tirsdag, mars 31, 2020

Dagbok 2020: 31.mars


Klokka er 18.20, temperaturen ute er + 4 grader. Det har vore eit grått og trasig vêr i heile dag, det har regna , så snøen smeltar litt etter litt. Eg lurte på kva slags vêr som var i fjor på denne tid, meinte det var mykje fint ver på vårparten, men den 31.mars var det akkurat som i dag, eg sjekka dagboka.
Eg vil ikkje seie at eg har vore deppa i dag, så gale er det ikkje, men eg har vore nesten totalt tom for arbeidslyst
Eg fekk rettnok vaska bad og kjøkken, men så vart det ikkje mykje meir, har mange jobbar på vent, men ingen som frista meg. Dermed sette eg meg til å trene litt på spansken, strikka litt og så laga eg meg ein rett til middag som eg berre åt halvparten av. Det var mellom anna steikte poteter frå i går , men eg måtte ta ei skive i tillegg for å bli mett, og etterpå fekk er tre Twist i premie fordi eg hadde ete i det heile tatt.  Det er greitt å ha heile styringa sjølv. Eg sit mykje på datarommet for her er det lett å halde varmt, men så ville eg kveike opp i omnen i stova. Den omnen er eg ikkje heilt ven med og heilt sidan sist haust har lukkemekanismen i ovnsdøra vore kaputt. Eg har hatt ein måte å takle opning og stenging på, men no funka det ikkje lenger. I dag fekk eg ikkje opp ovnsdøra, så no får vi håpe på sol og varme såpass eg greier meg med det elektriske. Eg har sett inn ein vifteomn i tillegg til varmepumpa.
Eg sette meg til å strikke på datarommet, men vart trøtt og la meg bort på senga med lydboka, som eg høyrde ferdig. Å vere i karantene er greitt nok, men hadde det vore finare vêr hadde det vore betre. Det er mykje som skal gjerast ute, og det går også an å ta seg bilturar til litt andre turplassar enn Vallabøen.
I dag fyller eldste dottera til bror min år. Deira barn og våre er svært jamaldra. Alle seks er fødde i løpet av 7 år : 1963-69. Så den tida vart mamma bestemor nesten kvart år.(berre ikkje i 1967)
Eg vil gratulere Audny med dagen i dag ! 



Samanplantingane fekk eg av barna mine på bursdagen, ein til å ha inne og ein ute.

Bok nr. 17.- 2020: Tre kvinner.


Maria har begynt å se seg tilbake. Hun ser på valg hun har tatt og undrer seg over hvordan små og store hendelser i livet hennes ble slik de ble. Særlig når det kommer til kjærligheten ser hun seg tilbake, for å gruble og reflektere over hvorfor hun valgte og handlet som hun gjorde. Hennes elskede som hun aldri fikk, erstatteren som hun fikk og studenten på Skillebekk som ble far til hennes barn. Maria finner faktisk ut ganske mye, om hvordan livet hennes henger sammen, om de valgene hun tok og hvorfor livet ble slik det ble. Ikke minst ser hun tydeligere de kvinnene som gikk foran henne, den strenge mormoren og den velmente moren, og hva er det for slags arvegods hun har fra sine formødre, som flyter gjennom årene og refleksjonene hennes.
...…….…………………………………………….
Eg begynte å høyre denne boka i går kveld, men starta på begynnelsen igjen i dag fordi eg hadde kome så kort.
Mange gonger når eg har lese ei bok, spør eg meg sjølv: Kva vil forfattaren med denne boka?
Og når det gjeld denne, så forstår eg ingen ting, og når eg les det forlaget legg ut blir eg ikkje mykje visare. Kan ein skulde formødrene sine for vala ein tek i livet? Er ein ikkje sjølv ansvarleg for vala ein tek ? Denne boka appellerte ikkje mykje til meg i alle fall. Heldigvis var den kort. 

mandag, mars 30, 2020

Dagbok 2020: 30.mars.




Klokka er no 18.06 sommartid. Eg kom nettopp inn att etter å ha gått ei relativt lang runde her på Vallabøen. Det er + 5 grader på trappa, på vegen er det bert, men elles ligg det mykje snø enno. Har så vidt sett sola i dag, men det har ikkje vore klårt.
Eg hadde litt problem med å komme i siget i dag. eg vakna klokka 7, men ville ikkje stå opp så tidleg, så eg la meg til å sove og sov ein time ekstra. Det er ikkje det at eg er arbeidslaus, men har problem med kvar eg skal starte. I dag hadde eg nokre klede å legge i hop og så skulle eg "pynte" litt til påske.
I det ligg det stryking av løparar m.m. Men strykejernet har fått eit belegg av smelta gardin, så det er ikkje heilt brukbart, og i desse tider er det ikkje berre å svinge seg ned til Clas og få eit nytt. Er eg i karantene så er eg det. 
Laurdag tok eg opp ein seifilet(ikkje stor) og laga meg fiskesuppe. Hadde litt suppe att til i går og i dag steikte eg resten av fileten. Kokte poteter til og steikte løk. Det vart utruleg godt. Eg har kjent på sakn av fisk lenge, og har kjøpt diverse fiskerettar frå frysedisken, utan at eg vart så begeistra for dei. Dei smakte i alle fall ikkje fisk. 
Eg måtte ha ein pause etter måltidet før eg kunne gå tur. Det blir mykje dill og dall med meg no eg har så god tid, blir sittande lange stunder ved datamaskina t.d. Eg trefte ein eg kjende på turen, det var Helge A som kom i bilen sin, han skulle stad og gå på ski. Det var vel litt seint på dag-men no vi har sommartid blir dagane litt lenger. Eg skal snart sette på TV-en og ta fram strikketøyet, men eg ventar ril kl.19-eg orkar ikkje å høyre om Corona heile dagen.
No ventar eg kvar dag på å bli oldemor -også det i coronaens tid. 


                     

Bok nr.16 - 2020: De ingen savner

De ingen savner er den første boken om Elisabeth Sunee Rathke, politietterforskeren som er halvt thai, halvt norsk og med svart belte i karate. En ung pike blir funnet død på Gamlebyen gravlund. Hun er naken og lukter av en ubestemmelig kjemisk væske. I armen står en kanyle. Dødsfallet er starten på en grusom sak som bare vokser og blir den mest krevende i etterforskerens karriere.

……………………………………………

Denne boka las eg sånn halvvegs, så forsvann den frå mobilen ei tid-men kom igjen. No har eg gjort eit forsøk på å bli ferdig med den, men måtte gå over på trykt tekst på Storytel. No har eg fått vite kven dei skuldige er. Dette vart for langdrygt for meg, eg er ingen tolmodig person, så eg vart ikkje imponert av denne boka, til tross for at den har fått terningkast 6.

  



søndag, mars 29, 2020

Dagbok 2020: 29.mars

Klokka er no 18.35 og temperaturen er + 2 grader C. Då eg stod opp i dag hadde det alt kome mykje snø, og meir kom det i løpet av dagen - og eg trur ikkje det ar så mange som sette pris på det. Men eg skulle ingen stad så eg brydde meg ikkje så mykje. Får håpe snøen fer like fort som han kom. Eg har ikkje vore lenger i dag enn ut i garasjen for å hente ved.
Det har vore litt "dagen derpå" i dag. Eg vakna opp i natt fordi eg hadde sovna med varmeteppet på fullt, men eg sovna igjen etter at eg hadde slått det av. Klokka ar 8 då eg vakna for godt, men det var berre å sette den ein time fram og stå opp. Eg har vore trøtt og giddalaus i heile dag. Har sete og strikka , sett TV og høyrt lydbok. Måtte kvile ut etter gårsdagen, det tek på å fylle 80 år. No har eg kokt meg kaffi og funne fram sjokolade igjen, eg har snart ulysta meg no etter å ha gått lenge med sjokoladehunger. Hadde som sagt på TV-en ei stund i dag, men no må eg snart sette på igjen for å høyre corona-nytt. Hit til meg kjem ikkje virusen - eg er bra barrikadert
med snø, men om denne tilstanden skal vare håper eg det blir vêr til å vere ute-i hagen for eksempel. Det er ikkje verst for meg. Det er fint med sommartid!

lørdag, mars 28, 2020

Dagbok 2020: 28.mars

Klokka er no øyeblikkelig 16.00, temperaturen er + 3 grader, det er opplett og litt vind. I dag igjen vakna eg til kvite marker, det er litt bakvendt at vi får snø no, i januar klipte vi hekken fordi vi trudde det var vår.
At eg skulle bli 80 år i dag var det ikkje mykje å gjere med, dagen kom uansett. Men all feiring hadde vi slått ifrå oss for lenge sidan. Eg er i karantene, sjølvvalt, og tek ikkje imot folk inne i huset mitt, snakkar med folk på god avstand, men har ikkje nærkontakt. Eg syntest ikkje det var så dramatisk, men det var andre som tykte at dagen måtte feirast på ein eller annan måte. Mange, mange sende helsing på Facebook og det sette eg sjølvsagt pris på. Det begynte etter kl.12 i natt og heldt fram i dag tidleg. Eg var opptatt mykje av tida med å lese og svare på helsingane. Klokka 11.00 hadde Rasmus bode inn til nettmøte. Alle i storfamilien som ikkje var direkte forhindra stilte opp med headset og kamera, så eg fekk sjå og høyre alle: Rasmus og heile familien på Kongsberg var der, Audun i Bardufoss stilte opp, likeins Ingeborg i Oslo og Eirik i Trondheim, Margrete og Erlend var på Straumshamn, Amanda fekk ikkje vere med for ho var på jobb. Håkon melde også forfall, men frå Hareid kom Solveig, Øystein, Olaug og Einar. Alle fekk prate og det var nesten som om vi var i lag. meg fekk dei berre høyre, men viss eg hadde kopla meg inn med laptopen kunne dei få sett meg, for der er kamera. Rasmus er vant til å treffe folk på denne måten for han har fjernundervisning av studentar heile skuleåret.
Då vi hadde avslutta nett-praten, såg eg ut glaset der fleire og fleire naboar samla seg, med store og små flagg og Mari-Ella med kornetten sin. Eg ante uråd. Marit ringde på og bad meg komme ut, Mari Ella spela og dei andre song bursdagssong. For nokre naboar eg har! Dei ville ikkje at eg skulle ha ein sånn bedrøvelig 80-årsdag som det såg ut til å bli. Eg brukar ikkje å like så mykje oppstuss, men akkurat i dag gjorde det godt. Torbjørn tok bilde som ligg på Facebook.
Eg fekk overrekt pengegåve, det er likt for heile gjengen her i gatestumpen vår.
For å glede meg sjølv enda meir laga eg ein av yndlingsrettane mine til middag, nemleg heimelaga fiskesuppe. Det har eg ikkje ete etter at Nils slutta å fiske. Hadde så vidt ete ferdig, så ringde kusina mi, Ellen Marie, og men vi prata kom blomsterbilen med ein mann som bar inn den eine blomsterpakken føre og den andre etter. Fem pakkar i alt.Dei to største var frå barna/barnebarna mine, to samanplantingar, ein til å ha ute og ein inne. Så no blei det litt liv og fargar i huset, det var det smått med før. Eg tok bilde av alle i tilfelle eg skulle få mobilen i orden att slik at eg fekk legge bilda på nettet. Eg kom fram til ein liten "knapp" som eg trykte på, på vona-og der vart alt i orden.
Å feire 80 år i koronaens tid er neimen ikkje så verst.

fredag, mars 27, 2020

Dagbok 2020: 27.mars


I dag går eg langt tilbake i tid, ca. 80 år. Mamma og pappa jobba begge på sjukehuset på Eid den tida då eg blei født. Dei hadde to hyblar i 3.etasje på sjukehuset, og hadde kosten i lag med dei andre som jobba der. Etter at eg vart fødd flytta vi inn i forpaktarhuset på prestegarden og der budde vi til 1946.
Presten Løvoll dreiv sjølv garden med hjelp av dei vaksne barna sine og leigehjelp, derfor vart paktarhuset ledig. Her budde vi altså under krigen, bror min vart fødd hausten 1941. Hausten 1944 måtte vi flytte ut av huset fordi tyskarane skulle ha det, då budde vi ungane og mamma i Innvik hos besteforeldra der. Den vinteren døde presten Løvoll og den nye presten ville ikkje drive gard, så ein forpaktar skulle flytte inn og vi måtte flytte ut, etter at vi alle hadde budd i huset på same tid, paktaren med sine 6 barn og vi på loftet.
Desse bilda er ikkje gamle, men eg hugsar i detalj korleis romma såg ut og kvar møblane var plassert. Under krigen stod eg kvar morgon i stoveglaset og såg tyskarane marsjere forbi - dei song så fint, tykte eg. Dei hadde ein bunkers rett utanfor huset vi budde i. Bror min og eg brukte ofte å gå i fjøset i lag med son til presten. Eg stod av og til opp før dei andre i familien og skulle vere med Ottar i fjøset-då var eg sånn i 3-4 årsalderen.
..............................................................................................
Klokka er no 17.50, temperaturen er + 8 grader, det er skya vêr, men opplett.
Eg har ikkje gjort stor nytte for meg i dag, hendene mine er så hjelpelause om morgonen at det einaste eg kan gjere då er å sitte ved datamaskina og chatte, øve på spanskleksa etc. I dag fann eg to pakkar i postkasa, den eine var frå Rasmus og inneheldt eit headset som eg skal bruke når eg skal prate med han på data, ikkje på Skype, men på Zoom. Rasmus har stor røynsle i slit for han har fjernstudentar heile året ikkje berre i krisetider. I dag fekk eg prate med han og Ingar, og eg fekk sjå dei, men dei såg ikkje meg fordi eg ikkje har kamera. I Morgon har Rasmus invitert heile storfamilien til nettmøte klokka 11.Den andre pakken var frå Mimi og Rolf.
Eg sende melding til verkstaden og spurde om bilen var ferdig og det var den. Den var til EU-kontroll, og eg hadde for så vidt fått den godkjend, men det var noko med bremsene som ikkje var heilt i orden, så det ville eg ha fiksa. Det var kjekt å få att bilen. Eg gjekk ned i Vik då eg skulle hente den, så litt har eg mosjonert i dag. 
Janne nabo har handla til meg i dag, så no har eg mat for lang tid frametter. Og fisk har eg i frysaren pluss diverse anna, så svelte skal eg ikkje. Eg prøver så godt eg kan å isolere meg, og slepper ingen inn. Litt trasig er det, men eg vil gjerne vere på den sikre sida sidan eg er så gammal. Eg vil gjerne oppleve at pandemien er slutt. 
Tenk at ein kan lengte slik etter heilt alminnelege dagar.  Eg var knapt fjorten dagar gammal då krigen kom til Norge- og eg hugsar gleda då den var slutt.Og no kom pandemien. I dei 75 åra som har gått sidan krigen var slutt, har vi stort sett hatt det bra og utviklinga på mange område har vore eventyrleg. Her eg sit har eg datamaskina, headset, to mobilar blant anna. Ingen av dessa tinga fantest i min barndom, men vi hadde telefon!
No må eg slutte av før eg kjem dragande med heile Norgeshistoria.  I kveld blir det vel litt anna på TV enn Corona. Ønsker alle ei god helg.

torsdag, mars 26, 2020

Dagbok 2020: 26.mars.

I serien "Gamle bilde" legg eg ut bildet av Nord-Vågsøy kyrkje. Då vi bedde på Raudeberg var det to kommunar på øya, Nord- og Sør-Vågsøy. Både Solveig og Rasmus er døypte i denne kyrkja. Eg veit ikkje kva år den vart bygt, men den såg nokså ny ut den gongen, bygt i stein eller betong, og ganske stor for ei slik lita bygd.

Klokka er no 17.40. Temperaturen er + 9 grader, sola skin og det er litt vind. Det var ikkje så fint frå morgonen av, men det om seg etter kvart.
For meg har dette vore ein nesten bortkasta dag, eg har ikkje fått gjort noko særleg, men kanskje det var godt for ryggen å kvile litt.
Eg skulle henge opp att gardinene som eg vaska i går, men orka ikkje å ta ned strykebordet, så eg hengde dei opp ustrokne. Ryggen min er ikkje heilt god etter ein vaskedag (igår). No kom kveldsola på vinduet og då såg eg at det skulle ha vore pussa.Eg har berre vasa rundt og småplukka i dag, mens eg venta på at dei skulle ringe på bilverkstaden, men den telefonen kom ikkje, så eg er framleis utan bil. Då klokka var 16 var eg lei av å vente, så då gjekk eg ut og raka litt singel frå plenen. No skulle eg eigentleg hatt meg litt mat-og flata ut.
Med det samme eg var begynt å skrive her ringde det på døra, det var Kari og Kåre som kom med ein nydelig plante + kort. Eg trudde dagen min skulle gå ubemerka hen, men det var vel litt urealistisk å tru.

onsdag, mars 25, 2020

Dagbok 2020: 25.mars.

November 1994. Nils fyller 58 år og vi har fire barnebarn.

Klokka er 18.20,temperaturen ute er+4-5 grader C , 
men eg held meg inne. Akkurat no er det opplett, men det har regna før i dag. 
I dag rekna eg med at eg skulle ned og hente bilen min. For dei som ikkje er kjende, så ligg verkstaden ikkje så langt frå ALTI.Men i mellomtida skulle eg vaske vegger på stova. Eg fekk vaska alt med unntak av veggen der TV-en står. Eg må ha hjelp til å flytte fram TV-benken, men det hastar ikkje. Det meste er unnagjort. Marit ringde og sa at Even kunne køyre meg ned når eg skulle hente bilen. Det var eg glad for. Dei ringde aldri frå verkstaden, men då eg granska mobilen fann eg ut at dei hadde ringt utan at eg hadde høyrt det. Eg ringde opp att, men då var der slik pågang at eg slapp ikkje igjennom. Til slutt ringde eg opp att igjen og sa at eg såg at dei hadde ringt. Ja, dei hadde ringt for å seie at eg ikkje kunne få bilen før i morgon. Ja, ja, eg har ikkje så mykje bruk for den akkurat no. Eg held meg heime.
Då eg hadde rydda det meste på plass att i stova tok eg meg litt mat før eg la meg strak ut på "dagsenga" på datarommet mitt. Det er så lett å få det varmt her, for rommet er lite og innebygt. Eg trong å kvile ryggen litt, eg er ingen ungdom lenger. Bodil hadde anbefalt ei bok som eg ville lese, men så finn eg den ikkje att på Storytel, så no har eg begynt på ein serie og kong Håkon og dronning Maud. Det var Margrete som anbefalte den. No har eg høyrt om alle europeiske kongehus, mens eg kvilte. Eg trur ikkje det er mykje som sit att. Men det blir vel enklare etter kvart-får eg håpe.
I dag har eg ikkje vore ute og gått, men viss det blir betre vêr kan eg vere ute i hagen og eg kan køyre litt vekk frå husa og gå tur der. Eg skulle gjerne tatt bilde av alle krokusane som står nedanfor tilbygget og blomstrar, men eg får ikkje til at mobilen tek bilde; enn så lenge har eg tatt fram gamle album og scanner bilda derifrå. Eg prøver å ikkje sitte for mykje framfor TV-en og høyre om coronaviruset. No er det ein som er smitta i Ørsta og ingen i Volda. Trur vi har det betre vi som bur på bygda enn dei som er i byane.

tirsdag, mars 24, 2020

Dagbok 2020: 24.mars



Mormor 54 år-står det under dette bildet. Det er frå påska 1994.


Klokka er 18.07, temperaturen er + 7 grader og det har regna i heile dag. Slikt vêr er ikkje vidare oppløftande, så i dag har eg gjort ingen ting fornuftig. 
Sidan eg skulle på verkstad med bilen klokka 12, var det ikkje råd å begynne på noko storarbeid, så eg sette meg til å legge bilde frå eit album inn på datamaskina. Slikt tek litt tid, men alle synest det er kjekt å sjå att gamle bilde. Ja, no snakkar eg om familien. Det kan no hende eg brukar nokre av bilda her også, sidan eg ikkje får brukt telefonen til å ta bilde med. Det vart også ein liten spanskleksjon før eg måtte fare. Det var ikkje så mykje trafikk i dag, men heilt daudt var det ikkje i Vik. Døra til verkstaden var låst og eg kunne ikkje gå inn, men måtte ringe med telefonen og snakke med ein mann, og så sleppte eg nøkkelen til bilen inn i eit hol ved døra. Eg meiner at reparatøren sa at eg kunne hente bilen om ein time. Eg kunne ikkje gå nede i Vik og trakke ein time, og på kafé ville eg ikkje gå, så eg spurta opp bakkane og heim. Etter ca.1,5 timar ringde dei frå verkstaden. Det han sa var at bilen var heilt OK, men der var noko tull med ABS-bremsene. "Ja, kan du gjere noko med det, då?" spurde eg. "Ja, viss du ikkje må ha tilbake bilen i dag, så kan eg sjå på det i morgon," sa han.
Nei, eg trong ikkje få att bilen i dag, eg hadde ikkje lyst å gå ned att i Vik i regnvêret ein gong. Men eg får kanskje tilbake bilen i morgon.
Eg hadde ikkje lyst å gå laust på noko arbeid så seint på dag, så eg tok heller og laga meg litt mat, spagetti+ bacon og tomatpuré. Etterpå la eg meg på sofaen med lydbok på Storytel.
Seinare laga eg kaffi og sette på TV-en i 17-tida. Eg orkar ikkje å ha på TV heile dagen og høyre om Corona. I Ørsta er det no ingen som er smitta, men kanskje eit par i Volda?
Eg er likevel veldig påpasseleg og er ikkje i lag med folk. Har mange venner på FB, og no har vi som går på pensjonist-spansk begynt å sende meldingar til kvarandre på spansk. Vi lærer litt av det også. Vi brukar sjølvsagt Google translate-det gjer i alle fall eg. Men eg har kjøpt meg spansk ordbok også. Ofte skriv eg setningane først, og legg dei inn på Google for å sjå om det er rett.
Når det gjeld fødselsdagen min, så er den utsett på ubestemt tid, eg tek ikkje imot besøk på sjølve dagen. Det er ikkje det minste synd i meg, eg vil sjølv ha det slik. Men det er lov å ringe til meg og sende helsing på Facebook. Det viktigaste er at eg får lov å bli gammal.
No skal eg sette meg til å sjå TV og strikke utover kvelden. Håper at det ikkje blir BERRE Corona.

Bok nr.15 - 2020: Mammas svik



Omtale fra forlaget

11. januar 2011 startet rettssaken i den mest alvorlige overgrepssaken vi har hatt i Norge i moderne tid, den såkalte Alvdal-saken. En sak som rystet hele landet, og som avslørte et pedofilt fellesskap i den lille kommunen i Østerdalen. På tiltalebenken satt et samboerpar, et naboektepar og en pensjonert lærer. De var tiltalt for grove overgrep, også mot egne barn. Men historien begynner ikke der. Historien begynner mange år tidligere. Den gang den hovedtiltalte kvinnen bodde i Gjerdrum kommune. Dette er historien til den hovedtiltalte kvinnens eldste datter.
Denne boka har eg lese på Storytel. Teksten er eigentleg ein lang monolog. Noko som egnar seg godt for lydbok. Det er ei historie frå røyndommen som overgår det meste av det eg har høyrt før. Eg kan ikkje seie at det er kjekt å høyre slike historier, men på den andre sida kan det vere bra å ha den i bakhovudet når ein høyrer om barn og ungdommar som "skeiar ut". Kven veit kva borna kan vere utsett for?

mandag, mars 23, 2020

Dagbok 2020: 23.mars

Ingeborg fyller 23 år i dag og eg gratulerer.


Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 10 grader, men eg tykte det var iskaldt den stunda eg var ute, for det var vind.
Dette har vore ein heilt tullete dag, eg har ikkje fått gjort eit skikkelig arbeid, berre vima og tulla.
Det første som skjedde var at eg drog ut ledningen til printeren, og sette den i igjen. Og der var den brått "reparert". Sidan det er Ingeborg sin fødselsdag måtte eg scanne nokre bilde frå albumet  og legge inn på Facebook. Det er liksom ein tradisjon i familien å mimre litt slike dagar. Og sidan eg sat no der med mobilen, fann eg ei melding eg ikkje hadde sett før. Den var frå Bilverkstaden som ville ha inn bilen min den 17.mars. Det toget var gått, men eg skreiv ei ny melding, og fekk time til EU kontroll i morgon kl.12.
Eg måtte shine opp bilen i løpet av dagen, men det var for kaldt enno. Derfor tok eg og shina opp meg sjølv med dusjing, hårvask og reine klede. Og så var det spanskleksa-mens håret tørka. Då kom eg meg endeleg ut, og hadde støvsugaren med såpass det vart litt reinare i seta og på golvet. Tok ut hageslange, den var ikkje frosen, men den greia i enden var litt spes, for vatnet strålte i alle retningar. Eg skulle kanskje ha tatt den av før vinteren. Men eg fekk spylt mattene litt og så fekk bilen eit lite skyll med det samme. Det einaste problemet no er at eg har berre ein nøkkel. Hovudnøkkelen er sporlaust borte, så no passar eg veldig godt på reservenøkkelen. I morgon kjem eg til å køyre bilen ned, og så gå opp att. Då får eg mosjon med det samme. 
Eg brukar å ete i 15-tida og det gjorde eg i dag også, men etterpå var eg så sløv at eg la meg på sofaen med Storytel. Innimellom styrer eg litt med klesvask/tørk og litt anna husarbeid. Dagen har gått veldig fort, og eg har ikkje hatt på verken TV eller radio, så eg er ikkje oppdatert på Corona. Skulle hatt meg ein tur ut, men no får det vere til i morgon.
Den genseren Ingeborg har på seg her, strikka eg i si tid til Margrete.

søndag, mars 22, 2020

Dagbok 2020: 22.mars


Klokka er18.10, temperaturen er + 3 grader, det er overskya og nokre få regndropar, det har vore litt kaldt og hustrig i dag, men no har eg kveikt litt i omnen til eg skal sjå TV kl.18. Det er med vitande vilje eg ikkje har TV-en på heile dagen.
I dag har eg ikkje vore ute og gått, ikkje har eg gjort så mykje heller. Tok og baka tre brød på føremiddagen, for no var eg så lei av det kjøpebrødet eg hadde; har ikkje baka noko som helst sidan før jul men levd på slikt eg hadde i frysaren. Frysaren (fryserane)er på langt nær tomme, men etter kvart ville eg komme i manko på litt av kvart. I dag fekk eg i alle fall brukt opp melkelageret.
Elles har eg på vaskemaskina etc.
Eg fekk i orden Storytel i går, men ikkje tale om at eg fann att den boka eg skulle lese, men så tok eg ei anna, så det går bra. Ikkje alle bøker er like greie å lese på øyret. Eg får framleis ikkje bilde frå Samsungen inn på data, men eg prøvde Doroen og det gjekk bra. Det er ikkje noko stort problem.
I dag har eg ete for mykje, og det skuldast det nybakte brødet. Til middag steikte eg mykje løk, så fann eg fram to karbonadar frå lageret mitt, så måltidet vart to gode karbonadesmørbrød + 1 tomat. Eg vart så mett at eg kolva meg ned på sofaen med Storytel. Men så vart eg frostig og måtte ha kaffi, -med ei lita brødskive med syltetøy attåt. Brøda eg bakte i dag laga eg av ferdigblanda mjøl, trur det heitte "Kornbrød". Til vanleg blandar eg mjølsortane sjølv, men dette mjølet "hamstra" eg no før eg gjekk i karantene.
Eg vart litt istuss i dag, eg sat framfor dataen og jobba litt med spansken, og då eg kom inn att i stova snakka dei spansk på TV også. Det hadde ei heilt naturleg forklaring. Eg har ikkje mykje å skrive om, men så tenker eg som så, at når denne corona-tida ein gong går over i historia, så kan mykje av det ein skriv ned, få historisk verdi. Kven veit? 
Hadde det vore litt finare vêr i dag, kunne eg tatt bilen og køyrt ein tur, men det var ikkje så fristande akkurat. I morgon er det Ingeborg sin fødselsdag, ho held seg i Oslo, men har trekt seg inn og går ikkje på jobb. Får håpe ho får jobba med masteren sin.

Bok nr.14 - 2020: De ingen savner.


De ingen savner er den første boken om Elisabeth Sunee Rathke (Elli), politietterforskeren som er halvt thai, halvt norsk og med svart belte i karate. En ung pike blir funnet død på Gamlebyen gravlund. Hun er naken og lukter av en ubestemmelig kjemisk væske. I armen står en kanyle. Dødsfallet er starten på en grusom sak som bare vokser og blir den mest krevende i etterforskerens karriere. 
…………………………………………………………………………………………..
Denne boka har eg lese på Storytel. Eg skulle vere vant til lydbøker, men hadde litt problem med denne, sikkert fordi det vart vel mykje på og av. Tilbakespolingar vart det også, så det vart litt rot for meg. Boka har fått terningkast 6, men eg syntest den vart langdryg-kanskje på grunn av tilbakespolingane?

lørdag, mars 21, 2020

Dagbok 2020:21.mars

Dette bildet er det Hildegunn Ose som har tatt, det ligg på Facebook. Eg møtte henne og dei ho var i lag med akkurat her. Eg får ikkje frakta bilda mine frå mobilen og over på datamaskina, det har ikkje vore problem før. Så no er gode råd dyre. I dag var det fristande å ta bilde i finevêret, men så var det altså problem.


Klokka er no 18.00, temperaturen på trappa er +4,5 grader, ikkje særleg varmt altså, men nydeleg sol i heile dag. På føremiddagen heldt eg meg inne, strikka, øvde på spanskleksa etc. Ein av naboane ringde til meg og ville høyre kor det stod til, trur det er litt spesielt fordi eg er åleine, dei fleste andre er mint to. Etterkvart gjorde eg meg klar for å gå ein tur på Fonnvernet. Det var mykje folk der i dag, men alle passar på å halde avstand. Eg trefte mange eg kjende og som eg slo av ein prat med. Sat ei lita stund på kvar benk og "sola" meg.
Då eg kom heim var det tid for å få seg litt mat, og så la eg meg på sofaen med Storytel då eg etter oppskrift frå Amanda fekk innstallert den på nytt. Så no er det berre det å legge inn bilde som er problemet. Eg har no fått det til heilt sidan eg fekk den nye mobilen i fjor sommar, men brått fungerer det ikkje. Det er ikkje så stort problem, berre litt irriterande.
det skjer ikkje så mykje no om dagane, så eg har ikkje så mykje å fortelje, men kan berre overtyde dei som lurer på det at eg har det heilt fint. Dessverre skal ikkje dette vêret vare. No begynner folk så smått å gå opp på skogsvegane også, men dei fleste eld seg på vernet. Det er blitt ein success i Ørsta - ein møteplass.
No skal eg lese ut lydboka mi, og så har eg ei anna på vent.


fredag, mars 20, 2020

Dagbok 2020: 20.mars

Klokka er 18.04, temperaturen ute er + 1 grad og snøen lavar ned. Då eg stod opp i dag var vêret fint og sola skein, så vidt det var. Eg heiv golvteppet på soverommet ut på altanen fordi det trong ein rist. Det fekk ikkje henge lenge.
Etter frokost etc. tok eg ein samtale med meg sjølv og eg vart samd om å vaske to veggar på stova i dag, etter at eg hadde hatt den vanlege runden på PC-en. Eg leita fram panelsåpa som eg kjøpte i dyre dommar før jul, men jammen var der to "flasker", så eg hadde nok kjøpt ei flaske før også. Ja, den kjem sikkert vel med.
Det er slutt på den tida då eg eg tek heile stova på ein dag, no har eg tenkt å bruke tre. Det er mykje arbeid med å ta ned alle bilde etc. og sjølve vaskinga tek også tid og krefter. Men no likar eg altså å vaske, så berre hendene og armane spelar litt på lag, skal eg komme i mål. Det blei ikkje tur ut i dag, både fordi eg vart litt sliten og så er ikkje vêret noko freistande. LITT trim er det vel å gå opp og ned i ei gardintrapp?
Eg har tatt eit par økter med spansken i dag også, og så laga eg pannekaker til middag-fordi eg fortente det.
Eg sette meg i godstolen og skulle kose meg med litt Storytel, men boka eg heldt på med var søkk borte, og eg fann den ikkje att, det er 2.eller 3. boka som har blitt halvlese på mobilen. Og no er eg ikkje ein gong innlogga på Storytel lenger. Ja, så får eg finne meg ei papirbok. Eg sette på TV, sikker på at eg kom til å sovne, men det gjorde eg ikkje. Det er typisk meg å få problem med mobilen, no får eg ikkje til å få bilda frå mobilen over på datamaskina, det har no funka før.
Eg er stadig i sjølvpålagd karantene og det har eg ingen problem med. Fredagane er det som regel mykje å sjå på TV, og så har eg garn og pinnar om eg skulle finne på å strikke litt. No ser eg ein flik av blå himmel,- eg vil så gjerne ha sol og fint vêr , slik at det går an å vere ute.
No får eg sitte inne og sjå veggene tørke og bli fine og lyse, vonar eg. Kva tid eg tek neste vegg står att å sjå-det er mange vegger i stova mi.
Eg vil ønske alle ei fin helg utan dramatikk. Take care!

torsdag, mars 19, 2020

Dagbok 2020: 19.mars

Klokka er no 18.30, temperaturen er + 3 grader C. Det har vore stort sett opplett i dag, men snøen låg kvit på markene i dag tidleg. No ser det ut til at det skal klårne opp, og sola skin på fjelltoppane.
Sist natt hadde eg det ikkje heilt godt, så i dag har armane fått kvile. Likevel har dagen gått som ein røyk. På føremiddagen øvde eg på spanskleksa og så strikka eg ferdig ein lest, har litt att på lest nr.2
Eg gjekk tur på Vernet i dag, der trefte eg ei eg kjenner og vi prata med kvarandre på 3 meters avstand.
Då eg kom heim åt eg litt og så ringde Rasmus. Han fekk meg til å gå inn på eit program der eg fekk sjå han der han sat i heimekontoret. Vi snakka i telefonen, men han kunne ikkje sjå meg. Han vil at eg skal ha øyretelefon og så kunne heile familien samlast på nett når eg har bursdag. Det er sikkert enkelt for han, men eg veit ikkje korleis eg skulle få det til. Han har slike grupper med studentar, så han er vant til å treffast på den måten. Det var kjekt å prate med han sjølv om han ikkje såg meg.
Så skulle eg slappe av litt i godstolen med lydboka mi. Men anten er det eg som har problem med Storytel eller så er det boka det er noko i vegen med. Men det er no ein kriminalroman med terningkast 6. Anten eg sov eller var vaken veit eg ikkje . Det var vel litt av kvart. Då eg kom inn og skulle skrive blogg ringde Ragnhild. Ho hadde sendt ei melding og ikkje fått svar. Forklaringa var at eg ikkje kunne svare fordi telefonen måtte laddast. Slik går no dagane -og dei går fort. No håper eg på fint ver så eg kan vere ute i hagen og sette poteter blant anna.No skal eg sette på TV og strikke ferdig lesten. Det blir vel mykje Corona i dag også.
!9. mars var bestemor på Hildegard sin fødselsdag, så den dagen tenker eg på henne. Siste gongen vi feira dagen hennar, var ho 90 år.

onsdag, mars 18, 2020

Dagbok 2020: 18.mars


Klokka er 17.20, temperaturen er + 5 grader. Det har vore eit ufyselig ver i dag, snø, hagl, regn etc. Det var ikkje fristande å gå ut, så eg måtte finne på noko inne. Det er ikkje vanskeleg å finne på noko for jobbane står i kø. Spørsmålet er berre om eg torer å sette i gang- men armane har spelt bra på lag til no. I dag fekk eg faktisk vaska ned kjøkkenet. Ikkje skuffer og skap, det tek eg innimellom, men eg fekk vaskavegger, tak etc. på den måten som var- og det får greie seg. I desse karantenetider har eg god tid og kan skunde meg langsomt. Ingen kjem og hindrar meg i å gjere det eg vil. Men faktisk ringde det på døra i dag, det var naboen nedanfor, ho lurte på korleis det var med meg. I og med at eg bur åleine og er gammal, så er eg på ein måte i faresonen. Men eg har det berre bra, trivst åleine-det har eg alltid gjort, og har så mykje å styre med som eg vil ha. Men eg vart litt uroa av ei som var på NRK i går kveld, ho teikna eit dystert scenario. men eg høyrde på TV i dag at det var fleire enn eg som hadde reagert.
Etter at eg hadde gjort meg ferdig med vaskinga i dag seig eg ned i godstolen, og sovna under svenskekongens tale. Kunne ikkje ha sove lenge, for han talte framleis då eg vakna.
Etter at eg hadde ete litt seig eg ned att i stolen med Storytel. Eg merker at eg ikkje er så utahaldande som eg var før- men bra for alderen.
Eli har laga spanskgruppe på Facebook, så no har vi i lekse å bøye verb, blant anna. Vi brukar mykje data til vanleg også, og no har ho funne lekse til oss på nettet, så nokon ferie blir det ikkje.
No håper eg at "dugnaden" virkar som dei har tenkt. At fleire dør, det var vi vel budde på, men til denne tid har det vore gamle "pasientar". Eg kan godt vere i karantene lenger, for eg har meir eg skal vaske- berre armane og hendene held.
Bildet over er eit blinkskudd som Margrete er meister for. Ho kom over desse sauene i karantere då ho var ute og gjekk tur.

tirsdag, mars 17, 2020

Dagbok 2020: 17.mars

Klokka er no18.10. Temperaturen er + 5 grader C og det regnar og bles. Tidlegare i dag snakka eg med Bodil, og då sa ho at var sterk vind på Eid, då var her ganske fint, men no er det skikkeleg ruskevêr.
Eg var ikkje heilt god i armane i dag, men ville no prøve å få gjort noko likevel. Men først måtte eg prøve telefonen om eg fekk kontakt med Vegvesenet og legesenteret, men det var berre autosvar. No har eg bestemt meg for å ikkje møte opp til legetimen fredag. Det står i avisa ein berre kan la vere å komme.
Eg strauk litt klede så eg fekk rydde bort strykebrettet, og så begynte eg å vaske ned badet. Det er litt av eit styr, når eg i tillegg  til det som er der før kjem med gardintrapp og vaskebytte er det rimeleg trongt. Det blei no vaska på eit vis, men det vart vel nærmast eit kattavask. Eg tek ikkje sjansen på å klatre så altfor mykje i min alder, men det får vere greitt nok denne gongen.
Bodil ringde og vi hadde ei lang pratestund, så eg har ingen grunn til å føle meg einsam og forlatt. 
Etter at eg hadde rydda vekk vaskestyret ville eg lage meg middag. Når Marit og eg handlar etter trening, sjekkar vi ut diverse tilbod. No sist kom eg heim med to "fiskemiddagar", den eine har eg skrive om før. I dag skulle eg prøve den andre. Eg las på pakken kor lenge dei skulle steikast, sette på poteter og la dei to fiskestykka på steikepanna - og sette meg til å lese avisa. Etter ca.10 min. skulle eg snu fisken, men det var i seinaste laget, den første sida var nokså svart. Men eg åt opp alt likevel, sjølv om nytelsen ikkje var så stor. Eg har funne ut at slike ferdiglaga fiskerettar er laga for å smake minst mulig av fisk. Eg har lyst å kjøpe torsk frå Vartdal, det er berre det at eg synest kartongane deira er litt for store for meg. Dei har Ramoen-fisk på Spar så eg kan lett få tak i.
Etter middag sette eg meg til med lydboka og eg trur eg sov litt, eg måtte i alle fall lese om att noko. Klokka 18.00 var eg på plass på trappa for å klappe for helsevesenet og alle som held hjula i gang. Mari-Ella spelte "De nære ting" på kornetten sin, og vi naboane klappa. Men vi vart ikkje ståande så lenge på grunn av vêret.
Om ikkje dagane mine e så mykje annleis enn vanleg, er det no ei spesiell tid vi er inne i. Det er ikkje krig, men likevel ein utfordrande situasjon for mange. Eg skal ikkje klage, det er dei som har de atskillig verre. Eg håper det er ein overgang og ikkje altfor langvarig.
Vi får stå han av.


mandag, mars 16, 2020

Dagbok 2020: 16.mars




Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 6,5 grader C.
I går kveld la eg meg seinare enn vanleg, men sov heilt til klokka 9 i dag. Stod opp og drog frå gardinene og såg ut i ein nydeleg dag, med knallblå himmel utan ei sky. Og eg som hadde tenkt ut tusen ting eg skulle gjere inne. Berre å gløyme. Eg sat lenge og vasa framfor datamaskina  med telefonen i handa. Eg prøvde å ringe trafikkstasjonen, der fekk eg berre eit autosvar. Det samme skjedde på legesenteret. Eg hadde tenkt eg skulle få utsett fornyinga av førerkortet, men etter mykje styr gav eg opp. Så får eg ta turen på legesenteret fredag - eg har time.
Eg hadde ei liste inne i hovudet mitt, så lang som eit vondt år, over ting eg skulle ha gjort i heimen. Men først måtte eg dusje og vaske håret i tilfelle eg skulle møte folk. Det einaste eg fekk gjort frå lista var at eg vaska dusjkabinettet mens eg var der. Så kledde eg på meg og gjekk ut i sola. Det vart ein tur på "Vernet" i dag også. Der var mange andre ute og gjekk, men ikkje så mange eg kjende. Eg var ikkje fullt så lett på foten som i går, men heilt OK. 
Eg er ikkje så mykje meir isolert enn vanleg, men det blir ingen tur på trenings-senteret denne veka- og heller ikkje spanskkurs. Og så spørs det om eg får gjort så mykje heime som eg hadde tenkt.
Audun ringde til meg i dag, og det var sjølvsagt kjekt, men eg høyde han ikkje så godt i telefonen. Han blir visst verande der oppe i påska, viss eg ikkje misforstod. Eg hadde tenkt vi skulle samlast i påskehelga, men det må vel utsettast det også. Då eg kom att frå turen min i dag, laga eg meg litt mat og kokte kaffi. Eg sette meg inn i godstolen med kaffikoppen, og sovna med kopp i hand. Det er slik med meg at når eg har vore ute og kjem inn, då blir eg døsig. Og no når eg er litt betre i armane, held ikkje dei meg vaken. For at ikkje dagen skulle vere heilt bortkasta tok eg og støvsuga teppegolva. Støvsuging er noko av det verste for armane, men eg tek det med ro-så kjem eg i mål. 
Det er deilig at det vart litt mildare, det er snart på tide å begynne å rydde ute, for eksempel rake singelen frå plenen og ned på tunet.
Eg har det heilt fint i desse corona-tider, men tenkjer på skuleborn og andre elevar som skal ha eksamenar utover våren. Økonomien i staten og store selskap etc. orkar eg ikkje å bekymre meg over. No får ein først og fremst konsentrere seg om å utrydde virusen. Synest synd i dei som skal styre landet no.


søndag, mars 15, 2020

Dagbok 2020: 15.mars

Klokka er no 17.15, temperaturen er ca.+5 grader og det regnar. Eg sit her og "kosar" meg med varm, nylaga kaffi. Eg merkar ikkje så mykje til at eg er i karantene for eg er som regel åleine om søndagane. Det er heilt OK. For eit par dagar sidan begynte eg å ta dei betennelse-dempande tablettane igjen, og dei siste par dagane har eg vore betre i armane og ikkje minst i hendene. Så eg har sove godt om nettene. Det har mykje å seie. Berre det å få på seg klede om morgonane er ei utfordring når verken armar eller hender funkar.
På føremiddagen i dag strikka eg og høyrde radio, eg var sjølvsagt på FB og så la eg i hop ein klesvask og rydda kjøkkenet. Kl.13.30 bestemte eg meg for å gå ein tur før middag, mat hadde eg att frå i går. Eg ville gå ein runde på Vernet om ikkje anna. Ikkje før var eg komen ut før det begynte å regne, og det gjorde det heile den vesle timen eg var ute. Eg vart våt både her og der, så eg måtte byte på meg tørre klede då eg kom heim. Men det var noko anna som var rart. I seinare tid har det vore tungt og travelt å gå, i vinter gjekk eg så lett som ei fjør- og det gjorde eg i dag også, eg følte meg som ein ungdom der eg gjekk. Det var ei fin kjensle.
Det blei eit voldsomt måltid då eg kom heim, eigentleg var det for mykje mat til ein person, men eg fekk det i meg. Eg får helle skofte middagen i morgon. Eg likar ikkje å kaste mat.
Eg la meg på dag-senga på datarommet med Storytel, men eg veit ikkje kva det er, eg som har lese berre lydbøker i mange herrens år, har fått trøbbel med å få med meg det eg høyrer på øyra, no vil eg helst lese på papir. Men eg sovna i alle fall ikkje. Eg vart frostig fordi eg var våt både her og der, for eksempel i håret. Men no har eg kveikt i på stova, slik at der blir varmt. Eg er frostig for tida, men det hjelper å strikke. Eg tenkjer på korleis det har vore vårane før, med mykje sol og varme inn glasa. I år har vi knapt sett sola.
Det er vel litt spesielt for dei yrkesaktive å ikkje skulle på arbeid i morgon, men eg håper at "dugnaden" gjer sitt for å stoppe epidemien. I Ørsta er det no 4 som har testa positivt på Corona.

lørdag, mars 14, 2020

Dagbok 2020: 14.mars





Spor etter Helge.

Klokka er no 18.50, temperaturen er + 1,5 grader og det er opplett, snøen smeltar, men ikkje fort.
I går kveld på denne tid skulle eg sette på TV-en, plar som regel ikkje sette på før kl.19. Det var berre det, at TV-en kom ikkje på. Eg bala ei stund, men såg at det ikkje var lys i Get-boksen. Eg hadde ikkje lyst, men hadde inga anna råd enn å ringe til Helge, har ikkje andre som kan hjelpe meg med slikt. Eg forklarte kva som stod på, og han lova å komme nedom på laurdag, altså i dag.
Eg sat heile fredagskvelden og såg TV på datamaskina mi. Det var for så vidt greitt. Var innpå Netflix ein tur seint på kvelden, berre for å sjå at det virka. Men eg får ikkje inn NRK der utan å ha eit slags abonnement.
I dag stod eg opp , som vanleg, like låk i armane som vanleg, men elles frisk. Eg tok ein betennelse-hemmande tablett, og vart etter kvart litt betre. Dei tablettane har eg brukt lenge, først for knea, men eg tek pausar for ikkje å skade magen.
Eg begynte sjølvsagt å vente på Helge med det samme eg var oppe, men måtte no vente ei stund. Eg bytta på senga, sette på vaskemaskina, løyste sudokuar , var inne på data og tok ein spanskleksjon-og i det heile tatt. Så kom Helge!
Han fann fort ut at det ikkje var Get-boksen som var problemet, men den vesle boksen som ligg på golvet, den var kald og utan lys. Han ville fare bort på Tussa og få tak i ein slik boks.Viss der var ope. Det var der ikkje, der var heller ikkje folk. Men han var ikkje rådlaus, han rota litt i søpla og fann ein slik boks, og kort fortalt virka TV-en som han skulle med den "nye" boksen. Veit ikkje kva eg skulle gjort utan Helge.
Etter at Helge hadde fare, laga eg meg skikkelig middag; "Bali kyllinggryte" med svinekjøtt og ris. Eg er stappmett enno, men har nok til ein dag til. Etter middag sette eg meg i godstolen med Storytel og det varde ikkje lenge før eg sov. Resten av kvelden skal eg sitte framfor TV-en og nyte at den virkar - og så skal eg strikke ferdig ein lest. Dessverre kan eg ikkje strikke mykje, men puslar med litt av og til.
I går begynte eg på karantenen min, og i dag vart det altså litt sosialt, men eg håper ikkje det får konsekvensar. No har eg fyrt i omnen, Even har sett ein vedasekk i garasjen min, og så Chattar Marit og eg på Messenger, som vanleg, så vi er ganske lovlydige. Eg ser for meg korleis det skal bli når unntakstilstanden ein gong er over. Den situasjonen vi har no er heilt absurd. No måtte eg nyse, og hugsa ikkje å nyse i albogen.  Sidan eg gløymde GOD HELG i går, så får det gjelde frå og med no. Håper dei fleste får halde seg friske. Eg reknar med å sleppe unna Coronaen viss eg held meg i ro heime åleine.Eg er no bra vant til å vere her åleine, så det går bra.

fredag, mars 13, 2020

Bok nr.13 - 2020: Kjærleik og det som liknar.

I "Kjærleik og det som liknar" tek Therese Tungen for seg kjærleik og begjær: Ein fersk student blir dregen inn i eit forhold til ein eldre mann; eit par dreg til Grand Canyon og ei kløft opnar seg i forholdet deira; ei ung kvinne blir etterlatt av sambuaren og kjøper ei bjørnedrakt; ein filmskapar ser ekskjærasten sin på gata, og gjennomlever fortida på to minutt; ei ung jente forsvinn ut i natta i ein ferieby, mens mora og bestemora prøver å finne henne igjen. Kor mykje av kjærleiken styrast av våre eigne valg, og kor mykje er slump eller omstende? Nokre gonger møtest folk på feil tidspunkt, andre gonger oppdagar to menneske at kjærleik er ulike ting for kvar av dei. I Kjærleik og det som liknar utforskar Tungen eldgamle tema som fornuft og kjensler, tid og lagnad. Samtidig framstår historiene som høgaktuelle i ei tid der premissa for kurtise og samliv er i endring.
…………………………………………………………..
Når ein er i karantene får ein gjort litt av kvart, mellom anna lese ferdig ei bok.
Denne boka inneheld 5 noveller. Dei er såpass lange at ein kan lese ei, og så la boka ligge på vent før ein tek neste. Det er ein fordel. Denne boka var ikkje eksepsjonelt god, men det at eg har lese den ferdig vitnar om at den ikkje var spesielt dårleg heller. Boka er skriven på nynorsk.

Dagbok 2020: 13. mars.

Klokka er no16.55, temperaturen er + 1 grad og som de ser på bilda har vi fått ein god del nysnø. Det begynte å snø før eg hadde lagt meg i går kveld og så har det kome meir snø om natta. Eg trudde den skulle smelte i løpet av dagen, men i staden kom det meir. Bilda er tatt ca. kl.16.30
No har eg hatt min første dag i karantene, og det har ikkje vore så mykje annleis enn vanleg. Då eg stod opp var eg ekstremt låk i armane og hendene. Det varte lenge før det kom seg. Men eg fekk gjort det eg skulle, vaska bad og kjøkken. Eg må berre beklage at det ikkje blir gjort like grundig som vanleg. Eg greier ikkje å vri ei tvoge så lenge som hendene er så vonde. No er eg rimeleg bra.
Eg tok ein telefon til Ellen Marie, det var så lenge sidan eg hadde snakka med henne. Ho var ute og gjekk med hunden, så det vart litt vanskelege lydforhold. 
Eg henta inn avisa og las den relativt grundig. ALT er stengt i Ørsta no; skulane, barnehagane, Aktivitetssenteret Bakk-Ola  etc. Ergo blir det ikkje spanskkurs heller. Men det var noko eg stussa over; der stod at halvparten av legane i Ørsta var i karantene, men det er no berre ein som har testa positivt på corona.-
Eg var inne på nettet og tok ut sudokuen så eg fekk begynt på den i går kveld. Då kom eg ikkje i mål, det gjorde eg i dag.
Der stod også at dei som hadde vanlege legetimar kunne vente-eg har time neste fredag fordi eg skal fornye førarkortet; skal eg vente? Det er visst stengt på trafikkstasjonen også. Dette må eg undersøke.
Det var litt huskaldt med meg i dag, så eg fyrte i omnen. Sette meg til å strikke litt, men vart så trøtt at eg sovna. Dette skjer kvar ettermiddag når eg set meg ned. Men det gjer berre godt. Etterpå kokte eg kaffi og åt litt. Marit og eg held kvarandre oppdatert på Messenger. Det ser ikkje ut til at det skal slutte å snø, så det er fint vêr å vere inne i.
Eg har ei bok som eg snart er ferdig med, ein halvstrikka lest etc. og så er det no bra med TV om fredagane. Hadde det vore betre ver kunne eg ha gått ut, men no orkar eg ikkje å gå å vaspe i snøen.
Eg var litt sår i halsen ei stund, så eg tok ei skei hostesaft-no er eg bra. Men det går no an å få ei vanleg forkjøling ?






torsdag, mars 12, 2020

Dagbok 2020: 12.mars


Klokka er 17.50, temperaturen ute er +1 grad og det snøar. Då eg stod opp i dag var alle marker kvite, og det låg snø på vegen. Etter kvart forsvann snøen og gjekk over i regn, men no snør det igjen. Eg er lei av denne vinteren, den har vart lenge sjølv om det ikkje har vore særleg kaldt.
Men no er det andre ting enn vêret som bekymrer oss, det er litt vanskeleg å forstå, men vi har hamna i ein hittil ukjend situasjon, der vi må ha minst mulig kontakt med kvarandre-i alle fall fysisk kontakt.
I dag skulle Marit til lege kl.11, ho skulle gi meg beskjed når ho var ferdig, så skulle eg hente henne på legesenteret før vi skulle på trening. Eg stelte litt i huset, jobba litt med spansken etc. før ho ringde, mykje tidlegare enn forventa. Ho hadde kome inn til legen presis, noko som er veldig sjeldan. Det var litt tidleg å fare på trening, men vi gjekk no inn og begynte med øvingane våre. Fysioterapeuten forkynte at treninga vart lagt på is så lenge, det var mange som melde forfall, så ho måtte berre stenge. Det er mykje eldre folk som går der, og mange har diverse sjukdommar, slik at dei ikkje bør få corona.
Etter treninga køyrde vi bort på Spar for å "hamstre". Parkeringsplassen var full og butikken like så. Folk hamstrar, det såg eg også ved Kiwi då eg for nedover. Særleg er det mjølet som får bein å gå på- og så gjær, sjølvsagt. Eg kjøpte også litt mjøl og gjær, men har bra med mjøl frå før. Eg har ikkje bakt så mykje etter jul, armane mine likar ikkje knainga. Anti-bac og hanskar låg framme, men det såg eg ikkje før etterpå. Elles kjøpte eg ikkje så mykje, for eg har bra lager frå før.
At eg kjøpte den fiskeretten på bildet får eg ta på mi eiga kappe, for eg har kjøpt sorten før.I dag var den minus 40%. Der er rett nok ganske mykje fisk i den, men smaken blir overdøva av sausen, som er ganske god. Men eg ville gjerne hatt kokt fisk med poteter, gulrot og Kvitseidsmør, slik Nils og eg brukte å ha. Slik mat saknar eg. Klokka nærma seg 16.00 då eg var ferdig med middagen. Då kveikte eg i omnen og sette meg i godstolen og sovna ei lita stund.
Eg har no tenkt å isolere med meir og mindre i desse corona-tider. Det blir sagt at dei gamle er dei som toler smitten minst, men eg er i alle fall frisk i utgangspunktet. Eg har vaksinert meg med vanleg influensavaksine, dei som har sjukdomar i tillegg til alderen får /har fått lungebetennelse-vaksine også. 
Det aller meste er no sett på vent, konsertar, kino, diverse fritidsaktivitetar etc. Det er hittil berre ein i Ørsta som har fått konstatert Coronavirus, men ein veit aldri kva som skjer. Hadde ein vore skikkeligstrenge til å begynne med, kunne mykje ha vore unngått.
Eg tenkjer på at eg har lese om slike tilstander - og no er vi midt oppe i det. Men for ein pensjonist er det ikkje verst, vi kan isolere oss utan å ta omsyn til andre. Så får ein håpe det held.Eg kjem til å køyre og gå turar, men ikkje oppsøke forsamlingar.
Neste fredag skal eg til legen for å fornye sertifikatet.


DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...