkje gode å gå på. Det vart ingen fart over turen-ettersom eg også hadde kamera med og absolutt ikkje måtte dette.
Før middag støvsuga eg og vaska golva til helga. Så var vi nedover og handla litt før vi tok oss litt mat og slappa av på sofaen. Ingen av oss har vore heilt i form i dag, så enten er det noko som "går" eller så er det noko vi har ete.
Nils ville ut og sjå etter båten og kanskje fiske litt småsei til ein sein middag. Då eg høyrde bilen og såg ut glaset, forstod eg at fiskeriet hadde gått dårlig. For der stod fiskaren og heldt på ein stor Grandiosa. Den skal vi ete no.
Dermed vil eg ønske alle ei god helg !

torsdag, mars 14, 2013

Dagbok 2013: 14.mars.

Klokka er ca 19.00. Ute er det fint, lettskya vêr og temperaturen er minus 3-4 grader C.
Vi vakna opp til mykje ny snø, det var veldig fint, men eg skulle ønske snøen hadde kome ein månad før ! Nils var ute og mòka snø for hand både vårt tun og naboen sitt. Trur rett og slett han synest dt er kjekt.
I går kveld fekk eg melding frå Eid om at dei gjerne ville komme ein tur i dag. Det tykte vi var kjekt.
Dei kom sånn i lunsjtid og vi hadde ei koselig stund, med mykje godt prat.
Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, ikkje har eg vore ute og gått tur heller, men kanskje hofta har godt av ein kviledag?
Elles ser eg på FB at Einar og Hareid fotballag er vel framme i Tyrkia og at Ingeborg og Sandra kosar seg i Phuket, Thailand. Dei har det varmt og fint, men jammen har vi det fint vi også når sola skin !

onsdag, mars 13, 2013

Dagbok 2013: 13.mars.

Klokka er no 14.30, temperaturen har stige frå mange minusgrader sist natt til + 5 grader. Bildet over tok er litt etter klokka 9.00 i dag tidlig, då skein sola frå klår himmel, no har det kome eit slør av lette skyer på himmelen.
Det blir ikkje gjort så mykje inne slike dagar, men både i går og i dag har eg gått ei god runde med broddar på føtene. Då blir eg dobbelt så sliten som vanlig, og reknar med at eg brukar rikelig med kaloriar også.
Vi tok oss ein lett lunsj før vi gjekk ut, for om vi et middag midt på dagen, blir vi litt tunge i sessen.
I dag og i morgon er det fylkesårsmøte for pensjonistlaget i Molde, og der kunne vi ha vore om vi ville. Vi var der i fjor, og meinte at andre kunne reise denne gongen. Dessutan har eg "sitteproblem " for tida, så eg vil helst sleppe å sitte i bilen fram og tilbake+ sitte på møta der oppe.
Vi var på Rotary sitt møte i går; kjekt å vere heilt utan oppgåver for ein gongs skuld. Men eigentlig synest eg det er greitt å vere litt til nytte på dei vanlige møta.
No skal vi slappe av litt, vi var tidlig oppe i dag, og seint i seng i går.

tirsdag, mars 12, 2013

Bok nr.13 - 2013: Kvinnen i buret.

Kvinnen i buret
Den unge, fremadstormende og vakre politikeren Merete Lynggaard er sporløst forsvunnet. Politiet setter i gang en storstilt etterforskning - uten resultat. Lynggaard er som sunket i jorden. Først da den utradisjonelle kriminalinspektør Carl Mørck får ansvar for Avdeling Q, politiets nyopprettede avdeling for uløste saker av særlig grov karakter, skjer det et avgjørende gjennombrudd i etterforskningen. Og snart er Carl Mørck og assistenten Hafez el-Assad på sporet av en hensynsløs forbryter som, drevet av hat, har lagt en avsindig plan.
Kan Carl og Assad forpurre planen, eller kan de selv bli ofre for den?


Eg trudde eg hadde lese alle bøkene i serien om Avdeling Q, men så hadde eg ikkje fått med meg den første. No har eg altså lese den også, og det er eg glad for, sjølv om eg burde ha lese den først.
Jussi Adler Olsen er på ein måte min favoritt når det gjeld krim. Historiene er grufulle nok, men eg diggar språket og seiemåtane til denne forfattaren. Og så er det syraren Assad med sitt noko spesielle språk, som får han til å virke litt enfoldig. Det er han absolutt ikkje. Eit "nytt" ord har eg lært meg i denne boka- "imposant".Denne serien vil eg anbefale, for folk som ikkje er altfor skuggeredde.Opplesaren les godt.
Fil:Jussi Adler-Olsen.jpg
Jussi Adler Olsen.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...