Klokka
er 19.00. Det har vore overskya i dag, men ikkje nedbør. temperaturen ute er + 3
grader C. Det har nok vore mildare før i dag.
I
dag har vi vore litt sløve. Somla litt før vi kom oss ut dørene. Var ein tur på
biblioteket der det var lite å finne. Så var vi på El-kjøp og hamstra kaffi, før
vi hamna på Amfi. Der trefte vi sjølvsagt folk vi kjende, og fekk handla inn det
vi gløymde i går- og litt til.
Sidan
det ikkje vart skikkelig middag i går, slo eg til med nakkekotelettar i dag.
Blei tungt mette og måtte slappe av på sofaen ei god stund.Eigentlig lengtar eg
etter god, fersk fisk no.
Sidan
det snart er påske investerte eg i ein ny orkide -den er litt meir lilla enn den
ser ut på bildet.
(Eg
fekk øvd meg litt på å ta nærbilde).
No
har vi hatt oss ein god kaffikopp og er klar for ein lang
TV-kveld.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
3 kommentarer:
Same meny som her altså! Nydeleg orkide!
Elles synest eg det er dårlege program på Tv for tida, sjølv kor mange kanalar ein har.
KVAR VART DET AV FREDAGSKRIMMEN???
Ja, det kan du seie. Eg spelar inn nokre krimepisodar som eg har i bakhand. Eg saknar også Fjernsynsteateret. Det er altfor mange fjasete program på alle kanalar.
Eg nektar å sitte og sjå på at vaksne leikar seg! Vi og har heldigvis filmar i reserve. Laurdagane har lenge vore dårlege, men fredagane har eg forventningar!
Legg inn en kommentar