tirsdag, mai 19, 2009

I morgon reiser vi.


Eg har framleis ikkje fått skikk på mailen min, men når eg kjem heim att frå Kongsberg skal vi søke kyndig hjelp. Imidlertid kan eg bruke e-posten på Internett, både her og når eg kjem til Kongsberg. Og så virkar heldigvis Bloggen. Visste ikkje kor avhengig eg var av Internett-kontakten før eg var utan i fleire dagar.Fekk heilt abstinens, men oppdaga også at døgnet fekk fleire timar!Det er ganske skya her i dag og så regnar det litt, men her er ganske fint likevel.Spent på korleis det er austanfor fjella.

6 kommentarer:

solveig sa...

Det vert telefonsamtalar og færre posta brev. Men oftare kontakt, kanskje fordi folk kan lese og svare når det passar. Ein "forstyrrar" ikkje folk på same måte. Men at ein brukar tid på det!

solveig sa...

God tur! Hels alle!

Elin sa...

Riktig god tur austom!
At ein blir avhengige av nettet, er det ingen tvil om. Berre tenk på nettbanken. Og blogging kan vel bli ein mani også, alt med måte, men det går vel litt i periodar. Det er i alle fall slik med meg.
Laurdags kvelden chatta eg på msn med slekt i USA for første gong, det var verkeleg rart!

Besta sa...

Når eg går så mykje åleine og tutlar inne, blir det til at eg pratar med maskina, eller rettare sagt gjennom den.På den måten held ein kontakten med folk både nær og fjern.
Men eg er samd med deg i at det kan bli vel mykje av det gode for min del.

arieldog sa...

Data er eit godt verkty på jobb, men der er òg mange distraksjonar som gjer datamaskina til ein tidstjuv. Ungdomane på jobb sit og vurderer om dei skal høyre på læraren, vere på facebook eller spele eit spel, kanskje. Sjølv sit eg mykje med dataen på fanget og ser tv, til dømes, og det hender eg går glipp av sluttpoeng eller ikkje får med meg kven som blir myrda og kvifor i krimseriar. Når man blir 66, så gjør man som man vil, anten det gjeld data eller noko anna. God tur!

Besta sa...

Ja, EIN fordel må det no vere med å bli gammal.
Eg "datar" med godt samvit.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...