søndag, januar 27, 2019

Dagbok 2019: 27.januar

Foto: Gunn Torill Haukaas

Klokka er 20.20, temperaturen er minus 7 grader og det har vore fint vêr i dag også, sola har eg sett opp til fleire gonger. Ja, den var her så lenge at eg til slutt tok ei bøtte med lunka vatn m/eddik og vaska stuevindua utvendig. Eg greidde berre ikkje å sjå på elendigheita lenger. No trur eg faktisk ikkje det blei så mykje betre.
Elles har eg vore her åleine i heile dag, noko som til dømes fekk meg til å lese ut papirboka Margrete kom med. Eg har mange lydbøker på beddingen, så no får eg ta dei. Då kan eg strikke samtidig.
Helst av alt ville eg prøvd å komme meg litt ut, men sparken min kan eg ikkje bruke, sidan vegane er strødde, og eg må vere litt varsam med å bruke broddar, trur det røyner på knea. I dag har eg ikkje vore lenger enn ned i tilbygget og henta ved.
Elles har eg høyrt radio og strikka, og laga meg middag til ei forandring. Hadde ferdig skrelte poteter som eg kokte, og så steikte eg grillpølser til og hadde frosne grønsaker som eg tina i mikroen. Reine festmåltidet!
Margrete tilbaud at eg kunne få vere med dei på opninga av den nye Ørstahallen, men eg takka nei. Trudde det vart litt for travelt for føtene mine. Erlend og bandet hans spela blant anna. Eg synest det er så rart at Erlend også er blitt musikar, det har liksom vore Eirik som har vore mest frampå med song og musikk. Men dei er vel begge utstyrt med musikk-genar. Margrete har lagt dei ut på FB sida si for dei som kan vere interesserte. Dei er berre tre Erlend og Håkon som er naboar og så ein herifrå som eg ikkje kjenner.
Har lagt i hop eit par klesvaskar i dag, elles har eg vore nokså lat. Sovna litt i stolen etter middag, til tross for at eg sov godt sist natt.
Denne veka må eg komme meg på butikk, manglar framleis batteri i klokka mi, så treng eg lysrør til datarommet og diverse anna. Om ikkje før så kjem eg meg nedover på onsdag, for då skal Marit og eg begynne på spanskkurs - det er på Bakk-Ola-marka. Det blir kjekt. Eli Kjøde skal vere læraren vår og så blir det vel ein tur i kaféen.
Resten av kvelden blir det vel å sjå TV-og strikke, held på med 6.lesteparet sidan jul. I tillegg har eg strikka ein genser. Slik blir det når føtene sviktar, men no er eg relativt bra.
Erlend i Migraine

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...