tirsdag, mars 31, 2009

Gratulerer med dagen, Audny!


I dag er det Lille Mø som fyller år og vi her i Ørsta vil gratulere så mykje.
Hugsar så godt den dagen du vart fødd. Vi budde på Raudeberg den tida, og fekk telefon frå Eid mens vi sat og åt nons.Det var sjølvsagt stor stas, og det varte ikkje mange dagane før vi var på Eid og fekk sjå deg. Den dagen du skulle flytte heim frå sjukehuset, var det eg som fekk bere deg ut i bilen. Det var ei stor ære.Ei trivelig jente var du frå første dag.( Eg har forstått det slik at vi gamle har lov å mimre litt på bloggen, utan at vi blir tekne for å gå i barndommen?)
Håper du får ein fin dag i det travle livet ditt.

mandag, mars 30, 2009

Ei til far og ei til mor.


Sidan vi gikk så lenge og gløste på gardin-butikken, syntest eg det var flaut å gå ut att utan å kjøpe noko. Der var ein stor tilbods-disk der eg fann desse putene til 69 kr stk., utan innmat. Likar å skifte sofaputer både titt og ofte, så eg har eit lite lager som eg varierer med.Må innrømme at eg likte ekstra godt den med fiskane på.Den minner meg om at no er alt i orden med båtplass, så berre det blir fint ver,kan det bli herlig fersk fisk.

På jakt etter gardiner.







I fjor jakta eg på sommar-gardiner til stova til langt på haust. Starta opp att etter jul, men har enno ikkje funne noko. I dag tok vi ei runde i Volda, og enda opp, som så mange gonger før, på Kina-restauranten Landscape, og fekk oss lunsj der. Der hadde vi flott utsikt over Voldsfjorden i styggeveret.
Veret har blitt litt betre etter kvart.

lørdag, mars 28, 2009

Gåverik 69-åring.











Då mamma fylte 70, hugsar eg at eg tenkte:NO er mamma gammal !
Derfor synest eg det var kjekt å få feire 69 årsdagen -mens eg enno er ung.
Ein ekstra spiss på dagen vart det at uventa gjester dukka opp.

Naboen min, Ingunn, kom med fine tulipanar, Elin gav meg eit av dei fine arbeida sine i nydelige lysegrøne fargar, Hilde hadde med garn og mønster som eg hadde vunne på "Give away"-en hennar, og så hadde ho sydd ei fin lita veske til å ha strikketøyet i.Bodil og Svein hadde med vin og Eidakalender m.m., og med Solveig og Margrete fekk eg supplement til stålbestikket og fine lys.
Det vart ein fin dag til tross for at vi fekk snøver på ettermiddagen.
Takk til alle som kom på besøk, ringde og sende meldingar.

Bursdagsfeiring i Starevegen.


I dag har vi hatt besøk av Bodil og Svein,Solveig og Øystein. Og så dukka to "blogg-venninner"opp, heilt uventa:Lappetausa og Strikkemor(o).Med Give away og presangar så det monna.Ja, presangar fekk er sannelig med dei andre også. Kan ikkje legge dei ut på bloggen akkurat no, må få summa meg litt først.
Bodil og Svein hadde funne fram diverse attgløymde ting etter meg, blant anna brev og kort.
Sidan det snart er konfirmasjonstid, synest eg det kunne vere artig å vise eit kort frå 1954.Det er i A4 format.
Vi fekk ikkje bunad til konfirmasjonen den tida;kullet mitt var dei første som hadde kvite kapper over 2.dags-kjolen. Dei som var eit år eldre blei konfirmerte i side kvite kjolar.Trur ikkje bunaden på kortet hadde blitt godkjend av bunadspolitiet.

fredag, mars 27, 2009

Ekelund-tekstilar.






















Såg at Elin hadde fatta interesse for Ekelundløparen til Solveig.Då fann eg ut at eg kunne legge ut på bloggen nokre av dei fine pyntehaddukane eg har fått av Solveig. Eg har mange fleire; til alle høg-og årstider har eg noko som høver. Mange løparar har eg også. Kvaliteten er unik, og tinga er lettstelte.Fine gåveting !Dette var reklamen!
PS: Etter ønske frå ein av bloggerane har eg lagt inn resten av Ekelund- handdukar og - løperar som eg har, trur eg. Med eitt unntak:Ein liten handduk med dompap og ein med snømann som ligg pakka i lag med julepynten.

torsdag, mars 26, 2009

Flammande Hijab.

I dag har Nils vore på møte i Tre-industriarbeider-forbundet. Der fekk dei diverse gåver i flamme-mønster;penn lighter og altså hijab.Hijab er akkurat like lite kledelig til gamle menn som til alle andre. Eg vil helst ha han utan! Han og alle andre! Det er mi objektive meining, som eg plar seie.

onsdag, mars 25, 2009

Det var ein gong.......


Ser at Gamla har lagt inn bilde av seg sjølv som 16-åring, og då må sjølvsagt mor hennar bevise at ho også var ung ein gong. Bildet av meg som grønruss er teke hos fotograf og handkolorert.Dess-verre vart ikkje scanninga heilt vellykka fordi det ikkje var råd å ta bildet ut av ramma utan å øydelegge den.Bestefar Eivind Os har laga ramma, og den er solid og god. Som de ser har eg sjøstjerner i øyrene, men då besta i Innvik såg at eg hadde øyrepynt, sa ho strengt: "Du må få av deg ditta du har i øyrene, det er berre tater-dregsene som brukar slikt!"

Marimesse.

I dag er det fødsels-dagen til den einaste onkelen min som framleis er i live.Rikard Os fyller nemlig 95 år i dag! Vi gratulerer med dagen! På bildet er Rikard saman med kona, Else, og dei to barna Eivind og Reidun.

Det er også Marimesse, ein viktig merkedag i gamle dagar.









mandag, mars 23, 2009

Gratulerer med 16-årsdagen!











I dag vil vi gratulere den supre, snille, aktive og flinke jenta Ingeborg med dagen. Eg kunne ha skrive side opp og side ned om alle minna vi har frå du var lita og seinare.Og eg kunne ha scanna 1000 bilde, men der kom mor di meg i forkjøpet.Då du var bitte lita, var du mykje her hos oss, og vi stelte mykje med deg.Du var så blid og fornøgd berre du var boren rundt, eller fekk sitte eller ligge på eit fang. Hugsar at morfar og eg gikk tur med deg. Han bar deg, og eg trilla vogna.Bilda eg har valt å scanne er herfrå Ørsta med unntak av bildet der du har på deg det kvite "hentesettet" eg strikka til deg.Det nedste bildet er teke 25.november 2000, på farfaren sin 60-årsdag. Sjekk bakgrunnen.Bilde nr.2 er frå den første julafta di.
Hjertelig til lykke med dagen og alle dagane framover.

søndag, mars 22, 2009

Nostalgi.


Alle dei gamle bilda som Margrete har lagt inn på bloggen sin, har fått meg til å tenkje langt tilbake.Til den første gongen eg forstod at når eg vart "stor", var der andre som blei gamle.
Eg vart nesten på gråten då vi las dette diktet i leseboka,det gjorde sterkt inntrykk! At eg elskar bøker er vel noko som alle har forstått, og Austlids lesebok 1.bandet er ein av mine største favorittar frå barndommen. Vi brukte den boka i 2.og 3.klasse, trur eg.Nils har hatt same boka på skulen, og enno hugsar vi begge både songar og vers som vi las.
Og forteljingane og teikningane.

lørdag, mars 21, 2009

Epleblomster.

Den dagen eg vaska ned kjøkkenet, sette eg ei eplegrein i vatn . No har det kome blomster på greina,dei er fine, men manglar det rosa skjæret som epleblomster plar ha.

Bok nummer 20.


Denne boka fann eg på biblio-teket i dag. Den såg heilt ny ut, eg kjenner ikkje att framsida, og likevel er det som om eg har lese den før. Kan den ha gått som serie på TV?
No er det jo slik at Mankell i bøkene sine omtalar hendingar i andre bøker, så det kan vere derfor eg synest dette verkar kjent.Eg kjem i alle fall til å lese heile boka, for eg hugsar ikkje SÅ godt.Og sidan alle kjenner Mankell, og boka har fått terningkast 6, ser eg ingen grunn til å skrive meir om den.

fredag, mars 20, 2009

Tur til Ålesund.


Onsdag var Nils ein tur til Åse sjukehus for å teste synet. Han tok bussen, sidan det ikkje er så godt å køyre bil etter å ha dryppa augene.Eg bad han om å bestille time til meg på hørselssentralen, og på grunn av ei avbestilling fekk eg time alt i dag. Gårsdagen gikk med til frisørbesøk -må jo pynte seg litt når ein skal ut i bya! Eg møtte opp hos Tommy Frode klokka ti i dag, og han mekka eit nytt høyreapparat til meg av eit gammalt apparat+ ein ny slange. Etterpå var vi ein tur i Ålebyen,Norges vakraste by! Der eg ikkje har vore på tre år. Det er begrensa kor mykje eg kan trakke rundt, så vi var der ikkje så lenge. Ikkje kjøpte vi så mykje heller,men Nils fekk seg i alle falll tak i ei skikkelig fiskarbukse. Middag åt vi på kjøpesentret på Moa, etter at vi hadde vore ein liten tur på Plantasjen.Om vi reiser på bytur finn vi ikkje så mykje meir på butikkane der enn her, men vi hadde i alle fall ein fin tur. Då vi kom heim, var eg så trøtt og sliten at eg la meg på altanen og tok meg ein skikkelig middagslur. Den oppblåsbare madrassa er den beste senga eg har!








torsdag, mars 19, 2009

Bok nummer 19. Amerikansk krim.

Er du lagt over middels interessert i patologi og rettsmedisin?
Diggar du alt som med data og data-kriminalitet å gjere? Har du sans for kriminelle puslespel som består av 1000 detaljar ?Ja, då er dette boka for deg!
Det er retts-medisinaren Kay som er forteljar i boka, og ho forklarer arbeidet som blir gjort på ein måte som gjer at ein forstår mykje, men eg må innrømme at det er vanskelig for meg å henge heilt med i svingane.(Men litt lærte eg). Sjølv er ho ikkje så veldig glup når det gjeld data, men så har ho ei niese med utruleg høg IQ som forstår alt, til tross for at ho berre er ti år.
Dette er inga dårleg bok,men her er lite handling og det aller meste dreiar seg om å sirkle inn mordaren ved hjelp av kjemi og datasnoking.
Det største plusset er opplesaren! Ho les kjempebra og har den litt grovkalibra stemmen som passar boka.(A la Siv?)
NB: Dette er inga objektiv bokmelding og eg har med vilje ikkje googla boka.

19. mars 1878.


I dag er det fødsels-dagen til Bestemor på Hildegard, ein dag som alltid vart feira i min barndom. Kan særlig hugse 70-årsdagen hennar, då måtte eg spørje meg fri nokre timar på skulen, fordi vi skulle ta familiebilde;bestemor og alle barnebarna+ diverse blomsterbukettar.Dessverre har eg ikkje dette bildet.
Siste gong vi hadde familiesamling på dagen hennar var då ho fylte 90. Bestemor sjølv låg på sjukehuset, mens familien var samla på Hildegard, etter å ha besøkt henne.
Er det berre eg som synest at dei gamle var så mykje eldre før i tida?
På bildet sit bestemor heilt til høgre. Det er frå ein gong familien var samla på Tua.(Trur det ligg på bloggen før).

lørdag, mars 14, 2009

Bok nummer 18: Om livet, døden, kjærleiken og havet.


No har eg lese ut denne vesle boka.
Solveig har skrive om den før, og de kan lese kritikkar på nettet om de vil.Det eg vil legge til er mi heilt pesonlege og subjektive meining.
Boka er fin! Her er ikkje mykje handling; men stemningar, tankar og forteljingar frå fortida.
For meg blir det litt for stilleståande i periodar, og for mange ord, for mange uvesentlege detaljar. Til tider også litt for sentimentalt,mest i språket.Og så får vi liksom alt inn med teskei.
Alt i alt vil eg seie at boka er vel verd å lese.
Les om boka her.

Frilaurdag.

Det er nydelig ver i dag. Og kva brukar ein slike fine dagar til? Av alle ting sette eg meg til ved datamaskina og la etikettar på alle innlegga mine.Begynte i går kveld, men vart ikkje ferdig.No er det gjort, men eg reknar med ein stor feilprosent,så her må nok litt retting til. Imidlertid skal eg no legge meg ut på solsenga mi på altanen, så får eg i alle fall sol og frisk luft! Som de ser så har eg ein god liggeplass. Og så har eg Walkmanen med meg.
Det lange rose-beddet nedanfor huset har blitt både smalare og kortare siste åra, men no er det i alle fall fullt av spirande blomsterløk, så om nokre veker skal det stå i fullt flor.

torsdag, mars 12, 2009

Bok nr.17.


Eg hadde lese eit par plater av denne boka, då det gjekk opp for meg at eg hadde lese den før.Det var ikkje så mykje eg hugsa frå første lesing, så eg vart "nøydd til" å lese den ferdig.Eg har heller ikkje lyst å skrive så mykje om denne boka, for når eg synest den vart i treigaste laget, kan det ha mange årsaker, som t.d. trøbbel med walkmanen, attåt det eg har lese den før.Derfor er det betre de les om boka her.

Superfiskaren!

Nils vart litt fornærma fordi eg ikkje hadde skrive noko om fiskefangsten hans på bloggen i går. Eg var ikkje så veldig imponert, nemlig.Ei lange, ein sei og noko småfisk.
Det er etter sterk oppmoding frå han at eg skriv om den
treretters-middagen vi hadde i går:
Steik kviting.
Steikt sjøtunge.
Steikt knurr.
Alt smakte godt!
I morgon skal vi ha påstråla(lettsalta) lange. Ein av mine favorittar.

onsdag, mars 11, 2009

Prosjekt fullført.




Eg plar ikkje vaske ned alle romma kvart år, no når vi berre er to heime.

Brukar å føre lister, slik at eg skal halde greie på kva eg har fare over.Den lista ligg på harddisken som kollapsa i fjor.Så sette eg meg eit mål:I år skulle eg vaske ned alle romma, tak, vegger, skap etc. og eg skulle vere ferdig før Nils sette ut båten. dette fordi eg ofte treng ei hjelpande hand.
I dag vart det utror, men han hjelpte meg litt i går kveld, slik at eg skulle greie innspurten ålene. Og no er eg ferdig; i dag har eg vaska tak og vegger på kjøkken og bad!
Når eg skriv om all denne vaskinga, er det ikkje for å skryte, eg er berre så glad for at eg greier det, på den måten som er.Det er slutt med å klatre på bord og benker, eller ligge på kne og skure i krinkar og krokar. No går det i moppevask! Og det lyt vere godt nok. Her er ikkje SÅ skite!
No skal eg berre rydde på plass litt, og så blir eg vel liggande, for det meste, resten av dagen.
Godt at eg har fått tak i MP3 spelaren, der eg har begynt på Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug, som er her frå Ørsta.Ho vart intervjua om boka si på TV i går kveld i bokprogrammet til Hans Olav Brenner.Men så har eg ei bok liggande på Walkmanen som eg må lese ut også.................................

søndag, mars 08, 2009

Viktig melding !

Torsdag kveld gikk det eit program på TV som heitte Folk:Veien til øyriket, der Rolf,broren til Nils var med.Etter programmet fekk vi telefonar og meldingar frå folk som hadde sett det,men vi hadde altså ikkje det.
Derfor vil eg gjere alle merksame på at programmet går i reprise i dag kl.18.25 på NRK 2.
Så vil eg ønske alle til lykke med den internasjonale kvinnedagen . Her er det diverse arrangement der særleg innvandrarkvinnene vert fokusert på.Når ein høyrer om korleis kvinner rundt om i verda har det, kan det vere på sin plass å markere dagen.

lørdag, mars 07, 2009

Hoya Carnosa?







Denne planten har eg hatt sidan han var liten, dvs.mange,mange år.Eg veit det er ein Hoya, men etternamnet er eg ikkje sikker på. Det finst visst veldig mange variantar.Det norske namnet er Porselensblomst.Det har ikkje vore så mykje blomster på denne planten, men så fann eg ut kva eg gjorde feil:eg klipte vekk dei lange bladlause greinene.
Det er nemleg der blomsterklasane kjem, og no står han klar med elleve godt utvikla klasar, og fleire blir det nok etter kvart.






fredag, mars 06, 2009

Daglegliv i pensjo-heimen.


Som de ser av bildet , har Nils flytta ut------i garasjen førebels.Han fekk kjøpt seg rikelig med brukte garn, som han driv og ser over.Som de også ser , omfattar ikkje ryddesansen min garasjen. Eg driv derimot og vaskar og ryddar inne. No har eg vaska ned alle rom, med unntak av kjøkken og bad. Skal ikkje vaske tak og vegger der, før alle skuffer og skap er skikkelig vaska og rydda. Det tek si tid! Eg gjer det eg kan åleine først, og så blir det litt fellesarbeid til slutt. I dag har eg altså teke nokre skap og skuffer på samme tid som eg har baka seks brød.Det er eit bra dagsverk til meg å vere, og ryggen er nesten av. No skal eg sjå om eg får i gang walkmanen min, så eg får lese litt i boka mens eg ligg rett ut. I går kveld fekk eg den ikkje til å virke, så det spørs.Alternativet er å ligge på sofaen og sjå TV - det fristar lite. God helg til alle blogglesarane mine!

Gunvors kringle.

Etter tallause utfordringar legg eg denne oppskrifta ut på bloggen. Eg foreslår at den første som prøver oppskrifta, legg inn bilde.Det blir IKKKJE eg.Eg har prøvd å omsette oppskrifta til forståelig språk; det eg hadde skrive av frå eit blad, var svært lite pedagogisk.

Rør saman 250 gram margarin og 50 gram sukker til smørkrem.
Ha i 1 ts.kardemomme,ein eggeplomme og 1/4 liter lunka melk.

Smuldre 50 gram gjær saman med 1/2 kg kveitemjøl og arbeid det fort saman med smørkremen.

Kjevle deigen til ei lang pølse som du trykker flat med handa.(?)
Legg mandelmasse som ei stripe midt på deigen, brett deigen over, men litt av mandelmassen skal vere synlig.

Mandelmassen lagar du slik: Mal 100 gram mandlar, bland i 200 gram melis, ein eggekvite og litt vatn.

Form pølsa til ei kringle og legg den på plata. Lat den heve i ein time før du penslar den med eggekvite og steiker den på botnen av steikeomnenm (nedste rille?) ved "god varme" i 30 minutt.

torsdag, mars 05, 2009

Bok nummer 16.


Dette er tredje boka eg les av denne forfattaren.Har også lese Ut å stjæle hester og Til Sibir.
Til å begynne med var eg irritert fordi forfattaren las sjølv; etter kvart såg eg at det var heilt rett.
Ein gong sa eg til Ingeborg at alle bøker handlar til sjuande og sist om livet, døden,kjærleiken og havet.Ho stussa litt over det med havet, men som regel er det med.Her i form av ei reise over havet til Danmark.Kva boka handlar om, kan de lese andre stader,men fordi teksten er så open vil alle oppleve boka på sin måte.Og kanskje folk med nokre år på baken vil få mest ut av den.
Mens mor og son er i lag nokre dagar i Danmark, ser han tilbake på livet sitt; på vala han tok og på det som berre vart slik.På relasjonane til foreldre, søsken og andre.Kva han sa, og kva han skulle ha sagt og gjort.Det får lesaren til å tenkje på sine val, og aller mest på kva ein ikkje valde å seie eller gjere.Dette blir litt tåkeprat,men les boka så skjøner de kva eg meiner.
For meg var det ei gripande leseoppleving.
Les om boka her.

onsdag, mars 04, 2009

Bok nummer 15.


Margaret Lea er ei ung dame som arbeider i farens bokhandel, nærmast ei antikvariat. Tankane går straks til Vindens skygge.Ho les dei gamle bøkene Jane Eyre, Stormfulle høyder og andre klassikarar om att og om att og lever stort sett i "bøkenes verden". Ein dag blir ho spurt om å skrive biografien til ein populær forfattar, og begynner å lese bøkene hennar. ...........
Då eg var komen så langt i boka, måtte eg berre Google den, noko eg sjeldan gjer før eg er ferdig med ei bok.Eg kom fram på ei side med svært positive kritikkar, og bestemte meg for å lese vidare. Sjå her.

Det blir til at Margaret seier seg villig til å skrive livshistoria, og ho vel ei form som sterkt minner om den gamle tradisjonen.
De kan lese meir om boka på nettet, eg er ingen litteraturkritikar, så eg kan berre skrive mi eiga meining.Er tykte boka var til dels langdryg i periodar, andre tider spennande, men den vart litt for mykje av det gode.Likevel greidde eg knapt å legge den frå meg!(?)

Boka er også ein metaroman sidan den handlar mykje om det å skrive ei forteljing. Les gjerne denne boka. Den er til tider ein verkelig "page-turner".

mandag, mars 02, 2009

Vår i lufta?


Sidan vi har begynt på første vår-månaden, tek eg til å sjå etter vår-teikn både inne og ute.Det første vår-teiknet her i nummer 7, er at Nils har flytta ut i garasjen, der han står og egner liner.Ser de godt etter på verbildet øvst på bloggen, vil de skimte ein spegelblank fjord. No har han leigd seg plass i småbåthamna på Rjåneset, då blir det kortare veg ut til fiskeplassane, og kortare veg å bere både fisk og vegn opp til bilen enn der han var før. Eg har alt begynt å gle meg på fersk fisk, sjølv om båten framleis står på tunet.
Eg har laga ein porsjon grove rundstykke som vi skal ete av til lunsj,elles har eg stelt litt med potteplantane.
Pelargoniaen på bildet fekk eg av Solveig sist fredag då dei var innom ein tur.Eg plar ikkje alltid vere like heldig med denne sorten, vi har det nok litt for varmt.Ha ei god veke!

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...