Onsdag var Nils ein tur til Åse sjukehus for å teste synet. Han tok bussen, sidan det ikkje er så godt å køyre bil etter å ha dryppa augene.Eg bad han om å bestille time til meg på hørselssentralen, og på grunn av ei avbestilling fekk eg time alt i dag. Gårsdagen gikk med til frisørbesøk -må jo pynte seg litt når ein skal ut i bya! Eg møtte opp hos Tommy Frode klokka ti i dag, og han mekka eit nytt høyreapparat til meg av eit gammalt apparat+ ein ny slange. Etterpå var vi ein tur i Ålebyen,Norges vakraste by! Der eg ikkje har vore på tre år. Det er begrensa kor mykje eg kan trakke rundt, så vi var der ikkje så lenge. Ikkje kjøpte vi så mykje heller,men Nils fekk seg i alle falll tak i ei skikkelig fiskarbukse. Middag åt vi på kjøpesentret på Moa, etter at vi hadde vore ein liten tur på Plantasjen.Om vi reiser på bytur finn vi ikkje så mykje meir på butikkane der enn her, men vi hadde i alle fall ein fin tur. Då vi kom heim, var eg så trøtt og sliten at eg la meg på altanen og tok meg ein skikkelig middagslur. Den oppblåsbare madrassa er den beste senga eg har!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 28. april
Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
7 kommentarer:
Det vert sjeldnare og sjeldnare at eg fer til bya. Ein får det ein treng i byen Ulsteinvik og bygda Ørsta. Då har ein bil med og kan lesse inn i den innimellom og sleppe å halse rundt på nett.
Flott at du fekk ordna høyreapparat! Det var no det viktigaste!
Ja, Ålesund er ein fin by, eg hadde mange turar dit på møter og kurs siste åra i banken. Sist eg og Svein var der, var eg på MR med ei skulder, ny maskin var under montering her ved sj.h., ca 2 1/2 år sidan. Då køyrde vi heilt ut til Liaaen og såg på den gamle arb.pl. til Svein. Vi skulle hatt oss ein vårtur både til Ål og Ulsteinvik, no går vekene med rekordfart fram til påske. Eidabesta
Flott bukse pappa har fått seg, og det i yndlingsfargen!
Veldig fin bukse, ja! Eg seier at eg ser ut som Teletubbien Po i min raude Felleskjøp-termodress, og pappa ser jammen ut som den gule, som eg ikkje hugsar namnet på!
Måtte ta ein Quiz-og trur du ikkje eg hamna på den gule Laa-Laa ? Enda eg skreiv at favorittfargen var raud.Kan du forstå det?
http://quiz.start.no/54045
Prøv quizen her.
Legg inn en kommentar