lørdag, mai 30, 2009

God pinse.




I dag har vi strålande ver her i Ørsta. Vi har vore ein snartur på butikken, så skal vi sole oss og gjere hagearbeid resten av dagen.Biblioteket var stengt, så eg kjem til å gå lens for lesestoff i løpet av helga, men det får stå sin prøve.
Var ute i hagen nesten heile dagen i går, reinska vekk masse ugras som hadde festa seg godt i alt regnet. I dag var Nils oppe i 4-tida og fekk båten på sjøen att. Litt fisk fekk han også
Så vil eg berre ønske alle bloggvenner ei god pinse!

fredag, mai 29, 2009

Gratulerer med dagen, Amanda!



29.mai 2009
I dag er det alt ni år sidan du kom til verda på sjukehuset i Volda. Vi var bort og såg deg samme dagen, og du likna verken Ingeborg eller Eirik, men var noko heilt for deg sjølv.Du har sikkert høyrt det mange gonger,men du hadde så mykje svart hår at dei hadde knytt ei lita rosa sløyfe i det. Siste veka før de flytte til Bjørneset, budde de her hos oss, og du og mamma låg her på datarommet.Det vart ein kald og våt sommar, så jammen fekk du brukt dei kvite ullkleda eg hadde strikka til deg!
No er det gått mange år, og eg kan ikkje fortelje om alt som har skjedd i denne tida,mesteparten hugsar du vel sjølv.Men eg må no få seie at eg synest at du alltid har vore både flink og kjekk og snill. Gratulerer så mykje med dagen!
Sidan mamma di har blogga så mange bilde tek eg med berre to.Eitt der du sit på fanget til morfar på kjøkkenet vårt, og eitt frå då vi feira 1-årsdagen din her hos oss. Mange gonger har du og Olaug feira fødselsdagane i lag, fordi det berre er ei veke imellom.Olaug fekk sykkel til 4-årsdagen, og det første ho gjorde var å tryne skikkelig, det kan du vel sjå på fjeset hennar?

torsdag, mai 28, 2009

Plantar til hus og hage.


I dag trossa vi regn og styggever, og tok ein tur på eit av plantesentera. Kjøpte nokre plantar til å ha i hagen, nokre til å ha i krukker og til slutt ein orkidé til å ha inne. No ser det også ut til at veret blir lettare, slik at vi kan få pynta litt rundt dørene. Nils har spadd opp ein tredel av jordbæråkeren og planta heilt nykjøpte bringebærplantar der. Den åkeren laga vi etter alle kunstens reglar for nokre år sidan, men den innfridde ikkje.No prøver vi altså med bringebær i staden.No skin sola ute, og vi håper på ei fin pinshelg, særlig for alle dei som ikkje har heilårsferie.

onsdag, mai 27, 2009

Bok nr.34: Den onde viljen.

Denne boka las eg fort ut.Den var lettlesen og kort, berre 5 CD-ar.
Karin Fossum er vel kjend av dei fleste, og eg veit at mange som har lese denne boka, har blitt litt skuffa. Derfor hadde eg ikkje så store forventningar.Men eg likte boka.Den er inga typisk krimbok og fokus ligg meir på "forbryterane" enn på politiet.Spenninga ligg på det psykiske plan. Kva får menneska til å handle som dei gjer? Korleis taklar dei skuldkjensle,anger og stress m.m. Eg meiner boka er lesverdig.
Nils Ole Oftebro les lydbokversjonen, noko som ikkje akkurat er eit minus.

tirsdag, mai 26, 2009

Bok nummer 33: Seierherrene.


Eg har brukt ganske lang tid på denne boka. For det første er den nokså lang(16 CD-plater) og så har eg vore ute og reist. Derfor blir det berre ein overflatisk omtale av romanen.
Forteljinga tek til på Helgelandskysten på 1920-talet og skildrar livet til ein familie som lever i fattigdom og tronge kår. Så reiser vi med Marta, ei av jentene i familien, til Oslo, der ho jobbar som hushjelp frå 14-årsalderen av.Heile denne delen av boka har ein ekstern forteljar.
Den kan bli litt treig a la Anne Karin Elstad.
Men så overtek Rogern, den yngste av sønene til Marta, og det blir litt meir fart over historia.Vi er komne fram til ca 1990, men Rogern ser seg tilbake og fortel om barndom og ungdom på Grorud, og om turar tilbake til Nordland.
Rogern er fødd i 1955 og høyrer til ein generasjon mellom meg og barna mine, slik at både dei og eg vil kjenne oss att.
Dette er nemlig historia om det norske folk i tida frå ca 1930-1990, med hovudvekt på økonomiske og sosiale kår.Framfor alt er det historia om den norske arbeiderklassen som veks fram, får betre økonomi og meir respekt i samfunnet. Ja, det er kort sagt historia om"Seierherrene".
Eg likte boka, sjølv om eg må medgi at eg har lese mange bøker med tilnærma same tema før.Boka er veldig lettlesen, så ein må ikkje la seg skremme av at den er tjukk.Det å "kjenne seg att" i forteljinga er også litt artig...? Les om boka på nettet-eller les den sjølv!
Lydboka vert godt lesen av Bjørn Sundquist som meistrar både vanleg bokmål med Oslo-vri og nordlandsdialekt.

Over fjellet.












Bilda viser glimt frå turen over fjellet frå Hol til Aurland. Det store islagde vatnet nær toppen heiter Strandavatnet.

mandag, mai 25, 2009

Lys i tunnelen.


Så er vi heime att etter mange timars bilkøyring. Tok som vanleg ein liten "omveg" heim att. Køyrde Numedalen få Kongsberg til Geilo. Vidare til Hol og over fjellet til Aurland. Gjennom den lange Lærdalstunnelen til Lærdal.Denne ruta har vi køyrt ein gong før i motsett retning, men det var lite vi hugsa. Eg hugsa tre ting frå denne vegen:Mange tunnelar, mange svingar og mange lyslinjer.Ja, og så Lærdalstunnelen sjølvsagt.Men noko som stadig forundrer oss er at ein opplever ein tur så annleis når ein køyrer motsett veg. Skal fortelje meir frå turen seinare, no vil eg berre forsikre alle om at vi er heime i god "behold". Vi stoppa i Sogndal og fekk oss litt mat, og var heldige å sleppe lange ventetider på ferjekaiane. Men kor mange og lange tunnelar vi har fare gjennom skal vere usagt.
(Bildet er frå Lærdalstunnelen. Med sine 24 510 meter er han verdas lengste vegtunnel. For å gjere det litt spennande for oss som køyrer gjennom denne tunnelen, har dei laga 3 "lysslott"-der tunnelen er opplyste med mange- farga lys.Så har vi noko å sjå fram til!)

søndag, mai 24, 2009

Heimtur.

No har vi hatt fine, late dagar her på Kongsberg, men så er det kvardag igjen for dei her. I morgon er det skule,jobb og barnehage som ventar.Vi kjem til å ta på heimveg i løpet av dagen, avreisetid er ikkje bestemt. Heller ikkje er det avgjort kva veg vi skal ta;det blir vel ein av dei vanlege. Ingen tur til Fredrikstad denne gongen, til tross for mange innbydingar. Men vi får ta det igjen seinare.Det kan godt hende vi brukar to dagar på heimturen, det kjem an på så mykje.Det blir trist å reise, særleg å ta farvel med gutane-heldigvis går det mot sommar og vi kan snart treffast igjen.

torsdag, mai 21, 2009

Helsing frå Kongsberg.







Vi hadde ein fin tur over Hemsedalsfjellet i går.Var framme her i halv seks-tida.
I dag er det sol og litt vind ute, men ikkje den store varmen, enno i alle fall.
Håpet var at det skulle bli såpass varmt at vi kunne grille ute, vi er vel dei einaste i familien som ikkje har prøvd ut uteplassen med grill som vi (dvs.Nils) var med på å lage for fem år sidan.Det har vel med det å gjere at vi ikkje har vore her så mykje på sommars tid.
I dag er alle fri, men W.må på jobb i morgon.

Etter middag:Sola skin framleis og det er fint og varmt, sjølv om det også er skyer på himmelen.Gløymde å ønske alle ei god helg!

tirsdag, mai 19, 2009

I morgon reiser vi.


Eg har framleis ikkje fått skikk på mailen min, men når eg kjem heim att frå Kongsberg skal vi søke kyndig hjelp. Imidlertid kan eg bruke e-posten på Internett, både her og når eg kjem til Kongsberg. Og så virkar heldigvis Bloggen. Visste ikkje kor avhengig eg var av Internett-kontakten før eg var utan i fleire dagar.Fekk heilt abstinens, men oppdaga også at døgnet fekk fleire timar!Det er ganske skya her i dag og så regnar det litt, men her er ganske fint likevel.Spent på korleis det er austanfor fjella.

søndag, mai 17, 2009

Nasjonaldagen.






















Sidan eg slutta å gå i barnetoget for ca 10 år sidan, har det vore lite feiring av 17.mai her i huset.Det er vi sjølve som vel det slik. I kveld hadde vi eit ærend ut på Rjåneset for å hente heim båten. Vi reiser til Kongsberg førstkomande onsdag, så då ville Nils ha båten på land.Vi har mange båthamner i Ørsta, den største og flottaste i sentrum, ikkje langt frå Amfi. Men frå Rjåneset, der ferja gikk før, er det kortare veg ut til fiskeplassane, så vi har leigd oss plass der. Der er det heller ikkje så mange store flotte båtar som i sentrum, så det høver betre for den vesle Pioneren vår.
På Rjåneset er det gjort mykje godt arbeid for å få til eit fint friluftsareal for alle. I tillegg til båthamn er der badestrand, naustrekkjer, rorbuer, turstiar og fiskebrygger.Der er også eit forsamlingshus i bakken bak naustrekkja. Ein av naboane våre feira 70-årsdagen sin der i fjor.I kveld var det utruleg fint der ute. Prøvde å ta bilde, men alt eg såg i ruta var mitt eige speilbilde,så det var ikkje så enkelt å vite kva som kom med. Sola stod alt lågt på himmelen.

lørdag, mai 16, 2009

Framleis problem med data.

E-postserveren min funkar ikkje, men Rasmus tipsa meg om at eg kan gå inn på mi eiga datamaskin på samme måten som eg går inn frå ei ekstern maskin, menlig via Internett.( Som eg heldigvis ikkje har mist igjen.) Derfor kan de gjerne sende mailar, for no greier eg å opne dei.Trur eg i alle fall-så lenge det varer.
You Tube svikta plutselig også, så Eivind sin bursdagssang forsvann frå Bloggen. Trur det må vere onde ånder i rommet.
No er det berre ei lita stund til årets høgdepunkt:Melodi Grand Prix. Heia Norge!!!!

Gratulerer med dagen, Eivind!


I dag fyller den eldste av Kongsberg-gutane sju år. Og farmor og farfar gratulerer i massevis! Håper at veret er like strålande der nede som her!Litt spesielt er det å ha bursdag dagen før DAGEN,men så lenge han gikk i barnehagen var det veldig flott, for då "feira" dei 17.mai ein dag for tidleg der. I år blir det vel å gå i barnetog for første gong sidan han no er skulegut.
Eivind er ein stor og flink gut,som det er kjekt å vere i lag med, og no gler vi oss til å ta turen austover om ikkje lenge.
Gratulerer så mykje med dagen Eivind! Håper du får ein flott dag og no kjem vi snart på besøk! Hurra for 16. og 17.mai.

fredag, mai 15, 2009

Turistskip i Ørsta.

Då vi reiste utover til Hareid konfirmasjonsdagen, låg dette skipet ved terminalen i Ørsta.No er det svært sjeldan at det er anna enn lasteskip som legg til kai her, så vi tok ein liten omveg ned og kika på skipet frå vegen.
Båten heiter Saga Ruby og tok 500 turistar til Ørsta. Dei vart frakta med buss til Sæbø og Hjørundfjorden. Det har vore jobba mykje med å få turistar til Ørsta, og det er sannelig ikkje ofte her kjem turistskip hit.

Bok nr. 32:Tarantellen.

Las nyleg ein annan roman av samme forfattaren, og eg likar henne ganske godt. Handlinga går for seg i Paris og i Algerie, noko som gjer den litt "lærerik".Som de veit er eg nokså metta på krim, men desse bøkene er litt annleis enn dei fleste krimromanar, sidan dei tek oss med til Paris, der vi får gode skildringar av fransk miljø,levemåte og særleg matvanar.Elles er det tradisjonell oppskrift: Eit mord viser seg å ha røter langt tilbake i tid -i borgarkrigens dagar i Algerie...................Boka har god fokus, det er eitt av dei kriteria eg dømmer krim ut frå. Vi får også oppklart forbrytelsen, som er litt på grensa av det eg "kjøper"-men ok.

Frå fisk til -kaker.




Tysdag kveld sette Nils garn, som han drog tidleg onsdag morgon. Han fekk lyr og hyser, noko som er flott fisk til fiskemat. I går fileterte han fisken som hadde hange til tørk natta over, og mol den ein gong på gammaldags kjøttkvern.Fisken stod i kjøleskapet i natt og i dag har vi laga ca 100 store fiskekaker.Vi har bra rutine på dette arbeidet etter mange års teamwork.
Eg lagar røra, formar kakene og legg dei på panna, og så passar Nils steikinga mens eg går løs på neste røre.
Sidan eg har stor mixar, Kenwood major, rører eg 1,5 kg om gongen.
Oppskrifta har eg frå FJORDAMAT,men har gjort ein liten vri på den.Eg brukar måleskei for å få meir nøyaktig mål på salt og potetmjøl. Fiskekakene lagar eg store!Ser ikkje noko poeng i å få 100 kaker av ein liten sei!
Her kjem oppskrifta:
1,5 kg malen fisk
3-4 ts salt
3ss potetmjøl
2 egg
3/4 ts muskat
litt pepar(ev. sitronpepar)
Spe med H-melk til passelig tjukk røre (5 -6dl)
Det som er kunsten med fiskemat er å røre passelig lenge, slik at kakene heng saman, men ikkje blir seige.
Elles er det veldig lett å lage fiskekaker!
Eg bryr meg ikkje om å tilsette spennande ingrediensar som løk, paprika etc. Det kan vi ha ved sidan av.
Vi serverer fiskekakene steikte på panna, med rømme og salat+ poteter.

Takk og pris!!!


Større enn både Grand Prix og 17. mai er det å ha fått att Internett-tilkoplinga etter å ha vore fullstendig fråkopla sidan måndag morgon. Eg hadde begynt å få alvorleg abstinens.....I dag ringde Nils til Telenor for 3.gong- og etter 5 min. fekk vi melding om at det var i orden. Hadde eg berre ikkje hatt kjøleskapet fullt av fiskefarse som skal bli til kaker så snart som mulig, hadde eg vel blitt sittande her.

onsdag, mai 13, 2009

Telenor har svikta.

I fleire dagar har vi no vore utan Internett-tilgang.Det er ein ekstern feil som har ramma utvalde personar i Ørsta, blant anna oss og fysioterapeuten min; mens naboane på begge sider er online. Telenor er varsla, men det dreg ut......No har eg installert meg på kontoret til eine naboen , for å sjekke post og blogg. Har ikkje tenkt å vere her så lenge, men vil berre orientere alle om at vi framleis er fråkopla, så viss det er viktige ting de treng å informere oss om, må de bruke telefonen.
Nils sette garn i går kveld, drog dei i dag tidleg og fekk god fangst. Mest lyr og hyse, Akkurat det vi ville ha for å lage fiskekaker.

søndag, mai 10, 2009

Yellow Light.


Margrete skreiv om parfyme på bloggen sin, og på kommentaren skreiv eg at eg hadde ikkje hatt godlukt sidan 2001.Idag fekk eg denne flaska av naboane som kom heim grå Gran Canaria.Nils passar huset deira heile vinteren, så derfor får vi presangar begge to.
Mi erfaring er at det er vanskelig å kjøpe parfyme til andre, for smaken er så forskjellig;og somme er allergiske, så eg brukar å vere forsiktig med kva eg dynkar meg i.

lørdag, mai 09, 2009

Konfirmasjon på Hareid.


I dag var det det Håkon sin tur å vere midt-punktet.
Først var det sjølve konfirmasjonen i Hareid kyrkje, etterpå selskap i heimen, men mykje god mat, talar og prat. Det blir vel fleire innlegg og bilde frå feiringa, men sidan det var så mange fotografar, tok ikkje eg så mange bilde. Dette tok eg med det same vi kom ut på kyrkjebakken, av konfirmanten og morfaren.Vi vil takke for ein fin og koselig dag med storfamilien, alltid kjekt å treffast.Konfirmanten var godt nøgd med dagen, og det er det aller viktigaste.

onsdag, mai 06, 2009

Bok nr.31. Jeg skal vise dere frykten.

Då eg hadde lese ferdig den førre boka,hadde eg i grunnen behov for ein pause til å fordøye den skikkelig.Men så er det slik at eg berre MÅ ha noko på øyret, så dermed tok eg den siste av bibliotekbøkene og begynte å lese utan særleg stor forventningar.Men så oppdagar eg fort at dette ER noko,og boka innfrir.
Dette er ein roman,men på samme tid ein biografi om Edgar Alan Poe,den amerikanske forfattaren.No kan eg ikkje seie at eg har særleg kjennskap til denne diktaren, det einaste eg hugsar å ha lese er diktet The Raven som vi la opp som pensum på gymnas og som eg framleis hugsar strofer av.
Kva som er sant eller ikkje i denne romanen er vanskelig for meg å seie,og det er heller ikkje så viktig.De kan lese meir om boka på omslaget og på nettet.Eg kan berre seie at eg tykte den var svært lesverdig, men kanskje ikkje like interessant for alle? Av og til, særleg på slutten såg eg likskapar med SULT som er ei av favorittbøkene mine, men eg kom også til å tenkje på Per Gynt, av ein eller annan grunn.

Stein Inge 40 år i dag!


I dag gratulerer vi nevøen vår på Eid med 40 årsdagen!
Han er den yngste av dei seks barnebarna til mamma, no far til fire!
Etter som eg har forstått er han framleis aktiv fotballspelar og trenar?
Det blir vel litt feiring i heimen også, sjølv om fødselsdagane til han og kona vart markert med ein tur til Sharm- el-sjeik .
Elles vil vi gratulere Lise i Stryn som også fyller år i dag!

søndag, mai 03, 2009

Bok nr. 30: Kneleren.

Eg les mange bøker,dei fleste som lydbok.Mange likar er berre sånn passelig, andre er bra.Men så skjer det at eg kjem fram på ei bok som får meg til å ta heilt av, eller korleis eg skal uttrykke det.
Ei slik bok har eg lese no.
Kneleren av André Brink er ei bok som vanskelig let seg beskrive.Den "..summer av historie, eleganse,og en form for afrikansk magisk realisme..." -sitatet er henta frå Financial Times. Eg ville også lagt til eventyr og poesi.
Eg har ikkje googla boka, er redd for å få øydelagt opplevinga, for dette var magisk. For MEG.
Nils Ole Oftebro les som ein gud, og legg enda ein dimensjon til boka.
Du kan lese meir om romanen her

lørdag, mai 02, 2009

Gratulerer med dagen, Vebjørn.








I dag fyller det yngste barnebarnet vårt 3 år. Sidan han bur så langt borte, kan vi ikkje besøke han på dagen, men vi får håpe vi treffast om ikkje så lenge.Sist vi såg han var i jula.
Vebjørn er full av liv og latter som regel, og at storebror er det store idealet er det lite tvil om.
Når han er her vil han gjerne sitte ved datamaskina, han slik som dei andre.
Elles går han i barnehagen ,der det også er fint å gå tur i fritida.
Og heime på tunet har dei både klatrestativ og trampoline.
Vi gratulerer heile familien med den flotte guten og håper de får ein fin dag.

Til Vebjørn.

fredag, mai 01, 2009

Til lykke med dagen!

Beklager at eg ikkje fann ei skikkelig norsk innspeling; denne er på bergensk. No føler ein kanskje at denne dagen så og seie er "ute på dato"- men legg merke til orda ...ALLE jordens bundne treller....Det er langt igjen!
Nils er ute og demonstrerer, eg skal bake eit par konfirmasjonskaker!Ha ein fin dag!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...