tirsdag, desember 31, 2019

Dagbok 2019: 31 desember

Klokka er no 17.00. Temperaturen ute er +3 grader , bildet som eg tok tidlegare i dag viser at vi får eit grønt nyttår her hos oss. Det er ikkje meg imot; eg synest snø og kvitt er fint, men snøen føre meg seg litt ekstra strabasar.
I dag har eg ikkje gjort anna enn å sitte ved datamaskina og ved TV-en. Eg vakna med veldig elendige armar og skuldrer, men det gav seg fort då eg var framme av senga. Eg hadde ingen ting på programmet i dag, men så spurde Marit om eg ville kome opp til dei og ete kalkun.eg sette meg ved PC-en og ville skrive eit avslag, men då slo det meg: Kvifor skulle eg vere så treig, så det vart eit positivt svar frå meg. Eg vil no ikkje ligge nokon til "byrde"-men eg håper dei ikkje føler det slik. Vi skal ete kalkun ca.1 time. Eg åt to kjeks til frokost og sidan ingenting, så det kan vere bra at kalkunen er stor. Det blir sikkert ein del fyrverkeri utover kvelden og natta, det er ikkje noko eg bryr meg om.
Då vil eg takke alle lesarane mine for dette året og ønske vel møtt i 2020.
Godt nytt år


mandag, desember 30, 2019

Dagbok 2019: 30.desember

Klokka er 16.45, temperaturen på trappa er + 6 grader, det regnar litt og blæs litt av og til. Då eg tok desse bilda relativt tidleg på dag såg det ut som vi skulle få sjå lyset, men det varde ikkje lenge. Sjølv er eg veldig nøgd med at snøen er nesten borte.
I dag var eg så syndig at eg sov til klokka var 10, men det gjorde godt. Då eg hadde fått på meg klede og ete frokost fann eg ut at dette var rette dagen for å vaske bad og kjøkken. Då eg hadde gjort det utstyrte eg meg med diverse reiskapar, fyrstikker og batteri og køyrde fram på gravplassen. Broddar hadde eg også med, på vona der var glatt. Eg har ikkje vore der sidan ei stund før jul, men Solveig var der på veslejulaftan og då låg isen der, tjukk og glatt. I dag var nesten all is og snø borte, så det var ingen sak å gå der. Eg bytte batteri i det elektriske lyset som står i buret. Prøvde å få eld i stearinlyset, men det var heilt umulig. Til slutt tok eg nokre bilde. Men då eg skulle legge bilda inn på PC-en var der ingen ting, det var litt dumt.
Elles har eg høyrt litt på boka mi på Storytel -det er nr.7 i serien. Den heiter "1968". Eg vil anbefale andre som likar lydbøker å abonnere på Storytel, det er veldig lettvint å bruke.
No håper eg vi får fint og mildt vêr ei stund framover-den 17.januar får vi sola att, og då håper eg energien kjem tilbake også.
Eg vil ønske alle ei fin nyttårshelg! Så vil eg takke for all kontakt i 2019 og ønske alle det beste for neste år.


søndag, desember 29, 2019

Dagbok 2019: 29.desember

Klokka er no 17.15, temperaturen ute er+ 8 grader. Det har ikkje vore lyst i dag, og regnet har sila ned. Eg har ikkje vore så trøtt og slapp i heile mitt liv-trur eg- som i dag. På føremiddagen sovna eg med eit glas brus i handa, og gad ikkje bytte bukse eingong, men gjekk med den til den vart tørr.
Eg er heilt ute av rute med kva som er dag og natt, legg meg seint, står opp seint eller til vanleg tid, sovnar på dagtid osv. I dag har eg gjort to ting; kveikt opp i omnen og vaska håret. Ja, eg passar no på å ete litt innimellom.
Elles har eg lese ut ei bok i Guillou-serien og begynt på den neste. Før i tida kunne eg sette meg til å lese heile bøker på ein dag, i seinare år har eg ikkje vore så lettsindig, men det er no eg eigentleg har høve til det.
Det blei ikkje til at eg tok turen på gravplassen, vêret var altfor ufyseleg og eg tvilar på om isen er borte. I morgon må eg vel komme meg ut ein tur, for no har bilen stått stille ei hel veke. Denne mørketida tappar meg for all energi eg kanskje har på lager. 
Men det er ikkje så farleg for meg, eg har heilårsferie og kan ta att det 
I morgon er det vesle-nyttårsaftan, og så er det snart kvardag igjen.
Bildet er tatt i 10-tida i føremiddag og lysare vart det aldri.



Bok nr.36 - 2019: Ekte amerikanske jeans


Eric, som er tredje generasjon Lauritzen, vokser opp på 1950-tallet tiden da grunnlaget for det svenske «folkhemmet» og velstanden legges. Et utbombet Europa skriker etter svenske råvarer. Samtidig preges tilværelsen av frykten for atomkrig. Men for Eric er de mørke skyene enda nærmere; hans beskyttede tilværelse i Saltsjöbaden er i ferd med å ta slutt.Gjennom de store omveltningene fødes også en ny ungdomskultur. Impulsene kommer ikke lenger fra Europa, men fra USA. Eric lar seg fascinere av alt det nye innenfor musikk, mote og film. Ikke bare greier han å smugle inn den forbudte drikken Coca-Cola han blir også den første i klassen som får et par ekte amerikanske jeans.Oversatt av Bodil EngenOm forfatteren:Jan Guillous rikholdige forfatterskap startet i 1971, og til sammen har han skrevet mer enn 40 bøker. Det store århundret er hans mest omfattende prosjekt noensinne og forteller om 1900-tallet menneskehetens største, styggeste og blodigste århundre. Tidligere utkommet i serien er Brobyggerne, Dandy, Mellom rødt og svart, Ikke ville se og Blå stjerne.
…………………………………………………………………………………………………………………….
Denne boka frå 50-talet kan ein kjenne seg godt att i, sjølv om Norge låg litt bak Sverige i utvikling i åra etter krigen. Syntest denne boka var veldig kjekk å lese. Neste bok handlar om 60-åra.

lørdag, desember 28, 2019

Dagbok 2019- 28.desember

Klokka er no 17.50 og eg var ut på trappa og sjekka temperaturen. Måtte sjå to gonger før eg var sikker på at gradestokken stod på  + 8 grader. Det er no berre lekkert. Eg har ikkje vore lenger enn til garasjen i dag heller, men viss det blir mildt og fint i morgon , kan det hende at eg køyrer bort om Askjellhaugen og ser om isen har smelta såpass at eg kan gå bort til grava og ordne opp litt.
I dag har eg vore litt meir vaken enn det eg var i går, så eg har fått rydda opp i matvarelageret, og shina opp att kjøkkenet. Så har eg lagt i hop klede og vaska enda ei maskin osv. Eg har ikkje hatt på TV, men lese ganske mykje i boka mi. Eg er no komen til 50 -talet i serien, og sjølv om boka er frå Sverige hugsar eg att mykje av det som var i tida. Eg høyrer den framleis på Storytel, noko eg vil anbefale andre å skaffe seg. Enda meir lettvint enn MP3 eller Walkman. Margrete anbefalte å legge kabal på Pc-en mens eg les og det gjer eg ofte, men det går fint å sitte og slappe av også, sjølv om sjansen til å sovne er nokså stor.
Eg har ikkje sett på TV-en enno, for eg rekna med at det stort sett dreier seg om sjakk der. Eg er interessert i sjakk, men kan ikkje sitte å glo på pila i det uendelege.
Å sjå TV er kjekt når ein er åleine og kan konsentrere eg, og eg er glad for at eg kjøpte ein stor fin skjerm då gamle -TV-en streika. 
For alle som er yrkesaktive er det kjekt med mange ekstra fridagar, men eg ser mest fram til at kvardagane skal komme tilbake, då blir det trening på tysdagane og så håper eg vi kjem i gang att med spansk-kurset igjen på onsdagane.
Eg har i grunnen ikkje mykje å fortelje, men eg må no gi eit livsteikn frå meg. Det er visst vind ute for dørene står og småristar.

fredag, desember 27, 2019

Dagbok 2019: 27.desember

Klokka er no 19.55, temperaturen på trappa er + 3 grader, og det som var is i går, er vatn i dag.
Eg sov veldig godt sist natt til tross for at eg vakna mange gonger. Dei som les bloggen min har sjølvsagt lagt merke til at eg har hatt problem med søvnen i seinare tid, det har mellom anna samband med at eg verker i armane, spesielt når eg er i ro.
Eg hadde vaska opp og rydda i går kveld, så eg låg frampå med godt samvit, og eg hadde ingen planar å realisere. Har ikkje vore lenger i dag enn ut i garasjen og henta ved. Fyrte godt i omnen før middag, sidan har varmepumpa greid jobben.
Sette meg ned i godstolen ei stund, og då sovna eg igjen, og på ettermiddagen sat eg og høyrde Storytel-bok ; trur eg sovna litt då også.
No har eg tenkt å halde meg vaken resten av kvelden, for det er mykje å sjå på TV. Eg kjeder meg ikkje i det heile tatt om eg er åleine, eg har TV, blad og bøker, og PC-en.
Marit og eg har kontakt på data kvar dag; når vi ikkje har vore i lag i dag, er det blant anna fordi ho er bestemor-barnevakt i dag.
Eg har huset fullt av mat, så eg har ikkje vore på butikk i dag, tvilsomt om det blir tur i morgon. Det kan no hende eg får lyst på ein tur ut. 
I dag åt eg restar frå i går til middag, men der er meir att.
Sette på ei maskin med klesvask i dag, det er om lag det einaste eg har gjort. Eg føler at eg er veldig lat, men håper at energien kjem tilbake snart. Ønsker alle blogglesarane ei fortsatt god jul, og svart feirer vi nyttår.

torsdag, desember 26, 2019

Dagbok 2019: 26.desember. 2.juledag




Klokka er no 20.00, temperaturen ute er minus 1-2grader C. Der er vått på vegen, men det kjem kanskje til å fryse til is.
I mange år har det vore tradisjon å samle familien her i Starevegen, så i dag kom alle hit, berre ikkje Audun for han var ikkje heilt frisk, vi vart berre 11 til bords.. Det er også ein tradisjon-at ein eller annan blir sjuk i juleferien- og i år vart det Audun. Folk reiser mykje i tida rundt jul, og då kan det hende at sykjer spreier seg raskare enn vanleg.
Eg hadde laga den tradisjonelle maten for 2., nemleg Stroganoffgryte. Eg hadde laga den nesten ferdig før jul, så det var berre å legge siste handa på verket. Eg var ikkje heilt nøgd med tilbehøret, men det var ingen som klaga. 
Etter ei stund vart det dessert, både Margrete og eg hadde kjøpt inn til ostekake og begge ville lage. Så vart det ei gul og ei raud. I tillegg hadde eg laga ein annan dessert, men i tide hadde eg funne ut at det var nok. Og det var det. Gjestane fekk med seg restar heim.
Vi brukar også å ha kveldsmat, men det var ikkje stemning for det i dag, så no har alle fått beskjed om at dei må komme og ete kvelds med meg snart, eg har handla inn så altfor mykje.
Etter at gjestane hadde reist, rydda eg opp og fekk på ei maskin med oppvask, det blir nok litt meir enn det.
Eg var både mett og trøtt då eg sette meg til å sjå TV, så det var ikkje heilt fritt for at eg sovna eit minutt eller to. Det er så mykje å sjå på TV desse tider, men no var det DDE-konsert, og det var ikkje noko som eg ikkje kunne unnvere.
Eg er glad for at helga er over og at det blir kvardag igjen, såpass eg kan få komme meg på butikk for eksempel. No skal det vel snart vere romjulssalg for eksempel.
Ingeborg reiser tilbake til Oslo i morgon, men dei andre blir heime ei stund til.
Eg har fått så mange bøker til jul, så eg gler meg til alt eg skal lese no framover.

onsdag, desember 25, 2019

Dagbok 2019: 25.desember,1.juledag


Klokka er ca.17.30, temperaturen ute er + 2 grader. Eg vart litt skuffa i dag då eg såg at det var overskya og vått på trappa og gata. Men heldigvis er det regn og ikkje snø som dalar ned. Det hadde sjølvsagt vore fint med kvit jul-men eg tenkjer på moking.
I dag har eg vore åleine heime, slik det var planlagt. Eg har brukt dagen til å rydde litt og til å førebu familieselskapet i morgon. Eg har mellom anna laga ei kake, skrella poteter etc. Fekk ein ekstra jobb fordi eg hadde lagt bort juledukane utan å stryke dei-det har aldri hendt før, men i fjor var eg noko "fotalause" i jula, så eg gjorde det vel lettvint. Eg er nesten ferdig med det som skal gjerast i dag, berre litt småtteri som står att. Innimellom har eg sett TV-der skjer det noko heile tida, så eg kjeder meg ikkje. Det gjer eg aldri !
Eg hugsar då eg var barn, då var det ikkje skikk og bruk å gå ut 1. dag. Det heldt av og til hardt, når ein hadde lyst å treffe vennane sine og fortelje om julegåvene.
No er eg inne heilt frivillig og går rundt i T-skjorte og joggebukse med godt samvit. Eg ser fram til å ha alle på besøk her i morgon. Vi blir ca. 12 stk.  Barnebarna ser sjølvsart fram til å treffe kvarandre, det skjer ikkje ofte no når dei er spreidde for alle vindar. Vi vaksne/gamle er meir stadbundne og ser kvarandre oftare. 
Bildet over er av dei fire barnebarna på Hareid. 

tirsdag, desember 24, 2019

Dagbok 2019:24.desember. Julaftan




Klokka er no 23.30, temperaturen er 0 grader C og det er fint og tørt ute. Eg kom nettopp heim ., Øystein køyrde meg heim frå Hareid, der eg har vore og feira julaftan. Alle tre brørne henta meg 15.30, dei to eldste hadde henta lillebroren i Volda først , han går på krykker etter operasjonen.
Vi fekk nydeleg julemat då vi kom på Hareid. Og eg som ikkje hadde ete sidan frokost, sette stor pris på maten. Etterpå skulle vi opne gåvene, og pakkehaugen under treet var større enn nokon gong før. Eg trur vi brukte 3 timar på å pakke ut, men drakk kaffi og åt dessert langs med. Same procedure as every year. Vi vart alle begava meir enn som godt var. Til og meg eg, gamle mennesket fekk mange fine gåver. Gåva frå Kongsberg pakka eg ut her heime, likevel hadde eg minst to pappesker med gåver med meg heim. Øystein køyrde meg heim og par inn godset mitt.
Takk til alle som gav meg ein fin julekveld! 
2. juledag skal vi samlast her hos meg.
Gledeleg Jul

mandag, desember 23, 2019

Dagbok 2019: 23.desember. Vesle julaftan

Klokka er 20.30, temperaturen er minus 2 grader C og det er fint og tørt ute-ikkje snø og ikkje regn.
Så er vi komne til kvelden før kvelden, og eg skulle i grunnen at sete framfor TV-en no, men det blir vel meir å sjå utover kvelden.
I dag har eg hatt ein roleg dag. Sov godt og lenge , var ein tur på butikken og handla det som mangla-trur eg.  Så sette eg meg til å lese ferdig boka eg heldt på med, slik at Margrete skulle få legge inn neste bok. Eg er ikkje heilt fortruleg med den mobilen enno.
Solveig og Øystein var innom ein snartur, dei hadde lånt Einar sin bil, for deira er framleis til reparasjon. Dei avleverte og henta julegåver. Det er liksom her byttestasjonen er.
Dei hadde vore på gravplassen og tent lys, men eg fekk forbod mot å gå der, der er framleis glatt is overalt, slik det var då eg ar bortom på fredag.
Eg rakk akkurat å bli ferdig med boka før Ingeborg og Margrete kom på besøk, også dei for å levere og hente julegåver. Einar kjem og hentar meg i morgon, eg skal vere på Hareid julekvelden. Håkon skal også vere med. Han har operert eit kne så han kan ikkje køyre sjølv.
Margrete og Ingeborg fekk kaffi og kake her med meg. Då dei var reiste var eg ein liten tur opp til Marit, som fyller 81 år i dag. 
No blir det vel å sitte framfor TV-en resten av kvelden, og høyre korleis ein får sprø svor på ribba, mellom anna.
Andre juledag er det slektstreff her i Starevegen, det er ein gammal tradisjon. Og den tradisjonen vil eg halde på så lenge eg kan.
Eg vil ønske alle som er innom bloggen ei 
GOD  JUL

Bok nr.35 2019: Blå stjerne

Jan Guillou har skriv ein serie på 8 bøker der vi følgjer ein familie gjennom heile 1900-året. Denne boka er nummer 5 i serien, og sluttar med fredsåret 1945. 
Eg har høyrt alle bøkene på Storytel på mobilen, og det har vore kjekt. No ligg neste bok klar.

søndag, desember 22, 2019

Dagbok 2019: 22.desember

Dette bildet var tatt kl.12.30. 
Dei andre to kl.15.45.

Klokka er no 15.45, temperaturen er ca. 1 grad under 0 no. Det har vore ein nydeleg dag, med klårt vêr og sol i fjella. Vi må nok vente til ca17.januar før vi får sol inn i stova.
I dag hadde eg litt å gjere her heime, så eg utsette handlerunda til i morgon. Viss eg er litt tidleg ute får eg alt eg treng på Kiwi. I dag fiska eg to kaker opp frå frysaren og kledde dei opp med sjokolade glasur. Den eine skal Margrete ha. Ikkje mykje arbeid, men litt ror fylgjer det med, så det var greitt å få det unna.
Så vaska eg badet og kjøkkenet, så no er eg så å seie ferdig til jul. Hadde armane mine spelt på lag, kunne eg sikkert ha gjort meir. Det er mest pyntinga som er skadelidande.
Etter at eg var ferdig å vaske tok eg meg litt mat før eg fyrte i omnen. Så sette eg meg til å høyre radio, men armane likar ikkje at eg er i ro, då begynner dei å verke med ein gong. Eg må visst legge opp eit spøt såpass eg kan sitte i ro.
I morgon reknar eg med at Soveig og Margrete kjem for å bytte julegåver og få med seg gåvene frå Rasmus. Eg har ikkje kjøpt ein einaste ting- eg gir berre pengar og så må dei kjøpe sjølve. Eg har ikkje fantasi nok til å finne høvelege gåver til så mange.
Eg har ikkje skrive julebrev heller, for dei fleste eg kjenner er inne på bloggen min av og til, så eg får ønske alle god jul her- og på Facebook.
                                    GOD JUL !
Forresten lærte eg noko nytt på Lina Eide sjovet i går. Nemleg at det gammalnorske namnet for jul-jol- faktisk tyder hjul-noko som går rundt. Og kva er det som går rundt ?- året/jorda rundt sola. I førkristen tid var jula ein fest for at sola "snudde". Då var det joleblot. Men mens mange andre land har døypt festen om til kristne namn, held vi her i Norge på det gamle heidensk namnet. Det engelske Christmas(Kristus-messe) er ikkje blitt adoptert her.




lørdag, desember 21, 2019

Dagbok 2019: 21.desember

Klokka er 18.07, temperaturen er +6 grader C, tidlegare i dag var det +10 grader, og det har vore fint ver og opplett. I følge dagboka mi skal sola snu i morgon, og då ser eg fram til lengre og lysare dagar -etter kvart.
I dag har eg ikkje vore så flittig, det har mest med armane mine å gjere, dei er vonde frå morgonen av og tek seg ikkje så lett opp att. Men  eg har i alle fall fått gjort det som var mest nødvendig, nemleg å støvsuge alle teppegolva. Eg fekk lufta godt ut på same tid, og så kveikte eg i omnen for å få opp temperaturen igjen.
Etter at eg hadde ete "middag" la eg meg strak ut på dagsenga mi på datarommet og høyrde bok på Storytel. Men armane likte ikke å ligge i ro, så eg trur ikkje eg sov mange minutta. Så stod eg opp att og las meir i boka mens eg la kabal på Pc-en. Det er i alle fall ikkje godt for armane, så eg kan no takke meg sjølv for noko av det vonde.
Eg har altså ikkje vore heilt i strøk i dag, men reknar med å vere i form igjen i morgon. Eg har ingen spesielle planar for dagen i morgon, men det er no ope både her og der viss eg får lyst å handle t.d. Eg likar t.d. å fare på Plantasjen om sundagane-sjølv om eg eigentleg er imot sundagsopne butikkar. Alle orkideane mine er avblomstra og dei tre novemberkaktusane er også ferdige med bløminga, så eg treng litt farge i vinduskarmen.
Eg studerte på å begynne å gå på fonnvernet igjen, men då vart eg advart av ein nabo som kunne fortelje at der er blankis. Men vegane og gatene er berre, så viss eg vil gå tur, kan eg det.
Siste vask før jul tek eg på veslejulaftan, trur eg.
No sit eg visst og tenkjer med fingrane på tastaturet, sidan eg ikkje har så mykje å skrive om. Blir vel sittande framfor TV-en det meste av kvelden. I kveld ser eg fram til Linda Eide og "språksjovet" hennar.

fredag, desember 20, 2019

Dagbok 2019: 20. desember


Klokka er snart halv seks, temperaturen ute er + 6 grader- og det regnar. Det er meir og mindre mørkt nesten heile dagen. 
Eg stressar ikkje framfor jula i år, eg gjer det eg kan, så får resten vere. I dag hadde eg nokre ærend i Vik, skulle ordne med ei gåve, hente pakke og kjøpe det meste av det som stod på lista mi, og det var ikkje så lite. Var ein liten tur innom ALTI i dag også.
I staden for å vente på at postmannen skulle komme med hentelapp, gjekk eg inn på nettet og sjekka om pakken frå Rasmus var komen fram, og det var den. Eg noterte koda og då fekk eg utlevert pakken. Rasmus sender alle gåvene til oss her oppe til mi adresse og så blir det ein byttedag her, truleg på veslejulaftan.
Det vart nokså fullt i bilen då eg hadde fått ut alt. På vegen heim køyrde eg bortom gravplassen og ville rydde litt på gravsteinen, men det var uråd å gå bort til grava, for heile gravplassen var dekt av tjukk, glatt is, så eg tok ikkje sjansen.
Etter at eg hadde fått alt godset mitt i hus, skreiv eg eit julekort og køyrde ned på ASKO og posta det, mens eg enno hadde sko og ytterklede på meg.
Då eg kom heim fyrte eg i omnen før eg tok meg mat.
Og så kom den store detten. Kvar dag med det same eg har ete "middag" vil augene late seg att, og då set eg meg i stolen framfor TV og søv eit sekund eller to.
Når eg skriv om alt dette som er "gjer" er det ikkje for å skryte, eg er berre glad for alt eg greier utan hjelp. 
Og for at eg lever. Eg snakka med ei jamaldra venninne i går, -og som ho sa: "Er du ikkje glad for at vi lever?" Jau, det er eg. I dag trefte eg ei som eg kjenner- på butikken, og prata litt med henne. Eg spurde korleis det stod til. "Ja, med meg er det bra," sa ho, "men mannen min har fått Alzheimer, og han vil ikkje på Ørstaheimen". Det er mange som ikkje har det heilt greitt, særleg når ein kjem opp i åra. Så om ikkje alt er tipp topp så får ein vere glad for at ein har det rimeleg bra.
Eg skal ikkje gjere så mykje meir i dag, skal bruke helga til å pynte opp litt meir, trur eg. Det er diverse som må gjerast så nær jul som mulig.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Lat vere å stresse - og køyr forsiktig !

torsdag, desember 19, 2019

Dagbok 2019: 19.desember

Klokka er no 17.40, temperaturen er + 4 grader og det regnar. Håper det regnar ifrå seg før jula kjem.
I dag har eg gjort så å seie ingenting- og då meiner eg INGENTING. Eg har gått her og pusla, fyrt i omnen og vore på data. Eg venta på posten, for eg tenkte det kom ein hentelapp-då skulle eg vere klar å køyre ned og hente pakken men s det enno var lyst. Posten kom, men ingen lapp i dag heller.
På føremiddagen hadde eg tatt ein telefon til ei venninne i Bergen, og det einaste som var i postkassa i dag var eit kort frå systera hennar. Litt pussig samantreff.
Ragnhild hadde sagt ho ville stikke innom i dag eller i morgon, då ho ikkje hadde kome før det begynte å skymast trudde eg ikkje ho kom før i morgon, men akkurat då kom ho. Ho ville ikkje ha verken vått eller tørt, så vi sat berre og prata ei stund.
I morgon er det fredag, så då må eg vel ta meg saman, kanskje handle litt, eller gjere noko anna nyttig. Men det meste må gjerast nærmare jul.Eg har litt dårleg samvit fordi eg ikkje er stressa framfor jula-men kva kan eg gjere? Ikkje så mykje. Har ikkje ein gong snø å moke.
Eg kjem ikkje til å skrive verken julekort eller -brev. Det blir med helsingar her på bloggen.

onsdag, desember 18, 2019

Dagbok 2019: 18.desember






Klokka er no 17.40, temperaturen er knappe to plussgrader, men det har vore opplett i dag. Såg eit glimt av sola på fjelltoppane på føremiddagen. I dag var avtalen at eg skulle køyre Marit til frisør klokka 11. Før vi for fekk eg blant anna tid til å vaske håret.
Eg køyrde så langt som det er lov innover i gågata for å sette av Marit-etterpå køyrde eg enda litt lenger for å sleppe å snu. Parkerte på parkeringsplassen ned mot sjøen og gjekk opp att i banken, der eg leverte skriftleg datoen for passutskriving på lensmannskontoret. Så gjekk eg ned på ALTI -tidlegare Amfi, tok ein runde, men kjøpte ingen ting. For å nytte tida til noko fornuftig gjekk eg ein tur i Hamneparken, dvs. området mellom ALTI og småbåthamna. Trur eg har gått der berre ein gong før. Det var blankis nesten heile vegen, men der var sanda. Då eg kom så langt at eg skulle gå bortover mot ALTI var det så lite sand at eg tok ikkje sjansen, men snudde og gjekk same vegen tilbake. Eg gjekk tilbake til parkeringsplassen, henta bilen og køyrde opp til Svendsen-garden. Der ser eg Marit på fortauet på andre sida av gata, der ho står og fiklar med mobilen for å ringe til meg. Så eg kom akkurat i grevens tid. 
Vi handla ein god del på Spar begge to, men då eg skulle krysse av på hugselista mi som var heime, vart det ikkje så mange kryss til tross for at eg hadde handla 3 store plastposar fulle.
Eg hadde fått ein lys ide om å skrive og sende eit julekort. Marit hadde frimerke som eg fekk kjøpe med henne, og så køyrde eg ned på ASKO og posta det.
Rasmus har sendt pakke til meg, men eg fekk ikkje henteseddel i dag.
Derimot fekk eg brev frå Helfo om at eg no har frikort også på lege og medisin, fysioterapeut fekk eg førre veka. Så no har eg gratis både lege og terapeut resten av året. Eg hadde forresten betalt inn litt for mykje som eg no fekk tilbakebetalt-det dekka så å seie den famøse drosjeturen.
Etter at eg var ferdig med pliktene mine, tok eg meg litt mat, fyrte i omnen og sette meg og døsa i godstolen.  Og når eg set meg i ro kjem armane på at dei må halde meg vaken, så vidt det er.
PS: Bilda er tatt med Doro-telefonen, så dei er ikkje av så god kvalitet.

tirsdag, desember 17, 2019

Dagbok 2019: 17.desember


Klokka er snart halv sju, temperaturen ute er + 4 grader og det regnar. Det er  knapt nok lyst midt på dagen. Men eg vil ikkje klage på regnet, det slepp eg i alle fall å moke. 
I går skrytte eg av kor flink eg hadde vore å jobbe. Jau, takk, den flinkheita vart straffa hardt. Eg sovna då eg la meg, men vakna etter ein time fordi eg verkte så innmari i armane. Eg stod opp og leita febrilsk etter Paracet, men fann ingen ting. Eg smurde meg med den fabelaktige salven som eg kjøpte på nett. Trur ikkje den hjelpte så mykje, men eg sovna i alle fall igjen og sov til den lyse morgon. Eg hadde tenkt å ta det litt roleg i dag og det har eg gjort. 
Men eg måtte ta ein tur nedover og melde meg i banken. Har fått massevis av meldingar om å kome til banken og ta med gyldig pass osv. I dag gjekk eg inn i banken og melde meg. Viss eg ikkje hadde brukt nettbank og bank ID kunne det greidd seg med førerkortet som identifikasjon, men sidan eg brukar nettbank må eg ha pass. Eg fekk råd om at eg skulle ringe lensmannskontoret og tinge time. Det gjorde eg , og fekk time den 17.januar. Så må eg inn att i banken og orientere dei om kva tid eg har fått time.
Eg fekk kjøpt meg Paracet og litt frukt mens eg var i Vik, og så fylte eg bensin på bilen.
Då eg kom heim gjorde eg litt diverse arbeid, mellom anna fyrte eg i omnen. For å spare armane litt sette eg meg pal i godstolen, men spratt opp att etter ei stund, for då hadde eg funne ut at litt krumkaker måtte eg ha til jul. I dag brukte eg Ingrid Espelid si oppskrift. Den var om lag slik som den eg har brukt før, men med litt meir vatn i, så deigen vart ikkje for tjukk. Det var ei lita oppskrift, berre ca.25 kaker. Mens eg steikte tenkte eg litt på fordums tider, då det berre var eg som hadde elektrisk krumkakejern og steikte til heile familien. 
Og så hugsar eg Nadja, ho fekk ete det som eg ev. skar vekk på kantane. Ho var alltid på plass under steikinga. Eg prøvde å rekne etter og det er i alle fall 4 år sidan sist eg laga krumkaker-om ikkje meir.
I morgon skal eg køyre Marit til frisøren hennar i Gågata, så då kan eg stikke inn i banken med det samme. Og så kan eg ev. gjere andre ærend. Eg har ei kjempelang hugseliste, men den tek eg ikkje enno, for det kjem sikkert meir til. 
Eg kjenner at eg får for lite mosjon, men det er kanskje bert på Fonnvernet no, såpass eg kan ta meg ein tur, men dagane er korte og mørke.
Datoen i dag minner meg om at ein av gutane på Eid har fødselsdag.




mandag, desember 16, 2019

Dagbok 2019: 16.desember





Klokka er no 18.25, temperaturen ute er + 2 grader og det regnar. Eg har ikkje vore lenger enn ut på altanen i dag-det var på føremiddagen og vêret var fint og utan nedbør.
Eg brukar å syte over at eg ikkje får gjort noko; i dag skal eg gjere tvert imot, eg skal skryte av alt eg har gjort. Det verste er å kome i gang, så eg starta arbeidsdagen forsiktig med å feste trådar i eit lestepar.
Så fann eg fram kjøtet som Einar og eg hadde kjøpt, og begynte å skjere det opp i terningar. No er eg så heldig at eg har ein diger, god kniv, og så har eg knivstål. Det ønska Nils seg- og paradoksalt nok kjøpte eg det til han til siste gongen han hadde fødselsdag. Han fekk ikkje brukt det mykje, men han demonstrerte det slik at eg no har nytte av det. Eg slipte kniven sylskarp før eg gjekk laus på oksen. Det gjekk heilt fint, eg fekk steikt kjøttet, så no er det berre finpuss som skal til på Stroganoffgryta som eg skal lage til 2.juledag. Det er ein tradisjon vi har hatt nokre år, å samlast her 2.juledag.  Viss Håkon kjem seg hit blir vi 12 med meg. Håkon har operert eit kne, så det er ikkje sikkert at han blir mobil.
Etter at eg hadde gjort ferdig kjøttet og rydda opp, kom turen til soverommet. Sidan det var så bra vêr hadde eg hengt ut både sengklede og golvteppe, så det var berre å vaske, og sidan eg var i gang tok eg badet og kjøkkenet med det samme, så kan eg ta siste vasken før jul på vesle julaftan.
Vaskemaskina jobba med sitt nede i kjellaren, men eg måtte no ned av og til for å flytte klede over i tørketrommelen. No har eg lagt i hop og stroke det som skulle strykast av maskin nr. 1. Nummer to er på tørk.
Elles har eg tatt oska ut or omnen og fyrt med ved.
Ei stund sat eg og la kabal på data mens eg høyrde lydbok. Då fekk eg telefon om frammøte i banken; eg har fått ørten e-postar og mobilmeldingar før om å møte fram i banken -med gyldig pass. Eg har ikkje gyldig pass og har ikkje tenkt å skaffe meg det før eg ev.treng det. Men ho eg snakka med i dag, sa at eg kunne bruke sertifikatet som identifikasjon, og så måtte eg love å gå i banken i løpet av veka. Så no må eg vel ta meg sammen.
Eg hadde inntrykk av at eg ikkje hadde gjort så mykje likevel no når eg ramsa det opp-det plar vere motsett, det plar sjå meir ut på prent.
No skal eg kose meg med å sjå på TV og strikke ferdig ein lest.

søndag, desember 15, 2019

Bok nr. 34 -2019: Ikke ville se.






Fjerde bok i serien Det store århundret. Utenfor Sveriges grenser ulmer en verdensbrann som med tiden vil bli kalt Den andre verdenskrig. For Lauritz, den eldste av brødrene Lauritzen, er det vanskelig ikke å ta stilling. Familiens største økonomiske inntektskilder befinner seg i Tyskland, akkurat som barnas mormor og morfar. Men tyskerne har også okkupert brødrenes hjemland, Norge. Anmeldere om Ikke ville se: «Gripende og raffinert». Gefle Dagblad «Godt jobbet, Guillou! Dette lover godt for fortsettelsen». Östgöta Correspondenten «Ikke bare klarer han det, han gjør det elegant og rett som det er underholdende med sin lakoniske humor. Foruten et nytt perspektiv gir han en levende skildring av 1940-tallets Sverige.» Borlänge Tidning «Med Ikke ville se har Jan Guillou nådd et høydepunkt som forfatter. Han gestalter levende og innsiktsfullt en tid der mange opplevde uvisshet og splittelse, ikke minst på det personlige planet.» Vestmanlands Läns Tidning Om forfatteren: Jan Guillous rike forfatterskap startet i 1971, og til sammen har han skrevet mer enn 40 bøker. Det store århundret er hans mest omfattende prosjekt noensinne og forteller om 1900-tallet - menneskehetens største, styggeste og blodigste århundre. Tidligere utkommet i serien er Brobyggerne, Dandy og Mellom rødt og svart. Oversatt av Bodil Engen
……………………………………………………………………………………
 No har eg lese den fjerde boka i serien på 8.
Jan Guillou har skriv ein serie på 8 bøker der han tek for seg heile 1900-talet og det som skjer i Europa  gjennom hundreåret. Bøkene er lett å lese og ein finn kanskje historisk stoff som ein ikkje kjenner frå før. Eg har tenkt å lese dei fire neste bøkene også.

Dagbok 2019: 15.desember.

Klokka er no 16.20, temperaturen ute er 0 grader. Det har vore opplett og fint i dag, så eg kan angre litt på at eg ikkje har vore ute og gått tur. Eg har ikkje vore lenger enn ned i tilbygget.
Då eg kom heim i går kveld, sette eg meg til å sjå TV-program som eg hadde tatt opp, dermed vart klokka 2 før eg la meg. Det var no ikkje så gale, men så fekk eg ikkje til å sove, siste gongen eg så på klokka var ho 4. Klokka 8 var eg vaken igjen og stod opp ei stund etterpå. Eg var trøtt og uopplagt og hadde ikkje lyst til noko. Men eg fyrte godt i omnen etter kvart og las ut Storytel-boka mi. Så no har eg lese fire bøker av den 8-bok lange serien. Serien er grei nok, og lettlest, så eg slepp å grunde så mykje. Eg trur eg sovna aldri så lite under lesinga, så då vart eg litt lettare etterpå.
No har eg bakt 3 brød igjen, brøda går fort unna her i huset sidan eg stort sett et brød til alle måltid. Håper eg er heldigare med brøda denne gongen, dei som eg bakte sist vart noko smuldrande.
Eg hadde halvvegs tenkt å handle litt i dag, men orka ikkje sidan eg var så trøtt. Eg får heller begynne å skrive ei liste slik at eg ikkje "gløymer" noko kvar gong eg er på butikk.
Eg får ikkje gjort så mykje som eg gjerne ville til jul, armane er ikkje gode og det manglar litt energi også. Det er i grunnen litt rart, for eg brukar å ha arbeidslyst-håper det rettar seg når sola snur. Det var så mykje eg ikkje fekk gjort i hagen denne hausten, for regn og snø etc. øydela.
No er begge leigebuarane mine reist heim til jul og eg er åleine i huset, og så har eg god parkeringsplass for dei som kjem på besøk. Bilen min står i garasjen, og det er så bra -då slepp eg å koste snø og skrape is. No skal eg snart ta fram strikketøyet og sette på TV-en. Eg strikkar ikkje så mykje, men det går fint å strikke nokre lestepar. No er det ei arbeidsveke -så er det jul.
I kveld er det julekonsert i Voldakyrkja med fleire kor, men dit skal ikkje eg. Det er så mange konsertar denne tida at det er ikkje mulig å få med alt.

lørdag, desember 14, 2019

Dagbok 2019: 14.desember

Klokka er no 22.15, temperaturen er + 4 grader og det er nydelig vêr og måneskin ute. Eg kom nettopp heim frå Fosnavågen der eg har vore på konsert med Adam Douglas i lag med Margrete og dei fire barna. Det var veldig flott konsert, men mykje høg lyd, noko som triggar  tinnitusen min. Men det bryr eg meg ikkje så mykje om. Det går over - nesten.
Eg var litt bekymra fordi Margrete sin bil var for liten til å romme alle. Men vi fann ut at Eirik kunne køyre min bil, og eg kunne sitte på. Eg har fått eit heilt nytt syn på bilen min etter denne turen, for Eirik køyrde så fint og jamt og trygt. Det eg var redd for var at det kunne bli vanskar på heimvegen i den bratte enden av tunnelen, så eg sende eit spørsmål til Bodil om giring. Eg fekk ikkje svar med ein gong, så eg las like godt i boka som følgjer med bilen, og fann ut at vi kunne sette den i 2 i nedoverbakke. Då vi var på plass i konsertsalen fekk eg svaret frå Eid- og det stemte med mitt. No er det automatgir på bilen, så det er ikkje vanleg giring eg skriv om. Men Eirik fann ut at det var unødvendig å skifte gir. Og alt gjekk berre fint. Eg fekk meg ein fin tur i min eigen bil, og bilen fekk ladda batteriet.
Eg kan ikkje beskrive konserten, slike ting må ein oppleve sjølve. Men vi vart ikkje skuffa.
Vi hadde reist heimanfrå i god tid, eg tenkte vi kunne ta ein kaffikopp i resepsjonen slik eg har gjort dei gongane eg har vore der før, men der var fullt av folk og alle borda var reserverte, og til alt overmål var der eit heilt hornorkester med songar som underheldt. Vi gjekk ein liten tur i gata før vi gjekk inn for andre gong. Der lukta mat overalt, og då vi gjekk ein etasje ned var der full julebordoppdekking, eit stort bord med dessertar og kaker stod midt i glaninga der alle folk gjekk forbi når dei skulle inn i konsertsalen. Eg syntest ikkje det var så appetittleg. Synest dei kunne kosta på seg litt fleire vegger.
I dag har eg ikkje "gjort" mykje. Men på føremiddagen køyrde eg fram på gravplassen i lag med Marit. Vi hadde kjøpt kransar og lys og skulle pynte opp. Men dei visne lyngplantane stod blegg fastfrosne i jorda, og var ikkje råd å få opp. Eg tok og køyrde heim etter sakser, såpass vi fekk klipt av det meste. Eg sette nye batteri i lykta, men det "levande" lyset eg hadde med fekk eg ikkje tent med gasstennaren eg hadde med. Med det samme eg kom heim på kjøkkenet, då virka den. Marit var ute for det samme. Eg fekk ikkje pynta så fint som eg ville, på grunn av rusk og fastfrosen is, så eg får  ta meg ein tur fram att viss det blir mildare vêr.
Eg er veldig godt fornøgd med denne dagen. Det er kjekt å komme seg på tur og oppleve Adam Douglas live-har jo sett han på TV mange gonger.Får takke Margrete spesielt , det er ho som arrangerer.
I dag er det forresten på dagen 40 år sidan eg tok sertifikat.




fredag, desember 13, 2019

Dagbok 2019: 13.desember

Klokka er 16.20. Temperaturen er ca.0 grader C og vêret er mykje finare enn før. Det har vore nesten klårt i dag og mykje lysare enn på lenge. Håper det vil vare. I morgon skal vi til Fosnavågen så då er det godt om vi slepp storm og regn.
I dag, på fredag den 13. -Luciadagen- har eg vaska til helga, og i går kveld "pynta" eg litt til jul.
Einar hadde skrive at han ville komme innover i 14-tida i dag, og klokka 14.00 køyrde han inn på tunet. Men i dag var det ingen kjøttkaker å få. Eg hadde bedt han om å køyre meg til Volda og kjøpe kjøtt hos Jakobsen, så vi drog av garde med det samme. Eg fekk kjøpt rikeleg med kjøtt, men det var vakuumpakka og delt i mindre stykke, så det kan vere bra å ha litt på lur. 
Vi skulle ete middag på Kina-restauranten i dag, det var avtalt. Kina-dama kjende meg sjølvsagt att , og peika i menyen: "Ditta lika du!" Einar fekk velje kva han ville ha. Men ho var ikkje heilt oppdatert i dag, for ho trudde at eg var mora til Einar. Vi fekk kaffi også før vi gjekk frå bordet, så det var berre så vidt Einar var innom døra før han reiste ut att. Det var god hjelp for meg at Einar køyrde til Volda, for eg likar ikkje den vegen når det er stor trafikk , og det var det i dag. Hadde så vidt låst opp døra heime då mobilen i lomma mi ringde. Det var Ingeborg som ringde frå Gardermoen, ho skulle ta flyet til Ørsta kl.16.45. Eirik var også på veg heim - frå Trondheim.
No skal eg slappe av med TV og strikketøy resten av kvelden-trur eg.
I morgon har Marit og eg planar om å pynte på gravene på føremiddagen; eg rekk det før eg skal til Fosnavåg.
Som de ser på bildet har eg tre novemberkaktusar som blomstrar, hadde dei venta litt,så kunne dei blitt julekaktusar. Men eg har planar om å kjøpe amaryllis til jul.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg, det går fort mot jul no. Eg ser like mykje fram til at sola skal snu.

torsdag, desember 12, 2019

Dagbok 2019: 12.desember


Klokka er no 18.00, temperaturen er + 4 grader C, og det regnar og blæs litt. Ikkje direkte julestemning ute, men isen og snøen forsvinn etter kvar, trur eg. Det er "tungt" vêr som gjer at eg får mest lyst til å sove både dag og natt. Då Marit og eg kom att frå Vik i dag litt før klokka 15 var det nesten mørkt. Eg lengtar etter at sola skal snu, så dagane vert lengre og lysare.
I dag skulle eg på trening klokka 12.30, og det vart ikkje mykje gjort før den tid. Men eg fekk no dusja og vaska håret om ikkje anna.
I dag kom vi ikkje for seint på treninga slik som tysdag. Marit går både tysdag og torsdag, men eg går berre tysdagane. Det var sidan fysioterapeuten ikkje skal vere der komande tysdag at eg vart med i dag. dermed trefte eg litt andre folk enn dei som eg vanlegvis møter. Men det er alltid kjekt på treninga, sosialt også, der snakkar ein med alle anten ein kjenner dei eller ikkje.
Både Marit og eg hadde ærend etter teninga. Ho skulle på apoteket, eg skulle sende post i butikk, og begge skulle vi handle litt mat. Derfor vart klokka bortimot 15 då vi var heime att. Det var mykje folk på ALTI og på vegane, enda det berre var torsdag.
Då eg kom heim måtte eg ete litt "middag" og etterpå sette eg meg inn til dataen for å betale rekningar, blant anna. Men eg vart så trøtt at eg heldt på å sovne med haka på tastaturet. Når eg har det slik er det berre å sette på TV, sette seg i godstolen og sove. Det blei gjort i dag også. Og så er det brått kvelden og for seint til å gjere noko som helst anna enn å strikke.
Marit kjøpte potteplantar på Europris i dag, men eg har så mange plantar i blomst akkurat no. Skal prøve å vente i det lengste med å kjøpe amaryllis, slik at dei er passeleg utsprotne i jula. Viss det blir bra vêr i morgon kan det hende Marit og eg tek oss ein tur på gravene, ingen vits å legge på kransar etc. viss det er storm og uvêr. Eller er det fredag den 13. og vaskedag.


onsdag, desember 11, 2019

Dagbok 2019: 11.desember

Klokka er no 17.20, temperaturen er + 4 grader og det regnar litt. Det er ein del is på tunet, men vegane er nesten berre når ein kjem ut av Starevegen; her er det både is og snø på gata.
I dag hadde eg tenkt å bake litt, så eg hadde laga meg ei handleliste.
Eg var ikkje så veldig morgonfrisk i dag så det gjekk ei stund før eg kom meg på butikken.
Eg har ikkje alt for store planar, men i dag hadde eg tenkt å bake julebrød og så steikte tørre vaflar. Det siste var noko eg fann på for eg rekna med at det var lettvint. Og det var det. Og det heile var godt tima for vaflane og brøda var ferdige i samme minutt. Ja, eg har aldri vore flink å bake, og blir det vel ikkje heller, så eg trur at viss eg skal ha meir småkaker, så kjøper eg dei ferdige.
Etter at eg hadde rydda opp på kjøkkenet og sett på oppvaskmaskina, laga eg meg middag av restane frå i går. Og så måtte eg slappe av framfor TV og sove bitte litt-sidan det ofte er mangel på søvn om nettene. No har eg ikkje tenkt å gjere så mykje meir i dag, anna enn å smårydde litt, kanskje strikke og heilt sikkert sjå TV.
I morgon skal eg på trening kl.12.30 (trur eg) og så spørs det om vi finn på noko etter det. Berre det ikkje kjem og snøar igjen så skal eg vere fornøgd.
Eg har ikkje merka noko til vinden vi skulle få, men synest eg høyrer noko ute no. Eg håper vi får roleg og fint ver i jula- og ikkje altfor kaldt. Eg hugsar ei julafta vi var på Hareid, då var det minus 18 grader då vi skulle heim. Det var kaldt.
I løpet av denne veka begynner studentane å kome heim, og snart kan vi samle alle, med unntak av Rasmus og Co som er for langt borte. Og eg er glad for at dei held seg i ro i jula, for då er det ofte dårleg vêr og føre, særleg på fjellovergangane. Alle i familien har tilgang til ei familieside på Facebook så der har vi kontakt kvar dag, så vi følgjer med kvarandre. Og laurdag førstkomande skal detstore skje at eg skal få vere med Margrete &Co til Fosnavåg på konsert med Adam Douglas. Eg trur det blir ei minneverdig stund. Det er lenge sidan eg var på konsert i Fosnavågen no, men det var nokre år Pensjonistlaget arrangerte turar dit så eg er relativt godt kjent på kulturhuset der.


tirsdag, desember 10, 2019

Dagbok 2019: 10.desember



Klokka er no 16.15, temperaturen ute har stige til + 3,5 grader C, gjev det vart så varmt at snøen smelta! I dag hadde eg vekkerklokka på 8, men vakna ein time før. Hadde mest lyst til å vere der eg var, men kom meg opp i halv åtte tida. Planen min var å moke såpass at eg fekk bilen opp på vegen. Moke med spade, det kan eg ikkje, men eg kan drage brettet. Det let seg ikkje drage noko særleg, sidan det var isa oppunder, så eg tok snømoka (spade) og drog som eit brett. Då eg hadde fått vekk litt snø tok eg sjansen på å rygge ut bilen. Eg kom meg opp på vegen og køyrde litt att og fram slik at det skulle bli bra underlag. Så gjekk eg inn att glad og fornøgd og åt frokost, var litt på data etc. Vi plar fare heimanfrå kl.9.45 når vi skal på trening. Marit kom og sette seg inn i bilen, og så-stod bilen blegg fast. Eg prøvde både framover og bakover, men nei-! Marit skubba, Marit køyrde og eg skubba, men nei. Eg spada vekk snø, bar til litt singel osv. Bilen ville ikkje. Så henta eg litt varmt vatn og slo under eine hjulet, men i det samme kom Solveig nabo, og ho og Marit skubba. Og der fekk vi bilen i gong. Vi kom litt for seint til treninga, men det gjorde ikkje noko, for vi kunne berre halde på til vi var ferdige - og det gjorde vi. Etter treninga var vi på Spar og handla.
Då eg kom heim fyrte eg i omnen, og så laga eg meg middag med poteter, julepølse og raudkål. Julepølsa var av det kvite slaget - og smakte nesten ingen ting. Men mett vart eg. Så mett at eg måtte slappe av i godstolen med lydbok etterpå. Sjølvsagt sovna eg ei stund, og den energien eg hadde før, den var borte då eg vakna. Trøsta var at oppvaskmaskina hadde tatt oppvasken mens eg slappa av.
Neste tysdag skal eg ikkje på trening. Mor til fysioterapeuten er død, og Anne Elisabeth skal i gravferd bortpå Austlandet ein stad. Men eg skal få kome på torsdag i lag med Marit i staden, det er ikkje om morgonen , men ca.13.30 eller noko slikt, det blir siste gong før jul -tysdagen deretter er julaftan. Så det blir ikkje mange timar på frikortet, men det skal det bli neste år!
Denne laurdagen er det konsert i Fosnavågen.
Eg veit ikkje om eg får gjort noko meir i dag, men eg kan i alle fall strikke litt. Det meste av det eg skal gjere til jul må gjerast i siste liten. Og kvar gong eg kjem på noko som eg kunne ha laga, dcs. bakt, så mangler eg ein eller fleire ingrediensar. Merkeleg!
No skal eg i alle fall tømme oppvaskmaskina-så får vi sjå kva det blir til.

mandag, desember 09, 2019

Dagbok 2019: 9.desember

Klokka 20.30


Klokka er 18.10, eg var nettopp ut på trappa og så på temperaturen, den stod på 0 og det har kome ein god del snø igjen. Det likar eg ikkje for i morgon skal vi på trening igjen -og då skulle eg helst hatt ut bilen. Eg har fått frikort til fysioterapien , men veit ikkje om det dekker taxi. Men det går an å gå, det har eg gjort før.
I dag har eg fått GJORT litt-ikkje mykje , men litt.
Eg har pussa kopar og messing, vaska og bretta klede og baka bollar til jul. Ja, eg har sjølvsagt gjort litt anna også slikt eg gjer kvar dag. Etter at eg hadde ete "middag" sette eg meg inn til TV-en og slappa av litt. Hadde strikketøyet i hendene, men fekk ikkje strikka ei maske før eg sovna- ei lita stund. Ja, eg er ikkje så veldig effektiv i grunnen.
Fekk ein telefon såpass eg har hatt litt kontakt med omverda. Då eg begynte å tenke på litt baking i dag, måtte eg blade gjennom nokre kokebøker, det manglar ikkje på dei, men dessverre er dei ikkje så flittig brukt. Og så har eg aldri alt eg treng i hus, og handle hadde eg tenkt å gjere i morgon. Det blir sikker jul i år også, sjølv om eg ikkje får alt i boks. Småkaker bryr eg meg ikkje om å lage, for dei er ikkje så populære her i huset.
Eg har eit par småjobbar til som eg må få gjort før eg tek kvelden.
Eigentleg skulle eg ha vore ute og moka, men det får vere til i morgon tidleg.

Bok nr. 33- 2019: Mellom rødt og svart

Forlagets omtale:

Første verdenskrig er over. Brødrene Lauritzen er rammet hardt både økonomisk og personlig. Oscar fikk konfiskert alle sine eiendeler i Afrika av de seirende britene. Sverres elskede Albie falt i krigen, og selv ble han kastet ut fra godset sør i England som var hans hjem i over tjue år. Og Lauritz og Ingeborg er tvunget til å forlate Bergen ettersom sønnen Harald risikerte livet fordi han ble oppfattet som tyskervennlig. Men livet i Berlin og Saltsjöbaden i Stockholm begynner å bli normalt igjen, det glade tjuetallet er på vei. Tyskland ser ut til å kunne reise seg på nytt, og i hele Europa forestiller folk seg at det aldri mer kan bli krig. Livet ser lysere ut, og det passer familien Lauritzen. De kan like lite som alle andre se skyggene av ondskap som skal kaste verden inn i en enda større katastrofe. Mellom rødt og svart er tredje bok i serien Det store århundret. Oversatt av Bodil Engen  
Denne boka las eg på Storytel. Det er den tredje boka i serien. Eg har begynt på den fjerde boka no. Denne serien vil eg anbefale andre å lese. Bøkene er lettleste , men interessante,


søndag, desember 08, 2019

Dagbok 2019: 8.desember

Klokka er no 17.40 og temperaturen er minus 2 grader. Dette vêret blir meir og meir spennande. I går fekk eg snøsjokk, i dag før middag regna det (heldigvis) og no er det altså minusgrader. Eg sov dårleg sist natt, vakna tidleg i dag og har no sete og sove, meir og mindre, med TV-en på ørten episodar av "Farmen" på TV 2, fordi det var sport på 1-aren.
Men dagen i dag har ikkje vore så verst. Til tross for ein treig morgon då eg stort sett berre åt frokost og fyrte i omnen, kom Marit og eg oss av stad på sundagshandel,- som eg eigentleg er imot. Det er berre det at det er mindre trafikk og stress på vegane sundag før middag. Vi reiste herifrå ca. kl.13, då skulle vi først på Plantasjen og så på Coop som opna klokka 14.00. Det gjekk heilt som planlagt.
På Plantasjen kjøpte vi mellom anna kransar til gravene. Eg kjøpte også eit gravlys+ ein tenner, så eg slepp å ha med fyrstikker. Litt anna rask var det også kjøpt, t.d. juleserviettar og tennposar. Det siste ser eg etter på butikkane, men dei har stort sett berre tennbrikettar og dei er ikkje så gode.
På Coop handla eg mat, stort sett, og nokså usystematisk, men etter kvart får eg vel bygt opp eit julelager som varer om lag til påske. Dei hadde fin vakuumpakka spekesild, berre to filetar pr. pakke, billeg var den også. Men eg motstod freistinga og let vere å kjøpe. Men eg kjøpte eit glas med Delikat rømmesild, det vart middag i dag i lag med hardkokte egg.
Vi køyrde ikkje fram på gravene i dag, så det har vi til gode. I dag var det fint å køyre på Voldavegen, for der var det bert; her oppe i byggefeltet var det litt meir slapsete, men ikkje problematisk.
Etter at eg hadde ete middag sette eg meg i godstolen og halvsov - lenge. Eg er låk i skuldrane spesielt i dag, men armane er heller ikkje gode. Eg blir betre viss eg styrer med noko, så eg har sett på vaskemaskina. Eg trur eg skal lage meg ein kaffikopp-. 
I går kveld såg eg ein fin film på NRK 1. Eg hadde ikkje tenkt å sjå den men då eg først begynte greidde eg ikkje å rive meg laus. Filmen bygde på ei verkeleg hending, den var frå Island. Den var så nedstrippa at det nærma seg dokumentar- det var det eg likte. No får eg prøve å vere litt aktiv  før eg tek kvelden. Kanskje eg skal tenne to lys?

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...