torsdag, januar 31, 2019

Dagbok 2019: 31.januar.




Klokka er 16.30, temperaturen er 0 grader C , det er lettskya og fint på januars siste dag. Hadde det vore klårt i dag, hadde vi fått mykje sol - trur eg. Den einaste månaden i året som eg brukar å synest er litt langdryg, er januar. No er vi ferdige med den, dagane er lengre og lysare og vi ventar på vår. Elles er det ikkje så viktig at tida går fort. For å sitere Bjørnson:"Kjør langsomt! - ti vi kommer tidsnok hjem."

Eg var ganske så trøtt og trasig då eg stod opp i dag, men eg hadde ein plan - og då skjer det i alle fall litt. Eg bytta på senga, vaska soverom, bad og kjøkken, la i hop klesvask, tømde oppvaskmaskina m.m. Eg må nesten til å lære å jobbe litt igjen etter fleire månader sittande å strikke for det meste. Eg har ikkje mykje vondt i kneet no. Men det er alltid noko å ta seg til, ein skal fyre omnen og må hente ved osv. Men i dag hadde eg meg ei skikkelig kvilepause, sovna med lydbok på øyret. Måtte høyre om att noko som eg hadde høyrt i natt, var ikkje sikker på om eg hadde fått alt med. Men stort sett hadde eg det.
Eg kunne ha støvsuga også, men må spare litt jobb til ein annan dag. Eg ser fram til å få begynne å rydde og styre ute, men må nok vente litt med det.
Strikkar lester innimellom, og no driv eg og brukar opp diverse restar, så får eg rydda opp i garnlageret med det samme.
I morgon er det planen at Ragnhild og eg skal på rek, viss det blir som vi har tenkt.

Bok nr. 6 - 2019: Sommerlys og så kommer natten.



Omtale fra forlaget

Få forfattere har en like hengiven leserskare som Jón Kalman Stefánsson. Med den fantastiske trilogien om Gutten og de to prisbelønte Keflavik-romanene har islendingen vunnet over kritikere og lesere både her i Norge og internasjonalt. Nå kommer endelig Stefanssons store gjennombruddsroman på norsk: den vakre, vittige og vemodige Sommerlys og så kommer natten. Boka er et utrolig litterært portrett av en landsby på den islandske vestkysten og menneskene, drømmene og lengslene som lever der: En skildring av vanlige menneskers uvanlige liv - utført med Kalman Stefánssons uforlignelige blanding av ømhet, humor, skjønnhet og fantasi.

«Vi skal ikke fortelle om hele byen, vi skal ikke gå fra hus til hus, det vil du ikke orke, men her kommer det helt sikkert til å fortelles om lidelsene som knytter dagene og nettene sammen, om en lykkelig lastebilsjåfør, om Elisabeths svarte silkekjole og han som kom med bussen, om Turid som er så lang, og så full av hemmelig lengsel - og om en enslig bonde og en fire tusen år gammel mumie.»

………………………………………………………………………..
Denne boka likte eg godt, og lydbokversjonen var fin. Flink opplesar. Anbefalt.

onsdag, januar 30, 2019

Dagbok 2019: 30.januar

Klokka er no 17.10, temperaturen har falle til + 3 grader C og det er kald vind. For eit par timar sidan var det + 6 grader, med ein smak av vår.
Sist natt var det håplaust å få til å sove, så klokka 6 stod eg opp. Men fann ut at det var meiningslaust, så eg la meg att og sov eit par timar. 
I dag har det vore ein spesielt sosial og innhaldsrik dag, og det var kjekt å komme litt utom døra.
Det var Marit som spurde om eg ville gå på spanskkurs, eg hadde sjølvsagt lyst, men er avhengig av at andre køyrer. Ein er aldri for gammal til å lære noko nytt, og vi to var vel dei to eldste som hadde meldt oss på pensjonistlaget sitt spanskkurs. Det er Eli som styrer med det også, ho har ein veldig kapasitet. Meininga var at ho skulle ta imot 10 elevar-men det vart 15. Det var minst tre ektepar og så resten sigle menn og kvinner. Ja, dei kan no ha ektemakar eller liknande om dei ikkje var med i dag. Eg har budd i Ørsta i over 50 år, men treffer stadig nye folk. Somme har flytta hit i seinare tid. Det var to timar med undervisning i andre etasje på Bakk-Ola. Mellom timane var vi nede i kafeen og kjøpte mat og kaffi. Prata med nokre eg ikkje kjende frå før- og alle såg ut til å vere kjekke, oppegåande folk.
Etter kurset var Marit og eg på Amfi, der eg fekk kjøpt meg nytt batteri i klokka mi og henta ut medisin på apoteket. Vi kjøpte oss nye skrivebøker og så handla vi mat på SPAR. Etter at eg kom heim hadde eg telefonsamtale med Ragnhild, og vi har ein lettsindig plan om å fare til Volda på fredag, om ikkje noko anna dukkar opp.
Eg åt meg eit godt måltid når det leid på, og som straff måtte eg mòke litt snø. I morgon må eg nok få gjort litt husarbeid. 
Elles må eg øve litt på spansken kvar dag, det har vi i lekse. Eli hadde eit fint opplegg-ikkje for omfattande og vanskeleg, men jammen lærte vi ein god del. At Eli har lært seg språket kjem mykje av at ho har to spansktalande svigersøner frå Sør-Amerika. Og vi slepp å lespe, for det gjer dei ikkje i Sør-Amerika, berre i Spania.


tirsdag, januar 29, 2019

Dagbok 2019: 20.januar

Klokka er no 17.50. Temperaturen er 0 grader C, og ønsket mitt er at den skal stige slik at snøen smeltar. Eg har ikkje bruk for snø når eg ikkje kan bruke spark på grunn av strøing. Ja, det er no bra at dei strør så ikkje folk dett. Dessutan har dei vore særs flinke å brøyte denne vinteren, så vi skal ikkje klage. No håper eg det blir godt bilføre i morgon så Marit kan køyre oss på spanskkurs. 
Tunet mitt var mòka då eg stod opp, og eg har fått vite kven den skuldige er. Eg må berre takke så mykje for all hjelp eg får. Eg hadde nesten gløymt kor mykje snø det kan kome, i fjor og året før var det nesten ingenting.
Sist natt fekk eg aldeles forferdeleg vondt i begge beina, men det gjekk over og i dag har eg vore heilt bra. Neste onsdag skal eg på CT i Volda med eine kneet mitt.
Eg har ikkje gjort mykje fornuftig i dag. Eg har drive å mòka litt snø, mest på altanen. Og så har eg hatt lange kvilepausar med lydbok og strikketøy innimellom. Eg er litt spent på korleis eg er i form i morgon; det er ryggen som er problemet , armane er sterke og friske .(Bank i bordet)
Altanen oppå tilbygget har ikkje støypt plate , derfor må eg prøve å lette vekta, no har eg mòka halve altanen, så får vi sjå i morgon. Det beste hadde vore om snøen smelta! Meiner eg.Eg målte snødjupna på altanen til 55cm. Det høyrest ikkje så mykje ut, når eg ser på TV at det somme stader har kome 2-3 meter snø på kort tid.
Eg strikka ferdig eit lestepar i går, og i dag har eg lagt opp eit nytt. Trur ikkje det blir ferdig så fort.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag. Eg prata litt med Marit, og så har eg kontak med både den eine og den andre på Messenger. Slik er det berre.Mens eg har sete her og skive, har det mørkna ute.
Møre-Nytt i dag. Stort oppslag om den nye idrettshallen i Ørsta. Bildet er tatt mot publikum, bak ryggen til Erlend, som var der og spelte med bandet sitt, Migraine. Grunnen til at det var dei som slapp til, var at dei vann "The Battle of the Band"-før jul.
Eg var ikkje på opninga, men før eller seinare får eg vel sjå hallen. Karsten Warholm var der og klipte snora.

mandag, januar 28, 2019

Dagbok 2019: 28.januar

Klokka er no 18.20, temperaturen er minus 3 grader C. Denne dagen har vi hatt skiftande vêr, lettskya, kaldt og litt sol først på dagen, så kom det og snødde litt når det leid på, så no har vi eit fint lag med nysnø oppå isen. Eg går veldig forsiktig i trappa.
I dag hadde eg hatt lyst nedover, men det vart ikkje noko av. Det vart i grunnen ikkje så mykje av noko i dag, eg var litt lei både av strikking og anna, men det kom seg veldig då eg fekk lydbok attåt strikkinga. Men først hadde eg stroke nokre klede og laga meg middag.
Eg var ein tur til postkassa og der fann eg eit uventa brev. Eg var på røntgen førre veka og trudde det var resultatet som kom. Det var det vel på ein måte; det var innkalling til CT av venstre kne. Og no når eg trudde eg var nesten bra! Og ikkje nok med det, CT-en er neste onsdag 6.februar kl.8.30. Kva tid må eg då stå opp? Eg har tenkt å ringe legen å seie at viss dei skal undersøke v.kne får dei ta høgre også, det er ikkje så mykje betre ,det. Og så må eg bestille taxi på legesenteret-slik som sist. 
Denne onsdagen starter spanskkurset, så eg håper eg får vere med der neste onsdag også. Etter som eg forstod kunne CT-en ta litt tid inklusive venting etc. Eg vil ikkje gå å spekulere på kva det kan vere, eg får vente å sjå kva dei finn. Hofta skreiv dei ingenting om, og no er det den som eigentleg plagar meg mest.
Eg kunne ha gått ute på vegane no, men tek ingen sjansar. Og spark er utelukka sidan dei sandar overalt.
I dag har eg ikkje sett eit menneske - og eg er lei av vinteren! Eg har lyst ut og jobbe i hagen, men må vel smørje meg med tolmodigheit. Ikkje mi sterkaste side. No skal eg strikke ferdig dagens lest, og kanskje begynne på ein ny.

søndag, januar 27, 2019

Dagbok 2019: 27.januar

Foto: Gunn Torill Haukaas

Klokka er 20.20, temperaturen er minus 7 grader og det har vore fint vêr i dag også, sola har eg sett opp til fleire gonger. Ja, den var her så lenge at eg til slutt tok ei bøtte med lunka vatn m/eddik og vaska stuevindua utvendig. Eg greidde berre ikkje å sjå på elendigheita lenger. No trur eg faktisk ikkje det blei så mykje betre.
Elles har eg vore her åleine i heile dag, noko som til dømes fekk meg til å lese ut papirboka Margrete kom med. Eg har mange lydbøker på beddingen, så no får eg ta dei. Då kan eg strikke samtidig.
Helst av alt ville eg prøvd å komme meg litt ut, men sparken min kan eg ikkje bruke, sidan vegane er strødde, og eg må vere litt varsam med å bruke broddar, trur det røyner på knea. I dag har eg ikkje vore lenger enn ned i tilbygget og henta ved.
Elles har eg høyrt radio og strikka, og laga meg middag til ei forandring. Hadde ferdig skrelte poteter som eg kokte, og så steikte eg grillpølser til og hadde frosne grønsaker som eg tina i mikroen. Reine festmåltidet!
Margrete tilbaud at eg kunne få vere med dei på opninga av den nye Ørstahallen, men eg takka nei. Trudde det vart litt for travelt for føtene mine. Erlend og bandet hans spela blant anna. Eg synest det er så rart at Erlend også er blitt musikar, det har liksom vore Eirik som har vore mest frampå med song og musikk. Men dei er vel begge utstyrt med musikk-genar. Margrete har lagt dei ut på FB sida si for dei som kan vere interesserte. Dei er berre tre Erlend og Håkon som er naboar og så ein herifrå som eg ikkje kjenner.
Har lagt i hop eit par klesvaskar i dag, elles har eg vore nokså lat. Sovna litt i stolen etter middag, til tross for at eg sov godt sist natt.
Denne veka må eg komme meg på butikk, manglar framleis batteri i klokka mi, så treng eg lysrør til datarommet og diverse anna. Om ikkje før så kjem eg meg nedover på onsdag, for då skal Marit og eg begynne på spanskkurs - det er på Bakk-Ola-marka. Det blir kjekt. Eli Kjøde skal vere læraren vår og så blir det vel ein tur i kaféen.
Resten av kvelden blir det vel å sjå TV-og strikke, held på med 6.lesteparet sidan jul. I tillegg har eg strikka ein genser. Slik blir det når føtene sviktar, men no er eg relativt bra.
Erlend i Migraine

Bok nr.5 - 2019: Lærerinnens sang



Lærerinnens sang er en roman om å bli grundig rokket i sin selvforståelse.


"Den tiende april 2016 gikk Lotte Bøk fra sitt gamle hus ved Akerselva til sin arbeidsplass på Kunsthøgskolen, uten en anelse om hvordan hennes liv skulle komme til å endre seg i løpet av de nærmeste ukene. Og på grunn av noe som for andre muligens ville kunne fortone seg som tilfeldigheter."


Lotte Bøk er en engasjert foreleser i dramatikk på skuespillerlinja ved Kunsthøgskolen. En dag ber avgangseleven Tage Bast om å få lov til å lage en film av undervisningen til noen utvalgte lærere, men også av livet deres utenfor skolen. Lotte er først skeptisk, men gir så etter. Bast vil gjerne komme hjem til henne, for å finne ut om det er samsvar mellom liv og lære. Etter hvert som arbeidet skrider fram, utviskes grensene mellom dem.


Hva skjer med et menneske som har følt seg ganske trygg i rollen og i livet sitt, men som plutselig sitter i en kinosal og får se seg selv med en annens utforskende blikk?

………………………………………………………………………………………………….
Denne papirboka har eg lese ferdig i dag. Eg plar like godt Vigdis Hjort sine bøker. Dei er lette å lese, men dei gir lesaren noko å tenke på. Denne traff meg ganske godt; sidan det handla om ei lærarinne forstår eg veldig godt korleis hovudpersonen tenker. Dei som vil vite meir , finn mykje stoff på nettet.

lørdag, januar 26, 2019

Dagbok 26.januar 2019

Klokka er 22.50, temperaturen ute er  minus 3 grader C. Det har vore skya opphaldsvêr i dag også. Eg var heime på føremiddagen, las litt, strikka litt osv.
Klokka 15 kom Birte og Håkon og henta meg. Vi skulle til Hareid å feire 25-årsdagen til Håkon litt på etterskot.
På Hareid var alt på stell , som vanleg, borda dekka og maten klar.
Det var ståande buffet med salte og søte rettar. I tillegg til Solveig og Øystein, var også Einar og Audun heime, så kom besteforeldra til Birte, mor hennar og stefaren. Og så vi tre i bilen-det skulle bli 11? Men dei har god plass med stort kjøkken og to stover. Det vart ei koseleg stund med mat og prat. Og til slutt såg vi "Alle mot 1", der programleiaren har vore elev både hos Solveig og Øystein. Håkon og Birte køyrde meg heim. Takk for ein hyggeleg dag, og for skyss fram og tilbake.
Margrete &Co har vore på Eid i dag og fått scanna bilde hos bror min. Det er ikkje så mange bilde frå min barndom, men eg hugsar at Svein og eg var til fotograf ein gong. Ikkje det beste bildet eg har sett. Ser ut til at vi var prega av "stundens alvor". Etter alderen vår å dømme, må det ha vore under krigen.

fredag, januar 25, 2019

Dagbok 2019: 25.januar



Klokka er 17.35, temperaturen er + 2 grader C, det har vore lettskya og fint i dag også. Har sett eit streif av sol, men det varte  ikkje lenge.
Eg hadde ei særdeles dårleg natt. La meg til vanleg tid, kl.1.00, las ei stund og sovna. Så vakna eg igjen etter 1-2 timar, og låg vaken resten av natta. Klokka 8 i dag-morgon  kjende eg at NO kunne eg få til å sove, men då stod eg opp. Eg hadde nemleg tenkt å gjere litt husarbeid i dag. 
Først shina eg opp kjøkkenet, vaska komfyr, flisar, benkar etc. Det er det eg kallar "shine". Så vaska eg badet og kjøkkengolvet. Etter ein liten pause, støvsugde eg alle teppegolva, så no ser her rimeleg stelt ut.
Til middag åt eg suppe frå i går. Den var ikkje betre i dag. Eg rippa ei bok, las i ei anna bok strikka litt etc. Så prøvde eg å slappe av i godstolen, og eg trur faktisk eg sova eit øyeblikk, så no er eg i bra form. Kjenner det både her og der at eg har vore i fysisk aktivitet, det får eg berre tole. 
I dag som på alle fredagar trur eg det er laurdag, men for ein gongs skuld hugsa eg å hente posten. Der var ein stor spennande konvolutt til meg, og eg lurte på kva som var inni. Eg lukta sjølvsagt lunta då eg såg avsendaren. Det var politisk materiale frå partiet mitt, der eg nyleg melde meg inn; ein penn og ein button var der også. Du store tid, her må eg visst belage meg på politisk aktivitet. Det var elles Nils sitt departement, men vi var i grunnen nokså samde, reint politisk også. Det er no opp til meg sjølv kor aktiv eg vil vere. Men Jan Davidsen i Pensjonistforbundet meiner at også eldre folk skal ha sitt å seie i politikken."Sleng på en gamling" oppmodar han om.

Februar blir elles ein innhaldsrik månad viss alt går etter planen. Det er årsmøte i Pensjonistlaget, og eg skal skriveårsmelding. Musikal på vidaregåande, der Amanda er med. Og så har Marit og eg meldt oss på spanskkurs. Marit har fylt 80, eg blir 79 år i mars - det er i alle fall planen. Så vi er kanskje vel optimistiske? I morgon blir det altså tur til Hareid. Og i kveld skal eg strikke ferdig ein lest eller to, mens eg ser TV.
Ønsker alle ei god helg!

torsdag, januar 24, 2019

Dagbok 2019: 24.januar


Bilda er tatt kl.14.20, då kom sola i Os-skaret.

Klokka er no 21.20, temperaturen er + 2 grader C og vi har hatt fint vêr i dag også. Eg har likevel ikkje vore lenger enn til postkassa. Vi fekk ikkje sol på føremiddagen, for då var dei meir skya. Men det kjem seg dag for dag. Vi har heller ikkje fått meir snø, eg skulle sikker ha mòka på uteplassen, men eg trur snøen er litt hard og tung.

I dag før middag gjorde eg to ting - eg laga mat og strikka. Klokka 16 kom Margrete , spelegutane og Amanda. 
Menyen i dag var "Spikersuppe"- dvs. brennsnut at diverse ingrediensar eg fann i kjøleskap og frysar, og så pannekaker med bacon og blåbær etterpå. Gutane skulle på Kaihuset og spele, Margrete og Amanda handla med det samme, og eg fylte opp oppvaskmaskina. 
Då jentene kom opp att vart vi sittande å prate, kjekt å komme inn i den gamle tralten igjen og ta imot "gjestar".
I morgon må eg kanskje rydde og vaske litt og laurdag skal eg til Hareid. I dag er det akkurat ein månad sidan sist eg var der. Eg er relativt bra i kneet no, dvs. BEGGE knea er litt "LÅKE" , men ikkje verre enn at eg kan gå på føtene. I mi aldersgruppe er det mange med vonde kne og hofter.
Margrete kom med bøker til meg, både lydbøker og papirbok, så eg har rikeleg med lesestoff. No når eg bur åleine, likar eg vel så godt å lese på papir.

onsdag, januar 23, 2019

Dagbok 2019: 23.januar


Svigersonen er ute med ny bok, den er komen i handelen, men skal lanserast i Oslo 20.mars. Eg veit ingen ting om bøkene hans før dei er ferdige. No er eg spent på å lese denne.


Det har vore lettskya og fint vêr i dag også, vi har sett "snurten" av sola eit par gonger; såpass lenge at eg fekk sjå korleis stoveglasa såg ut. Det var eit fælt syn. No er det minus 1 grad på trappa

Klokka er 17.15- står det på datamaskina , armbandsuret mitt har stoppa på 12.20.Dette er dagen som ikkje vart som planlagd, og derfor er eg litt surrete og lite fokusert. At pensjonistmøtet vart avlyst visste eg alt i gå kveld. Det var berre vel 20 som hadde meldt seg på, og då ville vi ha gått konkurs økonomisk om vi fullførte. Vi må no betale leige både for flatsalen og kinosalen når vi byr på både kino og mat. Til vanleg er vi rundt 70 på møta.
Ja, ikkje noko å gjere med det, men eg for min del får fri i morgon sidan eg ikkje skal skrive referat.
Marit hadde fått fiksa bilen sin, og ho spurde om eg ville vere med å handle, og det ville eg veldig gjerne. Eg kledde meg om og var klar klokka 11. Men bilen starta ikkje i dag ! Dermed fekk eg ikkje handla mat- eller batteri til klokka mi. Eg fann ei gammal vekkerklokke som gjekk når ho fekk nytt batteri, så den har eg i stova. På kjøkkenet er det klokke på veggen. Det er i grunner klokker over alt, på TV, data, mobil, komfyr etc.- likevel saknar eg den som er på armen.
I dag har eg gjort klart litt til morgondagen då eg får middagsgjestar, dei får ta til takke med det eg har funne her og der, godt alt som blir oppbrukt av det eg har på lager. Og så har eg strikka ferdig eit lestepar. Har strikka tre lestepar og ein genser sidan jul. Men eg har garn, så no kan eg boltre meg. Margrete har i oppgåve å skaffe garn til dei to lestepara som er halvferdige, og Solveig kom med mykje garn sist ho var her.
No er eg så mykje betre i foten at eg blir lei av å sitte i ro og strikke, lese og sjå TV, men eg er ikkje så bra at eg kan farte etter vegane, då kan eg få tilbakefall, på meir enn ein måte.
I kveld skal eg sjå favorittprogrammet mitt:"Eides språksjov"-og så ser eg at "Farmen kjendis " startar opp på TV 2. Viss dei kolliderer får eg ta opp det eine. Eg plar ikkje sjå Farmen-men "Farmen kjendis" har eg sett eit par runder av.Og så veit eg at ei av damene skal ha på seg ein slik genser som eg har strikka. Det kunne ho berre spart seg-eg har ikkje lyst å gå rundt i "Farmengenser".
Særleg på TV 2 har dei ein tendens til å køyre same konsepta i åresvis. Trur det må vere nærmare 10 år sidan eg slutta å sjå "Jakten på kjærligheten"-men dei jaktar visst enno. Ja, kvar sin smak. Eg likar ikkje alt dei sender på NRK 1 heller, men eg slepp i alle fall reklamen. No var det brått heilt mørkt ute. Eg var på veg ut for å sage litt for ei stund sidan, men så fekk eg ein telefon.....



tirsdag, januar 22, 2019

Dagbok 2019: 22.januar


Klokka er no 19.40, temperaturen ca.0 grader og det har vore opplett i dag også.
I dag har eg ikkje gjort det skapte grann.
Sidan er skulle til Volda på røntgen i dag hadde eg avtalt med Solveig at ho skulle ringe meg i 1/2 8 -tida for å sjekke om eg var vaken. Klokka vart nærmare halv 2 før eg la meg i går kveld, for det var ein serie eg skulle sjå på TV. Eg sovna ganske fort, men vakna klokk 5 og verkte i føtene, eg måtte opp og gå litt, tok to Paracet og la meg att og sovna. Men eg vakna av alarmen på mobilen, og Solveig ringde på samme tid. Drosjen var bestilt til 9.10, eg var redd det var litt for seint, men litt før 9 ringde telefonen. Det var drosjesjåføren som stod med bilen oppe på vegen og venta på meg. Var på sjukehuset til rett tid, og slapp inn på røntgen med ein gong og det var fort gjort.
Ferdig kvart på ti. Men det blei ei stund å vente på taxi heim att. Ikkje så lenge som det ofte var den tida eg følgde Nils til og frå sjukehuset. Resultatet av undersøkinga er eg ikkje så spent på. I fjor fann dei ingen ting i kneet, og hofta er vel ikkje stort verre enn ho har vore. Eg fortalde henne som tok røntgenbilda om cysta som sprakk. "ÅÅÅ, DET er låkt" , sa ho. Eg måtte berre innrømme at det var det. 
Då eg kom heim var eg stuptrøtt og tenkte eg kunne ta ein liten blund i godstolen, men når ein VIL sove er det heilt umulig, så eg vart sittande i halvørska å strikke og høyre lydbok. Til slutt duppa eg av litt såpass eg kom meg opp å stå etterpå. Eg var ut og fekk på plass bossdunkane, og laga til den nye bossbøtta med grøne posar, så no kan eg begynne å bruke alle tøynetta mine-treng ikkje så mange plastnett lenger.
Eli ringde og fortalde at det var få påmelde til pensjonistmøtet med kino og brennsnut, og spurde om vi skulle avlyse. Eg tykte det var litt for gale, men det var inga anna råd. Det er ikkje gratis å leige hus-ja, alt kostar, så det hadde blitt eit dundrande underskot om vi skulle ha fullført med så få betalande gjestar. Synd, for vi skulle liksom prøve ein litt ny vri i år. Litt skuffa vart vi, men då blir ikkje veka fullt så  fullbooka som eg hadde trudd. 
Torsdag kjem Margrete, Erlend, Håkon (kompisen til Erlend) og Amanda på besøk, så då skal eg lage middag til dei. Det er lenge sidan sist ! Har ikkje bestemt menyen enno. Får sjå kva eg får tak i. 
Laurdag skal eg til Hareid ,der vi skal feire bursdagen til Håkon. Mora og besteforeldra til Birte kjem også.
Eg har litt problem med å komme i fart igjen etter å ha sete i ro så lenge. Men no må eg ta meg saman. 
I kveld kom Marit over vegen ein tur, vi har alltid ein masse å snakke om, same kor ofte vi møtest. Kjekt å ha så gode naboar.

mandag, januar 21, 2019

Bok nr.4 - 2019: Så mye hadde jeg


Omtale fra forlaget

Urovekkende og bevegende ny roman fra Trude Marstein

Monika er 13 år og vet at alt hun opplever, en gang skal tilhøre en annen tid. Hun er 27 år og elskerinnen til en eldre professor. Hun er 37 år og bor sammen med Geir, de har fått Maiken, som suger rytmisk på smokken og har en stripe bar hud i bakhodet. Hun er 46 år, har et uthus fullt av kranglevorne høner og tenker at livet består av håpløse forsøk på sammenføyninger. Hun er 52 år og møter morens ansikt i speilet over grønnsaksdisken i dagligvarebutikken.
Så mye hadde jeg er en roman om den aldri hvilende lengselen etter et liv rikt på tilhørighet, lidenskap og mening - men også om følelsen av at alt glipper, at ingenting kan holdes fast, at man kanskje verken vil eller klarer å høre sammen med noen.

………………………………………………………………………………………………………
Denne boka har eg lese på papir. Den er på ca.430 tettskrivne sider, så det har tatt ei tid å lese den.
Eg har spurt meg sjølv kva som gjer at eg les ei så langdryg bok som ikkje er spennande på nokon måte. Eg har ikkje fått eit viseleg svar. Heile boka er ein lang monolog. Det er Monika som fortel historia om seg sjølv og familien sin. Og om alle sambuarane ho etter kvart flyttar i frå, og om det einaste barnet ho får. Der er mykje å lese om boka på nettet, og den har faktisk fått terningkast 5.
Eg vil verke anbefale boka eller råde nokon til ikkje å lese den.

Dagbok 2019: 21.januar


Klokka er no 18.20. Temperaturen ute er minus 1 grad. Det har ikkje vore nedbør av noko slag, og takk for det. Først på dagen var det nokså skya, men ca. kl. 14.30 fekk vi ei lita stund sjå sola i Os-skaret. Det var då eg tok bilda.
Elles har dagen stort sett gått opp i tull. Denne tida eg har vore så låk i foten har eg fått uvanen med å sitte og strikke eller lese det meste av tida, eg treng ikkje sitte så mykje no , for no greier eg faktisk å gå på føtene til ei viss grad. I går var eg ganske flittig, men i dag har eg berre vasa rundt utan å få gjort noko særleg. Trøytt har eg også vore. Til slutt sovna eg litt på sofaen, så no håper eg at eg skal få gjort litt. Har mellom anna klede som skal strykast. 
Eg er litt uroleg for morgondagen. Ikkje for å ta røntgenbilde, det har eg faktisk gjort ganske mange gonger. Det som gjer at eg stressar litt er at eg skal vere på sjukehuset klokka 9.30, og taxien er bestilt til 9.10, og eg er alltid redd for å komme for seint. (Det var ikkje eg som bestemte klokkeslettet). Og så er eg litt redd for ikkje å vakne tidleg nok- har berre mobilen til vekkerklokke.
Då eg vart låk i høgrefoten i fjor i februar, fekk eg komme på røntgen dagen etter. Venstrefoten kollapsa i slutten av november- så det vart lang ventetid. No er eg i grunnen ganske bra, men legen ville ha røntgenbilde uansett. Ser fram til å bli ferdig med det.
No har eg endeleg lese ut ei tjukk papirbok, så då ligg ikkje den og fristar. 
I dag såg eg fotspor på tunet etter store sko, og der stod den nye avfallsdunken med brunt lok -til matavfall. Eg spada vekke ein del snø for å få plass ril bossdunkane, og så saga eg litt ved. Kjøpte med ny sag på Clas på laurdag, så det gjekk greitt. Eg har strikka litt-men ikkje så mykje. Lestar strikkar eg når eg ser TV.
Genseren som eg strikka låg til tørk på badgolvet sist natt og var tørr, glatt og fin i dag. No såg eg at akkurat det mønsteret var på genseren til ei som skal delta i "Farmen kjendis". Veldig festlig. Not.
Elles fekk eg telefon frå Marit Aklestad som var glad for at eg hadde meldt meg inn i SV. Dei har fått mange innmeldingar i det siste. Eg står nedst på lista til kommunevalet -og eg har ingen intensjonar om å komme i kommunestyret. Nils var der i mange år.

søndag, januar 20, 2019

Dagbok 2019: 20.januar.





Klokka er no 17.45, temperaturen 4-5 minusgrader og det har vore fint og klårt vêr i dag. Då eg stod opp -ikkje altfor tidleg- i dag var det blå himmel og minus 7 grader. Eg hadde laga meg eit program for dagen, og noko uteliv hadde eg ikkje planlagt. 
Eg har ein nesten ubrukt spark hengande i tilbygget, men veit ikkje om eg får den ned. Har ikkje prøvd. Eg har ikkje vore lenger enn ut på altanen og ordna med mat til fuglane.
Sist haust såg vi lite av sola, sidan det regna mesteparten av tida-men no er sola komen tilbake. Den viste seg her hos meg ca.10.40, men var her ikkje lenge. Så kom den tilbake på ein liten snarvisitt på ettermiddagen. Det er jo fjella som regulerer kor mykje sol vi skal få denne tida.
Eg hadde mykje husarbeid å ta att sidan eg ikkje har gjort noko heile veka-anna enn å mòke snø. Etter at eg hadde høyrt ein artig og fin kyrkjekonsert på radioen, støvsuga eg stova og vaska kjøkken og bad. 
Så la eg siste hand på verket -dvs. genseren min, før eg vaska den og rulla den inn i ein handduk. No ligg den på badgolvet til tørk. Det er slik Solveig har lært meg at ullplagg skal behandlast- og den ser heilt fin ut etter vasken. Solveig lærte på lærarskulen at ein aldri skal dampe strikkaplagg. 
Elles har eg strikka litt, sett litt TV og fyrt i omnen. Eg har det varmt og godt til tross for kulden. Vi er liksom ikkje vande med kulde lenger. Eg er i gang med lest nr. 2 i eit nytt lestepar av garnet som Solveig kom med. Etter kvart får eg vel gjort ferdig dei tre påbegynte para også.
No blir det ei "travel" veke, tysdag skal eg på røntgen, skal vere der kl.9.30, taxi er bestilt. Onsdag er det pensjonistmøte, så då blir det å skrive referat dagen etter. Laurdag skal eg truleg til Hareid ein tur. Kjekt å vere såpass bra i føtene igjen at eg kan vere med på noko.

lørdag, januar 19, 2019

Dagbok 2019: 19.januar


Klokka er ca.17.00, temperaturen ute er rett under 0 grader, men snøen har tendensar til å smelte  underst. 
Eg likte ikkje heilt det eg så i dag morgon, det hadde kome ein god del snø sidan i går, og dette var ikkje av den fine, lette typen. Den var tung og våt, og slett ikkje lett å mòke vekk. Eg mòka altanen og laga meg ein sti opp til postkassa. Snakka litt med Torbjørn, han sa at Marit skulle nedover og handle. Eg spurde om eg kunne få sitte på nedover, og det fekk eg. Men først måtte Torbjørn frese tunet deira.
Eg tok sjansen på at eg skulle få klipt meg på AMFI om ikkje anna. Der er "Drop in" frisør. Det blei ei stund å vente, men så var der ei eg kjende som eg fekk prata med, og ei anna som eg kjende gjekk forbi. Men der var berre ein frisør på jobb i dag, pluss ein assistent. 
Frisøren var veldig omstendelig og nøye, så det tok si tid før eg slapp til. Men etter kvart vart ho og eg godt kjende. Eg kjenner svigermor hennar frå Velle der ho var assistent. Mannen hennar kjende eg også då han gjekk på barneskulen, og systrene hans kjende eg også. For ikkje å snakke om besteforeldra til mannen, dei jobba på Velle begge to, han som vaktmeister, kona som reingjerar. Sjølv er frisøren frå Volda, men bur no på Vallabøen i eit hus nær Vikemarka skule(Eg veit sjølvsagt kva hus det er.) 
Ho farga håret først, så vart eg vaska og tilslutt klipt. Det som er kjekt med å gå til ulike frisørar er at ein får litt variasjon i frisyren. No ser eg i alle fall ikkje så ustelt ut som eg gjorde før klippinga. 
Det gjekk heilt fint å trakke rundt på AMFI, ingen problem med det. Eg skulle ringe Marit for henting, så eg gav meg ikkje til unødig leng. Var innom Clas og kjøpte eit par ting, men ikkje alt eg skulle ha. Og så var eg innom Nille og kjøpte garn til ein halvferdig lest. Begynte på ein lest i går også, i tjukt garn, så det paret vil eg ta først. Eg var vekke i nærmare 4 timar, så eg har ikkje fått gjort mykje heime i dag; men då eg kom heim att var tune mòka. Kven den skuldige er, har eg enno ikkje fått visst.
Og så måtte eg ha mat. Det vart ein treretters i dag: Forrett: oppattvarma graut, hovudrett: skive med leverpostei og rødbet, dessert kjeks og ost. Slå den! No skal eg supe i meg resten av kaffien og kanskje ta ein mandarin?

Alle vegar og gater var pløgde då vi for nedover før kl.12. Trur brøytemannskapet har vore tidleg oppe. Her i Starevegen var det pløgt før eg stod opp.
19.januar var fødseldagen til Matias, broren til mamma, han var fødd i 1902.Det er også fødselsdagen tol Øyvind på Eid, han fyller 26 år i dag. 

fredag, januar 18, 2019

Dagbok 2019: 18.januar

Klokka er no 20.30, temperaturen er minus 1-2 grader C. Det hadde kome ein god del snø sist natt, men no på ettermiddagen har det ikkje vore noko særleg nedbør. Eg har hatt ein litt trasig dag på grunn av at eg sov lite og ingenting sist natt. Eg har vore trøytt og uvel heile dagen, men som vanleg kviknar eg til ut på kvelden. Eg orka ikkje å ligge så lenge i dagmorgon så eg stod opp relativt tidleg, og mens eg åt frokost kom det ein nabo og fresa tunet til meg. Det var snilt gjort, for det var for mykje snø til at eg hadde greidd å ta det for hand. Etter kvart som det vart lyst, gjekk eg ut og mòka altanen, og det har eg gjort berre denne eine gongen i dag. Så laga eg ein smal sti frå tunet og ned til kjellaren. Trappa var halvvegs mòka då eg kom ut, og Solveig tok resten no i kveld.
Ho fekk handleliste frå meg på nettet og kom med alt eg trong av mat etc. Ho hadde også med seg lestegarn såpass eg ikkje skulle bli arbeidslaus. Begynte å strikke på eit par parallell-lestar i går kveld, men gjekk tom for garn. Det blir det ei råd med. Med foten går det mykje betre no, i dag har eg ikkje tatt ein einaste tablett, har ikkje vondt når eg er i ro.
Håkon, yngste sonen til Solveig, fyller 25 år i dag, det blir visst ei lita feiring neste helg. På Hareid. I dag skulle vi sett sola i stova om det hadde vore klårt, då er den mørkaste vinteren over.
Heilt vanleg for meg er det å tru at det er laurdag når det eigentleg er fredag, slik er det i dag også. Tenk at laurdagen var arbeids-og skuledag til etter 1970, og i mi skuletid hadde vi lekser til måndag.
No kan eg ønske alle ei god helg på fredag!

torsdag, januar 17, 2019

Dagbok 2019: 17.januar


Klokka er no 17.00. Temperaturen er minus 1 grad og det har vore mange og lange snøbyger i dag. Det er liksom nok no. 
Sist natt sov eg betre enn på lenge, utan å vakne opp og verke verken her eller der. Etter frokost m.m. tok eg bildet over, mot austhimmelen, då var klokka 10 sånn om lag. Eg såg for meg ein nydeleg dag, og kanskje skulle vi få sjå sola. Eg mòka trappa og ei lita rås, såpass eg fekk hente avisa. Ein maskert mann kom og fresa tunet mitt, eg hadde ein mistanke om at det var Helge, og det var det. 
Helge, Torbjørn og eg eig ein fresar i lag, den kan ikkje eg bruke, men det var no ikkje meininga at dei skulle frese til meg. 
Eg mòka altanen og ei lita rås ned til kjellardøra - etter kvart begynte det å snø igjen, og mens eg rydda diverse reiskapar som stod under altanen og fekk dei inn i tilbygget var det kome ganske mykje nysnø, så då det letta opp ei lita stund, var det å gi altanen ein omgang til, tok litt på trappa også. 
Men så er det den ryggen min som ikkje vil meir, då. Foten er etter kvart blitt nokså bra, så melder det seg stadig noko anna, men eg får vel sjå i augo  at eg ikkje er heilt ung lenger. Og det er mange år sidan eg var på MR og fekk konstatert store slitasjeskader i ryggen, så det er ikkje noko nytt. 
No håper eg på at det ikkje kjem så mykje meir snø. Det er tredje vinteren er styrer her åleine, og dei to første var nesten utan snø. No melder det segg stadig nye problem, orsak utfordringar, som eg ikkje klarer å løyse åleine.
Snøen må gjerne få ligge for min del, eg har ein god sparkstøtting som eg kan bruke om dei ikkje strør så mykje sand på vegane. 
I morgon kjem Solveig innover så då får eg handle litt anna enn mat.
Då eg sat og nistrikka på genseren gjekk dagane fort. I dag hadde eg ikkje så mykje å gjere inne, så det vart til at eg begynte på eit par lester igjen. Eg har to påbegynte par frå før, dei ventar på meir garn. Eg har ikkje nok garn til dei eg la opp i dag, heller, men det blir vel ei råd. Eg fekk nokre veldig gode strikkepinnar av Solveig, dei er svarte med blank spiss. Spissen er glatt, men ikkje resten av pinnen. Sidan pinnane er svarte, likar eg best å ha lyst garn. Garnet eg la opp i dag er frå Opal. Dei har namn på lestegarna sine, denne heiter "Die Jägerin". Eg måtte ta ein liten pause etter genseren, for skuldra begynte å protestere. Og det var ikkje så rart.
Eg sende ein førehandsomtale til avisa og bad dei ta den inn i laurdagsnummeret men den kom i dag! Annonsen kjem laurdag.
Elles har eg ringt og bestilt drosje til tysdag, det fiksar dei på legesenteret. Eg skal vere i Volda klokka 9.30. Matavfallsdunken frå VØR har eg enno ikkje sett snurten av
I Morgon fyller Håkon 25 år. Han var fødd det året det var OL på Lillehammer. Kanskje derfor han fekk det namnet.


onsdag, januar 16, 2019

Dagbok 2019: 16.januar.


Klokka er 16.50, temperaturen er minus 4 grader C.
Det har vore ein veldig roleg dag - med tanke på vêret; ikkje, snø, regn  eller annan nedbør, heller ikkje vind. Merkeleg stille.
Eg har hatt ein ustrukturert og vimsete dag. Det er så mykje eg har lyst å gjere, men som eg ikkje kan eller ikkje greier. Då eg vart låk i kneet vart eg sittande å strikke etc. heile dagane, det tolte ikkje hofta, så no er det vondt å sitte, men eg kan gå-til ei viss grad.
Det er då eg blir litt oppfinnsom. Først festa eg alle trådane på genseren. Så var det fram med gardintrappa og ta ned lysrøra her på datarommet, men hadde ikkje nye å sette opp, så eg klarer meg med ein stålampe til eg har fått handla. Fekk i alle fall tømt "insektsamlaren" ! Såg at lyset på "roserommet" også var vekke, så eg sjekka sikringane. Dei var i orden, men eg tek ikkje på meg å ta ned den plafonden og skifte pære. Får vente på ekspertise. Så leita eg fram att laptoppen som har vore stua vekk ganske lenge. Dei unge brukar ikkje mus-men eg er så vant til det at det må eg ha. Musa virka ikkje, sjølv om eg bytte batteri. Så no har eg ærend inn på "alle menns snopebutikk" -Clas Ohlson. Ny sag må eg også ha. Nemleg! Solveig kjem innover på fredag, då er Øystein vekke, så ho vil ta seg god tid. Eg har ei liste som eg noterer på etter kvart som eg saknar noko. 
Eg visste liksom ikkje kva eg skulle gjere til gagns i dag, men fekk no plassert eine dunken i garasjen, og så fann eg noko på ein boks, slik at eg kunne smørje kjøkendøra. Det let som ein halvkvalt katt kvar gong den skulle opp og igjen. Eg kunne fortalt meir om "Mor gjer det ho ikkje kan"- men skal spare lesarane. Prata med Solveig nabo i telefonen, og no skal eg snart opp og drikke kaffi med Marit, middagen deira vart litt seinare enn berekna i dag. Eg trur Silje reiste til Molde i dag. Viss eg blir åleine i huset i morgon, kan det hende eg får rydda litt i tilbygget.
Eg kan mo tilstå at eg låg ganske lenge på sofaen og las i ei papirbok. Den er på over 400 tettskrivne sider, og eg er ikkje havvegs enno.
Viss det blir klårt i morgon , kan det hende eg får sjå sola.
Sjå om de ser "Svarte-Per"-fuglen på bildet . Trosten og skjora er her kvar dag, men småfuglane har eg ikkje sett på ei stund. Må sjekke om der er mat til dei.

tirsdag, januar 15, 2019

Dagbok 2019: 15.januar



Klokka er 18.10, temperaturen har krope ned på minus 4 og det har slutta å snø. Det siste er eg fornøgd med. Det er nok snø no, og viss det skulle bli klårvêr får vi sol inn i stova om eit par dagar.
Sist natt låg eg mykje vaken og verkte, både i foten og hofta, merkeleg at eg har det verst når eg ligg i ro i ei varm seng.
Etter frokost gjorde eg ein del "kontorarbeid", skreiv referat frå møtet i går og laga ein liten epistel om komande møte, den vart send til avisa, så eg håper dei hugsar å sette den inn.
Eg likar i grunnen godt å mòke snø, men det er begrensa kva eg klarer akkurat no. Men fekk i alle fall fjerna mesteparten frå altanen. Nils sa alltid at ein måtte moke den, så ikkje vatnet tekte inn i huset når snøen smelta. Denne gongen hadde det snødd heilt inn til veggen, det plar det ikkje gjere, men det har vel vore vind. Trappa har eg ikkje fått mòka så bra, enno i alle fall. Mens eg var i farten henta eg ein sekk ved og hadde inn i kjellaren, la i omnen og la i hop ein klesvask. Tek ein med alle detaljar, kan det høyrest ut som ein har gjort mykje. Det har eg ikkje. 
Etter at eg hadde tatt meg litt mat, kom Silje og ville ha ei skriftleg erklæring på at ho hadde betalt husleige her mens ho var i praksis på Vestnes. Det fekk ho sjølvsagt.
Elles har eg i heile dag venta på at dei skulle komme med dunken til matavfall, eg har hatt kontakt me VØR to goner om den dunken og eg skulle få den i løpet av dagen i dag-men eg har ikkje sett noko.
Og slik går no dagane, kjedeleg å ikkje kunne strikke, men når ein ikkje kan sitte er det ikkje så enkelt, kan ikkje gå rundt som ein Hans Nilsen Hauge heller-kanskje ute, men ikkje inne i hus.
Lysrøret i taket har slutta å virke her på datarommet, så eg får kanskje prøve å få tatt det ned. Enn så lenge har eg sett inn ein stålampe som lyser på tastaturet.

mandag, januar 14, 2019

Dagbok 2019: 14.januar



Klokka er no 19.20, temperaturen  minus 1 grad og det snøar framleis. 
Eg har i alle år ønska at vi hadde eit overbygg over trappa vår, og i det hadde det sanneleg vore bruk for det. Det hadde kome mykje snø i løpet av natta, så det var ikkje råd å gå ut utan å grave fram trappetrinna. Eg hadde ikkje ærend ut, så eg gjorde ikkje så mykje av det. Eg sende melding til Eli at eg kunne ikkje komme på møtet. Svaret var: "Eg hentar deg kl.11.40". Eg tok ein dusj, vaska håret og hadde på meg reine klede. Så fekk eg ny melding: "Magnar hentar deg". Same for meg. Eg tok spaden og laga ei lita rås frå trappa og opp på vegen. Og Magnar kom, så i dag fekk eg køyre i ein Citroën.
Møtet varde berre ca.1 time og så køyrde Magnar meg heim att. Og takk for det. Ein av naboane, eg tippar at det var Torbjørn, men er ikkje sikker, hadde fresa eller mòka tune. Silje tok vekk snøen framfor bilen sin. Før ho flytta inn hos oss gjorde eg henne merksam på at ho kanskje måtte mòke snø sjølv, det er ein av grunnane til at eg ikkje tek så høg husleige.
Eg begynte på halskanten på genseren i går og heldt fram i dag, men så fann eg ut at eg ville strikke på tynnare pinne, tok opp att heile greia og strikka på ein tynnare pinne. No er eg ferdig, men vil ikkje felle av før eg høyrer kva Solveig seier. Ho kjem innover i løpet av veka.
Elles åt eg siste resten av laurdagsmiddagen i dag. Då har eg ete middag tre dagar på rad og treng ein pause.
Sist natt vakna eg og verkte i føtene og hofta igjen, men etter litt tablettbruk, sovna eg att. Er elendig med det samme eg er oppe, men kjem meg litt etter kvar. I dag hugsa eg å hente inn ved mens det var lyst, har fyrt i omnen og hatt det varmt og godt. Har vaska eit par maskiner med klede, men elles ikkje gjort stort anna ennå strikke.
Så sende eg melding for andre gong til VØR at eg ikkje har fått matavfalls-dunk og det er levering komande onsdag. Dei skulle komme med i morgon. Det er 14 dagar mellom kvar tømming, så ein må få av garde det ein har. Elles er det som vanleg rikeleg plass i dunkane mine om naboane ikkje har plass nok i sine.
Denne veka må eg prøve å komme meg til frisør, og så må eg skrive eit lite avisinnlegg. Neste veke blir det travelt. Då skal eg på røntgen tysdag, på pensjonistmøte onsdag, og så må eg skrive referat torsdag. Eg er glad for alt eg greier å gjere.
I dag har eldste guten til Mimi og Rolf (broren til Nils) fødselsdag. Han vart fødd samme året som Margrete. I dag fyller han 51 år og eg gratulerer han med dagen.



søndag, januar 13, 2019

Dagbok 2019: 13.januar


Klokka er no ca. 18.15, temperaturen er minus 1 grad og det har kome ein del snø. Bilda over er tatt kl. 14 - då såg eg lyset av sola gjennom skyer og snø.
Søndagane er ofte dei treigaste dagane, men eg kjeder meg ikkje eit sekund. Eg sov bra sist natt, men vakna i 5-tida av at eg verkte i hofta og begge knea. Eg tok 2 Paracet og sov vidare-sidan har eg ikkje tatt smertestillande; når eg sit i ro er det ikkje vondt, så då treng eg ikkje ta tablettar. I dag har eg stort sett sete og strikka, pluss at eg vaska bad- og kjøkkengolvet -det hadde eg ikkje gjort før helga. Til middag hadde eg restar frå i går, og eg er redd eg må ete resten av resten i morgon. Kor vidt eg kjem meg av garde til pensjoniststyremøtet i morgon står att å sjå. Vil dei ha meg der, får dei hente meg. Skulle ønska at vêret var litt meir stabilt, no er det regn og snø annakvar dag om lag.
No strikkar eg veldig ivrig på genseren min, berre 6 runder att med mønster, spennande å sjå om eg har nok garn, men Solveig kjøper meir viss eg treng. Det var kjekt å strikke med berre to fargar, botnfarge og mønsterfarge. Då blir det heller ikkje så mange trådar å feste. Eg strikkar helst på dagtid, for eg kan ikkje sjå TV mens er strikkar mønster. 
Eg er ikkje frisk i foten, men eg er i alle fall mykje betre, og berre det er no positivt. Håper eg er i form til eg skal slå plenen før 17.mai. Eg er mykje heime åleine, men det gjer ingen ting, eg kan prate høgt med meg sjølv om eg har lyst-gjer det ofte. Det er kjekt å få besøk, men aller helst skulle eg ønske at eg kunne komme meg til frisør, for frisyren er ein katastrofe.


Denne planten fekk eg av ei venninne då Nils døde, og no blomstrar den igjen. Desse plantane skal ha rikeleg med vatn, så kan dei blomstre igjen og igjen. Eg veit faktisk ikkje kva planten heiter.


lørdag, januar 12, 2019

Dagbok 2019: 12. januar

Klokka er 18.30, temperaturmålaren står på 0 grader og eg trur det lysnar opp ute. Såg litt blå himmel tidlegare i dag, og no ser eg ein veksande måne sør på himmelen. Det var i alle fall godt å sjå dagslyset igjen i dag.
Noko anna som er positivt er at foten min er blitt litt betre-men langt frå heilt bra. Eg har det framleis best når eg sit i ro. Men sist natt sov eg utan å vakne av at eg verkte i alle fall. Håper eg blir rimeleg bra til mandag for då skal eg på styremøte i pensjonistlaget. Eg reknar ikkje med at eg kan gå verken ned eller opp, men det lagar seg vel ein utveg.
I dag venta eg Margrete, Amanda og Erlend til middag kl.14, og dei kom presis. Eg gjorde det lettvint:laga ein stor porsjon med brun saus, hadde frosne kjøtkaker på lager, kokte poteter og gulrøter og dett var dett. Eg må prøve å bruke av det eg har i hus, så det ikkje går ut på dato.
Etter at vi hadde drukke kaffi for Margrete og Erlend og handla mat. Erlend handla til meg. 
Amanda og eg prata om oppgåva ho skal skrive om mor mi. Det vart mykje mimring; mykje veit eg - og enda meir veit eg ikkje. Så mange gonger tenkte eg at eg skulle be mamma skrive ned litt om livet sitt. Ho hadde mange jobbar og budde mange stader før ho kom til Eid. Ho var 34 år og pappa 39 då dei gifta seg. Tida mellom dei to verdskrigane var vanskeleg på mange måtar, og ein måtte ha eit levebrød før ein kunne gifte seg. Mange i den generasjonen gifta seg seint. Men mamma rakk likevel å bli oldemor til 4 gutar før ho døde - 87 år gammal. 
Eg passar på å skrive ned mest mulig om mitt liv, slik at barn og barnebarn slepp å vere uvitande. Sjølvsagt får dei ikkje vite ALT. Det skulle tatt seg ut !
Eg synest det er kjekt at eg kan hjelpe til med slikt , eg har no studert både norsk og historie, så litt kan eg bidra med, sjølv om eg er gammal - eller kanskje nettopp derfor. Det er litt av ei utvikling vi har gått gjennom. Av og til tenkjer eg på at mormora mi var fødd i 1879 - farmora mi året før - og eg hugsar det dei fortalde. Skulle berre snakka meir med dei. Men då er var barn og ungdom tenkte eg ikkje slik som eg tenker i dag. Sjølvsagt gjorde eg ikkje det.

fredag, januar 11, 2019

Dagbok 2019: 11. desember

Klokka er no ca. 18.99, det er + 1 grad C ute og det sluddar. Bildet over tok eg klokka 13 i dag.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag, men eg veit at mange er innom bloggen min kvar dag, så eg får gi eit lite livsteikn i dag også. 
I natt sov eg nokså normalt og stod opp i "skikkelig " tid-utan at det har blitt gjort noko særleg av den grunn. Husarbeidet har blitt stilt ned på minimum, så det tok ikkje tid. Det eg stort sett har brukt tida mi på i dag er å sitte framfor datamaskina og skrive. Eg har chatta med diverse personar både til nytte og ikkje så mykje nytte. Ei venninne ringde, slik at vi fekk ein telefonprat om ikkje anna.
Og så har eg strikka på genseren min. Det må eg helst gjere på dagtid, utan TV på, no som eg held på med mønsterborden. Når eg konsentrerer meg skikkelig gjer eg ikkje feil-trur eg. Nokre omgangar til no, så skal eg begynne på rundfellinga.
I morgon kjem Margrete og dei to heimebuande ungane på besøk, og det ser eg fram til. Margrete skal få handle til meg - eller kanskje greier eg å vere med på butikken? Julelageret mitt begynner å minke katastrofalt no, så eg treng både det eine og det andre. 
Eg plar slå på TV-en klokka 18 for å høyre nyheiter, har ikkje hatt på radioen ein gong i dag, så gudane må vite kva som hat hendt i verda.
Er vil ønske alle ei god helg - og så ønsker eg meg lysare dagar-gjerne med sol.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...